Seksjon for assistert befruktning



Like dokumenter
FERTILITETSBEVARING VED SEKSJON FOR ASSISTERT BEFRUKTNING

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

KVINNEKLINIKKEN OPERASJON I NARKOSE

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Til deg som bur i fosterheim år

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Avdeling for urologi

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

6. trinn. Veke 24 Navn:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Assistert befruktning

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Velkommen til Reproduksjonsmedisinsk seksjon

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK


Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

PRISLISTE - ASSISTERT BEFRUKTNING

Informasjon til pasientar og pårørande

Fertilitetsseksjonen

Infertilitet - fra diagnose til behandling


Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Fakta om hiv og aids. Nynorsk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

HJARTEAVDELINGA BEHANDLING AV PFO/ASD

HJARTEAVDELINGA BEHANDLING AV PFO/ASD

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Det er mulig å kontakte en privat fertilitetsklinikk uten å ha henvisning fra lege.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Brukarrettleiing E-post lesar

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Fertilitetsseksjonen

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Brukarrettleiing. epolitiker

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

PYELOSTOMIKATETER SLIK TAR DU VARE PÅ PP- KATETERET

Rådgjevarkonferanse 2009

Velkommen til Reproduksjonsmedisinsk. Rikshospitalet. Gynekologisk avdeling Kvinne- og barneklinikken

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Rådgjevarkonferanse 2010

Velkommen til Stork IVF Klinik

Bruk av reiserekning i Agresso

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kva er økologisk matproduksjon?

Søking til skuleåret

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

JORDMORTEAMET PÅ HEIMEBESØK

Velkommen til Seksjon for barnløshet og assistert befruktning

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Balanselaboratoriet BALANSELABORATORIET

Med tre spesialitetar i kofferten

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Med god informasjon i bagasjen

Plassebakken Barnehage

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Informasjon til elevane

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Hormonstimulering ved assistert befruktning

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Transkript:

Seksjon for assistert befruktning

KONTAKTINFORMASJON Seksjon for assistert befruktning på Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Vi held til i U-et på KK. Opningstider Måndag til fredag kl. 08.00 15.30 Viktige telefonnummer Sekretær: 55 97 42 76 Sjukepleiar: 55 97 42 79 (frå kl. 12.30 14.30 alle dagar. Måndag og tysdag også kl. 09.00-10.00) Laboratorium: 55 97 42 74 Fax: 55 97 49 68 Nettadresse www.helse-bergen.no/no/omoss/avdelinger/kvinneklinikken/ assistert-befruktning Besøksadresse Kvinneklinikken Jonas Lies vei 72 5058 Bergen Postadresse Postboks 1400 5021 Bergen Forening for ufrivillig barnløse FUB Ønskebarn Telefon: 22 41 58 86 www.fub.no 2

VELKOMMEN TIL OSS Vi veit at de som kjem til oss har eit stort behov for informasjon og vi ønskjer at de opplever å bli godt ivaretatt, føler tryggheit og at vi får ein god dialog gjennom heile behandlingsprosessen. Vi håper at denne brosjyren kan gi svar på nokre av spørsmåla de sitt med og vil gjerne at de skriv ned fleire spørsmål og tar dei med når vi møtast, så skal vi gjere vårt beste for å svare. FORUNDERSØKINGA - VÅRT FØRSTE MØTE Når de får innkallingsbrev til forundersøkinga, møter de på oss på avdelinga for første gang. Her vil de møte eit tverrfagleg team beståande av legar, bioingeniørar, sjukepleiarar, embryolog og helsesekretærar. Til forundersøkinga er det satt opp samtale med lege for begge to og det er viktig at de informerer om eventuell medisinbruk/allergiar. I tillegg skal kvinna gjennom ein gynekologisk undersøking og mannen må levere sædprøve. Ein sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere ein avtale om assistert befruktning, som de fikk tilsendt saman med innkallingsbrevet. Hugs å ta med legitimasjon, for det må visast fram i samband med underskrivinga. De vil også få opplæring i bruk av sprøyter som ein skal sette sjølv under behandlinga. Dersom alt ligg til rette for det, vil vi no bli einige om kva slags metode og tidspunkt for vidare behandling. Forundersøkinga tar om lag halvanna time totalt, men før de drar frå sjukehuset skal de ta blodprøver ved laboratoriet på KK. Det ligg også i U-etasjen i bygget og er tydeleg skilta. SÆDPRØVE Han kan velje om han vil ta den heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på et eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir 3

levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang ULIKE BEHANDLINGSMETODAR VI KAN TILBY VED ASSISTERT BEFRUKTNING IVF In Vitro Fertilisering In vitro betyr utanfor kroppen og fertilisering betyr befruktning. Denne behandlinga inneber at vi tek ut egg frå eggstokkane og befruktar desse med sædceller frå partnaren. Befruktninga skjer i laboratoriet på avdelinga. ICSI Microinjeksjon Denne metoden nyttast ved nedsett sædkvalitet eller om ein ikkje har lukkast med fertilisering ved hjelp av IVF. På same måte som ved IVF, hentar vi ut egg frå eggstokkane, men ved ICSI tek vi ei sædcelle og fører den direkte inn i egget ved hjelp av ei tynn glaspipette. CRYO Nedfrysing Om det er overskot av befrukta egg med god kvalitet etter egguthenting, kan desse bli frose ned og lagra til seinare bruk. De vil då få tilsendt brev i etterkant av egguthentinga om talet på egg som er frose ned, samt ei kort forklaring på korleis ein skal få fram for å nytta desse ved seinare behandling. Egga kan lagrast i inntil 5 år på avdelinga. Tinte egg kan bli satt tilbake i naturleg eller hormonstyrt syklus, avhengig om kvinna har regelmessig menstruasjon med eggløysing eller ikkje. Dei lagra egga blir som regel nytta før vi eventuelt må utføre ei ny egguthenting hjå kvinna. TESA Testicular Sperm Aspiration Dette er eit inngrep som blir utført dersom vi ikkje finn rørlege sædceller i sædvæska. Legen hentar ut sæd direkte frå testikkelen etter at 4

mannen har fått lokalbedøving. Metoden blir brukt både for å kunne stille diagnose og behandling ved assistert befruktning. I forbindelse med behandling ved assistert befruktning, vil vi bruke ICSI som befruktningsmetode. Cryopresevering av spermiar Menn som skal gjennom medisinsk behandling som kan øydelegge eller redusere fertiliteten deira, kan få frose ned spermiar som kan nyttast til framtidig behandling med assistert befruktning av kvinna. Samtykke til behandling Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss. ULIKE BEHANDLINGSPROTOKOLLAR Det fins fleire alternativ for korleis kvinna må bli behandla før de får hjelp med assistert befruktning, men her skisserer vi dei to mest vanlege metodane. 1. LANG PROTOKOLL, MED NASESPRAY Synarela nasespray blir brukt for å nedregulere eggstokkane sin hormonelle aktivitet slik at vi får kontroll over kor tid eggløysing skal skje. Kvinna startar med nasespray på sin 21. syklusdag/menstruasjonsdag. Nasesprayen skal nyttast i 2-3 veker før start med sprøytar/ hormonstimulering og under heile stimuleringstida, til og med den dagen du skal sette eggløysingssprøyta (sjå eige punkt for eggløysingssprøyte). Ein spray i eine naseboret tilsvara ein dose og den skal du ta kvar åttande time for å sikre at du får den effekten som trengs. Etter start med nasespray vil du få ei menstruasjonsbløding etter ein til to veker. Blødinga kan vere annleis enn vanleg menstruasjon, for eksempel vere kraftigare, vare lenger og eventuelt vere meir smertefull. I nokre tilfelle kan nasesprayen gje biverknader som humørsvingingar, heite- 5

tokter og hovudpine. Biverknadene forsvinn raskt når østrogennivået i kroppen stig, det skjer etter at du startar med hormonstimulering. Hormonstimulering blir brukt for å auke sjansen for å bli gravid ved at vi ønskjer å stimulere fleire egg til modning enn i ein normal syklus. Hormonstimuleringa vil vere individuelt tilpassa der du får ein personleg stimuleringsplan som skal følgjast dag for dag. Her vil det gå fram kva dato som er bestemt for start av dei ulike medisinane, samt tidspunkt for time til ultralydundersøking. Dei ulike legemidlane som blir brukt til hormonstimulering heiter Puregon, Gonal F og Menopur. Desse medikamenta består av hormonet FSH som stimulerer utvikling og modning av egga. Medisinen blir gitt ved hjelp av sprøyte/penn og skal bli sett i magen kvar morgon til same tid i ca. 10 dagar. Legen vurderer kor lenge behandlinga skal vare ut frå ultralydundersøkingar undervegs. Reseptane blir sendt elektronisk, og kan hentast ut på alle apotek i Noreg. Reseptane blir aktivert ved personleg frammøte og identifikasjon må visast. Medisinane må bestillast nokre dagar før start av behandling. Dersom du vil sjekke om e-reseptane er sendt til deg, eller kva medisin legen har rekvirert, kan du gå inn på www.mineresepter. no og følgje instruksa der. Ring oss dersom noko er uklart. Anbefalt lesing på nett: www.fertility.com www.barnloshet.no Det finns fleire videoar med instruksjon for bruk av injeksjonspennar på nettet. Søk på legemiddelet du skal nytta. 2. KORT PROTOKOLL, UTAN NASESPRAY Hormonstimuleringa startar andre til tredje syklusdag ved hjelp av sprøyter. Dei ulike legemidlane som blir brukt til hormonstimulering heiter Puregon, Gonal F, Menopur og Elonva. Elonva blir gitt som ein dose og har verknad i ei veke. Ved behov kan ein supplere med Puregon dagleg etter det. Dei andre legemidlane blir nytta i om lang 10 dagar, som forklart ved lang protokoll. 6

I staden for nasespray, bruker du her medikamentet Orgalutran eller Cetrotide. Då startar du femte stimuleringsdag og denne sprøyten skal settast på same måte og parallelt med hormonstimuleringssprøyta. Denne skal hindre for tidleg eggløysing. Ultralyd Vi følgjer med på utvikling og vekst av folliklane/eggposane ved hjelp av ultralydundersøkingar. Dei som bor langt unna sjukehuset kan ta ultralyd hjå sin gynekolog eller på sitt lokalsjukehus på heimstaden. Du må sjølv bestille time, helst tidleg på dagen. Gynekologen/sjukehuset må sende resultatet på fax til oss på Seksjon for assistert befruktning snarast. Vi tek kontakt med deg på telefon etterpå og informerer deg om vidare behandling. Ta kontakt med oss dersom vi ikkje har ringt deg innan kl. 14.00. Eggløysingssprøyte (Ovitrielle) På ultralydundersøkinga kan legen sjå kor tid folliklane har nådd ønska storleik og då får du beskjed om når du skal sette eggløysingssprøyta. Det er svært viktig at du tar eggløysingssprøyta til rett tid; kl. 23.30, to dagar - dvs. 36 timar før egguthenting! EGGUTHENTING (OPU) På denne dagen skal de møte opp ved Seksjon for assistert befruktning på Kvinneklinikken ca. kl. 08.00 (nøyaktig tidspunkt for oppmøte blir gitt ultralyddagen). Då vil de begge måtte signere avtale om behandling og vise fram ID-kort. KVA SKJER VED EGGUTHENTING? Kvinna: Et ein lett frukost utan kaffi Ta 2 gram Paracet (= 4 tablettar á 500 mg) ein halv time før oppmøte. 7

Når de kjem får du ei seng du kan ligge i, i tillegg til smertestillande og avslappande medisin. Du kan ikkje køyre bil denne dagen! Du får lokalbedøving i skjeden som blir gitt av legen rett før egguthentinga startar. Sjølve egguthentinga tar 10-15 min. Grad av smerte ved egguttak varierer frå kvinne til kvinne, men dei fleste beskriv smerten som menstruasjonsliknande smerte som strålar bak i korsryggen. Du må ligge til observasjon i ½-1 time hjå oss før du får reise heim frå sjukehuset etter egguthentinga. Nokon opplever smerter i magen same ettermiddag/kveld, men det er som regel nok lindring i Paracet og varmeflaske. Du skal ikkje bruke Ibux eller Voltaren på grunn av økt fare for bløding Vi kan gi deg sjukemelding i inntil tre dagar etter egguthentinga Dagen etter egguthentinga vil laboratoriet ringe til deg mellom kl. 12.30 og 13.00 (laurdagar ca. kl. 9.00) for å gi beskjed om kor mange egg som har blitt befrukta. Samstundes får du beskjed om tidspunkt for kor tid vi vil sette inn det befrukta egget. Mannen: Lever sædprøve, anten som du tar heime eller når du kjem på avdelinga (sjå tidlegare i teksten kva som er viktig å ta omsyn til i samband med sædprøve) Du kan vere med under egguthentinga dersom de begge ønskjer det. Du må følgje partnaren din heim etter at ho har vore gjennom uthentinga. I tillegg skal ho ikkje vere aleine dei første timane etter at de kjem heim, sidan ho har fått ulike smertestillande medisin. Vi anbefaler ikkje å ha samleie dei siste dagane før egguthentinga - til 8

og med ein til to veker etter egguthentinga! I tillegg skal kvinna ikkje bruke tampong eller bade i badebasseng dei første vekene etter egguthentinga. ETTERBEHANDLING Vi gir etterbehandling med progesteron etter egguthentinga. Progesteron er eit hormon som byggjer opp livmorslimhinna og førebur livmora på å ta i mot eit befrukta egg. Behandlinga startast opp sjølve egguthentingsdagen. Medikamentet settast djupt inn i skjeda. Biverknader av progesteronbehandlinga kan vere auka utflod, kløe nedantil, ømme bryst og trøttheit. EGGINNSETTING Andre eller tredje dag etter egguthentinga, sett vi tilbake eit befrukta egg. Då skjer følgjande: Kvinna ligg på ein vanleg gynekologisk undersøkingsbenk Vi fører eit tynt kateter gjennom skjeden og inn i livmora, der egget blir plassert. Normalt tar dette 10-15 min. Dette er ikkje ein smertefull prosedyre, så vi gir ikkje smertestillande i samband med egginnsettinga. GRAVIDITETSTEST Vi vil at du skal ta ei blodprøve 14 dagar etter egginnsetting, også sjølv om du har fått bløding. Nokon kvinner opplever menstruasjonsliknande smerter og sporblødingar i løpet av desse to vekene, men kan likevel vere gravid. Om du kjem til Laboratoriet på KK for å ta blodprøven kl. 8.00, får du svar same dag. Om du tar prøven hjå fastlegen eller andre stader, 9

føreligg svar tidlegast neste dag. Ein sjukepleiar frå oss vil ringe deg og gi deg svaret på testen. Om graviditetstesten er positiv, får du time til vaginal ultralyd om lag fem veker etter egginnsettinga fann stad. All vidare oppfølging blir no gjort av fastlegen din. Om de ikkje bur i Bergen, kan du ta vaginal ultralyd hjå gynekolog der du bur. Då er det viktig at du og/eller gynekologen meldar frå til oss om resultatet frå ultralyda, anten per telefon eller brev. Psykisk belasting For dei aller fleste er det ei stor psykisk belasting å gå gjennom behandling med assistert befruktning og det er greitt å vere førebudd på. Det har for mange allereie vore ei utfordrande tid fram mot sjølve behandlinga, med lang tid der ein har ønskt å få barn. Vi har erfart at ei optimistisk haldning er viktig for å meistre behandlinga, men samstundes må ein vere realistisk og vite at dessverre ikkje alle lukkast med behandlinga. Det er viktig at de viser kvarandre forståing for eventuelle ulike reaksjonar. Ein bør prøve å leve så normalt som mogleg sjølv om behandlinga skal og vil få mykje fokus. Dette er kanskje ikkje tida for å planleggje andre store prosjekt eller reiser i sjølve behandlingsperioden. Vi som jobbar her vil vere tilgjengeleg dersom de har spørsmål til oss undervegs i behandlinga. I tillegg tilbyr vi ei oppsummeringssamtale med legen etter tredje og siste forsøk. Vit at de alltid er velkommen til å ringje oss! MOGLEGE KOMPLIKASJONAR AV BEHANDLINGA Biverknader forårsaka av medisinar Alle medisinar har omtale av moglege biverknader i pakningsvedlegget. Medisinar som brukast i behandling med assistert befruktning gir ei kontrollert overstimulering av eggstokkane og overstyrer din eigen syklus. 10

Vi kjenner til at dei mest vanlege biverknadene er: Synarela nasespray - hovudverk, heitetokter, nattesveitte, humørsvingingar. Hormonstimuleringa - smerter, kvalme, oppblåst mage, tyngdefornemming og stikking i underlivet, lett vektauke, auka mengde utflod. Overstimuleringssyndrom Overstimuleringssyndrom kan skje som følgje av hormonbehandlinga. I dei mest alvorlege tilfella, krev det innlegging på sjukehuset. Nokon kvinner kan reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og det blir danna for mange folliklar. Då kan det vere at behandlinga må avbrytast. Det inneber at vi anten kansellerer egguthentinga eller at vi frys ned alle dei befrukta egga og gjennomfører egginnsetting i ein seinare syklus. Overstimulering kan skje frå du sett eggløysingssprøyta og innan ei veke etter egginnsetting. Ta kontakt med oss dersom du får symptom som: oppblåst og smerte i underlivet, kvalme, oppkast, diare og ev. tungpust. Ring 55 97 42 21/25 dersom vår avdeling er stengd, eller ring nærmaste sjukehus. Allergiske reaksjonar I sjeldne tilfelle kan vi sjå allergiske reaksjonar på medisin som blir gitt i behandlinga. Kontakt avdelinga dersom det skjer. Infeksjon etter egguthenting Ein sjeldan gang kan det oppstå infeksjon etter egguthentinga. Symptom på infeksjon kjem innan tre dagar etter egguthenting og vil vere vedvarande og aukande magesmerte, i tillegg til feber. Då skal du ta kontakt med lege snarast. Bløding Bløding i bukhola i samband med egguthenting kan skje i sjeldne 11

tilfelle, og det er derfor vi vil ha deg til observasjon på avdelinga i ½- 1 time etter egguthentinga. Risiko for kreft? Det fins ingen dokumentasjon på at hormonstimulering i behandling med assistert befruktning gir auka risiko for å utvikle eggstokkreft eller brystkreft. KVA KAN EG GJERE SJØLV? Ta folinsyre - Kvinner som prøver å bli gravid blir anbefalt å ta tilskot av folat på 0,4 mg dagleg. Du skal også ta folat dei tre første månadane etter positiv graviditetstest. Unngå tobakk - Røyking reduserer fruktbarheta hjå kvinner og kan redusere sædkvaliteten hjå menn. Reduser inntak av alkohol - Under behandlinga bør inntak av alkohol være så lågt som mogleg. Etter egginnsettinga bør kvinna ikkje drikke alkohol i det heile tatt. Reduser inntak av koffein - Koffein fins mellom anna i kaffi, te og cola. Du bør halde deg til eit moderat inntak av koffein. Meir enn fem koppar med koffeinhaldig drikke er definert som stort forbruk og kan vere med på å redusere sjansen for å oppnå graviditet. Hald normal vekt - Både overvekt og undervekt kan spele inn på sjansen om å bli gravid. For overvektige anbefalast det å gå ned i vekt før behandlingsstart. Akupunktur - Mange ønskjer å prøve akupunktur i samband med behandlinga. Då må de sjølv ta kontakt med akupunktør. KVA VIL BEHANDLINGA KOSTE? Mange har spørsmål om kor mykje det kostar å gå gjennom behand- 12

ling med assistert befruktning på offentleg sjukehus. Frå 1. april 2014 får ein statleg delvis refusjon for inntil tre forsøk med assistert befruktning per par. Ved kvart forsøk betaler de ein eigenandel på 1500 kr. til Kvinneklinikken. Dette beløpet kan ikkje førast på kortet for eigenandel. Utgifter til legemiddel som overstig beløpsgrensa satt av HELFO blir dekka av folketrygda. For oppdatert informasjon om dekking av utgifter sjå nettsida til helsenorge.no. Hugs å ta vare på alle kvitteringar. Dei skal sendast til HELFO saman med stadfesting av behandlinga for at de skal få tilbakebetalt utgiftene innan seks månader etter de har nådd beløpsgrensa. De får stadfestinga hjå oss same dag som egginnsettinga skjer. Cryo Ved innsetting av tinte egg må de betale eigenandel som ved offentleg poliklinikk, både ved ultralydundersøkinga og egginnsettinga. Å setje tilbake tinte egg inngår som ein del av forsøket som egget stammar frå og reknast derfor ikkje som eit eiga forsøk. Syskenforsøk Har de fått barn og ønskjer søskenforsøk, må de starte på nytt med eigenandel og de får då inntil tre nye forsøk. Om de har lagra befrukta egg hjå oss kan dei nyttast innan fem år uavhengig av kvinna sin alder. Lagra egg som blir nytta til søskenforsøk blir ikkje rekna som eit fullstendig forsøk, men de må likevel betale ny eigenandel ved start av ny behandling etter fødsel. 13

Behandlingsforløp Kort protokoll Start hormonstimulering FSH Puregon, Gonal F eller Menopur Start Orgalutran / Cetrotide 1. mens = 1. syklusdag 2. - 3. syklusdag 5. stimuleringsdag Eggløysingssprøyte Egguthenting Egginnsetting Graviditetstest 1 1/2 døgn 2-3 dagar 14 dagar Etterbehandling med progesteron Ultralydundersøking 7. - 9. stimuleringsdag Ultralydundersøking Ved graviditet: ultralydundersøking 5-6 veker etter egginnsetting 14

Behandlingsforløp Lang protokoll Start Synarela nesespray Start hormonstimulering FSH Puregon, Gonal F eller Menopur 1. mens = 1. syklusdag 21. syklussdag Menstruasjonsliknande bløding 1-2 veker etter start med nesespray onsdag Eggløysingssprøyte Egguthenting Egginnsetting Graviditetstest 1 1/2 døgn 2-3 dagar 14 dagar Etterbehandling med progesteron Ultralydundersøking 6. - 10. stimuleringsdag Ultralydundersøking Ved graviditet: ultralydundersøking 5-6 veker etter egginnsetting 15

www.helse-bergen.no Haukeland universitetssjukehus Telefon: 05300 2023665 - Bergen Grafisk as - 10/2014