«Glade jul, hellige jul»

Like dokumenter
Birger og bestefar på bytur til Stavanger

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Sofies hemmelegheit.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

OK, seier Hilde og låser.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Veke 48 og 49 Knubben

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Info til barn og unge

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Elevundersøkinga 2016

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

DRAUM OM HAUSTEN av Jon Fosse Scene for mann og kvinne. Manuset får du kjøpt på

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

mmm...med SMAK på timeplanen

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Jesusbarnet og lyset

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Brannsår, rus eller friheit?

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Dikt og andre tekstar

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Mobbing på mindre og større skular

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Anne-Cath. Vestly. Åtte små, to store og en lastebil

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Månedsbrev Bikuben desember 2016

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Fortelling 2 UNDER DYNEN

Alt det lyse og alt det mørke

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Kristin Ribe Natt, regn

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017.

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Zippys venner Partnership for Children. Med enerett.

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Månadsplan for Hare November

Arnfinn Kolerud Snillionen

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

FANTASTISK FORTELJING

PROSJEKT: «Det flyvende teppe» Våren 2015.

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Fortelling 4 STOPP MOBBING

Månadsbrev for Rosa september 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Transkript:

«Glade jul, hellige jul» Det var mørkt når Mona gjekk inn skuleporten. Det var morgon og det var eit trist og vått ver. Heldigvis var det eit flott tre som lyste fint på skuleplassen. Så fint som i år har vel aldri treet vore, tenkte Mona og skunda seg inn. Mona gjekk langs sekstimeteren og inn døra nede. Det fyrste ho såg var den fine utstillinga av bøker, julebøker. Jula var det beste Mona visste om, så i staden for å gå opp på kontoret, så sette ho seg til å lesa. I den grøne benken sat ho og gløymde ut at ho hadde mykje anna ho skulle gjera. Mona såg det kom ungar som skulle gå på SFO, men gøymde seg godt i benken slik at ingen såg ho. Janne Kari som alltid går inn døra til SFO 1

når ho kjem, kom inn hovudinngangen denne dagen, og såg sjølvsagt at Mona sat i benken. Kva er det du gjer på? spurde ho, og Mona forklarte at ho ikkje kunne gå i frå denne boka, måtte lesa ut boka før ho gjekk opp. Janne Kari lura på kva det handla om. Dette handlar om ei jente som ikkje har noko eller nokon, forklarte Mona. Jenta bur ute på gata, det er vinter og kaldt, og det er snart jul. Janne Kari hadde lyst til å høyra meir og lura på om ho kunne få setja seg. Mona las høgt og Janne Kari fann seg godt til rette i benken. Brått var det nokon som banka på glaset og såg inn på dei to som sat i benken. Det var Erlend som var komen på jobb. Han lo høgt når han såg Mona og Janne Kari som begge sat og beit negler. Kva er det du les? spurde han. Mona og Janne Kari snakka i munn på kvarandre når dei skulle forklara kva det handla om. Det handlar om ei jente som ikkje har familie, det er snart jul, og ho er åleine. Dette var noko Erlend ville høyra meir om, så han sette seg i den raude benken og høyrde godt etter når Mona las vidare. Janne Kari bad om ein liten pause, kom på at ho ville henta kaffi slik at dei kunne sitja lenge og lesa. Ho skunda seg opp, sette på kaffien og rydda kjapt ut av oppvaskemaskinen. Erlend fann nokre klementiner som han tok med seg ned i benken. Arne kom på skuleplassen, såg det var to som sprang fort ned trappene med kaffi og noko i hendene. Han elska kaffi, og lura på kvifor nokon skulle ta kaffien med seg ned i vestibylen. Arne gjekk etter og spurde om det var noko galt. Erlend svara at det var ei spennande forteljing, og at Arne også kunne få høyra om han ville. Kva handlar det om da? spurde Arne. Mona fortalde igjen. Tenk at jenta bur i ein by, med mange folk, og at det likevel er ingen som kjenner ho. Arne syns dette var trist, og lura på korleis det ville gå med jenta. Han sette seg kjapt ned i benken med Erlend og Mona las vidare. Hallo? Annette, Aud og Solveig ropa ned i gangen, lura på kor alle folka var. Kvifor er det ingen oppe på arbeidsrommet i dag? Me var redde for at me skulle vera åleine på jobb, og måtte gå for å leita 2

etter fleire. Janne Kari svara at me var samla i benken i vestibylen, og at me måtte lesa ferdig forteljinga før me kom. Seriøst? sa Solveig. Ja, det er faktisk heilt sant, sa Erlend og forklarte kva historia handla om. Det er jo grusomt trist å vera åleine når det er jul og alle har planar om å vera i saman. Solveig og Anette syns det var så trist at dei skunda seg for å henta litt papir dei kunne ha med seg før dei kom og sette seg i benken. Mona les vidare og det byrja bli litt lysare ute. Ingebjørg, Karen Serine, Gro Anita og Christine kom ilag inn skuleporten og såg at det var mørkt på kontoret til Mona. Oj, ho er ikkje på jobb i dag, og me har ikkje fått beskjed. Dette var jo heilt rart. Gro Anita fann på at ho ville ta ein snap slik at ho kunne spørja om det var noko gale. Dei gjekk alle inn døra på SFO og opp på arbeidsrommet. Nede i vestibylen høyde Janne Kari lyden av ein mobil. Du fekk melding, sa ho til Mona. Mona sjekka fort, var redd det ville vera lærarar som var sjuke, og at ho kanskje måtte skaffa vikarar. Ho såg at det var ein snapchat frå Gro Anita, og eit bilete av Ferkingstad skule, og glasa på kontoret. «Kor e du?» stod det på snappen. Mona lo høgt. Ja, dei lurar vel fælt nå, tenkte ho. Gjengen i benken blei einige om å ta ein snap og senda tilbake. Mona les vidare om jenta i byen, om kulda og om alt for lite klede. Ho hadde ikkje lese mykje før det stod ein gjeng i trappa som lura på om noko var gale nede i lesekroken. Nei, me kjem snart, sa Arne. Kjem snart?, svara Ingebjørg. Kva er det som er så kjekt der nede da? lura Christine på. Kan me og få vera med? Ja, kom, men me er snart ferdige, svara Janne Kari. Mona fortalte kjapt kva det handla om. Det er snart lille julaften og jenta går åleine i byen for å sjå etter mat og varme. Ingen helsar på ho, og ho har ikkje funne noko ho kan varme seg på. Alle sette seg i benken, det var trongt, men det var plass til alle. Mona les vidare medan alle høyrde etter. Jenta fann nokre fyrstikker som ho ville tenna når det blei kveld. 3

Laila, Magnhild, Aud og Jon Endre gjekk fort inn skuleporten. Dei tenkte at dei måtte skunda seg for å nå møtet lærarane alltid hadde før skulestart. Laila kom først inn, og såg ingen andre. Kva er det som skjer? sa ho til dei andre. Er det ingen her, lura Magnhild på. Kvifor er det ingen som har laga kaffi, sa Jon Endre. Men det luktar jo kaffi, sa Laila og såg rundt seg. Her er det nokon som vil tulla med oss, sa Jon Endre og sette i å le. Me nyttar sjansen til å gjera noko tull igjen, sa Magnhild, og byrja setja ut Ipad`ar på alle lærarpultane. Nede i vestibylen las Mona om jenta som nå hadde funne seg nokre pappesker som ho kunne setja i lag til eit lite krypinn. Det var framleis lille julaften, det var kveld, kaldt og mørkt. Jenta såg opp på himmelen og tenkte at det kanskje kom til å koma snø. Det var som om himmelen sa det ville snø. Jenta pakka seg inn i dei fillene ho hadde, sette opp pappeskene slik at dei låg godt om ho, og ho tok beina godt inn til seg for å prøva og halda varmen. Det ville bli ei kald natt. Jenta vakna av at det kom ein liten katt bort til ho. Ho tok katten, hadde han tett inntil seg og varma seg på katten. Slik låg dei gjennom heile natta. 4

Neste dag var det kyrkjeklokkene som vekte jenta. Det var julaften, og alle ville gå i kyrkja. Jenta hadde også lyst til å gå der, og ville vel klara å lura seg inn om ho venta til alle andre hadde gått inn. Ho sette seg opp, snakka litt med katten ho hadde hatt i fanget og lova seg sjølv og katten at ho ville syngja høgt på julesongane i kyrkja. Ho elska desse julesongane. Glade jul, hellige jul dette var den songen ho lika best. Janne Kari bad Mona stoppa litt. Ho høyrde at det var kome fleire elevar, og lura på om me burde stoppa skuleklokka slik at me fekk lesa ferdig. Det kan me vel, sa Erlend og var kjapt oppe for å fiksa klokka. Nå kan me lesa heilt ferdig før me tar inn elevane. Eg lurar på korleis det går med jenta, sa Anette og såg rundt seg. Gro Anita, Solveig og Christine var glade for at dei hadde papir. Oppe på arbeidsrommet hadde alle fått kvar sin Ipad, og Jon Endre kom på at det ville vera kjekt om alle lærarane bytta arbeidspultar. Ja, det var lurt, sa Laila og flytta rundt på permar og bøker. Magnhild lo høgt og sa at dette var den kjekkaste morgonen på lenge. Jon Endre, Laila og Magnhild jobba godt, og lura på kvifor klokka ikkje ringte. Nå skulle klokka ringt, sa Laila. Ja, dette er jo heilt pussig, sa Magnhild. Jon Endre hadde fått laga seg ein kopp kaffi, og sette seg ned for å nyta dråpane. Laila kjente ho blei litt stressa av å tenkja på at dei andre kanskje lura ho med noko, og ville gå for å sjå etter. Magnhild var med, og dei gjekk for å finna alle dei andre. Dei kom ut i gangen, og skulle akkurat til å gå ned trappa då dei høyrde Mona lesa. Dei såg på kvarandre og sette seg ned i trappa for å høyra etter. 5

Mona las om kyrkjeklokkene som spelte for heile byen, om alle folka, om pyntet i gatene, om dei fine julekleda og om alle som gleda seg til jul. Jenta gleda seg også, gleda seg til å få koma inn i varmen, få høyra julesongane og få høyra kva presten ville fortelja om. I fjor hadde presten fortalt om kjærleiken, om det å ta vare på kvarandre. Jenta hadde tenkt lenge på akkurat det, og hadde vore så glad om ho kunne få ta vare på nokon, og om nokon ville ta vare på ho. Ho såg at det var mange av dei same folka som ho såg elles når ho gjekk rundt i gatene. Dei såg ho ikkje, men ho såg dei. Ho visste kven fleire av dei var, kor dei budde og kva dei gjorde på. Ho gjekk ofte rundt og lura seg til å sjå inn i husa, såg dei kosa seg rundt fine bord og at dei hadde fine klede på seg. Slik var det ikkje for ho. Ho måtte klara seg sjølv. Presten snakka om jesusbarnet, om gjetarane og om dei som kom for å hylla han med gull, røykjelse og myrra. Jenta syns dette var kjekt å høyra på, og såg for seg det heile inne i hovudet sitt. Tenk å vera liten, og ha så mange som kom for å helsa på. Jenta hadde lura seg inn på bakerste benk og song høgt på julesongane. Det sat ei dame på benken som såg mykje på jenta. Jenta såg ned, og lura på om dama kunne kjenne at ho ikkje hadde fått vaska seg på lenge. Presten fortsette, snakka om byen og at alle måtte gjera sitt ytterste for at alle skulle få ei fin jul. Det var fleire som ikkje hadde nokon å vera med, fleire som var åleine, og som var einsame. Julehøgtida var ei vond tid å vera åleine på, og presten snakka om at fleire hadde opna husa sine og bedt med seg dei som sat heime åleine. 6

Gro Anita og Solveig såg på kvarandre og håpa at nokon ville be med seg jenta heim. Det ville eg i alle fall gjort, sa Gro Anita. Jenta var litt i tvil om ho skulle sitja til presten var heilt ferdig, eller om ho skulle lura seg ut. Det var varmt og godt inne i kyrkja, og presten hadde snakka om at det ville bli servering etter gudstenesta. Servering av kaker og kaffi. Det var lenge sidan jenta hadde smakt noko søtt, og hadde lyst til å vera med på dette. Presten hadde jo snakka om å ta vare på kvarandre, og ville vel ikkje stoppe ho om ho prøvde å koma seg inn. Laila og Magnhild syns det var spennande å høyra på, og våga ikkje seia noko. Dette var det lærarane gjorde på. Laila syns det var greit at lærarane ikkje hadde funne på noko tull. Men kva var det dei nettopp hadde gjort? Hadde dei ikkje laga kaos på arbeidsrommet til lærarane? Flytta rundt på permar og bøker. Magnhild og Laila tenkte at det ville bli bråk om alle lærarane kom opp, og ikkje fann pulten sin, tinga sine. Jenta skulle akkurat til å lura seg ut av kyrkja, då ei dame stoppa ho. Berre sit litt til, sa ho. Sit til det er slutt. Jenta blei sitjande og var glad ho slapp gå ut i kulda. Det ville bli ein lang dag, ein lang og kald julaften. Presten avslutta stunda i kyrkja og gjekk nedover midtgangen mot døra. Jenta såg han, og visste mykje om han. Ho 7

visste kor han budde, visste korleis kona såg ut, ho visste kor mange ungar han hadde og korleis dei hadde det heime. Presten gjekk forbi ho, og stod i døra for å helsa på alle som gjekk ut. Jenta lura på om ho skulle venta lenge, eller om ho skulle gå. Det var trongt om plassen, mange som nok skulle heim for å førebu julekvelden. Jenta hadde jo god tid, og blei ståande og sjå på alle folka. Når dei fleste var gått ut, gjekk jenta inn i køen. Ho stod litt i ro, sidan presten snakka lenge med dei som var framfor ho. Når det var hennar tur til å gå forbi presten, så stoppa han ho. Han spurte om ho skulle feira julekvelden. Han kunne nok sjå at ho var fattig, ustelt og kald. Jenta visste ikkje heilt kva ho skulle svara, men svara forsiktig nei. Jenta skulle jo ikkje feira noko, og svara som sant var at ho nok skulle gå ute og sjå inn i dei fine husa. Presten spurte ho om ho kunne tenkja seg å feira jul hjå ei gammal dame som også var åleine. Dette hadde jenta aldri fått spørsmål om, og blei i grunn litt overraska. Ho hadde tenkt at ho kanskje blei invitert inn på kaker og kaffi. Presten hadde jo snakka lenge om det å ta vare på kvarandre. Kanskje det var nokon som hadde tenkt at dei hadde plass til ho i kveld. Jenta svara at det ville ho gjerne, men at ho nok ikkje hadde reine klede til selskapet. Presten sa at alt dette ville ordna seg, og viste jenta til den gamle dama. Det var akkurat den dama som hadde sagt at ho måtte vente til det var slutt. Ho hadde fått presten til å spørja for seg. Jenta såg på den gamle dama, og syns dama såg varm og god ut. Dama, som heitte Olga, tok jenta i armen og sa ho kunne få vera med ho heim med ein gong, så kunne ho få litt hjelp til julematen. Jenta gjekk ilag med den gamle dama heim. Dette var ei dame som jenta ikkje visste så mykje om, ho visste ikkje kor ho budde eller kven som bruka vera innom i huset. 8

Når dei hadde gått eit stykke, kom dei til eit lite kvitt hus. Dette var huset til den gamle dama. Ho hadde ein fin hage på framsida av huset innramma av eit fint kvitt gjerde. Det var ikkje eit stort hus, men det var eit fint og koseleg hus. Jenta kjente at ho fekk ei god kjensle inni seg, og gleda seg til kvelden, til varmen, til maten og til det å få vera i lag med nokon. Tenk at Olga hadde spurt akkurat ho. Kirsten kom ut døra og såg Magnhild og Laila sitja i trappa. Kvifor sit de her? spurde ho. Magnhild og Laila reiste seg fort opp, som om dei hadde gjort noko gale. Det hadde dei vel i grunnen også. Dei kunne ikkje høyre meir av forteljinga, dei måtte inn for å ordna på arbeidsrommet. Jon Endre sat ennå med kaffien, og blei kraftig overraska når Magnhild og Laila kom inn i full fart. Me må rydda igjen, sa Laila. Kva meinar du? sa Jon Endre. Kan me ikkje tulla litt med gjengen da? Magnhild såg på Jon Endre og sa seint, men bestemt: Det er desember, og tid for å vera gode med kvarandre. 9

Her tullar me, rotar me og gjer det håplaust for dei andre på jobb. Dette går ikkje an! Jon Endre forstod ikkje heilt kvifor dei brått hadde snudd om, dei var jo heilt med når han hadde starta spøken. Dei tre rydda og ordna så fort dei kunne, og håpa at dei ville klare og gjera det fint og flott før lærarane kom opp igjen. Olga sette nøkkelen i døra og låste opp. I gangen var det ryddig og fint, varmt og innbydande. Jenta fekk beskjed om å setja i frå seg sko og ta av seg det meste av kleda. Olga hadde lyst til at jenta skulle få vaska seg, ordna seg og sa at ho skulle gjera klart eit bad. Eit bad? Jenta hadde ikkje bada sidan det gjekk an å bada i vatnet ute, og hadde ikkje bada inne i eit badekar på svært lenge. Olga sa at ho berre kunne leggja frå seg kleda, at ho ville finna nye, reine klede til ho. Det var ei god lukt i huset, lukt av vedovn og mat. Olga hadde gjort mykje før ho gjekk i kyrkja, så det var ikkje så mykje ho trong hjelp til. Dette var rart tenkte jenta, skulle ikkje ho vera her for å hjelpa dama da? Olga nynna medan ho ordna til kleda og badet til jenta, og viste korleis ho skulle gjera det. Ho fann fram såpe og shampoo, hårkam og handkle. Jenta var overraska over at dama hadde klede som såg ut til å passa jenta. Kanskje ho hadde hatt ei jente ein gong? I badekaret var det varmt og godt vatn. Jenta la seg oppi, og tenkte ho ville liggja lenge. Det var som om ho var kald heilt inn i beinet, og trong tid før ho fann varmen. Vatnet var fantastisk og gav ho den varmen ho så lenge hadde lengta etter. 10

Olga forsvann ned på kjøkenet, sa ho ville ordna litt. Det var lenge sidan det var liv i huset og ho kosa seg. Nå skulle ho stella i stand litt mat til den stakkars jenta. Det var rart at ho skulle treffa denne jenta i dag, og koma på at ho kunne ta ho med seg heim. Normalt ville ho vore åleine, og nå hadde ho faktisk nokon som ho kunne dela julekvelden med. Olga kosa seg med tanken på dette. Det var ikkje ofte ho var ute og gjekk i byen, og ho hadde ikkje så mange venner lenger. Dei som før var venner, var så opptatt av sine eigne familiar og kom sjeldan på besøk. Ungar hadde ho ikkje, så ho var mykje åleine. Ned trappa kom det ei fin, rein og stelt jente. Olga måtte sjå ein gong til. Du var svært fin i dei kleda, sa ho, og viste teikn til at jenta kunne setja seg. Det er ein del timar til kvelden og eg tenkte du kunne få litt mat nå medan me ventar, sa ho og sette mat på bordet. Ho tente lyset på bordet med fyrstikkene ho hadde funne i dei skitne kleda. Jenta sette seg ved bordet og åt seint. Det var det beste ho nokon gong hadde smakt. Olga hadde laga ei god og varm suppe og eit godt brød. Jenta åt og tenkte det heile nok var ein draum. Olga sette seg ned og snakka om seg sjølv. Jenta klarte mest ikkje høyra etter medan ho åt den gode maten. Når jenta var ferdig sa ho takk for maten og lura på kva dama ville ha hjelp til. Olga såg lenge på jenta og sa at ho ikkje trong anna hjelp enn litt selskap. Ho trong nokon å snakka med, nokon å feira julekvelden med. Jenta sette seg ned og prøvde så godt ho kunne å halda seg våken. Ho var blitt så trøtt av det varme badet, den gode maten, at ho sleit med å halda augo opne. Olga såg at jenta var trøtt og sa at nå skulle dei begge kvila seg litt. Dei la seg på benken, og tok teppe rundt seg. Jenta sovna med ein gong. Olga tenkte med seg sjølv at ingen ungar skulle ha det slik som denne jenta hadde det. Alle skulle ha ein heim å gå til. Ingen skal vera nødd til å gå ute, bu ute. Arne strekte på seg, tok seg litt meir kaffi og lura på om det var mykje igjen av forteljinga. Elevane vil vel snart inn, sa han. Jo, det vil dei vel, sa Anette, men då får me jo ikkje høyra slutten. 11

Mona las vidare. Olga sovna ho og, og vakna ikkje før det var blitt mørkt ute. Grytene stod på komfyren og hadde fått gjort seg ferdige, så det var tid for julemiddag. Juletreet var pynta, bordet var dekt på og nå hadde ho besøk. Dette ville bli ein god kveld. Olga lura seg inn i stova for å vekkja jenta, og jenta vakna brått. Kva er det som skjer? spurde ho. Du er på besøk hjå meg, sa den gamle dama og smilte. Då kom jenta på det som hadde skjedd, det presten hadde sagt og at ho hadde fått vera med Olga heim. Dei sette seg til bordet, song for maten, og åt julemiddag. Det var pinnnekjøt, kålrot og gode poteter. Jenta hadde aldri smakt dette før, og kunne berre klara litt. Ho hadde jo ete suppa og brød, og var ikkje vant til å eta så mykje. Når dei var ferdige med maten rydda dei fint. Olga lura på om jenta ville høyra på litt julemusikk. Jenta song med på dei songane ho kunne og kosa seg heile kvelden. Olga hadde ordna til ei seng til jenta, eit rom der jenta kunne liggja, så når natta kom, viste ho jenta inn på rommet. Her kan du bu om du vil, sa ho til jenta. Kva meinar du? spurde jenta. Kan eg bu her? Meinar du at eg kan bu her hjå deg? For alltid? Jenta lura på om dette verkeleg gjekk an, om det verkeleg var sant. Du forstår, forklarte Olga. Eg er alltid åleine og er lei av å snakka med meg sjølv. Vil du, så kan du få bu her hjå meg. Jenta kjente ho blei varm i kroppen, varm i heile seg, varm inni seg, varm og god. Nå hadde ho fått ein plass å bu, og det på sjølvaste julaften. Når jenta gjekk opp for å leggja seg nynna ho på den songen ho lika best: «Glade jul, hellige jul» 12

Janne Kari klappa høgt, Karen Serine og Solveig starta å syngja julesongen og Gro Anita og Christine tørka seg med papiret. Guri, for ein fin slutt, sa Anette. Denne forteljinga vil eg lesa for mine elevar. Lærarane måtte sitja eit minutt før dei kunne reisa seg. Alle var einige om at det var ein god start på dagen. Mona skunda seg opp for å ordna skuleklokka. Ute stod alle elvane og lura på om det var skule denne dagen. Lærarane kom opp på arbeidsrommet og blei overraska over kva Magnhild, Laila og Jon Endre hadde gjort. Dei hadde rydda alle pultane og lagt ut klementiner, pepperkaker og sjokolade. Dette ville nok bli ein god dag på Ferkingstad skule. 13