Oppjustering av skatteoverslaget for 2010 med 650 mill kr for kommunane. Dette gir ein vekst på 7,0 % frå 2009

Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 10/ Aud Norunn Strand

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2012, eksklusive ufordelt skjønn.

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2013, eksklusive ufordelt skjønn.

STATSBUDSJETT Skatt og rammetilskot 2012

Fylkesmannen Hordaland

BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for finans, konkurranse og eierskap. Finansbyråden. Dato: 5. oktober 2010

Statsbudsjettet for 2020

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Kommuneøkonomi budsjettåret 2013

Kommuneøkonomi - budsjettåret 2010

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Statsbudsjettet 2018 kommuneøkonomi

Regjeringens forslag til statsbudsjett 2012: Foreløpig konsekvensvurdering for Bergen kommune

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Kommuneproposisjonen 2017 og RNB enkeltheter med særskilt relevans for Telemarkskommunene

Kommuneøkonomi - budsjettåret 2015

Tabellar for kommunane

Statsbudsjettet 2015 i hovedtrekk

Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommunesektoren. Kommunal- og regionaldepartementet

Tabellar for kommunane

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2018.

Tabell B-k. Inntektsgarantiordninga for kommunane 2020

Fylkesmannen Hordaland

Statsbudsjettet kommuneøkonomi

Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneopplegget for 2020

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2019.

Kommuneproposisjonen 2015

Forslag til Økonomiplan Årsbudsjett 2012

Kommuneproposisjonen 2019 og RNB Enkeltheter med særskilt relevans for Telemarkskommunene

Inntektssystemet. Karen N. Byrhagen

Revidert nasjonalbudsjett 2013 og kommuneopplegget for 2014

Om inntektssystemet. Fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark får Nord-Noreg-tilskot.

I brevet betyr kommunane primærkommunane, det vil seie ikkje kommuneforvaltninga samla.

Statsbudsjettet 2017 det økonomiske opplegget for kommunesektoren

Statsbudsjettet for 2007

Revidert nasjonalbudsjett 2018 og kommuneopplegget for 2019

Revidert nasjonalbudsjett 2017 og kommuneopplegget for 2018

STATSBUDSJETTET 2020 KOMMUNEOPPLEGGET

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Aud Norunn Strand Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 16/1929 KOMMUNEPROPOSISJONEN NYTT INNTEKTSSYSTEM

Kommuneproposisjonen 2018 og Revidert nasjonalbudsjett 2017

Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneproposisjonen 2020

Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2009

Statsbudsjettet 2017 det økonomiske opplegget for kommunesektoren

Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statsbudsjettet Departementsråd Eivind Dale. Kommunal- og moderniseringsdepartementet

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 08/ Aud Norunn Strand BUDSJETTRAMMER 2009 ETTER FORSLAG TIL STATSBUDSJETT

Forslag til statsbudsjett det økonomiske opplegget for kommunene

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sbh Formannskapet /13 SAT Formannskapet /13 SAT.

Anslag for frie inntekter Ulstein kommune

Statsbudsjettet 2019 og det økonomiske opplegget for kommunane

Statsbudsjettet 2018 Kommuneopplegget

Nr. Vår ref Dato H-1/18 17/ Statsbudsjettet for Det økonomiske opplegget for kommuner og fylkeskommuner

Kommuneproposisjonen 2018

Statsbudsjettet kommuneøkonomi

Fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark får Nord-Noreg-tilskot (post 62).

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2017.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statsbudsjettet Statssekretær Lars Jacob Hiim. Trøndelag fylkeskommune,

Statsbudsjettet for 2014

Statsbudsjettet Fylkesmannen i Buskerud 8. oktober Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2014 og kommuneopplegget for 2015

Nr. Vår ref Dato H-1/15 14/ Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommuner og fylkeskommuner

Statsbudsjettet 2018 Kommuneopplegget

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2014, eksklusive ufordelt skjøn.

Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommunesektoren. Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Statsbudsjettet kommuneøkonomi

Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommunesektoren. fylkesmennenes økonomirådgivere

Statsbudsjettet 2014 Endringer i rammetilskuddet til kommunene og fylkeskommunene etter Stortingets vedtak

Statsbudsjettet Aase Marthe Johansen Horrigmo Leikanger 7. oktober Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommuner og fylkeskommuner

Rådmannens innstilling: ::: Sett inn rådmannens innstilling under denne linja 1. Budsjettet for 2015 justeres i tråd med følgende tabell:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statsbudsjettet Ekspedisjonssjef Sølve Monica Steffensen. Statens hus, Trondheim 6.

Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommunesektoren

SAKSDOKUMENT MØTEINNKALLING. Økonomiutvalget har møte. den kl. 10:00. i Formannskapssalen

H-5/13 B 14/ Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommuner og fylkeskommuner etter Stortingets vedtak

Skatteinngangen pr. november 2015

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Rådmannen. Formannskapet Tenesteleiarar, kommunalsjefar, rådgjevar økonomi

Den økonomiske situasjonen i kommunesektoren

Kommuneproposisjonen 2014

Statsbudsjettet 2014

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Dette brevet samt tilhørende dokumenter er tilgjengelig på våre nettsider, fylkesmannen.no/nordland

Fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark får Nord-Noreg-tilskot (post 62).

Statsbudsjettet Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Informasjon om regjeringens forslag til statsbudsjett for 2018

Skatteinngangen pr. juli 2015

RNB 2015 og Kommuneproposisjonen 2016 Hovedpunkter og enkeltheter å merke seg for kommunene i Telemark Bø Hotell

Kommuneproposisjonen 2020

Skatteinngangen pr. oktober 2015

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Status for kommunane 2015 Revidert nasjonalbudsjett 2016 Kommuneproposisjon 2017 og nytt inntektssystem.

Skatteinngangen pr. april 2016

Effektberegninger oljekrise/-prisfall (2014) og nytt IS (2017) Fjell kommune

Statsbudsjettet Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Kommunal- og regionaldepartementet

Kommuneproposisjonen Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Nr. Vår ref Dato H-1/17 16/ Statsbudsjettet Det økonomiske opplegget for kommuner og fylkeskommuner

Intern korrespondanse

Kommuneøkonomi for folkevalgte. Hvordan sikre god økonomistyring? Fagsjef i KS Dag-Henrik Sandbakken

Orientering om statsbudsjett 2015 Flora bystyre

Skatteinngangen i 2015 i kommunene i Troms og landet

Det tekniske beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi 18. februar 2005 DEN ØKONOMISKE SITUASJONEN I KOMMUNESEKTOREN

Transkript:

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2011 Vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget i forslaget til statsbudsjett som blei lagt fram tysdag 5.oktober. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 3,6 % prosent mot 3,7 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2010. Hovudpunkt i budsjettforslaget: Oppjustering av skatteoverslaget for 2010 med 650 mill kr for kommunane. Dette gir ein vekst på 7,0 % frå 2009 Realvekst i frie inntekter for kommunane 2,55 mrd kr eller 1,7 % rekna frå RNB 2010. Dette skal gi rom for å dekka kostnader knytt til demografiutvikling og auka pensjonskostnader Redusert skattedel av frie inntekter. Skattøyren blir redusert til 11,3 % som gir negativ vekst i skatteinntektene på 6,5 % medan rammetilskot aukar med 17,9 % Innlemming barnehagetilskot på 28 mrd kr og ny kostnadsnøkkel inntektssystemet Nytt øyremerka tilskot til nye stillingar i barnevernet. Dette gir 19,3 mill kr til kommunar i Rogaland Etter ein ekspansiv budsjettpolitikk for å motvirka effekten av finanskrisa er det tid for å strama noko inn på pengebruken. Kommunane er likevel høgt prioritert i statsbudsjettet 2011. Det blir lagt til rette for at det høge aktivitetsnivået i kommunesektoren kan vidareførast. I tillegg kjem særskilte satsingar på enkelte område. Inntektsveksten blir høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Regjeringa følgjer opp forslaget til nytt inntektssystem for kommunane som blei fremja i kommuneproposisjonen 2011. Det nye inntektssystemet skal gi eit meir rettferdig system for fordeling av inntektene mellom kommunane. I 2011 blir barnehagetilskota innlemma i dei frie inntektene.totalt 29 mrd. kr går frå øyremerka tilskot til frie inntekter. Det er den største omlegginga frå øyremerka tilskot til frie inntekter sidan inntektssystemet for kommunane blei oppretta i 1986. Dette gir større rom for lokale prioriteringar i kommunane. Endringar i det økonomiske opplegget for 2010 Skatteanslaget for kommunesektoren er oppjustert med 800 mill. kr frå statsbudsjettet 2010 og RNB 2010, av dette 650 mill til kommunane. Etter det vi forstår kan oppjusteringa sjåast i samanheng med at ein ikkje ventar tilsvarande svikt ved det endelege skatteoppgjeret som i fjor haust. Skatteoverslag for kommunane for 2010 (mill kr og vekst frå 2009): Rekneskapstal 2009 108 475 Vekst % Statsbudsjettet 2010-13.10.09 115 400 6,4 Komm.prp. 2011-11.5.10 115 400 6,4

Statsbud. for 2011-05.10.10 116 050 7,0 Samtidig blei lønnsoppgjeret for kommunesektoren litt dyrare enn anslått i revidert nasjonalbudsjett (om lag 400 mill. kr). Deflator er som følgje av dette oppjustert frå 3,1 pst. i RNB til 3,25 pst. (Anslått lønsvekst var 3,25 pst. i RNB 2010 medan resultatet av lønnsoppgjøret blei 3,45 pst.) Vekstoverslaget for samla inntekter er nå 7,1 mrd. kr, 0,1 mrd. kr høgare enn i revidert nasjonalbudsjett. Vekstoverslaget for frie inntekter er nå 3,9 mrd. kr, 0,4 mrd. kr høgare enn i revidert nasjonalbudsjett. Endringar i det økonomiske opplegget for 2011 Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2011 blir det lagt det til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 2,8 pst. Dette byggjer m.a. på eit lønsvekstoverslag på 3,25 pst og der løn tel knapt 2/3. Regjeringa legg opp til realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2011 på 5,7 mrd. kr. Dette tilsvarar 1,7 pst. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2010 i revidert nasjonalbudsjett 2010. Dette er i tråd med vanleg praksis. Av veksten i samla inntekter er 2,75 mrd. kr frie inntekter, ein realvekst på 1 pst, av dette gjeld 2,55 mrd til kommunane. Dette er rekna frå RNB 2010, rekna frå overslag rekneskap 2010 er veksten 1,9 mrd kr. Kommunane får behalda dei ekstra skatteinntektene i 2010 på 650 mill kr, men dei blir ikkje vidareført og ein bør derfor ikkje nytta desse ekstrainntektene til varige driftsutgifter. Veksten i frie inntekter må sjåast i samanheng med auka utgifter for kommunesektoren knytt til den demografiske utviklinga. Berekningar utført av Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) i mars indikerte at kommunesektoren kunne få meirutgifter i 2011 på om lag 2,4 mrd. kr knytt til den demografiske utviklinga. Nye folketalsframskrivingar av SSB i juni inneber ei oppjustering av meirutgiftene til om lag 2,6 mrd. kr. Den delen av kommunesektorens meirutgifter knytt til demografiutviklinga som må dekkjast av frie inntekter kan reknast til om lag 2,1 mrd. kr. I tillegg vil kommunesektoren få auka pensjonskostnader i 2011 på overslagsvis 600 mill. kr. Dette må også dekkjast av dei frie inntektene. Regjeringa føreslår at den kommunale skattøyren for personlege skattytarar blir sett til 11,3 prosent i 2011. Det er ein reduksjon på 1,5 prosentpoeng frå 2010. Skattøyren er tilpassa føresetnaden om at skattedelen av dei samla inntektene for kommunane skal reduserast til 40 prosent i 2011. Reduserte skatteinntekter blir motsvart av auka rammetilskot. Kommunane 2010 Mill. kr 2011 Mill. kr Pst. endr. Skattar i alt 123 142 115 670-6,1 av dette skatt på inntekt og formue 116 050 108 470-6,5 Rammetilskot 84 795 99 971 17,9

Sum frie inntekter 207 937 215 641 3,7 Nominell vekst i 2011, rekna fra anslag på regnskap 2010 Innlemming av øyremerka tilskott På barnehageområdet blir om lag 28 mrd. kr føreslått innlemma i kommunanes rammetilskot. Løyvinga til kvalifiseringsprogrammet blir innlemma, men gis ei særskilt fordeling utanfor utgiftsutjamninga i 2011. Samla blir innlemma om lag 1,2 mrd. kr. Regjeringa føreslår å leggja om refusjonsordninga for individstønad for deltakarar på kvalifiseringsprogram. Individstønaden knytt til deltakarar på statlige arbeidsmarknadstiltak er berekna til om lag 406 mill. kr, og går inn i beløpet som blir innlemma. Lov om kommunale krisesentertilbod blei sett i verk frå 2010. Som ei overgangsordning blei det øyremerka statstilskotet til drift av krisesenter halde ved lag i 2010. For 2011 blir det føreslått å leggja nærare 238 mill. kr lagt inn i rammetilskotet til kommunane. I kommuneproposisjonen for 2011 blei det varsla at regjeringa ville koma tilbake til spørsmålet om innlemming av tilskott til rustiltak. Regjeringa føreslår å vidareføra dagens opptrappingsplan for rusfeltet ut 2012 og med finansiering gjennom øyremerka løyvingar. Når barnehagetilskottet blir lagt inn i rammetilskotet i 2011, vil frie inntekter auka frå 68 til 76 pst. av samla inntekter. Øyremerka tilskott blir redusert frå 12 pst. til knapt 5 pst. Det er den lågaste delen øyremerka tilskott sida inntektssystemet for kommunesektoren blei etablert i 1986. Ressurskrevjande tenester Ressurskrevjande tenester får ei realauke i løyvingane på 200 mill. kr. Kommunane vil for 2011 framleis få kompensert 80 pst. av netto lønnsutgifter utover innslagspunktet. Innslagspunktet for 2011 blir prisjustert på vanleg måte. Som varsla i kommuneproposisjonen for 2011 vil veksten i lønsutgiftene frå 2009 til 2010 bli lagt til grunn for justering av innslagspunktet ( det er berre lønsutgifter som blir refundert). Innslagspunktet for 2011 blir etter dette på 895 000 kr. KRD og Helsedirektoratet arbeider vidare med spørsmålet om betring av kontrollen med ordninga. Kommunalt barnevern Det kommunale barnevernet blir styrka med eit nytt øyremerka tilskott på 240 mill. kr over Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets budsjett. Hovuddelen av løyvingane skal gå til nye stillingar, men kommunar som har tilstrekkjelig bemanning kan søkja om midlar til andre tiltak som styrkjer barnevernet. Fylkesmannen fordeler midla etter søknad. Ramma for Rogaland er 19,3 mill kr. Barnehagar Det er oppretta mange nye barnehageplassar i 2010. Den budsjettmessige heilårseffekten i 2011 av barnehageplassar oppretta i 2010 er rekna til om lag 800 mill. kroner. Dette er ein del av veksten i kommunesektorens samla inntekter i 2011.

Maksimalpris for foreldrebetaling blir vidareført på same nominelle nivå som i 2010 (2330 kr per månad for ein heiltidsplass). Kommunane er kompensert med 263 mill. kr i rammetilskotet i 2011. Frå 1. august 2011 blir det føreslått å auka kommunanes minimumsplikt til likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar frå 88 pst. til 91 pst. Kommunane er kompensert med 92,5 mill. kr i rammetilskotet i 2011. Skole og utdanning For å auka gjennomføringa av vidaregåande opplæring er det løyvt 175 mill. kr til prosjektet NY GIV (Gjennomføring i vidaregående opplæring), som har dette som siktemål. Midla vil bli lagd på Kunnskapsdepartementets budsjett, men hovuddelen av midla vil gå til tiltak i kommunane og fylkeskommunane, bl.a. i form av prosjekt- og tilskottsmidlar. I 2010 blei det innført eit tilbod om åtte timers gratis leksehjelp, og ein ekstra undervisningstime. I statsbudsjettet for 2011 får kommunane kompensasjon for heilårseffekten av dei to tiltaka med 356,3 mill. kr. Midla blir løyvde over rammetilskotet. Frå 1. august 2010 er det innført ein ny rett til skyss for funksjonshemma til og frå SFO. For kommunesektoren er heilårseffekten av tiltaket berekna til 26,6 mill. kr. I RNB blei det løyvt 10,8 mill. kr til inndekning av kommunesektorens meirkostnader til dette, og det er lagt inn ytterlegare 15,5 mill. kr i kompensasjon i budsjettet for 2011. Av dette er 10,5 mill. kr løyvt over rammetilskotet for kommunane og 5 mill. kr over rammetilskotet for fylkeskommunane. Rentekompensasjonsordninga Rentekompensasjonsordningane til kyrkjebygg, skulebygg og symjeanlegg blir førte vidare og blir føreslått styrka i 2011. I 2009 og 2010 kan det gis tilsegn om rentekompensasjon for investeringar og rehabilitering av skule- og symjeanlegg tilsvarande ei investeringsramme på 5 mrd. kr. Regjeringa foreslår å auke investeringsramme med ytterligare på 2 mrd. kr. i 2011 Rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg blir føreslått utvida, slik at det i 2011 kan gis tilsegn om rentekompensasjon tilsvarande ei investeringsramme på 400 mill. kr. Helse og omsorg Som eit ledd i samhandlingsreforma vil samhandling bli styrka med 200 mill. kr. Av dette vil 100 mill. kr gå til utvikling av lokalmedisinske sentra og andre kommunale samhandlingstiltak. Midla vil bli lagt på HODs budsjett og fordelte i samarbeid med KRD. Vidare blir føreslått 50 mill. kr til utvikling av IKT i helsetenesta, 35 mill. kr til forsking og kompetanseutvikling, 10 mill. kr til informasjonstiltak og erfaringsoppsummeringar og 5 mill. kr til utvikling av kommunedata på forbruk av spesialisthelsetenester. Det blir føreslått ei tilskottsramme som gir rom for 2 000 nye heildøgns omsorgsplassar. Vidare blir det føreslått å endra investeringsordninga for sjukeheim og omsorgsbustader ved at fylkesmennenes behovsprioritering av kva for kommunar som skal få tilskott, blir avvikla. Samtidig blir fordelinga av tilsegnsrammer på Husbankregionar og fylke oppheva. Siktemålet er at alle kommunar som har behov for å byggja fleire heildøgns omsorgsplassar, skal få moglegheit til det.

Rusfeltet Opptrappingsplanen for rusfeltet blir vidareført fram til og med 2012. Det blir føreslått ei styrking på samla 100 mill. kr knytt til planen - 70 mill. kr til styrking av kommunalt rusarbeid, 25 mill. kr til tverrfagleg spesialisert rusbehandling og 5 mill. kr til førebyggingstiltak. Endringar i inntektssystemet I kommuneproposisjonen for 2011 blei det lagt fram fleire forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane. Ny kostnadsnøkkel inkludert barnehagar Politiske element: Redusert skattedel Redusert sats på Nord-Norge og Namdalstilskotet og småkommunetilskotet Storbytilskot til Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger Opptrappinga av inntektsutjamninga frå 2009 blir fullført frå 2011 blir inntektsutjamninga auka frå 59 til 60 pst. Det er ingen endringar i kostnadsnøkkelen som blei lagt fram i Kommuneproposisjonen Utgiftsandeler for 2008 ligg til grunn for samanvektinga Innlemminga av kvalifiseringsprogrammet gir ingen endringar i kostnadsnøkkelen, sidan tilskotet blir lagt inn med særskilt fordeling i tabell C i 2011. Om utslaga av endringane i inntektssystemet opplyser KRD: For en del kommuner vil fordelingsvirkningene avvike fra illustrasjonsberegningene i Kommuneproposisjonen. Spesielt for de minste kommunene skal det relativt små endringer til (i for eksempel kriteriedata) før det gir store utslag i beregnede fordelingsvirkninger. Vi vil ikke presentere oppdaterte fordelingsvirkninger av endringene i inntektssystemet. Med så mange endringer på en gang vil det være vanskelig å dekomponere alt som skjer fra 2010 til 2011 Man kan likevel prøve å si litt generelt om hva som kan gi endringer I hovedsak er det 3 årsaker til at endelige virkninger av endringene i kostnadsnøkkelen vil avvike fra Kommuneproposisjonen: Endring i kriteriedata for eksempel kan endring i bosettingskriteriene fra ett år til dette gi store endringer Endring i fordeling av barnehagetilskuddene. I kprp ble det regnet på tilskuddene i 2008, mens i beregningene av rammetilskuddet i 2011 er det tatt hensyn til fordelingen i 2010. Særlig vil effektene

av innlemming av skjønnstilskuddet (som har vært svært skjevfordelt mellom kommuner) være større nå (skjønnstilskuddet har økt fra 5,8 mrd i 2008 til 6,3 mrd i 2010). Økt utgiftsbehov når samla utgiftsbehov på landsbasis øker, betyr det at beløpene som omfordeles i utgiftsutjevningen blir større, og dermed også effektene av endringer i kostnadsnøkkelen. Inntektsgarantitilskotet (INGAR) skjermar kommunar mot brå nedgang i rammetilskuddet frå eit år til eit anna. (ingen kommuner skal ha ein berekna vekst i rammetilskotet fra eit år til det neste som er lågare enn 300 kr per innbyggjar under berekna vekst på landsbasis). Endringane i kostnadsnøklane (inkludert innlemming av barnehagetilskot), kriteriedata og regionalpolitiske tilskot er omfatta av INGAR, medan endringar i skattedel og skjønstilskot ikkje er omfatta. Om berekninga av INGAR i 2011 skriv KRD: Rammetilskudd 2010 er korrigert for: Skjønn og tabell C 2010 Veksttilskudd 2010 Inngående fordeling barnehage: Anslag på fordeling av de øremerkede tilskuddene til barnehage i 2010. Anslag pga endelig fordeling ikke klar før ved årsskiftet Inngående fordeling krisesenter: Tidligere: Enkelte kommuner har vært vertskommuner, og har fått midler gjennom øremerket tilskudd. Denne fordelingen er nå lagt inn i Inntektsgarantiordningen, slik at tapet for vertskommunene fanges opp av INGAR. Inngående fordeling minoritetsspråklige elever (tab.c): Innlemmet i 2007, og deretter fordelt med særskilt fordeling i tabell C (regnskapstall for 2006) i påvente av ny kostnadsnøkkel. Ny kostnadsnøkkel tar hensyn til variasjoner i utgifter knyttet til minoritetsspråklige elever => fordeles nå etter kostnadsnøkkel på ordinær måte. Korreksjoner etter kostnadsnøkkel: Dere kan lese mer om korreksjonene i tabellteksten til tabell B. Korrigert rammetilskudd 2011 minus korrigert rammetilskudd 2010 gir absolutt korrigert vekst 2010-2011 Gjennomsnittlig vekst per innbygger: 3035 kr pr innb. (103 kr per innb i 2010, skyldes redusert skatteandel som gir vekst i innbyggertilskuddet) INGAR-grense: Vekst som er mer enn 300 kr pr innb lavere enn vekst på landsbasis = 2735 kr pr innb. 159 kommuner kvalifiserer til tillegg gjennom inntektsgarantiordningen i 2011 Finansiering på 147 kr pr innb for alle kommuner. Økning i finansiering fra 2010 (25 kr pr innb i 2010). Dette skyldes endringene i inntektssystemet og innlemmingen av barnehager, som gjør at variasjonene i vekst fra 2010 til 2011 er større enn år med mindre endringer. Årsaker til at noen av kommunene har en vekst som er lavere enn landsgjennomsnittet kan være: Endringer i inntektssystemet

Befolkningsendringer Endringer i kriteriedata Endringer i regionalpolitiske tilskudd Endringer i skjønnstildeling Endringer på skatt (skatteandel og inntektsutjevning).skjønnsrammen er økt med 400 mill. kroner som går til kommuner som taper på endringer i inntektssystemet. Midlene er fordelt direkte av departementet til kommuner som taper mer enn 100 kroner per innbygger på totale virkninger av ny kostnadsnøkkel, redusert skatteandel og endring i regionale tilskudd. Tilskuddet går til 156 kommuner. Kommunene blir kompensert med i underkant av halvparten av tapet utover 100 koner per innbygger. Fordelingen er vist i kolonne 8 i tabell 1-k i Grønt hefte. Tilskuddet skal ligge fast inntil neste revisjon av kostnadsnøklene. Det er lagt opp til en revisjon om lag hvert fjerde år.