Prosjektplan - Hardangerfjordruta - forprosjekt Prosjektansvarleg: Hovudprosjektet v. Gro Røhne Andersen Prosjektleiar: Vert utpeika seinare (RHF eller Voss Statens vegvesen?) Prosjektstart: 01.09.2009 Prosjektavslutning: 31.08.2012
1. MÅL OG RAMMER 1.0 Bakgrunn Sykkelturisme er aktivitetsferie i sterk vekst. I Noreg den 3. største sommaraktivitet etter fiske og vandring. Sykkelturisme er eit produkt som kan leggast til rette for lokalbefolkning, hytteeigar og turistar med forholdsvis enkle midlar. Det er ein ferieform som med enkle grep kan spesialtilpassast for skuldersesongane. Undersøkingar viser og at ringverknader for øvrig næringsliv er gode, sykkelturistar nyttar lengre tid og meir pengar enn for eksempel bilturistar. Destinasjonssykling med utflukter ut frå ein base er stadig meir etterspurt som sykkelform. Stiftelsen Sykkelturisme i Noreg er Norges nettverksorganisasjon for utvikling av kommersiell sykkelturisme. STIN ble stiftet i 1998 og har partnarar frå heile landet, offentlege og private. Av desse er 10 fylkeskommunar, 4 syklistvelkommen destinasjonar, 12 ruter og 127 syklistvelkommen bedrifter. Vegdirektoratet/Vegvesenet og Innovasjon Norge er nære samarbeidspartnar. STIN har utvikla konsept som klassifiserar ruter, reisemål og verksemder i høve til å ta imot sykkelturistar. STIN er ein medlemsorganisasjon og i Hordaland er Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Hordaland fylkeskommune partnarar. På Vestlandet har arbeidet i stor grad vore fokusert rundt utvikling av Nordsjøsykkelruta. Dette er ei satsing som har vore utvikla gjennom Interreg samarbeid og omfattar no 6000 km med tilrettelagde løyper rundt Nordsjøbassenget. Denne satsinga har vore fronta gjennom Rogaland fylkeskommune, som og har hatt sekretæriatsansvar for heile prosjektet. Ruta går frå Rogaland gjennom Sunnhordland og endar opp i Bergen. Denne ruta er og ein del av Nasjonal Sykkelveg nr 1. I tillegg til denne ruta går også nasjonal sykkelveg nr 4 frå Bergen til Voss og vidare via Rallarvegen ut av fylket. Denne løypa går gjennom Den grøne Sløyfa (Eksingedalen Teigdalen). I Hordaland har det vore arbeidd med sykkelturisme ulike stader. I Sunnhordland har ein gjennom prosjektet Sykkelturisme i Sunnhordland utvikla 2 ruter som er godt egna for sykkelturisme. Fleire andre ruter er også under utvikling. Voss arbeider aktivt med å få meir effekt av den store aktiviteten som er på Rallarvegen. Osterfjord Reiselivslag har tidligare arbeidd noko med sykkelturisme og i Bergen har Statens Vegvesen og Bergen Kommune gjort ein del. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 2
Aktivitetar vil i tida som kjem verta meir og meir viktig parameter når turistane vel feriemål. Reiselivsnæringa i Hordaland har dei siste åra samarbeida om større nasjonale marknadskampanjar. For dei komande åra vil denne satsinga verta kraftig retta inn mot aktive opplevingar. Sykkelturisme vil vera eit av dei områda som vert prioritert i Reiselivsstrategi for Hordaland 2009 2015. Statens Vegvesen har skipa 9 nasjonale sykkelruter i Noreg. Dei nasjonale rutene er stavmegnettet for syklistar. Dei er tenkt å danne utgangspunkt for å kunne kombinerast med lokale/regionale ruter og avstikkare. Hardangerfjordruta nr. 6 er ein av dei 9 nasjonale rutene. Den går følgjande strekning: Leirvik Sunde Husnes Jondal Utne Granvin Voss Vikafjell Sogndal Sognefjell Lom Folldal Røros. 1.1 Prosjektmål 1.2.1 Hovudmål for prosjektet Prosjektet skal utvikla Hordaland som sykkelfylke i reiselivssamanheng. Hordaland skal vera det leiande sykkelferiefylket i Noreg der kombinasjonen mellom syklist velkommen destinasjonar og regionale og nasjonale sykkelruter er eit av våre fortrinn. Dette forutset at ein får finansiert og gjennomført infrastrukturen. 1.2.2 Delmål for Hardangerfjordruta forprosjekt Målsettinga med prosjektet er å kartleggja moglegheiter for å skilte nasjonal rute nr. 6 fra Leirvik til Voss/Vikafjell. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 3
1.2 Rammer 1.2.1 Prosjektets tidsramme Hovudprosjektet går frå 01.09.09 til 31.08. 2012. Dette forprosjektet bør kunne gjennomførast innan 31.12.2010. 1.2.2 Geografisk ramme Dette delprosjektet tek føre seg Sunnhordland, Hardanger og Voss. 2.0 PROSJEKTSKILDRING 2.1 Prosjektskildring 2.1.1 Kortfatta prosjektskildring Dette delprosjektet er ein del av prosjektet Sykkelturisme i Hordaland. Totalt er det 6 delprosjekt i Sykkel i Hordaland, samt nokre fellesoppgåve. Arbeidet startar med et forprosjekt Forprosjektet skal kartleggja og evaluera moglegheitene for å legga til rette for ferie.-fritidssykling på strekninga Leirvik Voss. I dette skal ein evaluera den foreslåtte ruta mht. attraksjonsverdi, servicetilbod til syklisten og avstand mellom desse, trafikktryggleik, vanskeligheitsgrad, vegdekke og transporttilbod. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 4
2.1.2 Prosjektets innovasjonsgrad Prosjektets innovasjonsgrad ligg i å byggja opp gode sykkelferieprodukti form av ruter, som og kan nyttast i destinasjons-/basesykling. Dette vil vera infrastrukturtiltak som vil kunne styrke næringsaktørane i dei gitte områda. 2.1.3 Prosjektets verdiskapingsgrad Prosjektet si verdiskaping ligg fyrst og fremst i at denne type infrastrukturtiltak vil bidra til at eksisterande og nye næringsaktørar vil få nye målgrupper. Undersøkingar syner at sykkelturistar er ein lønnsam gruppe som legg igjen store summar i løpet av ferien. 3.0 ORGANISERING 3.1 Ansvarsforhold Prosjektleiar for hovudprosjektet fungerar som prosjektansvarleg. 3.1.1 Prosjektleiar Vert peika ut seinare. Det kan vera aktuelt med nokre av destinasjonsselskapa eller Statens Vegvesen. 3.1.2. Øvrige roller og bemanning Arbeidsgruppe RHF Dest.Voss Statens vegvesen hovudprosjektleiar Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 5
4.0 BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING 4.1 Arbeidsgruppe Møte i styringsgruppa fungerar som statusmøte. Styringsgruppa fastlegg prosjektet sin handlingsplan og til møte skal det rapporterast ihht. fastlagt handlingsplan. 4.2 Beslutningspunkt Beslutningspunkt vert lagt til styringsgruppemøta. 5.0 RISIKOANALYSE 5.1 Kritiske suksessfaktorar Kritiske suksessfaktorar ligg i fyrste rekke i å få prosjektet finansiert. Det er og ein kritisk suksessfaktor i høve tidsramma for å få gjennomført dei tiltaka som er sesongavhengige (oppsetting av skilt o.l.). Dette fordrar at skiltplan og annen planlegging gjerast i god tid. Samla sett er det ein risiko for ikkje å nå prosjektets hovudmål dersom prosessen ikkje vert prioritert og forankra hos aktørar og samarbeidspartnarar. Denne risikoen kan reduserast ved at aktørane tidleg vert involvert. 5.2. Kvalitetssikring Kvalitetssikringa i prosjektet skjer gjennom oppfølging av prosjektleiar og gjennom styringsgruppemøte. 6.0 SAMARBEID MED ANDRE PROSJEKT Det går føre seg ulike prosjekt som det vil vera naturleg å samarbeida med. Dette er til dømes: - Sykkelturisme i Sunnhordland - Jenter på hjul - Geoturisme i Hordaland - MICE i Hordaland Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 6
- Nasjonal marknadsføring - Kortferie i Hordaland - Innovativ fjordturisme - Landskapsparkene - Båt-/kystturisme i Hordaland - Eplore Hardangerfjord - Ulike områdeprosjekt - Matprosjekt langs ruter Det må og vurderast samarbeid med nabofylke der det er naturleg. 7.0 GJENNOMFØRING 7.1 Hovudaktivitetar Følgjande aktivitetar vil vera ein del av forprosjektet: 1. Skrivebordundersøking av informasjonsmateriale som ligg føre (karter, turistinformasjon osb.) 2. Synfaringa med bil over alternative ruter. Gjerast med Statens Vegvesen og lokale kjentpersonar. 3. Konkretisering av ruta (dersom ulike alternativ). Måle ruta opp mot attraksjonsverdi, servicetilbod, avstand mellom desse, trafikktryggleik, vanskeligheitsgrad mv. 4. Testsykling der kriterie vert vurdert. 5. Vurdering av om ruta er gjennomførbar/skal iverksettast. 6. Utarbeide skiltplan. 7. Innhente tilbod på produksjon av skilt. 8. Utarbeida plan for hovudprosjekt, søkja om finansiering til dette. Hovudprosjektet blir eventuelt gjennomføring av skiltplanen. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 7
7.2 Framdriftsplan Tiltak 3. kv 09 4. kv 09 1 kv. 10 2.kv 10 3. kv 10 4. kv 10 - Skrivebordundersøking - Synfaring alternative rute - Konkretisering av ruta - Testsykling - Vurdering om skal iverksettast - Utarbeide skiltplan - Innhente tilbod skilting - Rapport/plan for hovudprosjekt 7.3 Kostnadar 7.3.1 Kostnadar Aktivitet Prosjektleiing Kroner 65 000,- Utarbeide skiltplan* 50 000,- Reiser (befaringstur) og møter 15 000,- Diverse 10 000,- Totalt 140 000,- * Bygd på erfaringar frå Sunnhordland Prosjektleiing berekning av timer: - skrivebordundersøking, - 3 d.v - synfaring 2 dgv - konkretisering av ruta - 3 dv - testsykling 5 dgv Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 8
- skiltplan (innhente tilbod og koordinera) 2 dv - produksjon av skilt/innhente tilbod 1 dv - diverse rapportskriving osb. 5 dv. Totalt 21 dv 7.4 Finansiering Prosjektet vert finansiert gjennom hovudprosjektet. Prosjekt; Sykkelturisme i Hordaland 9