VESTNES KOMMUNE Ungdomsrådet Innkalling til møte i Ungdomsrådet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 23.11.2015 Kl.16:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post silje.sylte@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 43 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 909 84 000. ordførar Side1
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 24/2015 PA 25/2015 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte PA 26/2015 Evaluering av yrkes- og utdanningsmessa 2015 PA 27/2015 Ungdomsrådsdeltaking på Ungdommens Fylkesting 2015 PA 28/2015 Kommunereformprosjekt - Vestnes ungdomsråd 2015-2016 Side2
PA24/2015Godkjenningavinnkalling PA25/2015Godkjenningavprotokollfråsistemøte Side3
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 18.11.2015 Evaluering av yrkes- og utdanningsmessa 2015 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 23.11.2015 26/2015 Innstilling Eit vedtak i saka må drøftast og utarbeidast i møtet SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Yrkes- og utdanningsmessa i år vart gjennomført etter ein ny mal og på ein ny måte. Gjennom evalueringssaka her skal ungdomsrådet innhente synspunkt og søkje å oppsummere ulike råd med tanke på neste års gjennomføring. Vurdering: Forutan å legge vekt på innspel frå skulerådgivarane og Vestnes Næringsforum, bør ungdomsrådet også legge vekt på evalueringsinnspela frå kommunegruppa som møttest rett etter messa i år. (Sjå vedlegg.) Og dessutan: Korleis invitere/kven for neste år? Tidspunkt for gjennomføring kan fastsettast allereie? Tidspunktet bør/kan få følgjer for? Særutskrift til: Vedlegg: Side4
1 Referat frå kommunegruppeevaluering Side5
Yrkesmessevalueringspunkt frå internt kommunemøte: Punkt som gjeld elevane og skulane/rådgivarane: 1. Kommuneverksemda ser yrkes- og utdanningsmessa som ein viktig arena for kunne formidle faktakunnskap om dei offentlege yrkesmulegheitene. Slik at lokal ungdom (kanskje) ser ei yrkesframtid i heimkommunen. 2. Vi har også behov for at elevane/skulane/rådgjevarane formulerer kva forventningar dei har til oss i samanhengen. (Til dømes gjennom klårgjering av potensielle spørsmålsområde etc på førehand?) Punkt som gjeld kommunen sin yrkespresentasjon på messa: Takk for mykje skryt for både stand og innhald - frå mange hald. Kommuneverksemda vil neste år ha endå skaprpare fokus på store, personlege yrkestittelskilt og romsligare standområde. Og gjerne med endå meir presentasjon gjennom konkretar og endå fleire lærlingar. Neste år vil vi også på førehand fortelje rådgivarane/elevane korleis standane blir bygt opp, for å gjere det lettare å kunne gi elevane oppgåver/spørsmål i forkant. Punkt som gjeld den private yrkespresentasjonen på messa: Det er (kanskje venteleg) få, private bedrifter som vil prioritere fysisk deltaking med eigen stand. Det betyr nok ikkje at dei er uinteressert. Det er kanskje behov for at Vestnes Næringsforum tek ein klårare regi og ei klårare koordinerande rolle i den samanheng. Slik også kommuneleinga har gjort med tanke på messa i år. Referat: ojt/rhz Side6
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 18.11.2015 Ungdomsrådsdeltaking på Ungdommens Fylkesting 2015 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 23.11.2015 27/2015 Innstilling Ungdomsrådet tek orienteringa i saka til vitande SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Ungdomsrådet valde representantar som nyleg deltok på Ungdommens Fylkesting på Åndalsnes, 6.-8. november. Vurdering: Deltakarane vil i møtet orientere ungdomsrådet om denne fylkestingsamlinga og om aktuelle saker. Programmet og sakene på UFT ligg ved saka her. Særutskrift til: Vedlegg: 1 Program for UFT 2015 Side7
PROGRAM UNGDOMMENS FYLKESTING 2015 Fredag 6. november Frå kl. 13.00: Oppmøte og registrering Kl. 14.30: Velkommen til UFT - med leiar Marcus Svenning Kl. 14.45: Opning av ungdommens fylkesting ved fylkesordførar Jon Aasen og Rauma kommunes ordførar Lars Olav Hustad Kl. 15.00: Innleiingsforedrag ved Nils Ivar Heggem Kl. 15.45: Kva er Ungdomspanelet (UP) og Ungdommens fylkesting (UFT)? Kl.16.00: «Byen som regional motor» - ved rådgivar Kjersti Hasselø frå Regional og Næringsavdelinga Kl.16.20: Foredrag om bruk av media - ved redaktør i Åndalsnes Avis, Per-Kristian Bratteng Kl. 17.00: Oppvarming, inndeling i grupper Kl. 17.45: Praktiske opplysningar ved møteleiar, konstituering og val av redaksjonskomitear Kl. 18.15: Møte og taleteknikk med Monica Molvær Kl. 19.00: Val av årets ungdomskommune Kl. 19.30: Open runde Kl. 20.30: Middag Kl. 22.00: Sosialt Kl. 24.00: Stille Laurdag 7. november Kl. 08.00: Frukost Kl. 09.00: UFT saker Kl. 13.00: Lunsj Kl. 14.00: UFT saker Kl. 17.30: Paneldebatt Kl. 19.00: Pause Kl. 20.00: UFT festmiddag. Kl. 21.30: Sosialt Kl. 24.00: Stille Søndag 8. november: Kl. 08.00: Frukost Kl. 09.00: Val av nytt Ungdomspanel Kl. 10.00: Handlingsprogram UP, UFT saker Kl. 13.00: Lunsj Kl. 14.00: Vel heim Ver merksam på at det kan bli endringar! Side8
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: C19 Arkivsaksnr.: 2015/927 Saksbehandlar: Odd Jarle Talberg Dato: 18.11.2015 Kommunereformprosjekt. Vestnes ungdomsråd 2015-2016 Utval Møtedato Utvalssak Ungdomsrådet 23.11.2015 28/2015 Innstilling Ungdomsrådet tek orienteringa til vitande og vil følgje saka opp på sitt neste møte i 2016 SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Leiinga i Vestnes ungdomsråd svara ja, då fylkesmannen og kommuneleiinga utfordra med tanke på ungdomsengasjement rundt kommunereforma. Vurdering: Detaljane går fram av vedlagte skriv til dei to ungdomsskulane. Det har allereie kome innspel frå 8. klasse i Tomrefjord, som ein vil informere om i møtet. Saka skal elles følgjast opp av ungdomsrådet på det første møtet i januar. Særutskrift til: Aktuelle partar Vedlegg: 1 Prosjektbrev til ungdomsskulane Side9
Brev til skuleleiing /klasseleiing for ungdomssteget i Vestnes kommune Til Helland skule Tomrefjord skule PROSJEKTGJENNOMFØRING I VESTNES KOMMUNE FORDELING AV KR.50.000 I PROSJEKTMIDLAR Vedlagt brev frå fylkesmannen i Møre og Romsdal, vedlagt forslag til undervisningsopplegg og forslag til konkurranse om kommunereformen.. Ein viser til informasjon frå kommunalsjef for oppvekst ber skulane om følgjande: 1. Dei to skulane med ungdomssteg tar utgangspunkt i samfunnsfagtimar og eventuelt andre fagtimar på klassestega 8, 9 og 10 og så omfattande som ein finn tilrådeleg planlegg og gjennomfører klassestegprosjekt på skulane i tråd med ønskjet frå fylkesmannen. Og etter det, sender ein enkel rapport om gjennomføringa og resultata ein har hausta til Vestnes ungdomsråd, seinast 15. januar 2016. 2. Skulane bestemmer sjølv gjennomføring, men bør så raskt som råd planlegge tidspunkt for når ordførar/varaordførar skal komme til skulen og klassestega og fortelje om kommunereformprosessen - som del av prosjektplanlegginga. Vestnes ungdomsråd vil til slutt premiere konkurransebidrag frå skulane/klassane med tittelen: MIN DRØMMEKOMMUNE Ungdomsrådet sender deretter ein samla kommunerapport om gjennomføring og resultat til Fylkesmannen i Møre og Romsdal seinast 1. februar 2016. 3. Dei kr. 50.000 som kjem i november 2015, blir tenkt fordelt slik: Helland skule kr. 20.000, Tomrefjord skule kr.20.000, Vestnes ungdomsråd kr.10.000. NB! Skulane/klassestega og ungdomsrådet skal sjølv kunne bestemme bruken av prosjektmidlane. Som blir handtert særskild i kommunerekneskapen og skal m.a. kunne overførast til neste år. Ein ønskjer partane lukke til med prosjektgjenomføringa! Helsing for Vestnes ungdomsråd Odd Jarle Talberg, koordinator Side10