Kunnskap og råd for rike og reine hav

Like dokumenter
Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde. Vi skal være internasjonalt leiande innan marin forsking og rådgiving.

Kunnskap og råd for rike og reine hav

Kunnskap og råd for rike og reine hav

~ Organisasjon. ~'... A"Dt t. ihre KT-0R '... Andre typar stillingar. Den faglege verksemda ved Havforskingsinstituttet er organisert i

Faglig strategi

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

FAKTA & FIGURAR HAVFORSKINGSINSTITUTTET

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri per mars 2016

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET I NORD

Barentshavet kaldare enn i fjor. Kva betyr det? Nokre smakebitar frå rapporten Havets ressurser og miljø 2009

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

FAKTA & FIGURAR HAVFORSKINGSINSTITUTTET

Det store bildet og økt produksjon av sjømat fra havbruk? Øivind Strand

Framleis gode utsikter for torskefiskeria? Bjarte Bogstad, Havforskingsinstituttet Klippfiskseminar, Ålesund

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden Avslag i perioden Laks og aure i sjø 12

Framlegg til tiltak og eksempel på tiltak for betre vassmiljø

Nils-Arne Ekerhovd. NORKLIMA forskerkonferanse Bergen, oktober, Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF)

OECDs prinsipper og retningslinjer for tilgang til offentlig finansierte data sett fra Havforskningsinstituttet

Lofoten - for torsk og torskefiskerier men ikke for olje?

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri februar 2014

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Prøvetaking av sild og kolmule frå kommersielle fangstar til Havforskingsinstituttet

Rapport internprosjekt Spreiingsmekanismer for lakselus 2001

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET ~ INSTITUTE OF MARINE RESEARCH

På tide å stenge problema inne - konsekvensar av opne anlegg

Visjoner og perspektiver for Dokken og Havbyen Bergen

Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Kvam herad. Forslag til forskrift om særskilde krav til akvakultrrelatert verksemd i Hardangerfjorden-høyringsuttale frå Kvam herad

Sender dette for Rune Østraat som avtalt! Med venleg helsing Gro Søvik Reinsnes,

Kolmule i Barentshavet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Kolmule i Norskehavet

Resistent lakselus. Helene Børretzen Fjørtoft PhD-stipendiat Institutt for biologiske fag Ålesund. Trondheim Gjøvik Ålesund RS RS

Miljøkonsekvenser av petroleumsvirksomhet i nordområdene. Erik Olsen, leder av forskningsprogram for olje og fisk

Levande fjord levande vassdrag Kva gjer Regjeringa

AHA! Arbeidsprogram Heilskapleg akvakulturforvaltning. Oppstartskonferanse AHA! Leikanger 6. april 2011

Fiskeri og havbruk muligheter og motsetninger

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Kolmule i Barentshavet

Statusgrunnlag Hardangerfjorden

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Kan oppdrettsfisk bli økologisk? Ingrid Olesen Seniorforskar og Professor II (IHA, UMB)

Jakta på kvalitet førstebehandling av fisk

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden Avslag i perioden Laks og aure i sjø 15

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

~as A. tl3utiotd.,er. HA V FORSK N l NGS l N ST l TUTTET. [. 9- o all -~ ] (V-~ft-ni~k.~o~ , Å FORSTÅ ØKOSYSTEMER..

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Risikorapport norsk fiskeoppdrett

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Hva er bærekraftig havbruk?

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN

DATALAGRINGSMERKER. torskens ferdskriver

Havforskningsinstituttets forskningsplan

Francisellose og utbreiing av smitte hos villtorsk i Noreg

Fiskeriverksemd i Hordaland

OVERVÅKNING AV LAKSELUS PÅ VILL LAKSEFISK HAVFORSKNINGSTEMA. Av Rune Nilsen, Ørjan Karlsen, Rosa Maria Serra Llinares og Kristine Marit Schrøder Elvik

FLORA KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - HØYRING - OMRÅDEREGULERINGSPLAN FLORELANDET NORD - MOTSEGN

Birgit Aarønæs Lisbeth Nervik

6-åringar på skuleveg

«Marine ressurser i 2049»

Rene og rike hav inn i evigheten

Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i

Utfordringer og prioriteringer for Havforskningsinstituttet. Tore Nepstad Adm. dir.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

ULVIK HERAD 5730 ULVIK

Barentshavet er eit overgangshav

WWFs visjon for oppdrettsnæringen i Lise Langård & Maren Esmark, WWF Norge

kan ein oppnå begge. til gjenutsett fisk aukast, og den gjenutsette ( ) er gjennomført innanfor tidsramma for friskmeldingsprogrammet.

Flerbestandsforvaltning Hva tenker vi i Norge om dette?

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Hvordan påvirker varmere havområder de store fiskebestandene og våre fiskerier? Leif Nøttestad Seniorforsker

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Innspill til Fiskeri- og kystdepartementets strategi for miljømessig bærekraftig utvikling av oppdrettsnæringen.

Miljøpåvirkning av akvakulturanlegg Alv Arne Lyse, prosjektleder Villaks NJFF

Fjorder i endring. klimaeffekter på miljø og økologi. Mari S. Myksvoll,

2P eksamen våren 2018

Ressursutviklinga. Nordeas fiskerisamling Bekkjarvik oktober Harald Gjøsæter

HAVFORSKINGSINSTITUTTET

Status havbruksforvaltning i fylkeskommunen og veien videre

Forvaltning av havbruk hva skjer?

Seismikk-plankton Påverkast mattilgangen for fisken?

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Den amerikanske laksefella Resistance Board Weir; eit nyttig verktøy for forvaltinga? Oppsummering første driftsår

Kultivering. Tiltak for meir villaks i elva

Makrell i Norskehavet

Vassføring i Suldalslågen vegen mot nytt

Nye artar å fiske etter langs norskekysten? Otte Bjelland

Villaksen som en viktig ressurs for verdiskaping

Klimaendringer og fiskeri status og u3ordringar. Barents 2033 Kirkenes Bjarte Bogstad, HavforskingsinsBtuCet

Odd Nakken Havforskningsinstituttet

Villaksen Norges naturlige arvesølv!

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Fiskeri. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 5

Høyring - Forslag til forskrift om fellesansvar for utfisking av rømt oppdrettsfisk

Siste nytt fra makrellfronten Foreløpige resultater fra makrelløkosystemtoktet. sommeren 2016

Ein kald fisk. Nedbryting

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Transkript:

Kunnskap og råd for rike og reine hav 1

VISJON Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde. SAMFUNNSOPPDRAG Havforskingsinstituttet skal utvikle det vitskaplege grunnlaget for berekraftig forvalting av ressursane og miljøet i dei marine økosystema. FORMÅL Å forske, overvake og gi råd knytt til marine økosystem og akvakultur. Vi skal utforske havets og kystens miljø og biologi tene som rådgivar for Nærings- og fiskeridepartementet, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, andre myndigheiter, fiskeri- og akvakulturnæringane og anna næringsverksemd gjere data og forskingsresultat kjende og tilgjengelege for forvalting, næring og samfunnet Forskinga og forskingsoppdraget til Havforskingsinstituttet skal som hovudprinsipp ha eit forvaltingsretta formål. Det inneber også å bidra til grunnleggjande kunnskap på område som vil vere viktige for forvaltinga i framtida. Instituttet skal ha ei fri og uavhengig rolle i alle faglege spørsmål. 2

Foto: Stillbilde fra videoopptak, Terje van der Meeren HENTAR KUNNSKAPEN OPP FRÅ DJUPET Inst i fjordar, langs kysten og ute i det opne havet finn vi ein stor variasjon av økosystem. Der lever alt frå ørsmå algar, større fisk og skaldyr til kvalar og andre sjøpattedyr. Dei ulike artane har tilpassa seg sine leveområde på kvar sitt vis i samspel med det fysiske miljøet, klimavariasjonar og andre artar. Store delar av året er forskarane våre til sjøs, der dei overvakar dei marine økosystema, samlar inn data, tek prøvar med håv og trål og testar ut ny teknologi. På land gjer vi eksperiment på feltstasjonane og i laboratoria våre for å lære meir om prosessane i havet og på kysten, korleis vi menneske påverkar livet der og kva som skjer i, rundt og under merdane i oppdrettsanlegga. I denne brosjyren får du eit innblikk i nokre av desse aktivitetane. 3

Foto: Gunnar Sætra KLIMAENDRINGANE PRESSAR FISKEN NORDOVER Den globale oppvarminga gjev varmare hav, men temperaturauken er ikkje jamn over heile kloden. I våre farvatn aukar temperaturen i havet over dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. I perioden 2004 2012 gjekk botntemperaturen i Barentshavet opp med nesten 1 C. Det påverkar alle organismar som lever i havet. Havforskarane har funne ut at fiskesamfunn i Barentshavet flyttar seg opptil fire gonger så raskt som FNs klimapanel legg til grunn. Mellom anna har det sørlege fiskesamfunnet, som blant anna tel torsk og hyse, gradvis flytta seg nordover. Dette er store artar som et fisk og vandrar langt. Samtidig er bestandane store. Oppvarminga har gjeve desse artane betre levekår nord i Barentshavet. Arktiske fiskeartar er som regel små og stadbundne, og dei finn i stor grad maten sin på havbotnen. Dei ser ikkje ut til å takle temperaturauken like godt. Desse artane har ein ganske spesialisert diett, og då er dei meir sårbare for klimaendringar. Er det største polarforskingsinstituttet i Noreg 80 prosent av norske havområde ligg nord for polarsirkelen Har samarbeida med russiske havforskarar i Barentshavet i over 60 år Kartlegg havbotnen i tidlegare omstridt område i Barentshavet 4

Foto: Stillbilde fra videoopptak DER MAKRELLEN SYM, FØLGJER VI ETTER Det djupe og mørke Norskehavet er det forskarane kallar eit spesielt effektivt produksjonssystem. Den korte næringskjeda planteplankton dyreplankton fisk opprettheld store bestandar av sild, kolmule og makrell. Dei siste fem seks åra har det vore eit skifte i havområdet. Makrellen veks i rekordfart både i omfang og utbreiing, medan silda som tidlegare var den største av dei tre bestandane ligg på eit lågt nivå. Når yttergrensene for makrellen stadig flyttar seg, må våre tokt dekke tilsvarande store område. Også innan teknologi og metode skjer det endringar. Vi har vore sentrale i utviklinga av ein pelagisk overflatetrål, og korleis denne skal brukast på dei internasjonale tokta. Sildeforskinga er også intensivert for å betre grunnlaget for bestandsberekningane. I tillegg ønskjer forskarane å lære meir om silderekrutteringa og kvifor den har slått feil dei siste åra. Mattilgang og driftbanane nordover er blant faktorane som påverkar overlevinga til sildelarvene. 5 Overvakar og gjev årleg haustingsråd på 67 bestandar av fisk og skaldyr Dei fleste råda er utarbeidde av Det internasjonale råd for havforsking (ICES), der våre forskarar er sentrale bidragsytarar Leiar Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk

Foto: Øystein Skaala LAKS PÅ RØMMEN Vi arbeider både ute i felt og på forskingsstasjonane våre for å finne ut kor mykje rømt oppdrettslaks det er i elvane og korleis den rømte laksen påverkar villaksen. Vi har blant anna lært at genane til villaksen vert endra når den gyt med oppdrettsfisk, men meir kunnskap trengs. Ein av metodane vi brukar, er å sette ut merkt laksesmolt som vi fiskar opp når den kjem tilbake som vaksen. Då ser vi mellom anna kor stor overleving denne fisken har samanlikna med villaks. Eit nystarta overvakingsprogram som dekkjer 140 elvar, skal gje betre oversikt over omfanget av rømt laks i elvane. I tillegg skal programmet danne faktagrunnlag for pålagt utfisking. I overvakinga tek vi i bruk sportsfiske, haustfiske, gytefiskteljing og stamfiske med meir. Vi forskar òg på ulike metodar, som til dømes vaksine, for å lage steril oppdrettslaks. Gjer årleg ei risikovurdering av norsk oppdrett Lakselus og røming er dei største utfordringane for ei berekraftig oppdrettsnæring Undersøkjer om det er råd å utvikle nye vaksinar som hindrar oppdrettsfisk i å bli kjønnsmoden og som stoppar lakselusa 6

Foto: Espen Bierud VI VEIT KVAR LUSA BIT Vi har utvikla avanserte modellar som viser akkurat kvar lakselusa oppheld seg når den er stor nok til å infisere laksefisk. For å finne ut kor mykje lus som vert produsert, brukar vi tal frå oppdrettarane sine luseteljingar, rapportar som fortel kor mykje laks (biomasse) det er i anlegga og kunnskapen vi har om kor fort lusa reproduserer. Vi plottar desse tala inn i modellane saman med andre data. Slik finn vi ut kor luselarvane driv, og kvar i sjøen dei er når dei vert smittsame. Resultata frå modellen vert samanlikna med resultata frå feltundersøkingar for å kontrollere at modellen er riktig. Fram til no har dei to metodane stemt bra overens. Modellen kan òg nyttast til å undersøkje spreiing av andre partiklar enn lakselus. Til dømes kan vi finne ut korleis fiskeegg og småpartiklar frå forureining spreier seg. Har kartlagt lakselusa sitt arvestoff. Det kan brukast til å utvikle nye medikament mot lusa Undersøkjer effekten av det auka fisket på leppefisk (rensefisk), og korleis denne fisken kan få betre velferd i merdane Studerer også lokale og regionale effektar av utslepp frå anlegg og oppveksttilhøve og velferd for oppdrettsfisk 7

Illustrasjon: LoVe 8 SNUR OPP NED PÅ HAVOBSERVASJONANE I alle år har havforskarane reist på havet for å lære meir om kva som skjer med livet under overflata. Dei dreg av garde etter eit nøye oppsett rutemønster, og ekkolodd, tråling og anna prøvetaking gjev forskarane eit geografisk oversiktsbilete av det som skjer under kjølen på forskingsfartøyet. No vert dette snudd på hovudet. I staden for å sjå livet med ekkolodd og måleinstrument frå ein båt på overflata, vert observasjonsreiskapane ståande på havbotnen og sjå livet nedanfrå. Samarbeidsprosjektet Lofoten Vesterålen Ocean Observatory (LoVe) måler livet i havet på éin stad over lang tid. Mykje av det same utstyret som finst om bord på forskingsfartøya skal no kontinuerleg overvake ei stripe av heile kontinentalsokkelen utanfor Vesterålen heilt ned til 2000 meters djup. Ein kabel frå LoVe til land gjer at forskarane, så vel som folk flest, kan sitje heime og følge med på kva Golfstraumen fører med seg av livgjevande varmt vatn, plankton, fisk og anna frå Norskehavet og inn i Barentshavet. Har fått ein internasjonal miljøpris for ein prøvetakingskanon til bruk i notfisket Deltek i nordisk samarbeid om ei sorteringsrist som slepp ut uønskte småreker LoVe-prosjektet fekk 60 millionar kroner frå Forskingsrådet i 2015 8

Foto: Frithjof Moy 9 VEKS OPP, FINN MAT OG SKJULER SEG I TARESKOGEN Presset på kysten er høgt. Utbygging, ferdsel, rekreasjon, fiskeri, oppdrett og anna næring set spor i naturverdiane og påverkar dei levande marine ressursane. Stortareskogen, som veks på ei smal stripe av kysten, vert rekna som eit av dei viktigaste oppvekstområda for fisk og krepsdyr. Noreg forvaltar den største tareskogen i Europa, og årleg vert det hausta mellom 150 000 og 170 000 tonn tare. Kartlegging dei siste åra viser at hausta tareskog tek seg opp att etter vel fem år, medan det kan ta inntil ti år før økosystemet fungerer som før. Bestandane av kysttorsk og hummar ligg på eit lågt nivå. Fisket er intensivt; ikkje minst i fritidsfisket. Fisketuristane slepp ut igjen godt over halvparten av torsken dei fangar, men til no har vi visst lite om korleis denne torsken klarar seg. I kva grad spelar til dømes djup, fiskereiskap og temperatur inn på overlevinga? Ei fersk doktoravhandling frå instituttet viser at torsken langt på veg er robust så sant han ikkje har store skadar, og opphaldet på land er kort og skånsamt. Kartlegg og definerer naturtypar på havbotnen og langs kysten Tek årlege prøvar av plankton, blautbotnfauna og hardbotnsamfunn Studerer om blåskjel og tare kan resirkulere avfallspartiklar frå oppdrettsanlegg 9

Foto: Kjartan Mæstad PUMPAR SEG FULL AV BAKTERIAR Om ein svamp kan kallast ein eigen organisme, er ikkje forskarane heilt sikre på. Den er ikkje stort meir enn ei samling celler eller ein koloni om du vil som samarbeider. Men samarbeidet er effektivt. Kvar einaste kilo svamp kan filtrere 1000 liter vatn kvar dag og fjerne så mykje som 95 prosent av bakteriane i vatnet. Utan denne filtreringa hadde det vore langt fleire bakteriar i havet. Kålrabisvampen (Geodia barretti) på biletet er tilsett farge for å vise straumen av vatn ut av svampen. Desse enkle organismane utgjer ein viktig del av faunaen på havbotnen, men det er mykje vi ikkje veit om rolla deira i økosystemet. Svampar, med kålrabisvamp som den vanlegaste arten, finst langs heile norskekysten og langt opp i Barentshavet. Ser på korleis svampar kan brukast til å studere konsekvensar av oljeaktivitet Overvakar forureining og måler salt, straum og temperatur i hava våre Brukar og utviklar ekkolodd og sonarar viktige reiskapar for å overvake fiskebestandane 10

FORSKINGSFARTØY Med fartøya våre samlar vi inn viktige marine data. Fartøya vert også nytta av andre forskarar. Innan få år tek vi i bruk eit isgåande forskingsfartøy og ein ny Dr. Fridtjof Nansen. G.O. SARS Byggjeår: 2003 4067 brt. 77,5 m Feltstasjon Holmfjord i Porsangerfjorden Avdeling Tromsø LOKALITETAR OG STASJONAR JOHAN HJORT Byggjeår: 1990 1851 brt. 64,4 m Forskingsstasjonen Matre Bergen G.M. DANNEVIG Byggjeår: 1979 171 brt. 27,9 m Forskingsstasjonen Austevoll Feltstasjon Guddalselva Forskingsstasjonen Flødevigen HÅKON MOSBY Byggjeår: 1980 701 brt. 47,2 m Havforskingsinstituttet har vel 750 tilsette, og eit budsjett på ca. 1,3 milliardar kroner årleg Meir enn 2000 døgn årleg er vi på sjøen med eigne og leigde fartøy DR. FRIDTJOF NANSEN Byggjeår: 1993 1444 brt. 56,8 m Eigar: NORAD CDCF (Fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid) koordinerer bistandsprosjekt i samarbeid med Fiskeridirektoratet, NIFES, Veterinærinstituttet og Mattilsynet Vi er ein sentral samarbeidspartnar i Framsenteret og Bjerknessenteret 11

Institute of Marine Research Nordnesgaten 50 Postboks 1870 Nordnes NO-5817 Bergen Tlf: 55 23 85 00 E-post: post@imr.no 2015 Havforskingsinstituttet. AVDELING TROMSØ NO 9294 Tromsø FORSKINGSSTASJONEN FLØDEVIGEN NO 4817 His FORSKINGSSTASJONEN AUSTEVOLL NO 5392 Storebø FORSKINGSSTASJONEN MATRE NO 5984 Matredal FISKERIFAGLEG SENTER FOR UTVIKLINGSSAMARBEID (CDCF) REDERIAVDELINGA AVDELING FOR SAMFUNNSKONTAKT OG KOMMUNIKASJON Tlf.: +47 913 80 629 www.imr.no 12 Første trålhal er på veg om bord på eit av fartøya som delteke på det årlege makrelltoktet i Norskehavet. (Foto: Merete Kvalsund) Framsidebiletet viser merking av hummer. (Foto: Espen Bierud)