Årsrapport 2010. Ein tydeleg medspelar



Like dokumenter
Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Årsrapport og Årsrekneskap Nokre sentrale trekk ved verksemda i 2010

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Møre og Romsdal er eitt av 19 fylke i Noreg budde det ca menneske her.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport

Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming Presentasjon for SAMU 2. desember 2014

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

INTERNASJONAL STRATEGI

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Vetle og Jenny har alt meldt forfall og koordinator har tatt kontakt med vara.

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Kommunedelplan for oppvekst

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Regional planstrategi

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Strategi for kompetanseutvikling

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Pål Farstad Medlem V Åge Austheim Medlem FRP Ina Beate Giske Medlem FRP

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

1. Tiltak K1 Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylkeskommunar og kommunar.

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Økonomiplan med budsjett for Fylkesrådmannen sitt framlegg, presentert 5. november 2010

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Søknadene er vurdert opp mot føringar vedtatt i HSAMU sak 6/14 i møte 25.februar 2014.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Attraktiv arbeidsgivar?

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

«Ein tydeleg medspelar, som vågar litt meir!» om koplinga Fylkesplan og samfunnsoppdraget til fylkeskommunen. AGP-konferansen Molde,

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Miljø- og utviklingsminister: Erik Solheim Ref. nr.: Saksnr: Dato: Godkjenning av Fylkesplan for Møre og Romsdal

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Marit Hovde Syltebø Rådgivar Møre og Romsdal fylke Om kompetanseutvikling i lys av St.meld.nr. 25

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Lønnsundersøkinga for 2014

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Transkript:

Årsrapport 21 Ein tydeleg medspelar

Leiar 3 Politikk 4 Organisasjon og arbeidsgivarpolitikk 6 Satsingsområde Kultur 8 Satsingsområde Kompetanse 9 Satsingsområde Verdiskaping 1 Satsing på ungdom 11 Gjennomgåande perspektiv 12 Nye oppgåver frå 21 14 Fagavdelingane Utdanning 16 Samferdsel 18 Kultur 2 Regional og næring 22 Tannhelse 24 Plan- og analyse 26 Møre og Romsdal fylkeskommune sett utanfrå 28 Økonomi Driftsoversikt 21 29 Resultatrekneskap 21 3 Kostratal 32 Samandrag 34 MILJØMERKET Årsrapport 21 for Møre og Romsdal fylkeskommune skal gje ei samla framstilling av verksemda i 21. Rapporten skal oppfylle krav til rapportering i lover og forskrifter, og gje eit oversyn over drift, utvikling, resultat og stilling for organisasjonen. Dette blir gjort gjennom ein presentasjon av område som korresponderer med satsingsområda i den gjeldande fylkesplanen, rapportering frå dei einskilde avdelingane samt driftsoversikt og resultatrekneskap. 241 Trykksak 69 For nærare detaljar: sjå eige hefte med årsrekneskap. Årsrapporten er utarbeidd av informasjonsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune. 1 eks. EKH 3.211

Styrkt rolle som regional utviklingsaktør Møre og Romsdal fylkeskommune kan sjå tilbake på eit krevjande arbeidsår med omfattande oppgåver å løyse innan utdanning, samferdsel, kultur, tannhelse, næringsutvikling og planlegging. Vi gjennomfører desse drifts- og utviklingsoppgåvene, ivaretek dei store investeringsprogramma og fyller vår rolle som regional utviklingsaktør på ein god måte. Vi kan såleis leggje fram eit godt resultat for 21. Nye oppgåver Møre og Romsdal fylkeskommune har frå 21 fått nye oppgåver og tilgang til nye verkemiddel. Forvaltningsreforma inneber at vi no eig over 8% av vegane her i fylket. Fylkeskommunane har også 49% av eigarskapen i Innovasjon Norge, forvaltar forskingsressursar gjennom regionale forskingsfond og overtek oppgåver innan miljø og landbruk frå fylkesmennene. Vi vil løyse desse nye oppgåvene, og vi vil nytte dei nye verkemiddela vi er tildelt til beste for innbyggjarar, kommunar, næringsliv, organisasjonar i Møre og Romsdal. Med dei nye og utvida oppgåvene har Møre og Romsdal fylkeskommune ei endå sterkare rolle som regional utviklingsaktør. Vi ønskjer å vidareføre den positive utviklinga vi opplevde i åra med einskapsfylket, og vår visjon om å vere ein tydeleg medspelar vil bli utvikla vidare. Satsingsområde Fylkesplanen peikar ut kultur, kompetanse og verdiskaping som særlege satsingsområde. I 21 er det vidareført eller starta opp ei rekkje program, prosjekt og tiltak knytt til desse satsingsområda. Satsingane er knytt opp til nært samarbeid og partnarskap med kommunane. Dette er i samsvar med fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør. Heilskaplege grep Fylkesplanen definerer åtte gjennomgåande perspektiv som skal styrkje organisasjonen si evne til å medverke til eit heilskapleg grep og ansvar for samfunnsutviklinga i fylket. Sentrale omgrep her er demografi, folkehelse, likestilling og universell utforming, infrastruktur, miljø og beredskap. Dette blir konkret gjennom dei ulike satsingsområda. Ungdom Møre og Romsdal fylkeskommune vidareførte i 21 ei brei satsing på ungdom, gjennom ei rekkje program og tilbod. Målretta verkemiddelbruk for å nå ungdom er avgjerande for å sikre attraktivitet og framtidstru. Det aller viktigaste verkemiddelet for ungdom er likevel eit relevant og tilrettelagt vidaregåande utdanningstilbod. Her er utfordringa å sørgje for at flest muleg av elevane fullfører utdanninga, og vi set inn fleire tiltak for å oppnå dette. Eg rettar ein stor takk til alle våre tilsette, som har lagt ned ein viktig innsats i å løyse forvaltningsoppgåvene og utvikle tenestetilbodet vårt også i 21. Eg takkar også våre samarbeidspartnarar; i kommunane, i næringslivet, i organisasjonane og til kvar einskild innbyggjar; saman utviklar vi fylket! Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann 3

Eit aktivt politisk år Det vart i 21 gjennomført fire fylkestingssamlingar der ein til saman behandla 85 saker. Fylkesutvalet er fylkestinget sitt arbeidsutval. Det hadde 17 møtedagar og behandla 157 saker. I tillegg til behandling av saker, har fylkestinget og fylkesutvalet fått ei rekkje orienteringar frå ulike bedrifter, organisasjonar og kompetansemiljø i Møre og Romsdal. Stor breidde i sakene Økonomisk støtte til regionale utviklingsprosjekt innan samferdsel, næring, kultur og utdanning/forsking Ulike strategiar og planar, inkl. økonomiplanen Fråsegn til kommunale planar og dispensasjonssøknader Uttaler knytt til aktuelle saker både nasjonalt og regionalt Høyringsfråsegner til departement/direktorat Tildeling av prisar Interpellasjonar og spørsmål frå enkeltrepresentantar Oppnemning til styre der fylkeskommunen er representert Forvaltningsrevisjonsrapportar Utviklingsprosjekt som har stått på saklista i 21: Teater- og jazzhus i Molde, garanti for lån Kultursekk i barnehage Kompetanse og inkludering. Utviklingsprosjekt i frivillige organisasjonar i Møre og Romsdal Utvikling av næmingeordninga og utdanning av restaureringshandverkarar Tettstadsprosjekt Ulstein kommune Sunndal 213 samhandling for arbeidsplassar Fjernvarmeutbygging i kommunane Ørsta og Norddal Fagskolen i Møre og Romsdal Vidaregåande opplæring tilrettelagt for vaksne MøreAlliansen (Høgskolane i Ålesund, Molde og Volda) Kompetansesenter for fornybar energi Smøla, Tingvoll og Runde Rassikringsprosjekt ved fylkesveg 6, Røyr-Hellesylt E39 Knutset Astad AS, garanti for lån Medeigarskap i fleire samferdselsprosjekt: - Halsafjorden Tunellselskap AS - Hareid Fastlandssamband AS - Rovdefjordbrua AS Planar/strategiar som har vore til behandling Handlingsprogram for satsingsområda kultur, kompetanse og verdiskaping Handlingsplan for trafikktrygging i Møre og Romsdal 21-213 Frivilligplan Retningslinjer for forskottering av fylkesvegprosjekt Alternativ bruk av ferjesubsidiar Struktur og tilbod for restaurant- og matfag i Møre og Romsdal Kvalitetsmeldinga 21 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal Reglement for orden og åtferd for elevar i den vidaregåande skolen Fylkestinget har gitt uttaler til sentrale styresmakter om m.a.: Beredskapsmessige konsekvensar av budsjettsituasjonen i Heimevernet Kraftforsyning og kraftsituasjonen i Møre og Romsdal Nofima Marin AS Statsbudsjettet for 211 Etterslep på spelemidlar Reglementet for fråvær i den vidaregåande skulen Ironman (Tjeldbergodden) Ap: 12 Frp: 1 H: 7 Krf: 5 Sp: 5 V: 3 Sml/tvp: 3 SV: 2 1 2 3 4 5 6 7 8 Fylkestinget har denne mandatfordelinga Fylkestinget: 85 Fylkesutvalet: 157 Samferdselsutv.: 76 Kulturutv: 59 Nærings/miljøutv: 57 Kontrollutv.: 39 Utdanningsutv.: 42 Oversikt over talet på saker som vart handsama i fylkestinget, fylkesutvalet og i dei ulike hovudutvala 1 2 3 4 5 6 7 4

Attraktivt og utfordrande fylke Ei undersøking på tampen av 21 plasserte Møre og Romsdal mellom dei mest attraktive fylka i landet. Dette bør inspirere oss til styrka satsinga på attraktive arbeidsplassar, robuste buområde og relevante utdanningstilbod. For å medverke til å realisere desse ambisjonane, må fylkeskommunen framleis styrkje samarbeidet med kommunar, næringsliv, organisasjonar over breie fagfelt. Ekstremvinteren i fjor sette søkjelyset på energisituasjonen i fylket. Ei stabil og rett dimensjonert energiforsyning er fundemental for fylket si framtid. Det er ei sentral oppgåve for fylkespolitikarane er å medverke til løysingar som tryggjer dette. Med den nye rolla til fylkeskommunen som vegeigar, kom dei mange samferdselsutfordringane endå tydelegare på agendaen i 21. Infrastruktur er sjølve livsnerven til fylket. Dette er krevjande område å handtere, både fagleg og økonomisk, og krev såvel tilstrekkelege økonomiske rammer som fleksibilitet og samarbeidsvilje. Rasproblematikken, med utryggleik, stengde vegar og omdisponering av ferjer, var også i fjor ein krevjande realitet. Vi er avhengige av at styresmaktene ser dei særskilde behova dette representerer i vårt fylke, slik at det blir løyvd tilstrekkelege midlar til naudsynte tryggingstiltak. Møre og Romsdal fylkeskommune løyste også i 21 viktige oppgåver som regional utviklingsaktør. Det er grunn til å rose både fagavdelingar og den sentrale administrasjonen for dette. Også i 21 vil vi rette ein stor takk til ein svært kompetent og offensiv organisasjon, som i det daglege legg ned ein viktig innsats for alle innbyggjarane i fylket. Olav Bratland fylkesordførar Fylkesutvalet har gitt høyringsfråsegner om m.a.: Klimakur 22 - bruk av verkemiddel i klimapolitikken fram mot 22 Strategi 22 strategi for utvikling av tenestetilbodet i Helse Midt-Norge Skardsøya vindkraftverk Agder Energi Vind DA konsesjonssøknad og konsekvensutgreiingar Auka utvinning på norsk kontinentalsokkel Utlysing av nye blokker i 21. konsesjonsrunde Høyring om endring av akvakulturforskrifta med omsyn til øvre grense for fisk pr merd Mangfald og meistring fleirspråklege barn, unge og vaksne i opplæringssystemet Evaluering av konkurranseutsetting av drift- og vedlikehald i Statens vegvesen Anbod på regionale ruteflygingar i Noreg Det er blitt delt ut 8 prisar i 21: Fylkeskulturprisen til Stig Nilsson Likestillingsprisen til Christina Westrum Pedersen Fylkestrafikktryggingsprisen til Torgeir Stene Miljøprisen til Olav Bye Årets bedrift til SafeRoad AS Utviklingsbygda til Valsøybotn Tahitiprisen (eigen jury) til Den norske nobelkomitè Årets ungdomskommune (Ungdomspanelet) til Halsa kommune UTVAL Ant. Leiar i Ant. Ant. Utgifter i heile Sekretariat medl. utv. 21 møter saker 1 kr 28 29 21 28 29 21 28 29 21 F.tinget 47 Olav Bratland (H) 12 12 12 8 96 85 9.177* 1.2* 1.769* Adm.avd. F.utvalet 13 Olav Bratland (H) 18 18 17 135 156 157 Adm.avd. Klagenemnd 13 Olav Bratland (H) 5 7 8 8 13 16 Adm.avd. Ktr.utvalet 5 H. Kongshaug (Ap) 8 6 7 38 44 39 468 5 Kontrollsjefen Ku.utvalet 11 Torgunn Nerland (KrF) 9 7 7 69 5 59 658 664 516 Kulturavd. NM-utvalet 11 A. Rutgerson (SL/TVP) 9 7 8 53 58 57 897 811 699 RN-avd. Samf.utv. 11 Frank Sve (FrP) 13 13 13 78 75 76 827 735 817 Samf.avd. Utd.utv. 11 Torgeir Dahl (H) 8 7 8 4 32 42 546 553 65 Utd.avd. * Fylkesting + fylkesutval + godtgjersle fylkesordførar, fylkesvaraordførar og andre medlemer + representasjon ** Ungdomspanelet + arrangering av Ungdommens fylkesting + Ungdomsmidlane (25 kr) Rådgivande utval Ungd. ft. 68 Ida Andrine Heggset 3 4 3 12 12 15 724** 749** 764** Utd.avd. U.panelet 9 Ida Andrine Heggset 8 15 18 5 36 68 Utd.avd. Miljøutv. 9 Steinar Reiten (KrF) 5 5 5 18 23 18 38 557 576 Adm.avd. Lst.utvalet 5 R. Klock Tjervåg (SL/TVP) 4 6 7 12 35 44 99 188 182 Kulturavd. E.rådet 7 Målfrid Mogstad 5 7 5 29 34 38 14 24 22 Kulturavd. Lst.fh 1 C. Finstad Austnes (FrP) 4 5 5 3 37 31 245 298 438 Kulturavd. Fh.utvalet 1 Veslemøy Hungnes (H) 4 5 5 28 41 33 323 356 377 Kulturavd Pn. b.prosjekt 3 Eva Vinje Aurdal (Ap) 1 9 7 21 22 15 288 311 329 BYVE Y.nemnda 1 Nils Peter Hole (NHO) 6 7 5 15 2 19 18 155 19 Utd. avd. Ft.utvalet 5 Svein Atle Roseth (KrF) 6 6 5 6 45 37 415 317 429 Statens vegvesen (F.tinget - fylkestinget; F.utv. - fylkesutvalet; Ktr.utv. - kontrollutvalet; Ku.utv. - kulturutvalet; NM-utv. - nærings- og miljøutvalet; Samf.utv. - samferdselsutvalet; Utd.utv. - utdanningsutvalet; Ungd. ft. - ungdommens fylkesting; U.panelet - ungdomspanelet; Miljøut. - miljøutvalet; Lst.utvalet - likestillingsutvalet; E.rådet - eldrerådet; Lst. av f.h. - rådet for likestilling av funksjonshemma; Fh.utvalet - Folkehelseutvalet; Pn.b.prosjekt - Plannemnd for byggjeprosjekt; Y.nemnda - Yrkesopplæringsnemnda; Ft.utvalet - Fylkestrafikktryggingsutvalet) 5

Organisasjon og arbeidsgivarpolitikk Arbeidsgivarpolitikk for framtida I 29 vedtok fylkestinget arbeidsgivarpolitikk for framtida (AGP), og i 21 er denne følgt opp gjennom konkrete tiltak for leiarar, tillitsvalte og tilsette i fylkeskommunen. Identitet og omdømme Mange tiltak er utvikla for å bli meir attraktiv som arbeidsgivar. Ein sterkare overordna identitet og visualisering av samfunnsoppdraga våre for å byggje felles identitet og omdøme internt, har vore vektlagt. Felles visjon, verdigrunnlag og etiske retningsliner som grunnlag for refleksjon over eigen praksis og atferd har stått sentralt i denne samanhengen. Møre og Romsdal fylkeskommune var einaste fylkeskommune, som saman med 7 kommunar vart valt ut til KS sitt omdømmeprosjekt. Prosjektgruppa har utvikla modell for arbeidsgivarpolitisk verkstad. Verkstadmodellen står sentralt i implementering av arbeidsgivarpolitikken og legg vekt på at alle tilsette får reflektere over visjonen Ein tydeleg medspelar og etikk- og verdigrunnlaget til fylkeskommunen opp mot eigen jobb. Andre kvalitetar som skal kjenneteikne oss som ein profesjonell, kvalitets- og resultatsorientert, lærande og utviklingsorientert organisasjon, er også løfta fram i desse verkstadene. I tillegg har KS-prosjektet utvikla materiell som visualiserer Møre og Romsdal fylkeskommune sine samfunnsoppdrag. Tannhelse arrangerte i 21, som første sektor, verkstad for alle leiarar og tillitsvalte, med svært gode tilbakemeldingar. I løpet av 211 vil det bli gjennomført verkstader i alle einingar. Dei etiske retningslinene vil bli revidert i lys av den nye arbeidsgivarpolitikken. Ny nettside og ny profil støtter opp under fylkeskommunen sitt arbeide med å utvikle felles overordna identitet, og gjer fylkeskommunen betre i stand å marknadsføre seg som ein arbeidsgivar. Organisasjonsutvikling - arbeidsgivarpolitikk og kompetanseutvikling Arbeidsgivarpolitikk-konferansen 21 (AGP-konferansen) samla 26 leiarar, tillitsvalte og verneombod. Dette var andre konferansen i sitt slag, og er ein stor arena for implementering av overordna arbeidsgivarpolitikk og tiltak. 16 nye medarbeidarar deltok på første felles introduksjonsdag og fekk felles informasjon om våre samfunnsoppdrag, om visjon, verdigrunnlag og korleis vi tenkjer leiing, medarbeidarutvikling og medarbeidarskap. Ei overordna målsetjing er å utvikle fylkeskommunen til ein lærande organisasjon med stor merksemd på leiar- og medarbeidarutvikling. I 21 har vi gitt innhald til leiarutviklingsprogram, lyst dette ut på anbod, og gjort val av leverandør av slikt program dei neste 3 åra. Samarbeid med høgskulesektoren inngår også i dette. Tiltak og prosjekt som støttar opp under arbeidet med den nye arbeidsgivarpolitikken har stått sentralt i tildelinga av organisasjonsutviklingsmidlar i 21. 2 mill. kroner er nytta til slike tiltak. Likeeins er sentrale opplæringsmidlar på om lag 1 mill. kroner i stor grad nytta til tiltak som støttar opp under arbeidet med vår nye arbeidsgivarpolitikk. Sentrale opplæringstiltak blir arrangert under fana Fylkesakademiet som felles arena for fylkesinitierte opplæringstiltak på arbeidsgivar- og organisasjonsområdet. Arbeidsmiljø, inkludering og mangfald Helse-Miljø-Sikkerheit HMS for alle våre tilsette, er eit leiaransvar. AGP-konferansen er lagt opp som modul 1 i HMS-grunnopplæring, og når difor mange leiarar og verneombod. I tillegg var 7 leiarar og verneombod samla til modul 2 våren 21 til HMS-grunnopplæring. Seminar med tema konflikthandtering samla like mange. Etter ein open anbodskonkurranse vart Hjelp24 valt som felles leverandør av bedriftshelsetenester til alle tilsette i fylkeskommunen. Sjukefråvær / Nærvær Alle driftseiningar i fylkeskommunen har status som IAverksemd. Hjelp24, som bedriftshelseteneste blir viktig som samarbeidspart for å nå HMS-måla for området. Gjennomsnittleg samla sjukefråvær i 21 var 5,4. Profesjonalisering av arbeidsgivarfunksjonar I 21 rekrutterte vi om lag 25 nye medarbeidarar. I rekrutteringsprosessen viser vi oss fram som arbeidsgivar, og i 21 innførte vi eit nytt rekrutteringsverkty i heile organisasjonen. Dette var eit stort og omfattande arbeid med mål å framstå som profesjonell også i rekrutteringsarbeidet. Likestilling Kjønnsfordelinga blant dei tilsette i fylkeskommunen er 55% kvinner og 45% menn. Det er framleis fleire menn enn kvinner i leiarstillingar. Andelen kvinnelege rektorar og mellomleiarar i dei vidaregåande skolane har auka dei seinare åra. Den største arbeidsgivarutfordringa i fylkeskommunens strategiske arbeid på likestillingsområdet er framleis rekruttering av fleire kvinner i leiarstillingar. Lønnspolitikken i fylket har som mål å vere likelønnsfremjande ved å medverke til lik lønn for arbeid av same kvalitet, innsats og resultat og lik moglegheit for lønnsutvikling uavhengig av kjønn. Likelønnsomsyn har vore ei sentral føring som er følgt opp i dei lokale lønnsforhandlingane i fylket dei seinare åra. I arbeidet med ny rekrutteringsstrategi for fylkeskommunen, er mangfald og likestilling eige satsingsområde. Vi gjer framlegg om at arbeidsstokken i fylkeskommunen skal spegle befolkninga. Universell utforming Møre og Romsdal er pilotfylke for universell utforming, og fleire avdelingar frå fylkeskommunen deltek. Arbeidet er organisert etter sektoransvarsprinsippet, for å forankre universell utforming i heile organisasjonen. Fylkeskommunen har i 21 hatt eit særleg søkjelys på rådgjeving og kompetanseheving, og har ved fleire høve delteke med innlegg under kurs og konferansar, både regionalt og nasjonalt. Det er gitt tilskot til rettleiaren Med kurs for universell utforming for ferjer, som er gitt ut av Norges handikapforbund. Mykje av fylkeskommunen sin eigde bygningsmasse er gammal. Det er sett i verk ei kartlegging og gjort utbetringar med omsyn til universell utforming. I hovudsak gjeld dette fellesfunksjonar som heis, toalett og garderobe og hovudinngangar. I nye byggprosjekt er universell utforming ivareteken. For fleire av fylkeskommunen sine økonomiske verkemiddel er det sett vilkår om universell utforming før tildeling av tilskot. Overtal I samband med overtal er det eit mål for fylkeskommunen å kunne gi tilbod om arbeid til alle, slik at ein unngår av- 6

vikling av arbeidsforhold. Det blir lagt ned stort arbeid for å sikre alle tilsette gode og trygge tilsettingstilhøve. Strukturen på opplæringstilbodet i vidaregåande skole blir mellom anna styrt av fritt skoleval og elevane si søking til dei ulike studieretningane. Dette har i sin tur store konsekvensar for bemanning og kompetansebehov i skolane. I samband med stillingsplanarbeidet i 21 vart 3 tilsette meldt overtallige. Dei aller fleste fekk tilbod om arbeid ved andre skolar, eller overtalet vart trekt tilbake. To valde å takke nei til anna tilbod, og fekk av den grunn melding om oppseiing. Medråderett Fylkeskommunen legg vekt på gode samarbeidstilhøve mellom partane i organisasjonen. Fylkeskommunen har etablert mange møteplassar for informasjon, drøfting og samarbeid. Hovudsamarbeidsutvalet er arena for partane sentralt, og i 21 vart 22 saker drøfta og vedtatt. Sekretariat for politiske råd og utval Det er i 21 gjennomført 17 fylkesutvalsmøte og 4 fylkestingssamlingar. I tillegg er det gjennomført møte i dei fire hovudutvala og ei lang rekkje råd og utval (sjå tabell side 4-5). Det har vore arbeidd med styrking av utvalsarbeidet i fylkeskommunen gjennom Forum for utvalssekretærar. IT Vi registrerer at organisasjonen blir stadig meir avhengig av at IT-tenestene er tilgjengelege med så nær 1% oppetid som mogeleg. Hovudaktivitetane har difor vore vinkla mot å få etablert ein stabil infrastruktur som også må vere i stadig endring. Det har difor vore ei utfordring å kombinere dagleg drift med utviklingsoppgåver. Dei viktigaste utviklingsoppgåvene har vore arbeidet med å skifte plattform (frå Novell til ActiveDirectory), og ei meir rasjonell handtering av katalogopplysningar. Vi har også vidareført implementering av nytt brukarstøttesystem for å få til ei meir rasjonell handtering av brukarførrespurnadene frå heile organisasjonen. I april kom det i drift ei ny løysing for publisering av netttenestene. Denne løysinga fenga også interesse hos fleire andre fylkeskommunar. I ei tid med stadig nye tenester, nye brukargrupper, større kompleksitet og ein sterk auke i datamengdene, er det for neste år gjeve høg prioritet til å finne fram til betre måtar å organisere IT-drifta på i heile organisasjonen. Dokumenthandtering I 21 vart det til saman registrert omlag 62 dokument i sentraladministrasjonen og på dei vidaregåande skulane. Aktiviteten har vore stor, og talet på arkiverte dokument har auka med om lag 25% frå 29. Dokumentsenteret har i 21 arbeidd vidare med overgang til fullelektronisk arkiv. Fokus har blant anna vore på å få på plass integrasjon mellom fagsystem - arkiv og avlevering av eldre arkiv. Bygg og vedlikehald Møre og Romsdal fylkeskommune har tilsaman ca 25. m 2 bygningsmasse som det er ei stor utfordring å vedlikehalde og utvikle i takt med behova. I 21 er det brukt i alt ca. 21 mill. kr. i investeringsmidlar og ca. 13 mill. kr. i driftsmidlar til sentralt styrte vedlikehalds-, enøk-, rehabiliterings- og nybyggprosjekt. Det har vore særskilt stor aktivitet knytt til pågåande byggjeprosjekt/ rehabiliteringsprosjekt ved Borgund vgs, Atlanten vgs, Kristiansund vgs, Romsdal vgs og Volda vgs. Seksjonen har også generelt sentralt forvaltningsansvar for eigedomsmassen i samband med kjøp og sal av eigedom. I 29 utgjorde netto salsinntekt ca. 2 mill. kroner. Informasjon I 21 vart ein omfattande prosess knytt til ny kommunikasjonsstrategi, ny grafisk profil og nye nettsider fullført. Det strategiske arbeidet la beslag på store ressursar og involverte delar av organisasjonen. Dette kom i tillegg til dei mange reine driftsoppgåvene i informasjonsseksjonen. I løpet av året vart det gjeve ut 5 utgåver av fylkesmagasinet SPOR inkl. eit eige Reiselivs-SPOR. Innkjøp Innkjøpsseksjonen ved Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i 21 knutepunktfunksjon i samband med miljø- og samfunnsansvar ved offentlege innkjøp. Seksjonen skal vere kompetansesenter for kommunar og andre som treng malar for gode innkjøpsprosessar der miljø, etisk handel og universell utforming inngår. Tilsette og årsverk i ulike sektorar 25 2 15 1 5 2411 2119,1 Møre og Romsdal f.komm. (totalt) 1464 Undervisn.- personale 131,95 1) Tilsette og årsverk omfattar også vikarar og engasjement 2) Sentraladministrasjonen omfattar også fellestenesta, fylkesbiblioteket og Møremusikarane 459 Driftspers. VGS Tilsette (1) Årsverk 359 186 Tannhelsetenesta Tal på tilsette fordelt på aldersintervall 8 6 4 2 92 2-29 år 371 3-39 år 615 4-49 år 155,64 23 Sentraladm. (2) Alders- og kjønnssamansetjing (tal for 29 i parantes): Heile fylket: 52, år (5,) Undervisningspersonalet: 5,65 år (5,7) Driftspersonalet i undervisningssektoren: 49,4 år (49,) Tannhelsesektoren: 48,1 år (48,) Sentraladministrasjonen: 48,5 år (49,) Det er 1329 kvinner og 182 menn tilsett i M og R fylkeskommune. I aldersintervallet 5 år og over er det 69 menn og 643 kvinner. I aldersgruppa 2-49 år er kvinnene i klart fleirtal. Her finn vi 686 kvinner og 392 menn. Vi har eldre mannlege lærarar og unge kvinnelege lærarar. I aldersgruppa 5 år og over finn vi 495 menn og 295 kvinner. I aldersintervallet 2-39 år er det 16 kvinnelege lærarar mot 91 mannlege lærarar. 775 5-59 år 254 6-62 år 26 63-67 år 218 68 år + 44 7

Satsingsområde KULTUR Næmingeprosjektet tek mål av seg til å vidareføre kunnskapen om tradisjonell byggeskikk. Foto: HWO Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider nært med kommunane om ei rekkje folkehelsetiltak. Kultursekk i barnehage I 21 starta arbeidet med å gje barnehageborn i Møre og Romsdal profesjonelle kulturtilbod gjennom pilotprosjektet Kultursekk i barnehage. 9 kommunar fekk plass i pilotprosjektet; Halsa, Surnadal, Smøla, Rindal, Gjemnes, Nesset, Aukra, Sula og Ålesund. Barnehagane har motteke scenekunstframsyningar, konsert, verkstader og kunstutstilling i løpet av året. I tillegg har kulturskulane i kommunane forplikta seg til å levere tilbod retta mot barnehageborn som ein del av ordninga. Frivillig arbeid I februar 21 vart Frivilligplan for Møre og Romsdal vedteken, og planen med sine tiltak skal bidra til å innfri vårt mål om å utvikle Noregs mest offensive frivilligpolitikk i samarbeid med kommunal sektor. I 21 vart pilotprosjektet kompetanse og inkludering sett i verk. Prosjektet er treårig og blir drifta av Møre og Romsdal Idrettskrets, Voksenopplæringsforbundet i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal Røde Kors. Målet med prosjektet er å heve kompetansen innan frivillig sektor i Møre og Romsdal og styrkje organisasjonane si rolle i arbeidet med inkludering. Utviklingsarbeid hjå fylkesbiblioteket Fylkesbiblioteket styrkjer si rolle som kompetansebyggjar og regional bibliotekutviklar i Møre og Romsdal. I løpet av 21 er det utvikla felles logo for alle biblioteka og ein har starta med å byggje merkevara bibliotek. Den nye profilen til biblioteka har slagordet: Biblioteket - ei verd av draum og fakta. Fylkesbiblioteket har fått etablert regionalt samsøk, som gjer at ein kan søkje samla i alle bibliotekkatalogane i fylket. Eit anna viktig utviklingsarbeid er knytt til Senter for digitalisering av kulturarven, SEDAK. I løpet av ein to-årig prosjektperiode skal ein byggje opp kompetanse og utstyr for å tilby ulike digitaliseringstenester innan arkiv-bibliotek-museum (ABM) for heile fylket. Verdiskapingsprogrammet Atlanterhavsvegen-Bud- Kristiansund (ABK) ABK har vore ein av pilotane i Riksantikvaren og Miljøverndepartementet si nasjonale satsing på kulturminnebasert verdiskaping, Verdiskapingsprogrammet. Prosjektperioden har gått frå 26 til 21, men arbeidet med å sluttføre større formidlingstiltak strekkjer seg utover vårparten 211. Kystkultur og kysten sine kulturminne har danna utgangspunkt for innsatsen, som i stor grad har vore knytt opp mot reiseliv og forløysing av potensial som ligg i alle natur- og kulturminnebaserte attraksjonar på strekninga. ABK har vore ein suksess, og har ført til auka samarbeid og haldningsendring med omsyn til å sjå kulturminne og kulturarv som ein ressurs i lokalmiljøet. Næmingeprosjektet Næmingeprosjektet er ei treårig spesialutdanning for tømrarar, forankra i Senter for bygdekultur, med formål å vidareføre kunnskapen om lokal handverkskompetanse og tradisjonell byggeskikk til yngre generasjonar handverkarar. Teoretisk kunnskap ligg i botn, men hovudfokus ligg på overføring av kunnskap/kompetanse gjennom praktisk læring og det å utføre (handlingsboren kunnskap). God Helse 28 kommunar er no med i God Helse-partnarskapen. Kommunane Rindal, Nesset og Giske kom med i 21. Det er tilsett 26 folkehelsekoordinatorar i minimum 5 % stilling i desse kommunane. Fylket samarbeidde med 6 kommunar om Helse i Plan; eit nasjonalt utviklingsarbeid om samanhengen mellom folkehelse og planarbeid. Hovudmåla her har vore å styrkje folkehelsa ved bruk av plan- og bygningslova og å utvikle plan- og prosesskompetanse i helsesektoren. Friluftsliv Prosjektet Friluftsliv i Møre og Romsdal går fram til 212. I ein storstilt dugnad saman med kommunar og organisasjonar skal ein gradere og merke løyper, slik at turen blir enklare for alle. Ski-, sykkel-, padle- og fotturar blir prioritert. Løypene blir våren 211 presentert på nettstaden www.morotur.no 8

Satsingsområde Kompetanse Førre skoleår var det 348 minoritetsspråklege elevar i vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Foto: Sunndal vgs Karriererettleiingsprosjektet kal gi elevane eit betre grunnlag for val av utdanningsprogram. Foto: Arild Moen Karriererettleiingsprosjektet Samarbeid mellom ungdomskolar og vidaregåande opplæring for betre karriererettleiing. Overgangen mellom ungdomstrinn og vidaregåande skole er ein kritisk fase for mange elevar. Ein god start med rett val av utdanningsprogram og god tilrettelegging betyr mykje for sjansane til å fullføre opplæringa. I Karriererettleiingsprosjektet (26-11) er det prøvd ut ulike modellar for å gi grunnskoleelevane eit betre grunnlag for val av utdanningsprogram. Det er gjennomført tiltak både for å styrkje eleven sin kunnskap om eigne interesser og føresetnader, og tiltak for å vise elevane ulike utdanningsog yrkesvegar regionalt og nasjonalt. Alle 1.trinnselevane får no prøve ut to utdanningsprogram i ein vidaregåande skole. Under karrieredagane i september får dei oppleve ulike yrke i bedrifter og utdanningar i vidaregåande skole, fagskole og på høgskole. God overføring av informasjon om elevane sitt behov for tilrettlegging har vore i fokus i prosjektet på Nordre Sunnmøre. Delprosjektet Informasjon, Kartlegging og Oppfølging (IKO) skal lette overgangen mellom 1. trinnet og vidaregåande trinn 1. Nettverksgrupper for tettare oppfølging av elevar i risikosona for fråfall på vidaregåande skole er viktig i dette arbeidet. For å få til god samhandling mellom ungdomstrinn og vidaregåande trinn, er det etablert fire regionale rådgivingsnettverk her i fylket med fleire møte i året. Dette er viktige arenaer for felles kompetanseutvikling og erfaringsutveksling både med tanke på karriererettleiing og sosialpedagogisk arbeid. Det er prøvd ut ein modell Informasjon/Kartlegging/Oppfølging (IKO) for betre overgang mellom 1.trinn og vg1. Særskilt språkopplæring ved dei vidaregåande skolane Fræna vgs samarbeider med kommunane Molde og Fræna og med NAV og gjennomførte kurs i helsefagarbeidarfaget med praksis og norskopplæring for innvandrarar. 14 elevar deltok i 21. Skoleåret 29/21 var det 348 minoritetspråklege elevar i vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Av desse hadde 72 enkeltvedtak om særskilt norskopplæring. I september 21 vart det i samarbeid med fylkesmannnen, Høgskolen i Volda og Utdanningsforbundet gjennomført konferanse for personell med ansvar for minoritetspråklege. Fokus var regelverk, språkkartlegging og oppfølging av nasjonal stategiplan. Internasjonale utvekslingsordningar 86% av skolane rapporterte om aktivitet i 21 på same nivå eller høgare enn året før, då om lag 3 elevar og 3 lærlingar deltok i utplasseringsordningar. 47% av skolane har vore utanlands på elevtur. Innafor programma til Senter for internasjonalisering i høgare utdanning (SiU), har 3% av skolane delteke i utveksling i Leonardo da Vinci (yrkesfag) og65 % av skolane har delteke i ulike Comeniusprosjekt. I tillegg er skolane med i fleire andre prosjekt enn SiU sine program. Døme på dette er utdanningsveke, FN sitt internasjonale skolenettverk og prosjekt i samband med Operasjon Dagsverk. Fagskoletilbod innan helse- og sosialfag Fagskoletilbod i helse- og sosialfag er viktige tiltak i Kompetanseløftet 215 for rekruttering og kompetanseutvikling i den kommunale omsorgssektoren. Hausten 21 starta ei gruppe på 25 deltidsstudentar i psykisk helsearbeid ved Fagskolen i Kristiansund. Studiet i Kristiansund blir gjennomført med undervisning ein dag i veka og praksisperiodar blir gjennomførte i samarbeid med kommunane. Studentane gir god tilbakemelding om studiet. Fagskolestyret vil sende ytterlegare tre søknader til NOKUT om godkjenning i august 211, mellom anna eit tilbod i kreftomsorg og to i aldring og helse. 9

Satsingsområde verdiskaping Move to MoRe Move to MoRe har vore Møre og Romsdal fylkeskommune sitt prosjekt knytt til strategiar for rekruttering av fagfolk og å stimulere til auka tilflytting til fylket. Prosjektet vart avslutta 21. Det er gjennomført fleire pilotar i prosjektet og mange av desse blir ført vidare som ein del av satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK), som skal vare ut 214. Dei to regionale foresightanalysane; ei for heile Sunnmøre og ei for Nordmøre og Romsdal saman, set fokus på kva som er viktige tiltak for å halde oppe konkurransekrafta og vidareutvikle dei to regionane. Innflyttarkontora i byane har lagt til rette for gode tilflyttingsprosessar for utanlandsk kompetansearbeidskraft. Arbeidet med å opprette Aalesund International School, der fylkeskommunen deltok i forprosjektet, er også viktig for å få til gode rekrutteringsprosessar. Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) LUK er ei 5-årig satsing der fylkeskommunane skal vere aktive utviklingsaktørar ute i kommunane, på kommunane sine premissar. I Møre og Romsdal har ein planlagt at alle kommunane skal få kompetanseheving i å utarbeide lokale samfunnsanalyser med utgangspunkt i tilrettelagt statistikk for kvar kommune. Saman med kvar kommune skal ein jobbe med den nye plan- og bygningslova og sjå kva krav den stiller til kommunal planlegging. Begge desse tema skal så danne grunnlag for gode kommuneplanar, både samfunnsdel og arealdel. Fagfolk frå fylkeskommunen skal ut i kommunane med sin fagkompetanse for å gjere kommunane betre på planarbeid, slik at alle kommunane får gode rutinar for rullering og prioritering av tiltak. 21 har vore nytta til besøk i alle kommunane; ein har informert, etablert dialogar og samarbeidd med regionråda, for at dei skal lukkast med den praktiske gjennomføringa av kompetansehevingstiltaka i 211. Fylkeskommunane gir økonomiske midlar til gjennomføring av kompetansehevingstiltaka. Reiselivsprogrammet Reiselivsprogrammet i Møre og Romsdal vart avslutta i 21. Målet har vore auka lønsemd for aktørar i reiselivsnæringa. Telemarksforsking har gjort ei evaluering av programmet som mellom anna viser at Møre og Romsdal har hatt ei fin utvikling i perioden 26-29, både når det gjeld auke i trafikk, men også i lønsemdutvikling i reiselivsbedriftene. Evalueringa viser også at omsetnaden og resultata i aktivitetsbedriftene i fylket har hatt ei fin utvikling, og at det er etablert fleire aktivitetsleverandørar. Dette er i tråd med at Møre og Romsdal ønskjer å ta posisjonen som Aktivitets- og opplevingsfylke nr 1. hoppid.no Entreprenørskapsprogrammet hoppid.no (26-21) sitt overordna mål er å oppnå auka tilfang av entreprenørar med prosjekt som er nyskapande og har eit vekstpotensiale. hoppid.no har hatt fokus på å sikre breidde og kvalitet innan entreprenørskap og nyetableringar. Kommunane har ei sentral rolle i utviklinga av førstelineteneste for etablerararhjelp og tilrettelegging for lokal næringutvikling. Ved utgangen av 21 er 32 kommunar med i hoppid.nopartnarskapen. Å drive heilskapleg arbeid med entreprenørskap, frå mobilisering på skulane og i lokalsamfunna, til tenester for internasjonale bedrifter, er utfordrande. Gjennom hoppid.no og entreprenørskap i utdanning (UE), har kommunane engasjert fleire hundre elevar og bedrifter i gründercampar og entreprenørskapsaktivitetar. hoppid.no-kontora har etablert seg som pådrivarar og støttespelerar for bygdemoblisering og lokale utviklingsprosessar. EtablerarLINK har blitt eit sentralt verktøy for å forenkle og strukturere arbeidet med oppfølging av nyetablerarar. Etableraropplæringa er fylkesdekkande og eit integrert tilbod i kommunane. 46 etablerarar deltok på kurs i 21, 32 kurs er avvikla hjå dei lokale hoppid.no-kontora. hoppid.no er inne i sitt siste år som utviklingsprosjekt. Ei ekstern evaluering av programmet vil vere klar våren 211. 1

Satsing på ungdom Over: Ungdommens fylkesting kom saman i Kristiansund i november. Fotos: Kristian Hjelle, Anton Fremo Amundsen, Espen Ervik og David Heim, ungweb. redaksjon UFT 21 T.v.: Ved utgangen av 21 er 32 kommunar med i hoppid.no-partnarskapen Foto: Carina Stokke Møre og Romsdal fylkeskommune har også i 21 gjennomført ei brei satsing på ungdom der medverknad og utviklingsmulegheiter har stått sentralt. Ungdomspanelet i Møre og Romsdal (UP) har vore aktiv i dette arbeidet. UP blir valt under Ungdommens fylkesting (UFT) kvar haust og skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune. UP skal drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter samt setje i verk Ungdommens fylkesting sine vedtak. UP har eit svært spennande og aktivt år bak seg, der dei m.a. har vore pådrivarar i arbeidet med å etablere eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom. UP tok del under den første Ungdommens Nasjonalforsamling, der Vetle Vang Soleim frå UP i Møre og Romsdal vart valt til leiar av Nasjonalt Ungdomspanel. Ungdommens fylkesting Ungdommens fylkesting i november gjorde vedtak knytt til m.a. desse sakene: Fråversreglar og tiltak for betre gjennomføring av vidaregåande opplæring, ungdomskort, transporttilbod, årets ungdomskommune 21 (Halsa), spelemidlar til ishallar, nasjonalt ungdomspanel. Ungdommens spørjetime Dei nye vedtektene for UP og UFT vart vedtekne av Fylkestinget i juni, og inneber m.a. at ungdommen får talerett i utdanningsutvalet. Frå 21 vart Ungdommens spørjetime ein fast post ved kvart oktoberting. I 21 nytta UP spørjetimen til å ta opp m.a. lovpålagte ungdomspolitiske utval, fråversreglane i vgs, ungdomskort for heile landet, kollektivtilbodet, Trygtheim-for-ein-5-lapp, mobbing samt meir bruk av digitale hjelpemiddel for å spare miljø og pengar. Ungdomsmidlar I 21 fordelte UP 25. kroner i ungdomsmidler til 38 ulike klubbar, lag og foreiningar. Midlane blei gjevne til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement i fylket og er retta mot alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. Verkemiddel innretta mot ungdom Møre og Romsdal fylkeskommune innrettar satsinga på ungdom gjennom ei rekkje tilbod, program og prosjekt: Nokre av desse: Ungt entreprenørskap Ungdommens kulturmønstring Kultursekken Karriererettleiing Move to More Ungdomskortet Heim for ein 5-lapp Elev- og lærlingeombodet Ungdomspanelet Ungdommens fylkesting UNGweb.no Energiregion Møre (kurs i vindenergi) I november valde Ungdommens fylkesting nytt Ungdomspanel. Ida Andrine Heggset frå Surnadal (midten) vart attvalt som leiar av UP og fikk med seg Hanne Stokke frå Ørsta som nestleiar. Dei øvrige medlemene er: Asgeir Stavik Hustad, Molde; Daniel Haavardsen Bråttvik, Molde; Karoline Thu Valderhaug, Giske; Janne-Katrin S. Hansen, Herøy; Sindre Holberg, Smøla; Jenny Venås, Volda; Harald Fagervoll, Skodje; Lars Henrik Baarset, Halsa (1. vara); Stine Hellesfjord, Smøla (2. vara); Grethe Ranheim, Gjemnes (3. vara); Sondre Digernes, Giske (4. vara); Martin Eikebø, Kristiansund (5. vara) 11

Gjennomgåande perspektiv T.v.: Det er mange rasutsette område i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har i fleire år samarbeidd med andre partar om å styrkje samfunnstryggleiken, m.a. gjennom å utvikle risiko- og sårbarheitsanalysen ROSanalyse for fjellskred i Møre og Romsdal. Analysen vil vere ferdig i 211. Foto: Jostein Fuglset T.h.: Folkehelse er knytt til samfunnet sin samla innsats for å skape god helse i befolkning. Fylkeskommunen samarbeider med fleire partar om ulike folkehelsetiltak. Foto: Terje Rakke I fylkesplan 29-212 er det definert åtte gjennomgåande perspektiv. Desse er meint å styrkje Møre og Romsdal fylkeskommune si evne til å ta eit heilskapleg grep og ansvar for samfunnsutviklinga i fylket, i samarbeid med kommunane, regional stat og andre aktørar i fylket. Dei definerte perspektiva skal også tene til å styrkje fylkeskommunen si rolle som planmynde, samt vere eit uttrykk for dei verdiar og tilnærmingar som skal ligge til grunn for fylkeskommunal planlegging og verksemd. Demografisk samansetjing og utvikling Prosjektet Move to MoRe og vidareføringa av UNG-satsinga har vore viktige for å fremje vekst i folketalet og styrkje fylket sin attraktiviteten som bu- og arbeidsstad. Medan Move to MoRe arbeider med rekruttering av arbeidskraft og tilflytting til Møre og Romsdal, har UNG-satsinga hatt som mål å auke ungdommen sin medverknad i politikk og samfunnsliv og synleggjere moglegheiter for unge i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått samarbeidsavtale med Distriktssenteret (Kompetansesenter for distriktsutvikling). Senteret arbeider hovudsakleg med å hente inn, systematisere og formidle kunnskap og erfaringar om lokale utviklingstiltak. Senteret støttar og rettleier lokale initiativ og aktørar i kommunane. Samstundes arbeider også senteret med å styrkje og byggje opp under kompetansen til fylkeskommunane og andre støttespelarar for lokal samfunnsutvikling. Arbeidet med foresightanalysene for Sunnmøre og for Romsdal/Nordmøre er ført vidare. Folkehelse Omgrepet folkehelse er knytt til samfunnet sin samla innsats for å skape god helse i befolkninga. Gjennom kurs, konferansar, konkurransar og økonomisk stønad har fylkeskommunen arbeidd for å sikre gode oppvekst- og levekår, samt førebyggje sjukdom og skadar i alle aldersgrupper. Partnarskapen med kommunane om God Helse er utvida til å omfatte 28 kommunar Det er løyvd kr. 1 mill i tilskot til etablering og utvikling av 8 frisklivssentralar I samarbeid med Høgskulen i Molde er det utvikla etterutdanningstilbod kring kosthald og helse og organisering og leiing av folkehelsearbeidet. Likestilling Med likestilling meiner vi like rettar, plikter og mulegheiter på alle samfunnsområde, for alle. I løpet av 21 har fylkeskommunen: arrangert kurs for kommunane arrangert Karrieredagar for elevar i 1. klasse, der målsetjinga var å oppmode jenter og gutar til å velje yrkesretning utanfor dei tradisjonelle kjønnsrollemønstra. Universell Utforming Alle innbyggjarane i Møre og Romsdal skal ha like muligheiter til personleg utvikling og livsutfalding. Arbeidet med universell utforming skal derfor vere tufta på heilskapleg tenking, der brukarane står i sentrum. Gjennom kurs, konferansar, konkurransar og økonomisk stønad har fylkeskommunen arbeidd for å nå denne målsetjinga, og har i 21: blitt pilotfylke i den nasjonale satsinga på Noreg universelt utforma 225 arrangert konferansen Universell utforming i sentrum, kor nærare 1 personar frå kommunar og interesseorganisasjonar deltok kåra Igletjønna i Rindal kommune til beste universelt utforma turmål i 21 * Arbeidet med Likestilling og Universell utforming er også omtala på side 6/7 i årsrapporten. 12

Areal og miljøvern Med utgangspunkt i regional mynde og politisk vedtekne mål i regional energi og klimaplan, har fylkeskommunen i 21: Gjeve tilskot til etablering av tre kompetansesenter for fornybar energi, desse er lokalisert på Runde, Smøla og i Tingvoll Arbeidd vidare med å miljøsertifisere verksemda, og no er tre av fire vidaregåande skular og fire av fem tannhelsedistrikt i miljøsertifiserte Sendt ut på offentleg høyring Planprogram for Møre og Romsdal vassregion Samfunnstryggleik og beredskap Samfunnstryggleik dreier seg om samfunnsplanlegging med sikte på å skape eit trygt og robust samfunn. Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje tilsynsmynde innan området, men skal etter plan- og bygningslova (PBL) rettleie og støtte kommunane i planleggingsoppgåvene deira. I 21 er m.a. dette blitt gjort: Handsama 1121 innkomne saker etter PBL FylkesROS-fjellskred er under utarbeiding Etablert forprosjekt for etablering av ei beredskapsutdanning ved fagskulen i Kristiansund Infrastruktur Med infrastruktur meiner vi det nettverket som må til for å gjennomføre ein aktivitet og/eller drive ei verksemd i Møre og Romsdal. Infrastruktur er i Møre og Romsdal eit middel for å nå målsettingar innan viktige samfunnsområde, og det er prioritert å leggje til rette for god infrastruktur innan kultur, kompetanse, samferdsel og næringsutvikling. I 21 er m.a. dette gjort: investert for nær 4 mill kroner i fylkesvegnettet medverka til etablering av to industriinkubatorar; i Sunndal og Surnadal gjennomført ei rekkje nettverkssamlingar og kurs gjennom hoppid.no hatt stor aktivitet i Breiband Nordvest. Dei pågåande fasane IV og V har ei økonomisk ramme på kr. 35 mill. ytt økonomisk stønad til alle dei store kulturinstitusjonane løyvd investeringsmidlar til nybygg Romsdalsmuseet og byggestart teater- og jazzhus i Molde. Globalisering Basert på den internasjonale strategien som vart vedtatt i fylkestinget i 29, har Møre og Romsdal fylkeskommune deltatt på møteplassar som til dømes Nordsjøkommisjonen, CPMR og regionsmønstringa Open Days i Brussel. Fylkeskommunen er dessutan engasjert i ei rekkje tverrfaglege, internasjonale prosjekt, som t.d. CoastAlive!, EfficienSea og StratMos. Møre og Romsdal er pilotfylke innan universell utforming (UU). Satsinga på UU skal vere tufta på heilskapleg tenking, der brukarane står i fokus. Foto: Svein Kvakkland 13

Nye oppgåver frå 21 Fylkeskommunen har frå 21 ansvaret for over 8% av vegane i Møre og Romsdal med tilhøyrande ferjesamband. Foto: Info Frå 21 har Møre og Romsdal fylkeskommune fått ansvar for ei rekkje nye oppgåver i samband med forvaltningsreforma. Den største endringa kom innan samferdsel, der fylka er blitt vegeigarar, og dette har representert store utfordringar både når det gjeld drift og forvaltning. I 21 er m.a. dette gjort i høve til dei nye oppgåvene: Ansvar for øvrige riksvegar og tilhøyrande ferjestrekningar - Nytta om lag 34 mill. kroner til drift- og vedlikehald av fylkesvegnettet - Investert for nærare 4 mill. kroner i fylkesvegnettet - Nytta nær 3 millionar kroner til ferjedrift. - Tilsett fleire i samferdselsavdelinga og omorganisert til to seksjonar: Infrastruktur og Kollektivtransport Forvalte regionale forskingsfond I 21 blei det oppretta sju nye forskingsregionar i Norge, der Møre og Romsdal i lag med trøndelagsfylka utgjer Regionalt forskingsfond Midt-Norge. RFF Midt- Norge lyste ut 4 millionar kronar til forsking innanfor satsingsområda marin, maritim, fornybar energi, mat og offentleg sektor, og fekk inn heile 19 søknader. Vedtak om støtte vart fatta januar 211. Ansvar for fagskoleutdanninga Frå 1. januar 21 fekk fylkeskommunane ansvaret for tilboda innan godkjend fagskoleutdanning. Tilboda skal ta omsyn til behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt innan prioriterte samfunnsområde. Reforma vart gjennomført utan statleg fullfinansiering og arbeidet med å få verksemda i samsvar med dei økonomiske rammene har vore ei stor oppgåve dette året. Møre og Romsdal er mellom dei tre-fire største fagskoletilbydarane i landet. Både Fagskolen i Kristiansund og Fagskolen Ålesund har i mange år hatt tilbod i mellom anna maritime fag. Kristiansund starta i 29 eit deltidsstudium i boring og havbotninnstallasjonar. Hausten 21 starta det i Kristiansund ei gruppe på 25 deltidsstudentar i psykisk helsearbeid. Fagskolestyret vil sende ytterlegare tre søknader til NOKUT om godkjenning i august 211, mellom anna eit tilbod i kreftomsorg og to i aldring og helse. Rettleiing og kvalitetsutviklingstiltak på grunnopplæringsfeltet Fylkeskommunen skal rettleie kommunane og andre skoleeigarar om og medverke til kvalitetsutviklingstiltak som mellom anna kan gje god samanheng mellom grunnskolen og vidaregåande opplæring. I samband med inntaket til vidaregåande opplæring er det også i 21 gjennomført samlingar med rådgjevarar i begge skoleslaga. Karriererettleiingsprosjektet (26-11) har som hovudmål å gje ungdomstrinnselevar betre føresetnader for å velje utdanningsprogram i vidaregåande skole. Kompetanseutvikling i rådgjevingsnettverk for ungdomstrinnet og vidaregåande skolar er mellom tiltaka i prosjektet (sjå meir side 9). Fylkeskommunen fekk hausten 21 prosjektansvaret for den fireårige statlege satsinga NY Giv, som omfattar tiltak i overgangen mellom ungdomstrinn og vidaregåande trinn 1. Intensivopplæring i grunnleggjande ferdigheiter er mellom tiltaka i satsinga. Tiltak for å styrkje samarbeidet mellom OT/NAV er eit anna delprosjekt i NY Giv. Medeigar i Innovasjon Norge Frå 21 vart fylkeskommunane eigar av tilsaman 49% av Innovasjon Norge. Eigarskapet inneber at fylkeskommunane får ei rolle i å utvikle Innovasjon Norge. Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med dei andre fylkeskommunane utpeika representantar til styre i selskapet. Fylkeskommunane er også med i samarbeidsforum for Innovasjon Norge. Dette forumet skal leggje til rette for ein forsterka politisk dialog mellom staten og fylkeskommunane når det gjeld Innovasjon Norge. 14

Fylkeskommunen har frå 21 ansvaret for forvaltning av ikkje truga artar av vilt og innlandsfisk. Foto: Øyvind Leren Tildeling av akvakulturkonsesjonar og forvalting av viltlevende marine ressursar I 21 er det fatta til saman 6 vedtak. Det er gitt 55 løyve og 5 avslag på søknader. 9 søknader er avslutta utan vedtak (trekte eller returnert). Av søknader ein fekk overført frå Fiskeridirektoratet er det avslutta 48 søknader. Det er i 21 motteke 49 søknader. Av desse er 12 søknader mottekne etter 1. september 21 (som tidsfristforskrifta gjeld for). Vassregionmynde etter forskrift om vassforvaltning I 21 har ein utarbeidd og sendt ut på offentleg høyring Planprogram for Møre og Romsdal vassregion. Det vart utlyst tre stillingar som prosjektleiarar i vassområda. Forvaltning av ikkje truga artar av vilt og innlandsfisk - Miljøutvalet fordelte viltfondsmidlar for 21: 25 kr. til hjortevilttiltak og 1 kr. til lokale vilttiltak. - Det er tilsett naturforvaltar - Jakttida for elg og hjort er etter søknad blitt utvida i 5 kommunar Ansvar for allment friluftsliv og forvaltning av friluftsområde Kulturavdelinga har, i samarbeid med kommunane og friluftslivsorganisasjonane, ansvar for aktivitetsdelen i bruken av desse områda. Dette arbeidet vert å sjå i samanheng med med fylkekommunen si øvrige satsing på friluftsliv. Som del av forvaltningsreforma er ansvaret for sikring, forvalting og aktivitet i friluftsområde overført til fylkeskommunen. Internt i fylkeskommunen er dette ansvaret fordelt mellom plan- og analyseavdelinga, kulturavdelinga og regional- og næringsavdelinga. Ansvar for innspel til jordbruksoppgjeret Møre og Romsdal fylkeskommune sende innspel til Landbruks- og matdepartementet i framkant av jordbruksforhandlingane 21. Innspela var behandla i Fylkeskommunane har frå 21 eit større ansvar for oppnemning av styreleiarar og styremedlemmar til region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar, som t.d. Kulturkvartalet i Ålesund. Foto: Tove Eivindsen nærings- og miljøutvalet og fylkesutvalet og hovudpunkta var; behov for betre økonomi i mjølke- og kjøtproduksjon, auka tilskot til investeringar i landbruket og meir pengar til skjøtsel av kulturlandskapet. Ansvar for verkemiddel til rekruttering og kompetanseheving i landbruket I 21 vart det laga ein handlingsplan for arbeidet med rekruttering, kompetanseheving og likestilling i landbruket. Dei 1,5 millionane som er tildelt frå Landbruksog matdepartementet vart fordelt på ulike tiltak, som forsterka marknadsføring av naturbruksutdanninga, kurs for unge bønder og Inn på tunet-prosjekt. Oppnemning til styret i kulturinstitusjonar Fylkeskommunane har frå 21 eit større ansvar for oppnemning av styreleiarar og styremedlemmar til region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar, som Molde International Jazzfestival, Teatret Vårt og Kulturkvartalet i Ålesund. Ny oppnemning vil skje i 211. Ansvar for folkehelse som ei lovfesta oppgåve Folkehelselov for fylkeskommunar tredde i kraft frå 1.1.21. Lova pålegg fylkeskommunen å støtte kommunane i folkehelsearbeid samt drifte parnarskap og koordinere samarbeid mellom folkehelseaktørane. Etter lova skal fylkeskommunane utvikle statistikkverktøy til å registrere helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverker denne. Statistikken skal danne grunnlag for kommunane sitt planarbeid. Dette vil bli eit krevjande nybrottsarbeid, og det er lyst ut ny stilling for m.a. å følgje opp dette nye lovkravet. Våren 211 er det meldt at Stortinget i samband med samhandlingsreformen skal vedta endringar i lova til å gjelde også for kommunar og nasjonale instansar. Dette vil gjere grunnlaget for det regionale folkehelsearbeidet endå sterkare. 15

Utdanning Om sektoren Utdanningssektoren består av knapt 2 tilsette fordelt på 23 vidaregåande skolar, 2 fagskolar og med ein sentraladministrasjon med om lag 5 tilsette som har ansvar for drift, administrasjon og utvikling av sektoren. Avdelinga i sentraladministrasjonen har også ansvaret for den delen av vidaregåande opplæring som skjer i bedrift, med vel 2 lærlingar fordelt på 13 godkjende lærebedrifter i heile fylket. Viktige prosessar og hendingar i 21 Det er gjennom satsinga Ny GIV starta samarbeid med dei tre største bykommunane i fylket for å betre elevane sine føresetnader for å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Det er gjennomført undervisningsevaluering ved 5 testskolar i 21 med full gjennomføring frå 211. Det vart gjennomført omfattande kompetanseheving for instruktørar og faglege leiarar i lærebedrifter og for medlemmer i prøvenemnder. Ved Atlanten vgs, Gjermundnes vgs, Romsdal vgs og Volda vgs var det i 21 ferdigstilte nybygg eller rehabiliterte bygg. Etter at skoleeigar gjennom mange år hadde fokus på strukturutfordringar som driftsøkonomi og skole- og tilbodsstruktur, har ein dei siste åra i større grad vore i stand til å fokusere på kvaliteten i opplæringa. Dette fell saman med ei sterk nasjonal satsing på å betre gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Dette har medført at ein har lagt stor vekt på å skaffe pålitelege data om korleis elevane og lærlingane på ulike utdanningsprogram, skolar og lærebedrifter presterer. Desse læringsresultata er så tema for samhandlinga mellom administrasjonen og politikarane og mellom skoleeigar og skolane og opplæringskontora. Ein har sett seg som mål å auke gjennomføringsgraden frå 72% til 75% i løpet av økonomiplanperioden. Det kan ein berre oppnå dersom ein greier å få fleire unge ut i lære. Dei siste åra har ein dessutan hatt som overordna mål at flest mogleg skal få tilbod om det utdanningsprogrammet dei prioriterer høgast, og ein har utvida tilbodsstrukturen ved distriktsskolane med småskalatilbod der ein føreset tett samarbeid mellom skolen og arbeidslivet. Når ungdommen sine ønske om utdanning ikkje heilt samsvarar med etterspurnaden etter kompetanse i arbeidsmarknaden, har det lett som konsekvens at færre lærekontraktar blir teikna med svakare gjennomføringstal som resultat. Dette er ei strukturutfordring som sektoren må ta på alvor i åra som kjem. Per Hoem fylkesutdanningssjef Verksemda i 21 Den viktigaste utfordringa for sektoren er å sørgje for at flest muleg av elevane i vidaregåande opplæring gjennomfører (fullfører og består) utdanninga. Satsinga på gjennomføring har vore på fire hovudområde: 1. Skaffe meir kunnskap om fråfall, årsaker og verknader (m.a. sak T-75/1 A- kvalitetsmeldinga) 2. Tiltak for å betre overgangen mellom ungdomstrinn og vidaregåande trinn og mellom Vg2 i skole og opplæring i bedrift (m.a. satsinga på Ny GIV og Aksjon fleire læreplassar ) 3. Tiltak for å få opplæringa tilpassa den einskilde elev sine føresetnader (tettare oppfølging) 4. Tiltak for å få betre samhandling mellom ulike støtteinstansar rundt eleven (PPT, NAV, OT, barnevern, helsetenesta, Ny GIV) I fylkesplanen er det sett som mål at gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring etter 5 år skal aukast frå 7% i 28 til 75% ved utgangen av planperioden. Tal frå SSB (21) viser at av dei som starta i Vg1 i 24 hadde 72% gjennomført etter 5 år i Møre og Romsdal. Landsgjennomsnittet for same kull var 69%. For kullet før var gjennomføringsprosenten her i fylket 71. Skoleåret 9/1 gjennomførte 78,8% av elevane Vg3 med greidd resultat. Låg gjennomføringsgrad er eit stort problem på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Altfor mange er utanfor opplæring året etter Vg2 på yrkesfag (26,7 i 29). Talet er noko høgare for Møre og Romsdal enn landssnittet og ein har som ein følgje av dette m.a. starta Aksjon fleire læreplassar. Mangel på læreplassar gjer at mange på yrkesfag vel påbygging til studiekompetanse. Berre 64% av desse gjennomførte kurset i 9/1. I tillegg til hovudfokus på gjennomføring, har sektoren hatt ein innsats på fleire meir avgrensa område som også skal bidra til auka gjennomføring av vidaregåande opplæring. 16

Karriererettleiing Karriererettleiingsprosjektet er no i sitt femte og siste prosjektår. Tiltak som blir vidareført, er utprøving av to utdanningsprogram i vgs for alle elevar på 1. trinn og regionale samlingar i rådgiving for ungdomstrinnet og vgs. I Ålesund er det prøvd ut ein modell Informasjon/Kartlegging/ Oppfølging (IKO) for betre overgang mellom 1. trinn og Vg1. Ulike delprosjekt i Partnarskap for karriererettleiing i eit livslangt perspektiv er starta fleire stader i fylket dette året. Karrieredagane 21 vart gjennomført i fire regionar i september. Her fekk omlag 35 elevar frå 1. trinn oppleve og prøve seg i høve til eit mangfald av ulike yrkes- og utdanningsvegar i fylket. Ungt Entreprenørskap (UE) Det gode samarbeidet mellom fylkeskommunen og UE heldt fram i 21. Målet er å auke bruken av pedagogiske entreprenørskapsmetodar på grunnskole- og vidaregåande trinn og på høgskolane i fylket. Ungdoms- og studentbedrift, Gründercamp og Økonomi og karriereval er døme på mykje brukte UE-program. Hoppid.no si satsing Entreprenørskap i utdanning vart avslutta i 21, men ved årsskiftet vart det avklart at tiltaka retta mot kommunane og grunnskolen blir vidareført i ei ny treårig satsing: Entreprenørskapsløype i kommunane. Ung medverknad 21 har vore eit aktivt år for Ungdomspanelet, med arbeid mot ungdomsråda i kommunane og i regionale fora, samarbeid med ungdom i andre fylke og deltaking på nasjonale konferansar og samlingar, m.a. den første Ungdommens Nasjonalforsamling. Ungdommens fylkesting vart arrangert i Kristiansund og Ungdommens spørjetime vart innført som ein fast ordning under det ordinære fylkestinget i oktober. Ungweb.no er eit av dei viktigaste verkemidla fylkeskommunen har i arbeidet med å leggje til rette for auka medverknad frå ungdom. Vidareutvikling og auka bruk av ungweb.no er framleis eit prioritert område. Fagskolane Arbeidet med fagskolane var i 21 prega av utfordringar knytt til å få verksemda tilpassa knappe og usikre statlege økonomiske rammer. Dette gjer det vanskeleg å finne ressursar til å utvikle nye fagskoletilbod. Tilbodet i psykisk helsearbeid kom i gang i Kristiansund og tilboda i borefag og undervassinnstallasjonar same stad er starta opp etter planen. Hovudaktivitetstal (tal frå 29 i parentes) I skoleåret 21/11 er det i underkant av 94 (94) elevar som går på vidaregåande skolar. På Vg1 fikk 88,5% (87%) av ungdomane plass på sitt første kursønske. Dette er 1,5% høgare enn fjoråret. Årsaka til at vi ikkje heilt når økonomiplanmålet på 9%, er at søkinga til Vg1 byggfag held seg låg, som i fjor, og det har ikkje vore muleg å auke kapasiteten innafor andre utdanningsprogram for å møte auka søknad der. Det vart i 21 inngått 179 (1175) nye lærekontraktar. Tilgangen til læreplassar er framleis noko redusert som følgje av finanskrisa, spesielt innafor bygg og anlegg og industrien. Det vart avlagt 152 (1537) fag-/ sveineprøver, og ved årsskiftet 21/211 var det 274 (2216) løpande lærekontraktar og 91 (79) opplæringskontraktar. I 21 vart 385 vaksne realkompetansevurdert. Det har vore gjennomført ca. 4 kurs spesielt tilrettelagt for vaksne og totalt 76 vaksne har begynt på eitt av kursa. 12 av kursa er innafor helse- og sosialfag. ØKONOMI Utdanningssektoren hadde ei samla ramme på 1.413,6 mill. kroner og eit samla mindreforbruk på 21,8 mill. kroner. Samla sett hadde dei vidaregåande skolane inkl. fagskoleramma eit mindreforbruk på 9,9 mill. kroner, men 8 av 24 vidaregåande skolar hadde eit meirforbruk. På fagskoleramma var det eit netto meirforbruk på 4,344 mill. kroner. Dei statlege overføringane er ikkje tilstrekkelege til å få balanse i drifta med den struktur og kapasitet ein har i dag. Ramma for fagopplæring hadde eit mindreforbruk på 8,8 mill. kroner. Mindreforbruket skuldast at talet på teikna lærekontraktar har vore lågare enn føresett. Dette kan sjåast i samanheng med finanskrisa og at det er mange bedrifter som har vegra seg for å ta inn lærlingar. Når det gjeld dei andre rammene under utdanning, visest det til rekneskapen for detaljar. Utfordringar Gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring skal aukast. Målet er at 75% gjennomfører i løpet av 5 år. Sikre at dei unge opplever tilpassa opplæring, kvalitet, heilskap og samanheng i opplæringa og eit godt arbeids- og læringsmiljø. Sikre at minst 9% av ungdomen får oppfylt førsteønsket sitt om vidaregåande opplæring. Auke tilgang på læreplassar gjennom Aksjon fleire læreplassar og sikre god kvalitet og omfang på opplæringstilbodet for lærlingar. Sikre god tilbodsstruktur og opplæringskvalitet i fagskolane innafor gitte økonomiske rammer. 2 15 1 5 Utdanning Tal på tilsette/årsverk 1916 28 1975 29 1973 21 Tilsette 172,9 28 1734,5 29 Årsverk 1717 21 1973 tilsette (av desse 5 tilsette i sentraladministrasjonen). 1717 årsverk (av desse 47 årsverk i sentraladministrasjonen) 17

Samferdsel Om samferdselsavdelinga Avdelinga arbeider for å gi flest mogleg i fylket eit teneleg kollektivtilbod med buss, ferje og hurtigbåt. Avdelinga har også ansvaret for å oppretthalde og vidareutvikle fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. I tillegg er også samferdselsavdelinga forvaltingsorgan for løyve etter yrkestransportlova og gjer vedtak om skuleskyss etter opplæringslova. Viktige hendingar i 21 Forvaltingsreforma Kunngjort første bussanbodet i fylket Ferjefri E 39, høyringsdokument Regional transportplan for Midt-Norge Evaluering av TT-ordninga i fylket Verksemda i 21 - Forvaltingsreforma Reforma innebar m.a. ei ansvarsoverføring for store deler av vegnettet og dei fleste ferjesambanda i fylket frå stat til fylkeskommune. For at fylkeskommunen skal kunne handtere dette nye ansvarsområdet, har det vore heilt nødvendig å finne fram til gode samarbeidsløysingar med Statens vegvesen. 1. januar 21 gjekk ein stor del av riksvegane over frå å vere eigd av staten til å bli eigd av fylkeskommunen. Ansvaret for ferjesambanda på det same vegnettet vart også overført. Frå før hadde fylkeskommunen ansvaret for kollektivtrafikk, hurtigbåtar og nokre få ferjesamband. Fylkestinget har dermed fått ei klårare rolle når det gjeld regionale prioriteringar innan samferdsel. Ser vi på dei politiske prioriteringane for 21, er det ein klår bodskap at det skal satsast på vedlikehald av vegnettet og betre ferjedrift. På investeringssida har det vore auka interesse for bygging av gang- og sykkelvegar, universell utforming og kollektivtiltak. I tillegg til dette, har det i fleire år vore satsa på å redusere talet på grusvegar i fylket. Den store omstillinga som forvaltningsreforma krev innan samferdselsområdet, er berre mogleg å gjennomføre gjennom godt og systematisk samarbeid med Statens vegvesen. Det er inngått avtalar som regulerer arbeidsdelinga mellom Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Arild Fuglseth samferdselssjef Samferdselsavdelinga har, m.a. som følgje av forvaltingsreforma, tilsett fleire medarbeidarar. Avdelinga hadde ved utgangen av 21 19 fast tilsette saksbehandlarar, samt 2 medarbeidarar mellombels tilsett på prosjekt. Samferdselsavdelinga vart også omorganisert; frå ein relativt flat struktur til to seksjonar. Infrastrukturseksjonen har oppgåver knytt til investering/drift/vedlikehald av fylkesvegane samt det overordna ansvaret for samferdselsplanlegginga i fylkeskommunen. Kollektivtransportseksjonen har sine oppgåver hovudsakleg knytt til innkjøp/drift av rutebil, ferjer og hurtigbåtar. I tilegg har seksjonen også det daglege ansvaret for skoleskyssen i fylket. Kollektivtransport - Rutebil Totalt vart det utbetalt omlag 25 mill kroner til ruteselskapa. Første anbodspakken for buss vart lyst ut i ålesundsområdet. Denne pakken utgjer omlag 3 mill rutekilometer, dvs. omlag 15% av den totale produksjonen i fylket. Anbodsopning blir i februar 211. I utvalde kommunar på Nordmøre vart det starta opp ein test/pilot med det nyinnkjøpte elektroniske billetteringsutstyret på bussar. Noko feilretting og justeringar har det vore, men vi er klar for å gå vidare med systemet i løpet av 211. Hurtigbåt Det vart starta opp ny anbodskontrakt i 29, med 4 nye båtar og med eit utvida ruteopplegg. Dette vart vidareført i 21 og fungerer bortimot slik vi hadde planlagd det. Vel 5 mill. kroner er utbetalt til dette føremålet. Ferje Etter forvaltingsreforma overtok vi 16 nye ferjesamband frå staten, slik at vi i 21 hadde ansvaret for totalt 2 ferjesamband i fylket. 9 av desse var på anbodskontraktar, medan 11 var på forhandla kontrakt. I 21 vart det sett i verk éin ny anbodskontrakt (Romsdalspakken), som inneheldt 1 riksvegferjesamband og 3 fylkesvegferjesamband. Gjennom året har det vore stort fokus på reservemateriell, både på forhandla- og anbodskontrakter. Det vart 18

inngått ein tilleggsavtale om meir reservemateriell på dei forhandla kontraktene. I 21 brukte vi omlag 296 mill. kr. til ferjedrift. Annan transport - Drosje Køyregrunnlaget for drosjene har auka i dei sentrale strok i fylket, medan det har vore til dels stor nedgang i einskilde utkantstrok. Dette har mange stader medført problem med å få tilsett nye løyvehavarar. I tillegg slit næringa med rekrutteringa til sjåføryrket. Samferdselssjefen har starta ein dialog mellom aktuelle partar for å sjå nærare på situasjonen for drosjenæringa i fylket. Det er avvikla eit møte med helseføretaket, taxiforbundet i fylket, TL m.fl., der det vart fastsett ein handlingsplan med konkrete gjeremål til neste møte, våren 211. Tilrettelagt transport (TT) Ved hjelp frå ekstern konsulent gjennomførte vi ei evaluering av TT-ordninga i Møre og Romsdal. Konklusjonen er at det er behov for å gjere vesentlege endringar i denne ordninga for å få den til å fungere betre; m.a. innføring av elektroniske brukarkort. Skoleskyss Omlegging av rutinar og gjennomgang av regelverk før revidering av skyssreglement for skoleskyss har prega arbeidet vårt dette året. Frå skulestart 21 fekk elevar med funksjonshemming skyssrett i samband med SFO. Fylkeskommunen har hatt tettare samarbeid med elevar/ føresette, skolar og ruteselskap ved tilrettelegging av skoleskyss for funksjonshemma elevar. I tillegg ser vi at fritt skolevalg for vidaregåande elevar gjev utfordringar innan skoleskyss. Skoleskyssåret 21 vil prege vårt vidare arbeid med skoleskyss. Planarbeid Det har vore stor planaktivitet på samferdselsområdet gjennom heile året. Utkast til strategidokument for Ferjefri E-39 vart sendt ut på ei brei høyring og mange høyringsinstansar har kome med innspel. Endeleg vedtak på strategidokumentet er venta i april 211. Arbeidet med Regional transportplan for Midt Norge (dvs. saman med Nord- og Sør-Trøndelag) vart starta opp, til ein viss grad etter modell frå Transportplan Vestlandet. Vi har gjennomført 4 regionale møte i fylket for å få innspel til prioritering av samferdselstiltak. Det var svært godt oppmøte frå både kommunar, regionråd og andre, og tilbakemeldingane frå deltakarane er positive. Fylkesvegar Mesteparten av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene på fylkesvegnettet vert gjennomført innan driftskontraktene. Driftsstandarden er i stor grad fastlagt med grunnlag i trafikkmengd (ÅDT). Evt. standardendringar bør gjerast i samband med utlysing av nye kontraktar. Totalt har vi nytta om lag 34 mill kroner til drift- og vedlikehald av fylkesvegnettet i 21. Økonomi Samferdsel hadde ei ramme på 137,6 mill. kroner. 651 mill. kroner var fordelt på samferdselstenester og 386,6 mill. kroner var fordelt på fylkesvegar. I 21 var det eit samla mindreforbruk på 39,1 mill. kroner. 4,7 mill. kroner gjaldt samferdselstenester og 34,4 mill. kroner gjaldt fylkesvegar. Når det gjeld drift og vedlikehald av fylkesvegnettet, er store delar av mindreforbruket knytt opp mot kaivedlikehald, då det i 21 var mange uhell. Uhella førte med seg at ressursar hos både entreprenørar og byggherre vart knytt opp til reparasjonar, noko som gikk ut over ordinært vedlikehald. Det var også mindreforbruk på bruvedlikehald, då oppstart av ny rammeavtale vart forseinka i høve til opphavlege planar. Vidare var det mindreforbruk knytt til trafikktryggingsmidlar, som følgje av at kommunane ikkje har fullført dei prosjekta dei har søkt om støtte til. Investeringsramma til samferdsel var på 52,7 mill. kroner i 21. Av denne løyvinga gjaldt 2,1 mill. kroner investeringar i terminalanlegg, ruteopplysning og elektronisk billetteringssystem, medan 482,6 mill. kroner gjaldt investeringar i fylkesvegar. Av løyvinga på 52,7 mill. kroner står det ubrukt 9,7 mill. kroner ved utgangen av 21. Dei utbrukte midlane fordeler seg med 85,5 mill. kroner på fylkesvegar og 5,2 mill. kroner på øvrige investeringar. Når det gjeld mindreforbruket på fylkesvegar, skuldast 42,4 mill kr. at tilbakebetalte forskotteringar på nye fylkesvegar ved ein feil er ført opp i investeringsbudsjettet for 21. Refusjonane er utbetalt, men er rekneskapsmessig ei konvertering av gjeld. Resterande mindreforbruk på 43,1 mill. kroner skuldast i hovudsak at prosjekt er forseinka i høve til opphavleg framdriftsplan, mellom anna som følgje av manglande kapasitet. Det er også reelle innsparingar på nokre prosjekt. Slike innsparingar er i hovudsak føresett brukt inn i prosjekta i 211 (mellom anna rassikring Hellesylt-Røyr). Utfordringar Vidare utrulling av nytt elektronisk billetteringsutstyr Prioritering av infrastrukturtiltak i Møre og Romsdal Vidareutvikle samarbeidet med Statens vegvesen Forbetringar av TT-ordninga Store plan- og strategioppgåver både i og over fylkesgrensene SAMFERDSEL Tal på tilsette/årsverk 2 15 1 Møre og Romsdal fylkeskommune har i 21 investert for nær 4 mill kroner i fylkesvegnettet. Av viktige prosjekt kan nemnast rassikring Bjørke-Leira og Røyr-Hellesylt (byggesteg 1), gang- og sykkelveg på Kårvåg og fast dekke på fleire vegstrekningar (grusvegpakka). 5 13 28 14 2 29 21 12,6 13,6 19,8 28 29 21 Tilsette Årsverk 19

Kultur Om avdelinga Kultur, livskvalitet, identitet og bulyst har hovudfokus for kulturavdelinga, gjennom partnarskapsbygging med kommunar, frivillige organisasjonar og kulturinstitusjonar. Verksemda omfattar fylkesbibliotek, folkehelse og fysisk aktivitet, kulturformidling, kulturminnevern og implementering av fylkesplanen. Drift av likestillingsutvalet, eldrerådet, råd for likestilling av funksjonshemma og folkehelseutvalet ligg til kulturavdelinga. Viktige hendingar i 21 Fylkestinget har sett av midlar for kulturområdet for å gjennomføre utviklingstiltak i tråd med fylkesplan for Møre og Romsdal, m.a: Pilotprosjektet Kompetanse og inkludering og vedtak av Frivilligplan for Møre og Romsdal. Stor satsing på frivillig sektor i Møre og Romsdal. Piloten Kultursekk i barnehage, gjennomført i 9 kommunar i 21. SAMSØK, felles søketeneste for alle bibliotekkatalogane i fylket. Avklara finansiering av nybygg ved Romsdalsmuseet. Verksemda i 21 - Folkehelse og fysisk aktivitet Det er fordelt 4.2 mill kroner i spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet. Friluftsprosjektet har vorte vidareutvikla, og ein har utvikla ei nettside der ski-, sykkel-, padle- og fotturar blir merka og gradert etter malen vi kjenner frå alpinanlegg. Dette har skjedd i samarbeid med dei tre andre vestlandsfylka. I fylkesplanen er kultur eit av tre særlege satsingsområde. Satsinga byggjer på at Møre og Romsdal er ein levande, framtidsretta og dynamisk kulturregion, der tradisjon, mangfald, nyskaping og verdiskaping går hand i hand og der kultur er tilgjengeleg for alle. For å skape giv i og for kulturlivet i Møre og Romsdal, arbeider fylkeskommunen tett saman med dei 36 kommunane i fylket. Fylkesplanen sitt handlingsprogram på kulturområdet har fleire enkelttiltak som finn sine løysingar gjennom ulike samarbeid fylkeskommunen har med kommunal sektor, frivillig verksemd og kulturinstitusjonane i fylket. 21 har vore eit framgangsrikt og produktivt år for fylkeskulturavdelinga takka vere eit breitt og godt kultursamarbeid og ressursar tilført gjennom fylkesplansatsinga. Fylkeskommunen har ytt tilskot til nettverket av kulturorganisasjonar og kulturinstitusjonar til drift og prosjekt samla om lag 41,5 mill kr. 28 kommunar er med i God Helse-partnarskapen, og det er tilsett 26 koordinatorar i minimum 5% stilling. I samarbeid med Høgskulen i Molde har ein utvikla etterutdanningstilbod innan kosthald og helse, som er på bachelor- og masternivå. Møre og Romsdal har delteke med 6 kommunar i Helse i Plan-prosjektet, og erfaringane og rapporten frå Møre og Romsdal har vakt interesse over heile landet. I 21 vart det gjeve tilskot til 8 kommunar som skal etablere frisklivssentralar som skal gje systematisk rettleiing til personar med behov for varig livsstilendring. Kulturformidling Alle dei 36 kommunane er med i ordninga Kultursekken. I løpet av 21 vart 75 produksjonar sendt på turne med 13 visningar, noko som tilsvarar 14 billettar. I 21 har barnehagar i 9 kommunar fått profesjonelle kulturtilbod gjennom pilotprosjektet Kultursekk i Barnehage. Kulturrabatt for ungdom gjev opptil 5% rabatt hjå arrangørar som er med i ordninga. I år har 24 arrangørar vore med og ein har refundert 46 3 billettar (mot 33 i 29). Refundert sum er 1,4 mill. kroner. Ungdommens kulturmønstring (UKM) vart arrangert for 25. gong i Møre og Romsdal og totalt deltok 1921 ungdommar i lokalmønstringar og 4 i fylkesmønstringa. I 21 vart det tildelt fylkeskunstnarstipend i Møre og Romsdal for andre gong. 7 kunstnarar fekk tildeling innanfor ei ramme på kr. 3. Arvid Blindheim fylkeskultursjef Kulturvern Store og utfordrande oppgåver innan bygningsvern, arke- 2