Merknader til Ny rettskriving for 2000-talet

Like dokumenter
2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Til deg som bur i fosterheim år

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Morfologioppgåva om Kongo-swahili

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Vel nynorsk for barnet ditt!

Refleksjon og skriving

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Nynorsk i nordisk perspektiv

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Å løyse kvadratiske likningar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Saksframlegg Valle kommune

UNIVERSITETET I OSLO

Biletbruk på nettet 1 2

Brukarrettleiing E-post lesar

Elevundersøkinga 2016

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

/

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

6-åringar på skuleveg

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Morfologioppgåva om klassisk gresk

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Høyringssvar frå Bjørgvin biskop om ordning for vigsel og vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Framlegg til lovbrigde LST: Framlegg frå landsstyret SST: Framlegg frå sentralstyret VST: Framlegg frå Vebjørn Sture Innstilling på lov- og tuftbrigde

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Barnerettane i SKULEN

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd - Vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Døme på eit skrivebord i P360, beståande av: Det same skrivebordet sett frå redigeringsmodus. Namnet til skrivebordet. Eigendefinert tekst.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Skuleåret 2017/2018.

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Frå dikt til teikneserie

Fra Forskrift til Opplæringslova:

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta:

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Kvalitetssikring sjekkliste for arkivarar

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

Transkript:

Rolf Theil Merknader til Ny rettskriving for 2000-talet 1. Innleiing Eg vil byrje med å rose rettskrivingsnemnda for eit grundig arbeid og eit godt resultat. Det kan ikkje har vore lett å arbeide med eit mandat som lett kan tolkast som motseiingsfylt. Dei skulle lage ei tydeleg, enkel og stram norm, samstundes som ikkje mindre enn [b]reitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar skulle balanserast i den nye norma. Vi veit alle at same kva framlegg dei kom med, ville vi vere kritiske til eitt eller anna. Det er på tide at nynorsken kvittar seg med sideformene. Ivar Aasens landsmål hadde så å seie ikkje noko slikt, og dei færraste skriftspråka i verda har noko liknande. Språkplanleggjarar flest har meint og meiner at jobben ikkje er gjort før ein når fram til eit einskapleg skriftmål der alle ord berre kan skrivast på éin måte. Det meste av den valfridomen som utvikla seg på 1900-talet både i nynorsk og bokmål hadde ikkje som det primære målet sitt å gjere alle landsdelar nøgde, men å nå fram til eit sams norsk skriftmål. Ein innførde samleformer utan å avskaffe dei gamle. Tilnærminga mellom nynorsk og bokmål har ikkje vore offisiell politikk på lenge, og det er tid for å rydde opp etter ein politikk som ikkje førde fram. Strengt teke kunne vi ha halde på Ivar Aasens landsmål og levt vel med det, men det toget er gått, for å seie det slik I samband med denne innstramminga i rettskrivinga må vi tenkje nasjonalt, ikkje lokalt. I motsetnad til bokmålet er nynorsken eit skriftmål som byggjer på tradisjonelt norsk talemål, og vi kjem ikkje utanom at eit landsdekkjande eller nasjonalt skriftmål må lyfte seg over herad og landsdelar. Dette såg Ivar Aasen klårt, og det burde vi au gjere. Vi må godta at det er skilnader på det sams, nasjonale skriftmålet og det lokale talemålet vårt. Skriftmålet kan ikkje elles bli ein samnemnar. Eg ser sjølvsagt klårt alle vanskane som står i vegen for å oppnå eit system utan både sideformer og jamstelte former. Nynorsken har eit stor synleggjeringsproblem. Jamvel vi som skriv nynorsk, les meir bokmål enn nynorsk. Ikkje alle har høve til heile tida å gripe til ordboka. 1

2. Allmenne kritiske merknader I den grad eg vil kritisere rettskrivingsnemnda for noko, er det for å ikkje ha gått langt nok. Dei avskaffar alle sideformer, men gjer det på to vis som ikkje begge gjev ei tydeleg, enkel og stram norm som resultat. Når sideformer blir tekne ut or rettskrivinga, blir norma tydeleg, enkel og stram, men når sideformer blir gjorde om til jamstelte hovudformer, blir norma mindre tydeleg, enkel og stram enn før. Der vi før hadde n hovudformer, får vi no n+1 hovudformer. Det er ikkje noko argument mot jamstelte sideformer at systemet er lite vanleg i andre språk, men det er vanskeleg å sjå at vi norskspråklege skil oss frå andre folk i verda på eit slikt vis at vi treng ovringa meir enn andre. Vi er ikkje lenger eit stammesamfunn eller burde iallfall ikkje vere det. Om det er noko som overraskar meg ved innstillinga, er det framlegga om å innføre former som ikkje tidlegare har vore tillatne. Eg tenkjer her i fyrste rekkje på framlegget om innføre dykk i nominativ attåt de. Eit slikt framlegg bryt med mandatet til nemnda, slik eg ser det. 3. Nokre detaljar 3.1. Mann og mus I ein del tilfelle kjem rettskrivingsnemnda med innstrammingsframlegg som eg ikkje utan vidare likar, helst på grunnlag av mitt eige talemål. Her høyrer fjerninga av fleirtalsformer som menner og myser heime (eg seier mennær og musnær). Dette skal eg likevel sjå bort ifrå her eg ven meg vel til det. Men eg kan ikkje fri meg frå tanken om at fleirtalsformene menn og mus har blitt dominerande på grunn av bokmålspåverknad. 3.2. Y og ø. Ord som på norrønt hadde kort y, hadde konsekvent y i landsmålet til Ivar Aasen. Nynorsken har etter kvart fått ø i ein del av desse orda, etter prinsipp som så vidt eg kan sjå ikkje heng i hop med norsk talemål på ein rimeleg måte. Nemnda føreslår jamstelling av y og ø i ei rekkje ord, som i fylgje/følgje. Eg ser ikkje poenget med alle desse dobbeltformene. I mitt eige grenlandsmål, og i mange målføre i andre delar av landet, er det svært ofte [ø] i slike ord. Eg seier [først] fyrst, [søster] syster, [støkke] stykke, 2

[røkke] rykkje, [bølje] bylgje, [rønke] rynke, [ønke] ynke, [trøkk] trykk, [kløppe] klyppe, [løfte] lyfte, [sønn] synd osb. Eg har au [ø] i ord som [brøllåp] bryllaup og [brøst] bryst, der landsmålet hadde andre vokalar (brudlaup, brjost). Med andre ord har eg [ø] i lang rekkje ord der nynorsk berre tillèt y. I atter andre målføre, som dei i Vest-Telemark, er fordelinga mellom [y] og [ø] au ei heilt anna enn på nynorsk; det heiter til dømes [syster] syster og [fyje] fylgje men [kjørkje] kyrkje. Når former med ø har blitt innførde i nynorsk, er det vanskeleg å sjå det som ein freistnad på å kome målføra i møte. I staden er det ei tilnærming til bokmål: ø har med svært få unnatak, så vidt eg kan sjå berre blitt innførd der bokmål har ø. Døme er først, søster, følgje, ønskje. Dersom bokmål har y eller ordet ikkje har eit klårt motstykke på bokmål, er framleis y eineform. Døme på bokmålsord med y er rykke, rynke, ynke og trykk; her har nynorsk berre y. Døme på nynorske ord utan klårt motstykke på bokmål er kyrkje, byrje og symje; her har nynorsk berre y, trass i at [ø] ikkje er mindre vanleg i målføra i slike ord. Eg har vanskeleg for å sjå at det ikkje er mogeleg å gjere formene med y til eineformer. Ei jamstelling mellom y og ø i somme ord, på grunnlag av tilhøva i bokmål, eller eigentleg i dansk rettskriving, kan ikkje vere noko å halde ved lag. På bakgrunn av tilhøva i norske målføre verkar innføringa av ø i somme ord heilt vilkårleg. For meg er det ikkje noko større problem å skrive syster og fyrst enn å skrive bryst og stykke. Det ser ut til at bokmål blir oppfatta som det normale, og at ein tillèt ø der bokmål har ø, fordi y verkar avstikkande, gamaldags eller noko slikt. 3.3 Makleg og sjukleg eller? Nemnda føreslår ein endå større valfridom enn i dag i bruken av binde-e føre suffikset -leg. I dag kan det heite mellom anna både vitskapleg og vitskapeleg, både gudleg og gudeleg, osb., og nemnda vil au tillate sjukeleg i tillegg til sjukleg. Argumenta for dette framlegget overtyder meg ikkje. I innstillinga står det (på s. 144): Eit søk i nynorskkorpuset gir desse resultata: appetittleg 6 treff opphavleg 950 treff *appetitteleg 1 treff *opphaveleg 195 treff makleg 58 treff sjukleg 160 treff *makeleg 70 treff *sjukeleg 34 treff 3

Her kan me særleg merka oss forma makeleg, som får fleire treff enn den forma som er gjeldande i rettskrivinga, nemleg makleg. Her ser det ut til at nemnda tek feil. I Nynorskordboka er berre forma makeleg nemnd, ikkje *makleg og retteprogrammet i Word set ein raud strek under *makleg. Med andre ord er det i alle døma i tabellen over eit godt samsvar mellom høg tekstfrekvens og kva som er tillate. Det er eit argument for ei innstramming. Her har vi eit ein stor valfridom som eg ikkje kan sjå poenget med. Det er store dialektale skilnader i bruk av binde-e føre -leg og i samansette ord, men når ein skal lære seg eit normert skriftspråk, er det ting ein berre må lære seg eller pugge, om ein vil. Vi må berre godta at tilhøva ikkje alltid er som i talemålet vårt. Sjølv har eg måtta lære at eg ikkje kan skrive til dømes *regnefrakk, *ryggesekk og *vanskleg same kor mykje eg seier det. Innimellom må språkplanleggjarar berre skjere igjennom og velje éi form. Det lèt seg sikkert gjere på eit relativt prinsipielt vis. Dette med binde-e er truleg heller ikkje eit punkt som vekkjer sterke kjensler om eg skal byggje på mine eigne reaksjonar. 3. Eit par detaljar 3.1. Nemnda føreslår å forenkle korleis, [koss] / [hoss] / [hossen] til korleis. Dei reknar med andre ord [koss] / [hoss] / [hossen] som sideformer til hovudforma korleis, medan dei etymologisk er sideformer til hovudforma korso (< norrønt hversu / hvorsu). Hoss / hossen bryt sterkare med normeringssystemet i nynorsk (norrønt hvblir normert til kv-, i nokre ord til k-) enn koss. Utan å ha undersøkt saka nærmare vågar eg den påstanden at koss er vanlegare i skrift enn hoss og hossen (eg veit nesten ikkje om andre enn meg sjølv som ein periode har nytta hossen ), og hoss og hossen bør heilt klårt gå ut. Men koss bør vurderast opp mot korso, ikkje mot korleis. Vi står andsynes desse tre alternativa, der A er det komiteen føreslår: Alternativ A. Korleis og korso blir hovudformer. Andre former går ut. Alternativ B. Korleis og koss blir hovudformer. Andre former går ut. Alternativ C. Korleis, korso og koss blir hovudformer. Andre former går ut. Eg synest valet mellom korso og koss er vanskeleg, og før ein kvittar seg med ei av formene, bør bruken undersøkjast nærmare. Når det gjeld talemålsgrunnlaget, bør det nemnast at refleksar av norrønt hversu / hvorsu er svært utbreidde over store 4

delar av landet (korso, korsen, koss, hoss, (h)ossen, hossi, mm.), og det er uheldig å stengje alle ute frå skriftmålet, til fordel for den yngre forma korleis. Dessutan er det ikkje rimeleg å setje korso/koss opp mot korleis; her har vi to ord med forskjellig etymologi, og begge bør ha plass i rettskrivinga. Eg kjenner ingen andre døme i Ny rettskriving for 2000-talet der ord med forskjellig etymologi er vurderte opp mot kvarandre. 3.2. Nemnda føreslår at svord og svor framleis skal vere jamstelte. Den tradisjonelle forma er svord og denne forma burde vere eineform. Fjerninga av etymologiske d-ar fylgjer eit prinsipp som er lånt frå bokmål: norske ord skal skrivast etymologisk berre dersom dei har eit klårt motsvar i dansk. Vi skreiv opphavleg tid, lid, ord, svord på landsmål/nynorsk, men skriv no tid, li, ord, svord~svor. Tid og ord heiter det same på dansk; li(d) finst ikkje på dansk; svord heiter svær på dansk. Når det gjeld talemålsgrunnlaget, blir rd i svord uttala som tjukk l i mange austnorske og trøndske målføre, jamvel i Grenland, der rd oftast blir uttala [r]. 4. Avslutning Nemnda har gjort eit imponerande og framifrå arbeid, og vi bør i størst mogeleg grad slutte opp om framlegga deira. Det er bra å avskaffe sideformer, og vi kan ikkje alltid få det akkurat slik vi vil. Den viktigaste kritiske merknaden min er at nemnda burde ha gått lenger. Rettskrivinga blir ikkje tydeleg, enkel og stram ved at mange av sideformene blir opphøgde til jamstelte hovudformer. 5