HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen NOTAT Til: Fylkesutvalet Dato: 15. april 2010 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 201000708-9/AARN Kopi til: Arkivnr.: 146 OVERSIKT OVER TILSEGN LØYVD FRÅ REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM 2010 (RUP 2010) I samband med handsaminga av RUP 2010 i fylkesutvalet blei det etterlyst betre informasjon om kva for prosjekt som blir støtta med RUP midlar. Oversikten vil bli gitt som orienteringssak ein gang pr månad og vil innehalde: - Tabell med oversikt over alle tilsegn gitt sidan siste oversikt. - Tabell med oversikt over samla tal hittil i år fordelt på innsatsområda i RUP 2010. - Kommentarar. - Vedlegg med kort presentasjon av dei prosjekta som har fått tilsegn i siste periode. Første oversikt vart gitt til fylkesutvalsmøtet 18.mars 2010. Denne oversikten viser utviklinga i perioden etter det. Prosjekt handsama i perioden 01.03.10 14.04.10: Tils.nr Prosjektnavn Tilskotsmottakar Innsatsomr. Prosjektkostnad Tilsegnssum 16-10MA Skalldyrkonferansen 2010 Blue Planet AS Marin satsing 800 000 150 000 16-10RL Prosjekt TV- produksjon Stiftinga Ekstreme Reiseliv under Ekstremsportveko 2010 Voss 400 000 100 000 17-10MA Møteplass Marin 2010 Fiskeriforum Vest Marin satsing 370 000 250 000 22-10EN Mongstadprosjektet Fase 3 HOG Energi Energi 1 500 000 600 000 23-10MA Utvikle produsentnettverk i Norsk sjømatsenter Marin satsing 103 900 50 000 Smak av kysten. Fase 1 24-10VRI VRI kompetansemekling Høgskolen i Bergen Næringsretta 2 000 000 600 000 kompetanse 25-10VRI VRI Hordaland Høgskolen i Bergen Næringsretta 1 000 000 300 000 Personmobilitet kompetanse 26-10VRI VRI Hordaland- Dialog og IRIS avd Bergen Næringsretta 1 000 000 300 000 deltaking kompetanse 27-10NK Utviklingsprosjekt ved Hjeltnes Gartnarskule Hjeltnes Gaartnarskule Næringsretta kompetanse 675 000 200 000 Besøksadresse: Agnes Mowinckelsg gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 BERGEN - Telefon 55 23 93 06 - Telefaks 55 23 93 19 E-postadresse: Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Totalt antal tilsegn fordelt på innsatsområde hittil i år: Innsatsområde Tal Prosjektkost. Støttebeløp tilsegn EN: Energi 1 1 500 000 600 000 EP: Entreprenørskap og innovasjon 4 6 498 800 690 000 IN: Internasjonalisering 2 1 959 240 900 000 KN: Kulturnæringar LL: Livskraftige lokalsamfunn MA: Marin satsing 4 1 387 900 500 000 MT: Maritim satsing NK: Næringsretta kompetanse 4 4 675 000 1 400 000 ON: Omstilling og nyskaping RF: Regionalt næringsforum RL: Reiseliv 9 16 610 000 1 390 000 RN: Regionale næringsfond Kommentarar: Handsaminga av søknader har gått greitt i denne perioden. Totalt er det gitt kr 2 550 000 i tilsegn til 9 søknadar. Denne gang har det vore flest søknader på det marine feltet i tillegg til VRI søknadane. Midlane til VRI søknadane er tatt frå dei øyremerka midlane til VRI i Regionalt utviklingsprogram 2010. I tabell 2 er VRI søknadane inkludert i innsatsområdet Næringsretta kompetanse. 2
VEDLEGG: Kort omtale av prosjekta. SKALDYRKONFERANSEN 2010. Tilsegn 16-10MA Prosjektet gjeld gjennomføring av den årlige skaldyrkonferansen. I 2010 skal konferansen vere i Bergen Totale prosjektkostnader: kr 800 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 150 000 Anna finansiering (eigeninnsats, deltakaravgift og IN): kr 650 000 Den årlege konferansen samlar næringsaktørar, FoU og forvaltning og er ein viktig arena for fagleg påfyll og nettverksbygging. Konferansen vert haldt ulike stader i landet. Start/slutt: 2010 Eivind Helland, Blue Planet AS Morten Bergslien, Blue Planet AS Siri Hanson Marin sektor og nye oppdrettsartar er bransjesatsing i Regionalt Utviklingsprogram. For meir info sjå www.blueplanet.no 3
TV-produksjon under Ekstremsportveko 2010. TILSEGN 16-10RL NRK 1 har dei siste fire åra kringkasta sendingar frå Ekstremsportveko. I fem dagar (tysdag laurdag) under Ekstremsportveko har heile det norske folk hatt gleda av å sjå program frå Voss og omegn i beste sendetid. Sjåartala for programma låg i 2009 mellom 300 000 og 400 000. I januar vart Ekstremsportveko informert om at NRK må kutte i budsjetta sine grunna at Melodi Grand Prix skal haldast i Noreg i år. Dette gjer at NRK Sporten åleine må kutte ca 15 mill. i budsjetta sine og programma frå Ekstremsportveko er ein av produksjonane dei ikkje har nok finansiering til. Vidare har NRK presisert at årets situasjon er unik og at dei skal gå tilbake til 2009 - finansieringa i 2011. Dette prosjektet gjer at 5 program frå Ekstremsportveko på NRK går som planlagt frå 29.06.10 tom 03.07.10 Totale prosjektkostnader: kr 400 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 100 000 Anna finansiering ( nokre namn): Næringslivet på Voss kr 200 000 Voss kommune kr 100 000 NRK må kutta 15 mill i budsjetta i 2010 og sendingane frå Ekstremsportveko vil falla ut. Dette gjeld berre for 2010 pga ekstraordinær kostnad med Melodi Grand Prix. Med dette prosjektet vil sendingane gå som planlagt på NRK 1 frå 29.06-03.07 2010. Start/slutt (år): mars 2010 - august 2010 Prosjektansvarleg organisasjon:: Stiftinga Ekstreme Voss Margrethe Alm, Ekstremsportveko Asbjørn Børsheim Reiselivsstrategien utdjupar RUP-satsinga for dei prioriterte næringane i Hordaland i 2010. Prosjektet fell inn under tiltaksområdet for Arrangement og festivalar i reiselivsstrategien. 4
MØTEPLASS MARIN Tilsegn 17-10MA Møteplass Marin er gjennomføring av 4 tematiske fagmøter på kveldstid pr år. Totale prosjektkostnader: kr 370 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 250 000 Anna finansiering ( nokre namn): kr 120 000 Møteplass Marin har eksistert i om lag 6 år og er ein møteplass for næring, forvalting og forsking. Start/slutt (år): 2010-2011 Tanja Hoel; Fiskeriforum Vest Tor Solberg; Uni Reaserch as Siri Hanson Tilrettelegging for næringsutvikling er eit sentralt mål for Regionalt Utviklingsprogram. Møteplassen er verktøy for faglig påfyll, informasjonsutveksling, kontakt og innovasjon. www.fiskeriforum.no 5
MONGSTADPROSJEKTET FASE 3 Tilsegn 22-10EN Den overordna målsettinga for Mongstadprosjektet er å sikre ein best mogleg samfunns- og næringsutvikling knytt til den industrisatsinga ein no ser. Totale prosjektkostnader: kr 1 500 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune: kr 600 000 Anna finansiering (Innovasjon Noreg, Regionrådet i Nordhordland, Mongstad Vekst og Business Region Bergen): kr 700 000 HFK Fylkesutvslsmidlar kr 200 000 Ei rekke aktørar har over fleire år arbeidd med ny industriutvikling knytt til Mongstad. Legging av ny gassrørleidning, bygging av nytt kraftvarmeverk og etablering av testsenter for CO 2 fangst (TCM) har ytterlegare aktualisert dette. Konklusjonane frå fase 2 i prosjektet var at arbeidet burde vidareførast i tre delprosjekt i regi av HOG Energi. I fase 3 i prosjektet er såleis målsettinga å gjennomføre dei tre delprosjekta; Etablering av ei næringsklynge for CO 2 på Mongstad Arbeid/forstudie for å få etablert eit kompetanse-/ visningssenter på Mongstad Vurdering/plan for det framtidige regionale utviklingsarbeidet knytt til Mongstad utbygginga. Start/slutt (år): Blir gjennomført i løpet av 2010. HOG Energi ved dagleg leiar Ove Lunde, e-post: ove.lunde@holga.no Stein Bjørlykke HOG Energi, e-post: stein@holga.no Arthur K.Arnesen, e-post: arthur.arnesen@posthfk.no Det blir lagt til grunn at prosjektet inngår i innsatsområdet for å sikre at lokale kunnskapsmiljø får ta del i arbeidet knytt til utvikling av ny reinseteknologi for CO2 på Monstad. Prosjektet er også i tråd med målsettinga om å stimulera til berekraftig bruk av naturressursar. For meir info sjå HOG Energi sine heimesider www.holga.no. Fylkesutvalet handsama saka 16.12.09. Saksframlegg og vedtak ligg på www.hordaland.no under Politiske saker. 6
UTVIKLE PRODUSENTNETTVERK I SMAK AV KYSTEN. FASE 1 23-10MA Eit forprosjekt vart gjennomført i 2009. Hovudprosjektet vil arbeide med å kople aktørar og setje i gang forpliktande samarbeidsprosjekt for å auke verdiskapinga i verdikjeda. Totale prosjektkostnader: kr 103 900 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 50 000 Anna finansiering (Eigeninnsats næringa): kr 53 900 Eit forprosjekt gjennomført i 2009 avdekka fleire problemstillingar som har verdiskapingspotensiale. Nå vil ein vidareutvikle forprosjektet ved å: Initiere prosjekt på høgare grad av foredling av laks / aure, initiere prosjekt innan kvalitetsaukande tiltak mellom aktørar innanfor produsentar og Smak av kysten restaurantar og initiere prosjekt som skal arbeide med å gi tilgang på sild / makrell til Smak av kysten restaurantane. Leggje til rette for regionale sjømatprodusentar inn mot Smak av kysten nettverket. Start: 1. mars 2010 Slutt: 1. september 2010 Norsk Sjømatsenter v/ Odd Jordheim, org. nr.: 980 133 648, e-post: jordheim@sjomat.no Unni Austefjord, Norsk Sjømatsenter, e-post: unni@sjomat.no Yngvar Hagala, e-post: yngvar.hagala@post.hfk.no. RUP har definert marine næringar som ein sektor med særlege føremon. Ein skal stimulere til auka verdiskaping innan vidareforedling og råstoffutnytting. Prosjektet vil bidra til dette. 7
VRI programmet - delprosjektet Kompetansemekling. Tilsegn 24-10VRI KOMPETANSEMEKLING - tilbyr gratis besøk av ein formidlar med god kjennskap til forskingsmiljøa. Kan hjelpe med å kople bedrifta sine utfordringar med forskingsbasert kompetanse og ressursar. Totale prosjektkostnader: kr 2 000 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 600 000 Anna finansiering: Noregs forskingsråd kr 900 000 Eigendel kr 500 000 Tilsegna er gitt for å gjennomføra Arbeidsplan for Kompetansemekling 2010, slik denne vart vedteken i styret for VRI Hordaland i møte 12 januar 2010. Prosjektleiar plikter vidare å medverke til å utvikle VRI som program gjennom deltaking i VRI Team Hordaland, styremøte i VRI Hordaland og andre møte etter avtale dersom dette er fagleg relevant. Prosjektleiar plikter vidare å medverke til rapportering av aktiviteten innan dei system som er bestemt av Noregs forskingsråd og styret i VRI Hordaland Start/slutt (år): 2010-2010 Høgskulen i Bergen Alf Slinning Jone Engelsvold Arbeidsplan for kompetansemekling 2010 8
VRI programmet - delprosjektet Personmobilitet. Tilsegn 25-10VRI PERSONMOBILITET tilbyr hospitering og utvekslingsordningar mellom bedrifter og forskings- og utdanningsmiljø. Totale prosjektkostnader: kr 1 000 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 300 000 Anna finansiering: Noregs forskingsråd kr 450 000 Eigendel kr 250 000 Tilsegna er gitt for å gjennomføra Arbeidsplan for Personmobilitet 2010, slik denne vart vedteken i styret for VRI Hordaland i møte 12 januar 2010. Prosjektleiar plikter vidare å medverke til å utvikle VRI som program gjennom deltaking i VRI Team Hordaland, styremøte i VRI Hordaland og andre møte etter avtale dersom dette er fagleg relevant. Prosjektleiar plikter vidare å medverke til rapportering av aktiviteten innan dei system som er bestemt av Noregs forskingsråd og styret i VRI Hordaland. Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for VRI Hordaland, men samarbeider i 2010 med Høgskolen i Bergen og IRIS Bergen om gjennomføringa av prosjektet. Det er også samarbeid med Uni Miljø og med Berge Hoshovde AS. I tillegg er det eit følgjeforskingsprosjekt i VRI Hordaland leia av Stig Erik Jakobsen SNF og UiO. Prosjektet gir viktige innspel i arbeidet med VRI programmet si rolle i utviklinga av dei regionale innovasjonssystema. Start/slutt (år): 2010-2010 Høgskulen i Bergen Anne Lise Bergheim Jone Engelsvold Arbeidsplan for Personmobilitet 2010 9
VRI programmet - delprosjektet Dialog og deltaking. Tilsegn 26-10VRI DIALOG OG DELTAKING tilbyr hjelp til utvikling av gode samhandlingsprosessar innan og mellom bedrifter med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap Totale prosjektkostnader: kr 1 000 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 300 000 Anna finansiering: Noregs forskingsråd kr 450 000 Eigendel kr 250 000 Tilsegna er gitt for å gjennomføra Arbeidsplan for Dialog og deltaking 2010, slik denne vart vedteken i styret for VRI Hordaland i møte 12. januar 2010. Prosjektleiar plikter vidare å medverke til å utvikle VRI som program gjennom deltaking i VRI Team Hordaland, styremøte i VRI Hordaland og andre møte etter avtale dersom dette er fagleg relevant. Prosjektleiar plikter vidare å medverke til rapportering av aktiviteten innan dei system som er bestemt av Noregs forskingsråd og styret i VRI Hordaland. Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for VRI Hordaland, men samarbeider i 2010 med Høgskolen i Bergen og IRIS Bergen om gjennomføringa av prosjektet. Det er også samarbeid med Uni Miljø og med Berge Hoshovde AS. I tillegg er det eit følgjeforskingsprosjekt i VRI Hordaland leia av Stig Erik Jakobsen SNF og UiO. Prosjektet gir viktige innspel i arbeidet med VRI programmet si rolle i utviklinga av dei regionale innovasjonssystema. Start/slutt (år): 2010-2010 IRIS Bergen Kåre Hansen Jone Engelsvold Arbeidsplan for Dialog og deltaking 2010 10
UTVIKLINGSPROSJEKT VED HJELTNES GARTNARSKULE. TILSEGN 27-10NK Prosjektet skal leggja grunnlaget for auka elevtalet til 60-70 innan 2 til 3 år (frå 35 i dag). Totale prosjektkostnader: kr 675 000 Finansiering frå Hordaland fylkeskommune RUP 2010: kr 200 000 Anna finansiering ( HFK- Opplæringsavdelinga, skulen ): kr 475 000 Hjeltnes gartnarskule har ved prosjektoppstart ikkje tilstrekkjeleg søkjarmasse til å fylle opp alle kursa sine. Prosjektet skal leggja grunnlaget for å auka elevtalet til 60 70 innan to til tre år, auka tilbod av deltidsopplæring for vaksne, samt driva marknadsføring og rekruttering til fagskuletilbodet. Vidare er målet å utvikla Hjeltnes gartnarskule som base for kompetanse innan dei grøne faga, samt utvikle aktivitetar og utdanningsprogram der ein kan nytta alle ressursane skulen rår over. Start/slutt (år): 2009 (september) 2010 (juni) Gunnbjørg Øyre, Hjeltnes gartnarskule, org. nr.: 973 923 765, e-post: Gunnbjorg.Oyre@post.hfk.no, tlf.: 56 53 88 00 Adeline B. Landro, Hjeltnes gartnarskule, e-post: post.hgs@post.hfk.no, tlf.: 56 53 88 00 Yngvar Hagala, tlf. 55 23 93 47, e-post: yngvar.hagala@post.hfk.no. RUP for Hordaland 2010 har næringsretta kompetanse som eit prioritert innsatsområde. "Innsatsen skal særleg rettast slik: Utvikle og ta i bruk vidaregåande skular som lokale ressurssentra for næringsutvikling og lokalsamfunnsutvikling mellom anna gjennom fagleg spesialisering og spissing av kompetanseområda. Utvikle tiltak som aukar samhandlinga mellom næringsliv og kunnskapsinstitusjonane. Vidareutvikle karriererettleiing for elevar og vaksne, med særleg fokus på utdanningsprogram / yrkesopplæring.... Styrka tilbod til ungdom som ønskjer fagopplæring..." 11