Møring. Sunn. Ein ny vår. Nr. 1-2007. Stortingspolitikar. Harald Nesvik vil styrkje sjukehusa. og Volda. s. 6



Like dokumenter
Med god informasjon i bagasjen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Til deg som bur i fosterheim år

mmm...med SMAK på timeplanen


2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Med tre spesialitetar i kofferten

Minnebok. Minnebok NYNORSK

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Månadsbrev for Rosa september 2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Jon Fosse. For seint. Libretto

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Om å høyre meir enn dei fleste

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

FANTASTISK FORTELJING

Ledelse over fjord og fjell

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Brukarrettleiing E-post lesar

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Strategiplan for Apoteka Vest HF

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

OK, seier Hilde og låser.

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Informasjon til elevane

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Plassebakken Barnehage

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Brannsår, rus eller friheit?

Informasjon til pasientar og pårørande

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Kva er økologisk matproduksjon?

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Lønnsundersøkinga for 2014

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Transkript:

Sunn Møring Nr. 1-2007 Stortingspolitikar Tom Harald Nesvik vil styrkje sjukehusa i Ålesund og Volda. s. 6 Portrettet: Per Jan Osdal går frå helse til propellar. s. 8-9 - Maken til matfat finnast ikkje! s. 11 Ein ny vår Sondre er allergisk mot det meste. Men ei ny allergivaksine kan gjere det mogeleg for tiåringen å få oppfylt draumen sin. s. 4

Fullverdig føde- og barseltilbod Opninga av det nye barselhotellet i Ålesund er eit ledd i ein ny og spennande kvinneklinikk i Helse Sunnmøre. Barselhotellet blei opna 8. januar. Det nye tilbodet blei mellom anna markert ved at navlestrengen på dokka Elida blei klipt over. Dokka har fått namnet sitt etter det første barnet som vart lagt inn på hotellet same dag. Samlar sekretærane Sjukehuset i Volda samlar kontortenestene i éin felles seksjon. Det same vil også skje i Ålesund på litt lengre sikt. Arild Iversen er leiar for ei prosjektgruppe som sidan oktober i fjor har arbeida med å organisere sekretærar, resepsjonistar, postsekretærar, arkivarar og tilsette ved sentralbordet ved sjukehuset i Volda, i ei ny eining kalla Kontorseksjonen. Formelt blei seksjonen oppretta 1. januar i år, men kontoret blei først tatt i bruk i midten av februar. Meir variert arbeid 12 arbeidsplassar, som tidlegare var fysisk knytt til dei einskilde avdelingane, er no samla i eitt stort, felles kontorlokale. Solgunn Sæterås er tilsett som leiar for den nyoppretta eininga, og har per i dag drifts- og personalansvar for Kontorseksjonen. Ho er positiv til opprettinga, og peikar på gevinst i form av auka trivsel, og moglegheit til å hjelpe kvarandre i større grad enn i dag. Ho vonar også at samlokaliseringa vil kunne gje betre samarbeid, og seier at enkelte vil få meir varierte arbeidsoppgåver. Betre arbeidsmiljø Arild Iversen fortel at intensjonen deira er å styrke sekretærane som faggruppe. Vi håpar å setje sekretærane sin kompetanse meir på dagsorden, og trur dette vil verte ein styrke for alle. Vi får utnytta arbeidskrafta meir fleksibelt, og klarer å løyse arbeidsoppgåver meir som ein heilskap. Vi vil leggje vekt på felles opplæring, forståing og praksis. Han understrekar at eit anna viktig mål med omlegginga, er å styrke arbeidsmiljøet for dei tilsette. Vi har satsa mykje på medverknad, det vil seie at vi har brukt bedriftshelsetenesta, tillitsvalde og verneomboda aktivt i prosessen. Resultatet er lyse og trivelege kontorlokale med gode ergonomiske løysingar med mellom anna justerbare bord og kontorstolar som kan tilpassast kvar enkelt som jobbar der. Pionerar Fleire sjukehus andre stader i landet har gjennomført tilsvarande omorganisering som sjukehuset i Volda no gjer. Arild Iversen peikar likevel på at den opphavlege ideen kjem frå Volda. Han innrømmer at den fysiske avstanden som det no vert til avdelingane, kan by på nokre utfordringar i byrjinga. Men han seier at når systemet med elektroniske journalar kjem på plass i løpet av året, vil ikkje avstanden ha noko å seie. Dessutan vil journalar som kun er elektroniske, føre til ei vesentleg mindre arbeidsmengd. Sekretærane treng ikkje fysisk leite fram, distribuere, samle inn og arkivere hundrevis av journalar kvar dag, slik som no. Meir omfattande i Ålesund Helse Sunnmøre har nyleg tilsett ein prosjektleiar som får i oppgåve å setje i gang ei tilsvarande omorganisering for sjukehuset i Ålesund. Assisterande direktør Helge Ristesund i Helse Sunnmøre, seier at prosessen i Ålesund vil ta tid. Målsettingane er dei same som i Volda, men arbeidet er meir omfattande i Ålesund. Det er over 100 tilsette som er ein del av dette, og samlokaliseringa blir nok den største utfordringa. I dag har vi ikkje eit stort nok lokale som kan brukast, seier Ristesund. Tekst og foto: Frank Hilmar Brovold Prosjektansvarleg Arild Iversen og leiar Solgunn Sæterås ser fram til at den nye kontorseksjonen på sjukehuset i Volda kan takast i bruk. Plass til far Føde- og barseleininga ved kvinneklinikken disponerer ti senger på Åse hotell. Alle friske kvinner som føder normalt og får friske barn, skal som hovudregel tilbringe barseltida på hotellet. Vi er svært stolte av det nye tilbodet og kjenner oss sikre på at dette styrker vårt fullverdige fødeog barseltilbod i Ålesund, seier ein godt nøgd avdelingssjef Janita Skogeng. Og det nye tilbodet er verkeleg eit framsteg. Alle barselkvinnene får eige rom med fjernsyn og bad, og det er også lagt til rette for at far kan bu på hotellet. Ein god start Dei første dagane i ein ny familie er viktig for det seinare familielivet, og Skogeng har tru på at eit opphald på barselhotellet nettopp vil leggje til rette for ein god start. På barselhotellet vil det bli gitt det same omsorgstilbodet av jordmor og barnepleiar som i ei vanleg barselavdeling. Den store forskjellen er at far eller ein annan pårørande no får høve til å tilbringe heile barseltida saman med mor og barn. Alle jordmødre og barnepleiarar på føde- og barseleininga skal rullere på å jobbe på hotellet etter turnus. Dette er eit ledd i å skape ein ny og spennande kvinneklinikk i Helse Sunnmøre, understrekar Skogeng. Det nye tilbodet vart feira med navlesnorklipping. Frå venstre jordmor Janne Karin Vartdal, avdelingsjordmor Kari Nigatu og barnepleiar Anne Margrethe Akslen Roleg, trygt og godt Kristina Walderhaug var allereie på plass då barselhotellet opna. Ho saknar ingenting. Nei, her er det meir enn kva dei kan tilby på ei vanleg sjukehusavdeling, seier den nybakte mora. Mannen Alexander synest det er godt å kunne styre seg sjølv med eige rom og eige bad. Begge set også pris på den rolege atmosfæren samanlikna med ei hektisk barselavdeling. Det er trygt å ha helsepersonell i same etasje døgnet rundt. Det var lett å overtale meg til å flytte hit, ler Kristina. Nyskapande Administrerande direktør Astrid J. Eidsvik er imponert over det nye tilbodet. Utgangspunktet var økonomi, men dette har no blitt eit kvalitetsprosjekt, og fokuset er på kvalitet vel så mykje som økonomi. Direktøren er full av lovord om måten Janita Skogeng har leia arbeidet. Skogeng har vist seg som nyskapande og nytenkjande, og ho sit inne med verdifull erfaring også som jordmor, seier Eidsvik. Ho takkar også for det flotte engasjementet dei tilsette på føde- og barseleininga og Åse Hotell har vist under heile prosessen. I tillegg til Skogeng har arbeidsgruppa bestått av jordmor Marie Vartdal, hotellsjef Marie Gamlem, barnepleiar Anne Akslen, avdelingsjordmor Kari Nigatu, overlege Sissel Hjelle og fagutviklingsjordmor Vigdis Stavseng. Sistnemnde har vore prosjektleiar. Tekst og foto: Solveig Moe Frøland Storebror Matteus kosar seg saman med pappa Alexander, mamma Kristina og nyfødde Elida. Sidan Elida var det første barnet på barselhotellet, fekk ho ei barneskei i sølv i gåve frå Helse Sunnmøre.

Ein ny vår Sondre Framhus (10) drøymer om å bli bonde. Men først må ein vaksine gjere noko med allergien og astmaen hans. Trekk inn pusten, og ut no! Sondre bles av all kraft inn i munnstykket på spirometri-maskinen. Ei søyle på skjermen viser kor god lungekapasitet han har. Seks sekund seinare er Sondre mørkeraud i andletet. Det er nok no. Du er flink, skryt sjukepleiar Helen Ytrebø og fjernar den blå naseklypa. God effekt Saman med tre andre barn er Sondre plukka ut til å vere med i eit prosjekt med allergivaksine på Ålesund sjukehus. I tre år skal barna få sprøyter som inneheld det dei er allergiske mot. Dosane blir gradvis auka dei sju første vekene for å sjå kor mykje dei toler, og deretter får dei den tilpassa toppdosen kvar åttande veke. Vi har svært gode resultat med denne behandlingsmetoden, seier overlege Anders Moen på barneavdelinga. For tre år sidan starta dei med den første gruppa av barn, og konklusjonen er klar: Effekten av vaksinen er dramatisk god! Mange av barna har bokstaveleg talt fått ein ny vår. Tidlegare hadde dei mange innedagar, medan no klarer dei fleste å halde allergien i sjakk med minimalt av medisin. Dei verst ramma Behandlingsmetoden er ikkje ny. Allergivaksine blei mykje brukt på 70-talet, men den gong var effekten meir usikker, og det var fleire alvorlege biverknader på vaksineringa enn det er i dag. Overlege Anders Moen fortel også at prosessen med å velje ut barn som får vere med, er grundig. Barna er allereie pasientar hos oss, og dei må vere over fem år. Vi plukkar ut dei som er verst plaga og som ikkje har god nok effekt av å ta allergimedisin. I tillegg er det viktig at barna er motiverte for dette. Det er ein lang prosess som krev mykje tolmod. Barna skal ta 28-29 sprøyter i løpet av tre år, seier Anders Moen. Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i allergi blant barn, særleg astma og eksem. Kanskje så mykje som kvart femte barn har eller har hatt astma i dag, og Moen fryktar endå fleire tilfelle i framtida. Ingen veit sikkert kvifor dette aukar, men den største hypotesen er at vi lever for reint; at kroppen vår rett og slett har for få bakteriar å jobbe med. Målbevisst Sondre er klar for si sprøyte. Stemninga i rommet er god, og Sondre smilar. Sjukepleiar Helen er full av morosame historier som gjer sprøytespissen mindre vond. Svir det? spør Helen, men Sondre ristar på hovudet. Tiåringen frå Stranda er det fagfolka Vebjørn skal ta nesten 30 sprøyter dei neste tre åra. Sjukepleiar Helen Ytrebø har kontroll på dosane. kallar for multiallergikar. Det betyr at eg ikkje kan ete dei største kakene, ler Sondre. Om nokre år kan han kanskje ete fisk også, og kjøpe seg ei geit. For Sondre skal bli bonde. Det er han fast bestemt på. Tekst og foto: Stig Ryland Vinnarloddet Korleis gjekk det sist gong? spør sjukepleiar Helen og smilar til Vebjørn Melgaard Tårn. Vebjørn har vore hardt ramma av gras- og bjørkepollen sidan han var liten gut, og no er han innom for å ta sprøyta for tredje gong. Våren og sommaren er eit mareritt for Vebjørn. Hovne og rennande augo, kløe og tung pust slit hardt på humøret til ein gut som gjerne vil oppleve det same som andre tiåringar. Mor Anne har stor tru på vaksinen som guten hennar får. Vi føler at vi har trekt vinnarloddet som får bli med på dette. Medisinen han har brukt fram til no, har ikkje virka. Vebjørn kikkar ned på dosen som forsvinn gjennom sprøyta i armen. Eg vil bli betre, seier han. Helen nikkar og forstår. Til no går alt etter planen.

Det beste for pasienten Grundig prosess Stortingspolitikar Harald Tom Nesvik ønskjer å oppheve dei regionale helseføretaka og gjere sjukehusa sjølvstendige. Han er redd for at dei tidlegare sentralsjukehusa vil falle mellom universitets- og lokalsjukehusa i kampen om budsjettmidlar. Harald Tom Nesvik er leiar i Helse- og omsorgskomiteen, og representerer FrP for Møre og Romsdal på Stortinget. Han legg ikkje skjul på at ambisjonen hans er å reversere inndelinga av Noreg i helseregionar, for så å samle sjukehusa i eitt rike. Då ville til dømes sjukehusa i Ålesund og Volda få budsjett som er basert på pasientgrunnlaget og behovet i regionen, medan dei i dag må kjempe om pengar med nye St. Olavs Hospital i Trondheim og gje frå seg viktige funksjonar fordi dette sjukehuset treng omsetning, seier Nesvik til SunnMøring. Økonomien styrer, ikkje pasientbehova Nesvik ser at dei mellomstore sjukehusa er utsett slik situasjonen har utvikla seg dei siste åra. Dei store regionsjukehusa får alltid merksemd, mykje på grunn av storleiken. Dei mindre lokalsjukehusa blir passa på av engasjerte innbyggjarar i områda dei dekkjer, medan dei tidlegare sentralsjukehusa, som ein jo ikkje får lov å kalle dei lenger, lettare blir offer i ei fordeling av ressursar som ikkje handlar om pasientretta omsorg, men om å balansere budsjetta. Det grunnleggjande problemet er ei helsereform som er underfinansiert, meiner Nesvik. Det har mellom anna ført til at mange sjukehus slit med ei gjeldsbyrde som bidrar til å hemme utviklinga av ein sunn økonomi og sunne organisasjonar. Men trass i stadige rop om hjelp og varsko frå nesten samtlege grupper i helse- Noreg, sit trepartiregjeringa og ventar, i staden for å ta dei nødvendige grepa. Og eg er ikkje samd med dei som hevdar at sjukehusa krisemaksimerer. Eg reiser mykje rundt og snakkar med tilsette på sjukehus i heile landet. Mi erfaring er at dei alle ønskjer éin ting, og det er det beste for pasienten. Snu finansieringa på hovudet Eit anna problem Nesvik trekkjer fram, handlar om pengestraumen i helseføretaka. Pengane følgjer ikkje aktiviteten, og nettopp dette utgjer ein trugsel for eit sjukehus som det i Ålesund. Sjølv om pasientgrunnlaget og behovet er til stades, risikerer dei å få mindre pengar enn dei treng fordi eit anna stort sjukehus i same føretak blir prioritert. Å oppheve helseføretaka og gjere sjukehusa sjølvstendige, vil vere ei god løysing. Eit stykke på veg vil ein også kome viss ein snur rundt på dagens finansiering, og lét den innsatsstyrte delen av budsjetta stå for 60 prosent av totalen, og lét basisløyvinga stå for 40. I dag er det omvendt. Nesvik meiner den omdiskuterte samanslåinga av Helse Sør og Helse Øst er eit steg i riktig retning. Eg har fremja eit forslag om å fjerne helseføretaka rett og slett for at pengane skal gå dit der pasientane blir behandla, seier han. Nærleik løner seg Sjukehusa i Ålesund og Volda er viktige fordi det ligg ein helsegevinst i det å bli behandla i nærleiken av der du og familien din bur. Folk stoler på legar og sjukepleiarar som dei anten kjenner, eller som er ein del av lokalmiljøet. Samstundes er ein viss grad av sentralisering og spesialisering nødvendig, rett og slett fordi legane treng tilstrekkeleg tilgang på pasientar for å bli flinke til å behandle mindre hyppige lidingar. Men etter til dømes ei utblokking eller ein kreftoperasjon, burde det ikkje vere noko i vegen for at oppfølginga kan skje nærare pasienten. Då treng vi ikkje berre lokalsjukehusa som tar seg av ei rekkje basisfunksjonar, men også dei mellomstore sjukehusa som kan handtere ein viss grad av spesialisering, meiner leiaren i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Harald Tom Nesvik. Tekst: Jan-Sverre Syvertsen Foto: Stortingsarkivet/Scanpix Stolt av samarbeidet Vi har i dag ei fin og velfungerande laboratorieteneste som det ikkje er nokon grunn til å sentralisere, seier avdelingsoverlege Kåre Michelsen. Michelsen sit i gruppa som skal vurdere framtida for laboratorietenesta i Helse Midt-Norge. Arbeidet er sett i gong i samband med prosjektet Eigarstrategi 2010. Fornuftig og effektiv Avdelingsoverlegen er ikkje i tvil om at det beste og rettaste er å halde fram som i dag. Eg ser ingen faglege grunnar til å gjere endringar, og det er heller ingen økonomi å vinne på å sentralisere. Laboratorietenesta er mest fornuftig og effektiv slik ho er i dag. Det kan ikkje vere rett å byggje ned dei andre føretaka for å til dømes redde St. Olavs Hospital i Trondheim, understrekar Michelsen. Han trur likevel at det er behov for endringar innan mindre område, som til dømes når det gjeld vaktordninga i laboratorieverksemda. Det er naturleg at det blir lagt opp til eit vaktsamarbeid på legenivå. Éin lege på vakt er nok for heile regionen innan kvart fagfelt, seier han. Frykt for arbeidsplassar Michelsen legg ikkje skjul på at dei tilsette ved laboratorieavdelinga i Ålesund og Volda er redde for arbeidsplassane sine. Det er frykt for at delar av tenesta vil bli lagt ned og arbeidsplassar forsvinna. Vi har snakka mykje om det, og det er viktig å orientere fortløpande. Det er mange bioingeniørar på Sunnmøre, og fleire er utan arbeid. Difor vil det vere vanskeleg for mange å få jobb igjen. Kåre Michelsen er full av lovord om medarbeidarane sine. Dei er velkvalifiserte og dyktige. Vi vil ikkje miste nokon av dei. Samarbeidet mellom Volda og Ålesund er dessutan særs bra. Kvalitetsprisar Den høge kvaliteten til laboratorieavdelinga i Helse Sunnmøre har resultert i fleire prisar. I 2002 vann dei Helse Sunnmøre sin kvalitetspris, og i 2004 blei dei kåra til årets avdeling i Helse Midt-Norge. I grunngjevinga frå leiinga i helseregionen heiter det mellom anna at prisen er gitt for stor handlekraft og evne til omstilling i tråd med helsereformas intensjonar. Laboratorieavdelinga kan vise til solid produksjonsvekst, auka inntening og god økonomistyring. På dei siste 18 åra har vi alltid gått med overskott, bortsett frå i fjor. Samanlikningar viser også at vi er blant dei mest effektive og best drivne laboratorieavdelingane i landet, fortel Michelsen. Akkreditert Akkrediteringa som dei har fått, dokumenterer også at kvaliteten er god. Ei akkreditering heng høgt og er eit kvalitetsteikn av ypparste klasse. I Helse Midt-Norge er det berre Ålesund og Nord-Trøndelag som har fått denne akkrediteringa, og det vil vere merkeleg å flytte arbeid frå eit akkreditert laboratorium til eit som ikkje er det, til dømes St. Olavs Hospital i Trondheim. Det vi treng no, er arbeidsro og eit godt samarbeid mellom helseføretaka, slik det burde vere, seier Kåre Michelsen. Tekst og foto: Stig Ryland Sjølv om tida har vore knapp, meiner eg likevel at vi så langt har hatt ein grundig prosess, seier kommunikasjonsrådgjevar Tor Harald Haukås i Helse Midt-Norge. Haukås sit i det regionale sekretariatet for Eigarstrategi 2010, og koordinerer mellom anna intern og ekstern informasjon rundt prosjektet. Han er godt nøgd med engasjementet så langt, og ser fram til å kikke nærare på prosjekta som blir lagt fram i slutten av månaden. Engasjementet vil normalt auke når det nærmar seg tida for å ta ei avgjersle. Det skortar verken på engasjement, kunnskapar og evne til å seie frå i helseføretaka våre. Og takk for det! Kor viktig er det å ta med de tilsette i denne prosessen, og korleis blir dette gjort? Det er heilt avgjerande at tilsette og fagmiljøa deltar aktivt både direkte i prosjekta og med innspel til prosjektgruppene. I tillegg er den dialogen helseføretaka og det regionale helseføretaket har med tillitsvalde viktig, både for å sikre medverknad, og for å gje oss tilbakemelding på konkrete forslag og prosessar. Ein god dialog med tilsette, brukarar og samarbeidspartnarar vil bidra til å gjere avgjerslene betre, og kan også bidra til forståing for dei vala leiinga gjer. Alle desse gruppene er ein viktig føresetnad for å kunne gjennomføre endringar på ein vellukka måte. Korleis synest du prosessen har vore til no? Sjølv om tida har vore knapp, meiner eg likevel at vi så langt har hatt ein grundig prosess. Grundig arbeid og solid dokumentasjon gjennom prosjektrapportane gjer også at vi har fått fram eit godt grunnlag for å ta avgjersler. Dei fem første eigarstrategi-prosjekta som skal leggjast fram for det regionale styret i februar, vil leggje viktige premissar for korleis vi skal utvikle behandlingstilbod og organisere oss på nokre område. Men det er helseføretaka som skal setje i verk endringane, og det vil også krevje openheit og medverknad. Kva er målet med Eigarstrategi 2010? Målet er å utvikle helseføretaka slik at dei på ein effektiv og trygg måte kan gje dei som bur i Midt-Noreg likeverdige tenester av høg kvalitet. Vi skal også bidra til å sikre riktig prioritering. Det betyr at ressursar som blir frigjort, må brukast til å styrkje dei prioriterte områda som psykisk helsevern, rusbehandling, tilbodet til sjuke eldre, kronisk sjuke og tryggleik og tilgjengelegheit ved akutt sjukdom. Eigarstrategien gir oss også høve til å sjå på organisering og oppgåvefordeling innan og mellom helseføretaka våre. 7

PORTRETT P O R T R E T T Foto: Privat Balansekunstnaren Med tunga beint i munnen har Per Jan Osdal halde styr på plussar og minus i Helse Sunnmøre. No gler han seg til å lage eit budsjett med overskott. Det knatrar i tastaturet på kontoret til økonomisjefen. Per Jan Osdal er travel oppteken med å leggje handa på det siste årsoppgjeret sitt for Helse Sunnmøre. Salderinga av budsjettet for 2007 må også i hamn før 41-åringen kan pakke ned dei blå permane i bokhylla. 1. april byrjar han i ny jobb som økonomisjef i Rolls Royce Marine etter fleire år med helsebudsjett. Søv godt om natta Osdal har lært mykje, både som menneske og økonom, av åra i Helse Sunnmøre. Helseføretaket har gått gjennom store endringar sidan det blei samla til eitt rike i 2002. Medieoppslaga har vore mange, og som oftast har det handla om nedskjeringar og underskott. Men Osdal hevdar at han har sove godt alle desse åra. Eg kan ikkje hugse at eg har lege vaken om natta, men det kan nok hende at eg har vakna ekstra tidleg nokre gonger, seier han med eit smil i vissa om at det er mange år sidan han kunne levere ein rekneskap med overskott. Det skjedde sist då han var økonomisjef på Volda sjukehus på 90-talet. Eg føler ikkje at eg har mislukkast i Helse Sunnmøre. Motivasjonen min har vore å vere med på å skape eit helsetilbod som folk opplever som godt, og mitt inntrykk er at dei fleste av brukarane våre er svært godt nøgde med den hjelpa dei får. Gradvis interesse Han utmerka seg ikkje noko spesielt i mattematikk på barneskulen heime i Ulsteinvik. Eg var vel som dei fleste andre, og grudde meg aldri til mattetimane, minnest Osdal. Han trur det er tilfeldig at han enda opp som blåruss i Molde. Interessa for tal har kome gradvis. Etter militæret valde han å flytte tilbake til Molde for å gå på distriktshøgskulen. Der spesialiserte han seg i marknadsføring og internasjonalisering. Kort tid etter hadde både Hornindal kommune i Nordfjord og Åmot kommune i Østerdalen gleda av å ha ein sunnmøring som økonomisjef nokre år, men i 1993 vende Osdal nasa heimover saman med kone og barn. Etter jobb i Ørsta kommune og seinare på Volda sjukehus, jobba han som økonomisjef på sjukehuset i Ålesund fram til Helse Sunnmøre blei etablert. Dragkamp Osdal har delte meiningar om sjukehusreforma som blei gjennomført i 2002. Det var enklare å drive sjukehusa i balanse før reforma. Finansieringa var betre under fylkeskommunen, men organiseringa er betre slik vi har det no. Vi har vore gjennom store strukturelle endringar i spesialisthelsetenesta, og til tider har det vore ei belastning. Men alt i alt har det vore meir spanande enn tungt, understrekar han. I eit pressa helsebudsjett vil det naturleg nok bli ein del tautrekking om ressursar mellom ulike avdelingar, men økonomisjefen trur han har klart å ta vare på sin eigen integritet og gitt lik behandling. Du lærer jo å kjenne dei du arbeider saman med og veit etter kvart korleis dei reagerer. Men i ein jobb som dette, kan du ikkje gå frå jobben og tenkje at alle er nøgd med det du har gjort. Då er du på feil plass. Slogen til sommaren Innimellom budsjettslaga finn Per Jan Osdal kvile i å slappe av på hytta ved Åndalsnes. Her er det kort veg til Romsdalshorn, Trollveggen og andre naturperler. Utsikta frå hytta er åleine nok til å fjerne tankar om finanstransaksjonar og kontantekvivalentar. Eg set meir og meir pris på å vere ute i naturen, og vi prøver å kome oss av garde til hytta så ofte vi kan. Eg har kjøpt dei fleste turbøkene om fjella på Sunnmøre, og her finst det eit enormt potensiale for spanande turar som ikkje er realiserte. Eg har faktisk ikkje vore på Slogen endå, Helse er noko anna enn propellar. Helse har ein heilt annan dimensjon. seier Osdal og ser ned i skrivebordet. Det 1500 meter høge fjellet er eit definitivt mål til sommaren, forsikrar han. Sykkel gir overskott I fjor haust byrja han på spinning. To-tre gonger i veka sit han på sykkelen og sveittar ut tal og kolonnar. Eg kan vel seie at eg har blitt heilt hekta. Spinning er ei form for trening som eg tilrår på det varmaste. Særleg i periodar der du jobbar mykje, gir ei intensiv treningsøkt på sykkelen meir overskott. Familiefaren har også engasjert seg i handballklubben der dottera er medlem. Som leiar i Fiskarstrand Håndball har Osdal ansvar for at klubben får inn pengar på kiosksal, turneringar, basarar og andre arrangement. Men eg har eitt prinsipp, og det er at eg ikkje vil vere kasserar eller revisor i noko eg engasjerer meg i på fritida. Større fridom Når Per Jan Osdal byrjar som økonomisjef i propellfabrikken Rolls Royce Marine i Ulsteinvik, får han ansvar for eit budsjett på to milliardar kroner. Det er om lag like stort som i Helse Sunnmøre. Men der stoppar også likskapen. Eg ser fram til å få større fridom. Eg har nok følt meg litt handlingslamma av og til i Helse Sunnmøre og har sakna å kome til det punktet der du kan byrje å gjere noko i staden for å stadig vere bakpå. No blir eg ein del av ei verksmed som er prega av større handlefridom, og som har eit sterkt og einsretta fokus på utvikling og nye løysingar. Men eg kjem til å sakne det å jobbe i ein samanheng som er viktig for folk flest. Helse er noko anna enn propellar. Helse har ein heilt annan dimensjon. God dialog Osdal tilbakeviser at han skiftar jobb fordi han er lei raude tal. Eg er 41 år no og føler det er riktig av meg å byte jobb medan marknaden framleis vil ha meg. Dessutan gler eg meg til å børste støvet av gamal lærdom, seier marknadsføraren som meiner han er kommersiell nok til å klare overgangen. Etter fleire år med vanskelege snuoperasjonar er han forsiktig med å ta ære for ting som har lukkast. Men eg er nøgd med at vi har klart å heve kvaliteten på den informasjonen som er nødvendig for avdelingane å ha for å kunne styre. Eg har også oppnådd å få ein god dialog med alle avdelingssjefar. Det er mange ekstremt hyggelege og dyktige folk her, og eg håpar dei lukkast i å styre avdelingane med overskott framover. Då skal dei få ein propell av meg i julegåve, smiler økonomisjefen. Tekst og foto: Stig Ryland 9

Strekkjer seg langt Gjester, presiserer Jan-Arne Hove. Kva? Eg vil gjerne at vi kallar pasientane for gjester, for det er det dei er. Hove fortel at dei strekkjer seg langt for gjestene sine, lyttar til ønskjer og behov, kva dei toler og kva dei ikkje toler, kva dei likar og kva dei ikkje likar. Gjester som ønskjer seg noko spesielt, får det, forsikrar kjøkkensjefen. Enkelt og greitt. Men korleis reagerer gjestene på maten? Tilbakemeldingane frå gjestene gir inntrykk av at maten blir presentert på ein slik måte at ein får lyst til å ete han, og det er viktig. Det er ei god tilbakemelding, understrekar Hove. Nøgde gjester Eg bestemmer meg for å gå kjøkkensjefen sine fråsegner nærare i saumane. Eg snakkar med fleire gjester, og det er ikkje måte på lovord når eg spør om korleis dei likar maten. På eit rom høgt oppe, med utsikt til barnehage og byggjefelt, sit Synnøve Ørstavik. Ho har vore innlagt i snart sju veker, og er det nokon som kan uttale seg, bør det vere ho. Maten? Ja, er du nøgd med det du får servert? Eg har ikkje sett maken til matstell som her! Å? Ja, maten er så velsmakande og variert, og så ser det så delikat ut når du får det! Så du vert ikkje matlei? Å nei, langt ifrå! Dagens lunsj, ein lasagne som for kort tid sidan passerte ivrige hender på kjøkkenet, blir servert medan vi sit og pratar. Sjå på dette! Sjå så flott det er laga, seier Synnøve takknemleg. Eg lét Synnøve få ete i fred. Alle fordomar om sjukehusmat er gjort til skamme. Ute i gangen går eg forbi ei tralle med lasagne. Går tilbake, og går sakte forbi igjen. Stiller meg bak eit hjørne og ser at ivrige hender tømmer tralla for brett. Men det vart som eg trudde. Ingenting til overs. Den som hadde vore gjest på Volda sjukehus! Tekst og foto: Frank Hilmar Brovold Eit sårt sakna tilbod Maken til mat Menyen på sjukehuset i Volda er så freistande at ein stakkar får lyst til å brekke både armar og bein for å nyte han. Kalkuntapas, kjøttpudding med fløtesaus, hermetisk pære med sjokoladesaus og krem, pasjonsfruktfromasj, varmrøykt pepperlaks, tortellini i ostesaus, dampa laksefilet, bresert oksesteik, eller kva med rett og slett ein sjokoladepudding med vaniljesaus? Eit magisk kjøkken Det skjer noko magisk på kjøkkenet på sjukehuset i Volda. Kvar dag. Som eit bibelsk under klarer dei tilsette der å gjere 58 norske kroner i kostøre per pasient om til hundre fiskerettar, eit utal brødskiver og mangfaldige liter med blomkålsuppe. Og det på ein vanleg fredag! Korleis er det mogeleg? Kjøkkensjef i Helse Sunnmøre, Jan-Arne Hove, viser ikkje spor av å vere stressa der han står over grytene. Det er ei utfordring kvar dag, men vi klarer det! Så det er ikkje noko som skjer tilfeldig her, altså? Nei, det kan det ikkje vere, repliserer Hove kjapt. Han har sannsynlegvis rett. Helse Sunnmøre sine kjøkken i Volda og Ålesund lagar mat til nærare 1500 menneske kvar dag. Det gjer vel grunn til å tru at det er ein plan bak det heile. Kvalitet i alle ledd På kjøkkengolvet er planen sett ut i praksis. Førebuinga til dagens lunsj når høgdepunktet idet dei tilsette samlar seg kring samlebandet. Lasagne med salat, brød, ost og passande drikke, passerer, blir komplettert og lagt på brett før det blir sett inn i tralla. Arbeidet går jamt, alle veit tydelegvis kva dei skal gjere. Og det er ein fryd å sjå på. Kommunikasjonen er så intern og sparsam som berre mange år med lagarbeid kan gjere han: ost, hmf!, diett, vatn -her, ja!, den!, der!, er dette eller ein kombinasjon av desse. Eg skjøner at eg ikkje er mann nok til å tolke kodespråket, men får snakke med ei som kan. Beate Leite Førde er assisterande kjøkkensjef, noko som i praksis vil seie arbeidsleiar. Ho har jobba på sjukehuskjøkkenet i Volda i snart ti år, og manglar ikkje lovord om medarbeidarane sine. Dei som arbeider her, er ein utruleg positiv gjeng. Og det kan eg sjå, for kring samlebandet er det latter og munter prat. I tillegg til å fordele arbeidsoppgåvene, har Beate ansvar for innkjøp og oppsett av menyar, samt fagleg ansvar for Helse Sunnmøre sine fem lærlingar. Og det faglege er noko som vert tatt på alvor, av alle dei tilsette. Frukt og grønt, ferske råvarer og minst mogeleg halvfabrikat er viktige stikkord. Det gir kvalitet - og nøgde pasientar. Bygginga av ny seksjon ved vaksenpsykiatrisk avdeling i Helse Sunnmøre er godt i gang. Etter planen skal bygget stå ferdig om eitt år. Dette er ein milepæl for psykiatrien, sa administrerande direktør Astrid J. Eidsvik under markeringa 30. januar. Alderspsykiatrisk seksjon som er organisert under vaksenpsykiatrisk avdeling, blir dermed samlokalisert og ein integrert del av avdelinga. Samarbeid I følgje Eidsvik vil drifta av alderspsykiatrisk seksjon skje i nært samarbeid med kommunehelsetenesta på Sunnmøre. Målgruppa for den nye posten vil mellom anna bli demente pasientar med omfattande åtferdsproblem og/ eller omfattande psykiatrisk symptomatologi, og pasientar med alvorleg psykiatrisk liding med debut etter 65 år. Samlokaliseringa vil gi eit effektivt arealbruk, og samling av fagmiljøet vil medverke til ei effektiv drift/god produktivitet. Ei slik lokalisering vil vere eit godt utgangspunkt for samarbeid med somatisk medisin og då spesielt geriatri, med laboratorium, røntgenavdeling og somatisk utgreiing/behandling. Sansehage Nybygget blir plassert vest for eksisterande psykiatribygg og knytt til dette med felles inngangsparti for akuttinngang og alderspsykiatrisk poliklinikk. Service som fysioterapi, ergoterapi og sosiale tenester vil bli tilbode pasientane, men ein planlegg ikkje eigne rom for desse aktivitetane utanom lokale i eksisterande avdeling. Nybygget blir oppført i to etasjar, og det blir utforma som eit vinkelbygg, slik at det blir etablert gode og solrike uteområde både for nybygget og psykiatribygget. Utearealet skal bli opparbeidd som ein sansehage. Bygget som blir på om lag 1500 m2, er kostnadsrekna til om lag 37 millionar kroner. Ein planlegg innflytting i februar/mars 2008. Solveig Moe Frøland Leiar i brukarutvalet, Jens Olsen, sette det første spadestikket for ny vaksenpsykiatrisk avdeling den 30. januar. 11 11

REPORTASJE R E P O R T A S J E Foto: Leif Gabrielsen På kontoret til Roland Ruiken heng eit bilete av Jigoro Kano, den japanske grunnleggjaren av judo. Vi er 10-12 tilsette som kjem frå Tyskland. Vi har litt ekstra god kontakt, både på jobb og i fritida. Det er fint å kunne mimre litt om gamlelandet av og til, seier Roland med glimt i auga. Judotrenar Judo er ikkje berre ein lidenskap for Roland, men også for kona og dei tre barna deira. Heile familien trenar saman to gonger i veka, og i tillegg får mange ålesundarar glede av ekteparet sine judoferdigheiter. Både Roland og kona er nemleg trenarar i Ålesund Judoklubb. Det er fint å kunne gje vidare det som eg har lært. Eg prøver å blande leik og teknikk, og det er morosamt å sjå kor forskjellige barn er. Judo er ein fin idrett som er sunn for helsa. Vi har mindre skader enn fotball, handball og basketball, fortel Roland. Sjølv vil han halde på med judo så lenge han kan. Ein gamal trenar av meg vann nyleg World Masters. Han er 62 år. Tekst og foto: Stig Ryland Det var med dyp sorg vi noen dager før jul mottok det triste budskapet om at overlege Gunnar Roald var død. Vi visste at han var blitt syk, men dette skjedde likevel så brått og uventet. Han ble 62 år gammel og var i arbeid i sykehuset så sent som tre-fire uker før han døde. Ved Gunnar Roalds bortgang har Ålesund sykehus mistet en god og lojal arbeidstaker, og vi som arbeidet sammen med han, har mistet en god venn og medarbeider. Det ble tidlig klart at Gunnar Roald ville bli lege. Han ble uteksaminert fra universitetet i Lübeck i 1970 med norsk tilleggsprøve i 1971. Han valgte å spesialisere seg i anestesiologi, og ble godkjent spesialist i 1979. Ålesund sykehus var hans arbeidsplass i over 30 år. Han begynte ved anestesiavdelingen 15. januar 1976. Siden har han arbeidet ved anestesiavdelingen. Fra 1980 til 2000 var han sjef for avdelingen. Etter år 2000 valgte han selv å gå tilbake til stillingen som vanlig overlege. Minneord Foto: Sunnmørsposten Kirurg med svart belte Då Roland Ruiken var ti år gamal, fekk han beskjed av legen sin om å byrje med ein idrett. Ti år seinare var han blant verdas beste i judo. Roland bøyer seg ned for å ikkje dunke hovudet i karmen når han kjem gjennom døra. Eg kikkar opp på den to meter høge kroppen og har vanskar med å sjå for meg at Roland ein gong har vore ein spinkel tiåring. Slått av alle Eg var så tynn og svak at fastlegen bad meg om å finne ein idrett eg kunne halde på med. Sidan mor allereie køyrde systera mi på judotrening, blei eg med dit, fortel han. Og legen hadde rett. Roland var så spinkel at han blei slått av alle. Det tok heile tre år før han vann for første gong! Det var ei ny oppleving for meg, og det gjorde mykje med sjølvbiletet mitt. Sidan blei det mange sigrar. Roland har blitt tysk meister, og vunne fleire europeiske turneringar. I 1984 var han tysk judo-reserve under OL i Los Angeles. Og 45-åringen er framleis aktiv på matta. I januar vann han klassen sin under eit nyårsstemne i Drammen. Eg er eigentleg 20 år for gamal til å konkurrere, men eg klarer ikkje å la vere, smiler han. Napp i Volda Det er snart sju år sidan Roland kom til Sunnmøre med familien sin. På den tida var det store nedskjeringar på tyske sjukehus, og den nyutdanna kirurgen hadde skrive 50-60 søknader på ledige jobbar som kirurg utan å få napp. Heilt tilfeldig kom han over ein artikkel som fortalde om stor mangel på fagfolk innan helsevesenet i Noreg. Roland søkte på ei ledig stilling på sjukehuset i Volda, og berre to dagar seinare blei han beden om å koma på intervju. Kort tid etter var flytte- lasset på veg frå Stuttgart. Roland kan framleis hugse det første møtet med Sunnmøre. Det var eit fantastisk vær. På veg mot Volda såg vi ein fjordhest. Då måtte vi stoppe og nyte synet. Språkbarrierar I dag arbeider Roland som overlege på kirurgisk avdeling på sjukehuset i Ålesund. I starten måtte han overvinne ein del språkbarrierar, men i dag går det greitt. Mange av spesialuttrykka ein brukar i kirurgien, finnast ikkje i tysk/norske ordbøker. Difor måtte eg bruke privatlærar for å lære meg dei norske orda, fortel Roland. Både Roland og kona arbeider på sjukehuset, og er ikkje dei einaste med tysk opphav. Judo er ein japansk kampidrett der det er viktig med balanse, koordinasjon, smidigheit og styrke. Jigoro Kano, som blir rekna som grunnleggjaren av judo, starta den første judoskulen i Tokyo i 1882. Judo er i dag verdas åttande største olympiske idrettsgrein med over 16 millionar utøvarar over heile verda. Roland er framleis aktiv på matta, både som utøvar og trenar. Vi som hadde gleden av å arbeide sammen med han fra 1976, lærte raskt å kjenne Gunnar som en svært dyktig og kunnskapsrik fagmann. Han hadde en slik fin evne til å kombinere grundig teoretisk kunnskap med praktiske ferdigheter. Gunnar ble fort en viktig person i Ålesund sykehus, og han fikk betydning for sykehuset på mange områder ikke bare innenfor sine egne fagområder. Han har i flere perioder vært sjeflege, og han var også konstituert direktør et knapt år i 1994. I disse periodene var han en viktig del av sykehusets ledelse. Han var analytisk, klar og rolig, han var levende engasjert i sykehuset og hadde en egen evne til å finne gode løsninger på utfordringene. Han ble mye brukt til ulike utredninger både lokalt og regionalt, og hans bidrag var alltid preget av hans høye kompetanse og hans evne til å se løsninger. Han var alltid villig sa aldri nei til utfordringer. Han så tidlig betydningen av å legge forholdene til rette for kompetanseheving og videreutdanning i sykehuset. Det er mye hans fortjeneste at anestesiavdelingen er blitt et så godt sted for videreutdanning i anestesifaget, både for leger og sykepleiere. Et område som han var spesielt engasjert i, var videreutdanning i sykepleie for akutt og kritisk syke. Han var sentral i oppbyggingen av denne utdanningen i Møre og Romsdal, og han var til uvurderlig støtte i videreutviklingen av denne. Gunnar Roald engasjerte seg også nasjonalt. Da disse videreutdanningene skulle overføres fra Helse- og sosialdepartementet til Kirke-, undervisnings- og forskningsdepartementet, deltok han i Gjertsenutvalget og senere i rammeplanutvalget. Hans engasjement bidro til at den modellen en hadde utviklet i Ålesund, også ble modell på nasjonalt plan. Gunnar Roald var høyt respektert både for sin faglige dyktighet og for sine menneskelige egenskaper. Han var en dyktig leder og en god og strategisk planlegger. Han tenkte langsiktig, og han jobbet målrettet for det han mente var riktig. Og han oppnådde resultater! Gunnar Roald er egentlig en viktig del av sykehusets historie. Han har sin del av æren for at sykehuset er der det er i dag. Han vil bli dypt savnet ikke bare fordi han var en slik dyktig, kunnskapsrik og høyt respektert fagmann, men også fordi han var en god venn og medarbeider. Begravelsen fant sted i Borgund kirke 21. desember 2006. Kirken var fullsatt, og en måtte ta galleriet i bruk for å gi plass til folk som på denne måten ville ta farvel med en god venn og et høyt respektert menneske. Oppslutningen om begravelsen viste hvor avholdt han var og hvor mye han har betydd for mange, både som lege og som medmenneske. Vi lyser fred over Gunnar Roalds minne. Per Roland fagsjef/helse Sunnmøre 13

Nå er det enkelt å se hvordan et måltid påvirker blodsukkeret ditt På CONTOUR kan du måltidsmarkere dine resultater Før måltid Etter måltid INGEN KODING - apparatet er alltid riktig kodet Måletid på 5 sekunder Lagrer 480 måleresultater Liten bloddråpe 0,6 µl Magasin for Helse Sunnmøre www.helse-sunnmore.no Redaktør/ informasjonssjef: Solveig Moe Frøland 70 10 68 10 / 92 20 80 89 solveig.moe.froland@ helse-sunnmore.no Prosjektleiar/ journalist: Stig Ryland 55 54 08 07 stig.ryland@cox.no Grafisk formgivar: Mette Ommundsen 55 54 08 47 mette.ommundsen@cox.no Annonsekonsulent: Marit Sola 55 54 08 06 marit.sola@cox.no Ventetida aukar i alle helseføreta I Helse Sunnmøre har den gjennomsnittlege ventetida auka frå 89 til 94 dagar den siste månaden i 2006. Ved førre årsskifte var gjennomsnittleg ventetid 77 dagar, altså ein auke med 17 dagar i løpet av 2006. Det er fleire som må vente over 120 dagar for å få behandling i Helse Sunnmøre. Ved årsskiftet 05/06 var det 1214 personar, mot 1733 personar ved dette årsskiftet. Same utviklinga er det i dei andre helseføretaka i Helse Midt- Noreg. Målsettinga til Helse Midt-Noreg er at ingen skal vente over eitt år. Likevel har talet på personar som må vente over eitt år på behandling blitt tredobla i løpet av 2006. Utviklinga er lik ved alle helseføretaka. Innanfor dei forskjellige fagområda er det ulik utvikling. Ved Volda sjukehus er det innanfor fagfeltet Førdøyelsessjukdomar, ein stor nedgang i talet på ventande siste månad. Elles er det mindre endringar i dei andre fagområda. Ved Ålesund sjukehus viser tala dei siste månadane av 2006 ein auke i ventande innanfor fagområda ortopedi, barnesjukdomar og hud. I fagområda Kjevekirurgi og Øre-Nase-Hals var det på slutten av 2006 ein positiv nedgang i talet på ventande. Det er små endringar i talet på ventande i psykiatrien i Helse Sunnmøre. Tekst: Geir Vikestrand, ventelistekoordinator Gjennomsnittleg ventetid 31. des. 2004 31. des.2005 31. okt. 2006 30. nov. 2006 31. des 2006 Helse Sunnmøre 66 dagar 77 89 89 94 Volda sjukehus 59 dagar 50 55 53 60 Ålesund sjukehus 67 dagar 80 93 93 98 Helse Nordmøre-Romsdal 78 dagar 68 77 76 84 Helse Nord-Trøndelag 66 dagar 69 73 69 77 St. Olavs Hospital 97 dagar 94 111 107 110 GRØSET 2.07.A.NO For ytterligere informasjon kontakt: Bayer HealthCare Diabetes Care www.ascensia.no ascensia@bayer.no Tlf: 24 11 18 00 Utgivar: Helse Sunnmøre 6026 Ålesund Tlf: 70 10 50 00 Idé/design/innhald: Cox Bergen 15

BLAD B - Økonomi Returadresse: Helse Sunnmøre 6026 Ålesund