FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012



Like dokumenter
FINANSFORVALTNINGA I 2011

Finansrapport 2. tertial 2015

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

Finansrapport 1. tertial 2016

Finansrapport 2. tertial 2017

ØKONOMIAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Finansforvaltninga i 2016

Finansrapport 1. tertial 2017

ENDRING AV REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNINGA I HORDALAND FYLKESKOMMUNE.

Rapportering finans

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Reglement for finansforvaltning

KVA ER FINANSIELLE INSTRUMENT?

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

DRAMMEN KOMMUNE. Finansrapport pr. 2. tertial 2012

Statusrapport for Frogn kommunes gjeldsforvaltning

Saksnr. Styre, råd, utvalg Møtedato 19/2017 Formannskap /2017 Kommunestyret

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013.

REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNING (REGLEMENT I H.T. FINANSFORSKRIFT GJELDANDE FRÅ )

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Finansrapport 1. tertial 2015

DRAMMEN KOMMUNE. Finansrapport pr. 2. tertial 2013

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Rekneskapsrapport pr. juni 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Finansrapport 1. tertial 2014

Saksframlegg. Randaberg kommunestyre vedtar nytt finansforvaltningsreglement.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Saksbehandlar: Lisa Marie Hillestad Ålsberg, Fylkesrådmannen Sak nr.: 16 /

SAKSFORELEGG. Sola kommune. Formannskapet Kommunestyret FINANSRAPPORT PR RÅDMANNENS TILRÅDNING TIL VEDTAK:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

DRAMMEN KOMMUNE Finansrapport pr. 1. tertial 2015

REGNSKAPSMESSIG BEHANDLING AV FINANSIELLE INSTRUMENTER

Finansrapport 1. tertial 2015

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arnvid Bollingmo Arkiv: 100 Arkivsaksnr.: 17/2149


Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2014 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2013 for Sogndal kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Torsken kommune Møteinnkalling

Styresak. Terje Arne Krokvik Handtering av lån eventuell rentebinding. Styresak 115/05 O Styremøte

Forskrift om bustøtte

Reglement for finansforvaltning

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 SAMANDRAG Fylkeskommunen si lånegjeld er aukande, og har passert 6,2 mrd. kr. For å sikre seg mot store svingingar i renteutgiftene, har ein bunde renta på om lag 60% av låneporteføljen. I prinsippet skulle endringar i rentenivået dermed ikkje gje særlege utslag på fylkeskommunen sine netto renteutgifter. Endra renteutgifter for lån med flytande rente vil bli om lag oppvege av endra rente på innskot og rentekompensasjon. I praksis viser det seg at inntekts- og utgiftssida ikkje alltid endrar seg heilt i takt. I 2012 har fallet i rentenivå slått raskare og kraftigare ut på inntektssida enn på utgiftssida. Det ser ut til å gå mot ein svikt på rentekapitlet på opp mot 20 mill. kr i høve til budsjettet. FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkestinget tek finansrapporten for 2. tertial til orientering. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann Johnny Stiansen økonomidirektør

FYLKESRÅDMANNEN, 18.09.2012: Lånegjeld I 2. tertial er det teke opp eitt nytt lån på 313,3 mill. kr. Lånegjelda er no 6 234 mill. kr, i tillegg til 75 mill. kr i lån til bompengeprosjekt. kr 1 000 Fylkeskassen Bompengeprosjekt Lånesaldo 1. januar 5 534 635 80 000 Nye låneopptak i 2012 713 300 Ordinære avdrag 13 956 5 000 Lånesaldo 31. august 6 233 979 75 000 Forvalting av gjeldsporteføljen I finansreglementet er det bestemt at halvparten av lånegjelda bør som hovudregel ha fast rente. Andelen fast rente kan likevel variera mellom 40 % og 60 % ut frå om ein finn vilkåra for binding gunstige eller ikkje. Tabellen nedanfor gjev oversyn over fordelinga mellom fast og flytande rente: 30. apr. 2012 31. aug. 2012 Lånesaldo Andel Rente Lånesaldo Andel Rente Lån med fast rente 3 506 128 59,2 % 3,75 % 3 861 128 61,9 % 3,72 % Lån med flytande rente 2 414 551 40,8 % 2,88 % 2 372 850 38,1 % 2,72 % Totale lån 5 920 679 100,0 % 3,39 % 6 233 978 100,0 % 3,34 % Ved utgangen av august hadde 61,9% av låneporteføljen fast rente. Ein har dermed overskride grensa på 60%. Dette skuldast forseinka låneopptak. Innan kort tid vil det bli teke opp eit nytt lån med flytande rente, slik at ein igjen held seg under 60% med fast rente. Pr. dags dato har fylkeskommunen 4 lån på til saman 965 mill. kr i Kommunalbanken med fast rente. I tillegg har ein 9 rentebytteavtalar (2 896 mill. kr), der ein betaler fast rente og mottar flytande rente. På denne måten sikrar ein renta på lån som er tekne opp med flytande rente. Ein rentebytteavtale vil seie at ein inngår avtale med ein bank om å byte betalingsstraumar. Fylkeskommunen har t.d. eit lån på 350 mill. kr med flytande rente. Om ein ønskjer å binde renta på ein større del av låneporteføljen, kan ein då inngå avtale med ein bank om å betale fast rente i t.d. 5 år. Banken betaler fylkeskommunen flytande rente, t.d. 3 mnd. Nibor. Fylkeskommunen betaler etter dette flytande rente på det underliggjande lånet, og mottar flytande rente (3 mnd. Nibor) i rentebytteavtalen. Netto betaler fylkeskommunen den faste renta som er avtalt i rentebytteavtalen (+/- evt. differanse mellom flytande rente som ein mottar og betaler). 2

Utvikling i rentenivået Utviklinga med fallande rentenivå har halde fram i 2. tertial. Utviklinga i lange og korte renter siste året er illustrert i figuren under. 3 mnd. Nibor 5 års swap Renta på fylkeskommunen sine lån med flytande rente har ikkje falle like raskt som Nibor-renta. Dette kan dels forklarast med eit naturleg tidsetterslep. Det tek ca. 3 månader før dei fleste låna har fått fastsett ny rente etter eit fall i marknadsrentene. Fylkeskommunen sin største långjevar er Kommunalbanken. P.t. renta i Kommunalbanken har stått uendra på 2,5 % sidan 2. mai, medan 3 mnd. Nibor var komen ned i 2,06% den 31. august. Forutan lån med p.t. rente, har fylkeskommunen lån i Kommunalbanken der renta er knytt til 3 mnd. Nibor. Banken har vedteke å auke marginen frå 0,1% til 0,2% over 3 mnd. Nibor for desse låna. Pga. nye krav om eigenkapitaldekning har Kommunalbanken for tida ikkje kapasitet til å dekke etterspurnaden etter lån frå kommunesektoren. Alternativet til å låne i Kommunalbanken er å ta opp sertifikat- eller obligasjonslån. Sertifikatlån er kortsiktige lån med løpetid på inntil 1 år. For 3 månaders sertifikatlån har fylkeskommunen i 2012 i dei fleste høve måtta betale ein margin på 0,05% 0,15% over 3 mnd. Nibor. I 2011 fekk ein gjerne slike lån til ei rente som låg under Nibor-renta. Endringar i marginane i høve til Nibor-renta har større utslag enn ein kunne tru, av di desse marginane også slår ut for lån som er sikra med rentebytteavtalar. Når fylkeskommunen må betale 3 mnd. Nibor + 0,2% i rente for eit lån, og mottar 3 mnd. Nibor i rentebytteavtalen, endar ein opp med å betale 0,2% meir i rente enn kva som var budsjettert for det aktuelle lånet. Gjennomsnittleg rentesats for heile låneporteføljen var 3,34% ved utgangen av august. Tabellen framfor viser ei gjennomsnittsrente på 2,72% for lån med flytande rente. I den utrekninga er det teke med effekten av at ein i 8 av 9 rentebytteavtalar for tida mottar lågare rente enn ein betalar på det underliggjande lånet. For låna var gjennomsnittleg rentesats 2,46%. Renteregulering Gjennomsnittleg bindingstid på renta skal vere minimum 1 år og maksimum 4 år. Pr. 31. august var bindingstida ca. 32 månader, mot 19 månader ved siste årsskiftet. Etter at lange renter begynte å falle, har ein nytta høvet til å binde renta for lengre periodar. 3

Oppstillinga nedanfor viser kor stor del av låneporteføljen som har renteregulering kvart år. 38,1 % av låna vil få regulert renta i løpet av 2012, dvs. alle låna med flytande rente. 46,4 % av lånemassen vil først få renteregulering i 2015 eller seinare. År Beløp Tal lån Andel 2012 2 372 850 10 38,1 % 2013 685 128 3 11,0 % 2014 280 000 1 4,5 % 2015 690 000 2 11,1 % 2016 680 000 2 10,9 % 2017 300 000 1 4,8 % 2019 551 000 2 8,8 % 2020-675 000 2 10,8 % Total 6 233 978 23 100,0 % Løpetid For å redusere refinansieringsrisikoen, skal låneporteføljen vere diversifisert med omsyn til løpetid. Einskildlån skal aldri utgjera meir enn 20 % av den samla gjeldsporteføljen. Tabellen nedanfor gjev oversyn over løpetida for låna. År Beløp Tal lån Andel Sertifikatlån (3-6 mnd.) 1 317 000 4 21,1 % 2012 89 496 1 1,4 % 2013 471 000 2 7,6 % 2014 600 000 2 9,6 % 2016-20 1 827 000 6 29,3 % 2021-1 929 482 8 31,0 % Total 6 233 978 23 100,0 % Pr. 31. august har fylkeskommunen 4 sertifikatlån. Desse vert fornya kvar 3. eller 6. månad. Elles har dei fleste låna lang løpetid. Over 60 % av låna treng ikkje fornyast før i 2016 eller seinare. Ved fornying av eit sertifikatlån som forfall 31. august, tok ein i staden opp eit obligasjonslån over 2 år. Bankinnskot Ein kan gje følgjande oversyn over innskot pr. 31. august: 30. apr. 2012 31. aug. 2012 Bankinnskot "øyremerkte" midlar 359 734 363 164 Skattetrekksmidlar 53 483 57 357 Bankkonti bompengeprosjekt 69 125 80 109 Andre bankinnskot 695 296 820 984 Sum bankinnskot 1 177 638 1 321 613 Kassabeholdningar 2 171 5 314 Sum innskot og plasseringar 1 179 809 1 326 927 Fylkeskommunen har over 1,3 mrd. kr inneståande på bankkonto. Etter at ny bankavtale tok til å gjelda frå 1. januar, får ein høgare innskotsrente på konsernkontoen enn kva ein betaler på lån med flytande rente. 4

Renterisiko Pr. 31. august hadde fylkeskommunen 2 373 mill. kr i lån med flytande rente. Bankinnskot utgjorde 1 322 mill. kr. Ein får rentekompensasjon for lån til skolar og vegføremål på vel 1 mrd. kr. Endringar i rentenivået vil dermed gje om lag same utslag på inntekts- og utgiftssida. Prognose i høve til budsjett Som nemnt framfor, skulle ein ikkje forvente store utslag av renteendringar i fylkeskommunen sine netto renteutgifter på kort sikt. Men i 2012 viser det seg at fallet i marknadsrentene slår raskare og kraftigare ut på inntektssida enn på utgiftssida. I høve til budsjettet vert det ein svikt i rentekompensasjon og renteinntekter på over 20 mill. kr. Rentekompensasjon på lån til skolebygg og vegar vert rekna ut etter Husbanken sine renter, som igjen vert fastsett ut frå renta på statssertifikat. Husbankrenta vil falle til under 2% mot slutten av året, og gjennomsnittet for året vil bli ca. 2,2%. Renteutgiftene på lån vil berre bli nokre få mill. kr lågare enn budsjettert. I prognosen etter 1. tertial vart det opplyst at netto renteutgifter såg ut til å overskride budsjettet med om lag 10 mill. kr. No vurderer ein det slik at overskridinga vil ligge nærare 20 enn 10 mill. kr. At ein ikkje får større nedgang i renteutgiftene i 2012 skuldast for ein del eigne val. Ein har inngått nye rentebytteavtalar og bunde renta for lengre periodar enn det som har vore vanleg tidlegare. I historisk perspektiv reknar fylkesrådmannen med at det må vere gunstig å ha fast rente i intervallet 3% - 4%. Ein har med dette eit godt utgangspunkt for komande økonomiplanperiode, men går glipp av ei mogleg innsparing inneverande år. 5