Møring. Sunn. Høgtflygande redningsteneste. Nr. 1-2008. s. 10-11. Prisa av føretaket s. 12. Master om maske s. 2-3. Mor fortel om Nidcap s.



Like dokumenter
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Til deg som bur i fosterheim år

Med god informasjon i bagasjen

Månadsbrev for Rosa september 2014

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Minnebok. Minnebok NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Med tre spesialitetar i kofferten

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Informasjon til elevane

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Jon Fosse. For seint. Libretto

Team Hareid Trygg Heime

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Ny strategiplan for Høgskulen

«Ny Giv» med gjetarhund

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Brukarutval. Kva er ein brukar i denne samanheng?

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Lønnsundersøkinga for 2014


MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Om å høyre meir enn dei fleste

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Eksempel frå Stord kommune

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Frå novelle til teikneserie

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Plassebakken Barnehage

Ledelse over fjord og fjell

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

mmm...med SMAK på timeplanen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Brukarrettleiing E-post lesar

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

ÅRSMELDING 2015 BRUKARUTVALET I HELSE BERGEN

Månadsbrev for ROSA mars 2015

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Transkript:

Sunn Møring Nr. 1-2008 Høgtflygande redningsteneste Helikopteret og legebilen på redningsbasen til Ålesund sjukehus har nærare 700 oppdrag i året. Søk og redning utgjer fire-fem prosent av arbeidsmengda. Nokre av redningsoppdraga skjer i samarbeid med Sunnmøre alpine redningsgruppe. Vårt portrett, anestesisjukepleiar Tore Mork, jobbar på basen og er medlem i redningsgruppa. s. 10-11 Master om maske s. 2-3 Mor fortel om Nidcap s. 4-5 Prisa av føretaket s. 12 1

LEIAR Forsidefoto: Tore Mork 2008 er året vi har kvalitet som hovudsatsingsområde i Helse Sunnmøre. Etter eit tøft år med særdeles høgt fokus på økonomi, er tida overmoden til å satse særskildt på kvalitet. Det blir gjort mykje god pasientbehandling i Helse Sunnmøre. Mellom anna viser PasOpp undersøkingane dette. Undersøkingane viser også at dei fleste pasientane er nøgde med tenestene dei får hos oss. Vi veit likevel at vi har ein veg å gå; vi kan bli betre. Lenge har vi blitt målt på utsending av epikriser, strykingar på operasjonsprogrammet og talet på korridorpasientar, for å nemne nokre kvalitetsindikatorar gitt av eigarane våre. Vi må ta det på alvor når departementet, i kraft av å vere eigar, set krav til føretaka etter denne typen indikatorar. Samanlikna med andre føretak er vi dårlegast i landet på utsending av epikriser. Vi ligg heller ikkje godt an når det gjeld strykingar på operasjonsprogrammet. Talet på korridorpasientar har gått kraftig ned dei siste åra, og vi ligg no godt an på denne indikatoren. Det er bra! Epikrisetidene våre er lite å vere stolte over samanlikna med kva andre føretak klarer. Dette handlar faktisk om at primærlegane skal få den nødvendige informasjonen dei treng for å følgje opp pasienten etter utskriving. Epikriser har å gjere med kvalitet i pasientforløpet; eit viktig satsingsområde i føretaket framover. Eg går ut frå at alle tilsette vil finne dette arbeidet viktig. Er det noko som ergrar pasientane, så er det når ting ikkje går som planlagt. Dette blir også meldt tilbake til personalet, som i sin tur opplever situasjonen som frustrerande. Gode pasientforløp handlar dermed også om arbeidsmiljøet vårt. Lukkast vi med gode pasientforløp, vert det betre kvalitet i møte med pasienten. I neste omgang gjev det meir tilfredse tilsette. Utsending av epikriser må sjåast på som eit ledd i dette kvalitetsarbeidet. Pasientforløpet går oftast frå primærhelsetenesta via sjukehuseller institusjonsopphald og attende til primærhelsetenesta. I dette forløpet er samhandling med primærhelsestenesta viktig. Det er eit klart krav frå eigarane våre at vi skal bli betre på samhandling nettopp for å betre kvaliteten i det samla tilbodet innan helse- og omsorgstenesta. Avslutningsvis vil eg igjen presisere at det blir gjort mykje kvalitativt godt arbeid i Helse Sunnmøre. Dette handlar om å utvikle oss vidare til å bli endå betre. Med vennleg helsing Astrid J. Eidsvik God hjelp som gjer vondt Metoden er effektiv, men for ein del KOLSpasientar er oksygentilførsel gjennom maske i vondaste laget. Henny Torheim har forska på kva som kan gjere maskebehandlinga lettare å halde ut for dei akutt og kritisk KOLS-sjuke. Henny Torheim har teke mastergrad i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen. Ho har forska på maskebehandling av KOLSpasientar. Intensivsjukepleiar Henny Torheim (52) har nyleg avslutta mastergraden sin i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen. Ho har forska på bruken av BiPAP-maske, og har intervjua både KOLS-sjuke og erfarne lungesjukepleiarar undervegs i arbeidet. Praksisrelevant Henny Torheim har 20 år bak seg som intensivsjukepleiar på Volda sjukehus, der ho også har arbeidd som avdelingssjukepleiar. Då ho skulle ta i ferd med mastergraden ønskte ho å forske på eit praksisrelevant tema. Eg veit av eigne erfaringar at maskebehandlinga er krevjande og tøff for pasienten, men også for sjukepleiarane. Både sjukepleie- og pasientperspektivet er omhandla i studien. Det er gjort for å få fram viktige aspekt ved den krevjande maskebehandlinga. Mange får angst Maskebehandlinga vert gjeve til kritisk sjuke KOLS-pasientar. Metoden gjer at pasienten får kvile seg, og slepp å bruke så mykje musklar på pustearbeidet. Men for pasientar som i utgangspunktet har sterkt redusert pust, kan det kraftige overtrykket vere vanskeleg å takle. Å slite slik med pusten er noko av det tøffaste ein kan oppleve. Pasientane fortel at å miste kontroll over pusten er å miste kontroll over livet. Mange får angst i det dei får maska på seg. Denne angsten har dei med seg vidare, fortel Henny Torheim. I tillegg er behandlinga smertefull. Maska ligg stramt på andletet, bråkar mykje og gjer pasienten tørr i munnen Likevel lindring Mange ulemper til tross, dei pasientane som maktar å bruke maska får lindring og god pusteavlasting. Henny Torheim drøftar dette motstridande aspektet i oppgåva, Fakta KOLS: - Står for kronisk obstruktiv lungesjukdom. - Blant symptoma er auka luftvegsmotstand, som kan gje alvorlege pusteproblem. - Vert omtala som den nye folkesjukdomen. - Råkar mellom fire og seks prosent av den vaksne befolkninga i Norge. - Mellom 15 og 25 prosent av alle røykarar utviklar KOLS. (Kjelde: www.lungenettet.no) Henny Torheim og avdelingssjukepleiar Gro Birkland går over BiPAP-maskina. Alle som arbeider med BiPAP på avdelinga har sjølve prøvd maskebehandlinga. og prøver å finna svar på korleis maska kan verte meir ven enn fiende. Det er til dømes viktig at pasienten, som kan ha bruk for maska i fleire døgn, får avtale maskefrie pausar til faste klokkeslett. Pasientane legg vekt på dette; kor viktig det er å få vere med og bestemme. I ein elles sårbar situasjon vert likevekta oppretta når pasienten vert høyrt og teken på alvor. Treng tid og kunnskap Henny Torheim understrekar at maskebehandlinga også er krevjande for sjukepleiaren. Pasienten må få fram livsmotet. Det er vår oppgåve å hjelpe pasienten til å mobilisere sin eigen viljestyrke. Dessutan er det mange vurderingar å gjere. Teknikken skal fungere, samarbeidet med legane må vere tett og sjukepleiaren må ha mykje kunnskap om lungefysiologi og teknologi, seier ho, og legg til at dette er kunnskap sjukepleiarane berre kan tileigne seg med grundig opplæring og gjennom erfaring over tid. Den viktige erfaringa I oppgåva si peikar ho på at erfaring er vesentleg om maskebehandlinga skal lukkast. Ho er også på eit meir generelt grunnlag oppteken av å framheve og verdsetje erfaringskunnskapen i sjukepleia. Forsking er blitt viktig i sjukepleiefaget, men utan erfaringskunnskap vert det dårleg praksis. Erfaring er ei vesentleg kunnskapskjelde som ein ikkje kan forske fram. Utfordringa er å sameine forsking og praksis. Det er ute i det levande og verkelege livet at pleia og omsorga skjer, seier Henny Torheim, og understrekar at det er avgjerande med fagutviklingsarbeid og fagleg diskurs om ein skal få nytte av forskingsresultata i praksisfeltet. Forsking må kome pasientane til gode Henny Torheim, som også har studert pedagogikk og psykologi, arbeidde deltid under masterstudiet. Ho er no attende i full stilling på Volda sjukehus. I tillegg underviser ho litt på Høgskulen i Bergen, og planlegg å gje ut nokre vitskaplege artiklar basert på funna i masteroppgåva. Ho meiner det er viktig at ikkje alle med forskingskompetanse forsvinn til utdanningsinstitusjonane. Dei bør også vere å finne ute i felten, der møtet med pasientane skjer. Til sjuande og sist skal jo forskinga kome pasientane til gode. Tekst og foto: Marie Hauge BiPAP-maskebehandling Maska er kopla til ei pustemaskin. Pasienten får tilført oksygen med overtrykk for å avlaste ventilasjonsmuskulaturen. Metoden er spesielt nytta når pasienten, grunna ein infeksjon eller anna forverring i sjukdomsbiletet, treng hjelp til å puste. Forsking viser at 14 prosent av KOLS-pasientane er intolerante til maskebehandlinga. Foto: Henny Torheim 3

Mors historie Blant all tung fagekspertise på sommarens konferanse blir det ei som snakkar om Nidcap med førstehands erfaring. Gunn Teigene veit korleis det er å vere mamma til premature born med og utan Nidcap-omsorg. Det er ikkje mange vekene til Gunn Teigene frå Ålesund skal nedkome med sitt fjerde barn. Samstundes er ho så smått byrja å førebu seg til den store Nidcap-konferansen i juni. Der skal 36-åringen fortelje om Nidcap-metoden frå ei mor sin ståstad. Gunn Teigene har hatt to av borna sine på ein tradisjonell prematur-seksjon og på ein Nidcap- Tvillingsønene Eirik og Hallvard tilbringa sine åtte første månader på sjukehus; først i Trondheim, så i Ålesund. Født i veke 26 Barseltida vart krevjande for Gunn Teigene og ektemannen Jørn Johannesen, som også hadde ei halvtanna år gamal jente heime. Eirik og Hallvard vog høvesvis 635 og 855 gram då dei kom til verda på St. Olavs Hospital i veke 26. Det var lenge kritisk for dei to gutane, som var for tidleg fødde på grunn av TTTS (tvilling til tvilling transfusjonssyndrom). To månader vart tvillingane liggjande på St. Olavs før dei var stabile nok til å overførast til Ålesund sjukehus. Gunn Teigene fortel at dei som foreldre først var skeptiske til å flytte over til eit mindre sjukehus. Dei var fagleg dyktige på St. Olavs. Hadde det ikkje vore for dei, hadde nok ikkje den minste tvillingen overlevd. Store kontrastar Men det skulle syne seg at skepsisen var grunnlaus. Vel installerte på neonatal seksjonen i Ålesund, såg Gunn Teigene kor mykje betre gutane sov og at dei vart rolegare og meir stabile. Dei byrja å leggje på seg og vekse. I Ålesund var det dempa lys og nesten ingen lydar. Alarmane var sette på minimum og alle kviskra. Det førekom aldri høglydte diskusjonar rundt kuvøsene. Ro for ungane var første prioritet, fortel ho. Kontrasten til Trondheim var stor. Der låg ungane på rad og rekkje i flomlys. Det var stadig ein alarm som gjekk. Behandlinga av dei premature borna var på dei tilsette sine premissar, seier Gunn Teigene. Under opphaldet på St. Olavs syntest ho aldri den minste tvillingen fall til ro. Han låg og kikka heile tida, og eg tenkte; skal han aldri få sove. Gunn Teigene er tilbake på gamle tomtar på neonatal seksjonen. Opplæringssjukerpleiar Arnhild Kongshaug og resten av kongresskomiteen gler seg til å høyre innlegget hennar på Nidcap-konferansen. Harmoniske born Den komande firebarnsmora har stor tru på at Nidcap-metoden gjev meir harmoniske born. Foreldra vert heller ikkje passive og engstelege tilskodarar til kuvøseborna sine. Med Nidcap vert dei oppmoda til å ta aktivt del i den daglege omsorga. I Trondheim var det meir opp til foreldra sjølve. Her i Ålesund var det nærast sjølvsagt at vi var til stades heile dagen. Gunn Teigene rettar ingen kritikk mot St. Olavs, men er takksam for den gode medisinske oppfølginga borna fekk der. Men ho er likevel overtydd om at Nidcap aukar livskvaliteten for dei premature borna både på kort og lang sikt. I Trondheim overskugga det faglege omsorga. Eg trudde det skulle vere slik, og reflekterte ikkje så mykje over det. Men eg hugsar eg tenkte; kan dei ikkje få liggje i fred. Dei premature borna her i Ålesund har det betre. Det er godt å sjå på ein unge som har det godt. Foreldra får sjølvtillit Gunn Teigene er imponert over personalet på neonatal seksjonen i Ålesund. Sjølv i ein travel kvardag finn dei tid til å halde på med Nidcap. Dei er veldig dyktige til å lese borna, og spør også foreldra om deira oppfatning. For meg var det godt å kjenne at eg kunne bidra også i tida før vi fekk ta borna ut av kuvøsa. Det er viktig at foreldra får sjølvtillit når dei skal ta seg av desse borna som er så små og skjøre. I dag går det fint med Hallvard og Eirik, sjølv om dei ikkje er komne umerkte frå dei første dramatiske levemånadene. Hallvard er svaksynt med ein ørliten hjartefeil og Eirik er råka av CP, men i lettare grad. Det har vore mykje oppfølging i ettertid, men det betyr mindre. Dei skulle jo eigentleg ikkje ha overlevd. Tekst og foto: Marie Hauge Først åtte månader etter at dei kom til verda, kunne tvillingane Hallvard og Eirik få reise heim. Då hadde dei lege to månader på St. Olavs Hospital og seks på Ålesund sjukehus. På biletet ligg Hallvard på brystet til far Jørn Johannesen. Foto: Privat Store namn til Nidcap-kongress Den neonatale seksjonen på Ålesund sjukehus ligg i tet i Norge når det gjeld å behandle premature born etter Nidcap-metoden. Seksjonen er også utpeikt til å verte nasjonalt kompetansesenter for Nidcap. Den andre veka i juni er seksjonen/sjukehuset vertskap for ein stor internasjonal Nidcap-kongress. Opplæringssjukepleiar Arnhild Kongshaug frå kongresskomiteen fortel at dei har fått god respons på programmet. Det er fleire store namn blant føredragshaldarane. Det var kjekt for oss at så mange sa ja til å kome til Ålesund, seier Kongshaug. Frå USA kjem utviklingspsykolog Heidelise Ahls, opphavskvinna til Nidcap-metoden, og Sunny Anand, pioneer innan smerteforsking. Han skal snakke spesielt om smertelindring på premature born. Elles tel gjestelista fleire velrenommerte forskarar innan medisin og psykologi. Norge, saman med Sverige, ligg langt framme når det gjeld Nidcap-behandling av premature born. Ålesund sjukehus var først ute i Norge, og er kome lengst i å utvikle og bruke metoden. Sjukehuset har fem utdanna Nidcap-observatørar, og ein lege som held på å utdanne seg innan metoden. For miljøet her på seksjonen er det ein stor inspirasjon å halde ein slik kongress. Det er godt for den faglege utviklinga, seier Arnhild Kongshaug. Fakta/ Nidcap-metoden utviklingstilpassa neonatalomsorg - Står for Newborn Individualized Developmental Care and Assessment Program. - Utvikla av den amerikanske utviklingspsykologen Heidelise Als. - Ro og skjerming er sentralt i Nidcap. - Metoden baserer seg mellom anna på gjentekne, systematiske observasjonar av det premature barnet. - Kvar observasjon vert etterfylgt av ein rapport som skildrar korleis barnet oppfører seg. - Rapporten samanfattar tilstanden og toleevna til barnet, og det påverkar i neste omgang den behandlinga barnet får. - Svenske forskarar har påvist at metoden har ein positiv langtidseffekt på for tidleg fødde born. 5

Talerøyr for brukarane Dei talar pasientane si sak, og pustar føretaket i nakken når ventelister og ventetider går feil veg. På seks år er brukarutvalet vorte ein viktig høyringsinstans for styret i Helse Sunnmøre. I sommar fór Jens Olsen (63) til vers med Helse Sunnmøre. Han var representant for brukarutvalet då føretaket sitt nye pasientfly flaug sin jomfrutur. Sidan august har pasientflyet frakta over 3000 pasientar frå Sunnmøre til Trondheim og St. Olavs Hospital. Jens Olsen, som nyss er gått av som leiar for brukarutvalet, nyttar pasientflysaka som døme på at utvalet sitt engasjement ber frukt. Tekne på alvor Sykkylvingen har vore med i brukarutvalet sidan det vart etablert i 2001. Den gongen hadde han inga formeining om kva nytte eit slikt utval kunne ha. Han fortel at han var redd for at det berre skulle ende opp som ei greie på papiret ; eit utval utan reell medverknad. Den mistanken har ikkje slått til. Vi vert tekne på alvor, i alle fall i Helse Sunnmøre. Dei seks åra utvalet har vore i drift har det gått mykje tid med til å marknadsføre utvalet. Blant merkesakene nemner Olsen arbeidet med å gjere sjukehuset meir tilgjengeleg, ny barneavdeling og nytt psykiatribygg. Utvalet har også som mål å vinne meir gehør blant avdelingsleiarane på dei to sjukehusa. Kjem med innspel Brukarutvalet har møte- og talerett, men kan ikkje sjølv føreslå konkrete saker til styret. Dei møter administrerande direktør i forkant av styremøta og gjennomgår sakene. Det er viktig at brukarane får seie sitt. Dei veit kor skoen trykkjer, og kan gje beskjed når det trengst. Eg opplever at styret tek konsekvens av det som vert sagt frå brukarutvalet, seier Jens Olsen, og fortel at utvalet også får gode tilbakemeldingar frå styremedlemmene for dei innspela dei kjem med. Ikkje særinteresser Jens Olsen hadde lang fartstid frå Landsforeningen for Hjerte og Lungesyke då han vart spurd om å vere med i Brukarutvalet i 2001. Han er nøye med å understreke at dei ulike organisasjonane ikkje er med i utvalet for å fremje sine særinteresser. Vi skal ikkje jobbe for vår sjuke mor, men for fellesskapet. Det har vore klart uttalt frå utvalet heilt frå starten. Er det ting som kjem inn under vårt interessefelt, så vert det teke opp av organisasjonen sentralt, seier Jens Olsen. Realistisk syn Med seks år i brukarutvalet har Jens Olsen etter kvart fått god kjennskap til økonomi og styring i helseføretaket. Han fortel at erfaringane har gjort at han har fått ei litt anna oppfatning av helsevesenet. Det er mange som skal innom, og mange som skal behandlast. Ressursane er knappe. Ein får eit meir realistisk syn på kva som er mogeleg å få til. Men samstundes er det er vår oppgåve å vere vakne og å seie i frå når det er for gale, seier Jens Olsen, og peikar på at brukarutvalet held sterkt på at ventelistene skal vera så korte som råd er og at ventetidsgarantiane skal overhaldast. Fakta Brukarutvalet i Helse Sunnmøre (mandat) - auke brukarkompetansen i planarbeid og drift. - uttale seg om helsetilbod og planarbeid slik at brukarkompetansen vert lagt til grunn for tenestene. - kome med forslag til råd og utval i føretaket. - medverke til gjennomføring av brukarundersøkingar. - gje innspel til kvalitetsarbeidet. - vere forum for tilbakemeldingar frå organisasjonar, pasientar og pårørande. - halde kontakt med regionalt brukarutval. - melde saker som kan ha regional verdi. - delta i regionale samlingar og nettverk. - følgje opp arbeidet med tildeling av tilskot til brukarorganisasjonane. - medverke til helsepolitisk organisasjonsutvikling og samhandling mellom alle brukarorganisasjonane. Eit viktig organ Brukarutvalet har etablert seg som eit viktig organ i Helse Sunnmøre. Utvalet har gradvis oppnådd ein rådgjevande funksjon i samband med avgjerdsprosessane, seier administrerande direktør Astrid Eidsvik. Ho peikar på at brukarutvalet mellom anna er ein viktig medspelar i arbeidet med betre pasientflyt eit av hovudsatsingsområda i føretaket. Men vi har framleis ein jobb å gjere når det gjeld å få markert brukarutvalet internt og eksternt. Her må vi vere på offensiven. Det nye Brukarutvalet Frå venstre: Janne Remøy Endresen, Hanne Lilian Søvik, leiar Asbjørn Gausdal, Astor Sve og Daniel Ask. (Foto: Solveig Moe Frøland) Gudbjørg Eiriksdottir og Svanhild Åsen var ikkje tilstades. Foto: Solveig Moe Frøland Brukarutvalet tel sju medlemmer. Ein frå eldrerådet og resten frå dei ulike interesseorganisasjonane under FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) og SAFO (Samarbeidsforum av Funksjonshemmedes Organisasjoner). Jens Olsen, avtroppa leiar i Brukarutvalet, var med då pasientflyet for første gong tok av med Helse Sunnmøre-logoen. (Arkivfoto: Ivar Østrem) Asbjørn Gausdal frå Norsk Forening for Muskelsyke er ny leiar i brukarutvalet. 7

Når minuttane tel Å kome raskt til behandling er viktig ved mistanke om slag. Det aukar sjansen for at pasienten kan reise heim utan varig mein. Kvart år behandlar slageininga ved Ålesund sjukehus rundt 200 pasientar. Sjukehuset i Volda og Ålesund tilbyr no trombolyse-behandling (blodproppoppløysande behandling) til utvalde pasientar. Kanskje så mange som mellom fem og ti prosent av slagpasientane kan vere aktuelle for slik behandling. For dei som kan få denne behandlinga kan det for einskilde sjå ut som eit mirakel når slagsymptoma forsvinn, seier Odd Roe Skogen, overlege i geriatri og slagsjukdomar på medisinsk avdeling på Ålesund sjukehus. Så raskt som råd Ved mistanke om hjerneslag må pasienten fraktast til sjukehus så raskt som råd. Behandlinga bør helst vere starta opp før tre timar er gått frå dei første symptoma viser seg. Jo før jo betre, seier Skogen, og rår pasientane til å ta kontakt direkte med næraste akuttmottak. Effekten av behandlinga taper seg relativt raskt, og pasienten kan miste dyrebar tid om han går vegen om fastlegen. Hugs FAST! Uttrykket FAST er etablert for lettare å gjenkjenne eit hjerneslag; F-en står for facial og dei lammingane som opptrer i andletet. A-en står for lammingar i arm, medan S-en står for språk, og dei språkproblema den slagråka i dei aller fleste tilfelle opplever. T-en, som står for tale, er mindre viktig, men uartikulert og uforståeleg tale kan også vera eit teikn på hjerneslag, fortel overlegen. Livsstilrelatert Dei fleste slagpasientane er eldre, meir enn halvparten av dei som vert råka er over 70 år. I mange tilfelle er sjukdomen livsstilsrelatert. Røyking, høgt blodtrykk, sukkersjuke, høgt kolesterol og låg fysisk aktivitet er blant risikofaktorane. Takka vere betre blodtrykksmedisinar har talet på slagtilfelle stabilisert seg på eit lågare nivå dei siste tiåra. Men det kan endre seg. Livsstil og den demografiske utviklinga kan på sikt gje ein auke i talet på slagpasientar, seier Skogen. Ikkje for alle Han er opptatt av å bevisstgjere befolkninga om Fakta Hjerneslag Rammar kvart år mellom 12 000 og 15 000 nordmenn Rundt 20 prosent av pasientane døyr. kva som fører til hjerneslag og kva ein skal foreta seg når sjukdomen råkar. Samstundes er det viktig å vere klar over at ikkje alle kan få hjelp av trombolysebehandling. Skogen presiserer at ein ikkje kan vite på førehand kven som kan ha nytte av behandlinga. Har pasienten særleg høgt blodtrykk eller nyleg har hatt slag eller annan alvorleg sjukdom, kan behandlinga auke faren for hjerneblødning, fortel Skogen. Han understrekar at sjukehusa har anna behandling å tilby dei pasientane som ikkje kan få trombolysebehandling. Tekst og foto: Marie Hauge 40 prosent overlever, men må leve med alvorlege seinskadar. 40 prosent lever vidare utan store skadar. Tal syner at berre ein av fire slagpasientar kjem seg til sjukehuset innan tre timar. Ta affære Men sjølv om dei pårørande rundt reagerer riktig på sjukdomsteikna, hender det pasienten sjølv er til hinder for rask sjukehusinnlegging. Det er ei kjensgjerning at pasienten av og til mistar evna til å vurdere alvoret i situasjonen. Dessutan kan terskelen for sjukehusinnlegging vere høg for mange. Då er det viktig at dei rundt tek affære og får ordna med sjuketransport, seier Skogen. Han understrekar at dette også gjeld ved lette symptom. Lette symptom kan vere eit forvarsel om komande slag. Det er viktig å kome til behandling slik at desse kan førebyggjast. Tall Ship s Races kommer til Måløy og Bergen i sommer Odd Roe Skogen, overlege i geriatri og slagsjukdomar, veit at minuttane er dyrbare når hjerneslag råkar. Kjem pasienten raskt til behandling, aukar sjansane for å kome seg utan mein. Trombolysebehandlinga er ikkje av nyare dato. Dei seinare åra er det forska på om det er råd å utvide tidsvindauga inntil seks timar. Målet er å kunne tilby behandlinga også til pasientar som kjem seinare enn tre timar til sjukehuset. Det vert også undersøkt om behandlinga kan gjennomførast på pasientar med høgt blodtrykk, som har hatt slag tidlegare eller som av andre grunnar ikkje er godkjende for slik behandling i dag. www.tallshipsrace.no 9

Portrett portrett Namn: Tore Mork Alder: 40 Sivilstatus: sambuar, to born Stilling: Anestesisjukepleiar på Volda sjukehus og på ambulansehelikopterbasen på Ålesund sjukehus. Også utdanna tømrar. Aktuell: Går inn i sitt siste år på helikopterbasen, men held fram som aktivt medlem i Sunnmøre alpine redningsgruppe. Foto: Privat Flying start på arbeidsdagen Han har utført si sjukepleiargjerning høgt til vers i tre og eit halvt år. Men snart landar Tore Mork på heiltid i Volda. Småbruk og småbarn gjer sånn med folk. Helikopter, utrykking, fjellklatring og utfor. Det er fristande å tyne førtiåringen Tore Mork på 007-imaget. Det likar han dårlig. Ikkje gjer dette til noko macho-sak, ber anestesisjukepleiaren fint. Det er jo berre ein vanleg jobb. Knappast A4 Men dagane på helikopterbasen kan knappast kallast A4. Neppe vanleg for dei fleste å starte dagen med helikoptertur Ålesund-Molde-Trondheim, halde fram med gjenoppliving i Ålesund før vakta vert avslutta med å redde nokre havaristar i fjorden. Slik ein tilfeldig valt arbeidsdag i februar arta seg for Tore Mork. Å jobbe utanfor sjukehuset er spesielt. Ein har inga peiling på korleis dagen vil bli. Du kan stå på basen og koke middag, ti minuttar etter ligg du og kryp i eit bilvrak. Frå sag til sprøyte Anestesisjukepleiaren deler arbeidstida si mellom helikopterbasen på Ålesund sjukehus og anestesiavdelinga på Volda sjukehus. I sin pure ungdom var det tømrar han utdanna seg til, voldingen. Men ei søster som er sjukepleiar lokka han over i helsesektoren. Hammar og sag er ikkje rydda vekk for godt. Til jul står eit nytt våningshus klart på det vesle småbruket familien har skaffa seg i Volda. Tore Mork har sjølv vore i vinterskogen og teke ut tømmeret. For han er det perfekt avkopling etter travle dagar på operasjonsstova eller basen. Endra innstilling No går han riktig nok ein smule motvillig inn i sitt siste år i redningstenesta i Ålesund. Tilværet i Volda veg tyngst på vektskåla; sambuar og to smågutar, småbruket og kollegaene på anestesien. Dei vil gjerne ha han attende på fulltid i operasjonsstovene. Mork fortel at han alltid har vore litt rastlaus, såleis har det passa bra med ein jobb der ein aldri veit kva dagen vil bringe. 11 år i anestesien har herda voldingen, som ikkje nett har unngått risikofylte aktivitetar korkje privat eller profesjonelt. Men livet som småbarnsfar har endra innstillinga hans. Stygge ulukker, kanskje i trafikken der spesielt ungdom er involvert, det gjer inntrykk. Etter kvart som eg er blitt eldre identifiserer eg meg lettare med dei råka. Eg skjønar lidinga på ein annan måte enn tidlegare. Sterke møte Tore Mork roser personalet på basen. Han er imponert over lokalkunnskapen til pilotane og teknikarane. Har dei først gjeve klarsignal til å fly, kjenner han seg heilt trygg. Sunnmøre er ein tøff plass vêrmessig og har Ein har inga peiling på korleis dagen vil bli. Du kan stå på basen og koke middag, ti minuttar etter ligg du og kryp i eit bilvrak mange mørke, tronge fjordar og høge fjell. Pilotane våre landar på plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu, fortel han. Etter dei tøffaste taka er det nyttig med oppsummering på basen. Praten går mykje om dei tekniske sidene ved utrykkinga, men det er også takhøgde for å seie frå når det har vore psykiske påkjenningar. Det er trygt innanfor sjukehusets fire vegger, der er det vi som får besøk. Når vi reiser ut til ulukkesstaden vert møtet med pasienten mykje sterkare, seier han. Sunnmøringar til unnsetning Også i fritida kjem Tore Mørk sunnmøringane til unnsetning. Han har alltid klatra og gått på ski, både heime og utanlands, og er mangeårig medlem i Sunnmøre Alpine redningsgruppe. Aktiviteten i Sunnmørsfjella er stor, og stundom går det gale. Tore Mork har delteke på fleire krevjande redningsoppdrag. Erfaringane frå yrkesliv og fritid kjem godt med når alarmen går. Surmaga kritikk av villfarne våghalsar får ein ikkje lokka ut av den karen. Han synest turfolk stort sett gjer kloke vurderingar og er godt utstyrte når dei inntek fjellet. Etter hans meining må folk få gjere det dei vil i naturen, så lenge dei held seg innanfor lova. Han trur gjerne nokre av hans søndagsturar har framstått som rein idioti i andre sine auge. Med åra er han blitt meir forsiktig. Det er det du opplever; jobben og redningsaksjonane. Eg kan putte meg sjølv i liknande situasjonar. No som eg har familie å ta omsyn til vert eg meir audmjuk i mi ferdsel. Mjuk side Klatre- og skredulukker får mest merksemd, men slike hendingar er ein forsvinnande liten del av kvardagen på helikopterbasen, fortel Tore Mork. Helikopteret og legebilen har mellom 600-700 oppdrag i året. Fire-fem prosent av arbeidsmengda er søk og redning. Elles gjer vi mellom 100 og 200 reine turar berre til St. Olavs Hospital i Trondheim. Også hos oss er det mykje rutine og udramatiske oppdrag. Så smell det innimellom. Rutine til tross, dei fleste nikkar til påstanden om at suget etter adrenalinkick må vere hakket sterkare hos dei som søkjer seg til høgtflygande redningstenester. Tore Mork vrir ukomfortabelt på seg når temaet vert lufta igjen; det stempelet vil han helst ikkje ha sitjande på seg. Men han må tenkje ei stund før han kjem på sine mjuke sider. Så lyser han opp. Eg er jo sjukepleiar! Tekst : Marie Hauge 11

Prisa for god kvalitet I konkurranse med mange gode kandidatar vart dei to overlegane Kåre Michelsen og Sissel Hjelle tildelt høvesvis Kvalitesutvalgets Ærespris og Kvalitetsprisen for 2007. Heider til pensjonistar Dei som har blitt pensjonistar eller som har slutta av andre helsemessige årsaker - og som har arbeidt ved institusjonane i Helse Sunnmøre i samanhengande ti år eller lengre - vart heidra under ei tilstelling i desember. Medarbeidarar som går over i anna stilling og som har jobba samanhengande ved institusjonane i helseføretaket i 20 år, var også inviterte. Adm. direktør Astrid J. Eidsvik overrekte kvar enkelt ein spesialdesigna vase frå Hadeland glassverk. Mange hadde funne vegen til det faste fellesmøtet 8. februar for å få med seg prisutdelinga. Det er to medarbeidarar med lang fartstid i Helse Sunnmøre som vart overrekt prisane av Odd Veddeng, leiar i utvalet. Ei drivkraft Gjennom mange år og i ulike roller har Kåre Michelsen vore ei drivkraft i kvalitetsarbeidet lokalt, regionalt og nasjonalt. Han er spesialist i kirurgi, psykiatri og laboratoriemedisin, og den einaste frå Møre og Romsdal som vart utdanna til kvalitetsrådgjevar i samband med Statens Helsetilsyn sitt prosjekt Nasjonal strategi for kvalitet i helsetjenesten. Som kvalitetsrådgjevar viste han eit sterkt engasjement for å få på plass eit kvalitetssystem ved Ålesund sjukehus. Han var også sentral då sjukehuset skaffa seg det elektroniske kvalitetssystemet EQS. Vidare i grunngjevinga heiter det at Kåre Michelsen har vore ein engasjert og verdfull deltakar i det regionale kvalitetsnettverket. Som avdelingsoverlege ved Laboratorieavdelinga har han betydd mykje for utviklinga av kvalitetssystem og akkreditering. Kvalitet på alle plan Sissel Hjelle og Kåre Michelsen vart heidra for mange år med utrøytteleg kvalitetsarbeid. Sissel Hjelle spesialist Kvalitetsprisen er på 5000 kroner, medan æresprisen er kunstglas frå ein lokal glasblåsar. i gynekologi og fødselshjelp har vore seksjonsoverlege for ei stor fødeavdeling i mange år. Om Sissel Hjelle seier utvalet at ho har fremja kvalitet på alle plan. Til dømes har ho teke initiativ til ei årleg Akuttveke på avdelinga. Akuttveka syter for at gynekologar, barnelegar, assistentlegar, jordmødre og barnepleiarar får opplæring og trening i å takle spesielt utfordrande situasjonar som oppstår på fødeavdelinga. Elles har Sissel Hjelle innført viktige kvalitetsverkty som STAN-registrering under fødsel og innføring av ny fødejournal på data. Ho har også delteke i nasjonale referansegrupper og vore med og tilrettelagt mange nasjonale prosjekt. Foto: Solveig Moe Frøland Bak frå venstre: Unni Myklebust, Wenche Landquist Jordal, Terje Pettersen, Ove Kjell Aarseth, Jorunn Yksnøy, Liv Annie Sjåstad, Magnhild Dybvik, Dagny Indreeide, Astrid Hatlø. Framme: Hilde Aud Brune Nystøyl( sluttar, men er ikkje pensjonist), Inger Karin Dyb Søvik, Aud Lillesæter, Brit Tørlen, Bessie Rekdal, Eldbjørg Tennfjord og Laila Hamre. Desse hadde ikkje høve til å delta: Jorunn Stavseng, Oddveig Westad, Jan Emil Standal, Solbjørg Knutsen, Eva Anita Skjong, Marit Olsen, Gjertrud Løvøy og Anne Lise J. With. Foto: Stig Havnevik, Sunnmørsposten Bak: Rein Christian Henriksen, Inger Jørgensen, Hildur Karlsbakk og Hildur Tangen. Desse hadde ikkje høve til å delta: Petra Heltne Amundsen og Kari Bjerkvik Håland. Glassblåseri med utsalg av kunstglass Utdrikningslag Bryllupsgaver, dåpsgaver Omvisning besøk av kunstklubber Personalfester med mat og glassblåsing Foto: Solveig Moe Frøland Sunn Møring kjem attende med nærare presentasjon av dei to prisvinnarane i seinare nummer. Eit godt utval tilsette sørgde for å få med seg prisutdelinga, som fann stad på det faste fredagsmøtet på Ålesund sjukehus. Foto: Solveig Moe Frøland! 13

Magasin for Helse Sunnmøre www.helse-sunnmore.no Redaktør/ kommunikasjonssjef: Solveig Moe Frøland 70 10 68 10 / 92 20 80 89 solveig.moe.froland@ helse-sunnmore.no Prosjektleiar/ journalist: Marie Hauge 55 54 08 07 marie.hauge@cox.no Annonsekonsulent: Marit Sola 55 54 08 06 marit.sola@cox.no Nytilsette i Helse Sunnmøre Oddbjørn Jostein Lystad, sjukepleiar, Nevrohjemmet, Rehabiliterings senter. Rune Akerø Svenslid, avdelingssjukepleiar, Medisinsk sengepost 1. Karin Valderhaug Schønning, assisterande avdelingssjukepleiar, Medisinsk sengepost 1. Akhtar Asefi, servicemedarbeidar, Sjukehuskiosken. Berit Haga, servicemedarbeidar, Sjukehuskiosken. Torhild Glomset, servicemedarbeidar, Sjukehuskiosken. Nils-Arne Skagøy, seksjonsleiar, Alderspsykiatrisk Cecilie Standal, Unni Aarø, psykiatrisk sjukepleiar, Alderspsykiatrisk Kjetil Heggem, vernepleiar, Alderspsykiatrisk Ragnhild Alvik, Ann Christine Erstad, spesialsjukepleiar, Alderspsykiatrisk Kari Mette Hjelseth, miljøterapeut, Alderspsykiatrisk Anette M. Giske Eide, Vivian Akerø Svenslid, Tove Bjørkavåg, Ellen Skorpen, Bodil Havåg, Haldis Jonette Danielsen, spesialsjukepleiar, Alderspsykiatrisk Elisabeth Dale, Randi Marie Grindvik, Evy Anne Brotnow, Bjørg Troøien, sjukepleiar m/spesialutdanning i geriatri, Alderspsykiatrisk Bjørg Lid Skodje, sjukepleiar m/spesialutdanning i geriatri, Alderspsykiatrisk sengepost. Karianne Flisnes Holkestad, assistent/reinhaldar, Vegsund distriktspsykiatriske senter. Elin Hansen Ytterbø, fagutviklingsjordmor, Føde-/barsel Marianne Omvik, assisterande avdelingsjordmor, Føde-/barsel Bodil Røyseth, helsefagleg rådgjevar, Helse Sunnmøre HF. Linda Longva, fagkonsulent/førskolelærar, Audiopedagogisk Edel Hafstad Rønning, sekretær, Audiopedagogisk Gunnhild Vindvik Nordstrand, bedriftsfysioterapeut, Bedriftshelsetenesta, Helse Sunnmøre HF. Vidar Hagerup, Torunn Olsen og Jon Inge Vinjevoll, Prosjekt Pasientflyt, Helse Sunnmøre HF. Hans-Olav Gerhard Ose, beredskapskoordinator, Helse Sunnmøre HF. Gjennomsnittleg ventetid 31.des. 2005 31.des. 2006 31.okt. 2007 30.nov. 2007 31.des. 2007 Helse Sunnmøre 77 94 104 98 108 Auke i ventetidene i Helse Sunnmøre i 2007 Det har vore ein auke i ventetidene i HSM i 2007. Gjennomsnittleg ventetid har auka frå 94 dagar ved utgangen av januar til 108 dagar ved slutten av året. Same tendens er å sjå i resten av regionen. Volda sjukehus 50 60 81 77 88 Ålesund sjukehus 80 98 103 101 110 Helse Nordmøre og Romsdal 68 84 100 90 97 Helse Nord-Trøndelag 69 77 101 101 112 St. Olavs Hospital 94 110 110 108 117 Også talet på ventande over 120 dagar har auka; frå 1730 personar i januar til 2570 personar på slutten av året. Ved årsskiftet 2007-2008 var det totalt 9371 personar som venta på behandling i HSM. Talet for januar 2007 var 7462 personar Ved Ålesund sjukehus var det per 31. januar i år ein auke i talet på personar som ventar på behandling innanfor nokre fagområde. Dette gjeld generell kirurgi, kjevekirurgi, fordøyingssjukdomar, hjartesjukdomar, revmatiske sjukdomar og augesjukdomar. Det er små endringar utover dette. Ved sjukehuset i Volda er det ein liten auke i talet på ventande til generell kirurgi og fordøyingssjukdomar. I psykiatrien er det ein liten auke i talet ventande til barne- og ungdomspsykiatrien. Utover det er det berre små endringar i talet på ventande til behandling innan for psykiatrien i Helse Sunnmøre 15