HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201108846-2 Arkivnr. 814 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.11.2011 28.11.2011-29.11.2011 HØYRINGSUTTALE - BRUFORSKRIFT FOR FYLKESVEG SAMANDRAG Med grunnlag i Ot.prp. nr 68 (2008-2009) Om lov om overføring av rettigheter og forpliktelser ved omklassifisering av veg etter veglov 62 tredje ledd i forbindelse med forvaltningsreformen, har Samferdselsdepartementet i brev frå 1. juli 2009 bedt Vegdirektoratet å utarbeida forslag til forskrift innanfor områda tunneltryggleik, veg- og vegtrafikkdata og bru- og andre berande konstruksjonar. Statens vegvesen Vegdirektoratet har i brev frå 18.7.2011 sendt Forslag til forskrift om bru, ferjekai og annen bærende konstruksjon på fylkeseveg (bruforskrift for fylkesveg) på høyring, saman med eit forslag om å endra 3. nr. 4 i Forskrift om anlegg av offentlig veg. Høyringsfristen er sett til 15.11.2011, men HFK har fått utsett frist til etter møtet i fylkesutvalet 28.11.2011. Føremålet med forskrifta er å sikra at bru, ferjekai og annan berande konstruksjon i fylkesvegnettet ved prosjektering, bygging og forvaltning vert gjeve ein god og einskapleg standard med omsyn til tryggleik og funksjonalitet. Fylkesrådmannen er samd i at bruer og andre berande konstruksjonar på fylkesvegnettet vert prosjektert, bygt og forvalta i høve til høge faglege standardar. Men eg meiner at fylkeskommunane tek tilstrekkjeleg ansvar for vegnettet sitt, også utan at staten gjev bindande nasjonale føringar gjennom forskriftsfesting. Fylkesrådmannen går i mot at det vert gjeve ei forskrift som gjeld kontroll, godkjenning og anna oppfølging etter Veglova ved prosjektering, bygging, forvaltning av bru, ferjekai og annan berande konstruksjon i fylkesvegnettet (bruforskrift).
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet er samd med Vegdirektoratet i at bruer og andre berande konstruksjonar på fylkesvegnettet vert prosjektert, bygt og forvalta i høve til faglege standardar, men fylkesutvalet går i mot at dette skal skje gjennom forskriftsfesting. 2. Fylkesutvalet ser det som viktig å ansvarleggjera vegeigar. Fylkeskommunen bør derfor vera vedtaksstyresmakt ved eventuelle fråvik frå ei bruforskrift, etter at Vegdirektoratet har gjeve råd og uttalt seg om moglege konsekvensar av å fråvika vegnormalane. Fylkesutvalet går i mot den føreslegne endringa av 3.4 i Forskrift om anlegg av offentlig veg. 3. Fylkesutvalet føreset at eventuelle meirutgifter som følgjer av forskriftsfesting vert dekka fullt ut gjennom auke i rammetilskottet. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann Anne Iren Fagerbakke Samferdselssjef Vedlegg: 1. Brev frå Vegdirektoratet frå 18.7.2011 om Forvaltningsreformen. Offentlig høring på Vegdirektoratets forslag til forskrift om bru, ferjekai og annen bærende konstruksjon på fylkesveg (bruforskrift for fylkesveg). med vedlegg. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 8.11.2011: 1.0 Bakgrunn Med grunnlag i Ot.prp. nr 68 (2008-2009) Om lov om overføring av rettigheter og forpliktelser ved omklassifisering av veg etter veglov 62 tredje ledd i forbindelse med forvaltningsreformen, har Samferdselsdepartementet i brev frå 1. juli 2009 bedt Vegdirektoratet å utarbeida forslag til forskrift innanfor områda tunneltryggleik, veg- og vegtrafikkdata og bru- og andre berande konstruksjonar. Statens vegvesen Vegdirektoratet har i brev frå 18.7.2011 sendt Forslag til forskrift om bru, ferjekai og annen bærende konstruksjon på fylkeseveg (bruforskrift for fylkesveg) på høyring, saman med eit forslag om å endra 3. nr. 4 i Forskrift om anlegg av offentlig veg. Høyringsfristen er sett til 15.11.2011, men HFK har fått utsett frist til etter møtet i fylkesutvalet 28.11.2011. 2.0 Heimel for bruforskrifta Forslaget til bruforskrift for fylkesveg er heimla i Veglova 13, 16 og 62: Departementet gir føresegner om anlegg av offentlig veg (vegnormalar) ( 13). Departementet gir nærare føresegner om drift og vedlikehald av offentlig veg. Departementet avgjer i tvilstilfelle med endelig verknad kva som skal reknast som vedlikehald. ( 16) Kongen kan gi overgangsføresegner og føreskrifter elles til gjennomføring og utfylling av føresegnene i denne lova. ( 62 1.ledd) Departementet gjev nærare føresegner som pålegg fylkeskommunane, kommunane og private å innhente, kvalitetssikre, formidle og standardisere data som gjeld det offentlege vegnettet og trafikken på det, og å dekke utgifter i samband med dette. ( 62 4.ledd) 3.0 Hovudpunkta i forslaget til bruforskrift Føremålet med forskrifta ( 1) Forskrifta skal medverka til at bru, ferjekai og annan berande konstruksjon i fylkesvegnettet ved prosjektering, bygging og forvaltning vert gjeve ein god og einskapleg standard med omsyn til tryggleik og funksjonalitet. Verkeområde ( 2) Forskrifta gjeld kontroll, godkjenning og anna oppfølging etter Veglova ved prosjektering, bygging, forvaltning av bru, ferjekai og annan berande konstruksjon i fylkesvegnettet. Kontroll og godkjenning ( 4) Ved prosjektering av bru, ferjekai og annan berande konstruksjon, foreslår Vegdirektoratet i forskrifta at Vegdirektoratet kontrollerer og godkjenner at tekniske og funksjonelle bestemmelsar (vegnormalar) fastsette med heimel i Veglova er oppfylte - og at Vegdirektoratet kontrollerer prosjekteringsmateriale og godkjenner arbeidsteikningar. Det vert foreslått at Vegdirektoratet ved prosjektering og bygging av bru, ferjekai og annan berande konstruksjon på fylkesvegane, kan fråvika frå vegnormalane etter Veglova 13, når dette av spesielle grunnar er rimeleg, og fråviket ikkje reduserer tryggleiken for trafikantane, omgjevnadane eller andre. Før det vert vedteke å fråvika frå vegnormalane, skal ein normalt utgreia konsekvensane av fråvika. Vegdirektoratet kan setja vilkår for fråvik. Vedtaket om å fråvika skal vera skriftleg. Forvaltning av bru, ferjekai og annen bærende konstruksjon ( 5). Forslaget legg opp til at det er Vegdirektoratet som fastset utfyllande bestemmelsar for inspeksjon, drift, vedlikehald og anna forvaltning av bru, ferjekai og annan berande konstruksjon på fylkesveg vegnormalar. I vegnormalane kan det i tillegg til tekniske og funksjonelle bestemmelsar gjevast bestemmelsar om oppmåling, prøvetaking, analyse, testing, overvaking, konsekvensvurdering, rapportering og anna dokumentasjon, dokumentlagring, sakshandsaming og liknande. 3
Men fylkeskommunane får høve til å uttala seg før Vegdirektoratet fastset normalane. Det er lagt opp til same fråviksprosedyrar for fråvik etter 5 som for fråvik etter 4. Fylkeskommunen får i forslaget ansvar for at det blir gjenomført rutinemessig inspeksjon av bru, ferjekai og annan berande konstruksjon etter bestemmelsane som Vegdirektoratet har fastsett og skal uten ugrunnet opphold gjera rapporten tilgjengeleg for Vegdirektoratet. Vegdirektoratet kan endra bruksklassar. I høyringsnotatet vert det vist til Håndbok 238 Bruklassifisering. 4.0 Nærmare om fråviksmynde for vegnormalar Dagens krav til vegar og vegbygging er nedfelte i 1. Lov 2. Forskrifter (heimla i lov) 3. Vegnormalar (heimla i forskrifter) I tillegg har Statens vegvesen utarbeida handbøker som er rettleiande og fungerer som interne retningsliner for riks- og fylkesveg. Vegnormalane er ofte tekniske og funksjonelle minimumsstandardar. Vegnormalar heimla i forskrift om Anlegg av offentlig veg til 13 i Veglova gjeld for all offentleg veg og inneheld skal krav og bør krav som kan fråvikast av vegeigar. I 4 3. ledd i utkastet til bruforskrift vert Vegdirektoratet gjeve fråviksmynde for fylkesvegar i høve til vegnormalar etter 13 i Veglova, noko som er i strid med gjeldande Forskrift om anlegg av offentlig veg 3 nr. 4: Myndighet til å fravike vegnormalene innenfor forskriftenes rammer, legges til Statens vegvesen ved Vegdirektoratet for riksveg, fylkeskommunen for fylkesveg og kommunen for kommunal veg. Vegdirektoratet foreslår derfor - i ei endringsforskrift - å endra 3 nr. 4 i Forskrift om anlegg av offentlig veg ved å føya til: dersom ikke annet følger av annen forskrift etter vegloven. 5.0 Økonomiske konsekvensar for fylkeskommunane Vegdirektoratet reknar ikkje med at forslaget vil føra til meirutgifter for fylkeskommunane utover det som er kompensert gjennom rammetilskotet: Etter vår vurdering vil fylkeskommunenes eventuelle merutgifter knyttet til formkravene i forslaget til forskrift i betydelig grad veies opp av innsparinger med bedre og mer forutsigbare rutiner. Et annet forhold er at slik forskriften er utformet overtar i realiteten fylkeskommunen bare en begrenset del av arbeidet som staten hadde med fravik, godkjenning og kontroll av bærende konstruksjoner på øvrige riksveger. Fylkeskommunene vil ha ansvar for å framskaffe nødvendige grunnlag, men selve oppgaven med fravik, kontroll og godkjenning vil fortsatt i stor grad være et statlig ansvar. Det må i tillegg tas hensyn til at den felles vegadministrasjonen i praksis vil være den som framskaffer grunnlagene knyttet til fravik, kontroll og godkjenning på fylkesveg. Etter Vegdirektoratets vurdering vil derfor ikke forslag til forskrift føre til merutgifter for fylkeskommunen ut over det som er kompensert gjennom rammetilskuddet. 6.0 Tidlegare vedtak i HFK I samband med høyringa til forslag til lovendringar knytt til forvaltningsreforma, vedtok fylkesutvalet 18.2.2009, sak 25/09, i pkt. 7: Fylkesutvalet er kritisk til at Samferdselsdepartementet kjem med pålegg og instruksar for korleis fylkeskommunane skal byggja ut, vedlikehalda, drifta og forvalta det framtidige fylkeskommunale vegnettet - inklusive tunnelar, bruer og ferjer. For sterke sentrale føringar vil verka undergravande for forvaltningsreforma som ei 4
lokaldemokratireform. Fylkeskommunen føreset at dei sjølve kan velja arbeidsform og intern organisering i samsvar med prinsippet om rammestyring. Fylkesutvalet går difor i mot dei føreslegne endringane om forskriftsfesting i a) Vegtrafikklova 40a b) Veglova 16 c) Veglova 62 I samband med høyringa av eit forslag om nasjonale føringar for standarden på fylkesvegar m.m. frå ei prosjektgruppe i Vegdirektoratet, vedtok fylkesutvalet 27.4.2011, sak 72/11, i pkt. 1 - og i pkt. 3: For å sikra fylkeskommunal oppslutnad om nasjonale målsetjingar på transportområdet, bør staten i langt større grad leggja vekt på dialog, partnarskap og samhandling framfor sentralstyring gjennom forskriftsfesting. Fylkesutvalet viser her til punkt 7 i vedtak i fylkesutvalet i Hordaland frå 18.2.2009, sak 25/09, - uttale til lovforslag i samband med forvaltningsreforma. Fylkesutvalet går i mot å endra 3-4 i Forskrift om anlegg av offentlig veg. Vegeigar må framleis ha rett til å fråvika vegnormalane innan forskrifta for nyanlegg og vegutbetringar både for skal -krava og bør -krava. 7.0 Fylkesrådmannen sine merknader Fylkesrådmannen konstaterer at Vegdirektoratet meiner at bindande nasjonale føringar gjennom forskriftsfesting er naudsynt for å sikra ein einskapleg standard for fylkesvegbruene. Ved at ansvaret for store bruer m.m. nå i større grad deles på to forvaltningsnivåer og 19 selvstendige rettssubjekter, er det av hensyn til næringslivet og trafikantene behov for nasjonale føringer som sikrer enhetlig standard også framover for disse konstruksjonene uavhengig av vegklasse og fylkesinndeling. Konsekvensen ved sammenbrudd i denne type konstruksjon (bru, ferjekai, tunnelportal, støttemur, rasoverbygg m.m.) kan bli meget stor. Med fylkeskommunenes økte ansvar for til dels store og kompliserte bruer, m.m., er det nå større behov for å gi bindende bestemmelser om forvaltning av bru, ferjekai og annen bærende konstruksjon i fylkesvegnettet. Fylkesrådmannen er samd i at bruer og andre berande konstruksjonar på fylkesvegnettet vert prosjektert, bygt og forvalta i høve til høge faglege standardar. Men eg meiner at fylkeskommunane tek tilstrekkjeleg ansvar for vegnettet sitt, også utan at staten gjev bindande nasjonale føringar gjennom forskriftsfesting. Statens vegvesen sine handbøker vert lagt til grunn for arbeidet på fylkesvegnettet i Hordaland. Eg viser t.d. til Drifts- og vedlikehaldsstragi for fylkesvegnettet 2010 2021 for Hordaland fylkeskommune, der det er ei målsetjing å oppretthalda dagens nivå på drift av vegnettet, med utgangspunkt i krava etter handbok 111 Standard for drift og vedlikehald. Det vert her sett som ein klar fordel å ha det same driftsnivået på både riks- og fylkesvegar, både ut frå eit trafikantperspektiv og eit entreprenør/byggherreperspektiv. Fylkesrådmannen viser til at fylkesutvalet tidlegare ved fleire høve har gått i mot at det skal koma nasjonale føringar for fylkesvegnettet. Fylkesutvalet uttalte 18.2.2009, sak 25/09, at det er kritisk til at Samferdselsdepartementet kjem med pålegg og instruksar for korleis fylkeskommunane skal byggja ut, vedlikehalda, drifta og forvalta det framtidige fylkeskommunale vegnettet - inklusive tunnelar, bruer og ferjer. Fylkesutvalet uttalte 27.4. 2011, sak 72/11, at staten i langt større grad bør leggja vekt på dialog, partnarskap og samhandling framfor sentralstyring gjennom forskriftsfesting. Fylkesrådmannen går i mot at det vert gjeve ei forskrift som gjeld kontroll, godkjenning og anna oppfølging etter Veglova ved prosjektering, bygging, forvaltning av bru, ferjekai og annan berande konstruksjon i fylkesvegnettet (bruforskrift). 5
Fylkesrådmannen viser til at fylkesutvalet tidlegare, sak 72/11 27.4.2011, har gått i mot å endra 3-4 i Forskrift om anlegg av offentlig veg. Fylkesutvalet uttalte at vegeigar framleis må ha rett til å fråvika vegnormalane innan forskrifta for nyanlegg og vegutbetringar både for skal -krava og bør - krava. Fylkesrådmannen ser det som viktig å ansvarleggjera vegeigar. Derfor bør fylkeskommunen vera vedtaksstyresmakt ved eventuelle fråvik frå bruforskrifta, etter at Vegdirektoratet har gjeve råd og uttalt seg om moglege konsekvensar av å fråvika vegnormalane. Fylkesrådmannen går derfor i mot den føreslegne endringa av 3.4 i Forskrift om anlegg av offentlig veg. Fylkesrådmannen føreset at eventuelle meirutgifter som følgjer av forskriftsfesting vert dekka fullt ut gjennom auke i rammetilskottet. 6