REGULERINGSPLAN FOR GANG-/SYKKELVEG FRÅ ETNE SENTRUM TIL MO/STEINE GHG ETNE KOMMUNE Januar 2013
FØREORD Etne kommune engasjerte Hardanger Consult AS til å utarbeide reguleringsplan for gang- /sykkelveg langs Ev134 frå Etne sentrum til Vae. Dette er ei strekning som ikkje har hatt gang- /sykkelveg tidligare. Reguleringsplanen skulle i byrjinga trygge trafikkløysingar på strekninga heilt fram til Vae. Undervegs i prosessen har ein endra område for planen til å gjelde for Etne sentrum til krysset for Fv36 ved Mo/Steine. Planframlegget gjeld no om lag 1800 meter ny gang- og sykkelveg. Grunnlaget for planen var utarbeidd i samarbeid mellom administrasjonen i Etne kommune og Hardanger Consult AS. Ivar Kalkvik og Steinar Lund stod for det innleiande arbeidet. Endra 29.1.2013 av Etne kommune INNHALD 1. Innleiing... 3 2. Planprosessen... 4 3. Aktuelle tema knytt til planområdet... 4 4. Risiko- og sårbarheitsanalyse... 6 Side 2 av 10
1. Innleiing Målsetjing Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for gang-/sykkelveg på strekninga Etne sentrum til kryss ved Fv 36, ved Mo/Steine. Planen opnar for om lag 1800 meter ny g/s-veg langs Ev134. Føremålet med tiltaka er å betre trafikktryggleiken på strekninga, betre skuleveg, gje nye moglegheiter for turar til fots og til sykkel i bygda på ein trygg og god måte. Gang-/sykkelvegen vil gje nye moglegheiter for friluftsbruk, som nye rundturar i bygda. I samband med planarbeidet vil ein òg lage nokre avkøyrslesaneringar og utbetre nokre kryss og avkøyrsler til Ev134. Planstatus: Planområdet ligg i gjeldande kommuneplan for Etne kommune hovudsakleg som LNF-område. Eksisterande bygningsmasse: I planområdet er det i dag ingen bygningar for varig opphald, men det er skissert skur for ly til busshaldeplassane i området for reguleringa. Ein driftsbygning og eit bustadhus nær Etne sentrum låg tidlegare inne i planen, dette er no teke ut. Det er jamvel teke med føresegner for bygningar, dette er fordi det er regulert inn omkring liggjande areal som er tidlegare regulert til bustadføremål, dette er for å syne kva areal gang og sykkelvegen grensar til. Det er òg ein eller fleire transformatorkioskar på anna vegareal i planområdet. Dei kan framleis ligge på anna vegareal, og det er og høve til å sette opp fleire liknande bygg som er naudsynte for å gjennomføre den tekniske infrastrukturen i området. Planlagde tiltak Reguleringsplanen legg opp til å etablere gang-/sykkelveg langs Ev134 frå Etne sentrum til krysset ved Fv36 som ligg ved Mo/Steine. Gang-/sykkelvegen er plassert slik at han har tre meter avstand til framtidig trase for Ev134, og minst tre meter til eksisterande E134. Det er ikkje naturleg å ta med utbetring av Ev134 i denne planen, då det er Statens vegvesen som vil ta seg av eit slikt prosjekt. Framlegg til plan for gang-/sykkelveg inneheld i tillegg til vegareal for gang- og sykkelveg, bilveg, anna vegareal og busslommer. E134, avkøyrslar og kryss frå sidevegar ligg inne i planen for å sikre oversikt, flyt og for at ein kan planleggja framover med tanke på ein stabil vegsituasjon. Det er og lagt opp til at nokre avkøyrslar og kryss til Ev134 kan utbetrast. Ved ein eventuell utbetring av Ev134 på denne strekninga er det naturleg å leggja til rette for ein utbetring av alle avkøyrslar og kryss med sidevegar. I samband med utbygging av tomta til Coop og Felleskjøpet vil det verte aktuelt å revurdere tilkomsten. Ved ferdig utbygd tomt reknar ein med auke i trafikk som kryssar traseen for gang og sykkelvegen slik den ligg i dag. Korleis ein skal regulere avkøyring til og frå tomta til Coop og Felleskjøpet lyt vurderast i samband med eigen plan og vil mest truleg endre nokre stader langs vegen ved at den truleg legg opp til avkøyringar/kryss for å koma seg til eller frå området. Side 3 av 10
2. Planprosessen Tilhøve til KU-regelverk Det er ikkje tiltak i planområdet som kjem inn under forskrift om konsekvensutgreiing. Ein har difor vald å utgreie saka i følgjande kapittel innanføre planprosessen. Planprosess Oppstarten av arbeidet er varsla i samsvar med reglane i plan- og bygningslova (1985) sin 27-1 nr.1 andre ledd. Då planen skal leggjast ut på ny i 2013 vil plan og bygningslova av 2008 vere nytta i vidare arbeid med planframlegget. Offentlege styresmakter, grunneigarar i området og kommunen vart varsla direkte med brev. I tillegg er oppstart kunngjort i Grannar og Haugesunds Avis. Oppstartbreva var datert 13.01.2009. Frist til å koma med innspel var sett til 25.02.2009. Reguleringsplanen vart lagt ut til offentleg ettersyn 30.06.2009. 3. Aktuelle tema knytt til planområdet Landskap Planområdet ligg i landskapsregion for midtre fjordbygder på Vestlandet. Karakteristisk for området er fjordarmar med dalføre som strekk seg innover mot relativt høge fjellkjeder. Planområdet strekk seg frå Etne sentrum ved fjordmunningen, langs Etneelva til Mo/Steine ved avkøyring til fv36. Store deler av områda rundt Etneelva er brukt til landbruk, med mindre skogholt innimellom. E134 strekk seg gjennom området, og er eit stort inngrep i dag. Ein gang-/sykkelveg vil stele ytterlegare areal frå kringliggjande område. Sjølv om dette vil vere eit stort inngrep vil det likevel ikkje vere dominerande, sidan det vil ligge tett ved eksisterande veg. Nokre plasser er det naudsynt å lage skjeringar og fyllingar i terrenget for å få plass til gang-/sykkelveg. Inngrepet må sjåast i lys av samfunnsnytten ein gang-/sykkelveg vil gje langs ein svært trafikkert veg. Dei planlagde tekniske inngrepa i området må utformast slik at dei ikkje bryt for mykje med landskapsformene. Det kan vere positivt med brytningar i landskapet om dei har monumental eller kunstnariske verdiar, men generelt bør dei formast ut frå landskapet sine naturlege liner og former. Landbruk Landbruket er svært viktig i planområdet. Slakke landskapsformer og næringsrik jordsmonn gir grunnlag for intensivt jordbruk. Området har noko av dei beste landbruksareala i Hordaland, grasproduksjon er dominerande. Noko landbruksareal vil forsvinne som fylgje av tiltaka i planen, men i forhold til totalt landbruksareal i området er dette eit lite inngrep. På anna vegareal langs gang-/sykkelevegen er det mogeleg å driva landbruk som før når anleggsperioden er over. Tilkomsten til landbruksareala vert ikkje forringa gjennom planen, men vil i nokre høve verte erstatta av meir trafikksikre løysingar. Kulturminne Side 4 av 10
Kultur- og idrettsavdelinga hjå Hordaland Fylkeskommune peikar på er det stort potensiale for funn i deler av planområdet. Det er registrert automatisk freda kulturminne i samband med registreringar knytt til kommunedelplan i april 2009. Av kulturminnene ein fann ligg Askeladden 128821 og 130869 innan området. Kulturminna er busetjingsspor, dyrkingsflate og liknande. Spora er automatisk freda og treng frigjeving. Store delar av området er ikkje undersøkt. Naturmangfald Planområdet ligg for det meste på landbruksareal. Etneelva er del av eit verna vassdrag og er viktig for spurvefuglar og andefuglar, i tillegg til at ho fører anadrom laksefisk. Trassenen går langs Etne elva og kryssar Auenbekk og Sørelva. Forslag til trase for gang-/sykkelveg er svært skånsam i høve til elva. Det er lagt inn omsynssoner kring vassdraget. Det er ikkje i dei viktigaste områda for fugl, i vassdraget, der gang- og sykkelvegen kryssar. Samstundes er det lagt inn grøntareal mellom anna vegareal og bekk/elvefar, dette for å sikre at lausmassar ikkje skal føre til ureining i det verna vassdraget. Friluftsinteresser Områda langs Etneelva er viktig for friluftslivet. Tiltaka i dette planforslaget vil ikkje vere til hinder for utøving av friluftsliv i området. Ein gang-/sykkelveg er eit positivt element i denne samanheng. Det vil betre forholda for gåande og syklande, og gjere det meir aktuelt for folk å gå eller sykle til og frå jobb eller skule i Etne. Støy Det er utarbeida støyrapport for området. Det er ikkje tiltak i planen som fører til auke i støy, men det er likevel av interesse å kartlegge hus med for høge støyverdiar langs E134, sjå elles rosanalyse. Born og unge: I planområdet er det ikkje sett av særskilde areal med omsyn til born og unge. Gang-/sykkelveg er i seg sjølv eit svært positivt element med tanke på sikrare ferdsel for born og unge i trafikken. Universell utforming Ev134 vert handsama i planen som S1 og S4 etter fartsgrense på staden. Gang-/sykkelveg er foreslått plassert med tre meters avstand til ein eventuell framtidig trase for Ev134, og i alle tilfelle minst i tre meters avstand til eksisterande Ev134. Trafikksystem Etablering av gang-/sykkelveg inneber utbetring av nokre kryss og avkøyrslar frå Ev134. Eksisterande busslommer samt nokre nye er tatt med i planområdet. Samtidig er det lagt til rette for ei framtidig utbetring av Ev134. Side 5 av 10
4. Risiko- og sårbarheitsanalyse Risiko- og sårbarheitsanalyse for gang og sykkelvegen frå Etne sentrum til Mo/Steine ved Fv36: 1. Fylgjande kategoriar er vurdert: Skred/steinspang, flaum, sterk vind, brann, radon, ekstremnedbør, ureining i vatn og luft, støy og samlokalisering. Dambrot, havnivåstiging, viltpåkøyrsel, jordkjelv, el-forsyning, vatn og avlaup, utslepp, IKT, infrastruktur veg, eksplosjonsfare knytt til industri er ikkje vurdert. Punkta er ikkje vurdert fordi dei vert rekna for å vera lite viktige for ein gang- og sykkelveg eller at dei ikkje er relevant for staden ein skal byggje gang- og sykkelvegen på. Kva kan konsekvensane av ei eller fleire eventuelle hendingar verte? Storleik på Menneske Ytre miljø Grad omfang (liv helse) (luft, vatn, jord) Svært omfattande Katastrofe K5 øydeleggingar på Meir enn 5 større areal med omkomne varige konsekvensar for ytre miljø Kritisk Alvorleg Liten konsekvens Ufarleg K4 K3 K2 K1 2-4 omkomne Alvorlege personskadar 1 omkommen og alvorlege personskadar Inntil 2 alvorlege personskadar Mindre skadar som normalt lækjer seg sjølv Svært omfattande øydeleggingar på mindre areal med varige konsekvensar for ytre miljø Alvorleg skade på areal, kan utbetrast med tiltak Noko skade på ytre miljø som kan utbetrast på kort sikt Lita eller ingen innverknad på ytre miljø, små skadar som kan utbetrast innan relativt kort tid Samla verdi på materielle skadar i nok. Varig skadar på infrastruktur/ Skadar for meir enn 150 000 000 Infrastrukturen er nede over lang tid, med fare for liv/ Skadar for mellom 10 000 000 til 150 000 000 Infrastrukturen er nede over kort tid, med fare for liv/ Skadar for mellom 1 000 000 til 10 000 000 Infrastrukturen er ute av drift over tid, utan fare for liv og helse/ Skadar for 100 000 til 5 000 000 Det er korte brot i infrastrukturen, utan fare for noko liv eller helse /Skadar for inntil 100 000 Side 6 av 10
2. Kva er sannsynet for at ei hending vil skje? Sannsynsklasse S1 Svært sannsynleg S2 Mykje sannsynleg S3 Middels Sannsynleg S4 Noko Sannsynleg S5 Lite sannsynleg S6 Usannsynleg Kor ofte kan ein vente hendingar: Meir enn 1 hending per 20 år. Mindre enn 1 hending per 20år, men minst ei hending per 100 år. Mindre enn 1 hending per 100 år, men minst 1 hending per 200 år. Mindre enn 1 hending per 200 år, men minst 1 hending per 1000 år. Mindre enn 1 hending per 1000 år, men minst 1 hending per 5000 år. Mindre enn 1 hending per 5000 år 3. Fargekodar til matrisa: Ikkje Uakseptabel risiko. Må undersøkast gjennom meir detaljerte analyser (for eventuelt å akseptabelt avkrefte risiko eller avklare moglege risikoreduserande tiltak). Moglegvis Tiltak kan gjennomførast for å redusera risikoen. Kost-nyttevurdering av akseptabelt risikoreduserande tiltak. Akseptabelt Akseptabel risiko i utgangspunktet. Risikoreduserande tiltak gjennomførast når det er mogleg ut frå økonomiske og praktiske vurderingar. 4. Vurdering av konsekvens. Støy Ekstremnedbør Sterk vind Støy vil vere eit problem langs gang- og sykkelvegen. Det vil ikkje vere truleg at nokon kjem til å verte eksponert for støy over lengre tid, det er snakk om ein 1800 meter lang gang- og sykkelveg, tida ein finn seg i området vil truleg vere avgrensa. Det er å merka seg at støytilhøva ikkje er ideelle, men eventuelle støydempingstiltak vil kunne føre til dårlegare sikt både for gåande og køyrande. Det vil òg kunne gjere kryss og avkøyringar til og frå Europavegen farlegare. I fall det vert ekstremnedbør i Etne vil det kunne føre til flaum i elv, sjå eige punkt. Det er elles ikkje gjort eigne vurderingar for fare knytt til ekstremnedbør på gang- og sykkelvegen. Reisande skal ikkje opphalda seg varig på gang- og sykkelvegen. Området for gang- og sykkelvegen kan vere noko utsett for vind. Det er eit relativt flatt område som går langs elvefar og vind frå rett retning Side 7 av 10
Radon Flaum Ureining Brann Skred/steinsprang Samlokalisering Fall vil kunne merkast. Det er ikkje gjort vidare vindmålingar. Det er ikkje vurdert til å utgjere ein vedvaranede trussel for gåande eller syklande eller til å gjere stor ska på materielle verdiar i området (her vegbana). Me er ikkje kjent med høge radonverdiar i området. Sidan det ikkje er planlagd nye bygg for varig opphald i området, vil ikkje problemstillinga verte nærmare undersøkt. NVE sine flaumsone kart vil sykkel og gangfeltet liggje innan sone for flaum etter 100 års perspektiv, 200 års flaum og 500 års flaum. Ein stad langs traseen vil gang-/sykkelvegen gå langs Auenbekken. Her må traseen leggast lenger opp vekk frå Ev134, og det må lagast ei ny bru over bekken (figur 2). Flaum er ikkje vurdert til å utgjere ein rimeleg fare for liv og helse. I periodar med mykje nedbør kan bekkar auke kraftig, og der det er naudsynt må det dimensjonerast for kulvertar og stikkrenner under gang-/sykkelvegen. Flaum kan få økonomiske konsekvensar ved øydelegging av vegbane. Utarbeiding av tiltak i denne reguleringsplanen vil ikkje føre med seg fare for ureining. Tvert i mot vil mindre bruk av bil blant anna føre til redusert utslepp av klimagassar. I anleggsperioden vil det vere ein risiko for ureiningar, men ein entreprenør med miljøvennleg drift og gode rutinar vil kunne unngå dette. I og med at det er vegstrukturar som er tiltaka i denne planen er ikkje brann eit aktuelt tema. Byggeområdet i planen ligg nær elva, slik at det vil vere god kapasitet på sløkkjevatn om anna vassforsyning skulle feile ved eventuell slokking. Gang-/sykkelvegen går gjennom eit relativt lite kupert terreng. Nokre plassar er det naudsynt med skjering gjennom høgdedrag. Me vurderer det likevel ikkje til å vere fare for ras eller skred i området. Norges geologiske undersøkelse vurderer heile planområdet til ikkje å vera potensielt fareområde med tanke på skred. Dette er før tiltak har funne stad. Utbygging av gang- og sykkelvegen vil føre til at ein enkelte stader får skjeringar i terrenget. Der det vert skjeringar lyt eventuelle lausmassar sikrast. Gang- og sykkelvegen vil kunne auke talet på gåande og syklande, med dette auke talet på mjuke trafikantar i nærleiken av bilvegen. Det kan vere uheldig at ein får fleire personar som går og syklar i nærleiken av europavegen og ein med det får fleire kryssingar av europavegen. Det er difor viktig at ein gjer områder der det er naturleg å krysse bilvegen oversiktlege. Er det kryssingspunkt som vil vere naturleg å velja for dei mjuketrafikantane, men som ikkje er oversiktlege for bilførarar, er det viktig at ein freistar leggje inn føringar som sluser dei gåande og syklande til stader der kryssing vil vere sikrare. Ein lyt arbeide for å få tiltak som sikrar oversikt og ei føreseieleg framferd frå gåande og syklande. Ved kryssing av bruer er det viktig at ein sikrar vegbana med rekkverk som hindrar syklande eller gåande i å detta i elv eller bekk. Side 8 av 10
Figur 1. Utsnitt av plankart ved Auenbekken. Side 9 av 10
Konklusjon frå ROS-analysa Fleire punkt er vurdert i høve til risiko og sikkerheit ved gang- og sykkelvegen. Det er særleg støy, flaum, samlokalisering og fall som er vurdert til å kunne utgjere potensielle farar. Det er truleg at ein vil få flaum i området. Det er viktig at ein dimensjonerer vegbane og brurer i planområdet slik at dei toler dei eventuelle krefter dei vert utsett for. Bruer og skjeringar i området lyt sikrast med rekkverk eller liknande der det er fare for fall. Samlokalisering med bilar er vanskeleg å koma vekk ifrå når ein samlokaliserer med E134, det same gjeld for støy. Gåande er ei sårbar gruppe når dei vert kjem i konflikt med køyrande. Ny og skild vegbane for gåande og syklande vil i større grad gjere til at mjuketrafikantar vert sikra i trafikken enn det vil føre til auka fare for ulukker, dette føreset sjølvsagt at ein får eit oversiktleg vegbilete og ein freistar å styra gåande og syklande i den grad at dei kryssar der dette er trygt. Ulike sider ved risiko og sårbarheit ved planområdet er vurdert. Dei er ikkje vurdert til å utgjere ein stor nok risiko til at ein ikkje tilrår utbygginga. S1 Svært sannsynleg Støy S2 Mykje sannsynleg Ekstremnedbør Flaum S3 Middels Sannsynleg S4 Noko Sannsynleg Sterk vind Radon Samlokalisering Skred steinsprang S5 Lite sannsyn Ureining Brann Fall S6 Usannsynleg Sannsyn K2 K1 Liten Ufarleg Konsekvens Konsekvens Vurdering av farar og risiko sett inn i ei matrise K3 Alvorleg K4 Kritisk K5 Katastrofe Side 10 av 10