VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Rådmannens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 18.09.2012 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 11:35. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 13.09.2012. Ordførar Jan Helgøy leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Helgøy Ordførar KRF OG H Idar Brekke Medlem KRF OG H Lena Nordal Vedeld Medlem KRF OG H Magne Løvoll Medlem SP OG V Leon Svein Stranden Medlem SP OG V Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ottar Jan Løvoll Varaordførar AP Nils Olav Moen Medlem FRP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Mona Stenersen Ottar Jan Løvoll AP 6 av 7 medlemar møtte.
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Gudmund Sandnes Rådmann Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Dessutan møtte Andreas Nørve i sak 164/2012 orienterte om arbeidet som møtefullmektig for forliksrådet og planleggar Randi Aarønæs i referatsak RS 04/2012. Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. PS 159/2012 PS 160/2012 PS 161/2012 PS 162/2012 PS 163/2012 PS 164/2012 Sakstittel Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Furene AS Eigarstrategi TV-aksjonen 2012 - Amnesty International - løyving frå Vanylven kommune Oppnemning av møtefullmektig til forliksrådet Eventuelt RS 4/2012 REFERATSAK Kommuneplanens arealdel -2020 - Orientering om framdrift etter 2.høyring
PS 159/2012 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 160/2012 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 161/2012 Skriv og meldingar Rådmannen refererte brev frå Åheim Bygdeutvikling til fylkessamferdselsutvalet vedk. Åheimbrua. Ordføraren orienterte frå møtet i samferdselsutvalet 5. oktober der saka om brua over Åheimselva på fylkesveg 61 stod på sakslista. Saka vart utsett. Samferdselsutvalet kjem på synfaring 31. oktober utsett frå 10. oktober. Magne Løvoll opplyste at ein også vil orientere om Rovdefjordbrua når samferdselsutvalet kjem til kommunen 31. oktober. Idar Brekke meinte at ein bør syne samferdselsutvalet farlege punkt i trafikken. Framlagde skriv og orienteringar vart tekne til vitande. PS 162/2012 Furene AS - Eigarstrategi Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Vanylven kommune vedtek eigarstrategi for Furene A.S. i samsvar med vedlegg 2 til denne saka.
PS 163/2012 TV-aksjonen 2012 - Amnesty International - løyving frå Vanylven kommune Etter framlegg frå ordføraren vart det gjort slik samrøystes Vanylven kommune løyver kr. 10.000,- til TV-aksjonen 2012. Løyving over reservepost formannskapet. PS 164/2012 Oppnemning av møtefullmektig til forliksrådet Tilråding: Formannskapet tilrår: Vanylven kommune vidarefører samarbeidet med Vågsøy og Selje om oppnemning av faste møtefullmektigar til forliksrådet. Som møtefullmektig frå Vanylven til forliksrådet for perioden 01.01.2013 31.12.2016 vert vald.. Noverande møtefullmektig Andreas Nørve orienterte om arbeidet som møtefullmektig for forliksrådet. Det vart gjort slik samrøystes Saka vert utsett til neste møte. Eventuelt: Magne Løvoll viste til planseminar i samband med planprosessar i samferdselssektoren som Møre og Romsdal fylkeskommune v/samferdselsavdelinga og Statens vegvesen arrangerer i Molde 3. og 4. oktober 2012 og innspel frå kommunen innan 9. november. Bad om at det vert lagt fram sak til formannskap og kommunestyre i oktober. Forventar at Rovdefjordbrua kjem på førsteplass i kommunens prioriteringar. Lena Nordal Vedeld spurde kvifor ikkje Vanylven kommune er nemnt i Kvivsvegmagasinet, utgitt av Møre-Nytt, Vikebladet og Fjordingen i samband med opning av Kvivsvegen 22. september. Rådmannen meinte at Vanylven kommune vil ha lite nytte av vegen. Ordføraren tok opp sak vedk. Leitehøgda busstopp, ynskje om at skulebussen skal køyre ned til Slagnes. Han har fått div. henvendelsar om dette. Formannskapet seier seg ferdig med saka om at skulebussen skal køyre ned til Slagnes.
Referatsak: RS 4/2012 Kommuneplanens arealdel -2020 - Orientering om framdrift etter 2.høyring Notat av 11.09.2012 frå planleggar var utsendt saman med sakspapira. Planleggar Randi Aarønæs orienterte også på møtet. Vidare orienterte ho om Sande Fastlandssamband. Oppstartmelding og planprogram ligg snart føre. Dette må kommunen uttale seg om. Tunnelinnslaget ser ut til å kome i konflikt med kommunens planar på Åram. Det må utarbeidast kommunedelplan for Åram. Rett utskrift 18.09.2012 Kåre Kvangarsnes