Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 29.03.2011 015/11 MGAK Kvam heradsstyre 12.04.2011 029/11 MGAK Avgjerd av: Heradsstyret Saksh.: Mali Grete N. Aksnes Arkiv: N-211 Objekt: Arkivsaknr 09/1024-5 Retningsliner for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehagane i Kvam Samandrag: Kommunane har plikt til å tilby barnefamiliar med låg betalingsevne reduksjon eller fritak for foreldrebetaling. Foreldre som meiner dei har rett til reduksjon i foreldrebetaling skal kunna venda seg til barnehagemynde i kommunen med søknad om reduksjon. Tidlegare ordning med at føresette kunne ta direkte kontakt med sosialkontoret er ikkje godt nok. Det skal utarbeidast kommunale retningsliner som ivaretek retten til redusert foreldrebetaling. Det er viktig å utarbeida regelverk som er lett å arbeida etter, og som er enkelt å forstå både for sakshandsamarar og foreldre. Moderasjonen vert rekna ut frå den type plass barnet har i barnehagen og aktuell pris på plassen. Det er vanleg å operera med to satsar, og det vert gjort framlegg om ei slik to-satsinndeling i Kvam. Grunnbeløpsatsane i trygdesystemet vert nytta som grense i høve rett til reduksjon. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Retningsliner for kommunale og private barnehagar i Kvam herad, slik det går fram av saksutgreiinga. Rådmann Harald Inge Anderssen Sign. 29.03.2011 Kvam formannskap Røysting: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke med 8 røyster. Oddvar Brakestad, H hadde fråfall frå møtet når det vart røysta.
FSK-015/11 Vedtak: Retningsliner for kommunale og private barnehagar i Kvam herad, slik det går fram av saksutgreiinga. Saksordførar: Harald Kjosås, Krf 12.04.2011 Kvam heradsstyre Endringsframlegg frå Nils Drage, AP: Som FSK si tilråding med følgjande endring: Punkt 1) i vedtektene: Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 2G (grunnbeløp) blir gjeve 80% reduksjon. Punkt 2) i vedtektene: Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 3G (grunnbeløp) blir gjeve 50% moderasjon. Tillegg til punkt 2. renter og anna finansinntekter. Røysting: FSK si tilråding vart sett opp mot Nils Drage, Ap sitt framlegg. Nils Drage, Ap sitt framlegg fekk 26 røyster og vart samrøystes vedteke. HST-029/11 Vedtak: Retningsliner for kommunale og private barnehagar i Kvam herad. Retningslinene blir som følgjer: Vedtekter: Inntektsgradert foreldrebetaling kan gjevast etter søknad frå foreldre/føresette med låg betalingsevne. Moderasjonen vert rekna ut frå den type plass barnet har i barnehagen og aktuell pris på plassen. Kvam herad har to satsar: 1 ) Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 2 G ( grunnbeløp ) blir gjeve 80 % reduksjon 2 ) Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 3 G ( grunnbeløp ) blir gjeve 50 % moderasjon 1. Hushaldningar som kjem inn under denne ordninga er: ektepar/sambuarar, forsytarar med delt omsorg og einslege forsytarar som ikkje har krav på stønad til barnetilsyn.
2. Den samla inntekta til hushaldninga er utgangspunktet for eventuell inntektsgradert foreldrebetaling. Inntekt er: Bruttoløn, kontantstøtte, pensjon, trygdeytingar (unnateke barnetrygd, grunn- og hjelpestønad), inntekt på eiga verksemd, omsorgsløn, barnebidrag, bustøtte, stipend, studielån, sosialhjelp, renter og anna finansinntekt. 3. Stadfesting og dokumentasjon må leggjast ved søknaden. Inntektsdokumentasjon skal ikkje vera eldre enn ein månad. 4. Inntektsgradert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at søknad med fullstendig dokumentasjon er motteken. Søknaden har ikkje tilbakeverkande kraft. 5. Moderasjonen varer for 1 år, dersom det ikkje er endringar i grunnlaget for utrekninga. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon. 6. Alle hushaldningar som får endra sin økonomiske situasjon eller sivile status, pliktar å opplyse om dette. 7. Vedtak om betalingsreduksjon er enkeltvedtak og kan klagast på i høve forvaltningslova Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn6/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false
Saksopplysningar: Kommunane har plikt til å tilby barnefamiliar med låg betalingsevne reduksjon eller fritak for foreldrebetaling. I forskrift til om foreldrebetaling 3 tredje ledd står det: Alle kommuner skal ha ordninger som kan tilby barnefamilier med lavest betalingsevne en reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling. Denne ordninga skal og gjelda dei ikkje-kommunale barnehagane i kommunen, og i dei tilfella det er kommunen som dekkjer mellomlegget. Dette er ei oppgåve kommunen som barnehagemynde er pålagt. Foreldre som meiner dei har rett til reduksjon i foreldrebetaling skal kunna venda seg til barnehagemynde i kommunen med søknad om reduksjon. Korleis ein vel å organisera dette internt er opp til kvar enkelt kommune. Praksis med reduksjon i foreldrebetaling er ikkje ny, men det er no eit krav om at kommunen skal ha eigne nedfelte retningsliner. Når foreldre i Kvam til no har uttrykt at dei ikkje har råd til å ha borna i barnehage, har barnehagetilsette rådd dei å ta kontakt med sosialtenesta. Ein slik arbeidsmåte ivaretek ikkje kommunen si plikt til å ha ordningar på dette feltet, og det må utarbeidast eigne retningsliner. Eining for barnehage har hatt møte med sosialtenesta/nav Kvam for å drøfta korleis vi på best mogleg måte kan imøtekoma kravet om eigne retningsliner på dette feltet. Det er viktig å utarbeida regelverk som er lett å arbeida etter, og som er enkelt å forstå både for sakshandsamarar og foreldre. Vi har og innhenta dokument frå andre kommunar. Redusert foreldrebetaling kan gjevast til foreldre /føresette med låg betalingsevne. Moderasjonen vert rekna ut frå den type plass barnet har i barnehagen og aktuell pris på plassen. Mykje vanleg er å operera med to satsar, og det vert gjort framlegg om ei slik to-satsinndeling i Kvam. Grunnbeløpsatsane i trygdesystemet vert nytta som grense i høve rett til reduksjon: Hushaldningar med ei årleg bruttoinntekt under 2 G, som per i dag tilsvarar kr 151 282,- vert gjeve 50 % reduksjon. Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 3 G, 226 923,-, vert gjeve 35 % reduksjon. Den samla inntekta i hushaldninga er utgangspunktet for eventuell redusert foreldrebetaling. Inntekt vert definert som bruttoløn, kontantstønad, pensjon, trygdeytingar ( unnateke barnetrygd, grunn- g hjelpestønad) inntekt på eiga verksemd, omsorgsløn, barnebidrag, bustøtte, stipend, studielån og sosialhjelp. Stadfesting og dokumentasjon på inntekt må ikkje vera meir enn ein månad gamal ved søknad. Det har kvart år vore føresette som har nytta seg av sosialhjelp til barnehageutgifter. Tal saker har variert mellom ca 10 og 20 familiar i året. Totalt i 2010 var det 21 saker med ein samla sum kr 270 000,-. Tal saker som låg innafor føreslegne retningsliner, d.v.s. minus einslege forsytarar som har krav på stønad til barnetilsyn, var i 2010 14 med ei samla utbetaling på kr. 160 000,-. Det er foreslått å lata moderasjonen gjelda frå månaden etter at søknaden med fullstendig dokumentasjon er motteken, og har ikkje tilbakevendande kraft. Retningslinene vil få nytt romertal VII i Vedtekter for kommunale barnehagar i Kvam, dei neste punkta får nye nummer. Det skal utarbeidast eigne søknadsskjema. Retningslinene og søknadsskjema skal leggjast ut på heimesida til Kvam herad og gjerast kjent i alle barnehagane. Forslag til : Inntektsgradert foreldrebetaling Retningsliner for kommunale og private barnehagar i Kvam herad Vedteke i Kvam heradsstyre:
Vedtekter: Inntektsgradert foreldrebetaling kan gjevast etter søknad frå foreldre/føresette med låg betalingsevne. Moderasjonen vert rekna ut frå den type plass barnet har i barnehagen og aktuell pris på plassen. Kvam herad har to satsar: 1 ) Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 2 G ( grunnbeløp ) blir gjeve 50 % reduksjon 2 ) Hushaldningar med årleg bruttoinntekt under 3 G ( grunnbeløp ) blir gjeve 35 % moderasjon 1. Hushaldningar som kjem inn under denne ordninga er: ektepar/sambuarar, forsytarar med delt omsorg og einslege forsytarar som ikkje har krav på stønad til barnetilsyn. 2. Den samla inntekta til hushaldninga er utgangspunktet for eventuell inntektsgradert foreldrebetaling. Inntekt er: Bruttoløn, kontantstøtte, pensjon, trygdeytingar (unnateke barnetrygd, grunn- og hjelpestønad), inntekt på eiga verksemd, omsorgsløn, barnebidrag, bustøtte, stipend, studielån og sosialhjelp. 3. Stadfesting og dokumentasjon må leggjast ved søknaden. Inntektsdokumentasjon skal ikkje vera eldre enn ein månad. 4. Inntektsgradert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at søknad med fullstendig dokumentasjon er motteken. Søknaden har ikkje tilbakeverkande kraft. 5. Moderasjonen varer for 1 år, dersom det ikkje er endringar i grunnlaget for utrekninga. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon. 6. Alle hushaldningar som får endra sin økonomiske situasjon eller sivile status, pliktar å opplyse om dette. 7. Vedtak om betalingsreduksjon er enkeltvedtak og kan klagast på i høve forvaltningslova. ****** Vurdering: Forslag til retningsliner skal ivareta kravet som heradet har i høve informasjon og søknadsprosedyrar som forskrifta krev. Retningslinene vert vurderte som lette å arbeida etter, og at dei er enkle å forstå både for sakshandsamarar og foreldre.