VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS. Årsmelding. for året 2009. 69. driftsår. Trafokiosk i Listøyl hyttefelt, Vågslid



Like dokumenter
VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS. Årsmelding. for året driftsår. Nytt Bandakspenn sett frå Flekstveitsida, 66 kv 2200 m.

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

Årsmelding. for året driftsår VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

RESULTATREKNESKAP JAKOB SANDE-SELSKAPET. DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER Note

Årsrekneskap 2018 Jakob Sande-selskapet

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Sogn og Fjordane Energi AS

Norsk Bane AS Resultatrekneskap

Varamedlemer møter berre dersom dei vert særskild innkalla. Saksdokumenta vert likevel utsendt til dei første av varamedlemene.

Fjordly Ungdomssenter

Årsmelding frå styret ordinære driftsår---

RESULTATREKNESKAP. SOGN OG FJORDANE ENERGI - KONSERN Beløp i 1000 kr. Sogn og Fjordane Energi AS

RESULTATREKNESKAP. SOGN OG FJORDANE ENERGI - KONSERN Beløp i 1000 kr. Sogn og Fjordane Energi AS

Etablering og drift av kraftselskap

BØMLO KULTURHUS KF ÅRSREKNESKAP 2014

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2014

VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS. Årsmelding. for året driftsår. Kabeltrekking over Dåstjønn, VTK blir samla til eit rike. Foto: Jan Arild Lauvland

Delårsrapport 1.kv a r t a l

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

ÅRSREKNESKAP FOR VALEN VASKERI AS. Org.nr Mva

2017 Kvartalsrapport 1.kvartal

Årsmelding. for året driftsår

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Utgreiing om framtidig strategival for nettverksemda

VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS. Årsmelding. Årsmelding. for året driftsår. driftsår. Foto: Gunnar Snarteland

Årsrapport for Kvinnherad Energi AS 2011

Delårsrapport 3. kvartal 2015 ort

DELÅRSRAPPORT 1. kvartal 2005

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Årsregnskap VELLEDALEN I BALANSE AS STRAUMGJERDE. Org.nr

DELÅRSRAPPORT 1. kvartal 2010

Kvartalsrapport 1 kvartal 2014

Nettstasjon Hjasås med Nisser i bakgrunnen. Foto: Gunnar G. Tveit

Årsregnskap. Velledalen i Balanse AS. Org.nr

RESULTATREKNESKAP 2017 SOGN OG FJORDANE ENERGI KONSERN

Kvartalsrapport. 1. kvartal 2008 Kvinnherad Sparebank. Bank. Forsikring. Og deg.

ÅRSREKNESKAP FOR 2015 VOLDA TI FOTBALL Volda

RESULTATREKNESKAP SOGN OG FJORDANE ENERGI - KONSERN UTVIDA RESULTAT SFE KONSERN. Konsern. Driftsinntekter:

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

RESULTATREKNESKAP SOGN OG FJORDANE ENERGI KONSERN

RESULTATREKNESKAP SOGN OG FJORDANE ENERGI KONSERN

Årsregnskap 2015 for Dill AS

REKNESKAPSSAMANDRAG FOR STORD HAMNESTELL 2012

Årsrekneskap 2016 Sparebankstiftinga Time og Hå

Saksenvik Kraft AS Årsregnskap 2018

Grytendal Kraftverk AS

Halvårsrapport pr

(Beløp i mill. kr) noter Energisalg Inntekter fra kraftoverføring - - -

2017 Kvartalsrapport 2.kvartal

DELÅRSRAPPORT 1. kvartal 2011

Kvemma Kraft AS Årsregnskap 2018

2016 Kvartalsrapport 2.kvartal

VEDTEKT av februar 2007

RESULTATREKNESKAP PR

FORELØPIG ÅRSREGNSKAP 2013

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Rekneskap for 2. kvartal 2010 for Kvinnherad Sparebank

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Periodens resultat ble 98 millioner kroner, noe som er 22 millioner kroner bedre enn 1. halvår 2012.

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

INNKALLING TIL ORDINÆRT ÅRSMØTE 2014

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

Sogn og Fjordane Energi AS Overgang til IFRS. Generelt. Grunnlaget for implementering av IFRS

Rekneskap for 1. kvartal 2010 for Kvinnherad Sparebank

Mela Kraft AS Årsregnskap 2018

59,1 DRIFTSRESULTAT (99,6) 28,1 RESULTAT FØR SKATT TERTIALRAPPORT KRAFTPRODUKSJON GWh (312,9) 394,5 OMSETNING (528,5) 531,0

RESULTATREKNESKAP PR

K v a r t a l s r a p p o r t. 3. k v a r t a l

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

DELÅRSRAPPORT 1. kvartal 2010

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE) Holding AS er et energikonsern eid av Nord- Trøndelag Fylkeskommune.

Rong Fjellstove Rongastovo AS Resultatrekneskap 2009

Phonofile AS Resultatregnskap

Årsregnskap 2009 for Drammen Tennisklubb. Org.nummer:

K v a r t a l s r a p p o rt 2. k v a r t a l

Modum Kraftproduksjon KF

Regionrådet Nordhordland IKS

Vedtekter for Fusa Kraftlag

40,0 DRIFTSRESULTAT (70,3) 24,4 RESULTAT FØR SKATT , ,0-15,6 TERTIALRAPPORT KRAFTPRODUKSJON GWh (198) OMSETNING (309,2)

Kvartalsrapport 3. kvartal 2014

Årsrapport Årsberetning 2016

Standard kontoplan - hovedinndeling

E-CO Energi: Tilfredsstillende årsresultat for 2015 til tross for lave kraftpriser

HOVEDPUNKTER DRIFTEN 1. kvartal 2013

Årsregnskap. Trondhjems Seilforening Havn AS. Org.nr.:

RESULTATREKNESKAP PR

Konsern Resultatregnskap for 2013 NORDIC SEAFARMS AS Konsern

Kvartalsrapport 2. kvartal 2014

Årsberetning og årsregnskap for. Buskerud Trav Holding AS

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

SINTEF Finansieringskilder (% av brutto driftsinntekter) Netto driftsmargin (%) Netto driftsinntekt (MNOK)

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Jordalen Kraft AS Årsregnskap 2018

Transkript:

VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS Årsmelding for året 2009 69. driftsår Trafokiosk i Listøyl hyttefelt, Vågslid Foto: Aslak Bekhus

VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS HISTORISK OVERSYN Vest Telemark Kraftlag vart stifta 13. september 1940 som eit selskap der deltakarane hadde avgrensa økonomisk ansvar (BA). I 1981 vart Kilen Kraftlag i Kviteseid overteke og i 2000 vart Nissedal Kommunale Elverk (NKE) innfusjonert. Nissedal kommune gjekk då inn på eigarsida i VTK i høve til dei verdiane som låg i verksemda. NKE var stifta i 1921. Som fylgje av lovendring (lov om interkommunale selskap 41) vart VTK (BA) omorganisert til aksjeselskap (VTK AS) med verknad frå 01.01.2002. Omorganiseringa skjedde ved namneendring og nye vedtekter. Aksjekapitalen på 100 mill.kr vart fordelt i same høve som andelskapitalen i BA-et. Eigarane har inngått avtale som regulerar aksjeomsetning og styrevalg m.m. Vedtaket om omorganisering vart gjort i representantskapet 10.01.2002 og var samrøystes. EIGARSKAP OG FØREMÅL VTK er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar. Nissedal eig 5 %, dei andre 19 % kvar. Aksjekapitalen er på 100 mill.kr. Konsesjonsområdet dekker dei same kommunane med unntak av Fjågesund i Kviteseid, Felle og Haugsjå i Nissedal og Rauland i Vinje. Området utgjer omlag 40 % av Telemark fylkes areal. VTK har forretningskontor i Høydalsmo i Tokke kommune, og ei avdeling i Treungen. Føremålet med selskapet er elnett, kraftproduksjon, kraftomsetning, elektroinstallasjon, teletenester og liknande. VTK er medeigar i produksjonsselskapa Skafså Kraftverk ANS (67 %), Sundsbarm Kraftverk (8,5 %) og Grunnåi Kraftverk AS (15 %). Til saman gjev dette 240 GWh i eigenproduksjon. Vidare har VTK 40 % i breibandselskapet Telefiber AS. HOVUDTAL VTK har om lag 13000 nettkundar og talet aukar med 2-300 i året. I høve til talet på abonnentar har VTK eit omfattande nett: 112 km regionalnett 7 transformatorstajonar 1025 km høgspentnett 6 koplingsstasjonar 1720 km lågspentnett 901 nettstasjonar VTK sine aktivitetar sysselset ved utgangen av året 62 personar (60 årsverk), av desse er 6 årsverk tilknytta produksjons-selskapa. Dei fleste er medlemer i VTK s eigen pensjonskasse som har eit pensjonsfond på ca 70 mill.kr. 1 1

OVERSIKT OVER EIGARSKAP pr 31.12. Vest-Telemark Kraftlag AS Skafså Kraftverk ANS (67 %) VTK Pensj.kasse (100 %) Sundsbarm Kraftverk (8,5 %) Grunnåi Kraftverk AS (15 %) Telefiber AS (40 %) Reknskapsmessig inkludert i VTK AS. Eigne skattesubjekt. Ikkje inkludert i rekneskapet til VTK AS. ORGANISASJON OG LEIING Vest-Telemark Kraftlag AS Generalforsamling Styret 8 medlemmer Adm. direktør PRODUKSJON m.m. Energisjef Aslak Ofte NETT Nettsjef Øyvind Tore Kleiv ØKONOMI/KONTOR Kontorsjef Terjei Mjaaland DLE Tilsynsleiar Tor Ivar Berge Dagleg leiing Skafså Nettdrift Økonomi DLE Kraftomsetning engros Nyanlegg Måling og avrekning Målarar Energiutgreiing Entreprenørtenester Kraftsalg detalj Ny produksjon Fiber EDB Kontortenester Personal Styreleiar: Rolf Normann (Arne Aase) Tokke Styret nestleiar: Magne Wraa (Gunnar Ruud) Kviteseid Styremedlemer: Lars A. Bjørgulfson (Guro Libjå) Fyresdal Kåre Rønningen (Johanne Vejrup) Nissedal Magne Reinstaul (Iselin B. Stundal) Seljord Torgrim Thomassen (Marit Haugland) Vinje Aslak Bekhus (Tor Ivar Berge) (vald av tilsette) Jarle Solbu (Steinar Mandt) (vald av tilsette) Dagleg leiar: Adm.direktør Ketil Kvaale Revisor: Revisorteam Vest-Telemark A/S v/reg.revisor Vetle H. Olsnes (Namna i parantes er personlege varamedlemer). 2 2

STYRETS ÅRSMELDING GENERELT OM ÅRET Samandrag År 2009 var eit år med litt meir nedbør (juli månad) og litt varmare (1 grad) enn normalt. Produksjonen var litt høgare enn normalt. Kraftprisane var relativt stabile gjennom året etter eit fall i 1. kvartal og låg i snitt på 29,5 øre/kwh; - 10 % nedgang i høve til 2008. Innom nettverksemda var det også i 2009 stor aktivitet i samband med nyanlegg (hytter), ombygging av høgspentanlegg og fiberbygging. Leveringskvaliteten var på normalnivå og om lag som i 2008, sjølv om januar månad gav vaktmannskapet store utfordringar. Økonomisk sett var 2009 det beste nokon gong. Høge nettinntekter, gevinst på prissikring og moderat kostnadsauke var grunnlaget for dette. Produksjon og kraftsalg engros I 2009 var det ref Åmdal Kraftverk 8 % meir nedbør enn normalt, og det var særleg juli månad som gav tillegget. No kom vinteren tidleg i 2009, noko som medførte at mykje av nedbøren i 4. kvartal kom som sno. Dette vart kompensert med meir tapping frå vassmagasina. Totalt gav dette ein årsproduksjon på 322 GWh eller om lag 10 % høgare enn normalt. VTK sin andel av produksjonen i Skafså kraftverk og Sundsbarm kraftverk vart 252 GWh, mot 245 GWh i 2008 og 257 GWh i 2007. Midlare spotpris fall frå 32,4 til 29,5 øre/kwh. Denne prisnedgangen på 10 % vart kompensert med produksjonsauke på 3 % og godt resultat på prissikring, slik at dekningsbidraget frå denne delen av VTK vart om lag som året før. Driftsresultatet frå dette området vart om lag som i fjor og utgjer 75 % av den totale verdiskapinga i VTK før skatt. Etter skatt er andelen noko lågare, då skattenivået er vesentleg høgare på produksjon enn nett. VTK sin 15 %-eigardel i Grunnåi Kraftverk AS er ikkje med i desse tala då dette selskapet rekneskapsmessig står på eigne bein. Selskapet hadde eit normalt bra år i 2009, med eit resultat etter skatt på 3,3 mill.kr. Kraftproduksjon (GWh) Spotpris ref Oslo (øre/kwh) 350 300 45 40 35 250 30 200 25 150 20 100 50 0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 15 10 5 0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Kraftsalg til sluttbrukarar VTK sel berre til sluttbrukarar i eigarkommunane. Marknadsandelen målt i volum er 92 %, som i fjor. Dei kundane VTK ikkje har er stort sett landsdekkande kjeder og firma som har sentrale avtaler med ein leverandør. 3 3

Prispolitikken til VTK er å selje til innkjøpspris. Dersom ein set vanleg dekningsbidrag (påslag) til 2 øre/kwh, gav denne aksjonærstyrte prispolitikken ei verditilbakeføring til kundane på om lag 4 mill.kr. Denne prispolitikken er også lagt til grunn i budsjettet for 2010. Då denne aktiviteten har null i dekningsbidrag gjev den eit lite negativt resultatbidrag. Dette er inkludert i resultattala for produksjon/engrosomsetjing over. I Tokke og Vinje er det kommunestyret som fastset innkjøpsprisen, medan det i dei andre kommunane er engrosmarknadsprisen som er styrande. I Tokke auka prisen med 65 % frå 15 til 25 øre/kwh i snitt. I Vinje auka prisen med 48 % frå 12,5 til 18,5 øre/kwh. Utviklinga skuldast ikkje auka pris på særavtalekrafta inn til kommunane, men heller eit ynskje frå kommunane om større inntekter frå denne kraftavtala. I Vinje vart prisen i 2008 redusert med 1 øre/kwh som kompensasjon for at eigedomskatt på nettet vart innkravd i VTK sin del av kommunen, men ikkje innom Rauland Kraftforsyningslag sitt område. Slik reduksjon er ikkje gjeve i 2009. For forsyning av dei andre kommunane vert det kjøpt inn kraft i marknaden. Vekta pris i 2009 var her 29,6 øre/kwh mot 34, 23, 40, 24, 25 og 32 øre/kwh åra før. Salg til sluttkundar (GWh) Avrekna kraftpris kundar (ekskl. mva) 230 225 220 215 210 205 200 195 45 40 35 30 25 20 15 10 5 Fyr, Kvi, Nis, Sel Tokke Vinje 190 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Nett I 2009 var det, som i 2008, utbyggingar til nye hyttefelt, ombygging og fornying av høgspentnettet og fiber som stod i fokus. Det vart bygd 12,4 km 22 kv jordkabel, 7 nye nettstasjonar (+ ombygging av 13 stk) og 26 km lågspent jordkabel. Målsetjinga er å nytte jordkabel ved alle nyanlegg og fornyingar i høgspent- og lågspentnettet. Andel jordkabel i høgspentnettet auka frå 19 % til 20 % og i lågspentnettet frå 39 % til 40 %. Andel jordkabel (i % av km nett) Fiberkabel (km) 35 700 30 600 25 500 20 400 15 300 10 200 5 100 0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 I 2002 vart VTK, som dei fleste andre nettselskap, pålagt ekstraordinær skogrydding i og langs alle linjegater. I perioden 2002 til 2007 rydda vi både høgspent- og lågspentnettet til ein samla kostnad på om lag 18 mill.kr. I 2008 og 2009 har vi gjennomført vedlikehaldsrydding i samsvar med plan til ein kostnad på 2-2,5 mill.kr i året. Av dette er 70 % kostnader til innleigde firma. 44

Innmåling, registrering og dokumentasjon av nettet er godt i gang. Planen er å ha ein fullstendig digital oversikt innan utgangen av 2010. Arbeidet vert utført av eksterne firma. Nye vedlikehaldsrutiner for det digitale nettarkivet er innført frå 2009. Talet på nettkundar auka med 207 (netto) mot 217 året før. Bruttoauken er på 233 kundar, herav 210 nye hytter. Avviket mellom brutto og nettotal har sin årsak i nedgang i antal abonnement på byggestraumskåp. Nedgangen i talet på nye hyttekundar held fram etter toppåret 2007 (320). Aktivitetsreduksjonen er større enn tala viser. VTK overtok det private lågspentnettet på Naurak i Nissedal, noko som gav ein hyttetilgang på ca 40 gamle hytter. Kraftforbruk ref kunde (GWh) Nettleige inkl. fastbeløp, ekskl. off. avgifter (øre/kwh) 250 35 240 30 230 25 220 20 210 15 10 200 5 190 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Forbruket hjå VTK sine kundar var 265,5 GWh inklusiv overføringstap. Dette er ein auke på 3,3 % i høve til året før og er det høgaste forbruket nokon gong. Også 2008 var eit rekordår med 257,1 GWh. Då temperaturen var om lag den same som i 2008, må forbruksveksten i hovudsak skuldast fleire kundar og høgare forbruk pr kunde. Driftsregulariteten var middels med ein målt regularitet på 99,94 % mot 99,95 og 99,93 åra før. Dette tilsvarer i gjennomsnitt 5 timar straumlaust i løpet av året. Planlagt utkopling pga arbeid på anlegga utgjorde 15 % av ikkje levert energi (ILE), medan ymse feil i nettet stod for 85 %. Vind, snø og trefall stod for 70 % av driftsforstyrringane, medan teknisk svikt var årsaken i 20 % av tilfella. Resten (10 %) er ukjent årsak eller menneskeleg aktivitet (graving, tømmerhogst og liknande). Særleg råka var Nissedal og Fyresdal pga mykje feil som fylgje av våt snø og trebrekk. Her fekk vi utkoplingar lenger enn 12 timar i enkelte områder, noko som gav erstatningsutbetalingar på 0,4 mill.kr. Dei totale KILE-kostnadene i 2009 var 7,0 mill.kr, noko som er ei dobling i høve til året før. Mesteparten av dette skuldast ein sterk auke i satsane pr ILE. KILE-kostnad (kr/kwh) Leveringsregularitet. Midlare utkoplingstid. (timar) 60 12 50 10 40 8 30 Serie1 6 20 4 10 2 0 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 0 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 5 5

VTK hadde i 2009 nokre tilfeller der straumen førte til skader på bygningar og inventar, mellom anna brann eit hus ned til grunnen som fylgje av overspenningar inn på anlegget i samband med jordfeil i høgspentnettet. VTK har i nokre av desse sakene blitt erstatningspliktig. Store skader vert dekt av vår ansvarsforsikring. Lovverket er endra dei seinare år slik at terskelen for å koma i ansvarsposisjon er lågare enn tidlegare. Avrekna nettinntekter frå forbrukarar auka med 2,2 mill.kr til 76,6 mill.kr. Då nettleiga var uendra frå 2008 til 2009 skuldast auken forbruksveksten aleine. Sidan inntektene frå produksjonskundar og utleige av nett gjekk ned noko meir, fekk vi totalt ein inntektsreduksjon på 0,3 %. For 2010 er nettleiga sett opp med 10 % for å utnytte inntektsramma. Dei totale bokførte nettinntektene vart 90,6 mill.kr mot 85,8 mill.kr i 2008 (jfr note 2). Driftsresultatet for nettdrifta vart ca 15 mill.kr eller om lag 25 % av det totale driftsresultatet. Anna verksemd Breiband VTK eig 40 % av Telefiber AS. Selskapet vart stifta 28.08.2006 og held til i VTK-bygget med 3 tilsette. Selskapet leverar breibandtenester i Vest-Telemark + Hjartdal, eit område som krev store investeringskostnader pr kunde. Selskapet dreiv med underskot dei fyrste åra, men har overskot i 2009 og framleis ein solid eigenkapital. Utviklinga er tilfredstillande og selskapet har i dag ca 1600 kundar. VTK si rolle er å eige, bygge og drive fibernettet og fylgje opp vår eigarrolle i Telefiber AS. Fibernettet vart i 2009 bygd vidare ut med ca 48 km slik at samla lengde ved utgangen av året er om lag 580 km. Av desse er 286 km delfinansiert av VTNU via RDA-midlar og anna. VTK har årlege leigeinntekter frå utleige av fiberkablar til Telefiber, men også kostnader til drift og vedlikehald, avskrivingar og finansiering av dei same kablane. Det er ikkje grunn til å tru at leigeinntektene på kort sikt vil dekke meir enn kostnadene. Entreprenørtenester VTK har avslutta vedlikehaldskontrakta med Statens Vegvesen og har heller ingen planer om ta på oss arbeid for andre framover. Vi skal no ha fullt fokus på bygging, fornying og drift av våre eigne anlegg. Kontortenester m.m. I det utvida VTK-bygget har Vest-Telemark Brannvesen, Telefiber AS og Geomatikk AS kontorplass. Geomatikk AS etablerte seg 2. mai 2008 med 2 nyoppretta stillingar. Skafså Kraftverk ANS vert administrert av VTK og vi utfører alle kontorfunksjonane for dei. VTK leverer også kontortenester til VTBV og Telefiber. ØKONOMISK RESULTAT OG FINANSIELLE FORHOLD Generelt Resultatet for 2009 er det beste nokon gong. Resultatrekneskapen Driftsinntektene er 207,2 mill.kr, som er ein auke på 10,7 mill.kr i høve til 2008. 6 6

Hovudårsakene er vesentleg høgare kraftpris i Tokke og Vinje og auke i inntektsramma for nettdrifta. Kraftkjøp og anna varekjøp er 55,4 mill.kr, som er ein auke på 5,8 mill.kr i høve til 2008. Auken skuldast høgare innkjøpspris for kraftlevering til Tokke og Vinje. Postane over gjev eit dekningsbidrag på 151,8 mill.kr som er ein auke på 4,8 mill.kr. Auken skuldast i det vesentlege betre inntening i nettaktiviteten (høgare ramme). Personalkostnadene aukar med berre 3,4 %, trass i ein lønsauke på om lag 6 %. Dette kan forklarast med meir aktivering og endring i andre postar enn direkte løn. Avskrivingane aukar med 1,5 % som fylgje av investeringar i nettet. Andre driftskostnader aukar lite i sum, men endringar på enkelte postar. Kostnader til materiell og tap på krav går ned, medan kostnadene til innkjøpte tenester og erstatningar aukar. Auken i erstatningar skuldast utbetaling av kompensasjon ved straumbrot over 12 timar og diverse utbetalingar for skader på elektrisk utstyr. Driftsresultatet går som fylgje av dette opp med 1,8 mill.kr til 61,3 mill.kr. Driftsresultat (mill.kr) Talet på årsverk VTK totalt 70 70 60 68 50 66 40 30 64 62 60 20 58 10 56 0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 54 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 Netto finanskostnader minkar med 2,6 mill.kr som fylgje av lågare marknadsrenter. Resultat før skatt aukar med 4,4 mill.kr (11 %) til 52,3 mill.kr. Skattekostnadene vert noko lågare trass i betre resultat. Årsaken er at grunnrenteskatten går ned som fylgje av lågare spotprisar på kraft. Årsresultatet vert med dette 31,9 mill.kr, som er ein auke på 4,6 mill.kr. Finansielle forhold Det er i året aktivert investeringar for 25,7 mill.kr (netto) mot 18,3 mill.kr i 2008. Auken skuldast modernisering av Skrevatn Dam og høgare investeringar i nettet. Dei største tiltaka er ymse nettanlegg (14,7 mill.kr), Skrevatn Dam m.m. (4,3 mill.kr) og breiband (3,5 mill.kr). Viser elles til note 11. Brutto investering var på 31,4 mill.kr. Det vart innhenta tilskot på 5,4 mill.kr til nettutbygging (hyttefelt m.m.) og 0,3 mill.kr til breiband. 7 7

Akkumulert mindreinntekt i nettet er med renter 5,9 mill.kr ved utgangen av året (jfr note 19). Dette er ein auke på 2,9 mill.kr og skuldast at faktiske nettinntekter i 2009 var lågare enn tildelt ramme gav rom for. Denne mindreinntekta vil bli henta inn i 2010 og åra etter gjennom høgare nettleige og/eller auke i volum. Langsiktig gjeld er uendra gjennom året, men likviditeten er forbetra (jfr kontantstraumanalysa). Eigenkapitalen i selskapet er ved utgangen av året 252 mill.kr (55 %) før avsetjing til utbyte. Med eit utbyte på 20 mill.kr vert eigenkapitalen 232 mill.kr (50 %). Avkastning før skatt på totalkapitalen: 13,7 % Avkastning før skatt på eigenkapital: 22,3 % Balanse Aktiva Passiva Aksjekapital Overkursfond Fri eigenkap. Gjeld Anleggsmidlar Varelager Krav Pengar DISPONERING AV ÅRSRESULTATET Styrets framlegg: Overføring til fri eigenkapital 11,9 mill.kr Utbytte 20,0 mill.kr Sum disponering 31,9 mill. kr Samla utbetaling/avsetjing til eigarane (renter + utbytte) vert då 28,5 mill.kr i 2009, mot 24,6 mill.kr i 2008. Samla utbetaling til eigarane sidan 1999 har då kome opp i 288,6 mill.kr. 8 8

Utbytte pr år 1999-2009 (mill.kr) Utbytte, akkumulert 1999-2009 (mill. kr) 180 300,0 160 140 250,0 120 200,0 100 80 150,0 60 100,0 40 20 50,0 0 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 0,0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 TILSETTE VTK hadde ved utgangen av året 56 tilsette (54 årsverk). I tillegg kjem omlag 6 årsverk i kraftverka som også er med i personalkostnadene. LIKESTILLING Styret har 8 medlemer med personlege varamedlemer. Dei 6 eigarkommunane har rett til ein styreplass kvar. Frå dei tilsette vert det vald 2 medlemer. Styret har ingen kvinner som medlem, men 4 av varamedlemene er kvinner. Kommuneloven har kome med nye krav til kjønnsfordeling i kommunalt eigde AS. VTK vil tilpasse seg desse. Av dei ca 60 årsverka totalt vert omlag 7,5 utført av kvinner (9 personar). Kvinnene er tilsett i kontor- og reinhaldsfunksjonane og er innanfor desse arbeidsområda i stort fleirtal. Avtaleverket og lønssystemet er kjønnsnøytralt, slik at det er lik løn for likt arbeid. VTK har ingen vedteken strategi for å auke talet på kvinner utover det som fylgjer av det generelle avtaleverket innafor KS Bedrift sitt virkeområde. HMS Internkontroll i samsvar med forskrift er i drift. Arbeidsuhell, farlege tilhøve og andre HMSavvik vert registrert og fylgd opp. Alle avvik vert analysert og tiltaksvurdert. I 2009 var det, som i 2008, 1 arbeidsuhell med fråvær (11 dagar). Sjukefråværet i VTK AS var 5,4 % mot 3,6 % i 2008. Gjennomsnittet siste 5 år er 3,8 %. VTK er frå 01.01.2010 medlem av SAMT (Senter for ArbeidsMiljø i Telemark) etter at VTBH vart innfusjonert i denne verksemda. STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Rett etter årtusenskiftet endra VTK sin prisstrategi frå å tilbakeføre verdiskapinga i selskapet til kundane gjennom så låge prisar som råd, til å ha ein prispolitikk som gjev rom for utbyte, sjølv om maksimalt overskot ikkje skal vera målet. Prinsippvedtaket om dette vart gjort på generalforsamlinga i 2002 og utforma i detalj på generalforsamlinga i 2003. Vedtaket vart då å auke inntektene i nettet opp mot inntektsramma og ta full marknadspris for kraftproduksjonen. Kraftsalg til kundar i eigarkommunane skulle skje til engrospris. I alle år seinare er denne strategien fylgd opp av selskapet. Dette har gjeve gode økonomiske resultat og store utbetalingar til eigarane. VTK har som mål å auke eigenproduksjonen ved å kjøpe eller ta del i lønsame utbyggingar av små og mellomstore kraftverk og eventuelle prosjekt innom bioenergi-området, primært i Vest- Telemark. VTK sende i august 2007 konsesjonssøknad for utbygging av Lårdalsåi. Søknaden er 9 9

under handsaming i NVE. Vi har oversikt over og kontakt med mange grunneigarar med småkraftprosjekt i Vest-Telemark. Vi utarbeider ei enkel teknisk/økonomisk analyse av mogelege småkraftprosjekt utan kostnad for grunneigaren, og tilbyr samarbeid om utbygging og finansiering. Nokre vert realisert av grunneigarane, medan andre stoppar opp av ulike årsaker. Vilkåra for ny fornybar kraft, både på tilskot- og skattesida, har vore under endring og nokre forhold er framleis uavklarte. Felles ordning med Sverige om grøne sertifikat er lova på plass frå 2012, men nærare detaljer og eventuelle overgangsordningar er framleis uavklarte. Dette gjer dei økonomiske analysane usikre. Kraftomsetninga er frå 2003 lagt opp slik at produksjon (og engroshandel) vert handtert uavhengig av sluttbrukarsalet. Dette er ein konsekvens av den nye pris- og utbytepolitikken, og at Tokke/Vinje stiller med kraftoppdekkinga sjølve til fast låg pris med grunnlag i særavtala. Styret legg til grunn at kraftomsetninga framleis skal skje utan dekningsbidrag (dvs salg til innkjøpspris). Når det gjeld nettdrift er selskapets mål å halde sin posisjon som rimeleg effektiv etter NVE sin målestokk, og meir effektiv enn gjennomsnittet. Denne målsetjinga har vi oppfylt til no. Dette sikrar ei inntektsramme som gjev rom for normal avkastning på kapitalen. Det har i mange år no vore stor aktivitet i utbygging av straum til gamle og nye hyttefelt. Ein viss reduksjon har vi merka etter finanskrisa i 2008, men framleis er det ein jamn etterspørsel etter hyttestraum. Mykje av VTK sitt høgspentnett vart bygd ut på 40-, 50- og 60-talet og behovet for vedlikehald og fornying aukar på. Desse anlegga er systematisk vurdert og rangert som grunnlag for årlege fornyingsplanar. Alle sikringsanlegg i mastetrafoar må byggast om for bakkebetjening innan utgangen av 2015. I praksis vil dette som hovudregel medføre ombygging til bakkemonterte nettstasjonar. For å redusere KILE-kostnadene, og dermed auke leveringskvaliteten, vil vidare utbygging av overvakings- og fjernstyringssystemer vera eit prioritert område framover. Inntektsrammesystemet synest å gje VTK tilfredsstillande økonomiske vilkår i åra framover, noko som bør kunne sikre ressursar til nødvendig fornying og forbetring av nettet. Sidan 1995 har VTK bygd ut fibersamband til eige bruk. På generalforsamlinga i 2004 gav eigarane styret fullmakt til å setja i gang utbygging av eit breibandnett til allmenn bruk. Grunngjevinga var mellom anna at god breibandsdekning til ein akseptabel pris er ein føresetnad for næringsutvikling, undervisning, nyskaping, gode offentlege tenester og interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark i åra framover. Ved utgangen av 2009 har VTK ca 580 km fibernett i drift. Den kommersielle utnyttinga av dette nettet er Telefiber sitt ansvar. Så langt vi kjenner til er det no i praksis tilnærma full breibandsdekning i Vest-Telemark til fastbuande. Utfordringane framover, for VTK som eigar, er strategiske avklaringar i høve til FTTH (fiber to the home) og utvida samarbeid i ATB (Agder, Telemark og Buskerud). VTK har ein svært stabil arbeidsstokk. Dette er viktig når så mykje av aktiviteten krev oversikt over, og lokalkunnskap om, eit svært stort geografisk område med tilhøyrande tekniske anlegg. Med den utviklinga ein no har på arbeidsmarknaden, vil truleg VTK bli oppfatta som ein trygg og god arbeidsplass. Selskapet vil likevel ha fokus på å behalde og rekruttere personell gjennom å syte for at VTK er ein attraktiv arbeidsplass. I 2008 er det innført seniorpolitiske tiltak med positiv effekt. Styret takkar alle tilsette for god innsats i 2009. Styret meiner at VTK har ei stabil utvikling og ein solid økonomi, og at selskapet difor også framover vil kunne oppfylle dei mål eigarane til ei kvar tid har for selskapet. Føresetnaden for halde fram drifta er difor til stades. 10 10

Høydalsmo 31. desember 2009 / 21. mai 2010 Rolf Normann (leiar) Magne Wraa (nestleiar) Lars Arvid Bjørgulfson Torgrim Thomassen Magne Reinstaul Kåre Rønningen Aslak Bekhus Jarle Solbu Ketil Kvaale (adm.dir.) 11 11

RESULTATREKNESKAP 2009 (Tal i 1000 kr.) Konsern Konsern Tekst Note VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 110 809 105 220 Kraftsalg 1 107 813 102 069 90 630 85 783 Nettinntekter 2 90 630 85 783 5 793 5 532 Andre driftsinntekter 3 4 985 4 848 207 232 196 535 Driftsinntekter 203 428 192 700 55 399 49 456 Kraftkjøp og anna varekjøp 4 66 933 59 749 33 916 31 556 Personalkostnader 5 29 848 27 570 17 645 17 380 Avskrivingar 17 645 17 380 39 010 38 673 Andre driftskostnader 6 27 687 28 395 145 970 137 065 Driftskostnader 142 113 133 094 61 262 59 470 Driftsresultat 61 315 59 606 998 1 525 Finansinntekter 7 945 1 389 9 968 13 090 Finanskostnader 8 9 968 13 090 8 970 11 565 Netto finanskostnader 9 023 11 701 52 292 47 905 Resultat før skattar 52 292 47 905 20 395 20 600 Skattekostnad 9 20 395 20 600 31 897 27 305 ÅRSRESULTAT 31 897 27 305 11 897 13 305 Overført til fri eigenkapital 20 000 14 000 Avsett til utbyte 31 897 27 305 SUM DISPONERINGAR 12

BALANSE 31.12.2009 (1000 kr) Konsern Konsern Tekst Note VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 EIGENDELAR 32 704 34 272 Immaterielle eigendelar 10 32 704 34 272 339 444 331 370 Varige driftsmidlar 11 339 444 331 370 17 831 20 973 Finansielle anleggsmidlar 12 18 680 21 822 389 979 386 615 Sum anleggsmidlar 390 828 387 464 6 843 6 522 Varelager 13 6 843 6 522 50 514 49 632 Kortsiktige krav 14 50 514 49 632 13 976 2 038 Pengemidlar 15 13 976 2 038 71 333 58 192 Sum omløpsmidlar 71 333 58 192 461 312 444 807 SUM EIGENDELAR 462 161 445 656 EIGENKAPITAL OG GJELD 140 000 140 000 Innskoten eigenkapital 16 140 000 140 000 91 111 79 214 Opptent eigenkapital 16 91 960 80 063 231 111 219 214 Sum eigenkapital 231 960 220 063 170 909 171 909 Langsiktig gjeld 17 170 909 171 909 59 292 53 684 Kortsiktig gjeld 18 59 292 53 684 230 201 225 593 Sum gjeld 230 201 225 593 461 312 444 807 SUM EIGENKAPITAL OG GJELD 462 161 445 656 Styret i VTK, 21. mai 2010 Rolf Normann Magne Wraa Lars Arvid Bjørgulfson (styreleiar) (nestleiar) Kåre Rønningen Magne Reinstaul Torgrim Thomassen Aslak Bekhus Jarle Solbu Ketil Kvaale (adm.direktør) 13

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 Tilgang av midlar: 27 305 27 305 Årets overskot 31 897 27 305 17 645 17 380 Ordinære avskrivingar 17 645 17 380 3 309 3 309 Avskriving på kraftkontrakt 3 309 3 309 1 540 88 Endring i utsett skattefordel 1 540 88 49 799 48 082 Sum tilgang 54 391 48 082 Disponering av midlar: 25 691 18 236 Aktiverte investeringar 25 691 18 236 1 000 20 223 Avdrag på lån 1 000 20 223 0 3 000 Kjernekapitalinnskot VTKP 0 3 000 167 0 Kjøp av aksjar 167 0 20 000 14 000 Utbytte 20 000 14 000 46 858 55 459 Sum disponering 46 858 55 459 2 941-7 377 Endring i arbeidskapital 7 533-7 377 321-268 Endring varelager 321-268 882 8 518 Endring kortsiktige krav 882 8 518 11 938-3 455 Endring betalingsmidlar 11 938-3 455 13 141 4 795 Endring omløpsmidlar 13 141 4 795-5 608-12 172 Endring kortsiktig gjeld -5 608-12 172 7 533-7 377 Endring arbeidskapital 7 533-7 377 14

ØKONOMISKE HOVUDTAL Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 Lønsemd: 30,0 31,0 A) Resultatgrad % 30,6 31,7 0,46 0,44 B) Kapitalens omløpstid 0,45 0,44 13,8 13,6 C) Totalrentabilitet = A*B % 13,7 13,9 Finansiering: 97,0 98,8 Anleggsmidlanes finansiering % 97,0 98,8 Soliditet: 50,1 49,3 Eigenkapital % 50,2 49,4 Likviditet: 1,20 1,08 Grad 1 1,20 1,08 1,09 0,96 Grad 2 1,09 0,96 Resultatgrad = (Driftsresultat + finansinntekter) / Driftsinntekter Kapital. oml. = (Driftsinntekter / Gj.snittleg totalkapital Totalrentabil. = (Driftsresultat + finansinntekter) / Gj.snittleg totalkapital Anl.midl. fin. = Anleggsmidlar / (Langsiktig gjeld + eigenkapital) Grad 1 = Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld Grad 2 = (Bet.midlar + kortsiktige krav)/kortsiktig gjeld 15

NOTER TIL REKNESKAPET OG BALANSEN Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova og norske rekneskapsstandardar. Klassifisering Eigedelar bestemt til varig eige eller bruk samt eigedelar som forfell meir enn eitt år etter balansedagen er klassifisert som anleggsmidlar. Andre eigedelar er klassifisert som omløpsmidlar. Anleggsmidlar er oppført til kostpris. Anleggsmidlar med avgrensa økonomisk levetid er avskrivne planmessig. Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er analoge kriterium lagt til grunn. Immaterielle eigedelar Selskapet har ein stor utsett skattefordel som skuldast skilnad mellom bokførte verdiar og skattemessig fastsette verdiar på kraftanlegg og nettinstallasjonar. Sjå eigen skattenote. Balanseført goodwill stammar frå kjøpet av Nissedal Kommunale Elverk i 2000 samt næringsfond ved omgjering til tidsuavgrensa konsesjon for Åmdal og Osen kraftverk. Kjøpt goodwill blir avskriven over 5 år, medan næringsfond ikkje vert avskrive. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar er avskrivne over forventa økonomisk levetid. Anleggsmidlar tilhøyrande nett er avskrivne lineært i samsvar med retningsliner frå NVE. Viser til eigen note. Andelar Eigardelar i Skafså Kraftverk ANS (67 %) og Sundsbarm Kraftverk (8,5 %) er vurdert etter bruttometoden for resultat og nettometoden for balansen. Andel av inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld er innarbeidd linje for linje i rekneskapet. Aksjar Aksjar i andre selskap er vurdert til å vera anleggsmidlar og er difor oppført til kostpris, men vert nedskrive til verkeleg verdi ved varig verdifall. Varelager Varelager er verdsett til lågast verdi av verkeleg pris og innkjøpspris. Ein del av varelageret (3,5 mill. kr) er rekna som beredskapslager og oppført som anleggsmiddel under nettanlegg. Fordringar Kundefordringar og andre fordringar er ført opp til pålydande etter frådrag for avsetjing til forventa tap. Pensjonar VTK har eigen pensjonskasse. Ordninga omfattar alle tilsette med arbeidstid over 15 t/veke i VTK AS, Skafså Kraftverk ANS og Telefiber AS. Storleiken på framtidige ytingar er avhengig av talet på oppteningsår, lønsnivå ved pensjonsalder og storleiken på ytingane frå folketrygda. Pensjonsforpliktingane er aktuarberekna til 60,7 mill. kr med 100 % dekningsgrad og ei grunnlagsrente på 3 % (realrente). 16 16

NOTER (1 000 kr) Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 Note 1 Kraftsalg 60 063 55 723 Sluttbrukarar 60 063 55 723 50 746 49 497 Engros m.m. 47 750 46 346 110 809 105 220 Sum kraftsalg 107 813 102 069 Note 2 Nettinntekter 0 11 087 Utleige av anlegg 0 11 087 11 219 2 670 Tariffinntekt, produksjon 11 219 2 670 76 563 74 341 Tariffinntekt, forbruk 76 563 74 341 87 782 88 098 Sum avrekna nettinntekter 87 782 88 098-123 -14 Korreksjon frå året før -123-14 2 971-2 301 Meir(-)/mindre(+)inntekt (jfr note 19) 2 971-2 301 90 630 85 783 Sum nettinntekter 90 630 85 783 Note 3 Andre driftsinntekter 5 169 4 606 Entreprenørinntekter 4 361 3 922 624 926 Diverse inntekter 624 926 5 793 5 532 Sum andre driftsinntekter 4 985 4 848 Note 4 Kraftkjøp og anna varekjøp 42 188 37 240 Kraftkjøp 59 502 53 114 3 309 3 309 Langsiktig Kraftkontrakt 3 309 3 309 9 667 8 907 Overføringskostnader 3 887 3 326 235 0 Anna varekjøp 235 0 55 399 49 456 Sum kraftkjøp og anna varekjøp 66 933 59 749 Note 5 Personalkostnader 28 155 26 181 Løn 25 299 23 615 3 752 3 571 Arbeidsgjevaravgift 3 160 2 948 4 419 4 629 Pensjonskostnader 4 145 4 151 1 322 1 664 Andre personalkostnader 976 1 345 37 648 36 045 Sum personalkostnader (brutto) 33 580 32 059 3 732 4 489 Aktiverte personalkostnader 3 732 4 489 33 916 31 556 Sum personalkostnader (drift) 29 848 27 570 Løn til adm.dir. i VTK AS er utbetalt med kr 809 858 Samla styregodtgjersle er kr 286 953 Ingen tilsette eller styremedlemer har lån i selskapet Note 6 Andre driftskostnader 5 383 6 733 Materiell, verktøy m.m. 4 275 6 227 15 192 14 144 Arbeid og tenester frå andre *) 7 942 7 856 7 023 7 062 Eigedomskatt 7 023 7 062 1 537 1 439 Konsesjonsavgift 0 0 728 472 Erstatningar 364 198 358 720 Tap på krav 358 720 8 789 8 103 Diverse driftskostnader 7 725 6 332 39 010 38 673 Sum andre driftskostnader 27 687 28 395 *) Herav honorar til revisor med kr 146 000 for revisjon og kr 18 000 for andre tenester 17

Konsern VTK Tekst VTK AS VTK 2009 2008 2009 2008 Note 7 Finansinntekter 47 201 Renter meir-/ mindreinntekt (netto) 47 201 521 537 Renteinntekter bank 468 401 430 787 Andre finansinntekter 430 787 998 1 525 Sum finansinntekter 945 1 389 Note 8 Finanskostnader 8 480 10 617 Renter på lån frå eigarane 8 480 10 617 1 170 2 444 Renter på banklån 1 170 2 444 318 29 Andre finanskostnader 318 29 9 968 13 090 Sum finanskostnader 9 968 13 090 Note 9 Skattepliktig inntekt og skattekostnad A. Endring i grunnlag for utsett skattefordel 5 283 2 291 Mellombels skilnad omløpsmidlar 5 283 2 291-108 857-111 048 Mellombels skilnad anleggsmidlar -108 857-111 048-1 264-1 580 Gevinst- og tapskonto -1 264-1 580-104 838-110 337 Sum mellombels skilnader -104 838-110 337 29 129 30 894 Utsett skattefordel 29 129 30 894 1 540 88 Endring utsett skattefordel 1 540 88 B. Skattepliktig inntekt 52 292 47 905 Resultat før skatt 52 292 47 905 591 301 Permanente skilnader 591 301-5 499-357 Endring i mellombels skilnader -5 499-357 47 384 47 849 Skattepliktig inntekt 47 384 47 849 C. Skattekostnad 13 268 13 398 Inntektsskatt 13 268 13 398-3 078-3 038 Motrekna naturressursskatt -3 078-3 038 10 190 10 360 Betalbar inntektskatt 10 190 10 360 3 078 3 038 Naturressursskatt 3 078 3 038 5 609 7 106 Grunnrenteskatt 5 609 7 106 18 877 20 504 Sum betalbar skatt 18 877 20 504 1 540 88 Endring utsett skatt 1 540 88 20 417 20 592 Sum årets skattekostnad 20 417 20 592-22 8 Korreksjon vedk. tidlegare år -22 8 20 395 20 600 Sum skattekostnad 20 395 20 600 Note 10 Immaterielle eigendelar 3 350 3 350 Konsesjonar (næringsfond) 3 350 3 350 29 354 30 894 Utsett skattefordel 29 354 30 894 0 28 Goodwill 0 28 32 704 34 272 Sum immaterielle eigendelar 32 704 34 272 18

Note 11 Varige driftsmidlar Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 22 727 22 705 Bygningar 22 727 22 705 112 538 111 542 Kraftverk 112 538 111 542 177 716 173 652 Nettanlegg 177 716 173 652 26 463 23 471 Transportmidlar, inventar og utstyr 26 463 23 471 339 444 331 370 Sum varige driftsmidlar 339 444 331 370 Driftsmidlar og avskrivingar Inventar, Goodwill og utstyr og transportm. rettighetar Nettanlegg Kraftverk Bygn. og anna eigedom (tal i 1000 kr) Bokført verdi 01.01. 23 471 3 378 173 652 111 542 22 705 334 748 Ansk. kostnad 01.01. 50 876 3 490 334 058 156 903 30 931 576 258 Årets tilgang 6 133 0 14 722 4 273 563 25 691 Årets avgang 28 0 0 0 0 28 Ansk. kostnad 31.12. 56 981 3 490 348 780 161 176 31 494 601 921 Akk. avskriv. 31.12. 30 546 140 171 063 48 638 8 767 259 155 Bokført verdi 31.12. 26 463 3 350 177 716 112 538 22 727 342 794 Årets avskrivingar 3 141 28 10 658 3 277 541 17 645 Avskr. satsar 10-25% 20% 0-2 % 0-3 % 0-1% SUM Note 12 Finansielle anleggsmidlar 0 0 Skafså Kraftverk ANS (67%) 670 670 0 0 Sundsbarm Kraftverk (8,5%) 179 179 0 0 Sum andelar i integrerte selskap 849 849 6 000 6 000 VTK's pensjonskasse ( 100%) 6 000 6 000 29 29 KLP 29 29 6 029 6 029 Sum øvrige andelar 6 029 6 029 48 48 Norsk Enøk og Energi AS 48 48 1 769 1 769 Grunnåi Kraftverk AS (15%) 1 769 1 769 2 000 2 000 Telefiber AS (40%) 2 000 2 000 167 Langemoen energigjenvinning AS 167 3 984 3 817 Sum aksjar i andre selskap 3 984 3 817 6 618 9 927 Kraftkontrakt m.m. 6 618 9 927 1 200 1 200 Lån til Telefiber AS 1 200 1 200 7 818 11 127 Sum langsiktige krav 7 818 11 127 17 831 20 973 Sum finansielle anleggsmidlar 18 680 21 822 Note 13 Varelager 6 064 5 516 Varer til eige bruk (nettverksemda) 6 064 5 516 779 1 006 Varer for vidaresal 779 1 006 6 843 6 522 Sum varelager 6 843 6 522 19

Note 14 Kortsiktige krav Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 3 488 3 519 Kundekrav, abonnentar 3 488 3 519 14 465 16 488 Kundekrav, andre 14 465 16 488 23 929 25 869 Levert ikkje fakturert 23 929 25 869-260 -260 Avsetjing til tap på kundekrav -260-260 41 622 45 616 Sum kundekrav 41 622 45 616 5 899 3 004 Mindreinntektsfond (inkl. renter) 5 899 3 004 2 993 1 012 Andre krav 2 993 1 012 8 892 4 016 Sum andre kortsiktige krav 8 892 4 016 50 514 49 632 Sum kortsiktige krav 50 514 49 632 Note 15 Pengemidlar 13 11 Kasse 13 11 13 963 2 027 Bankinnskot 13 963 2 027 13 976 2 038 Sum pengemidlar 13 976 2 038 Note 16 Eigenkapital 100 000 100 000 Aksjekapital 100 000 100 000 40 000 40 000 Overkursfond 40 000 40 000 140 000 140 000 Sum innskoten eigenkapital 140 000 140 000 79 214 65 909 Annan (fri) eigenkapital 80 063 66 758 31 897 27 305 Årets overskot 31 897 27 305-20 000-14 000 Utbytte -20 000-14 000 91 111 79 214 Sum opptent eigenkapital 91 960 80 063 231 111 219 214 Sum eigenkapital 231 960 220 063 Aksjekapitalen er fordelt på 100 000 aksjar á kr 1000 Eigarar: Fyresdal kommune 19 000 aksjar Kviteseid kommune 19 000 aksjar Nissedal kommune 5 000 aksjar Seljord kommune 19 000 aksjar Tokke kommune 19 000 aksjar Vinje kommune 19 000 aksjar Note 17 Langsiktig gjeld 909 909 Lån frå kundar (obligasjonsinnskot) 909 909 20 000 21 000 Lån i kredittinstitusjonar *) 20 000 21 000 150 000 150 000 Gjeld til eigarkommunane 150 000 150 000 170 909 171 909 Sum langsiktig gjeld 170 909 171 909 *) Låna er hjå norske kredittinstitusjonar i norske kroner 20

Konsern Konsern Tekst VTK AS VTK AS 2009 2008 2009 2008 Note 18 Kortsiktig gjeld 10 1 861 Kassakreditt (limit 40 mill.) 10 1 861 8 118 3 553 Leverandørgjeld 8 118 3 553 18 876 20 504 Betalbar skatt 18 876 20 504 1 493 1 465 Skattetrekksmidlar 1 493 1 465 0 232 Meirverdiavgift 0 232 882 914 Arbeidsgjevaravgift 882 914 5 369 5 364 Forbruksavgift (elavgift) 5 369 5 364 20 000 14 000 Avsett utbyte 20 000 14 000 2 775 2 571 Feriepengar 2 775 2 571 1 769 3 220 Annan kortsiktig gjeld 1 769 3 220 59 292 0 53 684 Sum kortsiktig gjeld 59 292 53 684 Note 19 Nettinformasjon 89 610 82 362 Inntektsramme frå NVE 89 610 82 362 600 Justering for kapitalkostnader 600 3 887 3 326 Kjøp av overføringstenester (netto) 3 887 3 326 3 628 3 573 Eigedomskatt, nett 3 628 3 573-6 972-3 478 KILE-kostnader (-)/inntekter (+) -6 972-3 478 90 753 85 783 Total tillatt inntekt 90 753 85 783 87 782 88 098 Avrekna nettinntekter 87 782 88 098 2 971-2 315 Meir (-)/mindre (+)inntekt frå årets drift 2 971-2 315 0 0 Korreksjonar frå tidlegare år 0 0 2 971-2 315 Bokført meir(-)/mindre(+)inntekt i året 2 971-2 315 126 0 Tilbf.saldo 1.1. meir/mindrenntekt inkl renter 126 0 5 469 0 2 624 Saldo meir(-)/mindre(+)inntekt pr.31.12 5 469 2 624 427 380 Saldo renter meir(-)/mindre(+)inntekt pr.31.12 12 427 380 21

22

Vest-Telemark Kraftlag AS Foretaksnummer 955 996 836 HOVUDKONTOR AVD. KONTOR 3891 Høydalsmo Tlf. 35 07 57 00 E-post: firmapost@vtk.no Internett: www.vtk.no 3855 Treungen