Innhald 1. Bakgrunn 2 2. Engelsk versjon 2 3. Registrerte utbetalingar filtrering på brukar 2 4. Forbetra filfunksjonalitet 2 4.1 Splitting/gruppering av filer (OCR, Cremul og FBO) 2 4.2 Val av oppsett ein har tilgang til 2 8.1 Duplikatkontroll på filer (checksum) 3 5. Gruppering av konti i NettBedrift 3 6. Saldo-/rentehistorikk 4 7. Oversikt faktura spesifisering av saldo på førsteside 4 8. Roller og rettar 4 8.1 Rettar - filoverføring pr brukar 4 8.2 Rettar - Kontoregulering 5 8.3 Rettar - Løn 5 8.4 Rettar Maks beløp 5 8.5 Eiga rolle for å sjå fullmakter 5 9. Forbetra informasjon 5 9.1 Oversikt over innbetalingar enkeltbilag med informasjon 5 9.2 Avtalenamn på PDF- rapportar og meir meldingsinfo 6 9.3 Kontoreguleringer viser frå- /tilkonto på kontoutskrifter 6 9.4 Vising av samlebelastningar som enkelttransaksjonar 6 10. Varsel til kvar enkelt brukar når melding med høg prioritet vert sendt frå banken 6 11. Betalingsinformasjon på e-post 6 11.1 Oppsett og avsendaropplysningar 6 12. Straksbetaling i Autoreg for bilforhandlarar 7
1. Bakgrunn Dette dokumentet gjev ei enkel skildring av nye funksjonar som er innført i Nettbedrift frå februar 2016. 2. Engelsk versjon Menyval, ledetekstar, feilmeldingar og hjelpefunksjonar kan du no få på engelsk. Informasjonen som kjem frå banksystema vil framleis vera med norsk tekst. 3. Registrerte utbetalingar filtrering på brukar I skjermbiletet "Registrerte utbetalinger" blir det innført høve til å filtrera utbetalingar ut frå kven i deira firma som har registrert utbetalingane i Nettbedrift. I nedtrekkslista "Registrert av" vil det bli vist ei sortert liste av "Førenamn Etternamn" på alle registrerte, aktive og sperra «brukarar» (ikkje sletta brukarar). Først i lista vert vist "Alle". I skjermbiletet "Registrerte utbetalingar" vil søkekriterier bli fylt ut med standardverdiar og det vert utført eit søk. Valet av filtrert «brukar» blir hugsa på same måte som for andre søkekriterier. Det vil ikkje bli vist ein kolonne for kven som har registrert betalinga på grunn av plassomsyn. 4. Forbetra filfunksjonalitet 4.1 Splitting/gruppering av filer (OCR, Cremul og FBO) Du kan definera eit filoppsett som angir kva konti det skal hentast retur for. Dersom andre filoppsett allereie har definert eit sub sett av alle konti, så vil dei konti ein kan velja frå vera alle minus sub settet av konti som er definert i andre filoppsett. Funksjonen gjeld for OCR, Cremul og FBO. 4.2 Val av oppsett som ein har tilgjenge til Frå funksjonen for filoppsett vil ein kunna haka av for kva filoppsett som skal visast under "Send" og "Hent" fil. Som følgje av dette vil funksjonen slik det er i dag splittast opp i to, eitt for utlisting av filoppsett og eit anna for oppretting av filoppsett. Side 2/7
4.3 Duplikatkontroll på filer (checksum) For å hindre at du sender den eksakt same fila på ny vil det vera kontroll på om fila er innsendt tidlegare (checksum). 5. Gruppering av konti i NettBedrift Generelt Det vert mogeleg for deg sjølv å oppretta grupper av konti i Nettbedrift. Kontogruppene vil kunna nyttast i ei rekkje visingsbilete i Nettbedrift, slik at du raskt får eit overblikk over ei gruppe konti. Du kan dele grupper med andre på same avtale, men berre den som har oppretta gruppa og administrator kan sletta og redigera i den aktuelle gruppa. Oversikt kontogrupper Under administrasjon kjem eit nytt menypunkt "Kontogrupper". I dette skjermbiletet får du vist dei kontogruppene vedkomande kan sjå. Det er mogleg å sortera kontogruppene etter gruppenamn eller kven som har oppretta gruppa. Som standard blir gruppene vist sortert etter gruppenamn. Det er i tillegg høve til å slette, endra og vise gruppene frå dette skjermbiletet. Ny gruppe vert oppretta via ein knapp på denne sida (sjå ytterlegare informasjon under "Opprett ny kontogruppe). Ein brukar har berre høve til å endra og sletta dei kontogruppene han sjølv har oppretta. Administrator kan likevel endra og sletta alle kontogrupper. Opprett ny kontogruppe Etter at du har klikka på "Ny kontogruppe" i skjermbiletet "Oppsett kontogrupper" kjem du til eit nytt skjermbilete. Ny gruppe vert oppretta ved å skriva inn gruppenamn, haka av ved dei kontoane du ønskjer skal vera med på lista, og trykk lagre. Ønskjer du å visa/dela gruppa må du merka av for dette. Bruk av kontogrupper Kontogrupper vil vera mogeleg å filtrera på i følgjande skjermbilete: Oversikt konti Registrerte utbetalingar Forfallsregister Utførde utbetalingar Ikkje utførde utbetalingar Side 3/7
Likviditetshistorikk (ny opsjon) berre mogeleg for kontogrupper som inneheld ein valuta. 6. Saldo-/rentehistorikk Vising av saldo-/rentehistorikk er undermeny til menypunktet "Kontoinfo". Skjermbiletet inneheld tre paragrafar: 1. Søkekriterier 2. Liste over Saldohistorikken 3. Resultatoversikt Når skjermbiletet saldohistorikk vert opna via menyen vil berre søkekriterieparagrafen visast (fordi konto ikkje er vald). Søkekriteriene inneheld tre felt du kan søkja på: 1. Konto: Ei nedtrekksliste over alle konti du har innsyn på. 2. Frå dato: Eit frå-dato felt som viser datoen for den første i førre månad. Dato-feltet kan endrast via ein kalender. 3. Til dato: Eit til-dato felt som viser dagens dato. Dato-feltet kan endrast via ein kalender. Det er høve til å eksportera opplysningane på skjermbiletet til Excel. Informasjonen som vert vist i skjermbiletet vert henta frå kontoinformasjonsfila som vert produsert på bankdagar. For lånekonti vert kontoinformasjonsfila produsert i dag berre ved rørsle og månadsskifte. For valutakonti vert det i dag berre vist saldohistorikk, og ikkje rentehistorikk. 7. Oversikt over faktura spesifisering av saldo på førstesida På sida "Fakturaliste" vert det innført ei kolonne med informasjon om saldo på den underliggende fakturaen. Dette for å gjere tenesta meir brukarvenleg. 8. Roller og rettar 8.1 Rettar - filoverføring pr. brukar Styrer i kva grad meny for filoverføring skal visast (og dermed vera tilgjengeleg funksjonalitet for deg). Filoverføring er ei rolle for kvar enkelt brukar. Gjeld tilgang til både "Oppsett filoverføring" og vala under "Filoverføring". Side 4/7
8.2 Rettar - Kontoregulering Retten vert tilordna ein konto for vald brukar. Du får tilgjenge (eller ikkje tilgjenge) til å oppretta ei kontoregulering og å sjå detaljinformasjon om kontoregulering. Rollestyrt lesetilgang gjeld for alle skjermbilete der kontoinformasjon og transaksjonar vert vist. 8.3 Rettar - Løn Retten vert tilordna ein konto for vald brukar. Du får tilgjenge til å oppretta lønsutbetalingar og sjå detaljinformasjon om lønsutbetalingar. Samlebelastningar vert ikkje påverka av rolletildelinga dei vert viste uavhengig av rolle. Rollestyrt lesetilgang gjeld for alle skjermbilete der kontoinformasjon og transaksjonar vert vist. For valutakonti og skattetrekkskonti er det ikkje mogeleg å kryssa av for løn. 8.4 Rettar Maks beløp Det er mogeleg å leggja inn ei avgrensing på kor mykje som kan overførast i eit oppdrag (betaling) for høvesvis registrering og godkjenning. 8.5 Eiga rolle for å sjå fullmakter Eigen Les -rolle for å sjå brukarar pr. konto ("administrator light"). Brukar med Administrator- /Les-rett vil ha høve til å søkja på kontonivå til å visa kva roller dei ulike brukarane har (Innsyn, Registrering, Godkjenning, Kontoregulering, Løn), og dessutan kva beløpsgrenser vedkomande har. Det vil vera mogeleg å knyta ny brukar til aktuell konto (ny brukar vil vera ein som er lagt opp i avtalen frå før), og dessutan få høve til å endra kontorettar/rollar beløpsgrense på den aktuelle brukar (krev administratorrett). 9. Forbetra informasjon 9.1 Oversikt over innbetalingar enkeltbilag med informasjon Innbetalingslista inneheld ei oversikt over alle innbetalingar utan KID ein kan søkja på. Denne funksjonen er viktig for dykk som har mange girobetalingar utan KID, som eksempelvis ideelle organisasjonar, lag og velforeiningar. De vil no kunna henta denne informasjonen sjølv i Nettbedrift. Statusfeltet syner om innbetalinga er reskontroført eller ikkje. Innbetalingar som ikkje er reskontroført vil ha avgrensa med informasjon. Side 5/7
Informasjonen i detaljbiletet vil vera avhengig av kva for ein status betalinga har (mindre informasjon dersom status er "Ikkje handsama"). 9.2 Avtalenamn på PDF- rapportar og meir meldingsinfo Frå oversyn Utførde Betalingar kan ein søkja på frå konto og periode, og resultatet av søket kjem fram på Kvitteringsliste (PDF). Namn og kundenummer vert henta frå kundenamn til eigar av den aktuelle avtalen (dotteravtale dersom kontoen tilhøyrer ei dotter) PDF- rapporten vil òg visa all informasjon frå meldingslinjene 1, 2 og 3. 9.3 Kontoreguleringar viser frå- /tilkonto på kontoutskrifter Denne funksjonen gjev tilgjenge til informasjon om avsendar og mottakar sin konto på kontoutskrifta, ved overføringar mellom eigne konti i realtid. 9.4 Vising av samlebelastningar som enkelttransaksjonar I transaksjonsoversikta vert det lagt inn ein sjekkboks som avgjer om samlebelastningar vert vist som enkelttransaksjon (eller ikkje). 10. Varsel til kvar enkelt brukar når melding med høg prioritet vert sendt frå banken I tidlegare løysing var det berre første brukar som fekk sjå meldingar på avtalen. I ny løysing vil meldinga bli vist i velkomstbiletet for kvar brukar, og vert fjerna når meldinga er lese av aktuell brukar. Meldinga vil i alle høve bli vist under funksjonen "Melding frå bank". 11. Betalingsinformasjon på e-post Funksjonalitet for utsending av betalingsbekreftingar på e-post. Det einaste du treng å gjera er å logga seg på Nettbedrift og lasta opp betalinga under menyvalet utførde betalingar. Nedst på skjermbiletet under, vil du finna ein knapp for utsending av e-post bekreftingar. Mottakar av e-posten vil få betalingsbilaget vedlagt som ein pdf. Dersom du har vald ein engelskspråkleg versjon av Nettbedrift, vil pdf vera på engelsk. 11.1 Oppsett og avsendaropplysningar Utsending av betalingsbekreftingar kjem frå e-post: <Etne Sparebank kvitteringsteneste> no-reply-etne.sparebank@evry.com. Side 6/7
Det er ikkje mogeleg å svara på denne e-posten. Dersom du har spørsmål om innhaldet, må banken kontaktast på telefon 53 77 15 00 12. Straksbetaling i Autoreg for bilforhandlarar Straksbetaling i Autoreg gjer det mogeleg for bilforhandlarar å senda salsmelding, betala nødvendige avgifter og fullføra omregistrering medan kunden ventar. Bilforhandlaren må inngå avtale om teneste Straksbetaling for Autoreg med banken. Bilforhandlaren kan ikkje ha avtale om Straksbetaling med fleire bankar samtidig. Straksbetaling er ei betalingsløysing som utfører ei straksbetaling via Statens Vegvesen sitt system, Autoreg og Nettbedrift. Side 7/7