Giske kommune Norm for leikeareal og friområde i Giske kommune Vedtak i Giske kommunestyre 08.05.2014, sak K-032/14 Giske - historisk og framtidsretta
Innhald 1. INNLEIING 3 2. RETNINGSLINJER 5 3. FRIOMRÅDE 6 4. LEIKEAREAL 7 5. ANSVAR 9 Rundskriv -linkar NORM FOR LEIKEAREAL OG FRIOMRÅDE I GISKE KOMMUNE 2013 Norma for leikeareal og friområde skal sikre gode areal for leik og fysisk aktivitet, godt miljø og eit liv nært natur for barn, unge og vaksne i Giske kommune. Kommunen ønskjer å leggje til rette for opplevingar, vennskap, trivsel, spenning og meistring. Gode uteareal kan redusere omfang av vald, mobbing og hærverk, og stimulerer trivsel, samhald, aktivitet, motivasjon og folkehelse. For Giske kommune vil norma vere med og sikre god tilgang til leikeareal og friområde for framtida. -Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen, vedtekne av Kongen i statsråd 01.09.89 - T-2/08 -Regjeringa sin rettleiar: Barn og unge og planlegging etter planog bygningslova -Leikeplassforskrifta Bilete av leikeplass på framsida er frå Skjong, Valderøya Alle foto: B. Friisvold 2
1. INNLEIING Norm for leikeareal og friområde for Giske kommune byggjer på følgjande: Giske kommune, kommuneplan 2009 2021, samfunnsdel og arealdel. c. Formålet med disse rikspolitiske retningslinjene er å: Rikspolitiske retningslinjer for planlegging for barn og unge T-2/08 Viktige nasjonale mål for barn og unge sitt oppvekstmiljø; a. Sikre et oppvekstmiljø som gir barn og unge trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger, og som har de fysiske, sosiale og kulturelle kvaliteter som til enhver tid er i samsvar med eksisterende kunnskap om barn og unges behov. b. Ivareta det offentlige ansvar for å sikre barn og unge de tilbud og muligheter som samlet kan gi den enkelte utfordringer og en meningsfylt oppvekst uansett bosted, sosial og kulturell bakgrunn. a. Synliggjøre og styrke barn og unges interesser i all planlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningsloven. b. Gi kommunene bedre grunnlag for å integrere og ivareta barn og unges interesser i sin løpende planlegging og byggesaksbehandling. c. Gi et grunnlag for å vurdere saker der barn og unges interesser kommer i konflikt med andre hensyn / interesser. Ansvarsforhold d. Fylkeskommunene skal, i samråd med fylkesmannen, så langt det er mulig veilede og gi kommunene nødvendig støtte til å sikre barn og unges interesser i kommunens planarbeid i henhold til pkt. 4 og 5 i disse retningslinjene. e. Fylkeskommunen og fylkesmannen skal, der det er nødvendig for å ivareta formålet med pkt. 5, gi uttalelse og eventuelt framsette innsigelser til kommuneplan og reguleringsplan / -bebyggelsesplan. Fylkesmannen skal ved utøvelse av sin virksomhet etter plan- og bygningsloven påse at kravene til behandling i pkt. 4 er ivaretatt... Krav til den kommunale planleggingsprosessen Kommunen skal: a. Vurdere konsekvenser for barn og unge i plan- og byggesaksbehandlingen etter plan- og bygningsloven. 3
Y 350600 b. Foreta en samlet vurdering av barn og unges oppvekstmiljø for å innarbeide mål og tiltak i kommuneplanarbeidet. c. Utarbeide retningslinjer, bestemmelser eller vedtekter om omfang og kvalitet av arealer og anlegg av betydning for barn og unge, som skal sikres i planer der barn og unge er berørt. d. Organisere planprosessen slik at synspunkter som gjelder barn som berørt part kommer fram og at ulike grupper barn og unge selv gis anledning til å delta. Krav til fysisk utforming Følgende skal vies spesiell oppmerksomhet: a. Arealer og anlegg som skal brukes av barn og unge skal være sikret mot forurensning, støy, trafikkfare og annen helsefare. b. I nærmiljøet skal det finnes arealer hvor barn kan utfolde seg og skape sitt eget lekemiljø. Dette forutsetter blant annet at arealene: Fig 1. Utsnitt av reguleringsplan på Ytterland. er store nok og egner seg for lek og opphold gir muligheter for ulike typer lek på ulike årstider kan brukes av ulike aldersgrupper, og gir muligheter for samhandling mellom barn, unge og voksne. c. Kommunene skal avsette tilstrekkelige, store nok og egnet areal til barnehager. d. Ved omdisponering av arealer som i planer er avsatt til fellesareal eller friområde som er i bruk eller er egnet for lek, skal det skaffes fullverdig erstatning. Erstatning skal også skaffes ved utbygging eller omdisponering av uregulert areal som barn bruker som lekeareal, eller dersom omdisponering av areal egnet for lek fører til at de hensyn som er nevnt i punkt b ovenfor, for å møte dagens eller framtidens behov ikke blir oppfylt. Krav om universell utforming (Jf rundskriv T-5/99 B) Ved nybygg og oppgradering eller større vedlikehald av offentlege bygg og anlegg. Ved bygging av felles toalett, søppelsentral, parkering og veg til felles uteareal og turområde. Ved opparbeiding av offentleg tursti. Plan- og bygningslova (pbl) Barn og unge er framheva i formålsparagrafen;.. Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak. Det samme gjelder hensynet til barn og unges oppvekstvilkår og estetisk utforming av omgivelsene. 4
1.1 Planarbeid i kommunen Giske kommune har oppnemnt representant som skal take i vare barn og unge sine interesser, jamfør pbl 3-3, ledd 3: Kommunestyret skal sørge for å etablere en særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planleggingen. I samband med planarbeid skal det vere eit kapittel om barn og unge i planomtalen. Moment som trygg skulveg, tilgang til sosial infrastruktur, bustadtyper i planområdet, forhold ved regulerte leikeplassar m. m. skal vurderast. Leike- og fellesareal skal i plansamanheng definerast kven som skal ha ansvar for opparbeiding, drift og vedlikehald. Dersom dette legg føringar for matrikkelføringar, eller noko ansvar for det offentlege, skal dette kome tydeleg fram i planomtalen/saksutgreiinga Rikspolitiske retningslinjer for planlegging for barn og unge skal leggjast til grunn for all planlegging i kommunen. Ved rullering av kommuneplanen sin arealdel skal norma sitt kapittel 4 innarbeidast som retningslinje/ føresegn. 2.OVERORDNA RETNINGSLINJER FOR PLANARBEID A: I nye reguleringsframlegg skal leikeareal og friområde vurderast samtidig med bustader og vegar. Det same gjeld ved detaljregulering av eksisterande reguleringsplanar. B: I kommuneplanen skal det vere sett av tilstrekkeleg store og eigna areal til barnehagar. Det skal leggjast stor vekt på å bevare tre, vegetasjon og naturskapte forhold. C: Stader som peikar seg ut som framtidige, naturgitte stader for leik og friområde må sikrast til desse formåla. Det skal takast omsyn til barnetråkk der dette er registrert. Areal som alt er tatt i bruk til desse formåla, men ikkje formalisert gjennom arealplan, skal så langt som råd sikrast for framtidig bruk. Om ikkje dette skjer, skal det skaffast fullverdig erstatningsareal i nærleiken. D: Anlegg utomhus skal vanlegvis vere ferdigstilt innan 20 % av bustadene har fått bruksløyve. Dette skal vere eit rekkjefølgjekrav i nye reguleringsplanar. Opparbeidinga ligg til utbyggjar/bebuarar av området. Vedkommande pliktar å halde arealet og anlegga forsvarleg vedlike, men kan gjere avtalar med andre for å skjøtte plikta. For barnehagar og skular skal anlegg utomhus vere ferdigstilt før ferdigattest blir gjeve. E: I den grad krava i retningslinjene er dekte på tilstøytande areal, må dette dokumenterast. F: Leikeareal og friområde skal vere tilgjengelege for flest mogeleg. 5
3. FRIOMRÅDE Med friområde meiner ein regulert friområde (planog bygningslova (pbl) 12-5 nr. 3) og friområde avsett i kommuneplanen sin arealdel (pbl 11-7 nr. 3). Friområde er rekreasjonsareal og naturområde av ein viss storleik innafor tettstadane eller som grenser til tettstadane, og som også omfattar parkmessig opparbeidde areal og idrettsanlegg. Friluftsområde inngår i landbruks-, natur og friluftsformålet (pbl 11-7 nr. 5) LNF. Friluftsområde for til dømes fottur, sykling, riding, bading og kiting skal vere skilta, samt ha gode tilkomstvegar. Eventuelt behov for parkeringsplassar må vurderast særskilt ved kvart høve. Ved inngangen til friluftområde skal det så langt som råd settast av plass til toalettfasilitetar og renovasjon. Det bør vere minst ei helseløype per øy. Helseløyper bør ha handikapparkering og -toalett, fast dekke, leielinje og lyssetting. 6
4. LEIKEAREAL A: Leikeareala skal fungere for alle aldersgrupper. Leikeplassane skal kunne fungere som samhandlingsarena mellom barn, unge, vaksne og eldre. Dei bør difor tilretteleggast for å samle folk for til dømes grilling eller ein prat, så vel som til leik. Løkker, småskogar og andre naturlege opne plassar kan reknast som leikeareal. B: Leikeplassen skal følgje minimum oppgitt storleik, men ikkje mindre enn 25 m² for kvar bueining. Om det er naturleg kan to eller fleire leikeareal bli slått saman, eller ein større plass kan delast opp. Areal smalare enn 10 m skal ikkje reknast med. C: Leikeareal bør ikkje ligge ved trafikkert veg. Leikeplassen skal vere skjerma med gjerde eller jordvoll der det er behov, til dømes ved trafikkert veg, parkeringsplass eller tilstøytande tomter. Ligg leikeareal ved trafikkert veg eller ved parkeringsplass, må det vere fysisk og visuelt skilje mellom desse. D: Alle leikeapparat skal stå på godkjent underlag. E: Bustadtettleiken i Giske kommune er variabel, difor kan kravet om maksimum gangavstand mellom bustad/leikeareal bli utvida i særskilte høve. F: Leikeplassen bør ikkje ligge i område brattare enn 1:3 og minst 60 % av arealet bør være flatt (1:20). Dette gjeld ikkje akebakkar, naturleikområde og liknande. G: Området skal ligge sentralt, ha god tilgjengelegheit, og tilkomst skal skje så langt råd utan konflikt med motorisert trafikk. H: Leikeareala skal ha gode klimatiske forhold (sol, vind m.m.) på staden og det skal vere innsyn/utsikt. I: Tilrådde grenseverdiar for støy i stille område i Miljøverndepartementet si støyretningslinje T-1442 (2012 tabell 2) skal ikkje overskridast. For friområde innafor tettbygd strok skal støynivået vere L den <50 db, utanfor tettbygd strok skal støynivået vere L den <40 db. J: Leikeareala tilhøyrande kommunale barnehagar og skular blir ikkje rekna som fullverdige leikeareal, då tilgangen er avgrensa til ettermiddag og helg. K: Der det blir regulert med konsentrert busetnad/blokk busetnad skal krav til leikeareal vere i høgste enden, og det bør bli sett som krav at leikeareal skal vere utbygd før det blir gjeve bruks-/ferdigløyve til desse. L: For frittliggande busetnad med store tomter kan det utvisast meir skjønn på areal til leikeplassar. 4.1: INNDELING AV LEIKEPLASSAR NÆRLEIKEPLASS -størrelsen skal vere frå 150 m 2 1000 m 2. Bør vere minst 35 m² for kvar bueining. - dimensjonert for 4-25 bustader. - skal ha sentral plassering, maksimum gangavstand er 100 meter. - skal vere ferdigstilt innan 20 % av bustadene har fått bruks-/ferdigløyve. Minimumskrav til utstyr for nærleikeplass: Klatrestativ, sandkasse, huske, balansestokk, benk, levegg. Gjerne med tillegg av grillplass og liknande for å leggje til rette for møteplass på tvers av alder. 7
OMRÅDELEIKEPLASS - størrelsen skal vere frå 800 m 2-1200 m 2. Bør vere minst 30 m² for kvar bueining. - dimensjonert for 20-100 bustader. - skal ha sentral plassering, og maksimum 200 meter gangavstand frå bustaden som ligg lengst frå. - skal vere ferdigstilt innan 50 % av bustadene har fått bruks-/ferdigløyve. Minimumsutstyr for områdeleikeplass: Klatrekonstruksjonar, sandkasse, husker, balansestokk, benkar, levegg. Gjerne med tillegg av grillplass og liknande for å leggje til rette for møteplass på tvers av alder. SENTRAL LEIKEPLASS - minimum størrelse skal vere frå 1200 m 2 og oppover. Bør vere minst 25 m² for kvar bueining - dimensjonert for 50 bustader og oppover. - skal vere i gangavstand for mange, og i sykkelavstand for alle. - skal vere ferdigstilt innan 60 % av bustadene bustadene har fått bruks-/ferdigløyve. Minimumsutstyr for sentral leikeplass: Mål/nett og det utstyret ballfeltet treng. Passande leikeapparat, benkar, levegg. Gjerne med tillegg av grillplass og liknande for å leggje til rette for møteplass på tvers av alder. Ved naturgjevne forhold bør det leggjast til rette for akebakke. BARNEHAGAR OG SKULAR Leikearealet til kommunale barnehagar og skular skal gjere nytte som områdeleikeplass utanom opningstidene. IDRETTSANLEGG Anlegga skal kunne nyttast av interesserte i samsvar med vedtektene for det enkelte idrettsanlegget. 8
5. ANSVAR Eigar eller den/dei som har plassert utstyr på leikeområde har ansvar for at dette er godkjent og i forsvarleg stand. Kommunen kan krevje at utstyr som ikkje oppfyller krava blir sett i stand eller fjerna. Linkar: - Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap - Leikeplassforskrifta Kommentarar til bestemmingane i forskrifta - VELforbundet - Rettleier til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v - Arbeidstilsynet: Forskrift om systematisk HMS-arbeid i verksemder (Internkontrollforskrifta) - Utdanningsdirektoratet sin rådgivningsteneste for barnehage-og skoleanlegg på nettet Velforeiningar og foreldregrupper kan utstyre leikeplassar. Det utstyret som blir montert skal dekkje gjeldande krav til sikkerheit. Vedlikehald er ein del av dette ansvaret. Utstyrsleverandør skal så langt som råd levere anbefalingar/ krav til forvaltning, drift og vedlikehald (FDVdokumentasjon). Giske kommune vil hjelpe til med informasjon om leikeplassar og krava som er knytte til dette. v 9
Giske kommune Valderhaug 4 6050 Valderøya Tel.: +47 70 18 80 00 www.giske.kommune.no 10