Selje kommune Sakshandsamar: Ina Giil Solheim Telefon: 91888890 Seksjon: Forvaltningsseksjonen i region Vest 6740 SELJE Vår referanse: 15/2146 Dykkar referanse: Vår dato: 24.08.2016 Dykkar dato: 30.06.2016 Att: MOTSEGN - SELJE KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL 2016-2028 - VÅRE MERKNADER Vi viser til motteke brev frå Selje kommune datert 30. juni 2016 om offentleg ettersyn og framlegg til høyring av kommuneplanen sin arealdel. Vi viser også til vårt brev til Selje kommune datert 19.03.2015, med dykkar referanse 14/427. Fiskeridirektoratet region Vest går til motsegn mot arealdelen av kommuneplanen til Selje kommune, fordi vi meiner at fiskeriinteressene og det biologiske mangfaldet som er omtalt nedanfor ikkje vert godt nok tatt vare på. Motsegna er heimla i Plan- og bygningslova 5-4.... Motsegn Kommunen må sette av viktige fiskeområder i arealdelen. Låssettingsplassar må setjast av som ein-kategori Fiske og knytast føresegner til. Rekefelta må setjast av som ein-kategori Fiske og knytast føresegner til, eller i områda der rekefelta er lokalisert i same område som farlei; til Kombinert føremål Fiske Farlei. Områder med gytefelt og ålegrassamfunn må setjast av til Omsynssone naturmiljø. Omsynssone for bevaring av tareskog kommunen har ikkje høve til å forby taretråling og må sjå til at føresegner i kommuneplanen ikkje kjem i konflikt med gjeldande forskrift for taretråling. Faglege innspel Postadresse: Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN Besøksadresse: Gate 1 nr 108 Telefon: 03495 Telefaks: 57850494 Organisasjonsnr 971 203 420 E-postadresse: postmottak@fiskeridir.no Internett: www.fiskeridir.no :
Kommunen kan i større grad nytte seg av kombinerte føremål, t.d. ved fiskeområde og farleier. Eksisterande akvakulturanlegg må teiknast inn i kartet, med tilstrekkeleg areal for å sikre vidare drift.... Grunngjeving for motsegn og våre faglege innspel Fiskeri I tidlegare høyringsrunder til kommuneplanen har vi bedt om at sjøområder som er viktige for fiskeri, og der anna arealbruk vil komme til hinder for reiskapsbruk, vert sett av med ein-kategori føremål Fiske. I arealplanen er det sett av områder til Fiske, låssettingsplassar. Det er viktige områder for tråling etter reker i kommunen. Desse finn de på http://kart.fiskeridir.no. Vi krev at desse trålfelta også vert tatt inn i arealplanen. Desse områda kan enten setjast av med ein-kategori føremål Fiske eller som Kombinert føremål Fiske Farlei, der rekefelta er lokalisert i same område som farlei. Vi gjer merksam på at Fiske ikkje kan delast vidare inn i underkategoriar som t.d. «garnfelt», «rekefelt» eller «låssettingsplass», men skal synast som føremål Fiske på plankartet, enten som ein-kategoriområde, eller i kombinasjon med ein eller fleire av dei andre underføremåla i 11-7 nr. 6. Med heimel i 11-11 Bestemmelser til arealformål etter 11-7 nr. 5 og 6 er det høve til å lage ei eiga forskrift til bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn der fiske likevel kan definerast nærare dersom det er trong for det. Vi foreslår at kommunen i større grad nyttar seg av kombinerte føremål, til dømes farlei i trålfelt. Som framlegg til tekst for føresegn for ein-kategori arealføremål Fiske foreslår vi følgande: «I sjøområder som er satt av til arealføremål fiske, har tradisjonelt fiske prioritet framfor andre aktivitetar. Det må ikkje etablerast installasjonar i desse områda som kan hindre utøving av fiske. Fiskeridirektoratet skal ha søknad om tiltak i sjø på høyring». Marint biologisk mangfald Gjennom nasjonalt program for kartlegging av marint biologisk mangfald, har Havforskingsinstituttet og NIVA i løpet av dei siste åra kartlagt gytefelt for kysttorsk og ålegrassamfunn i Sogn og Fjordane. Desse områda er viktige gyte- og oppvekstområder for fisk som kommunen må ta omsyn til. 2
I planomtalen skriv de at det er registrert to områder med ålegras i kommunen. Kartlegginga til HI/NIVA syner åtte registrerte ålegrassamfunn i Selje kommune. Ei god oversikt over desse finn ein i Naturbase på Miljødirektoratet sine nettsider. Tre av ålegrassamfunna har fått verdien «svært viktig», to har fått verdien «viktig» og tre har fått verdien «lokalt viktig». Ålegrassamfunna med verdi «viktig» og «svært viktig» må setjast av som Omsynssone naturmiljø i planen. Det er registrert eit gytefelt for kysttorsk i kommunen gjennom det nemnte prosjektet. Dette har fått verdien «lokalt viktig gytefelt» og ligg i området Nordpollen-Flistrapollen. Innafor området dette gytefeltet dekkjer, finn vi fem av dei nemnde ålegrassamfunna over. Tre med verdien «svært viktig» og to med verdien «viktig». Gytefeltet Nordpollen-Flistrapollen er difor eit viktig gyte- og oppvekstområde, som må setjast av til Omsynssone naturmiljø i arealplanen. De finn dette gytefeltet i vårt kartverktøy, http://kart.fiskeridir.no under Kystnære fiskeridata, hak av for Gytefelt torsk MB. I tillegg til kartlegginga nemnt over, har Fiskeridirektoratet region Vest i mange år kartlagt fiskeri- og gyteområder i Sogn og Fjordane i samarbeid med lokale fiskarar. Gyteområder er viktig både som ressursområder (gytefelt, oppvekstområder) og fiskebruksområde. Gyteområder for kysttorsk i Selje kommune må takast med i arealplanen. Kommunen kan setje av desse områda enten som fleirbruksområde Fiske eller som Omsynssone - naturmiljø. Gyteområda finn ein i vårt kartverktøy på http://kart.fiskeridir.no, under Kystnære fiskeridata, hak av for Gyteområder. Vi har også lista dei opp nedanfor. Gyteområder for kysttorsk: Bukketjuvane Stad Rivje Flistrapollen Kjødepollen Kråkenes Sørpollen Saltastraumen Slagsnes Åheim Vest for Selje Stålholmen - Skårbøfjorden Taretråling I føresegnene til arealdelen av kommuneplanen i kapittel 7.3.4 Naturmiljø, er det sett av omsynssone naturmiljø, mellom Drage og Ytre Fure, som gjeld bevaring av tareskog. Kva meiner kommunen med «bevaring»? Det er ikkje høve til å forby taretråling gjennom arealformål i kommuneplanen, jamfør brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag om bestemmelse om forbod mot taretråling i kommuneplanens arealdel 3
(https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/roan-kommune---innsigelse-tilbestemmelse-om-forbud-mot-taretraling-i-kommuneplanens-arealdel/id2503755/). Akvakultur Dei eksisterande akvakulturlokalitetane i kommunen er ikkje teikna av i plankartet. Vi ber om at desse områda vert sett av i kartet, og at det vert sett av tilstrekkeleg areal som sikrar vidare drift ved anlegg som er etablert i sjøområda. I føresegnene pkt. 6.4 er det vist til sjøområde, område V, men dette viser ikkje igjen i kartet. Vi meiner fleirbruksområda burde merkast med arealkategori FFFNA (fleirbruk, ferdsel, fiske, natur- og friluftsområder inkludert akvakultur) i plankartet. Fiskeridirektoratet region Vest vil trekke motsegna dersom viktige fiskeområder, gytefelt og ålegrassamfunn vert tekne inn som arealføremål i kommuneplanen. Vi oppmodar samstundes kommunen til å ta til følge våre innspel knytt til areal til akvakulturføremål. Ved spørsmål til motsegna og våre innspel, ber vi dykk ta kontakt med sakshandsamar. Med helsing Leni Marie Lisæter seksjonssjef Ina Giil Solheim inspektør Brevet er godkjent elektronisk og vert sendt utan underskrift 4
Mottakarliste: Selje kommune 6740 SELJE Kopi til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Miljøvernavdelingen 6863 LEIKANGER Kystverket Vest Postboks 1502 6025 ÅLESUND Sogn og Fjordane Fiskarlag Postboks 173 6701 MÅLØY Sogn og Fjordane Fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER 5