INFORMASJON OM GRAVING OG MONTERING FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.
TUSSAFIBER VELKOMEN SOM KABELTV-KUNDE Dette heftet vil gi deg litt informasjon om det arbeidet som skal gjerast for å få Tussafiber via coaxkabel inn til og i huset ditt, i tillegg til nokre tips om korleis utstyret som trengst skal monterast. Tussa leverer normalt signala fram til eit punkt i bustaden din. Dette kan vere fram til eit internt spreienett, eller vi kan levere ferdig, komplett kontakt ved t.d. TV-apparatet i stova. Dersom du ønskjer kabeltv levert til fleire punkt i bustaden må du dekkje dette sjølv. Har du spørsmål kan du kontakte kundesenteret vårt på tlf. 70 04 63 00, eller gå inn på www.tussafiber.no for meir informasjon. Vi er glade for at du valde Tussafiber og vi skal gjere alt vi kan for at du skal bli nøgd med produktet. Tussafiber gjer framtida kjekkare!
TUSSAFIBER KVEN GREV GRØFTA? Tussa grev grøft for kabelen i bustadområdet heilt fram til tomtegrensa di. Grøfta vert grave enklaste veg og den vegen som fører til minst mogeleg ulempe for deg som bur her. Tussa samarbeider med kommunen i grave spørsmål. Du må grave sjølv frå husveggen til tomtegrensa eller anna definert punkt. Tussa deler ut kart, som syner om lag kvar grøfta skal gå. Dersom du ikkje ønskjer å grave sjølv, kan du kontakte kundesenteret vårt på tlf. 70 04 63 00. Kostnaden med graving av eiga grøft vert ikkje dekt av Tussa. Du er sjølv ansvarleg for oppussing av grøfta (såing av gras osb.). Kunden har sjølv ansvar for graving frå tomtegrense og inn til huset, samt oppussing etter graving! (Grå del). KTV Skap Oppussing etter graving Inntakskabel i rør Kunden grev sjølv
Graving av eiga grøft Tussa vil merke av eit punkt i kvar ende av grøfta og Tussa held røra som skal leggjast i grøfta. Grøfta bør vere 30 cm djup, og ha kortaste veg mellom punkta. Graving må gjerast ferdig i god tid før kabelen vert trekt inn i røret. Dato for kva tid grøfta du grev sjølv må vere ferdig, kjem vi tilbake til. UTFORMING AV GRØFTA Grøfta skal vere minimum 30 cm djup. Skal du grave langt, bruk ein spade som er smal, då går arbeidet lettare. Du må også rydde grøftebotnen for steinar. Grøftedjupn min. 30 cm Grønt Rør Finmasse Når grøfta er grave og reinska for stein, kan kabelrøret leggjast. Hugs å unngå knekk på røret, og det må ikkje krummast meir enn ein radius på 30 cm. Du kan deretter fylle grøfta med same masse som du grov opp. Pass på at dei første 10 cm er fri for stein. Er det mykje stein i massen, kan du leggje sand eller hagesingel rundt røret. Oppå den fine massen (5-10 cm over røret) legg du det raude merkebandet langs heile grøfta. Då er det lettare å oppdage grøfta ved graving i framtida, utan å skade røret. Deretter fyller du grøfta med jordmassen du har. NB! det er lurt å lage ein liten kul på toppen då massen normalt sig litt saman etter ei tid. Tussa leverer røra som skal i grøfta heim til deg. Rørenden som vender mot husveggen skal ikkje kappast, men kveilast saman ved enden av grøfta/husveggen. Rørenden mot tomtegrensa (andre enden av grøfta) bør vere 0,5-1 m over bakken. Deretter kan grøfta pussast opp. VIKTIG: Endetoppane må vere påmontert i kvar ende av røret.
TUSSAFIBER HUSINSTALLASJON Om du ønskjer det, kan kabel leggast fram til eit teknisk rom eller loft for vidare spreiing til ulike rom i bustaden. Ønskjer du fleire enn to TV-uttak i bustaden, må du også ha ein husforsterkar plassert i dette rommet. Forsterkaren må ha 230 V tilkopling. Om du ikkje ønskjer å gå via teknisk rom, legg vi kabelen fram til første TV-uttak, og monterer ei veggkontakt med uttak for TV, radio og evt. internett-modem. Fordeling loft / teknisk rom Telefoni Kabel Modem Analog-TV DATA Data TV R Koaxkabel Radio TV R Digital-TV Get box
TUSSAFIBER ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON? Ring kundesenteret vårt på tlf. 70 04 63 00, eller send ein e-post til fiber@tussa.no. tussafiber.no