FORELDREMØTE. Spel på lag!

Like dokumenter
FORELDREMØTER. Spill på lag!

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Hefte for foreldrekontaktar

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Elevundersøkinga 2016

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Barnerettane i SKULEN

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE

Forord. Innhald. 3_Kvifor har foreldra på skulen eit FAU? 3_Kva gjer eit FAU? 5_Korleis jobbar eit FAU? 7_Kven er medlemmar av FAU?

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Spørsmåla i Foreldreundersøkinga

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Informasjon til elevane

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.


GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Til deg som bur i fosterheim år

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Heilt einig. Litt einig

HEIM SKULE SAMARBEID RUBBESTADNESET SKULE. Vedtekter og prosedyrar for foreldrerådet og foreldrearbeidsutvalet (FAU)

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Foreldrebrosjyre. til deg som har barn med dysleksi

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

6-åringar på skuleveg

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

ABC for foreldrekontaktar

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Kva, kven og kvifor FRI? Ein informasjonsbrosjyre om FRI

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Refleksjon og skriving

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Alle foreldre anerkjennes som ressurs i samarbeidet med skolen om barns læring og utvikling.

Foreldremøte 19. september 2018

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Vaksenopplæringa i Sula

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

Øystese barneskule April - 08

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Transkript:

FORELDREMØTE Spel på lag! På foreldremøtet blir vanlegvis alle som har barn i same klassen/ gruppa, samla. Ein kan òg lage foreldremøte for heile trinnet eller heile skulen når det er saker som gjeld alle. Sørg for at foreldremøta gir høve til å bli kjent, knyte kontaktar, utveksle informasjon og ta opp aktuelle tema. Eit godt samarbeid mellom heim og skule er lettare å utvikle dersom alle partar kjenner kvarandre. Undersøkingar viser òg at når foreldra kjenner kvarandre godt, opplever dei større grad av medverknad i skulen. Det er lettare å ta kontakt med nokon vi kjenner, og dei vaksne må utgjere eit godt nettverk for elevane. Læringa til elevane og arbeidsmiljøet i klassen/gruppa og på skulen er eit sjølvsagt tema på alle foreldremøte. Det er òg viktig at elevane får vite at heim og skule står i nær kontakt, og at målet for sam-arbeidet er at barna trivst, er trygge og lærer det dei skal. For å unngå konfliktar er det viktig at det tidleg blir etablert eit godt samarbeidsklima mellom heim og skule, slik at vi i felles forståing kan komme fram til løysingar som er til det beste for barna. Det er òg viktig å utvikle retningslinjene for samarbeid og konfliktløysing i fredstid elles legg vi oss fort i skyttargravene når problema dukkar opp.

Tema for barneskulen Dei ulike aldersgruppene har ulike utfordringar og behov, og nedanfor finn du nokre forslag til kva det kan vere lurt å diskutere i fellesskap. Men hugs at det ikkje er noko meir enn nettopp det forslag. Det viktigaste med foreldremøta er at vi skal snakke om det vi vil, det som vi foreldre føler det er viktig å snakke om, det vi har behov for å diskutere akkurat no. Elles kan foreldremøta fort verke uviktige, og oppmøtet minkar i takt med det. Det kan òg føre til at ein begynner med pansermøte det vil seie at det viktige, det som eigentleg burde ha vore teke opp på møtet, i staden blir diskutert ute på parkeringsplassen, med nøkkelen i bildøra 1.-4. trinnet: Korleis kan eg som forelder bidra til at barnet mitt får ein god skulestart? Kva er det viktig at heimen og skulen samarbeider om? Kva er det viktig at foreldra samarbeider om? Korleis får ein eit best mogleg klassemiljø? Kva kjenneteiknar ein seksåring? Førebygging og oppfølging av mobbing Trafikktryggleik på skulevegen Tips om leksearbeidet Korleis skal barnet få lyst til å lese og bli ein god lesar? Hyggjekveld Kan foreldra bidra i undervisninga? Lekser og leksehjelp Meir informasjon finn du her: www.fug.no Voksne for Barn: www.vfb.no Barnevakten: www.barnevakten.no Læringsmiljø: www.udir.no/tema/laringsmiljo Senter for adferdsforskning: http://saf.uis.no 5.-7. trinnet: Større faglege utfordringar korleis kan dei føresette bidra her? Korleis motiverer ein for faga som eleven synest er vanskelege? Kva kjenneteiknar ein tiåring? Digital kvardag: ytringsfridom, personvern og kjeldekritikk Barn og bøker: Del boktips med kvarandre Førebygging og oppfølging av mobbing Konfliktløysing/grensesetjing (lommepengar, fødselsdagar etc.) Klassemiljø Pubertet/identitet og kjøpepress Rusførebygging Korleis førebu ein god overgang til ungdomsskulen? Turar, ekskursjonar og liknande Samtale/likemannsgrupper for foreldre. www.foreldrepraten.no er eit diskusjonsopplegg for foreldre om forbruk, reklame og mediebruk. Det er laga spesielt for foreldremøte på 5. 7. trinnet, og målet er å få i gang diskusjonar mellom foreldra om desse temaa. Her finn de lysark med temainnleiingar og forslag til problemstillingar som høver godt som utgangspunkt for gruppesamtalar. Vel hovudtema og diskusjonstema som passar på foreldremøtet til nettopp dykkar foreldregruppe. FORELDREMØTE Foreldreutvalet for grunnopplæringa www.fug.no post@fug.no FUG 2012, 2. utgåve Layout: Månelyst as Foto: istockphoto fug.no Foreldremøte_2

Tema for ungdomsskulen Dei ulike aldersgruppene har ulike utfordringar og behov, og nedanfor er det nokre forslag til kva det kan vere lurt å diskutere i fellesskap. Men hugs at det ikkje er noko meir enn nettopp det forslag. Det viktigaste med foreldremøta er at vi skal snakke om det vi vil, det som vi foreldre føler det er viktig å snakke om, det vi har behov for å diskutere akkurat no. Elles kan foreldremøta fort verke uviktige, og oppmøtet minkar i takt med det. Det kan òg føre til at ein begynner med pansermøte det vil seie at det viktige, det som eigentleg burde ha vore teke opp på møtet, i staden blir diskutert ute på parkeringsplassen, med nøkkelen i bildøra 8.-10. trinnet: Innhaldet og organiseringa i ungdomsskulen har vi nok informasjon? Er det framleis viktig for dei unge at vi engasjerer oss i skulen? Gi rom for lesing Ungdom. Opplegg til foreldremøte, sjå foreldrenettet.no Kor godt kjenner vi tenåringane våre? Kva er det viktig at vi føresette samarbeider om? Rusmiddel Etisk medvit, miljø og globalisering Eit sunt forhold til eigen kropp Våre eigne haldningar korleis påverkar dei barna? Foreldreundersøkinga/kvalitetsutvikling Nasjonale og lokale prøver Evaluering av læringsmiljøet Førebu ein god overgang til den vidaregåande skulen Får vi nok informasjon om vidaregåande opplæring? Kan vi bidra i yrkesorienteringa? Karakterjag og eigne forventingar til barna Kjærleik og samliv. Kva ønskjer tenåringane å vite av oss foreldre? Korleis kan vi få så mange som mogleg til å møte opp på foreldremøta? Samtale/likemannsgrupper for foreldre Det kan vere ein god idé å invitere foredragshaldarar til nokre av foreldremøta. Det kan vere ein sosiallærar, helsesyster, politi, forfattarar eller ein av foreldra som har spesiell kompetanse på eit område. Lenkjeliste for tema og foredragshaldarar: Foreldreutvalet for grunnskulen: www.fug.no Voksne for Barn: www.vfb.no Barnevakten: www.barnevakten.no Læringsmiljø: www.udir.no/tema/laringsmiljo Natteravnene: www.natteravnene.no Anti-mobbefilm: www.udir.no/mobbing Nettvett: www.dubestemmer.no Senter for adferdsforskning: http://saf.uis.no fug.no Foreldremøte_3

Planlegging og organisering Foreldrekontakten og kontaktlæraren bør planleggje møtet i god tid. Temaet for møtet må vere kjent for alle gjennom ein agenda for møtet i innkallinga. Det kan vere lurt med ein svarslipp på innkallinga det avklarar kven som kjem og forpliktar dei som har meldt seg på. Dersom det er nye barn i klassen, kan det vere lurt at foreldrekontakten tek ein telefon til foreldra, slik at det er sikkert at dei blir inkluderte. Kanskje kan ein samordne barnevakt og avtale felles køyring, slik at fleire kan komme? Ikkje alle kan norsk like godt. På heimesidene til FUG finn de malar for innkalling til foreldremøte på tolv forskjellige språk. Snakk om korleis de kan gjennomføre møtet best mogleg dersom de må bruke tolk. Unngå at foreldre med ein annan språkleg bakgrunn enn norsk blir passive lyttarar. Snakk saman om korleis det kan løysast slik at alle kan snakke og forstå! Stadig fleire inviterer til og minner om foreldremøte per e-post og SMS. Men sjølv om mange er på nett, så hugs at ikkje alle er det. Finn ut korleis de best kan nå alle foreldra. Fleire skular satsar bevisst på digitale læringsverktøy og har som mål at foreldra skal finne så mykje informasjon som mogleg om skulen og det faglege arbeidet på Internett. Då kan dei fysiske møta mellom heimen og skulen brukast til å diskutere innhaldet i skulen og kvardagen til barna. Avklar forventingar til kvarandre! Det er nyttig om ein på det første foreldremøtet snakkar om og avklarar kva forventingar foreldra og læraren har til kvarandre. Set opp punkt over kva foreldra ventar av kontaktlæraren og omvendt. Under denne drøftinga kjem det fram om forventingane er realistiske og kan gjennomførast. Bli einige om eit nivå på tiltak og aktivitetar som er overkommeleg for begge partar. Det er lettare å innfri forventingar ein kjenner til. Då blir ein ikkje så lett skuffa, ein kan unngå konfliktar, og dialogen blir betre. Foreldremøta skal vere prega av dialog og aktivitet, ikkje berre informasjon. Derfor må det setjast av tid til drøftingar, gjerne i smågrupper. Her er nokre viktige punkt de bør tenkje gjennom når de planlegg foreldremøta: Kva kan vi gjere for å få eit godt klasse- og læringsmiljø? Korleis skal vi jobbe saman for å realisere måla som er eit felles ansvar for heimen og skulen? Kan vi opprette ei fadderordning slik at vi veit kven som har ansvar for å ta kontakt med nye foreldre og ingen føler at dei fell utanfor? Til saman er vi foreldre ein enorm ressurs for gruppa! Det kan vere ein god idé å lage ei oversikt over kompetansen til foreldra både yrke og interesseområde. Så langt det er mogleg, kan vi bidra med kunnskap i fag- og temaundervisninga. Evaluer møta. Kva får vi ut av dei? Korleis kan dei bli endå betre? Alle har ansvar for at møta skal bli så gode som mogleg. fug.no Foreldremøte_4

Døme på gjennomføring av eit foreldremøte Finn ein hyggjeleg møtestad. Kanskje de kan leggje møtet til personalrommet? Det er ikkje så behageleg å sitje på stolane til førsteklassingane Foreldrekontakten og kontaktlæraren skriv saman ei innbyding som tek omsyn til interessene til både heimen og skulen. Både kontaktlæraren og foreldrekontakten kan leie den første delen av møtet. Faste punkt på agendaen bør vere informasjon om klassemiljøet, fagleg innhald og læringsstrategiar. Dersom klassen er ny eller nokon av elevane/foreldra er nye, bør kontaktlæraren og foreldrekontakten presentere seg og be dei andre seie kven dei er, og kven dei er føresette for. Når alle har sagt noko høgt, er det lettare å snakke saman seinare. Bruk siste delen av møtet til gruppearbeid. Samspillet eller Dialog kan vere ei hjelp til å få aktivisert alle foreldra i diskusjonar. Smågrupper på fem til åtte personar er fint som diskusjonsgrupper. De kan òg ha spesielle tema for møtet og invitere foredragshaldarar med kompetanse på temaet. Tilpass temaet til årstrinnet. Samspelet: Spelet utfordrar deltakarane til å prioritere tema som foreldra og skulen skal samarbeide om det kommande skuleåret. På denne måten blir foreldremøtet meir enn einvegsinformasjon frå skulen. Det skaper engasjement, og vi foreldre blir betre kjende, både med kvarandre og med lærarane. I Samspillet er 56 kort delte inn i sju kategoriar med ulike påstandar og utsegner. Gjennom diskusjonar i grupper på mellom seks og ti deltakarar, der både foreldre og lærarar deltek, skal deltakarane prioritere to utsegner i kvar kategori. Prioriteringa skal danne utgangspunktet for ein forpliktande avtale om innhaldet i heim-skule-samarbeidet. På denne måten får foreldremøta ei utradisjonell form som bidreg til aktivitet og engasjement. Dialog er eit spel der foreldre og lærarar kan diskutere kva kunnskapar barna våre bør ha kva haldningar og ferdigheiter dei bør ha kva som er felles ansvar for heim og skule kva foreldre og lærarar kan samarbeide om Målet med spelet er at heim og skule gjennom diskusjon og bevisstgjering får ei felles forståing av kva 16-åringane deira skal kunne, og kven som har ansvar for at dei får denne kompetansen. fug.no Foreldremøte_5

Dialog har fire kortbunkar og ei plate som korta skal plasserast på. Spelet legg opp til tre rundar. Kvart kort har eit spørsmål som begynner med Bør ein 16-åring kunne. Det er spørsmål av ulik karakter. Foreldra og lærarane diskuterer utsegna og blir einige om kvar kortet skal plasserast på plata. Ja, nei og tvilsamt er svaralternativa for den første gjennomgangen av korta. Så går ein vidare med korta som blei plasserte i ja-bunken, og finn ut om det er lærarane sitt ansvar, foreldra sitt ansvar eller eit felles ansvar. I tredje og siste runde drøftar ein korta som ligg i bunken for felles ansvar. Korleis kan heim og skule samarbeide for å realisere felles mål? Rettar og plikter Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte... (Forskrift til opplæringslova 20-3). Dei aller fleste skular har foreldremøte minst to gonger i året. Vi tilrår fleire møte spesielt det første året på ny skule. Som foreldre og føresette har vi både rettar og plikter i forhold til skulen og opplæringa. Skulen skal forvente at vi engasjerer oss, og dei har plikt til å leggje til rette for at samarbeidet kjem i gang. For at samarbeidet skal fungere godt, er det veldig viktig at begge partar veit kva desse rettane og pliktene går ut på. Som foreldre skal vi forvente at skulen ser på foreldra som likeverdige partar i samarbeidet og tek meiningane våre på alvor skulen informerer om verksemda si og rettane til foreldra/elevane elevane lærer det dei skal etter lover og forskrifter, inklusive læreplanen opplæringa er tilpassa evnene og føresetnadene til den enkelte eleven dei elevane som har behov for det, får spesialundervisning den offentlege grunnskulen er gratis det er eit godt læringsmiljø fritt for mobbing skulen opplyser om kva som blir oppbevart av dokumentasjon om dei enkelte elevane skulen gir informasjon om klageretten til foreldra Som foreldre har vi òg plikter, og skulen forventar at vi så langt som mogleg engasjerer oss i barna si læring er aktive i samarbeidet mellom heim og skule bidreg aktivt i rådsorgana til skulen arbeider for eit godt læringsmiljø fritt for mobbing er aktivt med i skulevurdering og utvikling av skulen held skulen informert og gir skulen råd kontaktar skulen dersom det er noko vi lurer på eller er ueinige i (ta opp problem med skulen, ikkje med barnet!) fug.no Foreldremøte_6

I barnelova 30 er foreldreansvaret definert slik: Dei som har foreldreansvaret, er skyldige å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad. Samarbeidet mellom heim og skule er òg lovfest i opplæringslova 1 1, som tek for seg formålet med opplæringa. Forskrift til opplæringslova kap. 20 tek føre seg foreldresamarbeid. Kunnskapsløftet, del II, Prinsipp for opplæringa (eige avsnitt om samarbeid med heimen): Foreldre og føresette har hovudansvaret for eigne barn, og dei har stor innverknad på motivasjonen og læringsutbyttet deira. Samarbeidet mellom skule og heim er sentralt både for å skape gode læringsvilkår for kvar einskild elev og for eit godt læringsmiljø i gruppa og på skulen. Foreldra sin rett til medverknad og innflyting i skulen har òg grunnlag i fleire internasjonale konvensjonar, mellom anna FNs menneskerettserklæring av 1948: Foreldre har fortrinnsrett til å bestemme hva slags undervisning deres barn skal få. Fortrinnsretten foreldra har til å bestemme over opplæringa til barna, er med andre ord ein menneskerett som er heimla i internasjonal lov. Dermed står dei tilsette ansvarlege overfor oss i forhold til korleis dei løyser oppdragings- og opplæringsoppgåvene. Det vil likevel ikkje seie at lærarane heile tida pliktar å følgje våre ønske for oppdraging og undervisning. For dei tilsette i skulen pliktar òg å drive oppdraging og opplæring etter det mandatet som samfunnet har gitt skulen gjennom lover og forskrifter. Og her kjem dilemmaet. For det kan sjølvsagt oppstå motsetningsforhold mellom heimen og skulen dersom foreldra sine ønske ikkje stemmer overeins med skulen sitt mandat frå samfunnet. Då er det viktig at vi kjem fram til felles løysingar som er til det beste for barna! Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt utval for og med foreldre som har barn i skulen. FUG er opptatt av: Heim-skule-samarbeid Å ta vare på foreldra sine interesser i skulesamanheng Å gje kunnskap om korleis eit heim-skule-samarbeid fungerer Å gje kunnskap om korleis foreldre kan støtte sine barn Å sette dagsorden og støtte foreldre når det gjeld sentrale tema som inneklima, mobbing, foreldremøter, skulearbeid, med meir. www.fug.no ein nettressurs for foreldre med barn i skulen Foreldremøte FUG 2012