OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Rådhuset, møtesalen Skorpo Møtedato: 31.01.2006 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 24/06 05/1345 Mellombels sperra Offl. 6 KOMMUNAL FORKJØPSRETT-24 HUSVÆRE BYVEGEN G.NR 54 / 158 B.NR. 546 25/06 06/268 FRISKULELOVA 263 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 01.02.2006 Terje Søviknes Ordførar Lars Atle Skorpen Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 00 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
MØTEBOK KOMMUNAL FORKJØPSRETT-24 HUSVÆRE BYVEGEN G.NR 54 / B.NR. 546 Saksbehandlar: Øyvind Tøsdal Arkiv: 611 Arkivsaksnr.: 05/1345 Mellombels sperra Offl. 6 Saksnr.: Utval Møtedato 115/05 Os Formannskap 30.08.2005 24/06 Os Formannskap 31.01.2006 Framlegg til vedtak: Os kommune melder frå om at Os kommune vil takka ja til tilbodet frå Husbanken om kjøp av 24 husvære på gnr 54, bnr 546, Byvegen 70-76 for kroner 21 millionar. Administrasjonen vert beden om å leggja fram eiga sak om finansiering der alle kostnadar inntil kroner 24 487 500,- er med. Det må søkjast om kjøpstilskot frå Husbanken til dei husværa der det bur leigetakarar som gjer at Os kommune kan søkja kjøpstilskot. Husleigene skal fastsetjast slik at dei dekker faktiske utgifter med det å eiga dei tjuefire husværa. Os, 30. januar 2006 Lars Atle Skorpen Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 00 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Behandling i Os Formannskap i møte 30.08.2005 Behandling i utvalet: Møtet vart lukka jfr. Offl. 6 under drøftinga av saka. Ordførar Terje Søviknes (FrP) kom med følgjande framlegg: Os kommune melder frå om, med heimel i lov om kommunal forkjøpsrett til leiegårder av 29.april 1977 nr 34, at Os kommune vil nytta forkjøpsretten sin på 24 husvære på gnr 54, bnr 546, Byvegen 70-76. Eigedomsutvalet i samråd med rådmannen, får fullmakt til å nytta forkjøpsretten/by på eigedomen med atterhald om endeleg godkjenning i Os kommunestyre av kjøp og endeleg kjøpesum. Det er og ein føresetand at det vert føreteke ein grundig og dokumentert gjennomgang av feil og manglar ved husvera, og at tilbodet gjenspeglar utbetalingskostnaden. Framlegget frå administrasjonen med tillegga frå ordføraren vart samrøystes vedtekne. Vedtak: Os kommune melder frå om, med heimel i lov om kommunal forkjøpsrett til leiegårder av 29.april 1977 nr 34, at Os kommune vil nytta forkjøpsretten sin på 24 husvære på gnr 54, bnr 546, Byvegen 70-76. Eigedomsutvalet i samråd med rådmannen, får fullmakt til å nytta forkjøpsretten/by på eigedomen med atterhald om endeleg godkjenning i Os kommunestyre av kjøp og endeleg kjøpesum. Det er og ein føresetand at det vert føreteke ein grundig og dokumentert gjennomgang av feil og manglar ved husvera, og at tilbodet gjenspeglar utbetalingskostnaden. Side 3 av 8
Vedlegg: 1. Saksutgreing av 18.august 2005 i sak 05/01345 med vedlegg 2. Brev av 18.januar 2006 frå Schjødt 3. Utkast til kjøpekontrakt 4. Rapport mikrobiologiske inneklimaundersøkjingar 13.01.05 5. Brev av 19.01.06 frå Os Bygg og Eigedom AS 6. Notat av 13.01.06 frå Os Bygg og Eigedom AS 7. Brev av 23.01.06 frå Os Bygg og Eigedom AS 8. E-mail frå Os bygg og Eigedom AS 9. Minibrev frå ABF service AS av 14.03.05 10. Notat av 27.01.06 frå Skansen Consult AS 11. Brev av 24.01.06 til adv.firma Schjødt AS frå Os kommune 12. Utskrift av Eigedomsregisteret av 26.01.06 13. Oppstilling over lånekostnad ved lån over 30 år til 5 % rente Uttrykte vedlegg: Teikningar og byggjeutgreing for husa Saksopplysningar: Advokatfirmaet Schjødt AS ber i brev av 18.januar 2006 kome med prisforlangande for Byvegen 70-76 ( Kuven ) (Vedlegg 2). Det er lagt ved utkast til kjøpekontrakt på kroner 23 200 000,-(Vedlegg 3). Os Formannskap behandla i møte 30.08.2005spørsmålet om forkjøpsrett i sak 0115/05. Følgjande vedtak vart gjort: Os kommune melder frå om, med heimel i lov om kommunal forkjøpsrett til leiegårder av 29.april 1977 nr 34, at Os kommune vil nytta forkjøpsretten sin på 24 husvære på gnr 54, bnr 546, Byvegen 70-76. Eigedomsutvalet i samråd med rådmannen, får fullmakt til å nytta forkjøpsretten/by på eigedomen med atterhald om endeleg godkjenning i Os kommunestyre av kjøp og endeleg kjøpesum. Det er og ein føresetand at det vert føreteke ein grundig og dokumentert gjennomgang av feil og manglar ved husvera, og at tilbodet gjenspeglar utbetalingskostnaden. Grunnen til at eigedomen no er til sals, er at Vest Boligutleie AS, som bygde bustadane og stod for utleige, har gått konkurs. Husværa var i det vesentlege finansierte gjennom den Norske Stats Husbank ved lån og tilskot. Husbanken har tiltrådt pantet og har gjennom Stor- Bergen boligbyggelag stått for forvaltning, drift og vedlikehald etter konkursen i Vest Boligutleie AS. Sjølve heimelen til eigedomen står framleis på Vest Boligutleie AS. I og med at utbyggjar gjorde avtale med Os kommune om leigerett til dei 24 husværa for vanskelegstilte, vart det gitt oppføringstilskot frå Husbanken på kroner 2 736 000,-, som etter tilråding frå Os kommune vart utbetalt til Vest Boliguleie AS. Takst frå 29.04.05 endar opp med marknadsverdi på 17 000 000,-. Husbanken har no akseptert at dei kan selja direkte til Os kommune utan å lysa eigedomen ut i den opne marknaden. Etter forhandlingar med Husbanken 30.januar 2006 i Bergen, der rådmannen og kommunaldirektør Øyvind Tøsdal møtte representantar frå Husbanken og advokat Martin Holger Dale frå Schjødt AS, vart det etter lange forhandlingar sett fram tilbod frå Husbanken om at Os kommune kan få kjøpa husværa for ein samla sum på kroner 21 000 000,- slik dei står. Husbanken vil ha svar etter formannskapet 31.januar 2006. Dersom Os kommune ikkje aksepterer tilbodet, vil husværa bli lyste ut i den opne marknaden. SR-Bank har pant i husværa, og dei aksepterer ikkje at husværa blir selde til ein pris som ikkje gjev dekning til SR-Bank etter at Husbanken med sin 1.prioritet har fått sitt. Os kommune vil uansett ha forkjøpsrett etter at husværa har vor lyste ut for sal, men prisen vil kanskje bli høgare en 21 000 000,-. Side 4 av 8
Brutto leigeareal er om lag 1900 m2 eks garasjeanlegg på 420 m2. Ein sum på 21 mill gir pris på kr 11052,- per m2 når garsjen vert halden utanfor. Det er 16 tre roms husvære og 8 stk toroms husvære i bygget. Os kommune garanterer i dag for leiga for alle dei 24 husværa og har tildelingsrett til husværa til leigetakarar som av ein eller annan grunn ønskjer å leiga denne typen husvære. Husleiga for 2- roms husvære er kr 4200,- per mnd og kroner 4500,- for 3-roms. I tillegg kjem garasjeleige på kr 12 000,-per år samla for alle husværa. Samla betalar leigetakarane 1 268 000,- i årleg leige. Bestillar og forvaltarkontoret (BOF) har uttalt seg om kjøp og uttalar mellom anna følgjande: Os kommune har tildelingsrett på alle leiligheitane. Dei aller fleste som bur her lever på trygd eller på sosialstøtte. Det gjer at dei ikkje har økonomisk evne til å skaffe seg eigen bustad. Dersom ikkje Os kommune kjøper hele bustadmassen, vil vi få eit stort problem med å busette desse personane i andre bustadar. Vi har venteliste på kommunale bustadar og det er mange personar som vert huslause fordi mellom dei som i dag bur i Byvegen er det mange barnefamiliar Vurdering: Det er utvilsomt stor manglar ved husværa. Dei mest alvorlege manglane er knytte til det branntekniske. Å utbetra til førehandsgodkjente standard løysingar let seg ikkje gjera innan forsvarlege økonomiske rammer. Husa kan sprinklast og få brannalarmanlegg og brannsikast i trappehusa. Trappehusa må kleast med gipsplater innvendig og vindu må skiftast. På loft må brannskiljeveggane utbetrast. Det er 4 brannskiljeveggar på loft, 4 trappehus og om lag 1500 m2 buareal som må sprinklast. I tillegg må vindu i trappehus skiftast til trådglas for å hindra brannspreiing. Kostnad med sprinkling vil vera om lag kroner 300 000;- brannalarmanlegg vil kosta om lag 150 000,- brannsikring av trappehusa vil kosta om lag kroner 50 000,- per trappehus, samla kroner 200 000,- Og skifting av vindu i 4 trappehus vil kosta om lag kroner 80 000,-. I tillegg må det setjast opp brannpanel for å stetta krava til minsteavstand frå feieluke til brennbart materiale i 8 husvære. Oppsetjing av 8 brannpanel vil kosta om lag kroner 20 000,- samla. Utbetring av 4 brannskiljeveggar på loft vil kosta om lag kroner 20 000,- per vegg, samla kroner 80 000,-. Branntetting kring røyrgjennomføringar vil kosta om lag kroner 40 000,-. Samla vil brannsikringa kosta om lag kroner 870 000,- eks mva. Andre utbetringar vil koma på om lag kroner 50 000,- per husvære. Det er utbetringar som kan venta, men det ville vore fint å fått det gjort. Samla vil andre utbetringar kosta om lag 1,2 mill. innvendig. Til utvendig måling og opprustning kan reknast tilsvarande sum. Det som må gjerast er brannsikringa. Resten kan venta. I tillegg til kjøpesummen ver det dokumentavgift med kroner 525 000,- og tinglysingav skøyte med om lag kroner 1600,-. Samla blir det følgjande: Kjøpesum: kroner 21 000 000,- Brannteknisk utbetring: kr 1 087 500,-inkl.mva Annan opprustning kr 1.200 000,- Utvendig opprustning: kr 1 200 000,- ------------------------------------------------------------------ Samla kostand: kr 24 487 500,- ====================================== Rådmannen meiner at Os kommune bør sikra seg husværa med bakgrunn i det store behovet for utleigehusvære av denne typen. Sjansen for at prisen ver lågare i neste runde, etter utlysing, er liten. Os kommune risikerer at husleigene vert skrudde vesentleg opp dersom det vert annaneigar enn Os kommune. I verste fall vil ein kjøpar selja husværa einskildvis. Med utgangspunkt i ein pris på 21 millionar for dei 24 husværa, vil gjennomsnittsprisen bli kroner 875 000,-. Med opprustningskostandar og tinglysingsgebyr og dokumentavgift vert prisen 1.023 312,50, - per husvære. Spørsmålet er om Os kommune vil kunna byggja tilvarande Side 5 av 8
husvære for ein pris på 1.023 312,50, per stk. det vil i så fall seia ein kvaderatmeterpris på kr 12 888,-. Ein normal byggjepris vil i dag vera om lag kroner 16-18000,- per m2. Det vil gje ein kostnad på mellom kr 30 400 000,- og kr 34 200 000,- å byggja nytt. Det betyr at Os kommune sparar mellom 5,91,-millionar og 9,71,- millionar ved å kjøpa dei 24 husværa framfor å byggja nytt. Ved å lånefinansiera heile kostnaden på kroner 24 487 500,- til 5 % rente og 30 års avdragstid vert årskostnaden samla kroner 1 577 460,-. Snitt per husvære vert kr 65 727,- per år eller til svarande kroner 5 477,- per månad. Dagens husleigeinntekt er kroner 1 268 400,-. Meirutgift/krav til meirinntekt er kroner 1 577 460,- minus kroner 1268 400,- = kroner 309 060,- per år. Dette tilvarar kroner 1073,- i snitt per leilighet per mnd. Nye husleiger vert då kroner 5 573,- for dei store 16 store husværa og kroner 5 273,- for dei 8 små husværa. Dette basert på 5 % renteog 30 års avdragstid og annuitetslån. Konklusjon: Rådmannen rår til at Os kommune melder frå om at Os kommune vil takka ja til tilbodet frå Husbanken om kjøp av 24 husvære på gnr 54, bnr 546, Byvegen 70-76 for kroner 21 millionar. Rådmannen rår til at administrasjonen vert beden om å leggja fram eiga sak om finansiering av kjøpet der alle kostnadar inntil kroner 24 487 500,- er med. Det må søkjast om kjøpstilskot frå Husbanken til dei husværa der det er leigetakarar som gjer at Os kommune kan søkja kjøpstilskot. Husleigene skal fastsetjast slik at dei dekker faktiske utgifter med det å eiga dei tjuefire husværa. Os, 30.januar 2006 Øyvind Tøsdal kommunaldirektør Side 6 av 8
Sak 25/06 MØTEBOK FRISKULELOVA Saksbehandlar: Jorunn Solberg Arkiv: A20 Arkivsaksnr.: 06/268 Saksnr.: Utval Møtedato 25/06 Os Formannskap 31.01.2006 Framlegg til vedtak: Os formannskap støttar ikkje Kunnskapsdepartementet sitt framlegg til mellombels endring av friskulelova, framlagt til høyring i brev av 16.12.05. Os, 31.01.2006 Lars Atle Skorpen Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 00 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Sak 25/06 Vedlegg: 1. Kopi av høyringsbrevet. Saksopplysningar: Saka vart teken opp og drøfta i møtet etter framlegging av høyringsbrev og framlegg til mellombels lovendringar. Side 8 av 8