Kva konsekvensar har Kunnskapsløftet for tilpassa opplæring?

Like dokumenter
Korleis utvikle eit inkluderande læringsmiljø?

Spesialundervisning-haldningar, rammer

Du må tru det for å sjå det

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Pedagogisk plattform

Foreldre til barn som strevar si oppleving av samarbeidet mellom heim og skule. Åshild Askeland Johnsen

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

The function of special education LP-konferansen 2015 Hamar mai 2015

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Ein skule for alle, også utviklingshemma?

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Utfordringar og nye vegar i spesialundervisninga knytt til tidleg innsats. Peder Haug Høgskulen i Volda Innlegg på Statpedkonferansen, 16.

«Mestringsforventningar»

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Bruk av IKT i spesialundervisninga

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Funksjonen til spesialundervisninga. Peder Haug LP-konferansen 2017, Hamar september

6-åringar på skuleveg

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Kva er typisk for spesialundervisninga i Norge?

Kvifor? Matematikksamtalen Munnlege arbeidsmetodar Munnleg kompetanse i matematikk?

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Pedagogisk analysemodell

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

PPT no og i framtida.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Elevundersøkinga 2016

Kvalitet i spesialundervisninga

Elevane sin motivasjon for skulearbeidet: Ein nøkkel til å skjøna tidleg fråfall.

Frå tre små til ein stor.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

1. Beskriv målet/måla

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Retten til spesialundervisning

Barnehage til beste for barn

Tilpasset opplæring Geir Nordal-Pedersen Gro Hartvedt

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Dersom du vurderer din eigen innsats som svært dårleg eller ganske dårleg: 6. Er du interessert i å forbetre deg i dette faget?

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Barnerettane i SKULEN

Tverrfagleg samarbeid i skulen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Rammeverk for lokalt gitt skriftleg eksamen

Eit lærande utdanningssystem?

Spesialpedagogisk hjelp. 1 Rett til spesialpedagogisk hjelp 2 Innhald 3 Organisering 4 saksgang

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst


Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Psykologisk førstehjelp i skulen

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Verksemdsplan for Flatdal skule

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Korleis kan PPT bruke resultata frå forsking i arbeidet i kommunane?

IKT-kompetanse for øvingsskular

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Trudvang skule og fysisk aktivitet

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Transkript:

Kva konsekvensar har Kunnskapsløftet for tilpassa opplæring? Konferansen: På rett veg? Loen 10. og 11. mai 2007 Peder Haug, professor Høgskulen i Volda 1

Utfordringane: Utfordringen for norsk kunnskapspolitikk er at landet ikke får nok kompetanse ut av befolkningens talent. (NOU 1988:28), s. 7) Kvalitet: Strukturell, prosess og resultat, løysing: tilpassa opplæring. we have little knowledge of what exactly brings quality to education, and how these qualities are enhancing the development of society. Life long learning is a necessity for many of us, but we still have limited knowledge of how to construct the content and processes for life long learning. (Lundgren, 2006, s 4.) 2

To hovudtema Nokre overordna synspunkt om korleis få til endring i Kunnskapsløftet Ulike sider ved omgrepet tilpassa opplæring slik det blir eller kan bli forstått i Kunnskapsløftet. 3

Strategi for endring Skulen som lærande organisasjon. Kollektiv kultur mellom personalet med endringane i Kunnskapsløftet som merke. Leiaransvar, mobilisere støtte frå samla personale Bryt med tidlegare strategiar Leiinga hatt ansvar åleine Personalet fått individuell kompetanseutvikling Stort individuelt fokus på læraren Av alle ressurser i skolen er lærernes kompetanse den faktoren som påvirker elevenes prestasjoner mest. (St. meld. nr. 30 (2003-2004), s. 94, mi utheving.) Kunnskapsløftet skal betre læringsmiljøet og den individuelle kompetansen gjennom fagleg samarbeid Utfordringane dei fleste stader er derfor at personalet må snakke fagleg saman, drøfte og prøve ut kva som er god opplæring og korleis skape den og leggje eit grunnlag for å få og å gje støtte og hjelp til kvarandre som kollegaer. 4

Tilpassa opplæring Tilpassa opplæring er enkelt å definere: Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven og lærlingen Tilpassa opplæring er lett å slutte seg til, men vanskelege å handle ut frå, fordi det spring meir ut av politikk enn av praksis. Retorisk perfekt Samansett omgrep: Handlar om eleven sine evner, interesser og anlegg, lokalkultur, etnisk bakgrunn, religiøs bakgrunn Brukt også om overordna verdiar som rettferd demokrati og likeverd Brukt om konkrete forhold som elevar, timar, innhald, lærarar Med så mange og ulike tydingar er det lett å bli usikker på kva det heile skal handle om, det er lett å bli offer for dei som meiner å vite det sikkert og det får store konsekvensar for korleis omgrepet vert praktisert. Å bli samde om ei forståing som også er gjennomførleg er difor heilt avgjerande i lærarkollektivet. 5

Tilpassa opplæring dominerer ikkje i LK06 Ser vi alle dei tre delane i læreplanen under eitt skal læraren bry seg om ei rekkje tilhøve som gjeld elevane, fagstoffet og skulen. Med mange omsyn er ein nøydd til å kompromisse T.d. tilpassa opplæring og inkludering Mange av omsyna har fått mindre merksemd enn tilpassa opplæring i debatten rundt Kunnskapsløftet 6

Læring er viktig Det har liten hensikt med tilpassa opplæring, dersom læring ikkje er viktig. Grunnar bak påstanden om at læring ikkje er så viktig mange stader i skulen: Kunnskapsnivået til elevane Skiljet i elevprestasjonar ut frå sosial bakgrunn, kjønn og etnisk opphav Kva ein brukar tid på i skulen og korleis Resultat frå prosjektet Begynnaropplæring og tilpassa undervisning Store variasjonar Mellom 30 % og 70 % av tida brukt til fag og tema, gjennomsnittleg om lag 50 % 7

Life in Classrooms (Philip Jackson, 1968) Klasserommet som bikube Trafikkpoliti Dommar Materialforvaltar Tidtakar I dette mylderet finn han nokre karakteristiske trekk: Forstyrring og avbrot Det sosiale livet reflekterer ikkje alltid det faglege Venting Avbrot og forstyrring Sju minutt per skuletime i 10 år = 79800 minutt: 45 = 1773 skuletimar Ein god del av det ikkje faglege må gjerast, og er viktig for at livet skal og kan gå sin gang. Det er vedlikehald av fellesskap og samhald. Korleis og kor mykje som er rimeleg er ei sak å diskutere i kollegiet, så vel som å drøfte om og eventuelt korleis elevane si tid skal vernast. 8

Tilpassa opplæring er ingen individuell rett Formuleringa i 2-1 i opplæringslova: Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven og lærlingen. Tilpassa opplæring skal gå føre seg innanfor fellesskapen i klasser eller grupper, og i det omfang som læraren er praktisk i stand til. Tilpasset opplæring innenfor fellesskapet er grunnleggende elementer i fellesskolen. (LK06) To forhold: Fellesskapen er den overordna ramma som verksemda i norsk skule skal haldast innanfor Omfanget av tilpassa opplæring skal gjerast innanfor dei rammene som gjeld for heile fellesskapen. 9

Fellesskapen som utgangspunkt Tilpassa opplæring handlar med andre ord ikkje om at alle elevane skal ha eigne individuelle innhald og opplegg, sjølv om denne forståinga grip om seg meir og meir. Fellesskapen i eit danningsteoretisk perspektiv: Danning avhengig av individuelle føresetnader for læring Elevane skal dannast til å bli samfunnsmessige aktørar gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn Det føreset kjennskap til felles referanseramme (kulturelt innhald) og evne til å fungere i felleskapen (sosiale relasjonar) Tilpassa opplæring kan ikkje drivast uavhengig av den same fellesskapen og berre ut frå omsynet til enkeltindivida. Empirisk dekning verdien av sosial kapital. Konklusjonen på dette er at verdien av fellesskapen som ramme for all undervisning og opplæring må verte ei viktig sak å drøfte, og ikkje minst korleis ein skal skape og halde ved like denne fellesskapen. 10

Komplementaritetsteorien De betre undervisninga av fellesskapen er, de mindre blir behova for spesielle og individuelle tiltak. De svakare kvaliteten av denne undervisninga er, de større blir behovet for spesielle og individuelle tiltak Gjessing, Hernes, Skaalvik og Nordahl Gjennom vide og generelle tiltak for å betre læringsmiljøet og læringa oppnår ein resultat som ein ikkje ville klare med meir avgrensa og spesifikke satsingar. Konklusjonen er at personalet ved skulane må drøfte og prøve ut kva som er god kvalitet i opplæringa. 11

Vid og smal tyding av tilpassa opplæring Den vide tilnærminga er å vere oppteken av dei generelle kvalitetane ved undervisning og opplæring. Høy pedagogisk bevissthet og tett oppfølging (Markussen m.fl. 2003) Den smale tilnærminga handlar om tiltak retta inn mot enkeltelevar eller små grupper av elevar for å legge til rette arbeidsformer og læringsinnhald spesielt for dei. Konklusjonen er at personalet ved skulane må bli medvitne om tydinga av den vide forståinga av tilpassa opplæring, og at dette er den einaste måten ein kan realisere kravet om tilpassa undervisning på. Å tru at ein kan individualisere opplæringa for alle elevar gjennom spesielle tiltak for kvar enkelt er overtru, og vil berre vere mogleg der elevtalet er lite. 12

Kva er god undervisning? Vi har gjeve nokre måtar å undervise på større prestisje enn andre: Den gamle klasseopplæringa med å høyra lekser, med spørsmål og svar osb. i samla klasse nytta til vanleg undervisningsform er ikkje godt skikka til å vekkja hug hjå elevane og tek for mykje kostesam tid av skuledagen. (Kyrkje- og utdanningsdepartementet, 1964/1939, s 12.) Det er fint å drive med prosjekt, individuelt arbeid, vekeplan, storyline eller entreprenørskap. Lærarstyrte oppgåver er ikkje bra. Så snart vi har funne den rette metoden, blir det like lett å undervise ein aldri så stor guteflokk, som å lage 1000 kopiar ved hjelp av ein trykkemaskin. (Comenius, 1592-1670) Mykje tyder på at undervisningsmåtane korkje er gode eller dårlege i seg sjølv. Av et syn på læring følger ikke utan videre et syn på hva slags undervisning som er best egnet. (Kjærnsli m.fl. 2004, s 255.) 13

Handverket Det er ikkje metoden i seg sjølv som definerer kvaliteten ved opplæringa, men måten den blir gjennomført på. Undervisninga er avhengig av at læraren kan handverket. Det mest grunnleggjande for ein lærar er å vite kva som skal til for at det skal skje læring, uavhengig av den undervisningsmetoden som blir nytta. Motivasjon, engasjerte lærarar, systematikk, struktur, orden, presentasjonar, øving, repetere, summere opp, utveksle meiningar, følgje opp, sanksjonere og kontrollere Mange stader har vi gradvis overlate klasseromma og læringa til elevane, og deira eigne val og forståing av kva som er det beste for dei. Konsekvensen er at mange av oss ikkje har noko instrument å snakke om lenger, som lærarar. Konklusjonen er at personalet ved skulane må saman drøfte korleis skape kvalitet i dei undervisningsmåtane som blir brukte, og korleis gjere undervisninga variert. Det kan vere behov for å dele med kvarandre både gleder og sorger knytt til erfaringar med ulike måtar å arbeide på. Eit kollegium, sjølv om det er lite inneheld meir erfaring enn det ein person åleine kan representere. Difor er det å dele erfaringar med kvarandre viktig. 14

Meir tilpassa opplæring enn forskinga viser Mange døme på god fellesundervisning, følgt opp av oppgåver og etterarbeid som er lagt til rette for alle. Vi konstaterer at små elevar kan sitte djupt konsentrerte over eit tema eller ei sak over lang tid, og gjere eit arbeid som signaliserer motivasjon, interesse, læring, utvikling, fagleg trivsel og glede. Innanfor desse rammene gir læraren elevar ulike oppgåver, men som ser like ut. Lærarar kan fortelje elevar at dei treng ikkje gjere alt, eller at nokre berre skal gjere dei aller vanskelegaste oppgåvene. Lærarar avtalar med foreldre om kva dei skal legge vekt på i sitt arbeid med elevane og leksene. I eit prosjekt ved lærarutdanninga i Stavanger (Ohna m.fl., 2007) har dei studert fellesundervisninga, og registrert det dei kallar sløyfer. Tilpassing over tid. Konklusjonen er at ein ved skulane bør samle eigne erfaringar med korleis nå den enkelte eleven. Kva gjer ein no som fungerer? Sannsynlegvis gjer ein mykje, og det må vi ikkje kaste bort, eller tru er negativt eller feil. 15

Politisk semje om tilpassa opplæring Ein aukande tendens til å individualisere og intimisere både utdanninga og pedagogikken. Individ, frie val, sjølvrealisering Å løfte i flokk, regnbogekoalisjon (Kvale 2004) erstatta av konsumentlogikk. Velferd avhengig av maksimal individuell innsats. Dei to politiske grupperingane legg til grunn ulike tydingar i omgrepet tilpassa opplæring Opphaveleg reflekterte Kunnskapsløftet den nye individualiteten Tillegget til læringsplakaten modererer dette 16

Til slutt Den viktigaste føresetnaden for ei god opplæring er at læraren har omfattande kunnskapar i faga der vert undervist i, og i korleis undervise i desse faga. Utan dette, vil det vere umogleg å variere opplæringa, og å kunne arbeide førebyggande på område der ein av erfaring veit at mange eller få har ekstra utfordringar for å kunne kome vidare. Med ein slik generell kvalifikasjon som grunnlag, er det mogleg å sy saman felles opplegg og tiltak som eit grunnlag for alle elevane. På det kan ein også bygge dei individuelle tiltaka der det er nødvendig. Lærarfellesskapen eller kollektivet i skulen er ein stad der denne kompetansen kan skapast, vurderast, nyanserast, utvidast og utviklast. 17