Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Haugesund sjukehus og Haugesund kommune.
Innhold Bakgrunn:... 3 Deltaking... 3 Samarbeidsseminaret - innhald... 3 Oppsummering tilbakemeldingar frå arbeid med case... 4 Evaluering av dialogmøtet... 4 Oppfølging av samhandlingsseminaret... 5 Innspel frå deltakarane til vidareføring:... 5 Vedlegg:... 6 2
Bakgrunn: Hausten 2014 og våren 2015 har det vore gjennomført samhandlingsseminar mellom kommunar og føretaket. Føremålet har vore å adressere utfordringar i samhandlinga mellom sjukehus og kommunane og saman finne område for forbetring. Med bakgrunn i gode tilbakemeldingar på desse dagane, inviterte Haugesund kommune og helseføretaket, i samarbeid med FOUSAM, til samling etter modell frå tidlegare samhandlingsseminar. Deltaking Seminaret vart gjennomført på Bjørgene utviklingssenter og invitasjonen gjekk ut via leiarane i organisasjonane. Frå Haugesund kommune deltok 13 stk. Dei representerte bestillarkontor, ulike leiarnivå og fagutvikling. Helse Fonna hadde 13 deltakarar som representerte leiarar på ulike nivå og fagutvikling - frå Samhandling, Kirurgisk og Medisinsk klinikk. Samarbeidsseminaret - innhald Direktør i kirurgisk klinikk, Berit Haaland ønskte velkommen og presenterte bakgrunn for møtet. Rådgjevar i FOUSAM, Sølvi Heimestøl, hadde ansvar for leiing av dagen og starta med innlegg om FOUSAM si rolle i samhandlingsstrukturen. Som innleiing til tema presenterte phd student ved HSH, Else Rustad, frå doktorgradsarbeidet sitt. Ho ser på korleis eldre pasientar, over 80 år og deira pårørande opplever overføring frå sjukehus til kommunale helsetenester. På bakgrunn av individuelle intervju er det gjort funn knytt til pasienten si opplevde brukarmedvirkning, kommunikasjon og ulike erfaringar med ansvarsforhold. Prosjektet er nå inne i fase 2, kor fokuset er sjukepleiarane sine erfaringar med samhandling på tvers av helsetenestenivå. Prosjektet forventas å verta ferdig i 2016. Som avslutning på dagen informerte Ingrid Fagerland om prosjekt i Helse Vest som har mål om å gjere innhaldet i PLO-meldingane betre. I prosjektet vart det utvikla ein mal for innhald i dei ulike meldingane, denne fekk deltakarane på samhandlingsseminaret med seg. 3
Arbeid i grupper Dialog og utveksling av erfaringar var ein viktig del av samlinga og deltakarane arbeidde store deler av dagen i grupper på tvers av føretak og kommunar. Gruppene arbeidde med case som var utarbeidd med bakgrunn i verkelege hendingar. Saman skulle deltakarane komme med forslag til korleis pasientane presentert i case, kunne vore betre ivaretatt. Samarbeidsavtalane skulle vere grunnlaget for løysingane og var kopiert opp til gruppene. Oppsummering tilbakemeldingar frå arbeid med case Føretaket og kommunar er einige om kva som er nødvendig av opplysningar i «PLO Helseopplysningar», og kva for opplysningar kommunen trenger for å fatte vedtak. Det er viktig med tilstrekkelig faglige opplysningar både frå føretaket og kommunane ved overflytting. Begge parter ser behov og nytte av at kartlegging blir gjort i heimen til pasienten at ting blir tatt tak i på et tidlig tidspunkt av heimesjukepleiar. Viktig med nettverksmøter. Einigheit om god samarbeidsregel: ein skal sende like god informasjon til den andre part som ein forventar tilbake. Begge parter har som intensjon å jobbe for pasientens beste. Føretaket presiserer at «PLO Tidlegmelding» vert sendt tidleg i pasientforlaup, og ofte før ein har gått visitt på aktuell pasient. Det trengs vidare arbeid med kva som bør stå i PLO meldingane og ikkje minst kva som ikkje bør stå med tanke på at all tekst vert lagra i pasienten sin journal. Rutinane for «Søknad om kommunale tenester» som vert sendt til kommunen på papir. Denne må fortsatt sendast slik. «PLO Helseopplysningar» erstattar ikkje denne. Fokus på individuell plan når skal pasienten ha det og når/kven skal starte arbeidet med IP? Samarbeidsavtalane seier at pasienten sin IP skal følgje inn på sjukehuset om pasienten samtykkjer i det. Dette skjer i liten grad. Evaluering av dialogmøtet Munnlege tilbakemeldingar etter møtet peika i retning av at deltakrane opplevde samarbeidsseminaret som nyttig. Fleire peika på at det å treffe kvarandre og arbeide saman var ein god måte å løyse utfordringar på. Det vart òg sendt ut questback i etterkant av møtet med påminning og svarfrist. Her svarte 14 av 26 spurte, 8 frå føretak og 6 frå kommunane. Alle opplevde at seminaret var «nyttig» til «svært nyttig». 4
Kommentarar frå Questbackundersøkjinga En fin møtearena, hvor mange viktige problemstillinger ble tatt opp. Får belyst begge sider av tjenestenivåene sine utfordringer Lytte på hverandres utfordringer. Bli kjent med personene du samarbeider med Jeg opplevde vel at dette pr nå ikke var helt relevant for fysio- og ergo slik systemet er organisert nå. Det var litt nyttig, men samtidig litt på siden. En utfordring for fysio- og ergo er at bruker kanskje kommer hjem med en forventning vi ikke klarer å møte, enten ved antall ganger tilbud gis eller hvor raskt vi kommer i gang med sak. Var nyttig å få snakke med representanter fra kommunen i gruppearbeidet og hvordan det fungerte på andre avdelinger. Viktig å komme saman og ha litt tid til å verte kjende med einannan sin kvardag og rammevilkår. Enklare å ta ein telefon på eit seinare tidspunkt. Viktig for å betre kommunikasjon og samhandling Kunne med fordel ha hatt kun ein eller to case som blei diskutert i plenum. Blei mye gjentaking når ein heller kunne ha nytta tida til å finne gode løysningar. Det er to heilt ulike kulturar som skal møtas og skapa ei felles forståing, og eg opplevde at samhandlingsseminaret ikkje lukkas heilt med dette etter kun eit møte. Skal dette være av nytteverdi er det viktig at ein held eit møte nr 2 i løpet av våren eller tidlig haust for å byggje vidare på det arbeidet som blei starta. Oppfølging av samhandlingsseminaret FOUSAM har gjennomført evalueringsquestback og utarbeida rapport som vert sendt leiarane ved Haugesund sjukehus, Helse Fonna og i Haugesund kommune. Dei vil sjå korleis dei i praksis/drift kan følgje opp innspela frå møtet. Innspel frå deltakarane til vidareføring: Eg tenkjer at dette eigentleg bør gjennomførast årleg For å synliggjøre "elefanten i rommet" kunne en kanskje tatt opp hvilke utfordringer/avvik som blir meldt fra begge parter? Slik har det vært og hva kan vi da gjøre fremover for å sikre at dette ikke skjer igjen, hva gjør vi for bedre samarbeid etc.? 5
Hørt om tilbud i kommunen. Hva er utfordringene deres? Hva kan vi i spesialisthelsetjenesten gjøre? Ta opp cases og utfordringer i samhandlingen. Fokusere på at det er pasientene som er fokuset Hadde vært veldig nyttig å ha dette som fast innslag årlig (kanskje 2 ganger årlig også) med de store kommunene. Mer varierte oppgaver som løses i grupper. Kanskje 2 halve dager i stedet for 1 hel. Vedlegg: Program for dagen Lenke til omtale av seminaret på Haugesund kommune si heimeside: http://www.haugesund.kommune.no/aktuelt/nyhetsarkiv/7524-samhandlingsseminarmellom-helse-fonna-og-haugesund-kommune Rapporten er utarbeida av FOUSAM ved/ Margareth Worre Bårdsen SU koordinator 6
Velkommen til samhandlingsseminar Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Haugesund sjukehus og Haugesund kommune Tid: Måndag 23.februar kl. 09.00-15.00 Sted: Bjørgene utviklingssenter Målgruppe: Leiarar og tilsette som er involvert i overføring av pasientar, eventuelt fagsjukepleiarar og andre ressurspersonar Program: Kl 09.00 Kl 09.10 Kl 09.40 Kl 10.30 Kl 10.45 Kl 11.30 Kl 12.30 Kl 13.30 Kl 14.15 Kl 15.00 Velkommen Presentasjon av deltakarane og informasjon om dagen Informasjon om FOUSAM ved Sølvi Heimestøl Korleis opplever pasient, pårørande og tilsette overføringsprosessen? v/phd student HSH Else Rustad Pause Borddialog med løysning av case Lunsj Borddialog med løysning av case Oppsummering frå borddialog og vegen vidare PLO meldingar. Korleis kan dei verta betre? Vel heim! 7