Handlingsplan for landbruket i Os HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I OS

Like dokumenter
Rullering av tiltaksstrategiar for SMIL ordninga for Stord og Fitjar,

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

SMIL strategi og bruk av midlar. - Erfaringar frå Hjelmeland kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Innhaldet i beitebruksplan i Gol

Rasjonalisering deling av landbrukseigedommar

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 13/297-2 Løpenummer: 13/7157 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

KOMMUNEPLAN

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan 2017

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 4/17. Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf Edvard Storms veg VÅGÅ,

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Turi Ottersland Tjøstheim K2 - K40 15/5

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Klage Behandling av søknad om frådeling - 145/22 - Sunde -Gundesø/ Svein Røssland

Oppsummering 2013 FOR JORDBRUKET TOKKE

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

Områdefreding Stødleterrassen

Oppsummering 2014 FOR JORDBRUKET TOKKE

VERDISKAPING I LANDBRUK OG LANDBRUKSBASERT VERKSEMD I SOGN OG FJORDANE. Loen 4. november 2015 Heidi Knutsen

Brukarundersøking Landbrukskontoret i Austrheim, Fedje, Lindås, Meland, Modalen og Radøy kommune.

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Avtale om bruk av utmark i Vinje kommune

Linda Nyvoll Antonsen

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Øystre Slidre kommune Sektor for kultur, utvikling og næring Heggenes HØRINGGSSVAR TIL KOMMUNEDELPLAN FOR BEITOSTØLSOMRÅDET

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

GARDSKART, AR5 OG. JORDREGISTER Tonje F. Aase

Møteinnkalling for Formannskapet

Side 2 av 16 TILLEGGS-SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 039/13 13/259 Konsesjon GBNR 41/3 og 9 - landbrukseig

LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL

Stranda kommune Næring og teknisk

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Jordvern i den kommunale hverdagen

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Oppsummering 2015 FOR JORDBRUKET TOKKE

2 av 14 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om frådeling av ein parsell (på 4500m2) på gbnr. 34/3. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett

Sogn og Fjordane Bondelag

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID.

Kommunedelplan for Sveio sentrum. Motsegn

«Landbruksvekst Halsa» Prosjekt for økt omsetning og verdiskaping i landbruket

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Landbruket i Sogn og Fjordane og Hordaland - Felles utfordringar og moglegheiter

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Liv Bente Viddal Arkivsak: 2013/1427 Løpenr.: 11175/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Landbruksnemnda

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 90/2 - deling av eigedom - Seimsfoss - Merete Guddal

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Plan og næring. Tenesteleiar Einar Nedrelo. Eva Nilsen Huke. Oversyn over SMIL/ NMSK - søknader 1.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket Strand kommune

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOBRUKET (NMSK) FOR PERIODEN BØMLO KOMMUNE

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

REVIDERING AV FORSKRIFT - TILSKOT TIL YMSE JORD- OG SKOGBRUKSFORMÅL UTLEGGING PÅ HØRING

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

Forvaltnings- og føretakskontroll av tilskotsordningar i landbruket

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6

HØRINGSUTKAST PLANPROGRAM. Landbruk

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak og

2016/ Særutskrift - 173/4 - deling av grunneigedom - Varaldsøy - Nils Jakob Tveit

Virkemiddel knytt til forvaltning av biologisk og. Øystein Jorde Rådgjevar, Statens landbruksforvaltning

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Mange utfordringar med meir beiting

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Strategisk plan. For Norske Landbr ukstenester

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Planprogram: Kommunedelplan for Landbruk i Fredrikstad kommune

Rådmannen med funksjon som kommunalsjef teknisk. Tenesteleiar Plan og utvikling 100% Oppmåling Tommy Aasebø 100%

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Førebels. prosjektplan; Samordna uttak av sitkagran i Fitjarøyane

Transkript:

HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I OS 2012-2017 1

HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I OS KOMMUNE 2012-2017 1 Mandat 2 Innleiing 3 Arbeid med planen 4 Landbruket i Os i dag 2011 Tabell 1 4.1 Analyse sterke og svake sider 5 Utfordringar/Kva kan vi få til 6 Tenestetilbod landbruk 6.1 Kva styrer landbruket, - kva kan næringa og kommunen bestemme 7 Mål og tiltak Tabell 2-6 2

1 MANDAT Os kommune godkjende arealdelen av landbruksplanen kjerneområde for landbruk i 2010, og gjorde vedtak om at det skulle utarbeidast ein plan for landbruket i Os. 2 INNLEIING Det er svært mange lover og reglar som grip inn i forvaltning av landbruksareal og drift, så spelerommet er ikkje alltid så stort. Det er likevel viktig å ha ein plan med mål for landbruket i kommunen slik vil vi ha det - og ikkje minst, korleis ein vil ivareta desse måla slik gjer vi det. Denne planen har fokus på konkrete mål og tiltak. Os kommune har ein kommuneplan som gjeld frå 2005 2017. ( Os kommune i år 2017 og vegen fram ). Planen har ikkje landbruk på lista over satsingsområde, men er opptatt av næringsutvikling, kulturlandskap og kulturminne, samt natur, friluftsliv og miljø. Landbruket er ei næring, og i tillegg til mat, produserer denne næringa kulturlandskap, oppleving i natur, samt at mange kulturminne er i landbruket sitt kulturlandskap. Det er dermed svært viktig å leggje til rette for eit levande og aktivt landbruk i Os. Vi har registrert kjerneområde for landbruk på kartet større areal med dyrka mark, men Os har også mange mindre områder med landbruksareal som kan vere viktige for næring, landskap og friluftsliv. 3 ARBEIDET MED PLANEN Landbrukskontoret har ansvar for å utarbeide planen. Vi har invitert organisasjonane i landbruket til å vere med, og det har vore ein spennande prosess. Bondelaget, bonde- og småbrukarlaget og skogeigarlaget har vore med i arbeidsgruppe som har hatt 3 møter, samt at vi har arrangert bonde kafé. Om lag 20 personar møtte, og det kom mange innspel til kva bøndene i Os ønskjer å satse på. Vi har god kontakt med kulturkontoret vedkomande samarbeid om kulturminner, og vi ser dette arbeidet i samanheng med komande kulturminneplan. 4 LANDBRUKET I OS I DAG - 2011 Det er 37 gardsbruk som søkjer produksjonstilskot i Os. Det er krav til omsetning på kr 20000.- i året for å kunne søkje. Tal søkjarar er kraftig redusert siste åra. Men dei aktive bøndene har satsa og investert på bruka sine, og dei haustar i tillegg fleire nabobruk. Jordbruksareal i drift er dermed ikkje redusert tilsvarande. Tabell 1 viser tal for landbruket i Os i 2010-2011 Oversikten gjeld dei som søkjer produksjonstilskot. I tillegg er det ein del som har nokre få sauer, og så er det mange hestar i Os som ikkje blir fanga opp i systemet. Hogst av ved og tømmer til eige bruk vert heller ikkje fanga opp i dette systemet. 3

Tabell 1 Tekst Tal bønder/føretak Kommentar Søkjarar produksjonstilskot 37 Planteproduksjon 37 Alle har grasproduksjon Husdyr 32 Sal av for 8 Mjølkeproduksjon 9 (samla 229 kyr) Storfe kjøtproduksjon 21 (samla 605 storfe) Sauehald 15 (758 dyr sauer/lam) Gris 1 (16 grisar) Hestar 15 (99 hestar) Verpehøns 2 (70 høns) Markslag/vekstar Arealstorleik/dekar Kommentar Fulldyrka mark til slått og Samla areal i drift i Os i 2011 4448 beite er 7661 dekar Overflatedyrka mark til slått og beite 1057 Innmarksbeite 2105 Andre vekstar 27 Bygg 20 Jordbær 4 Skogbruk Mengde Kommentar Hogst 695 m3 2010 Planting 12 da 2010 4.1 ANALYSE - STERKE OG SVAKE SIDER Sterke sider ved landbruket i Os: Godt jordsmonn og gode veksttilhøve. Relativt korte avstandar, slik at dei aktive bøndene haustar fleire bruk i sitt område. Gode beiteområder Bøndene er interessert i utvikling av landbruksnæringa i Os Nærleik til Bergen som er ein stor marknad for lokal mat til dømes bær Større areal som kan haustast maskinelt Plantefelt med skog som snart er hogstmodne. Variert utmark 4

Svake sider ved landbruket i Os: Stort press på landbruksareal til andre føremål både dyrka mark og skog-/utmarksareal Nedgang aktive bønder Bruk ute av drift som gror til med kratt og skog Manglar ein del skogsvegar for større uttak av skog Manglande rekruttering av nye bønder Nærleik til anna arbeid med betre løn og meir fritid 5 UTFORDRINGAR/KVA KAN VI FÅ TIL: *Gode arealplanar som tar omsyn til landbruket sitt behov for areal og som sikrar dyrka marka som er igjen i Os. - Det meste av landbruksdrift i Os er husdyrhald og produksjon av grovfôr. Det ligg også til rette for bærdyrking. Det er ein føresetnad for slik drift at det er nok jordbruksareal tilgjengeleg. 5

*Samarbeid om beite slik at ein kan få nytta større beiteareal. - Vi treng eit prosjekt som tenkjer samarbeid over eigedomsgrenser, med nye gjerder som er arrondert etter terreng og ikkje eigedomsgrenser. Dette vil gje større beiter og meir ope kulturlandskap. *Fokus på mangfald vi treng både tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar/næringsutvikling. - Det er viktig at dei som driv stort har nok areal og at dei kan drive effektivt, men det er også rom for småskala produksjon. Det kan vere viktig for dei som har mindre bruk. *Satse på Inn på Tunet - Inn på tunet Grøn omsorg er ei nasjonal satsing. Det handlar om næringsutvikling på garden i form av å leggje til rette for menneske med spesielle behov. Det kan vere elevar som ikkje kan følgje vanleg undervisning, fysisk rørslehemma, menneske med psykiske sjukdomar, rus, arbeidstrening for å nemne noko. Det er oppsiktsvekkande gode resultat frå inn på tunet. I tillegg er det etter kvart viktig med informasjon og opplæring av alle born om landbruk og natur for å lære dei historie, kultur og kvar maten kjem frå. *Velje ut områder der vi vil ta vare på og skjøtte kulturlandskapet som grøne lunger til gode for alle. - Det opne kulturlandskapet er avhengig av beitedyr, vi greier ikkje halde skogen vekke manuelt. Men vi har for få beitedyr til å halde alt tidlegare kulturlandskap ope, sjølv om vi får til gode beiteprosjekt som nemnt over. Vi må tenkje at vi skal velje ut viktige områder som vi treng for beite og for landskap og friluftsliv. *Vere bevisst på samarbeid med grunneigarane om turvegar i kulturlandskapet. - Det er viktig å ta omsyn til kvarandre der det er både næring og friluftsliv. Opne grinder i beiteområder er eit tilbakevendande problem. Parkering er eit anna. I samband med beiteprosjektet kan vi tenkje oss å ta med eit punkt om gjerding og grinder som er enkle å opne/lukke, eventuelt trappesystem over grinda så ein slepp opne noko. Vi har SMIL midlar som vi kan nytte til slike prosjekt. I tillegg vil vi samarbeide meir med kulturkontoret om friluftsprosjekt der stiar og turvegar kjem inn på landbrukskområder. *Ta vare på kulturminner i landskapet - Dette inneber samarbeid med kulturkontoret om å ta vare på og restaurere bygningar og andre kulturminner som er viktige for lokalhistoria vår, og som er naturlege element i kulturlandsapet. *Lage oversikt over gode produksjonsområder for skog og plan for hogst og utkjøring av tømmer. Vi treng vegar for å få ut tømmer og ved. Skogsvegar er ofte også gode turvegar, og det er godt mogeleg å legge til rette for friluftsliv i skogsområder. 6

6 TENESTETILBOD LANDBRUK Os kommune har felles landbrukskontor med Fusa og Samnanger sidan 2004, og dette fungerer bra. Vi legg opp til to faste kontordagar i Os, samt at vi er ute på synfaring og med på møter i tillegg. Landbrukskontoret har 4 personar (3,5 stillingar) i arbeid, og vi yter tenester i samband med arealforvaltning, eigedomsspørsmål (konsesjon), spørsmål om tradisjonell næring og tilleggsnæringar og tilskot. I tillegg handsamar vi søknader om vegar til landbruksføremål og saker som gjeld jakt og utmark. Vi har kontakt med andre instansar som vi eventuelt kan vise brukarane vidare til om vi ikkje har kompetansen som dei etterspør. Dette gjeld i stor grad driftsplanlegging i jordbruket som Landbrukstenester Hordaland (tidlegare forsøksringen) er ekspertar på, samt driftsplanlegging i skogbruket som Skogeigarlaget Vest tar seg av. Vi samarbeider godt med tilgrensande fag som planavdeling og kulturkontor. 6.1 KVA KAN NÆRINGA OG KOMMUNEN BESTEMME Landbruket er styrt av ei rekkje statlege lover og reglar, og inntekta til bonden er i stor grad knytt til jordbruksoppgjeret. Dette er faktorar som vi ikkje kan påverke lokalt. Men landbruksnæringa treng areal til jord- og skogbruksdrift, samt til jakt. I tillegg er det viktig for næringa at det vert lagt til rette for buffersoner mot bustader og offentlege bygningar. Landbruksdrift medfører ein del støy og lukt, noko som kan skape unødige nabokonflikter om det er for tett på andre interesser. Det er viktig at det er lokal forståing for næringa, slik at bøndene blir høyrt der det er naturleg at deira syn kjem fram. Vi må vere klar over at landbruk omfattar både jord og skog/utmark. Det er også viktig å sjå nye næringar vekse fram på ein del gardsbruk, det kan vere «inn på Tunet» eller lokalprodusert mat og bær for sal. Det nye kan ha anna trong for areal og bygningar enn tradisjonelt landbruk. Det inneber til dømes at mindre eigedomar kan vere interessante å ta i bruk utan trong for store investeringar i tradisjonell driftsbygning. Dei som driv tradisjonelt landbruk kan ha utvida trong for dyrka mark til bær og grønsaker. Landbruket er viktig for alle innbyggjarane i Os, samt dei som besøker Os, for vi ønskjer alle å oppleve eit vel skjøtta kulturlandskap og skog og utmark som er vedlikehalde og framkomeleg. Utan landbruksdrift gror det fort til med kratt og skog i det fuktige, milde klimaet vårt. Landbruk er ikkje ei stor næring i Os, men dei som driv er aktive og interesserte. Dette gagnar heile bygda. 7

7 MÅL OG TILTAK Tabell 2-6 Tabell 2 MÅL (slik vil vi ha det) TILTAK (slik gjer vi det) ANSVAR TIDSPERSPEKTIV Synleggjere og ta vare på landbruket og kulturlandskapet Ta vare på dyrka mark gjennom plan og sterkare jordvern i kommuneplan og reguleringsplanar. Sette av stor nok buffersone mot landbruk i byggeområder (20 meter) Det skal ikkje byggjast på matjord Legge til rette for å nytte beiter betre fellesbeiter Bedre synleggjering av det positive med landbruket gjennom betre informasjon til ålmenta Bondens Dag Kommune og grunneigarar Kommune og utbyggar Kontinuerleg ved reguleringsplanarbeid Kommune, grunneigarar, utbyggjarar Bondelag, Bonde- og småbrukarlag, skogeigarlag og grunneigarar i lag med Bøndene i samarbeid med kommunen heimesida, Lokalavisa Bonedlag, Bonde og småbrukarlag alle bønder Ved rullering av kommuneplan Kontinuerleg ved reguleringsarbeid Kontinuerleg Prosjekt 2012-2014 Kontinuerleg Bondens Dag 1 gong i året 8

Tabell 3 MÅL (slik vil vi ha det) Sikre framtidig matproduksjon ved å oppretthalde produksjonen og tal bruk i drift som vi har i dag TILTAK (slik gjer vi det) Stabile driftvilkår som følgje av jordvern og gode planverktøy Fellesbeiter Avtaler, inngjerding og arrondering, eventuelt rydding av større områder Arbeide for større interesse for bærdyrking Styrkje fagleg kompetanse og utvikling ved å satse på møteplassar for bønder. (bondekafe, skogdagar) Ta vare på matjord i samband med byggjeprosjekt ANSVAR Kommunen grunneigarar Landbruks- Organisasjonane og grunneigarane i lag med Bondelag og bonde- og småbrukarlag, og regionen Organisasjonane i landbruket og Utbyggjar/firma/entreprenør og kommunen TIDSPERSPEKTIV Kontinuerleg Prosjekt 2012-2014 (jamfør tabell 2) Prosjekt 2011 2012 (er sett i gong) Kontinuerleg 2-3 gonger årleg (eller etter behov/interesse) 2012: Starte arbeidet med å kartlegge korleis handtere dette (informasjon, praktisk handtering) 9

Tabell 4 MÅL (slik vil vi ha det) Ta vare på kulturlandskap, bygningar og kulturminner TILTAK (slik gjer vi det) Nytte eksisterande beiter og rydde attgrodde beiter Legge til rette for ferdsel i kulturlandskapet - stiar, grinder, informasjon Kartlegge, sikre og restaurere verdifulle, eldre bygningar i kulturlandskapet ANSVAR Landbruks organisasjonane i lag med (Tilskot SMILmidlar) Bøndene i lag med (Tilskot SMILmidlar, RMP-midlar) Grunneigarar i lag med landbrukskontor og kulturkontor (SMIL-midlar, evt kulturmidlar) TIDSPERSPEKTIV Kontinuerleg, samt prosjekt 2012 2014 (jamfør tabell 1 og 2) Inngår i prosjekt fellesbeiter 2012-2014 Del av kulturminneplan Tabell 5 MÅL (slik vil vi ha det) Synleggjere at skogen er ein viktig del av eit gardsbruk TILTAK (slik gjer vi det) Satse på aktiv skogkultur og hogst der det ligg til rette for skogsdrift Kartlegge trong for skogsvegar for å få nytta ressursane i skogen Satse på bioenergi ved å synleggjere miljø og økonomisk gevinst Skog og klima ANSVAR Skogeigarlag, bondelag, bonde- og småbrukarlag, Skogeigarane, skogeigarlaget, Landbrukskontoret Skogeigarlag, kommunen Skogeigar, landbrukskontor TIDSPERSPEKTIV Prosjekt? + kontinuerleg informasjon og planlegging Pågåande prosjekt i Hordaland i regi av skogeigarlaget Vest Forprosjekt i regi av Midhorland skogeigarlag Kontinuerleg fornye skog etter hogst 10

Tabell 6 MÅL (slik vil vi ha det) Fokusere på næringsutvikling i landbruket TILTAK (slik gjer vi det) Satse på Inn på Tunet God informasjon om tilrettelegging av tileggsnæringar på garden Rettleiing om tilskot til utvikling av tradisjonell landbruksdrift og tilleggsnæringar Prosjekt lokalmat til lokale restauranter ANSVAR Interesserte bønder, kommunen Landbrukskontoret Landbrukskontoret Landbruksnæringa, evt med støtte frå TIDSPERSPEKTIV Prosjekt 2012-2014 Kontinuerleg Kontinuerleg Prosjekt 2012-2014 11

12