Saksprotokoll Brukarutval for samhandlingsreforma 05.10.2015 Sak: 14/15 Tittel: Saksprotokoll: Godkjenning av møtebok og referat/orienteringssaker. Arkivsak: 15/2734 Behandling: Medlemane hadde ikkje merknader til innkalling og sakliste. Vedtak: Orienteringssaker til fellesmøtet: 1. Trafikktryggingsplan. 2. Status PLO og nytt dagtilbod for eldre. 3. Kva gjer vi for at eldre skal bu lengst mogleg heime? Lån/tilskotsordningar. 4. Utviklingsarbeid PLO. Rapport frå RO, vidare arbeid mm. 5. Prosjekt Friskhuset. Status og vegen vidare. 6. Evaluering av prøveordninga/organiseringa siste år. Vidare oppfølging av saka. Framlagt til møtet i Brukarutvalet: Samhandlingsnytt for juni, juli, august og september. Oppsummering etter møte i kontrollutvalet 24.06.15 - Sak nr. 15/2015 Samhandlingsreforma Korleis har Luster kommune arbeida med reforma og korleis fungerer den i dag. Rapport frå RO Referat frå fellesmøtet: 1. Trafikktryggingsplan. Det er utarbeidd framlegg til «Kommunal plan for trafikktrygging 2016-2028». Administrsjonen v/jan Magne Svåi orienterte om planen og handlingsprogrammet.
Fylkeskommunen deler ut, etter søknad, kvart år trafikktryggingsmidlar. Midlane delfinansierer «mindre» trafikktryggingstiltak med prioritering av tiltak som sikrar mjuke trafikantar, barn og unge samt skuleveg. For å kunne søke om dette må kommunen ha ein gjeldande kommunal plan for trafikktryggleik der handlingsplanen dannar eit godt grunnlag for søknad om statleg støtte. Planen skal dokumentere eksisterande situasjon og setje fokus på dei utfordringane Luster kommune står over for. Planen skal vise kvar det skjer flest ulykker i dag og kva ein kan forvente at det må setjast inn tiltak etter kvart som nye bustadområde og tiltak med stor trafikk vert bygd ut. Frist for høyring er 16.10.15. Det er målsetjing å handsame planen i kommunestyret 05.11.15. 2. Dagtilbod for eldre. Det er starta opp eit nytt dagtilbod innan pleie- og omsorg. Administrasjonen orienterte. Det er gitt midlar frå helsedirektoratet på kr 100.000,- til slikt føremål. Målgruppa er 67 +. Ein komite av fagfolk, frivilligsentralen m.fl. har starta tilbodet med første samling i Nesgården, Gaupne. Det var 16 frammøtte og med ein gong vart det utfording i høve til plass. Ander samling fann stad i forsamlingshuset på Nes. Det har vore positive tilbakemeldingar, og ein ynskjer å få med fleire, særleg einslege, som treng sosialt samvær. Det er ei utfordring med skyss. Det møtte fram folk frå heile kommunen. Det føregår mange aktivitetar og i tillegg er det utfordrande med å få stille folk til rådvelde. Det er viktig å fortsetje og utvikle samarbeidet med frivilligsentralen. 3. Satsinga i heimetenesta - å kunne bu lengst mogeleg i eigen heim. Støtteordningar. Administrasjonen v/ergoterapeut Bjørn Ove Nytun orienterte om tiltaka som er sette i gang. Føremålet med satsinga er «ein trygg og aktiv alderdom». Førebyggande heimebesøk. Alle over 80 år kan få besøk for samtale og der ein går gjennom kva som kan gjerast i huset og anbefale tiltak til utbetring. Dette er frivillig og ikkje krav til tiltak. Hjelpemiddel. Mykje utstyr kan installerast, det er stort utval og mange løysingar. Det er viktig å koma i gang tidleg og ta kontakt for rettleiing. Det gjeld både for fysiske og psykiske behov. Alle blir følgde opp. Velferdsteknologi.
Tekniske hjelpemiddel, stadig i utvikling, som kan installerast i heimen for å gje tryggheit og auke meistringskapasiteten til den enkelte brukar. Dette kan bidra til at ein kan klare seg sjølv og vera aktiv. Eksempel: Robotløysingar, datalølysingar, lampar, «enkle» telefonar som er lette å bruke, tryggleiksalarmar, m.m. Frå hausten 2016 kan det kome nye tryggleiksalarmar med sensorar med auka varsling til dei private/pårørande i tillegg til heimetenesta. Alt dette vil kunne installerast i høve til den enkelte sine behov. Kvardagsrehabilitering. Dette inneber eit treningsopplegg for brukarar i faresona. Det kan verer fall og/eller tap av aktivitetsnivå generelt. Opplegget vil ha ei kartlegging av den fysiske tilstanden til brukaren med eit fysisk treningsprogram slik som den enkelte kan ynskja seg. Programmet blir fylgd opp med midt- og sluttevaluering. Administrasjonen v/gunnlaug Saur orienterte om Støtteordningar. Det vart synt til kommunen si heimeside om bustadrådgiving samt husbanken sine nettsider. Det kan gjevast tilskot til både eigd og leigd bustad. Tilpassing av bustad Det kan søkast om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar. Etablering i eigen bustad Tilskotet skal bidra til å skaffe eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det skal også sikra at vanskelegstilte kan blir buande lengst mogeleg i eigen bustad. Tilskot til finansiering av lånegjeld Dersom det på grunn av betalingsproblem er vanskar med å behalde bustaden, kan kommunen gi økonomisk rettleiing og støtte til refinansiering av bustadgjeld. Tilskot til utredning og prosjektering. Er det trong for tilpassing av bustaden, kan det søkast om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp, fagfolk/arkitekt. Bustønad Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for den som har låg inntekt og høge bu-utgifter. Johannes Lad hadde innspel om tilskotet til private vegar som er vorte mindre. Dersom folk skal bu lenger heime, er frå- og tilkomst viktig. Rådmannen svara at det er opp til kommunen å bestemme satsane for alle tilskotsordningar. Rådmannen noterte seg innspelet.
Jostein Melheim la fram at informasjon er viktig. Folk må få vite om tilboda, og dei som treng hjelp og/eller støtte må fangast opp. Det er mange som bur «feil». Administrasjonen svara at det blir fanga opp «bekymringsmeldingar» gjennom fastlege og heimetenesta. 1. Utviklingsarbeid i pleie- og omsorg. Administrasjonen orienterte om Rapporten om analyse og tilråding for framtidig pleie- og omsorg i kommunen. Aktuelle tiltak vart representerte. Dei 4 første punkta handlar om administrative tiltak: 1. Leiing og interne prosessar 2. Samarbeid og kompetanseutvikling 3. Ressursbruk i heimetenesta i Luster 4. Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Punkt 5. handlar om vurdering av det samla tenestetilbodet. a. Vurdere det framtidige samla tenestetilbodet i kommunen si helse- og omsorgstrapp basert på forventa behov og økonomiske rammer: Behov for tal langtidsplassar, korttidsplassar, omsorgsplassar og omsorgsbustader og «balansen» mellom tilboda. Kva framtidig innhald/tenestestilbod skal dei 3 sjukeheimane ha? Kva bemanning/kompetansesamansetjing skal dei ulike tilboda ha? b. Utarbeide ein samla plan for det framtidige demenstilbodet. Kommunen har bruk for 3 sjukeheimar, men behova må utgreiast og vurderast. Målet er å spare. Luster brukar meir pengar på pleie- og omsorg enn andre tilsvarande kommunar. Difor må dei rette tinga gjerast no for å få det mest mogeleg rett for framtida. I første omgang er dette ei budsjettsak. Det vil bli eiga sak med tilråding til kommunestyret seinare. 5. Prosjektet Friskhuset Status og vegen vidare. Jostein Melheim orienterte om rapporten som no blir send over til kommunen. Det er laga eit framlegg til romprogram tilpassa framtidige aktivitetar i yrkesskulebygget, som arbeidsgruppa har bestemt, skal kallast for Friskhuset. Oppgåva for arbeidsgruppa har vore å vurdere og tilrå framtidige løysingar i sjølve bygget og uteområdet. Intensjonen er å legge opp til ein samarbeidsmodell der det i stor grad er samlokalisering av ulike tilbod, og der ein får eit fleirbrukshus med aktivitetar både på dagtid og kveldstid for brukarar i alle aldrar. I dette ligg og vurdering av heilskpaelege og gode framtidsretta løysingar for heile området, Lustrabadet, skulane og «gymnastikkbygget».
Det vart vist fram planteikningar med forslag til løysingar for 1. og 2. etasje. Luster Treningssenter tek plassen i heile bygg 1, 1. etasje. I bygg 2 er det meste lagt til rette for Dagsenteret sine tilbod og aktiviteten frå frivillige lag og organisasjonar. I mellomrommet mellom dei to opprinnelege bygga ligg inngang, resepsjon m/kontorplass og kafe m/kjøkken. Heile inngangspartiet ligg svært skjerma og vil kunne bli eit tiltalande og nyttig område til fleire aktivitetar som kan vere i dette uteområdet. Det er sterkt ynskjeleg, både frå Lustrabadet og Friskhuset, at kommunikasjonen mellom desse to bygga kan få ei god løysing. Dette gjeld både for open dialog om drift og planar framover, men og korleis ein fysisk skal kunne «binde saman» bygningane der ein kan gå tørrskodd i mellom. Totalkostnad for prosjektet er kalkulert til 26,9 mill kr. +/- 20 %. Det må rivast og flyttast vegger, isolerast i vegger og golv og oppgraderast i høve til toalett, garderobar og dusjar. Det er planlagt å nytte eit ventilasjonsanlegg, i tillegg vil det bli plassert anlegg for vassboren varme. Arbeidsgruppa kan ikkje sei noko om finansieringa, men det kan påreknast inntekter frå treningssenteret framover og. 6. Evaluering av prøveordninga/organiseringa siste år. Vidare oppfølging av saka. Administrasjonen la fram ein oversikt over møta og sakene i «særmøta» som råda og utvalet har hatt frå september 2013 til dags dato. Det har vore mange «like» saker, og største delen har vore aktuelle og relevante for alle 3. Kommunestyret skal no peike ut nye medlemar til råd og utval. Representative organ og politikar skal vere representert. Kva er så den beste løysinga for organiseringa av råda og utvalet framover? Informasjonen frå administrasjonen har vore positiv, noko alle har gitt uttrykk for. Administrasjonen har såleis tankar om at heile møtet kan vere eit fellesmøte med ei innkalling og ein protokoll. Dette vil spare tid og arbeidet for sekretariatet vil bli mindre. Råda har vore i mot samanslåing tidlegare. Brukarutvalet er villige til å drøfte saka. Dei noverande råda og utvalet blir sitjande ut året og det blir eit nytt møte i desember.