Det viktigaste i eit nytt finasieringssystem er at me får system som gjev:

Like dokumenter
ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

BRUK AV OFFENTLEGE TILSKOT OG FORELDREBETALING

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 10/ A10 Grete Oshaug

Lokale retningsliner for barnehagar i Fjell kommune Gjeld frå Godkjent i kommunestyremøte

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

Kommunal eller privat drift av barnehagar. Økonomiavdelinga 16. februar 2010

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Høring - finansiering av private barnehager

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Høring - finansiering av private barnehager

LOKALE RETNINGSLINER FOR BARNEHAGESEKTOREN I FJELL KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Nytt rundskriv om forskrift om likeverdig behandling Udir Regelsamling 26. september 2013

Finnøy og Rennesøy kommunar

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Nytt finansieringssystem for ikkekommunale

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Kunnskapsdepartementet, Barnehageavdelingen. Fra: Bråten barnehage BA, Seterliveien 5, 1162 OSLO

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Avkastning kapitalfond 2009 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Høring - finansiering av private barnehager

FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

DET KONGELIGE OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENT

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Til deg som bur i fosterheim år

ØKONOMISK LIKEVERDIG BEHANDLING ETTERJUSTERING, DOKUMENTASJON OG FORVALTING

MEØADAR TIL HØYRINGSUTKAST - FRAMLEGG TIL FORSKRIFTER TIL NY BARNEHAGELOV. 1. Framlegg til forskrift om norm for pedagogisk bemanning

FJELL KOMMUNE Dato: Vår ref.: 2013/ /2013

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Vedtekter for Fusa Kraftlag

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Verksemd utover det som er godkjent gjennom forskrift eller søknad, blir sett på som ulovleg verksemd frå skolen si side.

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

HJELMELAND KOMMUNE Møtebok

BUDSJETTNOTAT - Vedlegg 2 MOTTAK AV FLYKTNINGAR I 2018

Vår ref : Sakshandsamar : Arkivkode: Dato: 2005/497-0 Line Håberg Lovdal, `i9t A

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Mette Kristiansen Arkiv: 202 A10 &13 Arkivsaksnr.: 10/1767

10/60-14/N-211//AMS

Rekneskapsrapport per september 2016

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

SAMLET SAKSFRAMSTILLING NYTT FINANSIERINGSSYSTEM FOR IKKE-KOMMUNALE BARNEHAGER I EN RAMMEFINANSIERT SEKTOR

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Skuleåret 2017/2018.

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Vedlagt ligg saksdokument frå Flora kommune, vedr. høyring av forslag til endring av barnehagelova 12a.

2014/

Høring om nytt finansieringssystem for ikke-kommunale barnehager

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ole Folland Arkiv: A11 Arkivsaksnr-dok.nr: 11/433-9

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

mal Barnehagesektoren v/rådmann Steinar Nesse

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Søknad om redusert foreldrebetaling for barnehageplass

Rekneskapsrapport per februar 2016

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Rekneskapsrapport per mars 2017

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Transkript:

Vethe Gardsbarnehage AS Vethe 5700 Voss Tlf: 56 51 41 00 e-post: vethebhg@online.no heimeside: www.vethe.barnehageside.no Vethe 21.06.10 Det Kongelige Kunnskapsdeparetement Høyring: Nytt finansieringssystem for ikkje-kommunale barnehagar i ein rammefinasiert sektor. Vethe Gardsbarnehage AS starta opp hausten 2002. Barnehagen held til i 2. etg i driftsbygningen på eit gardsbruk med hovudvekt på sau. Barnehagen vert driven i nær tilknytning til livet på garden, me legg vekt på å vera mykje i aktivitet ute, laga sunn og tradisjonsrik mat både ute og inne. Barnehagen har utvida frå 8 plassar ved oppstart i 2002, til 18 plassar som me har no i dag. Barnehagen gjev plass til 18 born i alderen 1,5 til 6 år. Barnehagen har i dag 6 tilsette. Barnehagen har desse åra drive både med underskot og overskot. Me hadde ikkje klart oss hadde det ikkje vore for åra med overskot, som har gått direkte til å dekka tidlegare udekka tap/underskot. Det har ikkje vore teke ut utbytte av evt overskot, alt har komme barnehagen til gode. Det har vore til tider vanskeleg å driva barnehagen, då økonomien alltid har vore eit usikkert moment. Det kommunale tilskotet slik det har vore siste åra har vore det usikre momentet, då me ikkje har fått vita kva me får i tilskot før i desember. Då er året gått, og det er lita moglegheit for å gjera endringar. Rekneark-modellen som har vore nytta er vanskeleg og gjev uforutsigbare tilskot. I slike situasjonar er overskot gode å ha til magrare år. Når statstilskotet no skal inn i rammefinansieringa, misser me eit av dei to sikraste og mest forutsigbare økonomiske haldepunkta me hadde i det å driva barnehage. (Det andre haldepunktet er foreldrebetalinga.) Det viktigaste i eit nytt finasieringssystem er at me får system som gjev: 1) Forutsigbarheit: Me må på eit tidlegast mogleg tidspunkt i budsjettåret, helst 01.januar, vita kva midlar me har til disposisjon, slik at me kan driva barnehagen på ein fornuftig og forsvarleg måte, og disponera midlane på ein måte som kjem borna i barnehagen til gode. 2) Enkelheit: Det nye finansieringssystemet må vera enkelt å forstå, gje moglegheit til å kontrollera at tilskotet stemmer, og gje rom for etterprøving. Det må vera liten (helst inga) moglegheit for skjønnsmessige vurderingar. 3) Langsiktigheit: Barnehagane må kunna driva langsiktig, det vil sei at me må kunne driva med eit anna mål for auga enn å overleva økonomisk kvart år.

Det nye finansieringssystemet ivaretek ikkje dei tre punkta om forutsigbarheit, enkelheit og langsiktigheit i tilstrekkeleg grad. Stykkprisfinansiering, slik statstilkotet er lagt opp no i dag, vil i mykje større grad sikra dette. Finansieringssystemet slik det ligg føre no, er for diffust, gjev for svake føringar og for mykje rom for bruk av skjønn. Ordlyden i forskrifta bør innehalda minst mogleg kan og bør. Det er meir styrande og forutsigbart å bruka skal og må. 8. Forslag til forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlege tilskot: Me har vidare fylgjande innspel til høyringsutkastet: 1: Formål og virkeområde og 3: Likeverdig behandling Det bør komma tydelegare fram i sjølve forskrifta kva som ligg i likeverdig behandling. Sidan august 2005 har likeverdig behandling vore definert som at ikkje-kommuale barnehagar skal minimum 85% av det tilsvarande barnehagar eigd av kommunen mottek i offentleg støtte. Det skal frå 2010 vera ein opptrappingsplan på 5 år, der ein gradvis skal nærma seg 100% liveverdig behandling. Men det kjem ikkje tydeleg nok fram i forskrifta at det om 5 år skal vera 100% likeverdig behandling av godkjente barnehagar ved tildeling av tilskot. 2: Definisjoner Punkt d): Det bør komma tydelegare fram kva som ligg i særskilt høge kostnadar: Kommunale barnehager med særskilt høye kostnader til ordinær drift kan holdes utenfor tilskuddsgrunnlaget. Det må vera klart og tydeleg kva som kan definerast som særskilt høge. For det fyrste meiner me at denne delen av punkt det som inneber særskilt høge kostnadar kan strykast. Det er mange private barnehagar som også kan ha særskilt høge kostnadar. Det vert ikkje rett at kommunen kan ta omsyn til dette og ikkje dei private. Det står i punkt d): ordinær drift: alle kostnader ved basistilbudet i barnehagene, inkludert kapitalkostnader og administrasjonskostnader. 3 Likeverdig behandling Definisjon? 4: Kommunens ansvar: Det står minimum 88% av det tilsvarande barnehagar eigd av kommunen mottekk i offentleg tilskot, og inntil full likeverdig behandling er innført, det beste av 88% eller vidareføring av samme andel av gjennomsnittleg tilskot til tilsvarande kommunale barnehagar som året før. Kva med opptrappingsplanen på 5 år? Skal det vera 88% fram til full likeverdig behandling eller skal det aukast gradvis mot 100%. Bør og stå tidspunkt for kor tid 100% likeverdig behandling skal vera innført. 5: Tilskudd til drift og 7 Ekstra tilskudd: I 5 står det mellom anna at kommunen kan halda kommunale barnehagar med særskilt høge kostnadar til drift utanfor tilskotsgrunnlaget. Når det står kan, vil dei aller fleste kommunar

halda barnehagar med høge kostnadar utanfor, då dette vil vera billegare for dei. Me meiner denne delen av 5 bør takast vekk, då den gjev for mykje rom for skjønn slik den står no utan nærare definisjon av kva særskilt høge kostnadar er. I 7 står det at kommunen kan gje ekstra tilskot til barnehagar med høge kapitalkostnadar. Nok ein gong står det kan, og dei fleste kommunar vil truleg ikkje gje tilskot til ikkje-kommunale barnehagar med høge kapitalkostnadar. Det er heller ikkje noko definisjon på kva ein meiner med høge kapitalkostnadar. I 5 står det også om ein sats for born over 3 år og ein for born under 3 år. Dette kan vera med på å sikra forutsigbarheit, enkelheit og langsiktigheit. Men den kan gje variasjonar frå kommune til kommune. Summen over og under 3 år bør det ikkje vera kommunen som fastset. Det står og i 5 at kommunane i forbindelse med årsbudsjettet skal fastsetja tilskotssatsar for drift. Det bør også komma fram kortid desse satsane skal gjerast kjent for ikkje-kommunale barnehagar, og kor tid endeleg vedtak og utbetaling skal skje. Dette er det veldig ulik praksis på i dag frå kommune til kommune. 5 Tilskudd til drift og 6 Tilskudd til kapital: Todelte tilskotssatsar ut i frå drift- og kapitalkostnadar kan fanga opp som forutsigbarheit, enkelheit og langsikigheit dersom det er klare reglar for korleis kommunen skal rekna utgiftene til eigne barnehagar. Reglane må vera tydelege på kva posteringar som skal komma fram på den enkelte barnehage eige rekneskap både når det gjeld basisdrift og kostnadar i samband med hus/bygningar (leige/lån/avdrag), og kva posteringar som skal komma innunder administrative kostnadar og bli fanga opp av 4% regelen. Eit anna punkt under tilskot til drift er dette med kompensasjon for søskenmoderasjon. Det bør komma tydeleg fram korleis ikkje-kommunale barnehagar skal få kompensajon for tapt inntekt grunna søskenmoderasjon. Ein slik kompensasjon skal dokumentarast. 8 Barnehagens grunnlag for utmåling av tilskot. Det står i forslag til ny forskrift av barnehagane skal rapportera inn tal born, alder på borna og opphaldstid 15.desember kvart år, som skal gje grunnlag for utmåling av tilskot året etter. Det er viktig at det er ein felles teljedato. Men det er ofte i januar og august dei viktigaste endringane skjer i ei barnegruppe i høve til nye opptak, slik at å ta utgangspunkt i 15.desember vil ikkje alltid gje eit riktig bilde. Det står vidare at barnehagar med store aktivitetsendringar, til dømes oppretting eller nedlegging av ny avdeling, større gruppe eller ny barnehage, skal kommunen rekna tilkotet på nytt. Kva er ei stor aktivitetsendring? Små barnehagar kan ha store endringar sjølv om det ikkje vert oppretta ny avdeling/ større gruppe. Vår barnehage har frå oppstarten av 2002 auka gradvis frå 8 til 18 plassar, utan at det har ført til endring i utmåling av det kommunale tilskotet vårt. Seinast i 2006 auka me frå 12 16 plassar, ein auke på vel 33%. Det vart frå kommunen si side ikkje sett på som ein stor auke. Me vert framleis rekna kommunalt tilskot ut frå 2003-rekneskapen, som ikkje er representativ for dagens drift. Ein annan 2 avd privat barnehage i kommunen vår oppretta ei ny avdeling, og fekk endra utmålinga av det kommunale tilskotet sitt, då dette vart sett på som ein vesentleg auke, endå den i % var mindre enn vår. Ein stor 3 avd-barnehagen som auker med 1 ei avdeling, utgjer ein auke på 33%, lik auken me hadde. Dette viser berre kor urettferdig det kan slå ut når reglane er diffuse og manglar tydelege definisjonar og retningsliner. Ein bestemt auke/nedgang i %, tal plassar eller born, er eit mykje betre mål for kva som er ein stor auke enn att det berre står store aktivitetsendringar.

9 Endringer i grunnlaget for de kommunale tilskuddsatsene: Det står at dersom kommunen gjev auka midlar til eigne barnehagar i løpet av året, skal også tilskotsgrunnlaget til ikkje-kommunale barnehagar aukast tilsvarande, det må utarbeidast nye satsar og fattast nye vedtak. Dette må vera slik. Men derimot bør det neste punktet i 9 revurderast. Det står at dersom rekneskapen i kommunen viser at det har vore vesentleg større kostnadar enn budsjettert, må dette skje over ein periode på 3 år før det evt fører til auke i tilskotsgrunnlaget til dei ikkje-kommunale barnehagane. Kva ligg i omgrepet vesentleg større? Kvifor må dei gå 3 år med meirforbruk før dette skal få konsekvensar for dei private? Korleis reknar ein desse 3 åra? Snitt på 3 år, eller overforbruk 3 år på rad? Kva om overforbruket gjenntek seg etter 1-2 år med normalforbruk? Korleis dokumentara dette, med tanke på å deretter kunna kontrollera og evt etterprøva dette i høve til satsane tilskota vert ubetalt etter? Dette kan føra til at kommunar bevisst spekulerer i. Konkretisering i forskrifta manglar. Punkt 3 bør stå slik det er. 10, 12 og 14 Ok 11 Tilbakebetaling: Dersom kommune gjer feil i utbetalinga, kan ein ikkje lasta barnehagen dersom det ikkje er sjølvsagt at dei burde ha forstått at det var feil, og motteke pengane i god tru. Dersom barnehagen har gjort feil, skal det sjølvsagt tilbakebetalast. Slik systemet er i dag er det veldig uforutsigbart, og bilaga frå kommunen som fygljer med utbetalinga viser ikkje alltid kva summane gjeld. Eit anna viktig punkt når det gjeld utrekning og tildelinga av tilskot, er at dei som vert sette til å administrera denne jobben er kvalifiserte til dette. Nokon må kontrollera at denne kompetansen faktisk er på plass i kommunen. Forvaltningslova må gjelda. Eit enkelt, forståeleg og oversiktleg system, vil gjera det lettare for alle å kontrollera at det er gjort riktige utbetalingar. 13 Endringar i forskrifta Det står at departementet kan føreta endringar i forskrifta om å auka minimumsforpliktelsen. Er det ikkje allereie bestemt at det skal vera ein opptrappingsplan over 5 år mot full likeverdig behandling? Det bør då stå at departementet vil føreta endringar for å oppnå full likeverdig behandling. 9. Forslag til regulering av uttak av verdier i barnehageloven og 10. Forslag til forskrift om bruk av offentlige tilskudd og foreldrebetaling i ikkjekommunale barnehagar: Me har fylgjande innspel til ny 14 a i Lov om barnehagar og forskrifta om bruka av offentleg tilskot og foredrebetaling.

Det er ikkje urimeleg at det kjem ei form for regulering av utbytte, der evt utbytte må sjåast i samanheng med evt eigenkapital eigarane har investert i eiga bedrift. Det er heller ikkje urimeleg at det kjem krav om dokumentasjon. Det er også viktig å få fram at dette er midlar som skal komma borna i barnehagen til gode. Men det er urimeleg at evt utbytte av overskot i barnehagesektoren skal underleggjast strengare reglar enn andre som mottek offentleg støtte. Dei fleste ikkje-kommunale barnehagar er ikkje føretak som spekulerer i det offentlege sine tildelte midlar. Dei aller fleste private barnehagane er barnehagar som driv på ein slik måte at det kjem borna i barnehagen til gode. Ein må kunna driva med overskot for å kunne byggja seg opp kapital for å innvestera i større kostnadar til beste for barnehagen, eller ha overskot å tæra på under økonomisk vanskelagere tider. Dei færraste barnehage-eigarar vil ta ut utbytte som medfører at barnehagen må leggja ned, eit livsverk som dei truleg har vore med å starta opp. Dei fleste eigarar av ikkje-kommunale barnehagar legg også ofte ned mykje gratis-arbeid i bedrifta, og ein kompensasjon i høve til dette er heller ikkje urimeleg, men då på bakgrunn av avt dokumentasjon. Det er nokon få som driv ikkje-kommunale barnehagar med det mål for auga at dei skal tena pengar på det utover evt den lønna dei får som evt tilsett i barnehagen. Det er desse få spekulantae som gjer det kun for å tena pengar ein må bremsa. Det er heller ikkje rett at kommunen kan krevja tilbake offentlege midlar dersom barnehagen vert seldt og dei som overtek skal fortsetja barnehagedrifta. Då bør tildelte midlar følgja barnehagen med dei retningslinene og vilkåra som gjeld tildelt kommunalt tilskot, og komma borna til gode. Dersom barnehagedrifta opphøyrer i løpet av året kan ikkje kommunen krevja tilbake meir enn det som evt er utbetalt med tanke på drift resten av eit budsjettår. Kapital som barnehagen har opparbeida seg over fleire år, meiner me kommunen ikkje kan krevja tilbakebetalt. Dette kan vera midlar barnehagen har hatt i reserve med tanke på økonomisk vanskelege år. Det kan vera ulike årsaker til at bhg avsluttar drifta. Det kan vera konkurs (då er det truleg ikkje noko att å betala tilbake), sviktande søkjarmasse som skuldast for mange tilgjengelege barnehageplassar, som vidare gjer av barnehagen vel å avslutta vidare drift. Det kan og skuldast til dømes at huseigar seier opp leigeavtalen, og at barnehagen dermed ikkje har nokon plass å vera lenger. Me stiller oss undrande til at kommunen kan krevja tilbake evt foreldrebetaling frå ikkjekommunale barnehagar? Det må i so fall vera foreldre som kan krevja å få tilbakeført dette. Dette er midlar kommunen ikkje kan disponera. Til slutt vil me poengtera at 54% av dei 6700 barnehagane i landet faktisk er private, og at det i desse private barnehagane går 125129 born. Det er då viktig at me etter innføringa av eit nytt finansieringssystem har minst like mange born i dei private barnehagane. Det krev eit system som er forutsigbart, enkelt og som gjev rom for langsiktig planlegging av drifta. Det må då vera eit konkret og tydeleg regelverk som gjev lita eller inga opning for skjønnsmessige vurderingar. Det må og vera eit system som ivaretek både små og store private barnehagar. Vethe Gardsbarnehage AS Anne Louise Flag Norheim Trude Vestrheim Rigmor Ulvund -SU- leiar i bhg- -styreleiar- - dagleg leiar/styrar i bhg -