Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 14.10.2014 2012/6244/FMMRMATO/471 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. overingeniør Magnus Tornes Vår ref. Giske kommune Valderhaug 4 6050 VALDERØYA Inspeksjonsrapport 2014.101.I.FMMR Inspeksjon hjå Giske kommune på Gjøsundneset avfallsplass (deponi i etterdrift). Dato for inspeksjonen: 24.09.2014 Til stades under inspeksjonen Frå verksemda: Sveinung Valderhaug Svein Erik Bakken Torgrim Flem Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Anne Melbø Magnus Tornes Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar resultat frå inspeksjon 24.09.2014 ved Giske kommune som eigar av Gjøsundneset avfallsplass. Rapporten har status som foreløpig. Dersom vi ikkje får nokon tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteke, er rapporten å rekne som endeleg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 1 avvik og 0 merknader under inspeksjonen. Avviket omhandlar: Kommunen har ikkje følgd opp måle-/overvakingsprogram for sjøbotn utanfor deponiet. Dette er nærmare omtala frå side 5 i rapporten. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende dokumentasjon på at avviket er retta innan 05.01.2015. Oppfølging etter tilsynet er nærmare omtalt på side 3. Vi vil til slutt takke for god mottaking og godt samarbeid under tilsynet. Med helsing Anne Melbø fagansvarleg (e.f.) Magnus Tornes Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Postadresse: Fylkeshuset 6404 Molde Telefon: 71 25 84 43 Telefax: 71 25 85 10 E-post: postmottak@fmmr.no Web: www.fylkesmannen.no
side 2 av 5 Informasjon om verksemda Ansvarleg verksemd Namn: Giske kommune Organisasjonsnr (undereining): 964980721 Eigas av: Giske kommune Besøksadresse: Valderøya, 6050 Valderøya Telefon: 70 18 80 00 Bransjenr. (NACE-kode): E-post: post@giske.kommune.no Kontrollert anlegg Namn: Gjøsundneset avfallsdeponi Anleggsnr.: 1532.0008.03 Kommune: Giske Anleggsaktivitet: Etterdrift Kontroll nr.: 2014.101.I.FMMR Løyve avslutta: 01.11.2000 Bakgrunn for inspeksjonen Rapporten er utarbeida etter eit tilsyn den 24.09.2014 ved Gjøsundneset deponi, Giske kommune. Tilsynet er ein del av ein landsdekkande aksjon retta mot deponi. Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomfører ein aksjon retta mot nedlagte deponi i fylket. I utgangspunktet var det deponi nedlagt etter 2002 som skulle kontrollerast. Eit fåtal deponi nedlagt før 2002, slik som Nøsa avfallsdeponi, vart også kontrollert. Informasjon om kontrollen Inspeksjonstema: Avslutning av deponiet Etterdrift Måle- og overvakingsprogram for deponiet Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko seie for ytre miljø, vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og setje i verk nødvendige tiltak. Denne rapporten omhandlar avvik som vart funne under inspeksjonen og gir inga fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt miljøarbeid eller miljøstatus. Definisjonar Avvik: Overtrede av krav fastsatt i medhold av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen (til dømes krav i forureiningslova, forskrift heimla i forureiningslova, IK-forskrifta eller krav og vilkår fastsatt i utsleppsløyve eller dispensasjonar, samt verksemda sine eigne rutinar for å oppfylle styresmaktene sine krav) Merknad: Eit forhold som ikkje blir omfatta av definisjonen på avvik, men som tilsynsetatane meiner det er rett å peike på då det har eller kan ha noko å seie for å ta vare på det ytre miljø.
side 3 av 5 Andre forhold: Saker som framkom under inspeksjonen og som det kan være nyttig å kjenne til for verksemda og saksbehandlarar. Her kan det også inngå kommentarar til tema som ble tatt opp under inspeksjonen, men der det ikkje ble gitt avvik eller merknad. Oppfølging etter inspeksjonen Verksemda pliktar snarast å rette opp dei avvik som vart funne. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende oss dokumentasjon på at avvika er retta innan 05.01.2015. Vi ber dykk om å stile svarbrevet eller e post (fmmrpostmottak@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Møre og Romsdal merka med saksnummer. Pålegg om skriftleg tilbakemelding er gitt i heimel i forureiningslova 49. Dykk kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova 14, og klagefristen er da 3 dagar. Ein eventuell klage grunngis og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Informasjon om tvangsmulkt Om verksemda ikkje innan rimeleg tid kan dokumentere at tiltak i forhold til dei omtala avvika er satt i verk, kan Fylkesmannen vurdere å fatte vedtak om tvangsmulkt. Ei eventuell tvangsmulkt vil bli vedteke med heimel i forureiningslova 73, men vil bli varsla nærare før vedtaket. Gebyr for inspeksjonen Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) 39-7 om gebyr for kontroll i verksemder utan løyve. Gebyret skal dekke kostnadar i samband med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Forskrifta er tilgjengeleg på www.lovdata.no eller han fåast ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Verksemda vart varsla om gebyr på tilsynet og i e-post datert 04.09.2014. Tilsynet ved Gjøsundneset avfallsdeponi er plassert i gebyrsats 3. Dette følgjer at Giske kommune skal betala 11 600,- kr i gebyr. Vedtaket om gebyrsats kan påklagast innan tre veker etter at de har motteke rapporten jf. forureiningsforskrifta 41-5 og forvaltningslova 28. Ein eventuell klage bør stiles til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Klaga blir ikkje gjeve oppsettande verking og det fastsette gebyret må difor betales i samsvar med det som er nemnt over. Dersom Miljødirektoratet aksepterer klaga vil for mykje innbetalt bli refundert. Faktura med innbetalingsblankett vil bli sendt frå Miljødirektoratet. Offentlegheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere open for offentligheita via postjournalen til Fylkesmannen til Møre og Romsdal (jf. offentleglova). I tillegg vil rapporten vere tilgjengeleg på www.norskeutslipp.no
side 4 av 5 Regelverk Dei viktigaste HMS - krava for bransjen finn de på www.regelhjelp.no. Meir informasjon finn de også på Miljødirektoratet si heimeside www.miljødirektoratet.no og www.lovdata.no. Heimlane for avvik i denne kontrollen er i følgjande regelverk: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) av 13. mars 1981 Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften) av 1. juni 2004 Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) av 6. desember 1996 Tilsynet har også tatt utgangspunkt i: Pålegg om måle-/overvakingsprogram frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 07.09.2000. Anna korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
side 5 av 5 Funn Fylkesmannen avdekka følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 Kommunen har ikkje følgd opp måle-/overvakingsprogram for sjøbotn utanfor deponiet. Avvik frå: Pålegg frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal i brev av 07.09.2000 i medhald av forureiningslova 51. Kommentar: Kommunen må ta opp att måle-/overvakingsprogrammet for å kontrollere om det lek ut miljøskadelege stoff frå fyllinga. I vedtaket av 07.09.2000 vart det foreslått prøvetaking med 5 års mellomrom, og at prøvetakinga deretter blir avslutta dersom det ikkje blir dokumentert skadelege mengder/konsentrasjonar. Fylkesmannen fekk resultata frå første miljøovervaking 03.01.2002, og ba i brev datert 09.01.2002 om minimum ein prøverunde til om fem år. Denne andre (og mogleg siste) overvakinga er ikkje gjort, og må utførast for å evt kunne avslutte deponiet. Andre forhold Det vart og føretatt ein inspeksjon av slamhandsaminga på Gjøsundmyrane. Dette vil vi kome tilbake til seinare Informasjon til verksemda Brosjyrar/informasjonsark utdelt: Informasjonsskriv om avfallsmasser