FLYKTNINGTENESTA I ÅL KOMMUNE. 08.04.2008. Plan for busetting og integrering av flyktningar.



Like dokumenter
INFORMASJONSMØTE OM BUSETTING AV FLYKTNINGAR I NAUSTDAL KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 151/05 05/2083 FAMILIESAMEINING FLYKTNINGAR 1125

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 026/14 Formannskapet PS /2014 Kommunestyret PS

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Eksempel frå Stord kommune

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

System og forvaltning

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Volda ei internasjonal distriktskommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Plan for mottak av. flyktningar i Norddal kommune

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Flyktningplan for Balestrand kommune

Korleis lukkast med busetting?

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Plan for overgangar. for barn og unge

Lønnsundersøkinga for 2014

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

10/60-14/N-211//AMS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Busetting av flyktningar. Vedtak i Sandøy kommunestyre , K-sak-2015/37

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Sandeid skule SFO Årsplan

Ope møte om flyktningsituasjonen. Skjåk kommune, 9. november 2015

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

STATUSRAPPORT OM FLYKTNINGARBEIDET I BØ Vedlegg: Ingen

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Tertialrapport 2 tertial 2015

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

BUDSJETTNOTAT - Vedlegg 2 MOTTAK AV FLYKTNINGAR I 2018

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Busetting av flyktningar. Vedtak i Sandøy kommunestyre , K-sak-2015/37

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Skjemaet inneholder 0 mangler eller feil. Postnr: 5470

1. Time kommunestyre godkjenner busetting av 120 flyktningar i perioden Talet er eksklusiv familiesameinte.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Kvalitetsplan mot mobbing

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Norskopplæring til asylsøkjarar i Flora kommune. Førde 17. desember 2015

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Målbruksplan for Ål kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Årsmelding for Læringssenteret Gol

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Transkript:

FLYKTNINGTENESTA I ÅL KOMMUNE. 08.04.2008 Plan for busetting og integrering av flyktningar. 1. Målsetting: Det overordna målet for arbeidet med flyktningar i Ål kommune er at dei skal sikrast opplæring i det norske språk og det norske samfunns- og arbeidsliv, slik at dei innan 5 år kan fungere på lik linje med andre i arbeid, utdanning og samfunnsliv. Flyktningar skal ha same moglegheiter, rettigheiter og pliktar som alle innbyggjarane i kommunen. Flyktningar skal gjevast moglegheit til å ta del i samfunnslivet utan at det vert stilt krav om fullstendig kulturell tilpasning / assimilering. I arbeidet for å nå målsettinga skal det visast respekt for språket, tradisjonane og kulturen til flyktningane. Dersom flyktningar ynskjer å returnere til heimlandet skal forholda leggjast til rette for dette på best mogleg måte. 2. Strategi: For å oppnå denne målsettinga arbeider flyktningtenesta utifra to hovudliner når det gjeld strategi. Svært mange kommunar slit med å skaffe bustader når ein skal busette flyktningar. I perioder er dette ei utfordring også i Ål kommune. Tilgjengeleg bustad er ofte den mest synlege flaskehalsen i.f.t. å stadfeste ein førespurnad frå IMDI om busetting. Alle busette flyktningar skal få tilbod om introduksjonsprogram som varer inntil 2 år. Frå 1 september 2004 er dette ein lovfesta rett og plikt for alle busette flyktningar. Introduksjonsprogrammet for busette flyktningar i Ål er den viktigaste strategien for å oppnå ei vellukka integrering. 3. Historikk. 3.1 Bosatte: Det er busett 71 personar i Ål i tidsrommet år 2000 til og med år 2008. Dette gir i gjennomsnitt i underkant av 8 personar pr. år. Kommunestyret har i denne perioden fornya sitt gjeldande vedtak om å ta imot inntil10 flyktningar i året inkl. familiegjenforening. I åra 2005-2006 var Ål kommune i liten grad førespurd av IMDI om å busette flyktningar. Difor er måltalet for kommunestyret ikkje nådd. Av desse 71 personane har 17 personar flytta frå Ål kommune. 1

Det er altså 54 personar som pr.01.02.2008 bur i Ål kommune. 3.2.1. Arbeid. Av desse 54 personane er 26 vaksne. Arbeidssituasjonen pr. 01.02.2008 er som fylgjer: Fast arbeid : 7 personar (frå 50% til 100% stilling) Fast arbeid deltid: 2 personar. ( Mindre enn 50% stilling) Vidaregåande skule: 2 personar Fødselsperm: 1 person Arbeidsledig. 4 personar Introprogram: 8 personar Ekstra skuletilbod: 2 personar 3.3 Bustader: Når det gjeld tilgang til kommunale bustader, har dette variert svært mykje. I 2002 til 2005 var det lett å busette flyktningar i kommunale bustader. I 2007 og fram til nå har dette vore svært vanskeleg. Av den grunn måtte to familier skaffast privat utleigar. hausten 2007. Dersom det er mogleg å skaffe private utleigarar er dette sjølvsagt greit. Problemet oppstår når det er lite tilgjengelege bustader både i den private og kommunale marknaden. Konsekvensen er at Ål kommune ikkje kan oppfylle sitt vedtak om å busette inntil10 flyktningar. 3.4 Nasjonalitet. I perioden er det busett flest frå Somalia. Elles er flyktningar frå Afganistan, Russland, Tsjetsjenia,Etiopia, Eritrea, Pakistan og Irak busett i Ål i perioden. 3.5 Deltaking i lokalsamfunnet. Når det gjeld barn og ungdom så er mange av dei aktive innan idretten i Ål. Dei vaksne er klart meir passive innanfor organisasjonslivet. Dei har lite nettverk, og møter norske vaksne stort sett gjennom oppfylging av barna og gjennom eige arbeid. Dei fleste vaksne busette flyktningar har svært lite privat kontakt med nordmenn. Det er ein tendens i Ål som i mange kommuner at vaksne kvinner blir heimeverande, og har eit svært lite sosialt nettverk 3.6 Barn og ungdom i skulen. Tilbakemelding frå rektor ved ungdomsskulen er som fylgjer: Mitt inntrykk er at dei busette flyktningane vi har på skulen i dag fungerer bra og er sosialt integrert i elevgruppa og i skulesamfunnet. Ein nøkkelfaktor her er å meistre det norske språket for å kommunisere med andre elevar. Dei elevane vi har no gjer det og fungerer godt. Som en lærar seier om ein elev: Han er ein av gutta!. Liknande tilbakemelding kjem frå Nedre Ål skule: Dei busette flyktningane har funne seg vel til rette. Barna er med i fotballgruppa, og blir på den måten integrert med dei norske elevane på fritida og. På skulen har dei tospråklege elevane lett for å finne kvarandre i friminutta, men eg har inntrykk av at dei føler seg som ein del av elevgruppa. 2

4. Busetting og integrering med hovudtiltak: I forhold til prioriterte tiltak har flyktningtenesta valt å systematisere dette utifrå tiltak før busetting, under busetting og etter busetting. Sjølve tiltaka er skrive med kursivskrift/kulepunkt og er også samla i ei eiga oppsummering til slutt. 4.1 Før busetting: IMDI (Integrerings- og mangfoldighetsdirektoratet) ber kvart år om tilbakemelding om kor mange flyktningar Ål kommune ynskjer å busette. Ål kommune har dei siste åra valt å setje inn eit eige punkt i økonomiplanen ang. dette. Administrasjonen gjer framlegg i økonomiplanarbeidet om kor mange flyktningar Ål kommune bør ta imot dei neste 4 åra. Kommunestyret gjer vedtak. Når IMDI har aktuelle kandidater for busetting i Ål, tek IMDI telefonisk kontakt med flyktningkonsulenten. Flyktningkonsulenten gir tilbakemelding utifrå kommunestyrevedtak, tilgjengeleg bustad og i samråd med rådmannen. I retningslinene for flyktningfondet står det at flyktningfondet skal nyttast til ekstraordinære tiltak når det gjeld busetting og integrering. Kjøp av bustad vil vere eit slikt ekstraordinært tiltak. Administrasjonen må til ei kvar tid vurdere bustadsituasjonen, og kan nytte flyktningfondet til å kjøpe flyktningbustader. Dette i samråd med formannskapet. Flyktningtenesta må samarbeide tett med dei bustadansvarlege i Ål kommune for å sikre tilgjengeleg bustad utifrå behov. 4.2. Ved busetting Når flyktningtenesta mottek vedtaket om busetting frå IMDI, orienterer flyktningkonsulenten aktuelle skular, barnehage, helsestasjon og legetenesta. Flyktningkonsulenten er ansvarleg for at busettinga/etablering i bustad skjer på best mogleg måte. Etableringstilskotet (for tida: kr.30.000,- pr. ektepar pluss kr.3000,- pr. barn) skal justerast i.f.t. dei andre Hallingdalskommunane. Dersom ein familie blir busett i ein kommunal bustad, skal dei få tilbod om ein leigekontrakt på 3 år. Flyktningkonsulenten er ansvarleg for å gje dei busette ei fyrste orientering om lokalsamfunnet, lovar og reglar m.v. Alle nybusette flyktningar skal innan ei veke få tilbod om eit orienteringsmøte med flyktningkonsulenteen og heimekonsulenten. Dette møtet skal vere tolka. 3

Heimekonsulenten fylgjer tett opp dei busette den fyrste tida i.f.t. praktiske spørsmål ang. heimen, skulen, barnehage m.v. 4.3 Etter busetting Barn i skulepliktig alder skal umiddelbart starte opp på skulen. I den grad det er ledig barnehageplass skal nybusette flyktningar prioriterast. 4.3.1. Introduksjonsprogram med individuell plan Introduksjonslova gir nyankomne flyktningar mellom 18 og 55 år som har trong for grunnleggjande kvalifisering, rett og plikt til å ta del i eit introduksjonsprogram. Programmet er heilårleg og på fulltid, og varer inntil to år. Programmet inneheld norskopplæring med samfunnskunnskap, samt tiltak som førebur til vidare opplæring eller tilknytnad til arbeidslivet. Språk- og arbeidspraksis vil vere ein del av kvalifiseringa. Flyktningane mottek introduksjonsstønad. Det er Ål kommune som har ansvaret for introduksjonsprogrammet lokalt. Målet er at nyankomne flyktningar skal få moglegheit til å ta del i yrkes- og samfunnslivet, og at dei skal bli økonomisk sjølhjulpne. Ein individuell plan skal utarbeidast på bakgrunn av kartlegging av den einskilde sitt opplæringsbehov. Den skal ta utgangspunkt i den einskilde sin bakgrunn, kompetanse og ynskjer for framtida. Det skal utarbeidast ein individuell plan i samråd med deltakaren seinast ein månad etter busetting. Planen er forpliktande både for Ål kommune og deltakaren. Utifrå denne planen blir det gjort eit formelt vedtak om deltaking i Ål kommune sitt introduksjonsprogram med utbetaling av introduksjonsløn. Alle flyktningar skal få tilbod og vedtak om introduksjonsprogram innan fyrste månad etter busetting. Flyktningar som deltek i Ål kommune sitt introduksjonsprogram skal få utbetalt introduksjonslønn ( bruttolønsutbetaling av 2G, for tida kr.11.135,- pr. mnd.) Programmet er på fulltid. Ugyldig fråvær blir trukket med for tida kr.371,- pr. dag. Permisjonsreglementet i Ål kommune er gjeldande for alle flyktningar som tek del i introduksjonsprogrammet. 4.3.2. Norskopplæring Ål vaksenopplæring er ansvarleg for norskopplæringa. Det er for tida fire heile stillingar ved skulen. Hol kommune kjøper tenester av Ål kommune ved at holingane deltek på undervisninga i Ål. Ein busett flyktning i Ål vil som regel gå fire dagar på skulen det første året av introprogrammet. 4

Skulen gir tilbod om norskundervisning og samfunnskunnskap. Ulike lokale tema blir tatt opp i undervisninga. Målsettinga med undervisninga er at flyktningar skal avslutte med å gå opp til språkprøve 2 eller 3, munnleg og skriftleg. Ein nybusett flyktning skal få tilbod om fire dagars undervisning ved Ål vaksenopplæring ved oppstart av intro-programmet. Det er store skilnader mellom flyktningar frå høgt velutdanna til analfabeter. Ål vaksenopplæring gir tilbod om undervisning utifrå individuelle planar. Introduksjonsprogrammet kan etter innstilling frå lærarar ved skulen, bli utvida med inntil 3 år. 4.3.3. Språkpraksis For å kvalifisere deltakarar i intro-programmet får dei tilbod om språkpraksis ein dag pr. veke når vedkommande kan uttrykke seg og forstå nok til å fungere i ein arbeidssituasjon. Etter at introduksjonsprogrammet vart innført i Ål kommune, har det vore lett å skaffe språkpraksisplassar i det private næringsliv og i Ål kommune. Gjennom denne praksisen får flyktningar kjennskap til korleis arbeidslivet i Noreg fungerer, og dei kan praktisere det dei har lært i norsk. Når ein deltakar i intro-programmet er klar for det, skal vedkommande få tilbod om språkpraksisplass ein dag pr. veke. Flyktningtenesta er ansvarleg for å fylgje opp kvar einskild i språkpraksisperioden. 4.3.4. Arbeidspraksis. Utifrå ein individuell vurdering vil ein deltakar få tilbod om arbeidspraksis istadenfor språkpraksis etter om lag eit år i intro-programmet. Arbeidspraksisen blir etablert i samarbeid med Ål Nav Arbeid. Det er Nav Arbeid som er ansvarleg for avtaler med arbeidsgjevar. Ukeveka blir endra ved at skuledagane blir redusert frå 4 dagar til 2 dagar, og vedkommande deltek i hovudsak 3 dagar i arbeidslivet. Formelt er det Nav Arbeid som skaffer arbeidspraksisplassar. I praksis er det flyktningkonsulenten som må ta ansvar for dette. Målsettinga er at ein deltakar meir og meir skal kvalifiserast for arbeidslivet gjennom dette andre året i intro-programmet. Ein deltakar i intro-programmet skal etter om lag eit år få tilbod om arbeidspraksis i samarbeid med Ål Nav Arbeid. 5. Økonomisk sosialhjelp Ein stor barnefamilie vil ha trong for supplerande økonomisk sosialhjelp i introduksjonsprogram-perioden i og med at introduksjonslønn x 2 er mindre enn Ål kommune sine satsar for økonomisk sosialhjelp for ein familie. Satsane for økonomisk sosialhjelp er dei same for flyktningar som for etniske norske. Dersom ein stor barnefamilie får full økonomisk sosialhjelp, vil dei månadlege utbetalingane bli så store at det økonomisk sett kan virke demotiverande for arbeid. I større byar vil ein familie ikkje få rekna ut sosialhjelp utover 4 barn. Dei større byane opererer med max tre barn. 5

Ein familie som får økonomisk sosialhjelp kan få rekna ut sosialhjelpstøtta inntil 4 barn. Det blir i hovudsak ikkje gjeve støtte for meir enn fire barn. Dette utifrå ein individuell vurdering av familien sin situasjon. Flyktningkonsulenten gjer vedtak i.f.t. Lov om sosiale tenester. 6. Sosialt nettverk Ein del busette flyktningar i Ål har problem med å etablere eit sosialt nettverk i.f.t. til innbyggjarane i Ål. Manglande sosialt nettverk vil ofte vere avgjerande i.f.t. å søke flytting til meir bynære strok. Det er tilsatt ein heimekonsulent i 50% stilling frå 15.febr.2008., j.fr. rettningslinene for flyktningfondet ang. ekstraordinære tiltak når det gjeld integrering. Ein hovudoppgåve for denne personen er å hjelpe og inspirere familier til å ta del i ulike aktiviteter i lokalsamfunnet for på den måten å utvide sitt sosiale nettverk. Ei anna viktig oppgåve er å rettleie i.f.t. daglege gjeremål, naboskap, rydding av hage m.v. Kyrkja ved diakonen arrangerer kvinnetreff fast ei gong i månaden. Dette er svært populært og positivt tiltak der innvandrerkvinner møter etnisk norske kvinner. Ål Røde Kors har og i perioder hatt kontakt med busette flyktningar. Lag og organisasjoner har nokre gonger søkt flyktningtenesta om økonomisk støtte til ulike tiltak. Det bør setjast av ein eigen post i flyktningtenesta sitt budsjett i.f.t. dette. Etter 2 års forsøksperiode bør heimekonsulentstillinga evaluerast, og evnt. gå over til fast stilling. Det skal for år 2009 setjast av midler i flyktningtenesta sitt budsjett øyremerkt støtte til lag og organisasjonar som aktiv integrerer flyktningar. 7. Fast arbeid/utdanning I utgangspunktet skal introduksjonsprogrammet kvalifisere flyktningar til fast arbeid og utdanning. Etter endt program vil samarbeidet mellom flyktningtenesta og Nav Arbeid vere svært viktig. Difor blir desse nå samlokalisert i nye Nav-lokaler i tingstugu. Ein del personar har liten eller ingen skolegang og arbeidserfaring. Utifrå erfaringer så langt vil nokre stille svært svakt i.f.t. utlyste stillingar. Dersom ein vaksen person over fleire år er sosialhjelpsmottakar, vil dette vere svært destruktivt for vedkommande. Det er ingen tradisjon i Ål kommune eller andre kommunar i Hallingdal å opprette spesielt tilrettelagte arbeidsplassar for busette flyktningar. Dersom ein person fekk tilbod om ein tilrettelagt kommunal arbeidsplass over til dømes 1 til 2 år, ville dette kunne føre til at vedkommande stod sterkare på arbeidsmarknaden. Ei slik stilling måtte finasierast av integreringstilskotet. Ein føresetnad er at arbeidssøkjaren har nytta seg av dei arbeidsmarknadstilbod som Nav Arbeid kan gje. Etter modell av introduksjonsprogrammet blir nå eit kvalifiseringsprogram innført i kommunane etter kvart som Nav-kontora blir etablert. Målet med dette programmet er å forsterke innsatsen overfor personar som i dag er langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp. Når Navkontoret i Ål er etablert vil Ål kommune få tilbod om 7 plassar etter tildeling frå departementet. Dette programmet vil vere svært aktuelt for nokre få busette flyktningar i Ål. 6

Det er for tida 2 personar som gjennomførar vidaregåande utdanning. Etter ei totalvurdering er denne utdanninga i Ål kommune godkjent som ein del av introduksjonsprogrammet. Personar som ynskjer å ta vidaregåande utdanning, kan etter søknad få dette godkjent som ein del av introduksjonsprogrammet i Ål kommune. Etter ei individuell vurdering kan langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp få tilbod om eit kvalifiseringsprogram som varer inntil 2 år. Nav kontoret i Ål er ansvarleg for gjennomføring av dette. 8. Norsk statsborger Ein flyktning vil før busetting motta eit arbeids- og opphaldsløyve frå UDI/Utlendingsnemnda som gjeld for eit år om gongen. Dette løyvet må fornyast kvart år. Etter 3 år vil vedkommande vanlegvis få busettingstillatelse som varer i 3 år.. Denne busettingstillatelsen gjev grunnlag for å søke om norsk statsborgerskap etter 6-7 år. Det har vore ein intern diskusjon i kommunen om kor lenge ein busett flyktning er innanfor flyktningtenesta sitt ansvarsområde. Det vil vere naturleg å tenke at når ein flyktning mottek norsk statsborgerskap så fell vedkommande utanfor flyktningtenesta sitt ansvarsområde. Etter 6-7 års opphald i kommunen skal ein busett flyktning ikkje lenger sortere inn under flyktningtenesta sitt ansvarsområde. 9. Økonomi - Ål kommune Ål kommune mottek integreringstilskot for kvar busett flyktning. Satsane er for tida kr.496.000,- for vaksne og kr.476.000,- for born utbetalt over ein 5-årsperiode. Dei fleste kommunane i landet fordeler intergreringstilskotet ut på rammeløyvingar i årsbudsjettet for dei einskilde sektorar. Ål kommune er ein av dei få kommunane som set av unytta midler av integreringstilskotet på eit flyktningfond. I sak 04/06 vedtok kommunestyret fylgjande: Unytta midler av det årlege integreringstilkotet skal ved årsavslutning av reknskapen for flyktningtenesta avsetjast til flyktningfondet. Dette fondet er pr.31.12.2007 på kr. 4.981.958,-. Integreringstilskotet blir utbetalt i.f.t. kvar einskild busett flyktning, men er ikkje øyremerkt. Midlene kan nyttast til kva som helst. Difor velger dei fleste kommunane å spre midlene jevnt utover samtlege etater. I retningslinene for fondet har rådmannen fått delegert fullmakt til avgjerd av søknader/refusjonskrav frå til dømes barnevernet, sosialtenesta, avlastning m.v. Budsjetterte utgifter for flyktningkontoret er for år 2008 kr.706.000., introduksjonslønn 1.1 mil.kr. og økonomisk sosialhjelp kr.950.000,-. Unytta midler av det årlege integreringstilkotet skal ved årsavslutning av reknskapen for flyktningtenesta avsetjast til flyktningfondet. 7

10. Oppsummering hovudtiltak 4.1. Før busetting: Administrasjonen gjer framlegg i økonomiplanarbeidet om kor mange flyktningar Ål kommune bør ta imot dei neste 4 åra. Kommunestyret gjer vedtak. Administrasjonen må til ei kvar tid vurdere bustadsituasjonen, og evnt. nytte flyktningfondet til å kjøpe flyktningbustader. Dette i samråd med formannskapet. Flyktningtenesta må samarbeide tett med dei bustadansvarlege i Ål kommune for å sikre tilgjengeleg bustad utifrå behov. 4.2. Ved busetting Etableringstilskotet (for tida: kr.30.000,- pr. ektepar pluss kr.3000,- pr. barn) skal justerast i.f.t. dei andre Hallingdalskommunane. Dersom ein familie blir busett i ein kommunal bustad, skal dei få tilbod om ein leigekontrakt på 3 år. Alle busette flyktningar skal innan ei veke få tilbod om eit orienteringsmøte med flyktningkonsulenteen og heimekonsulenten. Dette møtet skal vere tolka. 4.3. Etter busetting I den grad det er ledig barnehageplass skal nybusette flyktningar prioriterast. Det skal utarbeidast ein individuell plan i samråd med deltakaren seinast ein månad etter busetting. Planen er forpliktande både for Ål kommune og deltakaren Alle flyktningar skal få tilbod og vedtak om introduksjonsprogram innan fyrste månad etter busetting. Flyktningar som deltek i Ål kommune sitt introduksjonsprogram skal få utbetalt introduksjonslønn ( bruttolønsutbetaling av 2G, for tida kr.11.135,- pr. mnd.) Ein nybusett flyktning skal få tilbod om fire dagars undervisning ved Ål vaksenopplæring ved oppstart av intro-programmet. Introduksjonsprogrammet kan etter innstilling frå lærarar ved skulen, bli utvida med inntil 3 år. Når ein deltakar i intro-programmet er klar for det, skal vedkommande få tilbod om språkpraksisplass ein dag pr. veke. Ein deltakar i intro-programmet skal etter om lag eit år få tilbod om arbeidspraksis i samarbeid med Ål Nav Arbeid. Ymse anna. Ein familie som får økonomisk sosialhjelp kan få rekna ut sosialhjelpstøtta inntil 4 barn. Det blir i hovudsak ikkje gjeve støtte for meir enn fire barn. 8

Flyktningkonsulenten gjer vedtak i.f.t. Lov om sosiale tenester. Etter 2 års forsøksperiode bør heimekonsulentstillinga evaluerast, og evnt. gå over til fast stilling. Det skal for år 2009 setjast av midler i flyktningtenesta sitt budsjett øyremerkt støtte til lag og organisasjonar som aktiv integrerer flyktningar. Personar som ynskjer å ta vidaregåande utdanning, kan etter søknad få dette godkjent som ein del av introduksjonsprogrammet i Ål kommune. Etter ei individuell vurdering kan langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp få tilbod om eit kvalifiseringsprogram som varer inntil 2 år. Nav kontoret i Ål er ansvarleg for gjennomføring av dette. Etter 6-7 års opphald i kommunen vil ein busett flyktning ikkje lenger sortere inn under flyktningtenesta sitt ansvarsområde. Unytta midler av det årlege integreringstilkotet skal ved årsavslutning av reknskapen for flyktningtenesta avsetjast til flyktningfondet. 9