Brukarundersøking Omsorgstenesta Institusjonane Furuhaugane Omsorgssenter, Florø Omsorgssenter og heimeteneste Krokane, Havreneset og Eikefjord

Like dokumenter
Innkalling til Levekårsutvalet

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING. Heimebaserte tenester. Heimebaserte tenester 2016

Brukarundersøking for rus- og psykiatritenester

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Forslag til forskrift

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Prosjekteigar: Flora kommune.

Å bli gamal i eigen heim

Resultat brukarundersøkingar

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Statistikk for helse og omsorg i Sunnfjord kommune

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Kvardagsrehabilitering. Turnusseminar Kristine Mardal Fysioterapeut Sogndal kommune

TENESTESTANDARD LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

STYRESAK: GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF. DATO: SAKSHANDSAMAR: Erik Vigander SAKA GJELD: Omdømmemåling

Dersom du vurderer din eigen innsats som svært dårleg eller ganske dårleg: 6. Er du interessert i å forbetre deg i dette faget?

SØKNAD OM HELSE- OG OMSORGSTENESTER

Kartlegging av rammevilkår

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Elevundersøkinga 2016

Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og ventelister

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

STYRINGSDOKUMENT FOR FRAMTIDAS OMSORGSTENESTER ÅR Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Utval for helse-, oppvekst- og 045/

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Til deg som bur i fosterheim år

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

ÅDALEN ALLÉ 6. Nye kommunale omsorgsbustader Skodje kommune

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Barnerettane i SKULEN

Spørjeskjema Nynorsk

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

HERØY KOMMUNE Barnehageavdelinga

09/1573-6/ H12 //BEW Resultat frå brukarundersøking ved institusjonstenesta - september 2009

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

BARNEVERNET. Til beste for barnet

«Lindåsprosjektet» Et forskningsprosjekt om velferdsteknologi i hjemmetjenesten.

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI


Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Kommunale eldreråd i Møre og Romsdal

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

Demensavdelinga i heimebaserte tenester

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

Torsdag 23. Januar, Flora Samfunnshus

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Erfaringer og gevinster av investering i trygghetsteknologi. Kari Eidnes Bjørkheim (prosjektleiar)

Kartlegging av ufrivillig deltid /ønska arbeidstid i pleie - og omsorgstenestene, Vestnes kommune.

Heilskapleg tilbod til vaksne med stor og langvarig belastning

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 11/2019 Levekårsutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Spørsmåla i Foreldreundersøkinga

Transkript:

Brukarundersøking Omsorgstenesta 2016 Institusjonane Furuhaugane Omsorgssenter, Florø Omsorgssenter og heimeteneste Krokane, Havreneset og Eikefjord Flora kommune Kvalitet og utvikling. Trude R. Gulbranson juli 2016.

1. Samandrag 2 2. Gjennomføring av brukarundersøking i Omsorgstenesta i Flora kommune. 3 3. Funna i undersøkinga 2016. 4 4. Samanlikning 2008-2012-2014-2016 10 [Skriv inn undertittel for dokumentet] [Skriv inn sammendrag av dokumentet her. Sammendraget er vanligvis et kort sammendrag av innholdet i dokumentet. Skriv inn sammendrag av dokumentet her. Sammendraget er vanligvis et kort sammendrag av innholdet i dokumentet.] 1

1. Samandrag I juni 2016 vart 99 brukarar av Omsorgstenesta i Flora kommune intervjua. Intervjua har føregått ved intervjuhjelp i eigen heim, i omsorgsbustad, på dagsentra og på institusjon. Dei fleste av dei heimebuande vart intervjua ved telefonintervju. Ved undersøkinga i 2014 var det 86 brukarar av omsorgstenestene som var informantar. Spørjeskjemaet hadde 17 spørsmål/utsegn,der brukaren kryssar av enten på: heilt einig, delvis einig, heilt ueinig eller delvis ueinig. Spørjeskjemaet har stort sett vore uendra sidan 2007, med nokre årlege endringar. I år hadde vi lagt til 3 nye spørsmål/utsegn. Desse var : Eg mottar den hjelpa eg treng frå kommunen for å klare meg lengst mogleg heime eller i omsorgsbustad. (spørsmål til heimebuande). Opplever du at det vert lagt til rette for at du skal få gjere/utføre best mogleg sjølv? Og Eg nyttar meg av tilbod som vert gitt av frivillige organisasjonar. Brukarundersøkingane gir oss brukarbasert informasjon om trendar i utviklinga av omsorgstenestene Samanstillinga over tid syner veldig stor grad ( nesten 100 %) av opplevd tryggleik der folk bur, og at brukarane trivast der dei bur. Undersøkinga syner at trivselen er større hos heimebuande enn hos bebuarar på institusjon. Brukarane svarar at dei er trygge på at dei får hjelp når dei treng det. Brukarundersøkingane over tid syner at oppimot 100 % av brukarane opplever at dei vert behandla høflig og med respekt. Når det gjeld områda samvær og sosial kontakt, og høve til tilpassa aktivitet inne og ute ser vi positiv trend i tal brukarar som er einige i at dei har tilbod om samvær og sosial kontakt. Det har over år vore satsa på førebygging av einsemd med mellom anna auke i omfang og fleksibilitet på dagtilboda. Det er imidlertid og ei auke i prosentdel brukarar som seier at dei er heilt/delvis ueinige i at dei har tilbod om sosial kontakt og tilpassa aktivitet inne og ute. Det kan tyde på at det er grupper brukarar som vi ikkje når av ulike årsaker. I år var det nytt spørsmål om brukarane nyttar seg av tilbod gitt av frivillige organisasjonar. 17 % av dei spurte svarte at dei nyttar tilbod, medan 45% av dei spurte svarte at dei ikkje nyttar seg av tilbod gitt av frivillige organisasjonar. 37 % svarte veit ikkje/ikkje aktuelt. Brukarundersøkingane frå 2018 vil syne om det vert ei endring i desse tala. Trenden er svakt positiv når det gjeld om brukarane opplever at dei er med på å bestemme korleis hjelpa dei får skal utførast, men her er fortsatt forbetringspotensiale. Brukarundersøkingane over tid syner trend på ein nedgang i brukarane si oppleving av at dei tilsette kjem til avtala tid, om brukarane opplever at dei får melding når det vert endring av avtalar, og nedgang på utsegnet i at dei tilsette veit kva hjelp brukarane treng. Nytt spørsmål i år med tanke på vridning til heimetenestemodell og hjelp til sjølvhjelp var om brukarane opplever at det vert lagt til rette for at dei kan klare seg lengst mogleg heime eller i omsorgsbustad. 63 % av dei spurte heimebuande svarte at dei var heilt/delvis einige i at tilrettelegginga var god. 6 % seier at dei kunne klart seg enda betre heime med meir tilrettelegging. 24 svarar veit ikkje/ikkje aktuelt på dette spørsmålet. Her er det potensiale for 2

forbetring og meir tilrettelegging i heim for å klare seg best mogleg. 4 av brukarane på institusjon hadde kommentarar på at dei helst ville budd lengre i eigen heim med meir hjelp. I år vart det ikkje innført spørsmål om omsorgsteknologi/velferdsteknologi, men med satsing på heimetenestemodell i kommunen vil spørsmål om dette kome med ved undersøkinga i 2018. Det er stilt spørsmål om brukarane opplever at dei får kontakt med fastlege, omsorgstenesta og fysio- og ergoterapeut. Trendane syner ikkje store endringar. Dei fleste oppgir at dei får kontakt når dei treng det, eller at spørsmålet ikkje er aktuelt. 2. Gjennomføring av brukarundersøking i Omsorgstenesta i Flora kommune. Bakgrunn og målsetjing med undersøkinga. Brukarundersøkinga har vore gjennomført i 2002, 2003, 2006, 2007, 2008, 2012, 2014 og 2016. Spørjeskjemaet som vert nytta har stort sett vore uendra sidan 2007, med nokre årlege endringar. Undersøkinga er gjort ved Kvalitet- og Utviklingsavdelinga i Flora kommune i godt samarbeid med Omsorgstenesta i kommunen og Flora Vidaregåande Skule, helsefagarbeidar vg1. Vi rettar stor takk til skulen for dette samarbeidet, og spesielt til elevane der. Undersøkinga er ei brukarundersøking der mottakarane av omsorgstenestene anonymt kan svare på i kva grad dei er einige eller uenige i dei spørsmåla/påstandane som vert stilt. Dette gir omsorgstenesta informasjon om trendar på brukartilfredshet av tenestetilbodet, og på kva område ein kan forbetre seg i takt med brukargruppa sine behov. Spørjeskjema og metode. Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene ligg i botn for spørsmålsstillingane. Det er lagt vekt på å avgrense spørsmålsstillingane, slik at brukarane ikkje vert bedne om å gje faglege vurderingar, eller svare på spørsmål der sekundærdata er tilgjengelege. Ein har vektlagt å nytte dei same intervjuskjema for å kunne samanlikne brukarane sine opplevingar av omsorgstenesta over tid. Ei slik undersøking gjer det mogleg å studere trendar innan eit område. Intervju og utval av brukarar Datasamlingsteknikk for intervju av brukarar har vore besøksintervju og telefonintervju. Fordelen med besøksintervju er at intervjusituasjonen vert både visuell og auditiv. Intervjuaren kan bruke meir tid på brukarane, forklare når brukarane er usikre, og syne svaralternativa betre enn ved telefonintervju eller utsendte spørjeundersøkingar per brev. I alt har 99 brukarar svara på undersøkinga. Av disse bur 28 på institusjon, 22 av brukarane bur i omsorgsbustad og 49 bur i eigen heim. Vi har 13 fleire respondentar i 2016 enn kva vi 3

hadde i 2014. Desse er fordelt både på institusjon og i heimetenesta. Ut i frå namnelister gitt av Omsorgstenesta vart brukarane ringt til (telefonintervju) eller besøkt (personleg intervjuhjelp). Dei som har svara med intervjuhjelp, har hatt besøk av intervjuarar heime eller på institusjonen der dei bur. Nokre brukarar har reservert seg frå å svare. Avdelingsleiarane i samarbeid med personale i dei ulike avdelingane har på førehånd gått gjennom navnelistene på tenestemottakarane sine med omsyn til brukarar som av ulike grunnar ikkje ville kunne klare å svare på ei brukarundersøking. Dette kan vere sterk grad av demens eller kognitiv svikt, men terskelen var høg for å ikkje kunne reknast som respondent. Brukarane var og i forkant informert om undersøkinga. Intervjuarane tok og ei vurdering av brukaren si evne til å svare undervegs i intervjusituasjonen. Vart det for vanskeleg for brukaren vart intervjuet avslutta, og opplysningane er ikkje brukt i undersøkinga. Dette gjaldt ein brukar i 2016. Brukarane representerer ulike geografiske områder av kommunen, og ulike typar bustadar. Intervjuarar Omsorgstenesta har sidan undersøkinga i 2012 samarbeidd med Flora Vidaregåande Skule, helsefagarbeidarar vg1. Elevane fikk undervisning i korleis gå fram under intervjua, og korleis intervjue brukarane mest mogleg objektivt. I dialogform gikk elevane og omsorgsfagleg rådgjevar frå Kvalitet-og Utviklingsavdelinga gjennom spørjeskjemaet, klargjorde kva spørsmåla betydde og gikk gjennom ulike døme. Elevane fikk og undervisning i teieplikt. På institusjonane hadde elevane kontaktperson blant personalet som dei skulle forholde seg til. I heimetenestene hadde elevane med seg lister over brukarar som kunne intervjuast. Lister vart returnert etter bruk. Spørjeskjemaet ligg som vedlegg bakerst i rapporten. 3. Funna i undersøkinga 2016. Nytt i år er at det vert presentert funn for heimeteneste og for institusjon kvar for seg. Tidlegare år har funna vore presentert frå omsorgstenesta samla. I 2016 har Flora bystyre i tråd med nasjonale anbefalingar vedtatt å satse på ein meir heimebasert omsorgsteneste. For å kunne nytte funna i undersøkinga mest mogleg målbart og konstruktivt etter funn vert det viktig å presentere funna kvar for seg. 4

Institusjon Totalt 28 personar som bur på institusjonane Florø Omsorgssenter eller Furuhaugane Omsorgssenter har svart på brukarundersøkinga. Alle intervjua vart gjort med direkte intervjuhjelp på institusjonen. I innleiiande spørsmål svarte 9 av dei 28 som vart intervjua at dei fikk mykje hjelp frå familie /andre, og 11 personar svarte at dei fikk noko hjelp frå familie/andre. 1 person svarte at vedkommende mottok hjelp frå lag og organisasjonar. Kommentarar til funna i brukarundersøkinga institusjon: Undersøkinga syner at 27 av 28 personar som er intervjua i institusjon føler seg trygge der dei bur. 1 person er for det meste ueing i den påstanden. 5

På spørsmål 2 ser de at søyla for det meste er grå. Dei alle fleste unntatt 2 har svart veit ikkje/ikkje aktuelt. Dette er fordi spørsmålet er meint for dei som bur i omsorgsbustad eller i eigen heim. 15 av 28 svarar at dei er med på å bestemme korleis hjelpa dei får skal utførast. 8 personar er uenig eller delvis uenig at dei er med på bestemme korleis hjelpa dei får vert utført. 5 personar svarar veit ikkje/ikkje aktuelt for dei. Dette kan tyde på at brukarane har lite brukarmedverknad på den direkte hjelpa dei mottar etter at dei er komt inn på institusjon. 17 av 28 opplever at det vert lagt til rette for at dei skal gjere/utføre mest mogleg sjølv. 3 stk var ueing og 8 stk svarte veit ikkje/ikkje aktuelt. At 8 svarte at det ikkje er aktuelt eller veit ikkje er samsvarande med at svært mange av institusjonspasientane er svært hjelpetrengande og er avhengig av hjelp til veldig mykje. 21 av 28 personar på institusjon opplever at dei tilsette veit kva hjelp dei treng. Bare 1 person er ueing i dette, og 6 personar svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. Alle dei spurte er einige i at dei får den hjelpa dei treng i høve måltid, drikke og god ernæring. 27 av 28 personar i undersøkinga svarar at dei vert behandla høflig og med respekt. 1 svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 18 personar opplever at dei tilsette kjem til avtala tid. 2 opplever det ikkje sånn, og 8 personar svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 15 personar seier dei får melding om det skjer ei endring i avtalar. 3 svarar at det er manglande meldingar om endringar i avtalar. For 10 personar er spørsmålet ikkje aktuelt/veit ikkje. 21 av 28 personar seier dei har moglegheit for samvær og sosial kontakt. 6 personar svarar at dei er ueinige/delvis ueinig i at dei har moglegheit for samvær og sosial kontakt. 1 person svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 19 av dei 28 som har svart på brukarundersøkinga i institusjon seier at dei har høve til variert og tilpassa aktivitet både ute og inne. 6 personar seier at dei ikkje eller delvis ikkje har denne moglegheiten, og for 3 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 4 av 28 svarar at dei nyttar seg av tilbod frå frivillige organisasjonar. 11 personar seier at dei ikkje nyttar seg av det. 13 personar seier at dei veit ikkje/ikkje aktuelt. Dette er eit nytt spørsmål av året. Det har vore, og er fleire satsingar på frivillighet og frivillige tiltak i eldreomsorga siste årea. Mellom anna Lev Vel prosjektet. Dette vert fulgt opp i undersøkinga i 2018. 20 personar av 28 meiner dei får kontakt med fastlegen sin når dei treng det. 8 er ueinig/delvis ueinig. For 4 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 16 personar får kontakt med omsorgstenesta når dei treng det. 3 er ueinig/delvis ueinig. For 9 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 6

7 personar får kontakt med fysioterapeut når dei treng det. 2 er ueinig/delvis ueinig. For 19 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 5 personar svarar at dei får kontakt med ergoterapeut når dei treng det. 1 er ueinig/delvis ueinig. For 22 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 21 av 28 personar trivast med å bu på institusjonen. 5 personar trivast ikkje, og 2 svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. I tillegg til avkryssingsspørsmåla var det moglegheit for brukarane som vart intervjua å kome med ytterlegare kommentarar. 4 av brukarane kommenterte at dei kunne klart seg heime lengre om det hadde vore betre tilrettelagt for det. 2 av brukarane kommenterte at dei ville budd heime, men var for tungt hjelpetrengande til å kunne klare seg heime. 5 av brukarane kommenterer at dei ikkje har noke å klage på, at alle dei tilsette er kjekke og greie, dei har det dei treng, institusjonen er ein fin plass å være, og at dei får hjelp til alt mulig. Når det gjeld tilbod dei saknar svarar 2 brukarar at dei kunne tenkt seg meir fysioterapi. 2 brukarar saknar meir legetilsyn og auka tannlegetilbod. Ein saknar informasjon om dei ulike tilboda som eksisterer. Ein saknar "kirketilbud" på søndagane, og ein saknar aktivitet saman med familien. 7

Heimeteneste Totalt 71 personar som mottar omsorgsteneste i eigen heim eller i omsorgsbustad har svart på brukarundersøkinga. 47 intervju er gjennomført per telefon, og 23 er gjort via direkte intervjuhjelp. På eitt skjema var det gløymt å krysse av kva intervjuform det var valgt. Den direkte intervjuhjelpa for heimebuande vart i stor grad gjort på dagtilboda. I innleiiande spørsmål svarte 29 av dei 71 som var intervjua at dei fikk mykje hjelp frå familie /andre, og 25 personar svarte at dei fikk noko hjelp frå familie/andre. 5 personar svarte at vedkommende mottok hjelp frå lag og organisasjonar. Undersøkinga syner at alle dei intervjua som mottar omsorgsteneste i eigen heim føler seg trygge der dei bur 8

63 av dei spurte er einige/for det meste einige i at dei mottar den hjelpa dei treng av kommunen for å kunne klare seg lengst mogleg heime. 4 av dei spurte er ikkje enige i det, og 4 svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 47 av dei heimebuande i undersøkinga er heilt/for det meste einige på spørsmålet om dei er med på å bestemme korleis hjelpa dei får skal utførast. 11 personar er for det meste/heilt ueinige og 13 svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 49 personar svarar at dei er einige/dels einige i at det vert lagt til rette for at personen skal få utføre mest mogleg sjølv.. 6 personar er ueinige, og 16 personar svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 53 av 71 seier at dei er einige/delvis einige med at dei tilsette veit kva hjelp som skal ytast. 7 er ueinige/delvis ueinige og 11 svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. Når det gjeld måltid og ernæring svarar 49 personar at dei får den hjelpa dei treng. 5 personar svarar at dei ikkje får den hjelpa dei treng, og for 19 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 69 av dei 71 intervjua seier at dei vert behandla høflig og med respekt. 1 person er for det meste ueinig, og 1 person svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 56 personar opplever at dei tilsette kjem til avtala tid. 5 opplever det ikkje sånn, og 10 personar svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 46 personar seier dei får melding om det skjer ei endring i avtalar. 7 svarar at det er manglande meldingar om endringar i avtalar. For 18 personar er spørsmålet ikkje aktuelt/veit ikkje. 56 av dei 71 intervjua seier dei har moglegheit for samvær og sosial kontakt. 12 personar svarar at dei er ueinige/delvis ueinig i at dei har moglegheit for samvær og sosial kontakt. 3 person svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 45 av dei 71 intervjua heimebuande seier at dei har høve til variert og tilpassa aktivitet både ute og inne. 17 personar seier at dei ikkje eller delvis ikkje har denne moglegheiten, og for 9 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 13 personar svarar at dei nyttar seg av tilbod frå frivillige organisasjonar. 34 personar seier at dei ikkje nyttar seg av det. 24 personar seier at dei veit ikkje/ikkje aktuelt. Dette var nytt spørsmål av året. 63 av 71 respondentar meiner dei får kontakt med fastlegen sin når dei treng det. 5 er ueinig/delvis ueinig. For 3 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 60 personar får kontakt med omsorgstenesta når dei treng det. 1 er ueinig/delvis ueinig. For 10 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 9

30 personar får kontakt med fysioterapeut når dei treng det. 4 er ueinig/delvis ueinig. For 37 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 22 personar svarar at dei får kontakt med ergoterapeut når dei treng det. 3 er ueinig/delvis ueinig. For 46 personar er det ikkje aktuelt/veit ikkje. 68 av 71 personar trivast med å bu heime eller i omsorgsbustad. 1 person trivast ikkje, og 2 svarar veit ikkje/ikkje aktuelt. 4. Samanlikning 2008-2012-2014-2016 Samanstillinga under syner trendar av utvikling og samla vurdering av samanlignbare spørsmål frå undersøkingane i 2008, 2012,2014 og i 2016. Utsegn/spørsmål. Samanlikning over tid Trendar 1 Eg føler meg trygg der eg bur 3 Eg er med på å bestemme korleis hjelpa eg får skal utførast 5 Dei tilsette veit kva hjelp eg treng 6 Eg får den hjelpa eg treng i høve måltid, drikke og god ernæring 7 Eg vert behandla høflig og med respekt 8 Dei tilsette kjem til avtala tid Brukarundersøkingane over tid syner stort grad av tryggleik der dei bur. I 2016 er syner undersøkinga at 100 % av dei heimebuande føler seg trygge der dei bur. Ein respondent på institusjonføler seg utrygg. Samla sett over år syner brukarundersøkinga nedgang, men i forhold til 2014 undersøkinga syner 2016 tala auke i brukarmedverknad. Trenden er positiv. Samanlikninga over tid syner nedgang. Brukarane i 2016 er mindre einige i at dei tilsette veit kva hjelp dei treng i år enn tidlegare. Tala syner samla ei god og positiv utvikling. Det er ei auke på 16 % når det gjeld kven som er heilt einige/delvis einige i utsegnet, men og ei lita auke i tal brukarar som er ueinige/delvis ueinige. Alle undersyningane har stor grad av brukartilfredshet på dette spørsmålet. Tilnærma like resultat. I 2016 syner undersøkinga at 96% er einige i at dei vert behandla høflig og med respekt. Undersøkinga syner at færre brukarar er er heilt einige/delvis einige i dette utsegnet. Det er samstundes ikkje auke i tal ueinige/delvis ueinige. 9 Eg får melding når det Undersøkinga syner ein liten nedgang frå tidlegare år 10

vert endring av avtalar 10 Eg har høve til samvær og sosial kontakt 11 Eg har høve til variert og tilpassa aktivitet både ute og inne 13 Eg får kontakt med fastlegen når eg ber om det 14 Eg får kontakt med omsorgstenesta når eg ber om det 15 Eg får kontakt med fysio/ergo når eg treng det når eg treng det når det gjeld kor mange som er heilt einige/einige i utsegnet. Samstundes er færre enn tidlegare ueinige/delvis ueinige, men her er likevel forbetringspotensiale. Undersøkinga syner ei generell auke frå 2008 på kor mange som er heilt eller delvis einige i at dei har høve til samvær og sosial kontakt. Det var nedgang frå 2012 til 2014 undersøkinga, men ligg no på ein brukartilfredshet på 77 %. Det er imidlertid og ei auke i kor mange brukarar som er delvis ueinig/ueinig i at dei har høve til samvær og sosial kontakt. Her syner undersøkingane ei auke frå 2008 i tal brukarar som er heilt einige/delvis einige i utsegnet. 64% er heilt einige/delvis einige. Samstundes er det ei auke i brukarar som er ueinige/delvis ueinige i påstanden Brukartilfredsheten ligg nokonlunde stabilt med nokon variasjonar på rundt 85 %. Her er det ein nedgang frå 2008, men undersøkinga syner stabile resultat frå 2012. Brukartilfredshet i 2016 er på 76 %. Færre melder at dei ei ueinige/delvis ueinige i utsegnet noko som er positivt. Tala syner ein liten nedgang frå 2012. Det er likevel færre som er ueinige/delvis i ueinige, så her er vanskeleg å sjå klare trendar. 17 Eg trivst der eg bur Det er stor grad av brukartrivsel i undersøkingane. I 2016 er det splitta undersøkingar på institusjon og på heimebuande, og undersøkinga syner at dei heimebuande trivast best der dei bur. 11

Prosentvis samanlikning heilt einig/ delvis einig på samanliknbare spørsmål 2008-2012- 2014-2016. Spørsmål 2008 2012 2014 2016 1. Eg føler meg trygg der eg bur 96 91 94 100 3. Eg er med på å bestemme korleis hjelpa eg får skal utførast 70 66 59 62 5. Dei tilsette veit kva hjelp eg treng 83 79 84 74 6. Eg får den hjelpa eg treng i høve måltid, drikke og ernæring 62 64 59 75 7. Eg vert behandla høflig og med respekt 94 95 94 96 8. Dei tilsette kjem til avtala tid 78 77 81 74 9. eg får melding når det vert endring av avtalar 66 66 63 61 10. eg har høve til samvær og sosial kontakt 65 79 70 77 11. Eg har høve til variert og tilpassa aktivitet både ute og inne 52 67 55 64 13. Eg får kontakt med fastlegen når eg ber om det 85 87 86 83 14. Eg får kontakt med omsorgstenesta når eg ber om det 85 77 74 76 15. eg får kontakt med fysio/ergo når eg ber om det 30 41 35 32 17. Eg trivst der eg bur. 88 95 88 89 Prosentvis samanlikning heilt ueinig/ delvis ueinig på samanliknbare spørsmål 2008-2012- 2014-2016. Spørsmål 2008 2012 2014 2016 1. Eg føler meg trygg der eg bur 4 8 6 1 3. Eg er med på å bestemme korleis hjelpa eg får skal utførast 14 10 28 19 5. Dei tilsette veit kva hjelp eg treng 5 4 5 8 6. Eg får den hjelpa eg treng i høve måltid, drikke og ernæring 1 2 3 5 7. Eg vert behandla høflig og med respekt 2 4 1 1 8. Dei tilsette kjem til avtala tid 8 8 8 7 9. eg får melding når det vert endring av avtalar 13 12 19 10 10. eg har høve til samvær og sosial kontakt 31 12 12 18 11. Eg har høve til variert og tilpassa aktivitet både ute og inne 36 20 12 18 13. Eg får kontakt med fastlegen når eg ber om det 7 6 9 9 14. Eg får kontakt med omsorgstenesta når eg ber om det 7 7 9 4 15. eg får kontakt med fysio/ergo når eg ber om det 3 7 12 5 17. Eg trivst der eg bur. 10 5 8 6 12

Kvalitetsvurdering omsorgstenesta i Flora kommune 2016. Spørjeundersøking blant brukarar veke 23 2016. Opplysningar om og frå brukar: Kvinne Mann Tildelt hjelp (kryss av) Anna hjelp (kryss av) Født år Heimehjelp Mykje hjelp frå familie/andre Bustad (kryss av) Heimesjukepleie Noko hjelp frå familie/andre Eigen heim Fysioterapi Hjelp frå lag/organisasjonar Omsorgsbustad Ergoterapi Institusjon ( Florø Omsorgssenter eller Furuhaugane Omsorgssenter) Dagavdeling ( Florø Omsorgssenter eller Allhuset i Eikefjord) Skjemaet er fylt ut av (kryss av) Matombringing Brukaren sjølv Alarm Med intervjuhjelp Drosjekort/ Dør-til-dør Telefonintervju Svaralternativ Eg er heilt einig 1 Eg er for det meste einig 2 Eg er for det meste ueinig 3 Eg er heilt ueinig 4 Som brukar av Omsorgstenesta til Flora kommune meiner eg at (set kryss for det svar alternativet som passar for deg.) 1 2 3 4 Har inga meining/er ikkje aktuelt for meg 1 Eg føler meg trygg der eg bur 2 Eg mottar den hjelpa eg treng frå kommunen for å klare meg lengst mogleg heime eller i omsorgsbustad. ( dette spm er kun aktuelt for heimebuande, og dei som bor i omsorgsbustad) 3 Eg er med på å bestemme korleis hjelpa eg treng skal utførast 4. Opplever du at det vert lagt til rette for at du skal få gjere/ utføre mest mogleg sjølv? 13

5 Dei tilsette veit kva hjelp eg treng 6 Eg får den hjelpa som er nødvendig for meg i høve måltid, drikke og god ernæring 7 Eg vert behandla høfleg og med respekt 8 Dei tilsette kjem til avtala tid 9 Eg får melding når det vert endring av avtalar 10 Eg har høve til samvær og sosial kontakt 11 Eg har høve til variert og tilpassa aktivitet både ute og inne 12 Eg nyttar meg av tilbod som vert gitt av frivillige organisasjonar. 13 Eg får kontakt med fastlegen når eg treng det 14 Eg får kontakt med omsorgstenesta når eg treng det 15 Eg får kontakt med fysioterapeut når eg treng det 16 Eg får kontakt med ergoterapeut når eg treng det 17 Eg trivst der eg bur Er det noko anna du ønskjer å nemne? (Er det noko du saknar av tilbod? Kunne du klart deg betre heime med meir tilrettelegging til sjølvhjelp?) 14