GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Like dokumenter
GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Til sak 135/16 er også innkalla gruppeleiarane til dei partia som ikkje er representerte i formannskapet.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Magni Aa Berge Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Arnfinn Brekke Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Bjarte Gangeskar

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte:

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

Merk deg møtestaden! Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.

Første del av møtet blir eit sammøte med rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Arnfinn Brekke Arnar Kvernevik. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

Første del av møtet blir eit sammøte med eldrerådet.

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte:

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl.

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

BOKN KOMMUNE Formannskapet. Møtebok

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Sigrunn Lundestad Arnfinn Ommedal Kristin Sandal Arnfinn Brekke

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arnstein Nupen Arkivsak: 2014/2443 Løpenr.: 3044/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Austevoll kommune. Møteprotokoll UTVAL FOR HELSE OG OMSORG

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar

BOKN KOMMUNE Forvaltningsstyre HOVUDUTSKRIFT

Kvam herad. Arkiv: N-614 Objekt: Løyve til sal av alkoholholhaldig drikk i butikkar for perioden

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Skarsteinsbygget på Sandane/På Søreide Dato Tid Kl.

EID KOMMUNE Valstyret HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA MØTEBOK

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Mariel Eikeset Koren MDG Ingen

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Søknader om fornying av sals- og skjenkeløyve

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl.

Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.no. Gloppen kommune 18.

SELJE KOMMUNE Formannskapet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. Møtested: Hastemøte pr. telefon / epost Saksnr.

GLOPPEN KOMMUNE KULTUR- OG MILJØUTVALET

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Solveig Lien Gusdal Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Formannskapet. Sakliste

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Ommedal Kristin Sandal Arnfinn Brekke

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Forskrift sals- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk

Saksnr. Utval Møtedato 120/17 Formannskapet Årsbudsjettet for utlegging til offenleg gjennomsyn

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Transkript:

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK Møtedato: 16.11.2016 Møtetid: Kl. 09:00 12:10 Møtestad: På Søreide Saksnr.: 031/16-037/16 Desse medlemmene møtte: Arnfinn Brekke Olaf Sigurd Gundersen Vidar Sandal Marit Straume Liv Petra Holme Parti Krf Sp Sp Sp Ap Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Per Ståle Husevåg Krf Svein Helge Hovstad Krf Anniken Rygg H Roar Henden H Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Roar Henden 35/16 6, 2. ledd Ingen Møteleiar: Arnfinn Brekke Frå adm. møtte: Helse- og omsorgssjef Anita Lothe Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 32/16! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Arnfinn Brekke Side 1

SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 031/16 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 032/16 Referat og orienteringssaker 033/16 Plan for samordning av tenester til barn og unge 034/16 Fornying av sals- og skjenkeløyve til verksemder som har løyve 035/16 Søknad om skjenkeløyve for brennevin - Onkel Willy AS 036/16 Søknad om skjenkeløyve - Lauget kaffi og kultur 037/16 Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020 Side 2

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 031/16 Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 16/1308-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå helse- og omsorgsutvalet sitt møte den 14. september 2016 blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiaren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UTVALSLEIAR SI TILRÅDING: 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. september 2016 2. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner innkallinga og møteboka til møtet den 16. november 2016. 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 031/16 VEDTAK: 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. september 2016 2. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner innkallinga og møteboka til møtet den 16. november 2016. Vedtaket var samrøystes. Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 032/16 Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Anita Lothe Referat og orienteringssaker Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 16/1307 Refererte skriv og meldingar: Det er så langt ingen referat eller orienteringssaker. Ordet fritt RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Olaf Sig. Gundersen stilte spørsmål om møte- og taleretten til råda også gjeld i utvala. 032/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 16.11.2016 036/16 Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 033/16 Avgjerd av: Oppvekstutvalet/helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Åslaug Haugset Objekt: Arkiv: F40 Arkivsaknr.: 15/48-24 Plan for samordning av tenester til barn og unge Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 284626 Samordning av tenester til barn og unge - høyringsutkast Bakgrunn for saka: Gloppen kommune har mange barn og unge med behov for ulike tenester, både frå oppvekstsektoren og helse- og omsorgssektoren. Fagmiljøet ser behov for ei betre samordning desse av tenestene, og fleire har peika på behovet for ein heilskapleg plan for tenestetilbodet til denne gruppa. Auka tverrsektorielt samarbeid og meir heilskaplege og samstemde tenester er òg eit målbilete i kommunen sin planstrategi for 2016-2019. Med bakgrunn i dette har to administrative arbeidsgrupper utarbeidd eit utkast til «Plan for samordning av tenester til barn og unge». Saksutgreiing: Målet med planen er å sikre betre kvalitet og kontinuitet i tenesta gjennom å styrke det tverrsektorielle samarbeidet og auke kompetansen blant tilsette. Planen er utarbeidt av to tverrfaglege arbeidsgrupper der den eine har hatt fokus på barn og unge med nedsett funksjonsnivå og den andre på barn, unge, foreldre og familiar som det er kan vere grunn til å vere urolege for. Planen løftar fram nokre område der Gloppen har eit potensiale for å betre tenestane sine til målgruppa: - Ei god og systematisk koordinatoropplæring - Sikre gode overgangar mellom ulike tenestearenaer og i ulike fasar i livet til barn og unge - Prøve ut ei ny organisering av tenester kring barn og unge som har eit avlastningstilbod - Greie ut om det er tenleg å etablere eit alternativt skuletilbod for barn med nedsett funksjonsevne og store habiliteringsbehov ved ein av barneskulane - Utarbeide gode tverrsektorielle samarbeidsmodellar for å sikre at vi unngår brot i oppfølginga til barn/familiar som det er kan vere grunn til å vere urolege for - Arbeide med informasjon og kunnskap om dei ulike tenestene, både internt i kommunen og ut til brukarane - Samordne kommunale tilbod innan foreldrerettleiing i dei ulike tenestane og vidareutvikle kompetansen på feltet. Side 5

Planen peikar òg på behovet for både private og kommunale bustader som er tilpassa dei ulike funksjonsnivåa og behova til den enkelte brukar. Mykje av innhaldet i planen bygger på erfaringar frå målgruppa og føresette slik dei har kome til uttrykk i møte med hjelpeapparatet, men så langt har det ikkje vore lagt opp til medverknad på utforminga av planen. Difor vil vi i høyringsperioden legge til rette for at målgruppa/føresette kan uttale seg. Tenestene som møter desse skal gjere dei merksame på planen som ligg til høyring, og kunne formidle innspel. Det kan òg bli aktuelt å arrangere møtepunkt med aktuelle grupper for å informere om planen og hente inn innspel. Også rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal behandle høyringsutkastet i høyringsperioden. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Planen legg opp til eit arbeid på systemnivå som vil krevje ressursar i form av arbeidstid. Utviklingsarbeid knytt til prosjekt som er omtala i planen er delfinansiert gjennom tilskot. Rådmannen si vurdering: Rådmannen vurderer det som viktig at denne planen vert lagt ut på høyring og at det aktivt vert lagt til rette for medverknad frå målgruppa/føresette i høyringsperioden. --- Rådmannen legg opp til at saka blir behandla felles på oppvekstutvalet og helse- og omsorgsutvalet sine møte den 16. november. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Oppvekstutvalet og helse- og omsorgsutvalet vedtek å legge planen for samordning av tenester til barn og unge ut til høyring med høyringsfrist 9. januar 2017. 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Vidar Sandal (Sp): Høyringsfristen blir sett til 9. februar 2017. Framlegget vart vedteke med seks røyster. 033/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet vedtek å legge planen for samordning av tenester til barn og unge ut til høyring med høyringsfrist 9. februar 2017. Vedtaket vart gjort mot ei røyst. Side 6

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 034/16 Formannskapet 21.11.2016 138/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Margrete Anette Solheim Objekt: Arkiv: U62 Arkivsaknr.: 15/1378-13 Fornying av sals- og skjenkeløyve til verksemder som har løyve Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Rådmannen sende i desember 2015 brev til alle verksemder som i dag har sals- eller skjenkeløyve i kommunen om at dei innan 20. januar 2016 måtte sende oss søknader med nødvendige opplysningar dersom dei ønskjer å halde fram med å selje- eller skjenke alkoholhaldig drikk i Gloppen utan tidsavgrensing Saksutgreiing: Følgjande verksemder har søkt om å få halde fram med å selje øl i butikk: Coop Prix, Byrkjelo Coop Marked, Reed Coop Extra, Sandane Bakar Jon Rema 1000, Sandane Sandane Mat AS (Bunnpris) E.E. Rønnekleiv eftf, Hyen. Følgjande verksemd har søkt om å få halde fram med å skjenke alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2: Heimekontoret for den gode smak Onkel Willy Pub, som også har søkt om brennevinsløyve, jfr eiga sak om dette. Følgjande verksemder søkjer om å få halde fram med å skjenke alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3: Gloppen hotell Mona Lisa Rekroa. AS Vinmonopolet har søkt om løyve til framleis å kunne selje brennevin, vin og øl med sterkare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent. Alkohollova set strenge krav til vandel for løyvehavar og alle som er vesentleg involverte i drifta av verksemder med sals- eller skjenkeløyve. Med ein gong etter at søknadene om fornying av løyva var komne inn, vart aktuelle opplysningar vidaresende til Skatt Vest og Side 7

kommunekasseraren i Gloppen for vurdering av økonomisk vandel for alle personar og organisasjonar som har tilknyting til søknadene. Tilbakemeldingane viser at ingen aktuelle personar eller organisasjonar har skatte- eller avgiftsrestansar. Sosialtenesta (NAV Gloppen) og politiet er tilskrivne og bedne om å gje uttale. Politiet har ingen merknadar til dei innkomne søknadane. NAV Gloppen har ikkje kome med uttale i saka. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Ingen av søkjarane har vesentlege endringar i søknadene sine i høve til noverande løyve, med unnatak av Onkel Willy, som også søkjer om brennevinsløyve og Rekroa som er strengt, og som har vore det siste året. Søknaden om brennevinsløyve til Onkel Willy blir lagt fram som eiga sak. Når det gjeld Rekroa, som har same eigarane som Mona Lisa, ønskjer dei å halde på skjenkeløyvet sjølv om verksemda på Reed ikkje er i drift no. Etter 10-7 i alkoholforskrifta kan eit løyve inndragast dersom dette ikkje er brukt siste året. Løyvet kan likevel ikkje inndragast viss årsaka til den manglande bruken av løyvet «er en hindring utenfor bevillingshavers kontroll og som han ikke med rimelighet kunne unngå eller overvinne følgene av. Dette gjelder bare i den utstrekning det kan antas at driften kan gjenopptas innen rimelig tid». Det er i søknaden frå Rekroa ikkje gjort greie for årsaka til at verksemda er stengt. Rådmannen kjenner ikkje til at det er «en hindring utenfor bevillingshavers kontroll» som gjer at løyvet ikkje er brukt siste året. Vilkåret for å inndra løyvet er derfor til stades. --- Rådmannen vurderer det som kurant å tilrå at dei andre verksemdene får skjenke- eller salsløyve med same omfang som tidlegare. I den ruspolitiske handlingsplanen er det opna for å gje løyve utan tidsavgrensing og rådmannen tilrår dette for dei innkomne søknadene. Under tvil tilrår rådmannen også søknaden frå Rekroa sidan ei inndraging vil gjere det endå tyngre å starte opp att verksemda på Reed. Eventuelt nye eigarar må ha nytt løyve. Det er sjølvsagt ein føresetnad at sal og skjenking skal utøvast innanfor dei rammene alkohollova med forskrifter set, og i samsvar med Gloppen kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan for perioden 2016 2019. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet gjev følgjande verksemder løyve til å selje eller skjenke alkoholhaldig drikke i Gloppen utan tidsavgrensing med atterhald om at dei krav og føresetnader som ligg i Gloppen kommune sin alkoholpolitiske handlingsplan, vert etterlevde: 1. Løyve til å selje øl i butikk Coop Prix Byrkjelo Coop Marked Reed Side 8

Coop Extra Sandane Sandane Mat AS (Bunnpris) E.E. Rønnekleiv etf Rema 1000 Sandane Bakar Jon 2. Løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 Onkel Willys pub Heimekontoret for den gode smak 3. Løyve til å skjenke alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3 Gloppen hotell Mona Lisa Sandane Rekroa 4. Løyve til å selje brennevin, vin og øl med sterkare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent. Vinmonopolet. 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Vidar Sandal (Sp): Skjenkeløyvet til Rekroa blir ikkje fornya sidan løyvet ikkje er i bruk. Framlegget vart vedteke mot ei røyst. 034/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet er samd i tilrådinga med unnatak av siste strekpunkt i pkt 3. Skjenkeløyvet til Rekroa blir ikkje fornya sidan løyvet ikkje er i bruk. Vedtaket var samrøystes med unnatak av endringa i tilråding, som vart gjort mot ei røyst. Side 9

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 035/16 Formannskapet 21.11.2016 137/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Margrete Anette Solheim Objekt: Arkiv: U62 Arkivsaknr.: 15/1378-28 Søknad om skjenkeløyve for brennevin - Onkel Willy AS Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Onkel Willy pub søkjer om skjenkeløyve i gruppe 3 (brennevin) i tillegg til løyvet dei alt har i gruppe 1 og 2 (øl og vin). Saksutgreiing: Onkel Willy pub har i dag skjenkeløyve i gruppe 1 og 2. Dei søkjer no om utvida skjenkeløyve til gruppe 3, og grunngjev søknaden sin om løyve i gruppe 3 med at dei har sviktande besøkstal og at det manglar tilbod for eit meir vakse publikum. Dette publikummet etterspør stadig brennevin-servering. Etter den nye rusmiddelpolitiske handlingsplanen er det no opna opp for å gje slikt løyve til pubar utan eige kjøken. Økonomiske konsekvensar for kommunen: I utgangspunktet ingen. Rådmannen si vurdering: Onkel Willy har alt skjenkeløyve for gruppe 1 og 2, og grunngjev søknaden sin om løyve i gruppe 3 med at dei har sviktande besøkstal og at det manglar tilbod for eit meir vakse publikum. Dette publikummet etterspør stadig brennevin-servering. I Gloppen kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan er det sett følgjande kriterium for at ei verksemd kan få skjenkeløyve brennevin: 1. Overnattingsstader definert som hotell, motell og pensjonat. Overnattingsstaden skal ha; rom med dusj/bad og toalett resepsjonsservice serveringslokale salongareal med god standard 2. Restaurant, serveringsstad og pub 3. Slutta lag ved enkelte høve (ambulerande løyve). Etter rådmannen si vurdering fyller Onkel Willy kriteria i den nye rusmiddelpolitiske handlingsplanen og verksemda kan dermed få skjenkeløyve i gruppe 3. Søknaden frå Onkel Side 10

Willy var i alle fall sett frå rådmannen si ståstad ei hovudårsak til at rusmiddelpolitisk plan vart endra på punktet om kven som kan få skjenkeløyve for brennevin. Slik planen ligg føre meiner rådmannen at det bør gjevast slikt løyve når krava er oppfylde. Rådmannen tilrår derfor at Onkel Willy AS før skjenkeløyve for gruppe 3. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet viser til rusmiddelpolitisk handlingsplan og gjev Onkel Willy AS skjenkeløyve også i gruppe 3 med same skjenkestyrar som dei har i dag. Skjenkeløyvet gjeld søndag til torsdag frå kl 13:00-01:00. Fredag, laurdag og dagar før skiftande helge- og høgtidsdagar gjeld løyvet frå kl. 13:00-02:00. 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Roar Henden gjekk frå som ugild i saka i medhald av 6, 2. ledd i forvaltningslova. Framlegg frå Arnfinn Brekke (Krf): Helse- og omsorgsutvalet tilrår formannskapet å avslå søknaden frå Onkel Willy AS om skjenkeløyve i gruppe 3. Framlegget vart vedteke med fire mot to røyster. 035/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet tilrår formannskapet å avslå søknaden frå Onkel Willy AS om skjenkeløyve i gruppe 3. Vedtaket vart gjort mot to røyster. Side 11

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 036/16 Formannskapet 21.11.2016 136/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Margrete Anette Solheim Objekt: Arkiv: U63 Arkivsaknr.: 16/290-10 Søknad om skjenkeløyve - Lauget kaffi og kultur Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Lauget kaffi og kultur søkjer om skjenkeløyve i gruppe 1, 2 og 3 (øl, vin og brennevin). Saksutgreiing: Lauget kaffi og kultur, ved Charlotte Eikeset Mundal, fekk i administrativt vedtak datert 23.02.16 serveringsløyve for kaféen på Sandane. Mundal søkjer no om skjenkeløyve for den same verksemda. Ho skriv i søknaden at opningstidene vert måndag til laurdag. Normalopningstida skal vere mellom kl 10:00 01:00 for øl, sterkøl og vin og kl 13:00-24:00 for brennevin. Økonomiske konsekvensar for kommunen: I utgangspunktet ingen. Rådmannen si vurdering: Charlotte Eikeset Mundal har gjennomført og greidd kunnskapsprøva om alkohollova, og kan ut frå dette vere styrar for ei verksemd med skjenkeløyve. I tillegg har Mariel Eikeset Koren gjennomført og greidd kunnskapsprøva om alkohollova og skal vere varastyrar. I Gloppen kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan er det sett følgjande kriterium for at ei verksemd kan få skjenkeløyve for øl, vin og brennevin: Skjenkeløyve for brennevin kan tildelast: 1. Overnattingsstader definert som hotell, motell og pensjonat. Overnattingsstaden skal ha; rom med dusj/bad og toalett resepsjonsservice serveringslokale salongareal med god standard 2. Restaurant, serveringsstad og pub 3. Slutta lag ved enkelte høve (ambulerande løyve). Side 12

Lauget kaffi og kultur er ei lita verksemd med forholdsvis små lokale. Etter rådmannen si vurdering fyller funksjonane i lokalet likevel dei krava som ligg i kriteria ovanfor, og verksemda kan dermed få skjenkeløyve ut frå denne vurderinga. Rådmannen har på vanleg måte sendt brev til lensmannen og sosialtenesta (NAV Gloppen) og bede om uttale til skjenkeløyvet, generelt. Lensmannen har ingen merknader til søknaden. Vi hadde ikkje motteke svar frå NAV Gloppen då saka vart skriven. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet viser til rusmiddelpolitisk handlingsplan og gjev Lauget kaffi og kultur skjenkeløyve i gruppe 1, 2 og 3. Skjenkestyrar er Charlotte Eikeset Mundal. Varastyrar er Mariel Eikeset Koren. Skjenkeløyvet vert tildelt for alle dagar måndag laurdag i tidsrommet mellom klokka 10:00 og klokka 01:00 for øl, sterkøl og vin. For brennevin gjeld skjenkeløyvet måndag-laurdag frå kl 13:00-24:00. 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Roar Henden (H): Som rådmannen si tilråding, men andre avsnitt skal lyde: Skjenkeløyvet vert tildelt for alle dagar måndag laurdag i tidsrommet mellom klokka 18:00 og klokka 01:00 for øl, sterkøl og vin. For brennevin gjeld skjenkeløyvet måndag-laurdag frå kl 18:00-24:00. Framlegg frå Arnfinn Brekke (Krf): Helse- og omsorgsutvalet tilrår formannskapet å avslå søknaden frå Lauget kaffi og kultur om skjenkeløyve i gruppe 1, 2 og 3. Det vart først røysta over framlegget frå Arnfinn Brekke som vart vedteke med fire mot tre røyster. Det vart då ikkje røysta over framlegget til Roar Henden. 036/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet tilrår formannskapet å avslå søknaden frå Lauget kaffi og kultur om skjenkeløyve i gruppe 1, 2 og 3. Vedtaket vart gjort mot tre røyster. Side 13

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 16.11.2016 038/16 Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 037/16 MULTEK-utvalet 17.11.2016 125/16 Eldrerådet 21.11.2016 027/16 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016 027/16 Formannskapet 21.11.2016 135/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 151 Arkivsaknr.: 16/971-12 Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 284872 Årsbudsjettet for 2017 - Økonomiplanen for 2017-2020 284873 Gebyr og betalingssatsar for 2017 284874 Gebyr for byggjesak 2017 Gloppen 284875 Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova Bakgrunn for saka: Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 for kommunestyret den 14. november i år. Det er formannskapet som kjem med framlegg til kommunestyret om årsbudsjett for neste år og om økonomiplanen for dei neste fire åra. Som vanleg er det lagt opp til at råda og hovudutvala kjem med uttale til budsjettframlegget før formannskapet gjer vedtak om utlegging til offentleg gjennomsyn. Saksutgreiing: Rådmannen skriv dette i samandraget i budsjettdokumentet: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 er på driftssida i hovudsak ei vidareføring av dagens kommunale drift, og på investeringssida ei opplisting av prioriterte investeringstiltak som det etter rådmannen si vurdering er plass til med den oversikta vi no har over kommunen sin økonomi. Rådmannen sitt framlegg vil få Gloppen kommune ut av den såkalla ROBEK-lista som vi hamna på ved ein tabbe under utarbeidinga og behandlinga av siste økonomiplan. Framlegget til årsbudsjett for 2017 er i balanse utan bruk av disposisjonsfondet. To tiltak er rett nok finansierte med bruk av disposisjonsfond: Side 14

kommunen sitt bidrag til fiber i Breim og på Sørstranda og tilskotet til klubbhus for golfklubben. Frå 2018 viser økonomiplanen eit mindre overskot kvart år. Nytt av året er at rådmannen legg fram lister over tiltak som burde vore gjennomførte viss øko-nomien hadde tillate det. Rådmannen legg også fram ei oversikt over stillingsendringane frå budsjett 2016 til budsjett 2017. Dette er eit forsøk for å få betre oversikt over kva som endrar seg på stillings-sida. Det er viktig og avgjerande at vi har kontroll med oppretting av nye stillingar. Rådmannen helsar velkomen kontrollutvalet sitt prosjekt for å sjå på rutinane ved stillingsoppretting. Desse nye stillingane ligg inne i rådmannen sitt framlegg: Ei ny saksbehandlarstilling i administrasjonen, med 60 % bruk i 2017 Ei ny stilling som helsesøster finansiert med statstilskot Stillingar til ei ekstra klasse ved Gloppen ungdomsskule frå skuleåret 2017/2018 Ei ny stilling på NAV Gloppen i samband med mottak av fleire flyktningar. Utgiftene til avdrag er auka og er no i samsvar med det rekneskapsforskriftene seier om nedbetaling av kommunale lån: nedbetalinga skal følgje avskrivingstida på prosjekta det er lånt til. Når rådman-nen trass i så godt som nullvekt i skatt og rammetilskot har funne plass til nokre nye stillingar og forskriftsmessig budsjettering av avdrag på lån, skuldast dette litt høgare avkastning og inntekter frå kraftverdiane våre, ei mindre oppjustering av takstgrunnlaget for eigedomsskatten på hytter og bustader og ein vesentleg auke i tilskotet til mottak av flyktningar. Det siste fører sjølvsagt også til auka driftsutgifter. Heile driftsbudsjettet er stramt. Det viser sektorane sine lister over tiltak som burde vore med. Det er ikkje lagt inn endringar i drifta i åra etter 2017 utover driftsmessige konsekvensar av investeringsframlegget. Rådmannen legg fram eit framlegg til investeringsplan på vel 350 millionar i perioden. Dette vil auke lånegjelda til kommunen med om lag 230 millionar. Dei store tiltaka er: Rehabilitering av skuleanlegget i Hyen, 53,7 mill. Nytt omsorgsbygg, 42,8 mill. Ny brannstasjon med utleigelokale til politiet, 40 mill. Utviding av bustadfestet i Valborgkleiva, 14,8 mill. Rådmannen har ikkje sett av midlar til utviding av skulane på Sandane og på Nordstranda i påvente av barnehage- og skulebruksplanen. Rådmannen har heller ikkje sett av noko særleg til sentrums-utvikling og bustader sidan eg her ventar på bustadpolitisk plan og resultatet av parallelloppdraget i sentrum. Saman med budsjettdokumentet legg rådmannen også fram sitt forslag til kommunale gebyr og prisar for 2017. Gebyr- og betalingsheftet vil bli behandla som eiga sak i neste runde av den folkevalde behandlinga av budsjettframlegget. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dette er ikkje eit aktuelt punkt i denne saka. Rådmannen si vurdering: Rådmannen sine vurderingar går fram av budsjettdokumentet. Side 15

Rådmannen kjem ikkje med tilråding i saka i fasen av budsjettarbeidet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Saka vart drøfta. 037/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 16