Søknad om tilskot til folkehelsetiltak i 2015

Like dokumenter
IDRETTSRÅDET - EIT FELLESORGAN FOR IDRETTEN I DIN KOMMUNE

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE POLITIKARDAG 4.NOVEMBER 2014

Frivilligpolitisk plattform

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Innkalling til idrettskrinstinget 2016

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Handlingsplan Vik IL

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Innkalling til ekstraordinært idrettskrinsting 2016

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Sammen om Friluftsaktiviteter i nærmiljøet

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Frå konferanse til styrerom vegen vidare

Velkommen til. årsmøte!

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

4 x Friluftsskular i Ytre Sogn

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Framlegg til Frivilleg- og samspelstrategi

Prosjekteigar: Flora kommune.

Mitt SULA. Rune Liavåg Molde Multietnisk turmiljø i Sula

Kommunedelplan for oppvekst

Radøy kommune Saksframlegg

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Retningsliner for tilskot til samlivstiltak 2009 (Q-7/09)

Presentasjon av anlegg og tiltak i i kommunane i Sogn og Fjordane kva har vi lukkast med og kva er utfordrande?

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Søknadskjema Lokal Agenda 21-midlar, 2011

ARBEIDSPLAN

EKSTRAORDINÆRT IDRETTSKRINSTING Protokoll. Ekstraordinært Idrettskrinsting

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

Aktivitetsmidlar 2011

Utstyrsentral for ungdom - tildeling av tilskot til kommunar

Strategiplan

Frivilligpolitisk plattform

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Korleis løyser idrettsrådet sine oppgåver?

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

STRATEGISKE MÅL FOR OSTERØY IDROTTSLAG

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Søknad om tilskot til lokale trafikksikringsarrangement - 1. mai 2017

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Innsats i BTI Barnevern

Forsand kommune. SLT Handlingsplan

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

PROSJEKTPLAN. Pendling Stressless - Bulyst. Delprosjekt Rekruttering til. v/ bygdeutviklingslaget Nye Bremanger. Visjon:

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

INNSATS I BTI UNGDOMSTEAMET

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Rådmannsutvalet Førde

Transkript:

Sogn og Fjordane Fylkeskommune Plan- og samfunnsavdelinga Att: Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff postmottak.sentraladm@sfj.no Kopi: Sogn og Fjordane Fylkeskommune, kulturavdelinga Vår referanse: DM-724779 Dykkar referanse: Dato: 15. januar 2015 Søknad om tilskot til folkehelsetiltak i 2015 Vi syner til tidlegare tildeling av midlar til vårt prosjekt Trim I Lag (med ei treårig tidsramme) under området tilskot til fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv. Jfr. rapport 2014. Pr. 9.12.14 fekk vi melding frå fylkeskommunen v/emma Bjørnsen at denne tilskotsordninga er ute og at det ikkje blir lyst ut midlar for 2015. Sogn og Fjordane Idrettskrins ønskjer å føre prosjektet vidare, iallfall deler av det, og søkjer om støtte til dette arbeidet under andre eventuelle tilskotsområde med kr. 125000,- for 2015. Vi syner her m.a. til møte 4.12.15 hjå dykk om handlingsprogram til Regional plan for folkehelse der lokale samarbeidsmodellar i folkehelsesamanheng var tema. I møtet oppfatta vi det slik at vi fekk ei utfordring her. I vårt prosjekt har vi hatt fokus på dette, i Lærdal og Florø, og ser på dette som ein viktig føresetnad for samordning av dei lokale tilboda med fysisk aktivitet og nå betre ut mot brukargruppene. Det trengs vidare arbeid for å få fram gode modellar frå dette, ein for meir spreidd busetnad og ein modell for tettstad slik vi ser det. Skal ein lukkast lokalt i det praktiske, trengs det også ei koordinering på fylkesnivå mellom dei frivillige organisasjonane og andre samarbeidspartar, slik de signaliserer i utkastet til handlingsprogram. Utover nemnde ønskjer vi å følgje opp andre prosjektmål med å legge til rette for låg-terskel fysisk aktivitet for ungdom. Her er det gjort eit grunnlagsarbeid i Lærdal -Lærdal il/skulen - som vi kan bygge vidare på og løfte ut både gode verktøy og erfaringar etter kvart til andre lokalsamfunn. Vi legg til grunn vedlagde rapport som nødvendig underlag for søknaden og håpar på positivt tilsagn frå dykk. Med venleg helsing Sogn og Fjordane idrettskrins Anne Leversund (s.) Organisasjonssjef Ingar Breilid (s.) Fagkonsulent Vedlegg: Rapport 2014. Tilskot til fysisk aktivitet i eit folkehelse.

1. Tittel på tiltaket rapporten gjeld for: RAPPORT for 2014 Tilskot til fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv Trim I Lag vegen til eit aktivt og sosialt liv! 2. Namn på søkjar(ar): Instans/organisasjon: Sogn og Fjordane Idrettskrins Kontaktperson: Anne Leversund Telefon: 57761210, mobil 48252282 E-post: anne.leversund@idrettsforbundet.no Adresse: Firdavegen 6 / Boks 221, 6801 Førde 3. Rekneskap Inntekter Kr. Utgifter Kr. Tilskot frå fylkeskommunen 125 000,00 Personalkostnader 150 383,80 Tilskot frå andre 100 000,00 Adm. reiser 10 036,90 Eigne driftsmidlar Kurs/samlingar 17 683,50 Bruk av eiga arbeidstid Tilskot til aktivitet 35 000,00 Startmøter/prosessarbeid 11 895,80 Sum 225 000,00 Sum 225 000,00 Vurdering av måloppnåing og gjennomføring i høve planen. Endra tiltaket/satsinga retning undervegs, i tilfelle på kva måte? Gjer greie for korleis de vurderer måloppnåing, deltaking, engasjement og andre resultat av tiltaket/satsinga. Korleis er resultat og erfaringar formidla til andre? Korleis kan tiltaket/satsinga førast vidare? Før også opp evt. gode idèar, metodar, døme på læremiddel, materiell o.a. som kan vere av interesse for andre. 4. Tekstdel Rapport TRIM I Lag-prosjekt pr. 17.12.14 TRIM I Lag er eit treårig samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane Idrettskrins og aktuelle lokale idrettslag, med økonomisk støtte frå NIF og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Hovudmålet er å auke oppslutnaden om fysisk aktivitet i lokalmiljøet ved å stimulerer til etablering av nye og vidareutvikling av eksisterande låg-terskeltilbod i idrettslaga i Sogn og Fjordane. Dette gjennom å; rekruttere nye medlemmer / inaktive personar til tilboda som blir etablert

auke fokuset på breidde og låg-terskeltilbod i idrettslaga bidra til betre fysisk og mental helse i folkesetnaden auke samarbeidet lokalt om folkehelsetiltak mellom idretten og kommunen folkehelserådet og idrettsrådet stimulere til aktivt samarbeid med andre frivillige organisasjonar i lokalmiljøet om tiltak og for å nå flest mogleg i målgruppa Kvifor Trim I Lag? Betre livskvaliteten til målgruppa gjennom låg-terskel fysisk aktivitet der trivsel og helse står sentralt. Gleda av deltaking og positive opplevingar på ein sosial arena, som styrkar nettverket til målgruppa, skal stå i fokus, og fysisk aktivitet betrar helsa og gir auka fysisk og psykisk overskot. Tilboda skal vere økonomisk rimelege slik at det ikkje blir ei økonomisk barriere, der dei no i startfasen har vore kostnadsfrie gjennom tilskot frå prosjektet til lokalaktivitetstiltak. Målgruppa for prosjektet er: fysisk inaktive vaksne/ vaksne med lågt fysisk aktivitetsnivå fysisk inaktive barn og ungdom/ barn og ungdom med lågt fysisk aktivitetsnivå Aktuelle samarbeidspartar: idrettslaga og andre frivillige organisasjonar i kommunen idrettsråd i kommunen folkehelseråd/folkehelsekoordinator i kommunen andre samarbeidsinstansar i kommunen skular i kommunen Prosjektet er sett i gong i: Lærdal med Lærdal IL som pådrivar og med andre samarbeidspartar; kommunale tenester (Frisklivssentralen, Frivilligsentral, psykiatri tenesta, skule) og LHL Lærdal og Aurland. Florø med Florø T&IF som pådrivar og med andre samarbeidspartar; folkehelsekoordinator, andre idrettslag, Flora Turlag og LHL Flora. Tiltak i prosjektet Vi inviterte breitt i lokalsamfunnet for å få med alle aktuelle aktørar som tilbyr og formidlar aktivitet til målgruppa.

Startmøte i Florø 11.09.14 Startmøte i Lærdal 10.09.14 Det er pr. 17.12.14 gjennomført: startmøte i kvart lokalsamfunn oppfølgingsmøte i kvart lokalsamfunn oppfølging gjennom tett kontakt på telefon og e-post med samarbeidspartane innføringskurs i stavgang to kurs i Lærdal og to kurs i Florø eit leiarkurs i stavgang i Lærdal spørjeundersøking, utarbeida av Idrettskrinsen, som tiltak i kartlegging av fråfall i idrettsaktivitet blant ungdom, aldersgruppa 12-16 år, Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule rekruttert ny idrettsmerkekontakt i Florø T&IF, og to idrettsmerkeprøvar gjennomført tilskot til idrettslaget som er samarbeidspart som ein stimulanse til aktivitetstiltak med prosjektet Stavgangkurs i Florø Erfaringar frå prosjekt til no Idrettskrinsen har brukt mykje tid på å koordinere og skape kontakt mellom dei ulike aktørane i lokalmiljøet. Idrettslagsorganisasjonen må fungere om ein skal få sett i gong utviklingstiltak. Idrettskrinsen har gjennomført styrekurs i Florø T&IF etter at prosjektet vart sett i gong, og har planlagt styrekurs i Lærdal IL i januar. Det er ikkje mangel på aktivitetstilbod som er den største utfordringa for å skape auka fysisk aktivitet i lokalsamfunnet, men at tilboda blir gjort kjent for fleire og når ut til målgruppa. Til dømes har fleire i Lærdal ytra ønskje om at det blir starta opp styrketrening for vaksne, eit tilbod som allereie fins i lokalmiljøet. Difor er det eit viktig bidrag frå Idrettskrinsen å stimulere til aktivt samarbeid mellom idrettslaga og andre frivillige organisasjonar i lokalmiljøet slik at dei blir meir kjent med kvarandre og får vite om kva tilbod som eksisterer lokalt. I tillegg vil Idrettskrinsen bidra til betre samhandlinga mellom idretten og kommunen om lokale folkehelsetiltak. Vi har skapt fellesarenaer lokalt. Dette er viktig fordi: - tilbod om fysisk aktivitet ikkje er kjent - nøkkelpunkt for å få ting til som elles ikkje blir gjort noko med - nokon må ta tak og skape engasjement - Idrettskrinsen som fylkesorganisasjon må samarbeide med andre frivillige fylkesorganisasjonar for å skape trykk på lokale samarbeidsorganisasjonar

Andre oppsummeringar frå erfaringar i prosjekt til no: Bruke idrettsmerke som motivasjon for å få fleire til å bli fysisk aktiv og trene fram mot idrettsmerke. Idrettskrinsen har i år ein idrettsmerkekonkurranse med premiering til idrettslaga for rekruttering av flest nye merketakarar og flest merketakarar i høve medlemstalet. Premiepengane er øyremerka til utstyr og marknadsføring for idrettsmerke og lågterskel fysisk aktivitet i laga. Leiarskulering og kompetanseheving i stavgang for treningskontaktar og personar som arbeider opp mot eller er i målgruppa. Positive effektar frå prosjektet Det har skapt og styrka arenaer som er inkluderande for fleire i lokalmiljøet. Er ein verdiskapar og bidragsytar for folkehelsa gjennom eigenverdi (meistring, glede og fellesskap) og nytteverdi (sunne vanar, trivsel og betre helse). Det har gitt meir attraktive lokalsamfunn gjennom eit breiare og betre kjent aktivitetstilbod. Vi har fått ein kjempegod dialog i lokalsamfunnet med kommunale instansar og idrettslaga. Dialogen i lokalsamfunnet mellom kommunale instansar og idrettslaga er styrka. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå idrettslaga, folkehelsekoordinator og dei andre samarbeidspartane. Kartlagt fråfall i idrettsaktivitet blant ungdom, aldersgruppa 12-16 år, i Lærdal. Hovudinntrykket frå kartlegging viser at; - dei fleste er med i idrettslaget sine aktivitetar på grunn av at det er moro og det er positive opplevingar for det sosiale livet til kvar enkelt - årsaka til fråfallet er knytt til at opplevingar ikkje er positiv lenger, saman med at konkurransen med andre aktivitetar og tid vert større Idrettsaktive ungdomar i Lærdal

Ei arbeidsgruppe i Lærdal IL vil arbeide vidare med tiltak for å forsterke den positive opplevinga dei ønskjer deira aktivitetar skal gi. Tilbakemeldingane frå idrettslaget i Lærdal er gode og viser kva prosjektet tilfører laget; «Fekk god hjelp frå Idrettskrinsen i kartlegging av fråfallet i ungdomsgruppa, og har hatt eit godt samarbeid med dei.» Vi har drege nytte av erfaringar frå prosjektet i dei to lokalsamfunna. I utviklingsplan som vart utarbeida på startmøtet er eit auka fokus på ungdom sentralt begge stader, der breiddetilbod / låg-terskel fysisk aktivitet er viktig for å halde på eller få tilbake ungdom i idretten. Kartlegginga i Lærdal er spelt inn til Florø T&IF, og dei vil gjennomføre liknande kartlegging. Vi har spelt inn erfaringar til breiddetilbodet / låg-terskel fysisk aktivitet «Open hall» for ungdom, frå andre arrangørarar både i og utanfor Sogn og Fjordane. Folkehelsekoordinatoren i Flora kommune vil gjere endringar på dette tilbodet i samarbeid med Idrettskrinsen. Vi vil vere ein bidragsytar for gruppene som bidreg i tilbodet, ved å støtte opp om tiltak dei gjer for å få fleire ungdomar med på aktivitet. Vi har samarbeida med elevrådet på skulen i Lærdal i kartlegginga av fråfallet i ungdomsgruppa, og vil bruke Lærdal Ungdomsråd og Ungdommens bystyre i Florø som ein samarbeidspart for vidare arbeid med ungdomsaktivitet. Vidare arbeid i prosjektet: Oppfølging av kartlegging på fråfall ungdom i Lærdal, og komme fram til tiltak for vidare arbeid. Innføringskurs i andre aktivitetar (symjing, styrketrening) for å styrke eksisterande lågterskeltilbod og auke kompetansen til målgruppa. Kartlegge kva behova er innan ungdomsidretten i Florø, og følgje opp gruppene som bidreg i «Open hall». Samarbeide med ungdomsprosjektet til Idrettskrinsen, spele på deira erfaringar og eventuelt nytte dei i å skape engasjement for og med ungdom med auka fokus på breiddetilbod/ lågterskel fysisk aktivitet for ungdom. Lærdal IL jobbar med utbetring av heimesida si for å gi betre informasjon om aktivitetar og arrangement. Lærdal IL ønskjer å bruke noko av midlane frå prosjektet på oppfølging av flyktningar som er med på basistrening i regi av idrettslaget. Det manglar koordinering i lokalsamfunna, og vi vil jobbe vidare i 2015 med å få opp ein god modell for lokalt samspel. Formidle og overføre erfaringar og modell for samarbeid til andre i og utanfor organisasjonen; idrettslag (gjennom lags-besøk og klubbutvikling), idrettsråd, kommunar, Plan- og samfunnsavdelinga i fylkeskommunen, andre frivillige organisasjonar. 5. Dato og underskrift: Stad: Førde Dato: 17.12.14 Namn: Anne Leversund (sign.)