Forskingsmiljø og forskingsaktivitetar i Sogn og Fjordane August 2009



Like dokumenter
Orientering om evaluering av Vestlandsforsking

Kunnskapsbaserte næringsklyngjer

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Utfordringer for samarbeid. i utdannings- og forskningssektoren

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

«Høgskulen si rolle som utviklingsaktør i regionen» Sogn regionråd Åse Løkeland Rektor HiSF

En utvikling på høgskolenes premisser?

Vestlandet ein stor matprodusent

Forskningsmidler øremerket bedrifter på Vestlandet. v/sekretariatsleder Jone Engelsvold i Regionalt forskningsfond Vestlandet

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Forsking i kommunal sektor - kva gjer vi? Regionalt forskingsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes og seniorrådgivar Randi Lotsberg.

Samhandling om kompetanseutvikling i eit nytt storfylke. Mai 2018

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Om VRI4 Sogn og Fjordane mobilisering til forsking og utvikling

30 år med nyttig miljøforsking!

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

Rådgjevarkonferansen 2009

Handlingsprogram for

Forskingsmiljø og forskingsaktivitetar i Hordaland April 2009

Kompetanseutviklingen i Nordnorsk næringsliv

Disposisjon. «Hva særpreger våre regioner mht FoU/mangel på FoU?

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Vitensenteret i Sogn og Fjordane

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

Bioforsk Tingvoll si stilling i ein fusjon av landbruksforskingsinstitutta

Kompetansemekling i privat og off sektor

Bergensregionen Insert company logo here

Forskingsmiljø og forskingsaktivitetar i Hordaland AUD-rapport nr

Dykkar ref Vår ref Dato

FoU i næringslivet. Hvordan kan HVL legge til rette for et mer kunnskapsbasert næringsliv? Rektor Berit Rokne Kontaktkonferansen 15.

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

Orientering om Forskningsrådet og satsing på regionale partnerskap. v/ Trine Steen, regionansvarlig Buskerud / Vestfold

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

3Vaksne i fagskoleutdanning

Ny kommune i indre Sunnfjord

VI L D U VI TE MEI R OM......naturvitskap?...energi?

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

VEDLEGG 1: PROSJEKTBESKRIVELSE FORNYBAR ENERGI, INNOVASJON OG REGIONAL UTVIKLING

Forskningsrådets regionale policy, mål og ambisjoner. Anne Kjersti Fahlvik, dr.philos Divisjonsdirektør innovasjon

VITENSENTERET I SOGN OG FJORDANE EI SATSING PÅ FRAMTIDA!

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Vilkår for å nå målet om eit berekraftig reiseliv

Felles formannskapsmøte Flora og Vågsøy

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

8. Museum og samlingar

Regionalt forskingsfond Vestlandet. Norwegian Smart Care Cluster 3.november 2015

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Strategisk plan for FoU, HiB. Planer og visjoner? Realistiske mål? Forpliktende?

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

FoU i Nord-Norge status, Hvorfor og hvordan

International masterprogram. Climate Change Management (Klimaendringar; forvaltning og planlegging) Høgskulen i Sogn og Fjordane 2016

KD sin finansieringsmodell

Avdeling for regional planlegging

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsrommet for en fylkesstrategi for forskning. Eivind Sommerseth møte den 18 juni 2012

Næringsliv i Berge g ns n regi g o i n o e n n

Dialogmøte med kommunane i Hafs

7. Sterk auke i enkeltbesøka ved musea

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Strategiplan for FoU

SOGN driftig raus ekte

Samspill om regional forskning noen utfordringer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Referat frå møte i Fou-utvalet ved HSF

Nær 30 milliarder kr til FoU i 2005

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Carlo Aall Senterleder ved Vestlandsforsking (Sogndal) Torunn Hønsi

Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Nye strukturar og vegen vidare

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Nærings-ph.d. mars, 2011

12. Færre besøk ved norske kinoar

Regionale forskningsfond

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Statsbudsjettet oppdragsbrev til Siva

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

OU-utvalgets rapport Styremøte HSF 24.juni 2010

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

VRI Sogn og Fjordane

Kolumnetittel

Tilpasse virkemidlene og bruke dem målrettet mot næringsliv og offentlig sektor. Lars André Dahle, Forskningsrådets regionkontor i Trøndelag

Svak vekst i FoU-innsatsen i 2009

Transkript:

Forskingsmiljø og forskingsaktivitetar i Sogn og Fjordane August 2009 AUD-rapport nr. 7-09

Forskingsmiljø og forskingsaktivitetar i Sogn og Fjordane 1 Oversikt over sektorane Næringslivet er den sektoren som relativt sett har størst FoU-aktivitet i Sogn og Fjordane, både målt i FoU-årsverk og FoU-utgifter (sjå tabell 1 og 2). Sogn og Fjordane ligg til dømes føre Troms når det gjeld FoU i næringslivet, sjølv om Troms både har fleire innbyggjarar og har ein stor universitets- og høgskolesektor. Instituttsektoren og universitets- og høgskolesektoren i Sogn og Fjordane er liten i landsmålestokk og også på Vestlandet. Tabell 1: Totale FoU-årsverk etter sektor for utføring, 2007 2007 Totalt Næringslivet Universitets- og Instituttsektoren høgskolesektoren Oslo 11 044 4 253 2 444 4 347 Akershus 4 142 2 229 1 417 496 Buskerud 1 366 1 282 49 35 Vest-Agder 586 395 65 126 Rogaland 1 751 1 221 251 279 Hordaland 3 941 960 905 2 076 Sogn og Fjordane 295 210 44 41 Sør-Trøndelag 4 833 1 509 1 397 1 927 Troms 1 522 179 309 1034 Heile landet 34 070 15 294 7 788 10 988 Kjelde: NIFU STEP Tabell 2: FoU-utgifter etter sektor for utføring og per innbyggjar etter fylke, 2007 Fylke Totalt Næringslivet Instituttsektoren Universitets- og høgskolesektoren Per capita 1 Kr Akershus 4 753,7 2 711,8 1 435,5 606,4 9 159 Oslo 11 085,5 4 158,8 2 465,0 4 461,7 19 796 Buskerud 1 792,5 1 708,6 41,6 42,3 7 141 Vest-Agder 746,2 520,0 67,1 159,1 4 495 Rogaland 2 037,9 1 448,3 277,4 312,2 4 934 Hordaland 4 455,0 1 321,4 1 020,7 2 112,9 9 622 Sogn og Fjordane 279,6 206,7 38,7 34,2 2 638 Sør-Trøndelag 5 904,2 1 953,3 1 716,2 2 234,7 20 863 Troms 1 549,1 172,1 354,5 1 022,5 9 994 Heile landet 37 414,5 17 381,7 8 309,9 11 722,9 7 898 Kjelde: NIFU STEP

2 Oversikt over institusjonane og nøkkeltal Tabell 3 viser status for Høgskolen i Sogn og Fjordane og instituttsektoren i Sogn og Fjordane med omsyn til tal årsverk, publikasjonspoeng og vitskaplege publikasjonar i 2008. Bioforsk er eit nasjonalt institutt som har avdelingskontor i Sogn og Fjordane. Tabell 3: Nøkkeltal for statlege høgskolar og forskingsinstitutt i Sogn og Fjordane, 2008 Høgskole/forskingsinstitutt Høgskolen i Sogn og Fjordane Tal årsverk Tal vitskaplege publikasjonar Tal forskarårsverk Publikasjonspoeng Gj.sn. publikasjonspoeng per forskarårsverk 2007-2008 259 27 20,6 0,2 Vestlandsforsking 25 21 7 5,3 0,6 Bioforsk 400 226 113 88,7 0,4 Kjelde: NIFU Step, Database for høgare utdanning, NSD Det finst også andre fagmiljø/forskingssenter i Sogn og Fjordane. Viktige einingar her er: Njøs Næringsutvikling - tidlegare del av Bioforsk. Aktuelle ved at dei deltek i ein Arena-søknad på mat Forskingsenter ved Hydro Aluminium i Årdal. Senteret leverer direkte forskingstenester i forhold til vidare utvikling av eigen teknologi, i tillegg til å støtte tenester til driftsavdelingane i heile primæraluminiums systemet til Hydro Aluminium. Senteret består i dag av eit prøvesenter, ein elektrolyseavdeling og ein carbonavdeling 3 Forskingsprofil 3.1 Høgskolen i Sogn og Fjordane (HSF) Høgskolen i Sogn og Fjordane har den klart største delen av studieplassane innanfor helse- og sosialfag (32 %), dernest følgjer lærarutdanninga (20 25 %) og ei nokolunde lik fordeling mellom økonomisk-administrative fag, samfunnsfag og idretts-/friluftslivsfag (15 11 %) (jf. Høgare utdanningstilbod på Vestlandet og i Agderfylka, Rokkansenteret 2006). Dei statlege høgskolane har som mål m.a. å bidra til utvikling og innovasjon i næringsliv og offentleg forvalting i regionen og å ha ansvar for grunnforsking på område kor dei tildeler doktorgrad (jf. Forskning og utviklingsarbeid ved de statlige høgskolene, Forskningsrådets policy for 2008 2012.) Høgskolene er tiltenkt ei sentral rolle i VRI-satsinga (Virkemidler for regional FoU og innovasjon) som starta opp i 2007. Målsettinga er å kople regionale behov med regional kompetanse. Eit viktig tiltak for å styrke samhandlinga mellom næringslivet og forskingsinstitusjonane er etableringa av nærings-ph.d. Stipendiaten må takast opp på eit program ved ein institusjon med rett til å tildele doktorgrad. Forskningsrådet har også ei forventing om at dei statlege høgskolane vil vere heilt sentrale for realiseringa av måla for dei regionale forskingsfonda.

Målsettinga med FoU-arbeidet ved HSF er at HSF skal vere ein aktiv medspelar for arbeidslivet på dei områda der dei har faglege føresetnader. HSF har organisert FoU-arbeidet i forskingsgrupper kring tema som har ein klar yrkesrelevant profil: Læringsforsking Profesjonsforsking Klinisk helseforsking (i nært samarbeid med Helse Førde). Har skipa Senter for helseforsking Kulturlandskapsforsking (inkl. geofare-/klimaforsking) Organisasjon og leiing Regionalforsking Idrettsforsking Forsking om fornybar energi (eksternt finansiert satsing saman med Vestlandsforsking) Reiselivsforsking (Senter for geoturisme og berekraftig reiseliv saman med VF) Forskingsoppgåvene er finansierte gjennom doktorgradsprosjekt, prosjektmidlar frå Forskingsrådet, Fylkeskommunen, Fylkesmannen, ulike departement og direktorat. Forskingsrådet stod i 2007 for 45 % av midlane til FoU-oppdrag. 3.2 Forskingsinstitutt Vestlandsforsking (VF) Vestlandsforsking er eit oppdragsbasert forskingsinstitutt med regional forankring. I 2007 kom 7,8 % av inntektene gjennom grunnløyving frå Forskingsrådet. Desse midlane blir nytta til fagleg utvikling, prosjektutvikling og kvalitetssikring. Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i VF. Vestlandsforsking har kompetanse innanfor samfunnsfag, naturfag, teknologifag og humanistiske fag. Tabell 4 viser forskingstema ved VF i 2008. Dei to største forskingstema målt i kroner har vore Berekraftig reiseliv (27 %) og Klimasårbarhet/Klimatilpassing (19 %), noko som til saman utgjer om lag halvparten av dei totale midlane. IT og regional utvikling, informasjonsstruktur og e-forvaltning utgjer også ein stor andel av budsjettet. Det er forventa at forskingstema Berekraftig reiseliv, Transport og Energi og e-forvalting vil auke i omfang i 2009 og 2010 i høve til 2008, basert på igangsette forskingsprosjekt. Tabell 4: Forskingstema i 1000 kr og i % av totalen, 2008 Miljø, reiseliv, transport, klima, energi i 1000 kr i % av totalen Energi og livsløpsanalyser 1 172 6 % Transport 1 638 8 % Industriell økologi 1 519 7 % Klimasårbarhet og klimatilpassing 3 951 19 % Kommunar og omstilling 397 2 % Berekraftig reiseliv, inkl IT i reiseliv 5 650 27 % IT, endring, nyskaping IT og regional utvikling, inkl breibandutvikling og IT-forum 2 922 14 % IT og omstillingsleiing, inkl IT i helsesektoren 1 002 5 % Kompetansemekling 467 2 % E-forvaltning, informasjonsstruktur og -arkitektur 2 390 11 % Totalt 21 108 100 %

Bioforsk Bifoforsk er eit desentralisert forskingsinstitutt som høyrer til under Landbruks- og matdepartementet og er ei samanslåing av tidlegare Jordforsk, NORSØK og Planteforsk. Bioforsk skal vere konkurransedyktig internasjonalt innanfor planteproduksjon, mattryggleik, økologisk produksjon og jordfagleg miljøforsking. Biforsk Vest har tre regionale einingar. Ei av desse er lagt til Furuneset i Fjaler. Furuneset er eit fagsenter og har særleg fokus på dei tre nordlege vestlandsfylka, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det faglege tyngdepunktet er innanfor problemstillingar knytte til grovfôrdyrking, beitebruk, kulturlandskap og ulike miljøspørsmål. Furuneset dekkjer problemstillingar både inn mot konvensjonelt landbruk og økologisk landbruk. Stikkord for igangverande Fou-verksemd: Grovfôrproduksjon og grovfôrkvalitet, overvintring Problemstillingar (agronomiske og politikkutforming) for å utvikle og oppretthalde grovfôrbasert landbruksproduksjon og ta vare op kulturlandskapet. Kystlynghei og utegangssau Koster hjorten meir enn han smakar Siv problemugras i eng og beite Økologisk grovfyrdyrking på Vestlandet 4 Forskingssamarbeid Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane utgjer eit samla regionalt kunnskapsmiljø. Forskarar ved HSF deltek òg i VF sine prosjekt. Det er formalisert eit samarbeid mellom desse to institusjonane på områda Berekraftig reiseliv og Fornybar energi. Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane har etablert eit forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv i Sogndal. Senteret skal styrke kunnskapen om meir aktiv bruk av natur- og kulturressursar som grunnlag for auka verdiskaping i norsk reiseliv. Spissområda ved senteret er: berekraftig reiseliv reiseliv og klimautfordringar natur- og kulturbasert opplevingsturisme bygdeturisme destinasjonsutvikling og reiselivsplanlegging - lokal medverknad reiselivspolitikk og næringsorganisering informasjonsteknologi og reiseliv Innan fornybar energi var VF og HSF med i eit større nasjonalt konsortium som søkte om status som Forskningssenter for miljøvennlig energi (FME). Centre for sustainable energy studies (CenSES) blei etablert 3. april 2009 ved Universitetet i Oslo. Senteret vil omfatte om lag 50 forskarar og stipendiatar frå Universitetet i Oslo, NTNU, SINTEF, Institutt for energiteknikk (IFE), Norges handelshøyskole (NHH), Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF), Høgskolen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Senteret skal leggje vekt på studier og beslutningsstøtte som fremjer eit nytt berekraftig energisystem. Tematikken integererer energiøkonomi, energisystemanalyse, statsvitenskap, sosiologi, innovasjon og

teknologistudier. Hovudmålet er å betre beslutningsunderlaget for energistrategi i framtida, både på brukarnivå, systemnivå og for industri og offentlege beslutningstakarar. Kjelder: Forskning og utviklingsarbeid ved de statlige høgskolene, Forskningsrådets policy for 2008 2012 Høgare utdanningstilbod på Vestlandet og i Agder-fylka, Rokkansenteret, 2006 Heimesidene til HSF, VF og Bioforsk NIFU Step, Instituttkatalogen NIFU Step, Statistikkbanken Database for høgare utdanning, DBH, Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste