Vågå kommune Arkivsak: 2011/552-85 Arkiv: Saksbehandlar: Laila Nersveen Utv.saksnr Utval Møtedato 60/14 Kommunestyret 28.10.2014 Kommuneplan, samfunnsdel og arealdel - framdrift og hovudpunkt i planrevisjonen Saksframlegg: Arbeidet med kommuneplanen er forsinka og det er viktig å få ein oversikt over gjeldande status for kommuneplanarbeidet og vegen vidare. Forslag til samfunnsdelen har vore ute til høyring og høyringsfristen var 05.02.2014. I forslag til ny samfunnsdel må det arbeidast meir med visjon, overordna mål og framtidsbilete av Vågå. Dette var innspel som kom i samband med høyring av planforslaget. Samfunnsdelen må gi klare føringar for korleis vi vil at Vågå skal utvikle seg fram til 2027 med omsyn til: Folketal Folkesamansetning Busetting Hyttebygging Næring m.m Korleis skal vi nå dei måla? Det er da viktig å ha ein klar visjon for dette. Formålet med kommuneplanens samfunnsdelen er å peike på sentrale utfordringar og trekkje opp mål og strategiar for utvikling i Vågå kommune som samfunn og organisasjon. Kommuneplanens samfunnsdel skal leggast til grunn ved påfølgande arbeid med arealdelen og ved utarbeiding av kommunedelplanar og sektorplanar. Visjonen i samfunnsdelen er sentral da den skal vere ei leiestjerne, - noko kommunen skal styre etter og sikte mot. Ein visjon kan definerast som et bilde av ein framtidig ønskt tilstand, ein slags framtidsdraum. Gjennom høyringsuttaler blir det stilt spørsmål ved (dvs. kommunen blir utfordra på) tydeleggjering av kva kommunen ønskjer å synliggjere med visjonen «Vågå eit verdivalg»? - Det bør i større grad synliggjerast kva kommunen legg i visjonen, dvs. kva ein vil med visjonen. - Langsiktige mål for kommunen si utvikling må ha ei forankring i visjonen.
Fylkeskommunen skriv (i saksframlegg til Fylkesutvalet): «I planutkastet har kommunen innledningsvis fremhevet hva man er stolt av i Vågå. Det er positivt at dette er bevisstgjort og tydeliggjort, og er en styrke for identitetsbygging som i større grad bør gjenspeiles i utdyping av visjonen. Det savnes en mer overordna plan over og retning for de strategiske veivalgene kommunen skal ta i planperioden. Samfunnsdelen skal vise de langsiktige valgene kommunen ønsker å ta, og gi innhold til visjonen. Det oppleves ikke at visjonen underbygges med innhold og de valg som skal føre frem til at visjonen blir det verktøyet kommunen kunne ha brukt den til.» I vedtaket til Fylkesutvalet (høyringsuttala):«..det er positivt at kommunen synliggjør at de har ambisjoner i arbeidet for samfunnsutvikling. Fylkesutvalget vil allikevel utfordre kommunen til i større grad tydeliggjøre prioriteringer, mål og strategier for det langsiktige overordnede utviklingsarbeidet for positiv utvikling av kommunen som samfunn og organisasjon.» I samband med skifte av ny rådmann har det også kome innspel om at hovudsatsingsområde i samfunnsdelen bør endrast noko, slik at mellom anna næring kjem tydlegare fram som satsingsområde. Satsingsområde endrast til: Stadutvikling (vidareføring frå forslag som har vore ute på høyring) Levekår (Folkehelse og Vaken og vågal blir slått saman) Næring (blir spissa til eit satsingsområde) Tidlegare skulle næring omtalast i dei fire satsingsområda. Klima, samfunnstryggleik og beredskap (vidareføring frå forslag som har vore ute på høyring) Fylkeskommunen har i høyringsuttala kommentert at det er; «svært mange områder kommunen samlet sett ønsker å prioritere og vi tror det vil bli utfordrende for kommunen å gjennomføre alle prioriterte strategier. Vi mener kommunen ikke er tydelig nok på bakgrunnen for prioritering av disse satsingsområdene. Kommunen kunne med fordel ha utarbeidet klarere strategier og mål for samfunnsutviklingen under de prioriterte hovedsatsingsområdene for å lette det videre arbeidet med å bruke samfunnsdelen som overordnet styringsverktøy slik intensjonen er fra planprogrammet.» Vurdering:Visjon og overordna strategiske vegval er tema som må diskuterast meir og som må forankrast politisk. Det er viktig at det blir gjort tydlige prioriteringar. Det er viktig å få dette på plass for å sikre ein ryddig og effektiv prosess med arbeidet med arealdelen. For å sikre politisk forankring skal kommunestyret arbeide med desse tema i dei komande kommunestyremøta fram til jul. Det skal settast ned arbeidsgrupper som rådmannen sett saman. Administrasjonen deltek i arbeidsgruppene, men har ei meir rådgjevande funksjon og fungerer som sekretær. Det er eit mål at visjon og overordna målsettingane skal vere på plass i løpet av desember 2014. Vedlegg: Oversikt over arbeidsgrupper og tema som det skal arbeidast med den. 28. november 2014. Sjølv om desse overordna måla er på plass vil det vere fleire arealpolitiske føringar som det må arbeidast meir detaljert med. Ein føresetnad for at samfunnsdelen skal ha politisk relevans og vere eit nyttig styringsverktøy er at dei politiske prioriteringane kjem klart fram og at det blir peikt på strategiske plangrep. Desse plangrepa må samkøyrast med arealdelen. For å sikre at samfunnsdelen og arealdelen blir samkøyrte venter ein difor med å sende samfunnsdelen på høyring til forslag til
arealdelen er klar til å bli sendt på høyring. Det er nærliggande å tru at dei detaljerte arealpolitiske spørsmåla fyrstes kjem opp i samband med arbeidet med arealdelen. Arbeidet med arealdelen er i gang, men det må vere eit tettare samarbeid mellom administrasjonen og politikarane framover. Det blir difor lagt opp til at formannskapet får tema frå arealdelen til diskusjon i kvart formannskapsmøte frå januar 2015 og til sommaren. Nedanfor følgjer revidert framdriftsplan. Det er venta at ny arealdel vil bli vedtatt februar 2016. Dette er berre ein månad seinare enn slik som det er lagt opp til i framdriftsplanen til vedtatt planprogram til kommuneplanen. Som det kjem fram av framdriftsplanen er det fortsatt mogleg å kome med innspel til arealdelen. Frist for å kome med innspel er satt til desember 2014, men det er pårekneleg at det kan kome nye innspel etter at arealdelen har vore ute til 1. gongs høyring. Ein må da forsøke ta inn nye område som ikkje er konfliktfylte og som ikkje forsinkar planprosessen. Det viktigaste i planprosessen er at ein får en arealdel som er så oppdatert som mogleg når den blir vedtatt, slik at vi ikkje må starte prosessen med å revidere arealdelen om berre eit par år. Samstundes så må ikkje nye innspel forsinke planprosessen. Konfliktfylte område som vil kunne krevje to høyringar kan difor ikkje takast inn etter 1. gongs høyring, ettersom det i framdriftsplanen er lagt opp til berre to høyringar. Hending Dato Vedtak av planprogram Mai 2013 1.gongs høyring samfunnsdelen Desember 2013 Endring av planforslag, samfunnsdelen Oktober - desember 2014 Dei overordna føringane er på plass i samfunnsdelen Desember 2014 Førespurnad om tilbod konstruksjon av arealdel Oktober 2014 Inngå avtale med konsulent November 2014 Frist for å kome med innspel til arealdelen Desember 2014 Utarbeiding av plankart (konsulent) Januar - mai 2015 Utarbeiding av planskildring November - august 2015 Utarbeiding av mal, konsekvensutredning og ROS November - desember 2014 Utarbeiding av føresegner Januar - august 2015 «Siling» av ny område drøfting og vedtak i Desember - januar 2015 Formannskapet Vurdering av nye område, konsekvensutredning og ROS Desember - mai 2015 Synfaring med regionale styresmakter Mai 2015 Folkemøte for å presentere ny arealdel Juni 2015 1.gongs høyring av arealdel og 2. gongs høyring av September 2015 samfunnsdel Oppsummering av innspel frå 1. gongs høyring Oktober - november 2015 Endring av planmateriale etter høyring Oktober - november 2015 Vedtak av samfunnsdelen November 2015 2. gongs høyring av arealdel Desember 2015 Oppsummering etter 2. gongs høyring Januar 2016 Endeleg vedtak av arealdel Februar 2016 Delegasjon: Ingen konsekvensar for delegasjonsreglementet. Vedlegg:
Rådmannens innstilling: Hovudsatsingsområde endrast til: Stadutvikling (vidareføring frå forslag som har vore ute på høyring) Levekår (Folkehelse og Vaken og vågal blir slått saman) Næring (blir spissa til eit satsingsområde) Tidlegare skulle næring omtalast i dei fire satsingsområda. Klima, samfunnstryggleik og beredskap (vidareføring frå forslag som har vore ute på høyring) Revidert framdriftsplan blir vedtatt som framlagt. Formannskapet skal prioritere kommuneplanarbeidet frå januar og til september. Det skal i kvart møte settast av tilstrekkeleg tid til å jobbe med arealdelen. Saksprotokoll i Kommunestyret - 28.10.2014 Behandling: Kommuneplan, samfunnsdel og arealdel framdrift og hovudpunkt i planrevisjonen. Kommunestyret vedtok samrøystes ny framdriftsplan. Kommunestyret jobba i grupper med framdriftsvisjon for Vågå, samt i grupper om satsingsområda Stadutvikling, Næring og Levekår. Administrasjonen får i oppgåve skrive ut innspela i nytt dokument som fylgjer den vidare handsaminga av saka. Vedtak: Kommuneplan, samfunnsdel og arealdel framdrift og hovudpunkt i planrevisjonen. Kommunestyret vedtok samrøystes ny framdriftsplan. Kommunestyret jobba i grupper med framdriftsvisjon for Vågå, samt i grupper om satsingsområda Stadutvikling, Næring og Levekår. Administrasjonen får i oppgåve skrive ut innspela i nytt dokument som fylgjer den vidare handsaminga av saka. Arbeidsopplegg kommunestyret 28.10.2014 Det blir sett ned 3 arbeidsgrupper: Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Iselin Jonassen Ivar Vistekleiven Kjell Nyhus Jehans Storvik Odd Erik Sveen Marianne Skogstad Tor-Ivar Furuseth Live Langøygarden Lene Vassdokken Nina Løkken Bråthen Anne Inger Damstuen Steinar Aasgaard Ragnhild Aasgaard Tor Valdvik Steinar Håkenstad Ole Jakob Holen Anders Gustav Bjørnsen Mette Vårdal
Anne Sjetne Bjørn Steinar Storvik Det blir jobba internt i gruppene. Det blir ein felles del mellom kvart gruppearbeid der gruppene får presentert det dei har kome fram til. Framtidsbilete av Vågå 2027 (Alle gruppene arbeider med dette) Korleis vi vil det skal vere i Vågå i 2027 (stikkord) Ca. 30 minutt Resultatet frå kvar gruppe blir presentert i plenum (Ca. 15 minutter) Levekår Stadutvikling Næring Korleis skal vi kome fram til dette framtidsbilete innanfor hovudfokusområda? Ca. 45 minutt Resultatet blir presentert i plenum (Ca. 15 minutt) Korleis visjon vil vi ha for Vågå ut frå det som har kome fram i gruppearbeidet. Felles diskusjon. Visjonen blir utarbeidd VISJON: