smidd i hymnens lenker



Like dokumenter
SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Til deg som bur i fosterheim år

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

10 tips for å skrive betre nynorsk Tips til eksamen i norsk. Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)


2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

NYNORSK GRAMMATIKK FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Forklaring med arbeidsoppgåver. Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal Høgskulen i Volda 2007

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Frå novelle til teikneserie

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Refleksjon og skriving

Informasjon til elevane

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

6-åringar på skuleveg

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

mmm...med SMAK på timeplanen

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Elevundersøkinga 2016

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

FANTASTISK FORTELJING

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

6. trinn. Veke 24 Navn:

ÅRSPLAN I NORSK FOR 7. TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. Veke MÅL (K06) TEMA INNHALD ARBEIDSFORM ANNA (Vurdering, læringsstrategi.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Brukarrettleiing E-post lesar

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Vi lærer om respekt og likestilling

Samansette tekster og Sjanger og stil

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

ehandel og lokalt næringsliv

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

IKT-kompetanse for øvingsskular

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse

Psykologisk førstehjelp i skulen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Jon Fosse. For seint. Libretto

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Årsplan i norsk for 6.kl

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Brukarrettleiing. epolitiker

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Farleg avfall i Nordhordland

Vel nynorsk for barnet ditt!

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Transkript:

Per Arvid Ølmheim smidd i hymnens lenker Ein analyse av språket i Sogn Avis Rapport Høgskulen i Sogn og Fjordane, 2009 Avdeling for lærarutdanning og idrett

2 Innhald 1 Skjemaet og registreringane 2 Kva viser registreringa? 2.1 Rettskriving og bøying 2.2 Ordet (leksikalsk morfologi) 2.3 Setninga 2.4 Teknisk rettskriving 2.5 Samla konklusjon 3 Grammatisk oversikt 3.1 Rettskriving 3.1.1 Den vanskelege j-en 3.1.2 Litt meir rettskriving 3.1.3 Eitt eller to (fleire) ord? 3.1.4 Substantivbøying og verbbøying 3.1.5 Lengre/lenger 3.2 Ordval (leksikalsk morfologi) 3.2.1 Flosklar osb. 3.2.2 Andre til ettertanke 3.2.3 Prefiks (førefeste) og suffiks (etterfeste) 3.2.4 Preposisjonar 3.2.5 Substantivsjuke 3.2.6 Bli/verta 3.2.7 Nokre enkeltformer 3.3 Setninga, og delar av ho 3.3.1 Sin-genitiv (garpegenitiv) 3.3.2 S-genitiv 3.3.3 Vil + infinitiv 3.3.4 Samsvarbøying av verb (etter vera, verta, bli) 3.3.5 Litt om pronomen 3.3.6 Vanskelege konstruksjonar 3.4 Teknisk rettskriving (komma, bindestrek, apostrof osb.) 4 Døme- og oppgåvesamling

1 Skjemaet og registreringane Prosjektet har som mål å registrera språket i Sogn Avis med vekt på å kartleggja kompetanse i rettskriving, ordval, setningsbygnad og teiknsetjing hjå journalistane i avisa gje tilbakemelding til redaksjon og journalistar for å få betre språk i avisa samanlikna språket i avisa med tidlegare undersøkingar (Fretland 2001) Denne rapporten tek for seg det første punktet ovanfor. 3 Omgrepa feil, feiltype eller feilskriving refererer til reine ortografiske feil (rettskriving og bøying), uheldig ordval (sjargongspråk, flosklar, bruk av prefiks eller suffiks som an-, be-, -heit osb.), manglar i setningsbygnad (til dømes genitiv) og feil i teiknsetjinga, ikkje minst manglande bruk av kommareglane. Registreringa er gjord med direkte overføring av tekstmateriale (døme på feiltypar) frå den elektroniske utgåva av avisa til eit program der funna er grupperte i ulike grammatiske kategoriar, sjå nedanfor. Registreringa og inndelinga i grupper dekkjer eit utval aviser frå januar og februar 2009, i alt ca. 20 nummer. I desse avisene er alt redaksjonelt stoff lese, det vil seia leiarartikkel og stoff signert av journalistar i avisa. Stoff som ikkje er lese, er signerte lesarinnlegg, signerte gjesteskribentar, petitstoff som mindre artiklar i margen på ein del sider osb., og ikkje annonsar, lysingar og liknande. Registreringskortet ser slik ut: Kortet har tre kolonnar. Den til venstre inneheld faktaopplysningar som går igjen for fleire påfølgjande registreringar, og som difor ikkje vert sletta eller treng slettast for kvar ny registrering. Her er det lagt inn opplysningar om avis Sogn Avis innskrivar Per Arvid Ølmheim dato dato for avisa som registreringa er henta frå journalist namn på journalisten som har skrive eller signert artikkelen Dersom ein eller fleire av føresetnadene endrar seg (som ny dato/ny avis), endrar ein det direkte på kortet, og endringa blir ståande usletta til ein gjer ny endring. Ein journalist er registrert med namn når namnet på journalisten står ved den artikkelen som er lesen. Somme gonger er ikkje namnet oppgjeve for kvar einskild artikkel, men så lenge fleire artiklar dreiar seg om same tema i same avis (gjerne over éi til to sider), er same journalist oppført som forfattar av alle. Kolonnen i midten har to felt, tekst og fakta. I tekstfeltet kjem den teksten inn som er merkt av i den elektroniske utgåva av avisa, det vil seia døme eller belegg på den feiltypen ein ønskjer å registrera. Under feltet Generelt kan ein med gardin velja éin av tre teksttypar : leiarartikkel, sport eller generelt stoff. Den siste gruppa er naturleg nok mest omfattande. Når sportsstoff er skilt ut som eigen type, kjem det av at dette stoffet i stil og sjargong skil seg noko ut frå resten av avisstoffet, og fordi spesielt fotballspråket (som det er mykje av) har ein god del uttrykk som ser ut til å gjelda spesielt for dette feltet. Kolonnen til høgre inneheld fem kategoriar. Her legg ein inn den grammatiske kategorien som den registrerte teksten eller feiltypen høyrer til: 100 Ortografi og grammatikk 200 Ordval/ordformer 300 Setning 400 Teknisk 500 Andre

4 Under kvar kategori er det fleire val for å registrera grammatiske underkategoriar med hjelp av gardin, slik: 100 Ortografi og grammatikk 110 Rettskriving 120 Bøying substantiv 130 Bøying verb 140 Valfrie former 150 Sideformer 160 Andre 200 Ordval/ordformer 210 Flosklar/moteord/sjargong 220 Adverb (veldig) 230 Preposisjonar (ved) 240 Substantivsjuke 250 Prefiks/suffiks (be-/-heit) 260 Bli/verta (er blitt) 270 Ubunden form 280 Enkeltformer 281 veldig 282 i gong 283 dette/desse 284 i løpet av 285 ifølgje/i følgje 286 mogelegheit 287 kun 290 Andre 300 Setninga 310 Setningsbygnad 320 Sin-genitiv 330 Enkel bestemming (særleg v/pronomen) 340 Samsvarbøying verb 350 Vil + infinitiv 360 gen-s 370 Pronomenbøying (nokon/noka) 380 da/når 400 Teknisk 410 Teiknsetjingsfeil/kommafeil 420 Bindestrek, stor/liten bokstav 430 Namn 440 Andre 500 Andre rubrikkar (avvik, inkonsekvens osb.) 510 a-infinitiv/e-infinitiv 520 me/vi 530 gi/gje 540 j i verb osb. 550 Andre Dei fleste kategoriane eller gruppene følgjer vanleg grammatisk inndeling. Gruppe 100 er kalla Ortografi og grammatikk, som fagleg sett er ei utradisjonell deling. Her står omgrepet grammatikk for bøyingslæra av morfologien, det vil seia bøying (eintal/fleirtal) og kjønn på substantiv, dessutan verb (rett bruk av sterk og linn bøying). Når bøyingslæra er slått saman med ortografien (rettskrivinga), er grunnen at mange ser på bøyingsfeil som rettskrivingsfeil. Ein ser ikkje nokon prinsipiell skilnad på feilskriving som i gong, som er ortografisk feil for i gang, og bøyingsfeil som gongar, som er morfologisk (galen bøyingsending for gonger).

5 Den andre delen av morfologien, leksikalsk del (ordval og ordbruk), er dekt av kategorien 200 Ordval/ordformer. Ei stor gruppe her er flosklar, populæruttrykk, sjargong og liknande, forutan overdriven eller uheldig bruk av enkeltord (veldig), av fy-ord i nynorsk som kun, samt, uansett, imidlertid og ein del andre. Alle grupper under 300 Setninga gjeld forhold som går ut over enkeltordet. Viktige kategoriar her genitivkonstruksjonar, samsvarbøying, substantivsjuke og bruk av vil + infinitiv. Også her kan det fagleg sett vera innvendingar mot plasseringa av enkelte grupper. Under 400 Teknisk høyrer galen bruk av tekniske skrivereglar. Viktigast her er teiknsetjing, særleg bruk eller ikkje bruk av komma, bruk av stor/liten forbokstav, skrivemåten av namn (særleg institusjonsnamn), bruk av tal eller bokstavar (6/seks), apostrofar, aksentar og liknande. Den siste hovudgruppa 500 Andre rubrikkar er ueinsarta, men inneheld sentrale kategoriar som har vore kartlagde i tidlegare undersøkingar av språket i avisa (Fretland), og som det difor er ønskjeleg å samanlikna med tidlegare bruk. Her er det ikkje gjort noka gjennomgåande registrering, så sant tilstanden ikkje har endra seg frå tidlegare kartlegging. Det gjeld viktige kategoriar der avisa kanskje har fastlagt og innarbeidd felles språklege retningslinjer som journalistane skal bruka, som bruk av a-infinitiv (a-infinitiven er i materialet så å seia gjennomført) og pronomenformene me/vi, der me mest er gjennomført. Også nokre enkeltord er tekne med under denne gruppa, som skrivemåten av verbet gje/gi, bruken av bli/verta og inkonsekvent skriving av enkeltord med hyppig førekomst, som kom(m)a. Til databasen/materialet kan det lagast spørjingar med omtrent alle tenkjelege eller mogelege kombinasjonar, som grammatiske kategoriar knytte til éin av journalistane, om det er spesielle funn innanfor til dømes sportsjournalistikken, kva feiltypar som er vanlegast i materialet totalt eller kor mange registreringar materialet har av ein særskild kategori osb. Resultatet av slike spørjingar må tolkast med varsemd. For det første er det ikkje sikkert at alle førekomstar av ein ettersøkt feil er registrerte. Dessutan er grunnlagsmaterialet (mengda av tekst) for kvar einskild journalist ulikt. Det spørjingane viser for enkeltjournalistar, er mest ein peikepinn og fortel langt frå alt om kor dyktig eller udyktig vedkomande er språkleg. Til det er materialet for lite og registreringa for ufullstendig og tilfeldig. Men materialet og dei konklusjonane me kan trekkja, kan likevel brukast for å trekkja allmenne konklusjonar om språket i avisa. 1 Kategori1_totalt osb. Denne spørjinga er ikkje kopla til enkeltjournalistar, men viser kor mange registreringar som finst totalt i materialet for ulike grammatiske kategoriar. Vekta ligg altså på språket i Sogn Avis, ikkje på kor godt eller dårleg den enkelte journalisten skriv, sjå punkta 2 og 3 om journalistar under. I den grammatiske gjennomgangen seinare (punkt 3 Grammatisk oversikt) er det dette tilhøvet det er lagt størst vekt på. 2 Journalist_totalt Ei slik spørjing viser kor mange registreringar kvar journalist har totalt. Som nemnt må tala brukast med varsemd ettersom stoffmengda for kvar journalist er til dels svært ulik. Ein journalist kan (kanskje tilfeldig) ha mange registreringar på grunn særdeles stor produksjon i dei avisene som er lesne, medan andre har mindre stoff og dermed kanskje får færre feil på grunn av mindre datagrunnlag. 3 Journalist_totalt_kategori Ei slik spørjing viser kor mange feil som er registrerte for kvar journalist innanfor kvar kategori. Me må ta dei same atterhalda som ovanfor. Spørjinga kan i beste fall seia noko om kvar journalisten har størst feilmargin, og dermed har mest å henta for å få betre eller rettare språk.

6 2 Kva viser registreringa? I registreringa og det vidare arbeidet med materialet er feiltypar/uheldig språk fordelt på tradisjonelt grammatisk grunnlag, det vil seia rettskriving (medrekna bøyingsfeil, jf. ovanfor), ordlære, setningslære og teknisk rettskriving (særleg teiknsetjing). 2.1 Rettskriving og bøying Rettskriving (ortografi) og bøying (verb og substantiv) i Sogn Avis er jamt over bra, kanskje betre enn ein skulle tru ut frå dei mange utsegnene ein kan høyra om dårleg språk i avisa. Her er relativt få feil i ortografien. Dei som finst, er slike som går igjen, æ for e i sentrale verb (væra, bæra) og i substantiv (vær, lær), eller ø for y (bøtte, løfta i staden for hovudformene bytte, lyfta). Pass forresten på substantivet et løfte i bokmål. Det heiter lovnad på nynorsk, difor også lovnadsbrot, bragelovnad. Svært mange ser ut til å ha problem med j-en. Når skal han vera med, og når ikkje i verb og substantiv (legga/leggja, bygging eller byggjing, krevjing/krevjande)? Sentrale kategoriar i bøyinga er på plass. Særleg er det flott at -er i verb på -era (diskuterer, studerer osb.) er gjennomført, trass i at mange har -a(r) i dialekten (denne feilen såg ein ofte i avisa tidlegare). At avisa lèt personlege helsingar gå med feil og tilnærming til dialektar, er svært positivt: gratulera med dagen bør altså ikkje rettast til gratulerer med dagen! Også a-infinitiv er på det nærmaste gjennomført (e-infinitiv er funne i rundt 5 % av registreringane). Det same gjeld pronomenforma me (leksikalsk morfologi), som er gjennomført i dette materialet (berre eit par tilfelle med vi: men mykje tyder på at vi menneske er jerven sitt verste rovdyr). Også forma Noreg ser ut til å vera einerådande, men er ikkje spesielt undersøkt her. Eit stort pluss må journalistane òg få når for ikkje å dela samansette ord (norskundervisning i staden for feilaktig norsk undervisning). Deling av samansette ord er ei av dei store utfordringane i norsk rettskriving i dag. Men i materialet frå avisa er det berre sporadiske enkeltførekomstar med slike feil. Eit stort pluss til skribentane! Når det gjeld rettskriving, må rådet vera å få bukt med gjennomgåande skrivefeil. Det er ikkje alltid nok å bruka retteprogrammet i Word. Både vera og væra gjev rett skrivemåte der, det siste i tydinga bu, halda ti, men det er nok vera = eksistera, leva, bu som er skrivemåten for den bruken journalistane treng. Det er òg mogeleg å leggja inn eigne favorittord eller favorittformer i retteprogramma. Men først og fremst bør alle bruka ordlista fem (oppslag) om dagen, minst! Konklusjonen i rettskrivinga er: bruk ordlista og retteprogram det siste kombinert med bruk av eit klokt hovud: pass særleg på skumle feller: merg/marg, retter/rettar (det første om matrett (fiskeretter), det andre om rettferd, privilegium osb. (menneskerettar)) hugs e i vera, bera, lêr, (godt) vêr på nynorsk, og lær dykk når j-en skal vera med eller ikkje vera med; det gjeld både i substantiv (eit ynske/ønske, teljing/legging) og i verb (ynskja/ønskja, krevjande) hald fast ved dei positive trekka: a-infinitiv, me, samanskriving av samansette ord, Noreg, -erer (gratulerer!), og gjerne skriftformer, ord og seiemåtar som har preg av lokale talemål (soleis, tylekøyring osb.); det siste kvikkar opp språket og er slett ikkje døme på slett språkvit legg inn former i retteprogrammet eller lag ei liste over former som du eller avisa ønskjer å gjennomføra 2.2 Ordet (leksikalsk morfologi) Også i ordval, ordbruk, bruk av faste uttrykk og liknande (leksikalsk morfologi) kan ein trekkja fram mykje positivt. I det store og heile held journalistane seg til godtekne ordformer, ofte positivt farga av lokale innslag, så trass i at mange funn i rapporten viser det motsette, er ordlegginga generelt god. Eitt tilfeldig valt døme viser dette (frå ein leiar) med godt språk på alle nivå: Men meir enn noko var denne brannen ein dramatisk tankevekkjar for mange når det gjeld brannvern og branntryggleik i bygg som dette. Det er nesten ufatteleg at ein brann i eit sopass nytt og moderne bygg som omsorgssenteret i Høyanger sentrum kunne spreia seg så uhyggjeleg fort. Det er ikkje spesielt vanskeleg å forstå at pensjonistlaga i fylket er uroa, dei fleste av oss har grunn til å føla uro etter denne storbrannen. Her er det brukt treffande og varierte adjektiv (dramatisk, ufatteleg, nytt og moderne, uhyggjeleg), talande og presise substantiv (brannvern, branntryggleik, tankevekkjar, uro, storbrann) og innhaldsrike verb (uroa, føla det siste ei verbform brukt i lokale talemål, men ikkje vanleg i stoverein nynorsk), og endåtil skriftvarianten sopass, der skrivaren (leiaren) bruker ei sideform med støtte i det lokale talemålet. Det er lov, det fargar språket og knyter avisa tettare mot den lokale identiteten. Sjå også på setningane i teksten ovanfor: tre korte periodar (kanskje også den siste setninga kunne vore utskild med punktum framom?). Og det er denne typen språk som dominerer i avisa. Då står det berre att for skribentane å bli medvitne om og retta på dei trekka denne rapporten peikar på som mindre heldige.

7 Først og fremst blir det gjennomgåande gode inntrykket drege ned av unødvendig og overdriven bruk av trekk frå bokmålet. Det gjeld for mykje og ukritisk bruk av prefiks som be-, er- an- og -suffiksa he(i)t og messig, dessutan bruk av reine bokmålsord som samt, kun, i løpet av, i følgje/ifølgje. I tillegg er det god grunn til å åtvara mot floskelbruk og bruk av populæruttrykk, såkalla sjargongprega språk (på vent ). Preposisjonsbruken er bra, men med nokre unntak (alle i årsmøtet). Svært positivt er det derimot at tunge substantivkonstruksjonar (substantivsjuke) er mest fråverande i materialet. For ordnivået er konklusjonen at ein må bruka sjargong og populære flosklar med omtanke og varsemd; dei fleste er reine omskrivingar frå eller bruk av bokmål; dette innslaget er absolutt sterkast på sportssidene; hugs at slik populærflosklar sjeldan gjer språket betre, dei kan tvert om verka forstyrrande og dilettantiske (ufaglege) og som unødvendig oppblåst språk: eit presumptivt svakare lag; hald språkleg bakkekontakt! mest mogeleg unngå prefiks og suffiks som ikkje er stovereine på nynorsk; omskriving hjelper ofte, likeins å prøva å frigjera seg frå bokmålstenkinga unngå bruk av reine bokmålsord som samt, imidlertid, kun, likeins ikkje bruka adverbet veldig ukritisk, og ikkje minst unngå populærord som fokus, potensial, implementering og fleire; senk ambisjonsnivået og unngå unødvendig støy i språket du imponerer ingen, men gjer heller stoffet vanskelegare tilgjengeleg for lesaren 2.3 Setninga Det er svært positivt at materialet avdekkjer få registreringar med lange og innfløkte, usamanhengande eller uforståelege periodar (setningar). I det som er lese, finst det eit par tilfelle der journalisten omtrent ikkje landar, men det er reine unntak. De har opplagt funne ut at det går an å setja punktum, og det er bra! I setningsdelar (frasar) er det trass i dette to store område der de kan henta den heilt store vinsten med litt jobbing: genitivbruken (sin-genitiv og s-genitiv) og bruken av vil + infinitiv. Alle (!) må ta eit tak for å redusera bruken av sin-genitiv. Dette er avgjort den største haken eller mangelen ved språket i avisa! Den litt upopulære sin-genitiven brukt i fleire talemål kan rett nok brukast i skrift. Det er den bortimot gjennomførte og einsidige, ofte lettvinte omgangen med konstruksjonen de må få bukt med, rett og slett fordi det resulterer i dårleg språk og dårleg nynorsk. Løysinga er oftast å skriva om med preposisjonar (kommunen sin ordførar = ordføraren i bygda), eller sløyfa genitiven (frå kommunen si side vert det hevda = (frå) kommunen), avhengig av samanhengen. Også s-genitiv må vekk om denne sida av språket skal betrast: bygdas fremste talsmann er reint bokmål. Bruk preposisjon: den fremste talsmannen for/i bygda. Like viktig er det å få bukt med konstruksjonen vil + infinitiv. Få vekk vil og bruk hovudverbet i presens! Det er dette verbet som er viktig, ikkje det innhaldstomme vil (bortsett frå når vil uttrykkjer vilje). Når de bruker vil utan innhald, tek det opp plassen til det eigenlege verbet (innhaldsverbet), som kanskje blir forvist til ein plass langt bak i setninga. Altså ikkje slik: for meg vil rentenedgangen som er varsla, og som truleg vil halda fram heile dette året og kanskje neste, bety ei innsparing på fleire tusen kroner (litt utvida døme). Skriv heller: for meg betyr Som uttrykk for vilje er vil sjølvsagt rett som hovudverb: han vil gjerne inn på laget frå start; ho vil gjerne vera med på kino. Konklusjonen i setningslæra er at de får honnør for korte periodar; hald fram med å setja punktum må få vekk uheldig og overdriven genitivsbruk (sin-genitiv og s-genitiv) må få bukt med konstruksjonar som vil + infinitiv 2.4 Teknisk rettskriving Jamt over er journalistane i avisa flinke til å setja punktum, som sagt ovanfor. Derimot ser det ut til at de ikkje kjenner kommareglane. Lær dykk litt grammatikk (setningslære) og få på plass dei viktigaste reglane. Sjå punkt 3.4. Hugs at offentlege institusjonar har namneform både på bokmål og nynorsk dersom namneforma ikkje er fellesform: Innovasjon Noreg. 2.5 Samla konklusjon Her er mykje positivt å trekkja fram når det gjeld språket i Sogn Avis. Dei fleste som skriv fast i avisa, har god og ledug omgang med skriftspråket, naturleg nok ettersom det er hovudverktøyet de treng for å gjera jobben. Hovudmålet med denne rapporten er likevel ikkje å trekkja fram alt som er godt, men å finna og registrera feil og dårleg språk på alle grammatiske plan, som så kan brukast til å gjera språket i avisa betre. Difor kan mengda av feil, som i den vedlagde dømesamlinga, lett verka overveldande, og mange sit kanskje att med eit negativt inntrykk av avisspråket. Men det samla teksttilfanget gjev ikkje grunnlag for ein slik konklusjon. Det er berre på

8 avgrensa område det er registrert større språklege manglar i denne granskinga, men dei bør de til gjengjeld gjera noko med. Får de det til, er verste arbeidet gjort: i rettskriving og bøying bør ordlista og retteprogram brukast så ein får bukt med dei skrive- og bøyingsfeila som står att, og som ofte går igjen i orddelen er det all grunn til å vera på vakt mot språkleg støy, det vil seia ukritisk bruk av flosklar, moteprega språk/uttrykk osb., og bruk av ein del uheldige enkeltformer; positivt er bruk av lokale seiemåtar i setninga må alle som skriv i avisa, gjera noko med genitivbruken og bruken av vil + infinitiv; samsvarbøying av verb er eit skralt område, viser materialet, og skal me ta utgangspunkt i det som er funne i denne granskinga, må me kanskje rekna denne kampen som tapt? på det tekniske området viser registreringa store manglar i bruk av komma; de må læra dykk dei viktigaste kommareglane og følgja dei

9 Her følgjer ein grammatisk gjennomgang basert på dei feila eller manglane som er funne og registrerte i det lesne materialet. Oppgåver til kvart av punkta finn de i dømesamlinga, som har same rekkjefølgje og nummerering som punkta nedanfor. 3 Grammatisk oversikt 3.1 Rettskriving I kategorien rettskriving er det gjort i alt 119 registreringar. Av ortografiske rettskrivingsskrivefeil er det registrert 65 (rubrikkane 100, 110, 150 og 160) og av bøyingsfeil (rubrikkane 120 og 130) totalt 45. Av dei ortografiske feila er 15 sideformer og 6 galen deling av ord. Mengda av rettskrivingsfeila (ortografiske feil og bøyingsfeil) i materialet er altså ikkje stor. Men nokre går igjen hjå fleire. Dei fleste av dei feila som er registrerte, gjev utslag/feilmelding i retteprogrammet i Word. Størst hjelp er det nok å bruka ordlista når ein er i tvil! 3.1.1 Den vanskelege j-en Registreringa viser at mange har vanskar med j-en, både i verbformer og i substantivformer. Fleire av feiltypane i verbbøyinga gjeld rett nok sideformer (j-en vert sløyfa i byggja, leggja og liknande), medan andre er opplagde skrivefeil som viser mangel på sikre haldepunkt eller grammatiske grunnlag. Nokre haldepunkt j-en skal i regelen vera med i infinitiv av verb på g(g) og k(k), men ikkje i verbalsubstantivet: leggja/legging. I verbalsubstantiv skal j-en vera med berre i ja-verb (som ikkje har g i infinitiv): teljing, veljing, seljing, krevjing (jamfør telja, velja, selja, krevja); difor må det også bli krevjande! merk skilnad på substantivet utan j (eit ynske, eit merke) og verbet med j (å ynskja, å merkja) mange samansetjingar har verbform som første ledd, og då må j-en vera med: byggjeløyve, lækjemiddel (NB! Ikkje legemiddel, som må tyda middel til bruk for ein lege!), søkjelys, merkjepenn (penn til å merkja med) osb. Her må du av og til prøva deg fram: merkestein (stein sett opp som merke), merkelapp (lapp brukt som merke) osb. merk parverba: henga/hengja, slenga/slengja (dei sterke er intransitive, dei linne er transitive) 3.1.2 Litt meir om rettskriving lær deg skilnaden på hovudformer og sideformer (klammerformer), sjekk eventuelt med ordlista; skrivemåtar som altso, sopass er klammerformer, men kan kanskje passera som gode sognevariantar (avisnorm)? vanskelege tilfelle: æ eller e, hugs e i nynorsk i vera, bera, skjera, skjering ø eller y (ei bytte, lyfta); og på nynorsk: ein lovnad, ikkje eit løfte (lovnadsbrot) -ing eller ning: -ing er vanlegast ved verbalsubstantiv, så sats på det om du er i tvil: bygging = det å byggja; løysing = det å løysa; -ning er oftast brukt om produktet: bygning, (kjemisk) løysning, (elektrisk) leidning, røyrleidning lær deg denne enkle regelen: aldri(!) ending i ubunden form fleirtal av inkjekjønnsord, dvs. same form i eintal og fleirtal: eit beite/fleire beite, eit kriterium/fleire kriterium, eit møte/fleire møte, eit tilfelle/fleire tilfelle osb. pass på dobbeltformer med ulik tyding: matrett/fleire retter, men menneskerett/fleire menneskerettar; merg (ryggmerg osb.), men marg (i bok) Kva er rett skrivemåte her: fagleg breidde, trussel, på skinner, virkestoffet, skippar, sjukdomsfremkallande, flykningeleirane, multimediainnslag? 3.1.3 Eitt eller to (fleire) ord? derimot, imellom samansette preposisjonar skal skrivast i eitt ord, ikkje som i avisa: der i mot, i mellom om bord, om lag begge inneheld to enkeltord og skal skrivast som to ord; ikkje ombord, omlag altfor, alt for frå avisa: eg har sett så alt for godt, han er alt for stor; altfor = for (han er (alt)for stor); eg gjer alt for laget mitt, alt for Noreg

10 3.1.4 Substantivbøying og verbbøying pass på kjønn og rett bøying av substantiv, særleg på unntaka: ein søknad fleire søknader; ein villa fleire villaer; ei bygging bygginga; ein bygning - bygningen hugs at del er hankjønnsord (ein del) med regelrett hankjønnsbøying: fleire delar, alle delane pass på rett verbklasse (og verbbøying), og ver konsekvent i bøyinga: bruka har til dømes to bøyingsmåtar, anten er det a-verb: brukar bruka - har bruka, eller e-verb: bruker brukte har brukt; ofte er desse to bøyingsvariantane blanda i avisa: brukar brukte styrkjar, knytar, me vart lønna, Røys innleia med; alle skal ha e-bøying: styrkjer, knyter, me vart lønte for, Røys innleidde med pass på rett bøying/skrivemåte av sterke verb: det vart greve ut plass, han har skreve til (vart grave ut, har skrive til) pass på parverba; dei sterke er i regelen intransitive (tek ikkje objekt), dei svake transitive (tek objekt): eg sleng (sterk bøying) innom av og til, eg slengjer (svak bøying) avisa frå meg; frakken heng på knaggen, eg hengde frakken på knaggen og for all del: følgja følgjer (ikkje føl!!) følgde følgt (føl gjev ikkje utslag som feil i retteprogrammet fordi ungen til hesten/merra blir kalla nettopp det: eit føl) linne i nynorsk, sterke i bokmål: hjelpa hjelpte; treffa trefte; trekkja trekte (ikkje hjalp, traff, trakk), tvinga tvinga (ikkje han tvang meg ) 3.1.5 Lengre/lenger Lær deg skilnaden mellom desse to: adjektivet heiter lang og har bøyinga lengre lengst (han er lengre enn meg), jamfør same mønsteret i andre adjektiv: tyngre, høgre, lægre adverbet heiter lenge/langt (det siste er inkjekjønnsform av lang), og begge har forma lenger i komparativ: han hoppa langt, men eg hoppa lenger; han har spela på laget lenge, men no er han ikkje på laget lenger; eg har venta lenge, no orkar eg ikkje å venta lenger 3.2 Ordval (leksikalsk morfologi) Denne kategorien omfattar den leksikalske delen av ordlæra, altså bruk av enkeltord, utvida med ein del idiomatiske (faste) uttrykk som har fått plass under ordval. I tillegg er flosklar, moteord, populæruttrykk, sjargong (kanskje nemningar på same fenomenet!) med. Her er det gjort i alt 287 registreringar. Av enkeltord har ordet veldig mange funn. Andre registreringar gjeld samt, kun, ifølge/i følgje, i løpet av og dei to suffiksa -messig og -heit. 3.2.1 Flosklar osb. Under 210 Flosklar og moteprega sjargong finn me fleire registreringar som me kan unngå og ikkje minst bør unngå. Ver ekstra forsiktige med framandord. Om de er sikre på at de forstår dei sjølv, kan det henda lesarane får problem: presumptivt, implementering, timing er gode (eller dårlege) døme (ordet timing finst til dømes ikkje i ordbøker/ordlister, verken på bokmål eller nynorsk, men altså i Sogn Avis!), likeins moteuttrykk som på sikt (heller: på lang sikt/på lengre sikt, på kort sikt), fokus (populært!), potensial (som innimellom er feilskrive potensiale) og fleire. På vent Uttrykket på vent er òg omtykt, ser det ut for. Når de bør unngå det, er det fordi det både er ei substantivering og dessutan sterkt prega av sjargong. Går det ikkje an å bruka å venta, eventuelt andre løysingar? Sjå dømesamlinga. Mest fotball, men òg annan sport Stoff om fotball og annan idrett toppar nok floskelstatistikken. Fleire av tilfella ber sterkt preg av bokmålske motsvar, men på nynorsk skurrar det, særleg når teksten elles har grei nynorsk språkføring. Døme med ulik grad av floskelpreg er matcha, intakt, returløp, gjorde (ein sterk kamp), har ikkje gått umerka hen (bakom lurer nok bokmålet), i etablert angrep (kva tyder etablert her?), kluet og fleire. Kan det henda at lesaren ikkje forstår alle desse? 3.2.2 Litt uheldig? Det er ikkje lett å forstå kvifor mange bruker tilbake som erstatning for sidan. I bokmål ser denne seiemåten ut til å få stadig større plass: for en uke tilbake, men blir det god nynorsk av direkte omsetjing med tilbake her?

11 3.2.3 Prefiks (førefeste) og suffiks (etterfeste) er-, bi-, an-, -he(i), for-; -heit, -else Eit stort, vanskeleg og ofte mykje diskutert område i ordvalet er bruk av utradisjonelle og ikkje heilt stovereine bokmålsprefiks og bokmålssuffiks i nynorsk. Mange ord med slike føre- eller etterfeste er brukte i dialektane, men nynorsk skrift har tradisjonelt vore meir restriktiv. For ein journalist er det gjerne spørsmål om eit personleg val, men òg om å jobba med språket. På trykk i avisa har ord og ordbruk gjerne ei viss autoritativ kraft, og avisspråket kan lett få både tyngd og gjennomslagkraft, endåtil verka på autoritativt og normskapande, så som journalist har du nok stor språkleg makt. Dei vanskelegaste prefiksa er be-, an-, er-, til dels for- (som i Eg hadde ikkje forventa dette; kva er i vegen med venta?) og suffiksa -het (nynorsk: -heit) og -else. I ei stilling for seg står bi-: bidra, bistand! uansett Dette er eit svært så populært ord, brukt mest i tide og utide, sjå dømesamlinga. Ordet finst ikkje i nynorske ordlister, men kan sjølvsagt brukast for det. Det ein må reagera på, er den einsidig dominerande bruken ordet har i materialet og i avisa. Her bør ein leita seg fram til variantar. Ofte har ordet eit dempande innhald: eg vil uansett prøva å komma med nedover i næraste framtid. Kan me unngå -messig? Suffikset -messig er i utgangspunktet bokmål og resulterer i slette språklege løysingar på nynorsk. Av og til er det rett og slett vanskeleg eller uforståeleg å skjøna kva som ligg bak bruken: Aktualitetsmessig kunne ikkje timingen vore betre. -heit, særleg mogelegheit Dette suffikset kan kanskje trengast stundom, særleg må ein visa forståing for det problematiske mogelegheit. Men ofte verkar løysingane i avisa lite gjennomarbeidde eller gjennomtenkte. Med litt reflekterande holdning til mulighet kan ein enkelt finna og øva inn alternative løysingar, eller skriva litt om. Sjå også forslag i fornorskingsordbøker. 3.2.4 Preposisjonar Preposisjonsbruken i avisa er jamt over god og korrekt, men preposisjonsbruk kan mange gonger vera vanskeleg. Det er særleg preposisjonen på som erstatning for utfyllande eller omskrivande tekst (til dømes når det gjeld, med omsyn til eller liknande) som dominerer funna: Hallingane er framme på sauehald. Ofte ber slik bruk preg av sjargong eller moteskriveri. Direkte feil blir det når preposisjonen i er brukt i døme som alle i møtet; akkurat her bruker du på. Konstruksjonar med ved å bør me unngå på nynorsk. Bruk fordi, dersom, når og lag ei heil innleiande setning. Bakom ved å ligg som i mange andre tilfelle ligg bokmål: Ved å fokusere på slike løysingar (= når/dersom me legg vekt på slike løysingar ). Ofte kan ein skriva om på andre måtar: meiner det kan løysast ved at ein ringjer til legen (= ein kan ringja til legen og på den måten få hjelp). 3.2.5 Substantivering/substantivsjuke Her må journalistane få honnør. Det er i dette materialet få tilfelle med unødvendig bruk av substantiv (substantivering eller substantivsjuke) i staden for verbal uttrykksmåte. Men nokre finst, og pass særleg på når setninga inneheld verba skje eller gjera, som oftast er tomme for meining eller innhald. Når vi har med slike verb i setninga, ligg det eigenlege verbet det du skal bruka i staden for skje/vera, skjult i eit substantiv som du finn lenger framme i setninga. Gjer substantivet om til verb, og du får gode løysingar (konstruerte døme): bilkøyring kunne ikkje skje, utdeling av varene kunne skje først seinare på dagen, innlevering av oppgåver må skje, bygginga vart gjord på under ei veke osb. Andre gjengangarar er verbalsubstantiv på -ing + av (konstruert døme): når me er i gang med bygging av senteret. Av og til er det kanskje ikkje sikkert me skal unngå substantivering, men ver likevel presis: Ho fortel at dei to var venner og at det hadde vore ein omgang mellom dei. I dette dømet gjev uttrykket ha ein omgang inntrykk av vel høg aktivitet (verbalt), men kva med å skriva litt om: dei to hadde hatt omgang, som dempar aktiviteten noko? Andre døme frå avisa finn du i dømesamlinga. 3.2.6 bli/verta; gi/gje Her bør me velja konsekvente variantar av dei to verbformene bli og verta, som tyder det same, likeins av formene gje/gi. Begge verba finst hyppig i tekstmaterialet, og bøyinga er blanda. Bli og verta er kan bøyast fullt ut kvar for seg, men dei kan òg blandast med verta i dei to første bøyingsformene (infinitiv og presens) og bli i dei to andre (preteritum og partisipp). Då få me tre alternativ: bli blir blei blitt

12 verta vert vart vorte/vorti bli blir vart vorte/vorti (blanda bøying) Det er særleg partisippforma blitt saman med hjelpeverba vera eller ha som går igjen i materialet; samtidig er former som verta/vert brukte, og det bryt med ein konsekvent bruk av bøyingsmønstra ovanfor: så ja, nokre søvnlause timar har det blitt; her vert avstand og lyd vektlagd. I presens og infinitiv varierer formene i avisa noko, men vanlegast er bli/blir, sjeldnare verta/vert. Avisa bør bestemma seg for éin av variantane, til dømes bli blir vart vorte. I preteritum ser vart ut til å dominera trass i fleire funn med blei. Bøyinga av verbformene gje og gi er òg inkonsekvent i avisa. Bruk og gjennomfør helst ein av dei to bøyingsmåtane: gje gjev gav har gjeve eller gi gir gav har gitt. Av andre inkonsekvente skrivemåtar er koma og komma, men det finst sjølvsagt òg ein god del fleire, mange litt tilfeldig på lite frekvente ord. 3.2.7 Nokre enkeltformer Veldig Adverbet veldig ser alle journalistane ut til å vera svært glade i. Ver litt meir varsam så ikkje dominansen blir total. Varier med synonym, eller sløyf den overdrivne, forsterkande formuleringa som pregar veldig. Med så hyppig bruk av eit ord mistar det litt av krafta i seg, så mange gonger kan du lata adjektivet stå åleine, utan å forsterka det. Ein veldig god kamp blir etter kvart ikkje så mykje betre enn ein god kamp. Gode, alternative løysingar til veldig er svært, særs, uvanleg, overlag. samt Det er litt overraskande at denne ordforma er så populær i avisa, og ein må lura på kva som er gale med den norske konjunksjonen og eller andre variantar: også, dessutan, i tillegg eller liknande. Ordet samt står ikkje i nynorske ordlister i denne tydinga, og kan vel reknast som eitt av tabuorda i nynorsk (samt som står i nynorskordlista, er ei avleiing til pronomenet same, brukt i uttrykk som jamt og samt = støtt og stadig). Men i Sogn Avis finn me flust av tilfelle. Korleis blir teksten om de skifter ut samt med alternativ som og, også, dessutan, i tillegg til eller liknande? Også kun er eit slikt ord. Det har truleg vorte populært gjennom mykje og einsidig bruk i reklamen (kun kr 99,-!), men berre går like godt og bør ikkje skyvast ut i gløymsla. i løpet av Også dette uttrykket er hyppig i avisa, men det bør frårådast. Skriv heller i, om, eller finn andre høvelege preposisjonar. Menge gonger kan du sløyfa uttrykket: i løpet av siste veka (= siste veka). Er me i gong eller i gang med noko? Hugs at gong skal skrivast med o i tydinga einskild tid (då noko hender), einskilt tilfelle, høve (Nynorskordboka). I andre tilfelle heiter det gang, også i samansetjingar: tilgang, avgang, motgang osb. Kva seier ordlista om i følgje, ifølgje? I ordlista finn me ikkje svaret, rett og slett fordi seiemåten ikkje er rekna som god nynorsk. I Sogn Avis er uttrykket derimot mykje brukt mange gonger tydeleg ukritisk. Ei god omskriving er å bruka etter. Men skal du først bruka uttrykket, må du skriva det i eitt ord: ifølgje (som i bokmål: ifølge). Den største innvendinga er likevel at ifølgje passiviserer subjektet (agens). Gjer heller agens (den utøvande) til subjekt i setninga: Ifølgje trenaren har laget eit langt stykke igjen til formtoppen (= Trenaren meiner, hevdar, trur ). Kva med faste uttrykk ver varsam? Ver varsam når du bruker idiomatiske (faste) vendingar. Du må vita kva dei tyder, og deretter bruka dei i rett samanheng. Morosamt blir det når førstesida i avisa for nokre år sidan hadde dette oppslaget (ikkje frå dette materialet): smidd i hymnens lenker (= smidde i Hymens lenkjer); Hymen er namnet på den greske guden for bryllaup og ekteskap. Andre døme er (nokre er funne i avisa, andre ikkje) forventar at ansvarlege etatar tek hand i hanske med problemstillinga (uttrykket heiter passa som hand i hanske og tyder høva særleg godt), ta luven frå nokon (luv = lo, vindside), hamla opp med (humul = tverrstong på hestevogn), koma til hektene (dansk hægte(r) = pengar), falla i fisk (boktrykkjarspråk om trykksats som fell frå kvarandre), bragelovnad (bragr i gammalnorsk = den ypparste) og fleire. Veit du kva desse tyder?

13 3.3 Setninga, og delar av ho I denne kategorien er det gjort i alt 232 registreringar. Sterkast representert er sin-genitiv, deretter følgjer konstruksjonar med vil + infinitiv, manglande samsvarbøying og bruk av s-genitiv. Dei to relativt innhaldsrike funna av genitiv (sin- og s-genitiv) syner at mykje av problematikken i setningslæra er knytt til den vanskelege s- genitiven i bokmål. Det er registrert 22 tilfelle av rein s-genitiv (landets kortaste riksveg) og 74 av sin-genitiv (Nav si fremste utfordring), men i materialet er det langt fleire, særleg av sin-genitiv. Både genitivsbruken og bruken av vil + infinitiv er viktige område i setningslæra, og her har avisa og journalistane eit viktig område å arbeida med og eit stort potensial for å få betre språk i Sogn Avis! Noko meir avslappa kan ein kanskje vera til mangelen på samsvarbøying av verb (Dei to mennene vart transportert i staden for transporterte). Som nemnt er korrekt samsvarbøying så å seia fråverande i det stoffet som er lese, og dei førekomstane som er noterte, verkar tilfeldige. 3.3.1 Sin-genitiv (garpegenitiv) Med sin-genitiv meiner me at eit eigedomsforhold blir uttrykt ved hjelp av eigedomspronomenet sin. Eigedomspronomenet er i norsk brukt for å visa tilhøyrsle/eigedom: ho las i boka si, til skilnad frå personleg pronomen elles: ho las i boka hans. Det er når eigedomspronomenet sin (eller bøyingsformer av det) er brukt som rein avløysar av genitiv-s i bokmål at me talar om sin-genitiv: Reinens verste fiende blir til reinen sin verste fiende; distriktets beste fotballspelar blir til distriktet sin beste fotballspelar osb. Uttrykksmåten er ikkje uvanleg i munnleg målbruk, men er lite omtykt i skriftleg norsjk. I grammatisk litteratur blir sin-genitiven ofte karakterisert som banal, barnespråkaktig, ukorrekt osb. Ikkje berre dei svært mange funna i avisa er overraskande. Det som er mest påfallande, er at journalistane mest aldri ser ut til å prøva seg på andre løysingar. Det er med andre ord svært få tilfelle der ei s-genitivsutfordring blir løyst på andre og språkleg sett betre måtar. Og dersom det er gjort, er løysinga gjerne at de skriv s-genitiv, som heller ikkje har særleg høg stjerne i nynorsk: landets kortaste riksveg, årets turistsesong, fylkets viktigaste hus. Alle desse er reint bokmål, ikkje nynorsk! Fordi sin-genitiv er så dominerande i avisa, og fordi journalistane må gjera noko med denne einsidige bruken, tek eg med eit par utsegner frå sentral litteratur om konstruksjonen: Alf Hellevik (Nynorsk ordliste) skriv i forordet til Nynorsk ordliste (den gule): Men elles bør ein i normalprosa vere sparsam med bruken av sin-genitiv. Og særleg bør ein passe på å ikkje bruke sin-genitiv mekanisk i staden for s-genitiv, slik at laboratoriets leder blir til laboratoriet sin leiar, eller bygdens ordfører til bygda sin ordførar. Naturlegare ordlegging er det å skrive: leiaren for laboratoriet, ordføraren i bygda. Norsk språkråd har denne omtalen og frårådinga av sin-genitiv: Genitiv Ver nøye med å variera språkbruken der bokmål har genitiv: s-genitiv sin-genitiv Ver særleg merksam på avgrensingane i bruken av s-genitiv og sin-genitiv. Dette er ikkje god nynorsk: "Heimen sin verdi for barn si oppseding." Kva heimen har å seia for oppsedinga av barn. I Wikipedia les me: Garp var en nedsettende betegnelse på tyskerne i Bergen. Betegnelsen «garpegenitiv» antyder dermed at bruken skyldes manglende norskkunnskaper. Formen har også vært assosiert med «barnespråk». «antagelig er den oppstått i Bergen i hansatiden under påvirkning fra tysk. En garp var i sin tid økenavnet på en hanseatisk kjøpmann, men ordet hadde dessuten betydningen hardhaus. Garpegenitiv regnes ikke som korrekt norsk» Garpegenitiv er likevel utbredt på Vestlandet, og har i de senere årene blitt mer vanlig i østnorsk talespråk og bokmål. «var opprinnelig geografisk bestemt, men den geografiske begrensningen til Vestlandet og Nord- Norge gjelder i liten grad nå lenger. Og den østlandske bruken av uttrykksmåten er nok eldre enn to-tre år; den er observert allerede på slutten av 1960-tallet, men da helst hos barn. Fra barnespråket har imidlertid ikke veien vært lang via voksen tale til skrift» Eksempler på garpegenetiv kan være Lars sin lekebil, NRK sitt arkiv, Bush sin administrasjon.

14 Som det går fram av dette, er sin-genitiv i nynorsk slett ikkje ulovleg. Det er den einsidige bruken av denne genitivsvarianten som er uheldig, ikkje at han er brukt ein gong imellom. I bokmål kan det verka som om sperrene for bruk av sin-genitiv er sterkare, og at konstruksjonen der både er mindre brukt og mindre omtykt. Det er kjent at i opplæringa i nynorsk sidemål (ikkje i nynorsk som hovudmål) i skulen tyr mange lærarar til løysinga med sin på genitivsproblemet i nynorsk. For elevane kan det vera ein grei metode til å møta problemet med omskriving av s-genitiv til nynorsk på. Men ei slik løysing vert for mekanisk, og det ser ut som om journalistane i Sogn Avis hamnar på denne løysinga. Oppmodinga må vera å variera, først og fremst med preposisjon (til, i og fleire alt etter samanhengen), samanskriving, eller de kan sløyfa genitiven (frå kommunen si side er det gjort mykje for å = kommunen har gjort mykje for å ). Kven som har tipsa journalistane, er ikkje godt å vita. Anten rår ein sin-kultur i avisa kanskje tilrådd av gode hjelparar, det vil seia at nokon i god tru er tipsa om at dette som ei god og akseptabel løysing, eller bruken har festa seg på huset som god og akseptabel nynorsk på eit problematisk felt. Men det er slett ikkje alltid noka god løysing! Og som nemnt: Det er ikkje mengda i seg sjølv som er påfallande eller avgjerande, like mangelen på andre løysingar og ikkje minst variasjon! 3.3.2 s-genitiv Det andre genitivsspøkjelset er s-genitiv, som heller ikkje er vanleg på nynorsk, sjølv om bruken kanskje har auka noko. Her er mange funn med s-genitiv, og resultatet blir stundom reint bokmål: blant landets beste, tidenes beste. Dette er dårleg nynorsk, også fordi s-genitiven her er brukt i bunden form av substantiva, i det siste tilfelle til eit hokjønnsord. Når substantivet står i bunden form, unngår me helst s-genitiv. I hokjønns- og inkjekjønnsord er s-genitiv lite brukt, men kan finnast poetisk, høgtidleg eller litterært: mellom markas liljer Nynorsk har tradisjon for genitiv med s ved særnamn: Aasens ordbok nemningar for tid og mål: fire vekers ferie substantiv i ubunden form (ofte i meir faste uttrykk): i manns minne, eit langt livs arbeid i meir faste vendingar (særleg ved hankjønnsord): kongens karar, bondens kår, statens lønsregulativ I Sogn Avis bør me unngå s-genitiv så langt råd er. Gode løysingar er å bruka preposisjonen til: garden til grannen. Men pass på så det ikkje bli mistydingar: Departementets brev kan ikkje bli Brevet til departementet, men frå. Andre løysingar med preposisjon: bygdas ungdom = ungdommen i bygda (bygdeungdommen), stedets befolkning: folk(et) på staden, med naboens hjelp = med hjelp frå naboen, undervisningens formål = formålet med undervisninga. (Dei fleste døma er henta frå Hellevik: Nynorsk ordliste.) Som vist i det første tilfellet, kan me i staden for genitiv bruka samanskriving: fjellets topp = fjelltoppen. 3.3.3 Vil + infinitiv Denne måten å uttrykkja seg på er svært vanleg i skriftleg framstilling, både på bokmål og nynorsk. I dei aller fleste tilfella gjev presens av hovudverbet ei mykje betre løysing. Ofte er det brukt vil i tilfelle der hovudverbet lèt venta på seg til setninga eller perioden mest er slutt, særleg ved innskotne leddsetningar: ikkje minst vil den økonomiske handlekrafta som me har sett på dette området heilt fram til det siste, vera langt større enn i dag. Sløyf vil, du kan avgrensa bruken til å gjelda vilje eller ønske: Per vil gjerne reisa (= ønskjer å reisa) heim til jul. Her er i alt 55 registrerte tilfelle av denne konstruksjonen i materialet, sjå dømesamlinga. Alle bør skrivast om til presens av hovudverbet. 3.3.4 Samsvarbøying av verb (etter vera, verta, bli) Manglande samsvarbøying av verb (etter vera, verta, bli) har svært mange registreringar (langt fleire enn i dømesamlinga). Det verkar mest denne bøyinga på det nærmaste er fråverande i avisa, på veg ut, med nokre få unntak. Kort er reglane slik: Perfektum partisipp av verb skal bøyast som eit adjektiv, det vil seia i kjønn og tal samsvara med det substantivet det står til, etter hjelpeverba vera, verta og bli. Grunnen til bøyinga er at partisippet er adjektivisk (fungerer på same måten som eit adjektiv): raude bussar = bussane er raude; utbrende stokkar = stokkane er utbrende. Det er mogeleg me må gje opp målet om å meistra samsvarbøyinga fullt ut. Men eit par tilfelle må nemnast: adjektivisk bøying av verba kjenna og nemna. I hankjønn og hokjønn skal dei ha -d (er kjend, er nemnd), i fleirtal -de (kjende, nemnde), i intekjønn -t (det er nemnt). Difor heiter det alltid som nemnt, som kjent (for all del ikkje som nemnd, som kjend). Og rett er det når avisa skriv: artisten er kjend for dei gode tekstane sine. 3.3.5 Litt om pronomen

15 Somme pronomen (nokon, annan og fleire) skal bøyast, avhengig av det substantivet dei står til. Og hugs at på nynorsk er det vanleg å bruka personleg pronomen som tilvisingsord, ikkje peikande (den osb.): Rapporten er ferdig. Du kan finne den (heller: han) på nettet. Ikkje la denne, dette, desse stå åleine og visa attende til eit substantiv i setninga framom. Ta med substantivet, elles kan ein bli i tvil om kva som er meint. Eit noko utvida døme frå avisa: Mange lag meg gode spelarar kjempar om dei beste plassane, men Rørvik trur ikkje desse kan vera med i medaljekampen (Kven er desse?). 3.3.6 Vanskelege konstruksjonar Krunglete eller innfløkte setningskonstruksjonar eller setningar med for mange innlagde leddsetningar finst det ikkje mange av. Det svarar seg å setja punktum. Då er det lettare å landa trygt. Her er heller ikkje mykje stokking av setningsledd som som gjer språket tungt. Men stundom kan det nok bli litt i meste laget å halda styr på for lesaren, som i dette tilfellet (i tillegg til fleire andre feil): Endringane som vil bli gjort på riksvegen i området ved busstoppen er at fotgjengarfeltet vil bli flytta nokre meter lengre aust, slik at busspassasjerar som skal kryssa riksvegen vil kunne gjera dette direkte frå den nye busslomma. Også kan dette seiast enklare: I tillegg til denne utfordringa, undrast Terje Nordgulen om vegstyresmaktene har teke med i planlegginga si at det i området der busshaldeplassen blir plassert ved fleire høve har hamna bilar opp i skråninga. Rådet må bli: Stans i tide, set punktum! Andre gonger stokkar ordfølgja seg, særleg fordi det er lagt inn leddsetningar som bryt framdrifta av teksten: Det nye er at desse tavlene, som er utstyrt med magnetflater, kan ein skriva direkte på ved bruk av magnetiske pennar. Også i desse tre periodane har det stokka seg, eller formuleringane er uheldige: 1) Det er ikkje eit kva hus som helst som no får startløyving gjennom krisepakken; 2) Noko som betyr at området har høg grad av konflikt i høve inngrep; 3) Sturle Ryum (Sp) var meir venleg stemt i høve det å ta registeret i bruk. Pass på så den vrangvillig innstilte lesaren ikkje mistyder, slik det kan skje med denne syklande kvalen: Det var søndag ettermiddag at ein mosjonist frå Tangen møtte kvalen under ein sykkeltur til Fodnes. Kven er på sykkeltur? Truleg ikkje kvalen, for kvalar syklar vel ikkje? I dømet under er det òg vanskeleg å skjøna samanhengen. Eit tips til ein del av problemet her er å unngå då (vanleg i bokmål) som underordnande konjunksjon. Bruk heller fordi, ettersom eller andre: han vedgår at det truleg hadde vore mest ideelt å behaldt trenarapparatet frå 2008, eit resultat me ikkje vil vera bekjent av, då me er mykje betre enn det. Korleis ville du ha formulert dette? 3.4 Teknisk rettskriving (komma, bindestrek, apostrof osb.) Til teknisk rettskriving høyrer bruk av skiljeteikn (særleg komma), bruk av bindestrek, apostrof, stor/liten førebokstav og skrivemåten på namn (særleg institusjonsnamn). Materialet frå avisa har mange kommafeil. For å kunna setja komma på rett plass, må me vita kva ei setning er. Korleis er det med den kunnskapen? Dei viktigaste reglane er desse: komma mellom setningar som er sideordna med og; det skal altså stå komma før og i denne perioden: Me har fått ein ny nasjonalpark og me har frå før eit nesten to-sifra tal landskapsvernområde komma etter leddsetninga når ho står først; det skal altså stå komma etter tingretten (som avsluttar leddsetninga) i denne perioden: Då saka var oppe i tingretten forklarte tiltalte at komma etter innskotne leddsetningar; det skal altså stå komma etter prosjektet (som avsluttar leddsetninga) i denne perioden: Alle som er med i prosjektet har ein felles interesse i dette (og det heiter ei interesse) Namn på institusjonar må skrivast rett. Private har sitt private namn, som me kanskje bør sjekka. Offentlege institusjonar følgjer eit par enkle reglar: Stor forbokstav berre i første ordet (dersom ord nummer to osb. ikkje er eit namn som skal ha stor forbokstav) Nynorsk form der namneforma ikkje er fellesform Nokre døme frå materialet: som er direktør ved Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane takka vera Innovasjon Norge Statens Naturoppsyn, som har ansvaret for skadedokumentasjon og bestandsregistrering av freda rovvilt seniorrådgjevar i direktoratet for natur som no har fått midlar frå Norsk Forskningsråd

16 Her er det gjort rett: Havforskingsinstituttet i Bergen Kva er feil i desse døma, og kjenner du reglane? Eg synest idéen er heilt tosken Han har vist god nase for kva styresmaktene tillet av landskapsinngrep og rosar kommunen i Indre Sogn for å vera bra ajour med utfordringane. noko som truleg medførte at dei forlet bygda igjen

4 Døme- og oppgåvesamling Alle døma er henta frå det registrerte materialet. Nummereringa viser til punkt 3 Grammatisk oversikt i rapporten. Punkta 3.1.3 og 3.3.6 i rapporten har ikkje døme her, sjå rapporten. 3.1 Rettskriving 17 Oppgåve 1 a) Rett feila i døma frå avisa nedanfor. b) Set inn rett form av lenger/lengre: han sit ikkje hjå meg ; han flytta aust; enn langt; greier du ikkje å hoppa ; Kari hoppa enn Ola; Kari er 3 cm enn Ola c) Med eller utan j: ligg(j)etid, ønsk(j)etenk(j)ing, merk(j)esak, merk(j)epenn, brygg(j)edans, tilheng(j)ar? 3.1.1 Den vanskelege j-en ja-verb Dette er krevande arbeid og det tek tid Verbalsubstantiv Holsen, leiar i lokallaget, gjorde greie for det nye kravet til riskanalyse og tryggleikstenkjing på årsmøtet til Fylkesturlaget (å tenkja, ei tenking) Trass innstramminga, er lustraskjenkjinga likevel meir liberal Eg meiner klagene me har fått, ikkje gjeld uteskjenkjing på hotellet (å skjenkja, ei skjenking) j-en må få følgja med overalt! Oddvar Tryti er tilhengar av folkeavrøysting Her skal det byggast ein femti meter lang betongportal på tunnelen Skulerenoveringa på Lærdalsøyri er delt opp i fire byggesteg. Byggesteg ein vart teke i bruk måndag men dette må vera motivert ut frå frivillegheit og eit ynskje om å kunna tilby innbyggarane eit tenestetilbod På Facebook er det blitt ein trend å legge ut private haldningar Substantiv og verb: men dette må vera motivert ut frå frivillegheit og eit ynskje om å kunna tilby innbyggarane eit tenestetilbod og understerkar at ho elles ikkje har ynskje om å kommentera kontakten mellom fylkeskommunen og Fresvik 3.1.2 Litt meir om rettskriving bæra (v), skjæring (fleire gonger) ei fornuftig løysning; avvisning, vridning terassen, terassane (jf. terra = jord) ulent jf. lende sleten (v, partisipp) partisipp av sterke verb, 1. klasse, skal ha same vokal i infinitiv og i partisipp: slita/sliten, skriva/skriven antioksydantar skal skrivast med i: oksid, oksidere, oksidant osv. Sjekk i ordboka! fagleg breidde, trussel, på skinner, virkestoffet, skippar, ryggmargen (marg eller merg?), sjukdomsfremkallande, flykningeleirane, multimediainnslag (forutan trykkfeil i flyktning er bindingsvokalen feil i begge dei to siste døma) Sideformer (klammerformer) ansiktsløfting, løfta, løft forma med ø er gjennomført i materialet Sideformer i samsvar med dialektane i midtre og indre Sogn: altso, sopass; likeins bøyingsformene medlemmar/medlemmane (slike former kan kanskje redaksjonen kanskje gjera vedtak om å bruka?) 3.1.3 Eitt eller to (fleire) ord Du finn døme i rapporten. 3.1.4 Substantiv- og verbbøying Legevakten; ein god plattform, ein felles plattform, merkevaren Frøy frå Fresvik kokken porsjonerer rettane dette er ei auke på, frå andre deler, ei hypotese, mange gode historiar Inkjekjønn fleirtal: bruken av beiter; kriteriar som det då skal leggast vekt på; midt i telefonar frå og møter med Røys innleia, sang Kajsa og Frida, Det styrkar utvilsamt HSF, der det no er greve ut plass som me vart lønna for, Men når det først losnar for Sindre, så pleier det å losna skikkeleg Fram til konkursen eigde Høyanger kommune

18 3.1.5 Lenger eller lengre? etter ein lenger periode vil det ta lenger tid flytta nokre meter lengre aust 3.2 Ordval (leksikalsk morfologi) Oppgåve 2 a) Korleis kan du unngå på vent i døma frå avisa? b) Skriv om nokre av dei andre døma nedanfor slik at språket blir betre. 3.2.1 Flosklar og liknande på vent uvissa grunna finanskrisa gjer at me har sett prosjektet på vent. Det betyr at me har sett på vent dei prosjekta som me kan gjera det med, Ligg på vent. legg desse planane på vent utbygging på vent Mest fotball, men òg annan sport Ja, i periodar viste me prov på at me definitivt kan matcha dei beste laga, viss me har alle intakt i mannskapet og ting stemmer ute på bana. Talentet frå Gaupne var suveren i prologen og etter pause køyrde dei rett og slett i frå oss, då me ikkje var kjappe nok i forsvar og på returløpa I tillegg gjorde Jannicke Øyre Nundal ein sterk kamp Og Valsvik sitt gode spel har ikkje gått umerka hen så langt under opphaldet i Tyrkia så kan me tapa neste kamp mot ein presumptivt svakare lag, understrekar han Etter pause gjorde me heile ti tekniske feil i etablert angrep å ha gjort research i ettertid eit resultat me ikkje vil vera bekjent av, Mange folk har lagt ned eit fantastisk dugnadsarbeid i forkant av turneringa Eg er meir gira på fotball enn nokosinne Aktualitetsmessig kunne ikkje timingen vært betre. Kluet er å få publikum til å leggja ut informasjon. no tek me sikte på ei varsam implementering i lokallaget (Truleg kjenner journalisten innhaldet av omgrepet implementering, men kva med lesarane?) Går for medaljar i sesongopninga; Sogndal går for siger på sundag (Ville det gå betre med medaljesankinga og med Sogndal om dei heller spelar for medaljar eller siger? Verbet å gå verkar litt tafatt.) Ølmheim gjekk for ei tid tilbake ut og sa at han ønskte seg ein ny klubb 3.2.2 Andre til ettertanke som er tima til gjenopning om vel fire månader det er slike folk det er bruk for der nede nett no, både i forhold til å vera vitne og i forhold til å hjelpa Eg håpar og trur han vil gjera seg i ein slik setting, men eg hugsar best stemninga og trøkket som var der referatet står det svart på kvitt at Frp går for tunnel gjennom Vikafjellet. Han håpar på sikt. På sikt er målet at han skal dra inn pengar på reklame. Opningsdagen stod 26 senger klare og på sikt vil dei mange romma på den gamle eigendommen (skal vera eigedommen) til Statkraft og seinare kommunalt eigde bygget få 63 senger til overnatting Landstad har merka at det har blitt større fokus på slike tema. Unge vaksne i fokus også gjennom manglande kvalitetssikring i etterkant av revisor si åtvaring Me har gitt opning for at brøyteentreprenøren avgjer når vêrforholda på Vikafjellet er av ein slik karakter at bommen ved fylkesgrensa kan nyttast Eg er veldig nøgd med innretninga på krisepakken

19 Rakefiskfesten på Borgund er blitt ein happening mange ønskjer å oppleva 3.2.3 Prefiks og suffiks Oppgåve 3 Kan du finna andre måtar å uttrykkja deg på i døma nedanfor slik at du unngår desse prefiksa og suffiksa? be- Fram til helsa gav beskjed, hadde ho og odelsguten ho møtte på jordbruksskulen i Førde er forferdeleg tøft å sitja her heime og venta på beskjed, seier Venke Aarethun Helsearbeidarane som er der nede gjer ein fantastisk heltemodig innsats under heilt ubeskrivelege forhold, også for å behalda dei reisande i distriktet over ein lenger det vart i si tid hevda at Sogn Avis overvurderte betydninga av å få to statsrådar frå fylket og Prestegård er ikkje i tvil om betydninga han har hatt både for motbakkesporten og for fylket generelt. og dette har stor betydning, seier Njøsen Beheld turistane eit resultat me ikkje vil vera bekjent av Milorg gjorde alt som stod i deira makt for å hindra at sivilbefolkning vart råka av deira aksjonar og viste alltid kor begeistra han var for naturopplevingane i Sogn. Kva tid saka vert beramma til retten er usikkert Dette må eg berre beklaga Fonteneanlegget blir også belyst. det er for oss totalt ubegripeleg korleis det er mogeleg for norske politikarar Døme på dårlege løysingar på be-problemet: Det er ikkje spesielt tryggjande. I desember kom kjennelsen frå Gulating lagmannsrett Dette saman med Jon sin livslange lidenskap for å røra seg i skog og mark er-, bi- an- seier Heidi Grande Røys, og erklærer at det ikkje høver å prissetja jamstelte mål Men ikkje alle får ein statsråd til å erklæra Nav-etaten for pakka og klar difor vil me bidra Eg bidreg gjerne med kvalifiserte råd! Desse to, med fleire, bidreg på fredsvaka som for tida føregår utanfor Sogndal Kulturhus Det er merkevarebygging som finn stad på Hatleli i Fresvik. midt i telefonar frå og møter med bidragsytarar, politikarar, venner, kollegaer og kjende Då kan det bli aktuelt å henta inn fagleg bistand frå andre delar av landet uansett men eg vil uansett prøva å komma meg nedover i næraste framtid Utviklinga i Luster kan uansett ikkje halda fram på denne måten Men uansett - Israel må stoggast og då må alle andre oppegåande regjeringar på kloden påverkast og han meiner kommunen uansett ikkje kan gjera det åleine. Det er med andre ord eit stykke fram, uansett. Jon takla absolutt alt, og kjempa seg opp att uansett hen- For ordforma hensyn har nynorsk motsvaret omsyn, og det bør brukast. Det er heller ingen grunn til å skriva forventa når det held med venta: og denne gongen lét eg hensynet til familielivet ta avgjersla for meg slik at dennye situasjonen medverkar til avvisning av forventa trafikk Eg hadde ikkje forventa dette, seier tillitsvalt Erik Flæthe -heit Ho tykkjer gårsdagens gledelege nyheit er eit døme på at å dra lasset saman gir resultat

20 så provosert at ho like godt - i full offentlegheit - truga med å ta med seg alle innbyggjarane sine og flytta til Hordaland. Juryen har gjort eit spennande val, som gir unike moglegheiter Han serverte også forslag på kva moglegheiter som no opnar seg? Dette gir mange bruksmoglegheiter -messig Aktualitetsmessig kunne ikkje timingen vært betre. (nynorsk eller bokmål?) Ved alders- og sjukeheimen krevst det i tilfelle bygningsmessige tiltak for å gå over til vassboren varme. (Kva med bygningstiltak?) Nermoen fortel at både økonomisk og miljømessig er prosjektet veldig bra, ved at ein kan nytta vassressursane utan store inngrep i naturen. eigedomsskatten har tradisjonelt vore avgrensa med såkalla bymessig regulering Skal denne haldeplassen halda mål reint tryggleiksmessig, Prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen meiner at den nye busshaldeplassen vil vera ei tryggleiksmessig fullgod løysing. Erfaringsmessig er det mest avstiging frå bussen på denne staden, I denne omgangen er det elevane på ungdomssteget, samt sjuande klassesteg, som har fått nye og tidsmessige skuleareal Nermoen fortel at både økonomisk og miljømessig er prosjektet veldig bra, ved at ein kan nytta vassressursane utan store inngrep i naturen. 3.2.4 Preposisjonar Oppgåve 4 Skriv om (med preposisjonar eller andre løysingar) døma nedanfor. på Hallingane er langt framme på sauehald Tiltakspakken gir kommunane eit løft på vedlikehald Han serverte også forslag på kva moglegheiter som no opnar seg som på interiør og innhald utfordrar fjordens gamle kaféomgrep Det er veldig gøy når det kjem merksemd på ting som me har jobba med i mange år (substantivering!) Fornyingsministeren trur den enorme Nav-etaten, med sitt massive informasjonsbehov, kan bli langt betre på målbruk Flatland er klar på at ei løysing må finnast i dei resterande dagane av januar Han var klar på at skuldingane mot hans klient var basert på fri fantasi med påverknad frå foreldre, slektningar og andre. Det er veldig gøy når det kjem merksemd på ting som me har jobba med i mange år Men på her Ikkje alle i årsmøtet var samde i Unødvendig innan i staden for i: og me ønskjer å halda på arbeidsplassar innan jordbruket har 30 års erfaring med å rettleia innan bygging av sauefjøsar ved at Nermoen fortel at både økonomisk og miljømessig er prosjektet veldig bra, ved at ein kan nytta vassressursane utan store inngrep i naturen. Andre synspunkt enn omsynet til utbyggjaren får drahjelp ved at media speglar breie interesser i desse sakene meiner det kan løysast ved at ein ringjer til legen 3.2.5 Substantivsjuke Bygget vart kjøpt like før jul og innflytting vart gjort på ei veke. Det inneber at han ikkje berre dyrkar og haustar, men handterer heile den industrielle prosessen, samt tapping og distribusjon.