REGULERINGSPLAN FOR TROVÅG NORD VINDAFJORD KOMMUNE FØRESEGNER 1 GENERELT Desse føresegner gjeld for det området som på plankartet er vist med reguleringsgrense. Innanfor planens avgrensing skal arealbruken vere som vist på plankartet og med følgjande reguleringsformål: BYGGEOMRÅDE - frittliggande småhus einebustad - bustadar konsentrert busetnad/fleirmannsbustad eller frittståande småhus/einebustad OFFENTLIGE TRAFIKKOMRÅDE - køyreveg - annan veggrunn FRIOMRÅDE - leike-/grillplass - turveg SPESIALOMRÅDE - privat veg - privat småbåtanlegg kai og fellesbuer - privat småbåtanlegg flytebrygger - friluftsområde - friluftsområde - sjø - bevaring fornminne - frisiktsone - kommunaltekn. anlegg 2 BYGGEOMRÅDE 2.1 Frittliggande småhus, einebustad I området er tillate oppført frittliggande einebustad med tilhøyrande anlegg. Området kan byggast med inntil BYA=35% (inkl. garasje eller carport, bu og biloppstillingsplass). Bustadane kan ha ei maks mønehøgde på 7,5 m, målt frå planert terrengs gjennomsnittsnivå. Maks gesimshøgde kan ikkje overstige 6 m målt frå ferdig planert terreng ved høgaste fasade mot sjøen. For felt A kan ikkje maks byggehøgde overstige kote 43, for felt B kan ikkje maks byggehøgde overstige kote 44.
2.2 Bustadar konsentrert busetnad/fleirmannsbustadar eller frittliggande småhus/einebustad I området er tillate oppført fleirmannsbustadar med tilhøyrande anlegg eller frittliggande einebustad med tilhøyrande anlegg. Området er også tillate bygd ut med ein kombinasjon av desse formåla. 2.2.1Konsentrert busetnad Ved bruk av området til konsentrert busetnad, fleirmannsbustadar skal det utarbeidast detaljert situasjonsplan i 1:200. Denne skal vise: - plassering av bustad - plassering av garasje eller carport - høgde på busetnad - biloppstillingsplass - tilkomst - snuplass på eigen eigedom - renovasjonsplass - høgde på terreng etter opparbeiding - ev. støttemurar med høgde topp/botn - situasjonsplanen skal være målsett Situasjonsplanen er bindande for utbygging. Om særlege grunnar taler for det, så kan Vindafjord kommune godkjenne mindre avvik frå situasjonsplanen. Området kan byggast med inntil BYA=45% (inkl. garasje eller carport, bu og biloppstillingsplass). Bustadane kan ha ee maks mønehøgde på 7,5 m, målt frå planert terrengs gjennomsnittsnivå. Maks gesimshøgde kan ikkje overstige 6 m, målt frå ferdig planert terreng ved høgaste fasade mot sjøen. 2.2.2 Einebustad Ved bruk av området til frittliggande einebustad skal det utarbeidast tomtedelingsplan. Denne skal vise: - eigedomsgrenser - areal på eigedommar - plassering av bustad og garasje - tilkomst - snuplass på egen eigedom Tomtedelinga er bindande for frådeling, mens plassering av bygningar, tilkomst og snuplass på eigen eigedom som er vist på tomtedelingsplanen berre illustrerarr ei mogleg utnytting av eigedommen. Ved bygging av einebustadar i området, vil føresegner gjeldande for område A - D, frittliggande småhus - einebustad her gjeldande. 3 OFFENTLIGE TRAFIKKOMRÅDE 3.1 Kjøreveg Kjøreveg skal opparbeidast som vist på reguleringskart, samt iht. tekniske planer godkjent av kommunen. Det skal etablerast frisikt på 10 x 120 m i avkjørsel fra Rv. 734.
Veger med tilhøyrande frisikt skal vere ferdigstilt og godkjent før det gis bruksløyve til bustader knytte til vegen. Kryss med Rv. 734 skal være godkjent av Statens vegvesen. 3.2 Snuplassar Snuplassar skal vere dimensjonert for renovasjonsbil. 3.3 Annan veggrunn I område for annen veggrunn er tillate etablert parkeringsplassar, samt skråningar og murar for å ivareta høgdeforskjellen mellom parkering og tilkomstveg til område for frittliggande småhus einebustad. 4 FRIOMRÅDE 4.1 Leike- /grillplass Området skal nyttast til leik og grilling. Området skal i minst mogleg grad opparbeidast. Det tillates oppsett bord, benker og leikeapparat i området. Leik-/grillplass skal opparbeidast i høve til situasjonsplan godkjent av kommunen, og skal vere ferdigstilt og godkjent før bustader i området gis bruksløyve. 4.2 Turveg Opparbeiding av turveg (i maks. 1,5 m bredde) skal vere enkel for å ivareta vegetasjon og terrengformasjoner i området så langt det lar seg gjere. Ved terrengtilpassing av turveg er tillate mindre avvik frå regulerte linjer. Turvegar skal ha fysisk sperring for å hindre motoriserte køyretøy å trafikere turvegane. Turveg skal vere open for allmenn bruk. Turveg som fungerer som gangtilkomst til privat småbåtanlegg skal vere ferdigstilt og godkjent før det gis bruksløyve til småbåtanlegget. Turveg som fungerar som gangtilkomst til leike-/grillplass skal vere ferdigstilt og godkjent før bruksløyve gis til bustadar i felt D. 5 SPESIALOMRÅDE 5.1 Privat småbåtanlegg kai/fellesbuer I området tillates etablert kai, sjøbuer i fellesanlegg, samt tilkomst til privat småbåtanlegg - flytebrygger. Buene skal være knytte til bustadane i planområdet. Området kan byggast med inntil BYA=50%. Bygningar kan plasserast inntil formålsgrense. Lågaste golv i fellesbuer er sett til kote 2,1. Maks mønehøgde fellesbuer er sett til 6,5 m frå planert terrengs gjennomsnittsnivå. Det kan etablerast kai i inntil 3,0 m bredde. Topp kai på min. kote 1,5. Utbygginga skal skje heilskapleg og i høve til godkjent situasjonsplan i målestokk 1:200. Planen skal vise: - ev. kai - plassering av buer
- tilkomst til flytebrygge - min/maks høgde på busetnad - høgde på terreng etter opparbeiding - ev støttemurer med høgde topp/botn - situasjonsplanen skal være målsett 5.2 Privat småbåtanlegg flytebrygger I området tillates etablert privat småbåtanlegg - flytebrygge for fritidsbåter. Båtplassane skal være knytte til bustadane i planområdet. Bygging av småbåtanlegg skal skje i høve til godkjent situasjonsplan i målestokk 1:500. Planen skal vise utforming og plassering. Flytebrygga skal utformes som en L med tilkomst frå sør. Båtplassane skal etablerast innanfor (dvs. sør og øst for) flytebrygge. Det kan tillates muddring for å oppnå tilfredsstillende djupnetilhøve. 5.3 Friluftsområde Friluftsområde skal nyttes som rekreasjonsområde i naturtilstand. Det kan tillates etablert pumpestasjon i friluftsområdet. 5.4 Friluftsområde - sjø Friluftsområde - sjø skal nyttes som rekreasjonsområde i naturtilstand. 5.5 Bevaring fornminner Det er ikkje tillate å foreta noen form for fysiske inngrep innanfor området avsett til Spesialområde bevaring fornminne. Eventuelle tiltak må på forhand avklarast med kulturminnemynde, jfr. Lov om kulturminne 3 og 8. Fortrinnsvis bør slike tiltak fremmast i form av reguleringsendring. 5.6 Frisiktsone Innanfor frisiktsone skal ikkje terreng eller andre sikthindringar overstige 0,50 m over tilgrensende vegars planum. 5.7 Kommunaltekniske anlegg I området tillates oppført anlegg for kommunalteknisk verksemd. 6 FELLESFØRESEGNER Byggegrenser Bustad plasserast innanfor byggegrense. Frittståande garasje/carport/uthus < 50 kvm kan plasserast inntil 2 m frå regulert vegside og inntil 1m frå nabogrense, slik at takutstikk og renne blir liggande på egen eigedom. Situasjonsplan Ved byggemelding av frittliggande einebustad skal garasjeplassering vises på situasjonsplan sjølv om den ikkje byggast samtidig. Denne plassering er ikkje bindande. I tillegg skal vises renovasjonsplass, tilkomst, biloppstillingsplass og snuplass på egen eigedom. Parkering I einebustadområde skal det settast av min. 2 biloppstillingssplassar per bueining, der en kan være i garasje/carport. I konsentrerte bustadområde skal det settast av
min. 1,5 biloppstillingsplass per bueining, der en kan være i garasje/carport. Ved etablering av sekundærleiligheit avsettes ein ekstra biloppstillingsplass per sekundærleiligheit. Tiltak i sjø Alle tiltak i sjø skal godkjennast av hamnemynde i tillegg til godkjenning i høve til plan- og bygningslova. VA-anlegg VA-anlegg opparbeidast i høve til tekniske planar godkjent av kommunen. Anlegg skal være ferdigstilt og godkjent før det gis bruksløyve til bygningar anlegget tener. Gjerder/murer Tette gjerder og støttemurar med en høgde på > 0,5 m over regulert veg må byggemeldes og godkjennast før igangsetting av arbeid. Feltutbyggar skal etablere gjerde mellom bustadfeltet og g.nr. 338 b.nr. 1. Ferdig oppsett gjerde overtas av g.nr. 338 b.nr. 1, som deretter har vedlikehald av etablert gjerde, og gjerdeplikt mot bustadfelt. Renovasjonsplassar Plassering, størrelse og utforming av renovasjonsplass skal tilpasses eigedommen estetisk og funksjonelt, og vere i høve til krav frå renovasjonsansvarlig. Konsentrert område skal ha felles renovasjonsplass. Einebustadar skal ha ein renovasjonsplass for kvar eigedom. Estetikk/miljø Bygningar og miljø skal bli planlagt og utført med en god estetisk utforming i samsvar med funksjon, samt med respekt for nabobygningar og naturform. Fargeval skal være skånsamt i forhold til naturen. Det foretrekkes jordfarger på kledning og mørke takflater. Garasjar og buer skal tilpassast bustad i form og farge. Kulturminne Dersom det under anleggsarbeid eller annen verksemd i planområdet kjem fram automatisk freda kulturminne, må arbeidet straks stanses og Rogaland fylkeskommune v/kulturseksjonen varslast, jfr. lov om kulturminne 8, 2. ledd. Arkitektkontoret BREKKE HELGELAND BREKKE AS 17.04.09 rev. 26.05.09 rev. 10.12.09 - rev. 06.01.11 rev. 21.11.11 rev. 28.12.2011