Handlingsprogram kultur 2014

Like dokumenter
Fylkesplan handlingsprogram U 24/13

Frivillige lag og organisasjonar skal vere berekraftige og vere offensive i sine lokalsamfunn.

Forslag til Handlingsprogram kultur 2015

Forslag til Handlingsprogram kultur 2015

Handlingsprogram kultur 2016

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Kulturavdelinga og kulturfylket Møre og Romsdal

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming Presentasjon for SAMU 2. desember 2014

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Innhald Det regionale plansystemet... 4 Fylkesplan for Møre og Romsdal... 4 Strategiar og fagmeldingar som skal følgast opp i Handlingsprogram

Frivilligpolitisk plattform

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Handlingsprogram. kultur. Del av kommunedelplan kultur. Karmøy kommune Forside: Ida Utvik, foto av Jørgen Freim 2015

REGIONAL PLANLEGGING. Rev

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Regional planstrategi

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Kulturstrategi

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Tilskot til friluftsliv

RAPPORTERING HANDLINGSPROGRAM KULTUR 2015

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Utlånt: Hans Johan Rishaug, Bud.

Idrett og fysisk aktivitet

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

INTERNASJONAL STRATEGI

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Handlingsprogram kultur er konkretiseringa av måla for innsatsområde kultur i Fylkesplan for Møre og Romsdal

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Frivilligpolitisk plattform

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Regional planstrategi Møre og Romsdal

Resultatmål 1: Frivillige lag og organisasjonar skal vere berekraftige og vere offensive i sine lokalsamfunn.

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Fylkesplan HANDLINGSPROGRAM KULTUR Handlingsplan Vedteke i Fylkesutvalet 27. februar Vi vågar litt meir...

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

GULEN - HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA med: gode oppvekstvilkår livskraftige og samarbeidande bygder mangfald og rom for alle

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Kultur for Eldre. Eldrerådskonferansen 2014

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane - forlenging av tilskotsordning

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

FUNKSJONSEVNE 18/004 ELDRERÅDET

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Møteinnkalling. Side1

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Bibliotekutvikling gjennom fylkesplan Fylkesplanen og handlingsprogram for kultur i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkesbibliotek

PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR FYSISK AKTIVITET OG NATUROPPLEVELSE. Planperioden Fotograf: Christine Berger

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Avtale om partnarskap

Kommuneplan Samfunnsdel

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Prosjekteigar: Flora kommune.

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

Årssamling i regionalt planforum 2017 regional planstrategi Marit Rødseth, plansjef 12.september 2017

Fylkesplan er utarbeid i samarbeid og samhandling med mange aktørar.

Kulturløftet. Forsidefoto: Dmitriy Shironosov Dreamstime.com Bibclick

Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Transkript:

Handlingsprogram kultur 2014 Handlingsprogram for kultur er vedteken av fylkesutvalet [25.02.13] [U-24/13] og er utarbeidd i samsvar med nasjonale føringar og regionalpolitiske prioriteringar, føringar og vedtak i T-7/12 og T-74/12. Det regionale plansystemet Fylkesplan 2013-2016 (T-74/12) er forankra i Regional planstrategi 2012-2016, T-7/12. Regional planstrategi er eit nytt planinstrument for fylkeskommunen og er heimla i plan- og bygningslova. Alle regionale planar skal vere forankra i den regionale planstrategien og utarbeidde i samsvar med lovkrava om medverknad og offentleg ettersyn. Det er vidare stilt krav om at det skal utarbeidast årlege handlingsprogram til alle vedtekne regionale planar. Regional planstrategi 2012-2016 prioriterer 13 regionale planar. Fylkesplan 2013-2016 er mellom desse. Dei 12 andre planane er omtala som regionale delplanar og skal vere forankra i fylkesplanen. Gjennomføring av Fylkesplan 2013-2016 Fylkesplan 2013-2016 er ein arena for å utvikle heilskapleg, regionalt forankra samfunnspolitikk. Planen skal vere vegvisar for korleis vi ønskjer å utvikle samfunnet Møre og Romsdal. Fylkesplan 2013-2016 har fire satsingsområde Kultur, Kompetanse, Verdiskaping og Samferdsel. Desse skal følgjast opp gjennom handlingsprogram for det enkelte satsingsområde. Handlingsprogramma skal rullerast årleg og skal medverke til god samanheng mellom plan, verkemiddel og gjennomføring. Gjennomføringa av fylkesplanen avhengig av eitt breitt samarbeid mellom mange partar frå statlege etatar på regionalt nivå, til kommunar, næringsliv, forskings- og utdanningsinstitusjonar, kulturlivet og dei frivillige organisasjonane. Handlingsprogram for kultur er utarbeidd i partnarskap kommunar, kulturinstitusjonar og frivillige lag og organisasjonar. Kunnskapsgrunnlaget Prioriteringane i fylkesplanen og i Handlingsprogram for kultur er gjort med utgangspunkt i: sine publikasjonar Fylkesstatstikk, RISS, TEMP og Regionale utviklingstrekk (grunnlagsdokumentet til Regional planstrategi 2012-2016) Evaluering av Fylkesplan 2009-2012 og Fylkesdelplan Transport 2002-2011 Innspel frå nettverksmøte og høyringsuttalar (jf. T-74/12) Workshops på regionale møte og under fylkeskulturkonferansen 2012. Følgjande dokument har også vore viktig for prioriteringane i Handlingsprogram for kultur: St.melding 26 (2011-2012) Den norske idrettsmodellen Evaluering av Møremusikarordninga, Møreforsking, 2007 Prioriteringsbrev frå Riksantikvaren 30.11.2012. Senter for digitalisering av kulturarven i Møre og Romsdal SEDAK. Rapport frå prosjektperioden 2010-2012. 2

I arbeidet med Handlingsprogram for kultur er det tatt omsyn til nasjonale føringar for planarbeidet. For oversyn over lover, forskrifter, stortingsmeldingar ol., sjå planprogrammet til fylkesplanen (U-106/12). Hovudmål for satsingsområde kultur Møre og Romsdal skal ha eit mangfaldig og kunnskapsrikt kulturliv, der aktivitetar og opplevingar, inkludering og folkehelse står sentralt. Den kulturelle grunnmuren skal styrkast. Kunst og kultur har eigenverdi, men kan også vere eit middel for å nå andre mål. Kulturaktivitet og kulturoppleving er ein berebjelke for lokal identitet, trivsel og utvikling. Kultur er viktig for å skape attraktive lokalsamfunn for næringsutvikling, verdiskaping og busetjing. For å nå målet vårt skal vi jobbe med frivillig sektor, kulturformidling, friluftsliv og folkehelse, bibliotekutvikling, kulturarv og kulturnæring. Kulturfeltet har stort potensiale i eit interkommunalt perspektiv og for partnarskap i regional samanheng. Kulturaktivitet, deltaking og oppleving i perspektiv av likeverd og inkludering for den einskilde, må stå i sentrum. Det er avgjerande at frivillige, næringsliv, det profesjonelle kulturlivet, kommunar, fylkeskommune og stat samarbeider for å utvikle og styrkje infrastrukturen med kompetanse, tilrettelegging og utbygging. Til dokumentet: Der budsjettposten er sett til kr. null, så tyder det at oppgåva blir løyst innanfor ramma til kulturavdelinga. 3

Resultatmål 1: Frivillige lag og organisasjonar skal vere berekraftige og vere offensive i sine lokalsamfunn. Kulturaktivitet og kulturoppleving er ein berebjelke for lokal identitet, trivsel og utvikling. Samstundes er det uråd å tenke seg kulturaktivitet utan frivillig engasjement. Frivillig engasjement og innsats blir i stor grad teke for gitt, og det er ei utfordring for det offentlege å skape gode rammevilkår for frivillig sektor. Dette er sjølve føresetnaden for fylket sitt kulturliv. Det er eit stort potensiale for utvikling i frivillig sektor når det gjeld berekraft, kompetanse og inkludering. Det vil vere viktig å arbeide for ein inkluderande profil og låge deltakaravgifter i frivillige lag og organisasjonar, slik at flest mogleg kan delta. Til alle tiltak som vedrører lokale tiltak: sørge for lokal forankring som fundament for inkludering, integrering og involvering lokalt. Forvalte fylkeskommunale og statlege midlar til langsiktig utviklingsarbeid og fremme berekraft. Samstundes er det ein føresetnad at kommunane sikrar økonomisk trygge rammevilkår for frivillige lag og organisasjonar på kommunalt nivå. Innsatsområde 1: Rammevilkår og kompetanse i frivillige lag og organisasjonar Møte regionråda og ta opp tema frivilligplanlegging og frivilligpolitikk. Regionråda Samarbeide med KS om tema frivilligpolitikk på kommunemøter. KS Gjennom møter med fylkesleddet av frivillige lag og organisasjonar sette samhandling mellom frivillig og offentleg sektor på agendaen. Det skal særleg leggjast vekt på inkluderingsperspektivet. Arbeide for at det vert utforma samarbeidsavtalar om involvering av eldre som ressurs i 5 kommunar. Fylkesleddet av frivillige lag og organisasjonar Kommunar Eldreråd Sørge for at det er ein tydeleg frivilligpolitikk i kommuneplanen sin samfunnsdel for alle kommunar. Kommunar 100 000 Samle det frivillige nettverket innan fagområdet kulturvern til ei samling i løpet av 2014. 100 000 Styrke vernet av den immatrielle kulturarven gjennom kartlegging, kompetanseoverføring og formidling. Frivilige lag og organisasjonar 200 000 4

Innsatsområde 2: Frivillig sektor og samfunnet Møre og Romsdal Kartlegge brukargruppa friluftsliv gjennom Stikk Ut!-konseptet. I samarbeid med Ung data Innhente og bearbeide statistikk om ungdom si deltaking i frivillig arbeid. Sluttføre kartlegging av kompetansebehov i relasjonen mellom profesjonelt og frivillig kulturliv i Romsdalsregionen Utgreie behov for tilsvarende kartlegging for Nordmøre og Sunnmøre Møreforsking og friliuftsrådet NMR Sunnmøre Fotballkrets Høgskulane i Møre og Romsdal Kompetansesenter for RUS (KORUS) Kulturskolerådet Frivillige lag og organisasjonar 200 000 100 000 200 000 Likeverdig satsing på topp og bredde i idretten. Frivillige lag og organisasjonar 100 000 Budsjett resultatmål 1 2014 1 060 000 5

Resultatmål 2: Kunnskap-, kunst- og kulturformidlinga skal vere allsidig, med høg kvalitet og for alle. Kulturformidling i Møre og Romsdal involverer mange partar frå profesjonell og frivillig verksemd. Fylket sine kulturinstitusjonar, fagfolk i kommunane, frie kunstnarar og kulturskulane er døme på det profesjonelle kulturlivet. Kor, korps, historielag, alle dei frivillige festvalarbeidarane og eit breitt spekter av frivillige organisasjonar ivaretek og utviklar store delar av kulturaktivitetane i fylket. Biblioteka spelar ei viktig rolle i samfunnet både som formidlar av kunnskap og kultur, men også som møteplass og arena for oppleving. Folkebiblioteka har tilbod til alle, fungerer som ein viktig inkluderingsarena, og er sentrale aktørar i formidling av kulturarven lokalt. Utfordringane er å gjere alle folkebibliotek i stand til å ta denne samfunnsrolla. Nasjonalt blir det peika på meir forpliktande samarbeid mellom kommunar for å løyse utfordringar, og det er behov for samordnande grep for å styrke bibliotekutviklinga i Møre og Romsdal. Arbeide for fullfinansiering frå staten av Kultursekk i barnehage for 36 kommunar. Innsatsområde 1: Kunst- og kulturformidling for barn og unge Pilotprosjektet Kultursekk i barnehage i 15 kommunar, med 4 kunst- og kulturproduksjonar per barnehage. Produsere minst tre nye barnehageproduksjonar for turnéverksemd i fylket. Oppretthalde Kulturrabatt for ungdom på 2013-nivå. Utvikle UKM i tråd med inngått samarbeidsavtale mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og UKM Norge. 11 kulturskular skal drifte eigne kulturverkstader som tilbod til grunnskulane i fylket. 3 kulturskular startar produksjon og gjennomføring av kulturverkstader i løpet av 2014-2015. Starte forsøksverksemd med Teaching artists-program. Tilby folkebiblioteka 1 turne med profesjonell litteraturformidling til ungdom. Kulturinstitusjonane Kulturinstitusjonar i fylket Frie kunstnarar i fylket Staten Møre og Romsdal musikkråd Kulturinstitusjonar/kulturskulane Frivillig verksemd Ungdomspanelet/URG /Kulturskulane Kulturlauget /Kulturskulane Kulturinstitusjonane Seanse /Fylkesbiblioteket Kulturinstitusjonane /Folkebiblioteka 1 600 000* utløyser 200 000,- frå Rikskonsertane si satsing på barnehagekonsertar 600 000* 100 000** 150 000 40 000 6

Musea i Møre og Romsdal gjennomfører aktiv og profesjonell formidling av kulturhistoria, mellom anna gjennom kultursekken. Musea *Utløyser kr. 550 000 frå Kulturdepartementet. **Utløyser kr. 100 000 frå UKM Norge Innsatsområde 2: Styrke profesjonell kunst- og kulturkompetanse i fylket, både hos utøvande kunstnarar og hos kulturarbeidarar Kunstnarstipend 2014. 300 000 Gjennomføre kurs for tilsette i folkebiblioteka i digital kompetanse. /fylkesbiblioteket /folkebiblioteka 20 000* Gjennomføre årlege møter med kulturinstitusjonane og kommunane. Kulturinstitusjonane Kulturskulane * I tillegg kjem kr. 50 000 frå Nasjonalbiblioteket til regionalt kurs Innsatsområde 3: Inkludering i kunst- og kulturformidling Drifte og vidareutvikle nettverk for Opplevelseskort i Møre og Romsdal. Vidareutvikle samarbeidsmodell for den kulturelle spaserstokken Vidareføre prøveordning med arbeidsplasskonsertar og vurdere prøveordning for formidling av andre kunstartar på arbeidsplassar. NAV Kulturtilbydarane Staten v/ Møremusikarordninga Kunstnarsenteret i Møre og Romsdal 7

Innsatsområde 4: Styrke folkebiblioteka som kunnskapssentra og kulturberarar. Utarbeide planprogram for regional delplan for bibliotek. 40 000 Prøve ut innkjøpssamarbeid mellom 4 folkebibliotek på Søre Sunnmøre. /folkebiblioteka 20 000 Samordna satsing på e-materiale for folkebiblioteka. /folkebiblioteka 150 000 Styrke folkebiblioteket som lokal møteplass ved å prøve ut nye tilbod og tenester i 2 ulike folkebibliotek. Fylkesbiblioteket /folkebiblioteka 100 000 Budsjett resultatmål 2 2013 3 140 000* * Det var opprinneleg eit innsatsområde til under resultatmål 2; Rekruttering av profesjonell fagkompetanse til fylket innan kunst- og kulturbransjen. Dette innsatsområdet har ein vald å flytte over til Handlingsprogram for kompetanse, men kulturavdelinga vil ha ansvar for gjennomføring av tiltaka. Av budsjettet for resultatmål 2 i 2014 skal ein nytte kr. 20 000 til gjennomføring av dette innsatsområdet. 8

Resultatmål 3: Det skal leggast til rette for eit inkluderande mangfald av organisert og uorganisert aktivitet, gjennom egna kultur- og idrettsbygg, møtestadar og tilgjenge til friluftsaktivitetar. Kulturaktivitet og kulturoppleving er ein berebjelke for lokal identitet, trivsel og utvikling. Aktivitetsprofilen i befolkninga er i stadig endring, og det er derfor viktig og tenkje nytt og ut i frå dei reelle behova i befolkninga. Undersøkingar syner at det er behov for fleire møteplassar for uorganisert aktivitet, samt betra tilrettelegging for dei som I dag er lite aktive. I den nye folkehelselova har fylkeskommunen fått eit tydeleg ansvar for å vere ein regional utviklar på folkehelseområdet. Korleis vi prioriterer utviklinga av anlegg og møteplassar vil få store konsekvensar for helsa til innbyggarane på lang sikt. Kultur- og folkehelseutvalet slår og fast at anlegg og turløyper, der fylkeskommunen gjev tilskot, også skal kunne brukast av meir uorganiserte grupper og einskilde folk. Innsatsområde 1: Anlegg og kulturbygg Gjennom arbeidet med spelemidlar og tilskot til regionale kulturbygg, auke kompetansen i kommunar og organisasjonar om: - Samlokalisering av anlegg - Eigenorganisert/uorganisert aktivitet - Implementering av ny standard for akustikk - God design og tilgang for alle brukargrupper - Kommunikasjon mellom kommune og frivillige lag ved bygging av anlegg. Sikre areal til fysisk aktivitet, friluftsliv og rekreasjon i tettbygde strok. Gjennomføre prosjekt om røykfrie, rusfrie og sunne idrettsarrangement i Møre og Romsdal. Delta i utforming av tre moderne folkebiblioteklokale. Arbeide for realisering av opera- og kulturhus i Kristiansund Møre og Romsdal Idrettskrets Møre og Romsdal Musikkråd Møre og Romsdal Idrettskrets KORUS Frivillige lag og org / Fylkesbiblioteket Kommune Staten 9

Innsatsområde 2: Kartlegging, merking, gradering, marknadsføring og utbetring av friluftslivet sin infrastruktur Vidareutvikle tilskotsordningar og kompetanseheving for merking og skilting av turstiar. Marknadsføre nettsida www.morotur.no for innbyggarar og turistar. Utvikle frivilligkorpset av turkontaktar med mål om å få registrert turar på www.morotur.no i alle kommunar. Friluftsråda Gjensidigestiftelsen Lokale organisasjonar Destinasjonsselskapa 450 000* 130 000 30 000 Vedlikehalde og vidareutvikle applikasjonen morotur.no Kople turregistrering på www.morotur.no opp mot arbeidet med arealplaner, sikring og verdsetting av friluftsområder i kommunane. 150 000 Auke delen av spelemidlar som går til friluftsliv frå 12% til 20 % *dette utløyser kr. 500 000 frå Gjensidigestiftinga. Kommunar Idrettslag, organisasjonar Budsjett resultatmål 3 2013 760 000 10

Resultatmål 4: Gjennom betre planlegging og styrka samarbeid med lokale, regionale og nasjonale aktørar skal ein ta vare på, utvikle og formidle kulturarven. Kulturminne står sentralt når det gjeld å byggje identitet, skape attraktivitet og som grunnlag for næringsutvikling i kommunane. spelar ei sentral rolle for å ivareta desse. Gjennom økonomisk stønad (Riksantikvaren) og rådgjeving vil ein hjelpe kommunane til å utarbeide eigne kulturvernplaner. Her vil registreringar og bruk av www.kulturminneatlas.no og GISLINK stå sentralt. Bearbeiding av kulturhistorisk materiale vil vere viktig for formidling av ny kunnskap, og digitalisering og bearbeiding av kjeldemateriale ut i frå nye problemstillingar, vil vere viktig for å sikre og formidle kulturarven vår. Innsatsområde 1: Planlegging Sluttføre Regional delplan for kulturminne av nasjonal og regional verdi. Samarbeid med kommunane om utarbeiding av lokale kulturminneplanar. *Utløyser midlar frå Riksantikvaren Fylkesmannen i Møre og Romsdal Regionale statsetatar Kommunar Riksantikvaren 75 000* Innsatsområde 2: Bevaring av verneverdige kulturminne og -miljø Støtte til restaurering og sikring av verneverdige bygg og anlegg av regional og stor lokal verdi, og sluttføre eldre fredingssaker. Eigarane Riksantikvaren 150 000 Innsatsområde 3: Digitalisering av kulturarven Digitalisere, sikre og gjere tilgjengeleg fagrapportar, videoopptak, foto og anna informasjon om arkeologiske kulturminne og verneområde frå perioden 1990-2010. Ferdigstille digitalisering av SEFRAKmaterialet. Digitalisere eldre bygdebøker og sjeldant lokalhistorisk materiale som ikkje lenger er i sal (som kun befinn seg i MR). Riksantikvaren IKA Møre og Romsdal/SEDAK Fylkesbiblioteket Folkebiblioteka Nasjonalbiblioteket 125 000 150 000 11

Innsatsområde 4: Formidling og overføring av kunnskap om kulturminne og -arv Oppgradere og utvikle materiell for å styrke formidling av førhistoria gjennom Kultursekken. Utvikle www.kulturminneatlas.no /GISLINK som base for kunnskapsoverføring om kulturminne og kulturarv. Vidareutvikle bibliotekbasen MøreRom* for å auke tilgangen til skjult lokalhistorisk materiale. Kople kulturminneatlaset, www.morotur.no og Kultursekken. Riksantikvaren IKA Møre og Romsdal Frivillige lag og org. Fylkesbiblioteket 80 000** Minst 15 kommunar har tilrettelagt to turstiar som har informasjon om freda eller verneverdige kulturminner. Skjøtsel og informasjon om kulturminner innenfor sikra friluftsområder Riksantikvaren Frivillige lag og org. Fylkesmannen SNO 70 000*** 30 000 * MøreRom er ein søkbar base over artiklar i lokale sogelagsskrift. På sikt vil den lenke til fulltekstartiklar, og utvide basen til å omfatte indekserte bygdebøker. **Utløyser kr. 105 000 frå Nasjonalbiblioteket ***Utløyser statlege midlar Innsatsområde 5: Kulturvern og tilrettelegging for næringsutvikling Kystpilegrimsleia delta i 3,5 årig hovudprosjekt Riksantikvaren, Fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør- Trøndelag, samt Bispedømma og einskilde kommunar i same område 100 000 Budsjett resultatområde 4 2013 780 000 12

Resultatmål 5: Legge til rette for møtestadar og nettverk som bidreg til fleire nye kulturnæringsarbeidsplassar og auka overlevings- og innovasjonsgrad ( i eksisterande verksemder). Kulturnæringane har vore gjenstand for interesse og satsing dei seinare åra. For å styrke satsinga er det behov for å legge til rette for auka nettverksbygging og samarbeid internt i næringa, mellom dei ulike næringane og i verkemiddelapparatet. Det vil også vere eit behov for å etablere godt fungerande arenaar for å stimulere til samarbeid, kompetanseoverføring og utvikling. Program for kreative næringar i Møre og Romsdal vart vedteke i Fylkesutvalet 1.juli 2013, og er eit samarbeid mellom avdelingane kultur og regional- og næring og Innovasjon Norge. Inngå samarbeidsavtalar med Vestnorsk Filmsenter, Western Norway Film Commission og Filmfondet Fuzz as. Kulturavdelinga Starte opp pilotprosjektet Frå gråpapir til galleri i Ålesund, Molde og Kristiansund. KU og RN i samarbeid med eksterne partar 1 000 000* Tilby kurs i forretningsplanlegging for kreative næringar (Business Boot camp) Utlysing av midlar til utvikling av kreative næringar. RN/hoppid.no Innovasjon Norge SIVA-miljøa KU og RN 2 350 000** Utvikle og utlyse talentstipendordninga UngKreaTør. KU og RN i samarbeid med ekstern part 400 000*** * Midlane er løyvd i 2013 i RN-utvalet, sak RN 57/13. ** Regionale utviklingsmidlar frå krd, kap 551 post 60. *** Tilsvarande sum er omsøkt frå ekstern part desember 2013. Budsjett resultatområde 5 2013 1 000 000 1 1 Midlane er lagt til regional- og næringsavdelinga sitt budsjett. 13

Resultatmål 6: Legge til rette for turvegar som er spesielt tilrettelagt for menneskje med nedsett funksjonsevne, og som og fremjer den generelle folkehelsa. Fysisk aktivitet er ei av dei viktigaste kjeldene for god helse. For at alle befolknings-grupper uansett helsetilstand og alder skal ha tilgang til areal for fysisk aktivitet, har fylkeskommunen teke initiativ til etablering av helseløyper i alle kommunar. Ei helseløype skal vere ein god turveg også for menneske med nedsett funksjonsevne eller personar som har behov for opptrening etter sjukdom. Erfaring syner at desse løypene er svært attraktive for alle brukargrupper og blir mykje nytta uansett alder og helsetilstand. Vidareutvikle og ferdigstille helseløyper som har fått tilskot, samt starte opp 3 nye helseløyper. Kommunar Utarbeide og markedsføre mal for korleis ein kan søkje spelemidlar til helseløyper. Invitere til spleiselag for å opprette ei ordning for tilskot til helseløyper. 250 000 Budsjett resultatområde 6 2013 250 000 14

Notatar 15

Fylkeshuset, 6404 Molde Telefon 71 25 80 00 E-post: post*mrfylke.no www.mrfylke.no 16