Dokumentsenter og politisk sekretariat Møre og Romsdal fylke Fylkeshuset 6404 Molde Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2014/412 000 DOK / HS 04.02.2016 K-SAK 7/16 KOMMUNEREFORM 2016 - RETNINGSVAL Vedlagt følgjer K-sak 7/16. Kommunestyret handsama saka i møte 28.01.16 og gjorde slikt vedtak: Herøy kommunestyre gir forhandlingsutvalet mandat til å forhandle fram ein intensjonsavtale både med Sande åleine og med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven om å danne ein ny kommune. Dersom forhandlingane ikkje gir eit tilfredsstillande resultat for innbyggarane i Herøy, er det eit reelt alternativ å stå aleine (0-alternativet). Kommunestyret vedtek at innbyggjarane skal høyrast gjennom rådgjevande folkerøysting. Detaljar om folkerøystinga må avklarast i eiga sak i Kommunestyret. Hilde Bringsvor Skinnes e.f.
Kopi: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Hareid kommune 6060 Hareid Ulstein kommune Postboks 143 6067 Ulsteinvik Sande kommune 6084 Larsnes Vanylven kommune 6143 Fiskåbygd Volda kommune Rådhuset 6100 Volda Ørsta kommune Dalevegen 6 6150 Ørsta
Utviklingsavdelinga SAKSPROTOKOLL Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2014/412 Arkiv: 000 Utvalsaksnr Utval Møtedato 13/16 Formannskapet 19.01.2016 7/16 Kommunestyret 28.01.2016 KOMMUNEREFORM 2016 - RETNINGSVAL Tilråding: Herøy kommunestyre gir forhandlingsutvalet mandat til å forhandle fram ein intensjonsavtale både med Sande åleine og med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven om å danne ein ny kommune. Dersom forhandlingane ikkje gir eit tilfredsstillande resultat for innbyggarane i Herøy, er det eit reelt alternativ å stå aleine (0-alternativet). Kommunestyret vedtek at innbyggjarane skal høyrast gjennom rådgjevande folkerøysting. Detaljar om folkerøystinga må avklarast i eiga sak i Kommunestyret.
Særutskrift: Møre og Romsdal fylkeskommune, postboks 2500, 6404 MOLDE Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520 6404 MOLDE Hareid kommune Rådhusplassen 5, 6060 HAREID Ulstein kommune Postboks 143, 6067 ULSTEINVIK Sande kommune 6084 LARSNES Vanylven kommune Rådhuset 6143 FISKÅ Volda kommune Stormyra 2, 6100 VOLDA Ørsta kommune Dalevegen 6, 6153 ØRSTA
Møtebehandling: Det vart halde gruppemøte. Ap v/svein Gjelseth og V kom med felles framlegg om slik endring i 1. avsnitt: «Herøy kommunestyre gir forhandlingsutvalet mandat til å forhandle fram ein intensjonsavtale både med Sande og Vanylven og med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven om å danne ein ny kommune» Det vart halde gruppemøte. Det vart røysta over 1. avsnitt: Fellesframlegget frå Ap/V fekk 15 røyster og fall mot 18 røyster, som røysta for formannskapet si tilråding. Formannskapet si tilråding vart vedteken Vedtak i Kommunestyret - 28.01.2016 Herøy kommunestyre gir forhandlingsutvalet mandat til å forhandle fram ein intensjonsavtale både med Sande åleine og med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven om å danne ein ny kommune. Dersom forhandlingane ikkje gir eit tilfredsstillande resultat for innbyggarane i Herøy, er det eit reelt alternativ å stå aleine (0-alternativet). Kommunestyret vedtek at innbyggjarane skal høyrast gjennom rådgjevande folkerøysting. Detaljar om folkerøystinga må avklarast i eiga sak i Kommunestyret. Møtebehandling: Ap, Svein Gjelseth kom med slikt nytt tillegg til første avsnitt: Samt Hareid, Ulstein, Sande, Vanylven, Selje og Vågsøy kommune. Svein Gjelseth, Reidun Myrvågnes og Per Kristian Fure røysta for tillegget frå Svein Gjelseth. Dei 6 resterande formannskapsmedlemen røysta for tilrådinga frå rådmannen. Rådmannen si tilråding vart vedteken. Tilråding i Formannskapet - 19.01.2016 Herøy kommunestyre gir forhandlingsutvalet mandat til å forhandle fram ein intensjonsavtale både med Sande åleine og med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven om å danne ein ny kommune. Dersom forhandlingane ikkje gir eit tilfredsstillande resultat for innbyggarane i Herøy, er det eit reelt alternativ å stå aleine (0-alternativet). Kommunestyret vedtek at innbyggjarane skal høyrast gjennom rådgjevande folkerøysting. Detaljar om folkerøystinga må avklarast i eiga sak i Kommunestyret
Vedlegg 1 Innbyggarundersøking 2015 2 Ungdomsundersøking 2015 3 SWOT-rapport ytre Søre Sunnmøre Saksopplysningar: Den formelle oppstarten med arbeidet av kommunereform starta med brev av 27. august 2014 frå statsråd Jan Tore Sanner, der kommunane blir bedt om å ta del i prosessar med sikte på å vurdere og avklare om det er aktuelt å slå seg samen med nabokommunar målet for kommunereforma er uttrykt slik: - Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane våre - Heilskapeleg og samordna samfunnsutvikling - Berekraftige og robuste kommunar - Styrke lokaldemokratiet og gje større kommunar fleire oppgåver Arbeidet med kommunereforma var inndelt i tre fasar: - Oppstartsfasen 2014 (hausten) - Utgreiingsfasen 2015 - Beslutningsfasen 2016 (våren) Innbyggarundersøking 2014: Sentio gjennomførte på vegne av Sunnmøre regionråd ei innbyggjarundersøking i kommunane på Sunnmøre i september 2014, der det m.a. vart spurt om innbyggarane si haldning til kommunesamanslåing og preferansar med omsyn til kven ein ev. vil slå seg saman med. Undersøkinga viste følgjande resultat: (svar i prosent av dei spurde): Kommun e Andel pos. til Herøy Sande Vanylven Ulstein Hareid Volda Ørsta Herøy 63-73 10 65 42 9 10 Sande 75 68-24 46 44 14 13 Vanylven 90 48 53-50 32 32 24 Ulstein 69 48 33 10-92 12 14 Hareid 78 20 19 4 91-11 11 Volda 68 12 8 12 13 11-86 Ørsta 78 10 9 9 19 17 94 - Som statistikken frå spørjeundersøkinga viser er det Sande og Ulstein som peikar seg ut av respondentane som aktuelle kommunar å slå seg saman med over 50%. Det vart også svart frå respondentane at 33% ville halde på dagens organisering. Innbyggarundersøking 2015: Kommun e Andel pos. til Herøy Sande Vanylven Ulstein Hareid Volda Ørsta Herøy 47-69 19 46 28 16 17 Sande 64 72-21 42 40 9 11 Vanylven 62 32 50-42 24 25 19
Ulstein 70 47 33 16-91 20 19 Hareid 68 30 28 8 78-9 9 Volda 69 10 7 10 10 9-86 Ørsta 46 5 4 4 7 6 93 - I undersøkinga vart det stil spørsmål om kommunen bør slåast saman med en eller fleire av nabokommunane, slå saman heile Sunnmøre eller vere organisert som i dag. 2014 2015 Sunnmøre totalt Samanslåing med ein eller fleire nabokommunar: 59% 38% 49% Vere organisert som i dag 33% 50% 40% Dersom kommunesamanslåing, vil den nye kommunen vil løyse fylgjande oppgåver betre eller dårlegare samanlikna med kommunen i dag: 0 = mykje dårlegare og 100 = mykje betre 2014 2015 Sunnmøre totalt Politisk styring: 55 46 52 Innbyggarmedverknad: 52 46 46 Helsetenester: 59 56 56 Eldreomsorg: 55 49 52 Barnehagetilbod: 58 52 54 Skule og SFO: 56 54 53 Byggesakshandsaming: 51 48 52 Dersom samanslåing, kor viktig meinar du plassering av rådhuset i ei ny kommune er kor viktig for deg vil namn på den nye kommunen vere? 0 = ikkje viktig og 100 = svært viktig 2014 2015 Sunnmøre totalt Plassering av rådhus i ny kommune: 61 70 55 Namn på den nye kommunen: 51 55 44 Innbyggarundersøkinga frå 2015 viser mellom anna desse signala: - For Søre Sunnmøre er det blitt meir skepsis til kommunesamanslåing i dei aller fleste kommunane, jf. tabellen over. Herøy har gått tilbake frå 63% til 47%. - Deltakarane i undersøkinga trur det vil vere om lag lik kvalitet på samtlege tenester med ny kommuneorganisering samanlikna med dagens organisering. - Det viser seg langt viktigare å behalde rådhus og kommunenamn for innbyggarane i Herøy enn i nabokommunane. - Det er om lag gjensidig interesse mellom innbyggarane i Sande og Herøy for å gå saman i ei ny kommune med henholdsvis 72% og 69% som er for samanslåing. For Ulstein og Herøy er det også gjensidig interesse for å gå saman i ei ny kommune, men klart færre med henholdsvis 47% og 46%. Workshop Sæbø om 5 YSS (Ytre søre Sunnmøre): Dei fem kommunane i Ytre Søre Sunnmøre-alternativet møttest i 2015 til nabopratar om kommunereforma. Den siste tida har dei fem kommunane hatt fleire arbeidsmøte om kommunereforma: - Arbeidsverkstad på Sæbø 2. 3.12.2015 med formannskapa og rådmennene Her vart fordelar og ulemper ved samanslåing kontra å stå åleine analysert. Ei koordineringsgruppe med representantar frå kvar kommune vart oppnemnd.
- Møte i Fosnavåg 18.12.2015 mellom forhandlingsutvala Her vart det mellom anna konkludert med at alle fem kommunane framleis er med/for Ytre Søre Sunnmøre-alternativet. - Møte i Fosnavåg 6.1.2015 mellom forhandlingsutvala Her vart koordineringsgruppa beden om å legge fram eit grunnlag for forhandlingar til neste møte mellom forhandlingsutvala. Sjå vedlegg 3 SWOT-rapport ytre Søre Sunnmøre og http://www.heroy.kommune.no/nyhende/kommunereform.14360.aspx for meir informasjon. Ungdomsundersøking 2015: Det vart i desember 2015 gjennomført spørjeundersøking blant ungdomskuleelevane i Herøy kommune om kommunereforma. Dei fekk på førehand kjennskap til signala frå nasjonalt og regionalt hald og bakgrunnen for samanslåinga. Kommunen fekk svar frå 180 elevar fordelt på 8., 9. og 10.klasse. - Resultat frå spørjeundersøkinga viser at dei aller fleste meinar Herøy bør vere organisert som i dag 74%. - Sande vert sett som næraste alternativ dersom Herøy vart tvinga til å slå seg saman med nokon (52%). Sekundært ser dei til Ulstein som alternativ med 32%. - Ungdomen meinar det vil vere viktig kvar rådhuset ligg (66%) og kva kommunen skal heite (82%).
Vurdering og konklusjon: Vanylven har vedteke å gjennomføre rådgjevande folkerøysting på tre alternativ. Dei har foreslått å gjennomføre denne i første veka i april, med moglegheit for førehandsrøysting frå midten av mars. Herøy kommune har signalisert at det i ei så viktig sak for kommunen vil vere viktig at innbyggjarane får høve til å uttale seg. Det vert vist til ordlyden i inndelingslova 10: 10.Innbyggjarhøyring - Kommunestyret bør innhente innbyggjarane sine synspunkt på forslag til grenseendring. Høyringa kan skje ved folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking, møte eller på annan måte." Rådmannen rår til at det vert gjennomført folkerøysting i Herøy kommune og at dette vert i størst mogleg grad samkøyrd mellom kommunane på Ytre Søre Sunnmøre med felles valdato eller at nabokommunar som gjennomfører tidlegare held att resultatet til alle har gjennomført folkerøysting. Dette slik at ikkje innbyggjarane vert påverka av andre sine val. Uansett kva retningsval kommunen går for i denne saka vil 0-alternativet ligge som ein konsekvens dersom det ikkje vert gjort vedtak om kommunesamanslåing med andre kommunar. Herøy sine innbyggarar har gjennom to innbyggarundersøkingar og ei ungdomsundersøking peika på at det er eit reelt alternativ å stå aleine og trua på at kommunen vil klare seg sjølv er stor. Av dei alternative kommunestrukturmodellane som har vore aktuelle, ser ein det som mest naturleg og i tråd med innbyggarane sine meiningar å framforhandle ein intensjonsavtale med Sande eller med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven (5 YSS). Målet med forhandlingane vil vere ein intensjonsavtale om å danne ein ny kommune bygd på ein eller fleire av kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Fosnavåg, 11.01.2016 Olaus-Jon Kopperstad Rådmann Jarl Martin Møller Avd.leiar Sakshandsamar: Ole Magne Rotevatn