Strategisk Utviklingsanalyse



Like dokumenter
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Vestlandet ein stor matprodusent

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

HORDALANDD. Utarbeidd av

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

SOGN driftig raus ekte

Utviklingstrekk Fræna kommune

Avdeling for regional planlegging

Næringsanalyse Kinn kommune. Februar 2019

STRATEGIPLAN

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Problemstillingar vi vil oppdraget skal belyse

2014/

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Lærdal kommune. Strategisk næringsplan for. Lærdal kommune. Versjon 01 - Mars 2010

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Strategisk Næringsplan

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Vestland Statistikk og utviklingstrekk

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Befolkningsutvikling. Figur 1

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Vestland Statistikk og utviklingstrekk

Lønnsundersøkinga for 2014

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Vestland Statistikk og utviklingstrekk

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

PENDLING OG BULYST I HARDANGER

Tilbodet av arbeidskraft etter utdanning

Planstrategi for Balestrand kommune

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Hornindal kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Om Fylkesprognoser.no

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Sentrale utviklingstrekk i Luster kommune. Næringsarbeidet i Luster kommune

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Notat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet

Kommunen sin rolle i bygde- og næringsutvikling

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Næringsanalyse Sunnfjord kommune. Mars 2019

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Næringsarbeidet i Luster

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Finnmarks fremtidige arbeidsmarked. Av Sveinung Eikeland og Ivar Lie, Norut NIBR Finnmark as

INTERNASJONAL STRATEGI

Nye Volda 2019 Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kommunedelplan for oppvekst

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Tilgangskontroll i arbeidslivet

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Ny strategiplan for Høgskulen

Nye Volda 2017 Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Hallingtinget Knut Arne Gurigard

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SOGN driftig raus ekte

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Nye Volda Volda og Hornindal. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga april 2018

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Læringsarena 14. juni 2013

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Knut Arne Gurigard Dagleg leiar. Vedlegg: Drøftingsnotat; Tilflytting til Hallingdal, rekruttering av arbeidskraft.

Oversyn over økonomiplanperioden

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Ole Aasaaren Regionsjef

SOGN driftig raus ekte

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

Transkript:

Vik kommune Strategisk Utviklingsanalyse Vedlegg til Strategisk Næringsplan, kortsiktig del (handlingsplan) 2013-2016

Innhald 5 VEDLEGG TIL STRATEGISK NÆRINGSPLAN: STRATEGISK UTVIKLINGSANALYSE... 2 5.1 FØREMÅL OG GJENNOMFØRING... 2 5.2 VIK KOMMUNE I EIT REGIONALT PERSPEKTIV... 5 5.3 KOMPARATIVE FORTRINN FOR NÆRINGSUTVIKLING... 21 5.4 NÆRINGSMILJØ MED UTVIKLINGSMOGLEGHEITER... 28 5.5 KOMMUNEN SI ROLLE SOM OFFENSIV TILRETTELEGGAR... 38 5.6 STRATEGISKE VAL OG SATSINGSOMRÅDE... 41 1

5 Vedlegg til Strategisk næringsplan: Strategisk Utviklingsanalyse PwC fikk i april 2013 oppdraget frå Vik kommune med å utarbeide ein strategisk utviklingsanalyse etter mal frå Innovasjon Norge. Oppdraget vart gjennomført i nært samarbeid med kommunen og næringslivet i perioden mai-august 2013. Frå PwC deltok partnar Jan Flølo og senior manager Hilde Langtangen. Sluttrapporten frå prosjektet ligg føre i sin heilskap i kapitla nedanfor. Hovudkonklusjonane i analysedelen er teke inn som kort bakgrunnsinformasjon i strategisk næringsplan. I tillegg er forslaga til målsettingar, utviklingsprogram og strategiar vidareført i næringsplanen. 5.1 Føremål og gjennomføring 5.1.1 Føremål Den strategiske utviklingsanalysen skal gje ein brei oversikt over arbeidsplassbehov, næringsmessige konkurransefortrinn og utviklingspotensiale i Vik kommune. Basert på denne analysen vert det avslutningsvis utforma visjon, målsettingar og satsingsområde for næringsutviklingsarbeidet i kommunen. Ved utforminga av den strategiske utviklingsanalysen har det vore tett dialog mellom kommunen og næringslivet i form av bedriftsintervju og høyringsprosess. Vi håpar at arbeidet med denne rapporten såleis har ført til at kommunen og næringslivet kan samarbeide tett om gjennomføringa av næringsutviklingsarbeidet framover. Den strategiske utviklingsanalysen avgrensar seg til å utarbeide overordna strategiar for det framtidige næringsutviklingsarbeidet, med bakgrunn i dei analysar som er gjennomført. Den er knytt opp mot kommunen sitt planverk og er meint å skulle komplettere og fylle ut arbeidet som er gjort der. Den strategiske utviklingsanalysen fungerer som utgangspunktet for Vik kommune sin strategiske næringsplan. I tillegg til dei analyser, mål og strategiar som ligg føre i strategisk utviklingsanalyse, inneheld næringsplanen også konkrete handlingsprogram og tiltak knytt til satsingsområda. 5.1.2 Kjelder og forankring I samband med utarbeiding av denne strategiske utviklingsanalysen har ein brukt ei rekkje skriftlege kjelder, mellom anna desse: Vik kommune sin kommuneplan, samfunnsdelen kortsiktig og langsiktig del Vik kommune sitt førebelse utkast til strategisk næringsplan Vik kommune sine nettsider Statistisk Sentralbyrå Telemarskforsking: Nærings-NM og Attraktivitetsbarometeret Det har og vore gjennomført intervju med 17 private verksemder. Tema var deira framtidsplanar og behov, i tillegg til synspunkt på kommunen sine utviklingsmoglegheiter med tanke på næringsutvikling. 2

Utvalet av verksemdene vart gjort av styringsgruppa for prosjektet, og skulle legge vekt på å få med representasjon frå alle viktige næringar i kommunen. Desse verksemdene vart intervjua: Arkitektfirma Jon Vikøren AS Barn-Nett AS Bondelaget og Brekke Samdrift (fellesintervju) Bystøl AS Coop Mega Vik Fosse Maskin og Transport AS Fresvik Produkt AS Highsoft Solutions AS Linn-Bad AS Statkraft Sognabær AS Sognekraft AS TINE Meieriet Vik Vik Elektro Vik Sparebank Vik Ørsta AS Økonor Sogn I tillegg vart Jorunn Åsfrid Røyrvik intervjua i kraft av si sentrale rolle i organisasjonslivet i kommunen, og tilknyting til arbeid med hotell og reiseliv. Offentlege verksemder vart og intervjua. Feios-prosjektet Vik Fengsel Vik Kommune (fellesintervju med leiarane for pleie og omsorg, oppvekst, plan og forvaltning, kommunalteknikk, og lønn og personal) Med unnatak av Barn-Nett AS som vart intervjua per telefon, vart alle intervjua gjennomført i løpet av tre dagar på kommunehuset i Vik. Innspel frå intervjua er innarbeidd i rapporten. 3

5.1.3 Organisering Figuren nedanfor viser korleis arbeidet med den strategiske utviklingsanalysen har vore organisert. Styringsgruppa har hatt tre møter gjennom prosjektet, medan prosjektgruppa har hatt kontinuerleg kontakt gjennom videomøte, telefon og e-post. Prosjekteigar Vik kommunestyre (v/ordførar Marta Finden Halset) Prosjektansvarleg Rådmann Vik kommune Oddbjørn Ese Prosjektleiar Næringssjef Vik kommune Odd Rune Turvoll Styringsgruppe Marta Finden Halset, Oddbjørn Ese, Olav Turvoll, Marit Andersen, Arve Hønsi, Mina Målsnes, Bjørn Moheim, Roger Ulvestad Prosjektgruppe Odd Rune Turvoll, Oddbjørn Ese Frå PwC: Prosjektleiar Jan Flølo og medarbeidar Hilde Langtangen 4

5.2 Vik kommune i eit regionalt perspektiv Vik kommune er ein del av Sogn-regionen saman med kommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Lærdal, Årdal og Sogndal. I tillegg er Voss ein viktig nabokommune for Vik. I dei neste kapitla vert Vik samanlikna med andre kommunar i regionen når det gjeld ulike utviklingstrekk som mellom anna demografi og næringsstruktur. Statistikkane i dette kapitlet er henta frå Statistisk Sentralbyrå. 5.2.1 Folketalsutvikling og -struktur Som det går fram av figurane nedanfor, har Vik kommune hatt ei jamt negativ folketalsutvikling dei siste 20 åra. I 1993 var folketalet 3.094, medan det i 2013 var 2.731. Dette er ein nedgang på 363 innbyggarar, eller nesten 12 prosent. Ser ein på dei siste tretten åra har nedgangen vore nærare 8 prosent, eller 234 færre innbyggarar i 2013 enn i år 2000. Dette representerer ein gjennomsnittleg reduksjon på 18 innbyggarar per år. Figuren nedanfor viser denne utviklinga. 3200 3100 3000 2900 2800 2700 2600 2500 3094 Folketalsutvikling Vik kommune 1993-2013 2731 Samanlikna med andre kommunar i regionen ligg Vik blant dei med den største prosentvise nedgangen i folketal i perioden, med 12 prosent. Likevel ser ein at det berre er Sogndal kommune som har ein god vekst i folketalet i perioden, med 23 prosent. Folketalsutvikling i prosent - 1993 vs. 2013 Sogndal Voss Leikanger Lærdal Aurland Vik Høyanger Balestrand -9% -12% -13% -29% -3% 1% 0% 23% -30% -20% -10% 0% 10% 20% 30% 5

Tabellen nedanfor viser at kommunen har hatt eit negativt fødselsoverskot nesten kvart år dei siste ti åra. Til saman har fødselsunderskotet vore på 90 personar. Når det gjeld inn- og utflytting så har utflyttinga vore større enn innflyttinga. Til saman har ein difor ei negativ nettoinnflytting på 81 personar. Innflytting bidreg difor ikkje til å veie opp for utflytting og fødselsunderskot, som gjer at kommunen har ein negativ folketilvekst. Tilflytting frå utlandet (innvandring) har bidrege noko i positiv forstand dei siste åra, men ikkje nok til å snu den negative trenden. I snitt har Vik hatt ei innalandsk årlig utflytting på 30 personar dei siste ti åra. Samstundes har gjennomsnittlig netto innvandring vore på nesten 22 personar i året. Innvandringa frå utlandet har ikkje vore stor nok til å demme opp for utflyttinga, og når ein i tillegg reknar med det negative fødselsoverskotet på rundt 9 personar i snitt per år, får ein til saman ei negativ folketilvekst på kring 17 personar per år. 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Totalt 2901 2899 2881 2847 2835 2809 2780 2768 2758 2748-16 -12-12 5 0-18 -8 2-13 -18-90 Innvandring 26 23 46 32 19 24 16 28 15 34 263 Utvandring 0 3 6 11 1 3 5 4 8 4 45 Innflytting (innalandsk) Utflytting (innalandsk) Folkemengde Fødselsoverskot Nettoinnflytting Folketilvekst 48 41 49 44 52 59 56 40 55 63 507 60 65 113 83 95 91 71 76 60 92 806 14-5 -24-18 -25-11 -4-12 2 1-81 -2-18 -34-12 -26-29 -12-10 -10-17 -171 Ser ein nærare på alderssamansettinga i befolkninga i Vik, vert det og tydeleg at ein har utfordringar. Frå 2004 til 2013 vaks talet på personer i aldersgruppa 60-69 år med 28 prosent, medan talet på personar i gruppa 10-19 år sank med 21 prosent. Likeeins var det ein nedgang i aldersgruppene 20-29 år, 30-39 år og 40-49 år. 6

90-99 80-89 70-79 60-69 50-59 40-49 30-39 20-29 10-19 0-9 Menn totalt Kvinner totalt Totalt Prosentvis endring i folketal per aldersgruppe og totalt, 2004 vs. 2013-17% -21% -14% -5% -6% -7% -5% -6% -6% -1% -1% 2% -30% -20% -10% 0% 10% 20% 30% 40% 28% Aldersgruppene 20-29 år og 30-39 år er gjerne omtala som dei "mest attraktive" å ha som innbyggarar. Personar i desse aldersgruppene tilfører gjerne mykje til samfunnet gjennom at dei er to vaksne i arbeid og at dei bidreg til folketalsutvikling gjennom å få ungar. For Vik sin del så har utviklinga i desse aldersgruppene vore relativt stabil, både for kvinner og menn. For kvinner har ein faktisk hatt ei auke på 13 prosent i aldersgruppa 20-29 år når ein samanliknar 2004 med 2013. For menn er det samstundes ein nedgang i denne gruppa på 11 prosent. Regionalt sett, har ein i både Balestrand og Høyanger hatt den motsette utviklinga, med vekst blant talet på menn og nedgang i talet på kvinner mellom 20 og 29 år. I aldersgruppa 30-39 år er det ingen kommunar i regionen som har hatt ei auke frå 2004 til 2013, med unntak av Sogndal som har nokre fleire menn. I dette perspektiv ligg Vik som den beste kommunen, med tanke på at ein har hatt den minste prosentvise nedgangen av innbyggarar i denne aldersgruppa, samanlikna med dei andre. Medan Vik har hatt ein nedgang på fem prosent blant menn og 7 prosent blant kvinner, ligg mange av dei andre kommunane på negative prosenttal på 20-, 30- og 40-talet. Desse utviklingstrekka er framstilt i grafane nedanfor. Folketalsutvikling i aldersgruppa 20-29 år 180 160 140 120 100 80 60 40 20 0 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Menn Kvinner 7

Folketalsutvikling i aldersgruppa 30-39 år 180 160 140 120 100 80 60 40 20 0 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Menn Kvinner Endring i folketal, 20-29 år, 2004 vs. 2013 Endring i folketal, 30-39 år, 2004 vs. 2013 Voss 3% 12% -8% -12% Voss Høyanger -17% 4% -49% -34% Høyanger Vik -12% 13% -7% -5% Vik Balestrand -11% 26% Kvinner -47% -33% Balestrand Leikanger 2% 27% Menn -9% -16% Leikanger Sogndal 18% 36% -5% 6% Sogndal Aurland 20% 25% -43% -36% Aurland Lærdal -5% 8% -21% -23% Lærdal Ei anna utfordring i samband med alderssamansettinga, er talet på personar som vil gå av med pensjon i løpet av dei neste åra, og som i stor grad ikkje vil vere tilgjengelige for arbeidslivet lenger. Figuren nedanfor viser kor mange personar i Vik kommune som når pensjonsalder på 67 år dei kommande ti åra. Totalt sett er det snakk om 421 personar. Dette biletet viser ikkje kor mange av desse som er aktive arbeidstakarar per i dag, men utfordringa vert likevel svært tydeleg. Undersøkingar i kommunal regi har vist at om lag 75 prosent av innbyggarane i "pensjonsnær" alder er yrkesaktive. Det vil igjen seie at ein sannsynleg vil få i overkant av 30 pensjonistar kvart år, som i dag gjer ein viktig jobb i næringsliv eller offentleg sektor, og som må erstattast med yngre krefter. 8

50 40 30 20 10 0 Antall personar som når pensjonsalder 67 år i perioden 2013-2023 46 46 43 38 38 38 37 33 33 29 40 5.2.2 Utdanningsnivå Som ein kan sjå av grafane nedanfor, har Vik kommune si befolkning over 16 år ein litt lågare prosentdel av høgt utdanna enn landet totalt. I Vik kommune var det i 2011 fire prosent av innbyggarane som hadde lang universitets- eller høgskuleutdanning, medan landet totalt hadde sju prosent. For kort universitets- eller høgskuleutdanning ligg Vik på 16 prosent, medan landet totalt har 22 prosent. Andelen av befolkninga som har berre grunnskule som høgaste utdanningsnivå er omtrent lik for Vik kommune (28 prosent) og landet for øvrig (29 prosent). Utdanningsnivå i Vik kommune, andel av befolkninga frå 16 år (2011) 16 % 4 % 28 % Grunnskulenivå Vidaregåande skule Universitets- og høgskule kort Universitets- og høgskule lang 52 % Utdanningsnivå i heile landet, andel av befolkninga frå 16 år (2011) 7 % 22 % 29 % Grunnskulenivå Vidaregåande skule Universitets- og høgskule kort Universitets- og høgskule lang 42 % 9

Samanliknar ein Vik med nabokommunane når det gjeld del av befolkninga med lang høgare utdanning, ser ein at Vik ligg omtrent på same nivå som Voss (4,6 prosent) og Aurland (3,7 prosent), medan Høyanger ligg noko lågare (2,6 prosent). Balestrand (5,3 prosent) og Lærdal (4,9 prosent) ligg noko høgare, medan det berre er Leikanger (12,1 prosent) og Sogndal (7,7 prosent) som ligg over landsgjennomsnittet på 7 prosent. Når ein ser på kortare høg utdanning, ligg Vik og Høyanger lågast i prosentdel mellom nabokommunane i regionen. 60 50 40 30 20 10 0 Utdanningsnivå Vik og nabokommunar, prosent (2011) Grunnskulenivå Vidaregåande skule Universitets- og høgskule kort Universitets- og høgskule lang Om ein ser på utviklinga over tid (2002-2011) når det gjeld tal personar med høgare utdanning, så har Vik hatt ein vekst på 60 personar for kort høgare utdanning og 36 personar for lang høgare utdanning. Dette svarar til ein vekst på høvesvis 21 og 69 prosent i perioden. Samanlikna med landet totalt er dette ein vekst som ligg 11 prosentpoeng lågare for kort høgare utdanning, medan det for lang høgare utdanning ligg 10 prosentpoeng over landssnittet. 400 300 200 100 0 Utviklinga i tal personar med høgare utdanning i Vik kommune (2002-2011) 344 284 Kort høgare utdanning Lang høgare utdannning 88 52 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 10

5.2.3 Næringsstruktur Største næringar og sysselsetting Dei fire største næringane i Vik kommune, målt etter sysselsetting, er: Helse- og sosialtenester Industri Primærnæring (jordbruk, skogbruk, fiske) Bygge- og anleggsverksemd. Vik har såleis ei anna samansetting av næringslivet enn snittet i landet, der finansierings- og forsikringsverksemd er størst, følgt av offentleg administrasjon (inkl. forsvar og sosialforsikring), primærnæring, overnattings- og serveringsverksemd og varehandel. Helse- og sosialtenester er og den største næringssektoren i Vik sine nabokommunar, med unnatak av Leikanger som er størst på offentleg administrasjon (fylkeskommunen er lokalisert her). Elles er det stort sett dei same næringane som er viktigast, sjølv om også varehandel og undervisning ligg høgare på lista hos nokre av nabokommunane. Vik, prosentdel sysselsatte per næring, etter bosted (2011) Uoppgitt Bergverksdrift/utvinning Informasjon/kommunikasjon Finans/forsikring Overnatting/servering Personleg tenesteyting Elektrisitet/vann/renovasjon 1% 20% Tekn. tenesteyting/eigedom Transport/lagring Forretn.messig tenesteyting Off. adm. Undervisning Primærnæring Industri Varehandel Bygg og anlegg Helse/sosial 6% 8% 8% 9% 10% 14% 20% 0% 5% 10% 15% 20% 25% Vik Norge totalt Om ein deler inn næringane i dei fire overordna kategoriane offentleg sektor, primærnæring, sekundærnæring og tertiærnæring, ser ein at offentleg sektor er størst i Vik (som i fleirtalet av norske distriktskommunar), med 35 prosent av sysselsettinga. Figuren nedanfor viser vidare at sekundærnæringane, altså industrien, er nest største, med 418 sysselsette (30 prosent). Tertiærnæringane (handel og tenesteytande) har 347 tilsette (25 prosent). 11

I ein slik samanheng vert primærnæring den minste sektoren, med berre 149 tilsette og 11 prosent av sysselsettinga. Dette er likevel ein relativt høg prosentdel samanlikna med mange andre mindre kommunar. Tal sysselsette per hovudnæring, Vik kommune, 2011 347 483 418 149 Offentleg sektor Primærnæring Sekundærnæring Tertiærnæring Sysselsettinga i Vik har totalt sett gått ned med 66 personar i perioden 2008-2011, frå 1.463 til 1.397 personar (sjå graf nedanfor). Denne nedgangen motsvarer fem prosent. I den same perioden var nedgangen i folketalet på 51 personar. Samanlikna med nabokommunar, er Vik blant dei med størst nedgang i sysselsetting. Det totale talet på bortfall av personar er 109. Samstundes har enkelte næringar hatt ein auke, som totalt utgjer 43 personar. 1480 1460 1440 1420 1400 1380 1360 Utvikling i sysselsetting totalt, Vik kommune, 2008-2011 1463 1449 1423 1397 2008 2009 2010 2011 Industrinæringa er den næringa med høgast nedgang i sysselsetting, med 43 stykk (sjå graf nedanfor). Dette motsvarer ein nedgang på 18 prosent i næringa. Varehandel og helse/sosial har også hatt ein markant nedgang, med 21 færre sysselsette personar i 2011 enn i 2008. Dei næringane som har hatt nedgang er i samsvar med trendane for utviklinga i resten av landet. På den positive sida, er det bygg- og anleggsbransjen og offentleg administrasjon som har hatt ein auke, med 11 fleire personar. Dette motsvarer 8 prosent for bygg- og anlegg, og 11 prosent for offentleg administrasjon. 12

Den største prosentmessige veksten har næringar innan personleg tenesteyting stått for, med heile 33 prosent. I tal personar er dette likevel ikkje meir enn sju stykk. Industri Transport/lagring Varehandel Informasjon/kommunikasjon Finans/forsikring Overnatting/servering Helse/sosial Tekn.tenesteyting/eigedom Landbruk Uoppgitt Undervisning Forretn.messig tenesteyting Bygg og anlegg Bergverksdrift/utvinning Off.adm. Elektrisitet/vann/renovasjon Personleg tenesteyting Prosentvis endring i tal tilsette per næring, 2008 vs. 2011-18% -16% -15% -11% -10% -9% -7% -5% -3% 0% 1% 5% 8% 9% 11% 23% 33% -30% -20% -10% 0% 10% 20% 30% 40% 13

Nærings-NM Nærings-NM er ei årleg kommune-undersøking hos NHO, som måler og samanliknar næringsutviklinga i fylker, regionar og kommunar. Nærings-NM er basert på verksemdenes vekst og lønsemd, nyetableringar og storleiken på næringslivet. Rangeringa gir uttrykk for kva for stader næringslivet gjer det best, målt på næringslivet sine eigne premissar. Det er Telemarksforsking som utarbeider Nærings-NM for NHO. Vik kommune kom på 9. plass av dei 26 kommunane i Sogn & Fjordane i Nærings- NM totalt for 2012. Heile landet sett under eitt, kom Vik på ein 136. plass. Nærings-NM inneheld, i tillegg til den totalt vurderinga, ei kåring av dei beste kommunane innafor dei fire kategoriane nyetablering, lønsemd, storleik og vekst. Vik kommune si plassering visast i bileta nedanfor. Når ein ser på resultata av kåringa, må ein ha i bakhovudet at enkelthendingar hos ei eller få verksemder kan gi store utslag for ein så liten kommune som Vik. Om ein ser på historikken i Nærings-NM vil ein difor sjå at resultata kan svinge ein god del frå år til år, avhengig av slike hendingar. 14

I kategorien nyetablering kom Vik kommune i 2012 på 6. plass blant kommunane i fylket. Av kommunane i regionen var det berre Høyanger, Sogndal og Leikanger som kom framfor Vik på lista, og i landssamanhang kom Vik på ein 106. plass. Dette er den beste plasseringa for Vik over tid, med unnatak for 2002 då kommunen kom på 84. plass på landsbasis. Sidan 2008 har kommunen kome høgare og høgare på rangeringa i denne kategorien, som baserer seg på etableringsfrekvens og vekst i tal verksemder i kommunen. I kategorien lønsemd kom Vik på 10. plass i fylket og på 181. plass i landet. Berre Sogndal av kommunane i regionen kom føre Vik. I denne kategorien har Vik gjort eit stort sprang frå 2010, då kommunen låg blant dei dårlegaste kommunane i landet. God lønsemd er ein føresetnad for verksemdene si eksistens og vekst, og for sunn næringsutvikling. For å overleve må ei verksemd ha overskot på lang sikt. Mange overskotsverksemder gir færre nedleggingar og større vekstkraft. Kategorien lønsemd målast ved tal for lønsemd og eigenkapital i verksemdene. 15

Storleiken på det private næringslivet i ein kommune er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle eit attraktivt lokalsamfunn. Privat verdiskaping skaffar nødvendige ressursar til forbruk og velferd for både kommunen og innbyggarane. Vik kommunen kom på ein 12. plass i fylket og ein 157. plass i landet i kategorien storleik, som byggjer på prosentdelen private arbeidsplassar i kommunen. Samanlikna med nabokommunane i regionen, ligg Vik betre plassert enn alle med unnatak av Sogndal og Aurland. Plasseringa representerer ein svak nedgang frå føregåande år, men utviklinga i kommunen si rangering på denne kategorien er likevel relativ stabil. Vik har eit allsidig og høgst oppegåande næringsliv som har eit godt omdømme regionalt og i sine marknadsområder. Dette til tross for særs krevjande utfordingar innan samferdsle. Det er ein kultur for næringsutvikling og ein stor del lukkast. Det er ein kultur for at det er lov å prøva seg, og lov til både å lukkast og til å mislukkast. På den måten trur ein at fleire torer å prøva. Den siste kategorien i Nærings-NM er vekst. Resultata her bygger på tal for vekst i omsetnad og i verdiskaping hos verksemdene, og Vik kom i 2012 på ein 18. plass i fylket og ein 269. plass nasjonalt. Vekstdimensjonen er difor den kategorien som Vik har dårlegast resultat på i Nærings-NM. Tradisjonelt har Vik lege høgt på denne dimensjonen i 2010 faktisk på ein 17. plass i landet. Samanlikna med kommunane i Sogn-regionen som ein har samanlikna Vik med på anna statistikk, er det likevel berre Sogndal og Aurland som får høgare rangering i 2012. Summert opp, viser rangeringane i Nærings-NM at Vik kommune er ein relativt sett sterk næringskommune. 5.2.4 Arbeidsløyse 5 4 3 2 1 0 Utvikling i arbeidsløyse, prosent, april 2004 - mars 2013 2004M04 2004M07 2004M10 2005M01 2005M04 2005M07 2005M10 2006M01 2006M04 2006M07 2006M10 2007M01 2007M04 2007M07 2007M10 2008M01 2008M04 2008M07 2008M10 2009M01 2009M04 2009M07 2009M10 2010M01 2010M04 2010M07 2010M10 2011M01 2011M04 2011M07 2011M10 2012M01 2012M04 2012M07 2012M10 2013M01 Hele landet Sogn og Fjordane Vik kommune Arbeidsløysa i Vik er og har over lang tid vore svært lav. Kommunen ligg under både fylket og landet som heilheit i perioden som visast ovanfor (april 2004-mars 2013). Det er heller ingen markant skilnad mellom kvinner og menn, som grafen nedanfor viser. 30 20 10 0 Utvikling i tal arbeidsløyse, kvinner og menn, Vik kommune, april 2004 - mars 2013 2004M04 2004M08 2004M12 2005M04 2005M08 2005M12 2006M04 2006M08 2006M12 2007M04 2007M08 2007M12 2008M04 2008M08 2008M12 2009M04 2009M08 2009M12 2010M04 2010M08 2010M12 2011M04 2011M08 2011M12 2012M04 2012M08 2012M12 Menn Kvinner 16

Samanlikna med nabokommunane, ligg Vik og blant dei med lågast arbeidsløyse over tid (sjå graf nedanfor). 6 5 4 3 2 1 0 Utvikling i arbeidsløyse, prosent, januar 2011 - mars 2013 2011M01 2011M02 2011M03 2011M04 2011M05 2011M06 2011M07 2011M08 2011M09 2011M10 2011M11 2011M12 2012M01 2012M02 2012M03 2012M04 2012M05 2012M06 2012M07 2012M08 2012M09 2012M10 2012M11 2012M12 2013M01 2013M02 2013M03 Voss Høyanger Vik Balestrand Leikanger Sogndal Aurland 5.2.5 Pendlingsstraumar Med pendling meinast personar som anten ved reise eller via heimekontor utfører arbeid for ein arbeidsgivar i ein annan kommune. Pendlinga inn og ut av Vik kommune er relativt stabil. Netto utpendling er i storleiken 130-140, som utgjer skilnaden mellom den røde og den blå streken i grafen under. Her visast utviklinga i pendling i Vik kommune i perioden 2000-2011 i form av tal sysselsette personer i Vik totalt og tal sysselsette i Vik som har Vik som arbeidsstad. Grafen viser at per utgangen av 2011 var det 1.397 personar som budde i Vik som var i arbeid, medan berre 1.260 av desse hadde Vik som arbeidsstad. 1500 Tal sysselsette personar i Vik etter bustad og arbeidsstad, utvikling 2000-2011 1400 1300 1200 1100 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 1397 1260 Sysselsatte i Vik som bur i Vik Sysselsatte i Vik med Vik som arbeidsstad Kvar utpendlarane arbeider hen, og kvar innpendlarane kjem i frå, visast i grafen nedanfor. Dei viktigaste arbeidsmarknadane for utpendlarane er Sogndal, Leikanger, Bergen, Oslo og Nordsjøen. Dei som pendlar inn til Vik kjem til største del frå Leikanger, Balestrand, Sogndal og Bergen. 17

40 35 30 25 20 15 10 5 0 Pendlingsstraum til og frå Vik kommune, 2011 Innpendling Utpendling Om ein samanliknar Vik med nabokommunar, ser ein at pendlinga relativt sett ikkje er spesielt høg sett opp mot total sysselsetting i kommunen. Grafen nedanfor viser kva for del dei personane som pendlar inn eller ut av kommunane utgjer av kommunane si totale sysselsetting. I eit slikt bilde ser ein at Vik har den lågaste delen innpendling med sju prosent. Til samanlikning er talet 63 prosent for Leikanger og 30 prosent for Sogndal, som i kraft av sine senterfunksjonar ikkje uventa ligg øvst på lista med tanke på del innpendling. Når det gjeld utpendling har Vik, saman med Voss, den lågaste delen sett i forhold til sysselsettinga med 17 prosent. Leikanger har høgast del utpendling med 31 prosent, medan Lærdal har 30 prosent og Høyanger 29 prosent. Del personar som pendlar inn eller ut av kommunen, sett opp mot total sysselsetting i kommunen (Prosent, 2011) 63% 17% 10% 29% 13% 17% 7% 28% 14% 31% 27% 30% 30% 20% 17% 20% Voss Høyanger Vik Balestrand Leikanger Sogndal Aurland Lærdal Utpendling Innpendling 5.2.6 Senterstruktur og kommunikasjonar Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, ein av dei lengste fjordane i verda. Kommunen omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og strendene, i tillegg til Vik sentrum. For å kome til Vik kan ein køyre over Vikafjellet frå Voss, eller ein kan kome via ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik over Sognefjorden. Det går og eit hurtigbåtsamband mellom Vik og Bergen, som utvidast med ei turistrute om sommaren. 18

Bildet nedanfor viser Vik kommune si geografiske posisjon i eit kart som viser dei viktigaste vegsambanda i regionen (Kjelde: vegvesen.no). Sogndal Ferjer For å kome frå Vik til nordsida av Sognefjorden må ein ta ferje frå Vangsnes og over til Hella. Herfrå kan ein køyre austover mot Leikanger og Sogndal. Ein kan også ta ferje vidare vestover til Dragsvik for å kome til Balestrand og vidare til Høyanger, eller over Gaularfjellet til Sande, Jølster og Førde. For å gjere det meir attraktivt å pendle inn til og ut av kommunen samt redusere logistikk-kostnadane for næringane er det eit mål for Vik å få auka ferjefrekvensane og utvide tidene ferjene går. Med faste og jamne avgangstider vil det være enklare og meir interessant å pendle mot Leikanger og Sogndal. Reisetida vil bli meir føreseieleg og mindre styrt av ferjetidene. Faste og jamne avgangstider som ikkje endrar seg gjennom året vil bidra til å auke attraktiviteten til Vik som bu- og arbeidsområde. Rasfare og stengde vegar Ei stor utfordring for Vik er at kommunen om vinteren til tider vert heilt isolert frå omverda. Dette skjer når veret er slik at vegen over Vikafjellet må stengje, og det heller ikkje er mogleg å ferdast via fjorden. Dette er ei kontinuerlig utfordring for innbyggarar og næringsliv i kommunen, som har kjempa for å få løyvd midlar til utbygging av tunnel gjennom Vikafjellet i over femti år. Med regjeringa si offentleggjering av Nasjonal Transportplan i april 2013, kom det første teiknet på at denne draumen kan verte verkelegheit. Vikafjellstunnelen ligg her inne med midlar for oppstart i andre halvdel av NTP-perioden, det vil seie frå 2018. Eit heilårsopent samband gjennom Vikafjellet vil gjere til at ein ytterligare utvidar den felles arbeids- og bumarknaden til også å omfatte områda sør for Vik. Sambandet vil forbetre rammevilkåra for næringslivet ved å gi eit føreseieleg samband som sikrar leveransar til avtalte tider, og bortfall av meirkostnader knytt til transport. Eit påliteleg heilårssamband er og naudsynt for at næringane skal kunne drive meir omfattande og effektivt marknads- og salsarbeid. Dagens manglande heilårssamband hemmar i sterk grad slikt arbeid. 19

Mange vegstrekningar i Vik er rasfarlege. Dette gjeld mellom anna riksveg 13 frå Vik til Vangsnes, fylkesveg 182 frå Feios til Fresvik, og fylkesveg 92 frå Vik til Arnafjord. Å vere pendlar med utgangspunkt i desse bygdene er ei utfordring. I den nye Nasjonal Transportplan er det løyvd midlar til strekninga Vik-Vangsnes med oppstart i første del av planperioden. Dette vil vere eit godt utgangspunkt for næringsutvikling i Vik. Majoriteten av arbeidsplassane ligg i Vik sentrum og Vik treng innpendling for å bemanne stillingane i næringslivet. Ved å fjerne rasfaren på strekninga frå Vik til Vangsnes samt få ein tenleg ferjefrekvens vil ein gjere det meir attraktivt å pendle til Vik frå nordsida av fjorden, samt å nytte vegen gjennom Vik på veg til eksempelvis Bergen og flyplassen der. Internett Majoriteten av næringane i Vik sentrum har tilgang til og brukar høg kapasitetsbreiband (fiberkabel). Likevel har ein del næringar ikkje tilgang til fiberkabel, og berre tilgang til internett via ADSL eller radiolink. Som ein dela av å gjere Vik til ein meir attraktiv bu- og arbeidsmarknad vil det være naudsynt å ha tilgang til høg kapasitets internett. Det vil være viktig at dette blir gjort for alle soknene i kommunen då tilgang til internett er eit viktig element i vurderinga for kvar ein vil drive næring og / eller bu. 5.2.7 Oppsummering av utviklingstrekk Mange distriktskommunar har store utfordringar med både folketalsnedgang, skeiv alderssamansetting med fleirtal av eldre innbyggarar, og nedgang i sysselsetting. For Vik kommune er det ikkje annleis. Folketalsutviklinga har vore jamt negativ dei siste tjue åra. Vik er og blant dei kommunane med den største prosentvise nedgangen over tid. Når det gjeld den viktige aldersgruppa 20-39 år, er likevel Vik ein av dei kommunane som har ei relativt stabil utvikling, trass i at ein ofte ser ein nedgang i denne aldersgruppa i distriktskommunane. Folk i denne alderen får born og er arbeidsføre, og vert ei viktig gruppe å fokusere på å halde på eit stabilt nivå. Utdanningsnivået i Vik er, som i andre distriktskommunar, noko lågare enn i landet totalt sett. Utviklinga har likevel gått i retning av høgare del innbyggarar med høgare utdanning, som og er ei landsdekkande trend. Det som er spesielt med Vik, er likevel at ein har nokre svært gode og tydelege næringsmiljø med høgt utdanna personell innan tenesteytande næringar. Vik kommune har ein svært variert næringsstruktur til å vere ein såpass liten kommune i tal innbyggarar. Ein har ei relativt god fordeling mellom dei ulike næringane, men likevel med ei hovudvekt på industri og landbruk. Dette er næringar som er under høgt press, både i Vik og på landsbasis. Arbeidsløysa i Vik er svært låg samanlikna med andre kommunar og snittet i både Sogn og Fjordane fylket og landet totalt sett. Dette er likevel ikkje ein fordel for Vik, då det bidreg til ein lite fleksible lokal arbeidsmarknad. Pendlinga inn og ut av Vik er merkbar, men ikkje stor samanlikna med nabokommunar verken når det gjeld inn- eller utpendling. Det er ei overvekt av utpendling, fortrinnsvis til Sogndal, Leikanger og Bergen. Vik si geografiske plassering gir ei rekkje utfordringar både for næringslivet og for innbyggarane generelt med tanke på at ein mange dagar i året er isolert frå omverda om både fjellet stengjer og ferjene ikkje går. Dette kan samstundes sjåast som ein av dei viktigaste grunnane til at ein har klart å skape eit så variert næringsliv i kommunen. Likevel, arbeid med utbetring av samferdsle og 20

kommunikasjonar over fjell og fjord, er svært viktig for kommunen og for kva potensial ein kan klare å ta ut i framtidig verdiskaping. 5.3 Komparative fortrinn for næringsutvikling I dette kapittelet vil ein sjå nærare på kva for fortrinn Vik kommune har for næringsutvikling i høve til andre kommunar. Når ein skal vurdere slike komparative fortrinn tek ein utgangspunkt i viktige ressursar for næringsutvikling, såkalla produksjonsfaktortilgang. Ein deler produksjonsfaktorane inn i følgjande kategoriar: Råstoff / naturressursar Arbeidskraft Næringskompetanse / teknologi Lokal kapitaltilgang Nærleik til marknad I analysen av produksjonsfaktortilgangen vil ein legge hovudvekt på å vurdere tilgangen i høve til nabokommunar og nær-regionar slik at ein kan vurdere om kommunen har konkurransefortrinn i høve til desse. I tillegg vert produksjonsfaktorane vurdert i perspektiv frå dei viktigaste næringssektorane i kommunen, som er definert slik: Industri Denne gruppa har sterkt fotfeste i Vik og utgjer mange arbeidsplassar. Gruppa inneheld ei god blanding av vel etablerte bedrifter og relativt yngre bedrifter. Industrien har dels eit innovativt tilsnitt. Energi Vik er ein kraftkommune og har ein del arbeidsplassar knytt opp mot både kraftproduksjon og forsyning. Småkraftutbygging er og eit viktig element. Handel Vik har framleis ei innhaldsrik handelsnæring med dei fleste tilbod som ein treng i eit lokalsamfunn. Tenesteytande næring Denne gruppa inneheld tradisjonelle bedrifter innan tenesteyting, inkludert selskap innan bygg/anlegg/entreprenør, arkitektur, IT og teknologiutvikling, rekneskap, og ulike typar rådgjeving. Landbruk Denne gruppa er mest basert på jordbruk, i tillegg til skogbruk. Landbruket er ei grunnleggjande næring i Vik. Reiseliv / opplevingar / arrangement Dette er ei næring som er i vekst både på landsbasis og på Vestlandet spesielt. Vik har naturgjevne fortrinn som gjev store moglegheiter, sjølv om det ikkje er ei utbreidd næring i kommunen per i dag i form av tal arbeidsplassar. 21

Offentleg verksemd Vik kommune er den største arbeidsplassen i kommunen. I tillegg har ein den statlege verksemda Vik Fengsel, som er ein relativt stor arbeidsplass. 5.3.1 Råstoff / Naturressursar Tilgangen på råstoff / naturressursar vurderast på generell basis til å vere god, i kraft av rik tilgang på energi i form av vasskraft, klima, fjordområde, og naturskjønne om givnader. For nokre næringar kan ein difor seie at tilgongen på råstoff eller naturressursar utgjer klare fortrinn: Energinæringa Tilgongen på vasskraft eit fortrinn for, og ein grunnleggjande føresetnad for, verksemdene i energinæringa i kommunen. I tillegg får kommunen inntekter til eit kraftfond som skal nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder. Landbruket Tilgang på reint vatn er og av stor betyding for jordbruket. I tillegg er klimaet særs godt eigna til jordbruk generelt og frukt- og bærproduksjon spesielt. Bringebær bør nemnast særskilt. Godt jordsmonn, dyktige dyrkarar og rik tilgang på sol i sommarhalvåret er viktige elementa her. Ein har og stort tilfang av skogressursar i Feios. Slike mengder skog samla på ein stad er det få som har, og om ein nyttar dei rett kan det vere potensial for næringsutvikling knytt til både skogsvegbygging og tilverking av skogen. Vidare har ein fortrinn med tilgang på fjordområde som kan nyttast til havbruksnæring. Reiseliv / opplevingar Vik har naturskjønne omgivnader og tilgong på kulturelle og historiske attraksjonar som til dømes middelalderkyrkjene Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje, Vik sentrum som er eit verna og intakt strandsitjarmiljø, museet Kristianhus med sine båt- og motorsamlingar, Borgstova frå 1864, og ikkje minst den 26 meter ruvande statuen Fridtjov den Frøkne på Vangsnes som vart reist av keiser Wilhelm II i 1913. Spesielle naturopplevingar kan ein få til dømes i landskapsvernområdet Stølsheimen, verdsarvområdet Nærøyfjorden, Arnafjorden, Finnafjorden, Fresvikbreen og på Vikafjellsvegen. Desse faktorane gjev potensial for næringsutvikling innan reiseliv, oppleving og arrangement. Det er allereie slik at fjellet gir moglegheiter for vintersport om sommaren. Olympiske meistrar og landslag frå både Noreg og andre land kjem til Vik for å trene og ha samlingar, noko som det er potensial for å legge enda betre til rette for å gjere meir ut av. Med tanke på industri, handel, tenesteytande næringar og offentlege verksemder er vurderinga at kommunen ikkje har tilgang på spesielle råstoff eller naturressursar som gjev spesielle fortrinn. Samanlikna med mange av nabokommunane er fortrinna nemnt ovanfor ikkje heilt unike fortrinn som Vik er åleine om å ha. Mange av nabokommunane har dei same faktorane knytt til seg. Den totale vurderinga er difor at tilgangen på råstoff eller naturressursar ikkje er eit soleklart fortrinn for næringsutvikling i Vik, men meir ein nøytral faktor. Hovudutfordringa vert å nytte dei fortrinna som enkelte næringar har på ein målbevisst måte i framtida. 5.3.2 Arbeidskraft Tilgangen på arbeidskraft i Vik er generelt sett ei utfordring snarare enn eit komparativt fortrinn. Dette gjeld mange av næringane. Årsakene til utfordringane er fleire. 22

Låg arbeidsløyse I førre avsnitt viste analysen at kommunen over tid har kjenneteiknast av å ha hatt svært låg arbeidsløyse samanlikna med fylket og landet totalt. Samstundes har tal sysselsette hatt ein nedgang som prosentvis er større enn mange av nabokommunane. Låg arbeidsløyse er for så vidt eit positivt teikn, men om den er for låg, gir det utfordringar med tanke på at ein ikkje har nok arbeidstakarar i spel. Mange av verksemdene i kommunen har utfordringar i høve rekruttering, spesielt om det kjem til behov for arbeidstakarar med høgare utdanning og spisskompetanse innan teknologi, økonomi og ingeniørfag. For kommunen sjølv som arbeidsgivar, er utfordringane spesielt store når det gjeld å få tak i kompetanse innan områda oppvekst, og pleie og omsorg. Teknisk avdeling har og utfordringar. Til dømes er det slik at ein får få søknadar frå folk utanfor Vik til stillingar som tekniske fagarbeidarar. Det betyr at søkjarane gjerne kjem frå lokale verksemder, som slik mister si arbeidskraft medan kommunen får tilført arbeidskraft. På same vis kan situasjonen gå andre vegen. Denne utfordringa gjeld og andre fagområde. Det kan vere lettare å tiltrekkje seg høgt utdanna arbeidskraft om ein klarer å etablere større fagmiljø i dei ulike næringane. Dette fordrar samarbeid blant verksemdene. Alderssamansetting Eit anna element er biletet av alderssamansettinga i befolkninga, der ein ser at den eldre generasjonen aukar i omfang medan den yngre generasjon går ned. Det vil vere positivt for kommunen om ein klarer å hindre fråflytting i aldersgruppa 20-29 år og 30-39 år. For både kommunen som arbeidsgivar og fleire private verksemder ser ein at det i eit 10-års perspektiv kjem ei utfordring i høve bortfall av kompetanse og arbeidstakarar grunna pensjonering. Spesielt for kommunen er denne situasjonen alvorleg og svært utfordrande. I det private næringsliv er ikkje utfordringa like stor, men det er likevel nokre verksemder som ser behovet for å legge ein langsiktig plan for korleis ein skal erstatte og rekruttere kompetente medarbeidarar som sluttar på grunn av nådd pensjonsalder dei neste ti åra. Dei verksemdene som i størst grad har utfordringar her, er dei tenesteytande næringane med høgt utdanna personell som krev diverse former for spesialkompetanse. Noko spesifikke tal på tilsette som ein ser føre seg å rekruttere, er det likevel dei færraste som har gitt uttrykk for at dei har satt noko mål på. Pendling Mange arbeidstakarar som bur i Vik, pendlar til nabokommunar for å jobbe. Totalt sett hadde kommunen i 2011 ei netto utpendling på 134 sysselsette det var 241 stykk som pendla ut, medan berre 104 stykk pendla inn til kommunen. Det at ein har ein slik pendlarstraum gjer det også utfordrande å takle svingingar i tal arbeidsplassar i kommunen. Samstundes er det såpass mange som og pendlar inn til Vik, at ein kan sjå moglegheiter for å auke denne delen. Det må i so fall skje gjennom målretta arbeid med utvikling av samferdsel og kommunikasjonar til Sogndal og Leikanger der den største utvekslinga av arbeidstakarar skjer. Likevel vil det å rekruttere arbeidstakarar som også bur i Vik gje eit betre bidrag til utviklinga av Vik kommune totalt sett, med tanke på mellom anna auka skatteinntekter. Dei næringane som har størst utfordringar med å få tak i arbeidskraft når dei treng det, er dei tenesteytande næringane og offentlege verksemder med kommunen i spissen. I tillegg er tilgangen på arbeidskraft ei utfordring for reiselivsnæringa i kommunen. Den er per i dag ikkje representert med 23

nokre større private verksemder i Vik. Dessutan skjer mykje av reiselivsarbeidet i dag i form av dugnadsarbeid, gjennom kultur- og idrettsorganisasjonar. Ein får til mykje aktivitet som gir næring til bygda i form av tilreisande til arrangement som meisterskap og cup i skiskyting og Gamalostfestivalen. Denne dugnadskulturen er det viktig for kommunen å støtte opp om og ta vare på. Samstundes har ein ei stor utfordring i at reiselivsnæringa, som dugnadskulturen bidreg mykje til, ikkje har reell arbeidskraft av nokon særleg storleik innafor det private næringsliv. Sjølv om det å få tak i arbeidskraft er ei utfordring for mange næringar, seier representantar frå både industri-, energi-, handels- og landbruksnæringa at ein ikkje har vesentlege problem med å skaffe nok arbeidskraft. Det er likevel ikkje slik at tilgangen på arbeidskraft er god på nokon måte, men ein får det til å gå rundt i dei tilfella ein ikkje har behov for folk med høgare utdanning. Fleire verksemder i Vik har og gode erfaringar med å bruke utanlandsk arbeidskraft. Spesielt gjeld dette i samband med sesongarbeid knytt til bærproduksjon. Svært mange av desse, i hovudsak frå Polen, kjem att år etter år. Fleire familiar har også busett seg i Vik. Totalt sett, så vurderast tilgangen på arbeidskraft for Vik kommune til ikkje å vere noko fortrinn. Snarare tvert i mot så er det ein bakdel at det er så vanskeleg å få tak i personar med høgare utdanning, spesielt med tanke på framtidig næringsutvikling og aukande kunnskapsintensivitet i arbeidslivet generelt. Om ein samanliknar Vik med nabokommunar, har ein heller ikkje spesielle fortrinn med tanke på tilgang på arbeidskraft, mykje på grunn av den geografiske plasseringa. 5.3.3 Næringskompetanse / Teknologi Eit kjenneteikn ved Vik er at ein har eit variert næringsliv til tross for storleiken på kommunen. Ein har sterke verksemder innan dei fleste næringar. Alle verksemdene som har bidrege med innspel til denne analysen gir og uttrykk for at dei har mange dyktige medarbeidarar med høg realkompetanse. Når det gjeld dei ulike næringsgruppene og om dei har kompetanse som gjev Vik spesielle fortrinn, er det først og fremst dei tenesteytande næringane, industrien, energinæringa og landbruket som peikar seg ut. Tenesteytande næringar Dei tenesteytande næringane innan arkitektur, bygg- og anleggsteknikk og IT stikk seg spesielt fram når det gjeld spesiell næringskompetanse. Sjølv om ein lågare del av innbyggarane i Vik har høgskule- eller universitetsutdanning enn gjennomsnittet for landet sett under eitt, har kommunen eit svært høgt tal arkitektar, ingeniørar og IT-utviklarar sett opp mot folketalet. Fleire verksemder i desse næringane er leiande på landsbasis innanfor sin bransje, og ein har eit fortrinn i at det allereie er etablert ei lita næringsklynge som er vekst- og utviklingsdyktig. Industri Fleire industribedrifter i Vik er leiande i landet på dei produkta dei lagar. Dei har djuptgåande kompetanse som ein ikkje har andre stader i landet, og hevdar seg i sterk konkurranse på tross av distribusjonsmessige hindringar som fjord og fjell. Energi Hovudårsaka til at Vik har eit fortrinn i høve energinæringskompetanse, er at hovudkontoret til Sognekraft ligg i Vik, og ikkje i ein av nabokommunane. Meir generelt så bidreg det også til at kraftselskapa gjev uttrykk for at dei har kompetent og faglært arbeidskraft i tråd med dei behova verksemdene har. 24

Landbruk Vik har høg kompetanse knytt til primærnæringa, og spesialkompetanse innan frukt, bringebær og (gamal)ost. Handelsnæringa og offentleg sektor vurderast meir i retning av nøytralt når det gjeld tilgang på spesialkompetanse som gjev fortrinn for Vik når det gjeld næringsutvikling i framtida. Når det gjeld handel, så er det ein god del ufaglærte medarbeidarar som vert brukt, sjølv om det og finst spesialistar innafor ulike fagområde. I høve offentleg sektor, så har ein sjølvsagt høgt kompetente medarbeidarar innan fagområder som opplæring, pleie og omsorg, og kommunalteknikk. Samstundes er det og her eit stort tilfang av ufaglært arbeidskraft. Samanlikna med kommunar i regionen, er det heller ikkje spesielle områder ein har høgare kompetanse på i Vik, enn i andre kommunar. Når det gjeld reiselivsnæringa, så vurderast den negativt i høve fortrinnsanalysen på kompetansetilgang. Som sagt i avsnittet om tilgang på arbeidskraft, har ein ingen større reiselivsverksemder i bygda. Kompetansenivået kan difor ikkje vurderast til å vere verken eit fortrinn eller til å vere ein nøytral faktor, med tanke på den utbreidde reiselivsverksemda som finst i mange andre kommunar. Summert opp vurderast tilgangen på næringskompetanse som eit fortrinn for Vik kommune. Ein har mange spesialverksemder i kommunen som når ut til ein stor marknad både på nasjonalt og for nokon eit internasjonalt nivå. Samanlikna med kommunane i regionen rundt har ein og enkelte typar næringskompetanse og utvikling av teknologi som er unikt for Vik. Spesielt gjeld dette enkelte typar tenesteytande næringar, som finst tilgjengelig i ei klynge som ein sjeldan ser i kommunar med same storleik som Vik. 5.3.4 Lokal kapitaltilgang Det er fleire kjelder til kapital for næringslivet. Ei naturleg inndeling kan vere denne: Bedriftene går med overskot Bedriftene får tilført eigenkapital gjennom innskot frå investorar Bedriftene får tilført midlar gjennom kommunen sitt næringsfond og andre tilskotskjelder Bedriftene får tilført framandkapital frå finansinstitusjonar Mange verksemder i Vik går godt. Dei har overskot, god lønsemd og god soliditet. Vik kom på 10. plass i fylket på faktoren "lønsemd" i Nærings-NM omtalt tidlegare i rapporten, og berre Sogndal kom føre Vik av kommunane i Sogn-regionen. Samstundes er det ein del bedrifter som slit med lønsemda. Vik kommune har fleire verkemiddel i høve finansiering av næringsutviklingsprosjekt (verkemidla vert presentert i større detalj i kapittel 5.5.2) kraftfond, kommunalt næringstilskot, og regionalt næringsfond i samarbeid med Aurland og Voss. Kapitaltilgangen frå kommunen må såleis vurderast til å vere god, også samanlikna med andre kommunar. Likevel er det slik at Vik er inne i ein vanskeleg periode på grunn av Terra-skandalen. Dette er ein situasjon som ein vil vere ute av om eit par år, slik at ein igjen vil verte en relativt rik kommune med tilgang på ressursar som gir unike moglegheiter for lokalsamfunnet. Gjennom Innovasjon Norge har næringslivet også tilgang på offentleg finansiering til ulike prosjekt. Når det gjeld framandkapital har finansnæringa, etter ein periode med vanskelege tider og tap på utlån, vore generelt strengare med kapitaltilgangen i heile landet. Bankane set generelt strengare krav til lønsemd og tryggleik i dei prosjekta som dei involverer seg i. Det er såleis viktig med godt gjennomarbeidde forretningsplanar og budsjett når ein skal søke om finansiering. 25

Vik har eit fortrinn i at ein har ein lokal bank Vik Sparebank, som er ein del av Eika Alliansen. Ein lokal bank har gjerne større føresetnader for å kjenne det lokale næringslivet og bedriftene sine konkrete behov for støtte til utvikling. Eit døme på at banken er engasjert i næringsutvikling, er at den er medeigar i selskapet Vik Utvikling, som mellom anna har investert i utvikling av ny småbåthavn i Vik. Mange bedrifter har og gitt positive tilbakemeldingar på banken si støtte til deira utvikling. Gjennom arbeidet med denne analysen er det likevel fleire bedrifter som har gitt tilbakemelding om at dei gjerne hadde sett at banken var noko meir aktiv og risikovillig enn det dei har inntrykk av at den er. Slike enkelttilbakemeldingar må samstundes sjåast opp mot at banken er underlagt eit omfattande regelverk for kva den har moglegheit for å gjere og ikkje gjere. Vik Sparebank er den banken som har desidert størst lokalt engasjement i næringane. I tillegg nyttar nokre verksemder andre regionale bankar. Utover dette er det få private personar som står tydeleg fram med ein investorprofil i lokalsamfunnet. Summert opp vurderast den lokale kapitaltilgongen i Vik som ein nøytral faktor samanlikna med andre kommunar. Dette gjeld i stort alle næringar. Offentleg sektor er ikkje vurdert i denne samanheng. 5.3.5 Nærleik til marknaden Samferdsel er viktig for utviklinga av eit berekraftig næringsliv. Næringslivet i Vik har bevist at det går an å lukkast sjølv om desse rammevilkåra ikkje er heilt optimale. Omfanget av suksessrike verksemder i Vik er stort når ein ser på kommunestorleiken og dei utfordrande samferdslestilhøva. Med bakgrunn i Vik kommune si plassering reint geografisk, og dei kommunikasjonsmessige utfordringane ein har med tanke på veg- og ferjesamband, er det likevel på sin plass å vurdere denne faktoren som ein bakdel totalt sett. Dei fleste verksemder har behov for transport og logistikk i større eller mindre grad. Det vert både kostbart og tungvint når fjellet stengjer og ein må køyre lange omvegar for å kome seg ut i marknaden med varer, eller til møte med kundar andre stader. Ferjefrekvensen over Sognefjorden bidreg heller ikkje til at Vik har openberre fortrinn i høve marknadsnærleik. Samla sett må ein vurdere nærleik til marknaden som ein negativ faktor. Det gjeld i stort sett alle næringssektorar med unnatak av landbruk, offentleg sektor og tenesteytande næringar. Desse har ikkje i like stort omfang behov for transport og logistikk, sjølv om marknaden og kundane for mange likevel ligg utanfor Vik. Når det gjeld offentleg sektor så tenkjer ein i ein slik samanheng på til dømes interkommunale samarbeid. Handel er og ei næring som vurderast nøytralt, med tanke på at marknaden og kundane er plassert i Vik, og at dei geografiske hindringane er med på å demme opp for handelslekkasje. Samtidig har handelsnæringa og utfordringar med tanke på vareleveransar. 26

5.3.6 Vurdering av fortrinn Det største fortrinnet til Vik kommune med tanke på næringsutvikling er at ein allereie har eit svært allsidig næringsliv. Samanlikna med nabokommunen Balestrand som i hovudsak har reiselivsnæring, eller Leikanger som har offentleg sektor, så har ein mange moglegheiter for utvikling i Vik med basis i det at ein har eit variert eksisterande næringsliv som utgangspunkt. Nedanfor er ei grafisk framstilling av vurderingar kring Vik sine fortrinn for næringsutvikling knytt til dei definerte produksjonsfaktorane. Vurderingane er gjort både for kvar næringssektor, og totalt sett. Markering med grønt betyr at ein vurderer produksjonsfaktoren som eit klart fortrinn, medan gul farge indikerer ei nøytral vurdering. Rød markering betyr at faktoren vurderast meir som ein bakdel enn som eit fortrinn. Produksjonsfaktorar: Næring: Naturressursar Arbeidskraft Kompetanse Tilgang kapital Nærleik til marknad Industri Energi Handel Tenesteytande Landbruk Reiseliv / opplevingar Offentlege verksemder TOTALT Kort summert opp vurderast Vik til å ha følgjande viktige fortrinn: Tilgang på attraktiv næringskompetanse innan industri, energi, tenesteytande næring og landbruk Tilgang på naturressursar som gjev fortrinn for mange former for landbruk, energinæringa, og reiselivsnæringa Når ein skal arbeide vidare med strategiar og handlingsplanar for næringsutvikling, vil det vere viktig å ha fokus på dei områda der ein har klare fortrinn. Det er alltid lettare å skape vidareutvikling eller ny næring innafor eit område er ein allereie har gode føresetnader. Samstundes er det slik at ein har nokre større utfordringar som det og må jobbast målretta med. Dei viktigaste er: Tilgang på arbeidskraft generelt, og høgt utdanna arbeidskraft spesielt Tilgang på gode samferdsleløysingar 27