Tenesteavtale nr. 4 kommunalt tilbod om strakshjelp døgnopphald etter helse- og omsorgstenestelova 3-5, 3. ledd for kommunane Fjell og Sund 1. Avtalepartar Denne samarbeidsavtalen er inngått mellom Helse Bergen HF, Fjell kommune og Sund kommune på Sotra. 2. Bakgrunn og heimelsgrunnlag for avtalen Denne avtalen er formelt sett ein tenesteavtale etter helse- og omsorgstenestelova 6-2 nr. 4, jf. 3-5, 3. ledd. Gjennom helse og omsorgstenestelova 3-5 og 3-1 er kommunane forplikta til å yta strakshjelp til personar som oppheld seg i kommunen. Denne plikta er i samhandlingsreforma utvida til også å femna om døgnopphald jfr. tredje ledd i 3-5: Kommunen skal sørge for tilbud om døgnopphold for helse og omsorgstjenester til pasienter og brukere med behov for øyeblikkelig hjelp. Plikten gjelder kun for de pasienter og brukere som kommunen har mulighet til å utrede, behandle eller yte omsorg til. Avtalepartane har hatt eit langvarig samarbeid om ulike tilbod. Mellom anna har vi saman etablert ei intermediær eining for restbehandling etter sjukehusinnlegging. Partane har gode erfaringar frå dette samarbeidet etter meir enn to års drift. Vinteren 2012 vart det gjennomført eit prosjekt for å greie ut innhaldet i døgntilbodet om strakshjelp for kommunane Fjell og Sund, som har resultert i ein plan for tilbodet. 3. Føremål med og virkeområdet for avtalen Gjennom denne avtalen vil partane sikra etablering og drift av eit døgntilbod om strakshjelp for innbyggjarane i dei to kommunane Fjell og Sund. Det nye tilbodet er eit alternativ til sjukehusinnlegging, og skal resultera i færre innleggingar i Helse Bergen HF. Tilbodet er retta mot pasientar med kjente diagnosar som har forbigåande forverringar, og understøtter intensjonane i samhandlingsreforma. 4. Tidspunkt for oppstart av tilbodet og talet på senger Det skal etablerast 4 senger for strakshjelp døgnopphald. Tilbodet startar opp den 2. mai 2012 med Fjell som vertskommune. 1
5. Økonomi Samhandlingsreforma legg opp til at staten finansierer døgntilbod innanfor strakshjelp i samsvar med reglane for tilskotsordninga, jamfør Vedlegg 2 til Helsedirektoratets rapport «Kommunenes plikt til øyeblikkelig hjelp døgnopphold. Veiledningsmateriell.» Denne avtalen byggjer på dette. Kommunane Fjell og Sund får overført midlar frå staten (Helsedirektoratet og Helse Vest RHF) og nyttar desse til dekning av driftsutgiftene for strakshjelp døgnopphald. Tilskot til senger for strakshjelp døgnopphald for kommunane Fjell og Sund «Beregningsgrunnlaget» for strakshjelp døgnopphald tilseier at Fjell og Sund kommune til saman får utløyst eit kronebeløp som etter nasjonale berekningar tilsvarer 3,2 øh-senger. Tilskot frå helseføretaket Vilkåret for å løyse ut tilskot til drift av strakshjelp døgnopphald frå helseføretaket er at den aktuelle kommunen har fått innvilga sin søknad om tilskot frå Helsedirektoratet og at tilbodet er etablert. Dersom Fjell og Sund kommunar starter opp drift av strakshjelp døgnopphald frå 2. mai og ikkje får innvilga sin søknad i Helsedirektoratet, vil kommunane heller ikkje få midlar frå helseføretaket for drifta av strakshjelps døgntilbodet for 2012. Dersom Fjell og Sund startar drifta av tilbodet den 2. mai, får innvilga sin søknad og får utbetalt fullt tilskot for 2012 frå Helsedirektoratet, vil det mangle dekning i høve til dei statlege satsane (jf. «Beregningsgrunnlaget» som går fram av vedlegg 2 til ovannemnde rapport frå Helsedirektoratet) for to månaders drift. Helseføretaket vil i så fall utbetale, i desse to månadene, tilskot i høve til dei statlege satsane i Beregningsgrunnlaget. For perioden frå 1. januar 2013-31. til desember 2015 vil helseføretaket gje kommunane tilskot i høve til Beregningsgrunnlaget. Utgiftsfordeling og revisjon Fordelinga av utgiftene mellom kommunane følgjer den statlege fordelingsnøkkelen. Det vert utarbeidd budsjett og rekneskap på vanleg måte. Tilbodet om strakshjelp døgnopphald vert revidert av Fjell kommune sin revisjon. Det vil verta ført særrekneskap for prosjektet av Fjell kommune der økonomisjefen er den ansvarlege. 6. Ansvars- og oppgåvefordeling Fjell kommune er ansvarleg for at døgntilbodet om strakshjelp til pasientane er forsvarleg. Partane er samde om at Fjell kommune ved rådmannen er ansvarleg for drifta medan det overordna medisinsk faglege ansvaret er plassert hjå kommuneoverlegen i Fjell. Før tilbodet startar opp skal partane etablere ei felles driftsgruppe som skal delta i vidareutviklinga av tilbodet og handsame ulike avvik som blir meldt i samband med døgntilbodet i kommunen, jf. punkt 14. Driftsgruppa skal ha helsefaglege representantar frå Fjell kommune, Sund kommune og Helse Bergen HF. Partane skal i fellesskap utarbeida 2
nærare retningsliner som skildrar mandat med oppgåver og arbeidsform for driftsgruppa. Desse skal ferdigstillast snarast mogleg og seinast innan 1. juni 2012. Partane har avtalt at det skal vere mogleg for lege eller sjukepleiar ved det kommunale tilbodet å ha telefonkontakt med relevant kompetent helsepersonell i Helse Bergen HF på døgnbasis. Helse Bergen HF legg til rette for dette innafor eksisterande driftsform/ kommunikasjonskanalar i sjukehuset. Partane legg til grunn at fleire pasientgrupper kan få tilbod om innlegging i det kommunale døgntilbodet om strakshjelp når dette er eit alternativ til sjukehusinnlegging. Pasientar som har funksjonstap der diagnose er avklart eller der det ikkje er mistanke om alvorleg sjukdomsutvikling, kan leggast inn på et kommunalt døgntilbod for strakshjelp. Dei mest aktuelle pasientgruppene ut frå lokale kartleggingar frå fastlegar og spesialistar er pasientar med kols, alle former for lungebetennelse, hjertesvikt, diabetes og eldre med samansette lidingar. Partane er i fyrste omgang samde om å prioritere tungpustne pasientar og det er laga eit eige pasientforløp for desse. Utifrå ei vurdering av pasienten sin tilstand er det her laga kriterium for kvar pasienten skal behandlast på sjukehus eller i kommunale strakshjelp senger. Partane vil i fellesskap utvikle forløp og kriterium for fleire pasientgrupper etter kvart som ein gjer seg nokre erfaringar med tungpustforløpet. Fastlegar, legevaktlegar og sjukeheimslegar i dei to kommunane kan leggje inn pasientar i strakshjelp sengene. Liggetid vil vere maks 3 døgn. Fjell kommune har ansvar for å kjøpe inn naudsynt medisinsk teknisk utstyr i samsvar med plan for tilbodet (jfr. pkt 2). Fjell kommune har og ansvar for drift og vedlikehald av dette utstyret. 7. Kvaliteten på tilbodet om strakshjelp døgntilbod i kommunen Tilbodet skal ha god og forsvarleg kvalitet, og vere betre eller like godt som eit alternativt tilbod i spesialisthelsetenesta for dei aktuelle pasientgruppene. Gjennom det førebuande arbeidet har partane lagt vekt på å utvikle eit tilbod som har forsvarleg kvalitet gjennom skisserte pasientforløp, ansvarsplassering, kompetanseheving, informasjonsflyt, rutinar osb. Tilbodet om døgnopphald vert etablert som ein del av ei korttidseining ved Fjell sjukeheim. På den andre sida av gangen ligg den interkommunale intermediære eininga. Lokaliseringa gjev høve til sambruk av ressursar og fleksibel drift. Kompetansekrav Det er laga eit detaljert opplegg for forsvarleg legedekning på heildøgnbasis i samråd med legane. Tilsynslegane på sjukeheimen vil yte tenester på dagtid om kvardagar, legevaktslegen vil dekkja kveld og natt om kvardagane og eit eige team med sjukeheimslegar vil dekkja helg og helgedagar frå klokka 12-18. På det viset sikrar ein 2 legevisittar dagleg. På tilsvarande vis er det planlagt kompetent sjukepleiardekning på heildøgnsbasis der ein vil nytta arbeidskraft med røynsle frå den intermediære eininga. Det er også utarbeidd eit opplegg for kompetanseutvikling m.a. hospitering og kursopplegg i regi av partane. Partane er samde om å revidere dette opplegget etter kvart som ein inkluderer fleire pasientgrupper i tilbodet. 3
Støttefunksjonar og behov for utstyr Partane har i fellesskap utarbeidd ei oversikt over kva støttefunksjonar og utstyr som er naudsynt i høve til dei pasientgruppene som det er aktuelt å starte med. Tilsvarande oversikter vil bli utarbeidd for andre pasientgrupper når det blir aktuelt. Fjell kommune er ansvarleg for at helsepersonellet som yter helsehjelp i døgntilbodet for strakshjelp, har naudsynt tilgang til eit forsvarleg pasientjournalssystem. Partane vil ta i bruk elektronisk melding så snart dette er mogleg. 8. Kontinuitet i tilbodet om strakshjelp Tilbodet i sjukehuset for dei aktuelle pasientgruppene skal oppretthaldast til tilbodet i kommunen er tilstrekkeleg etablert. 9. Informasjon og kommunikasjon Døgntilbodet om strakshjelp lokalisert til Fjell sjukeheim er godt forankra hjå partane. Sjukehuslegar, fastlegar og legevakt har teke del i utforminga av tilbodet, og partane vil syte for å gjere tilbodet kjent for alle involverte medarbeidarar. Fjell og Sund kommune vil syte for naudsynt informasjon til innbyggjarar og samarbeidspartar om tilbodet både ved oppstart og seinare. Naudsynte rutinar og retningsliner som gjeld døgntilbodet om strakshjelp skal utarbeidast og/eller vurderast av driftsgruppa. Kvar av partane er forplikta til å implementere nye rutinar/retningsliner. 10. Konsekvensar for ambulansetenesta Ambulansetenesta er lokalisert på Straume i nær tilknyting til legevakt og døgntilbodet om strakshjelp. Det vert etablert samarbeidsforum bl.a. med kommunane Fjell og Sund jamfør forskrift om akuttmedisinske tenester. 11. Involvering av pasient- og brukerorganisasjonar Når det gjeld involvering av pasient og brukarorganisasjonar, vert det vist til den overordna samarbeidsavtalen. Foreløpig avtale er vedteken og endeleg avtale vert vedteken innan 1. juli 2012. 12. Involvering av tilsette Fagleg relevant personell frå kommunane og sjukehuset har delteke i utvikling av tilbodet. 4
13. Evaluering Tilbodet vil verta evaluert etter 2 års drift og etter nærare konsultasjonar mellom partane. Pasientdata - i samsvar med lovverk - vil verta fortløpande innhenta m.a. med tanke på evalueringa. Partane er samde om at ein aktuell indikator ved evalueringa er om vi har oppnådd ei reduksjon i talet på strakshjelp innleggingar i sjukehuset for dei aktuelle pasientgruppene frå kommunane Fjell og Sund. Ytterlegare indikatorar for god overvaking av tilbodet vil gå fram av planen for tilbodet. 14. Handtering av avvik Driftsgruppa skal handsame og lukke ulike avvik som blir meldt i samband med døgntilbodet i kommunen, jf. punkt 6. Avvik som ikkje kan lukkast på dette nivået skal løftast til rådmann i Fjell kommune som øvste ansvarlege for tilbodet. Ut over dette vert det vist til punktet om avvikshandtering i den nye overordna samarbeidsavtalen som blir vedteken innan 1. juli 2012. 15. Handtering av usemje tvisteløysing Usemje mellom partane vert i første rekkje løyst gjennom dialog på lågast mogeleg nivå. Det vert elles vist til den overordna samarbeidsavtalen. I tillegg vil slike forhold verte tatt opp kontinuerleg i driftsgruppa, jf. punkt 6. 16. Misleghald av avtalen Dersom ein av partane mislegheld si del av avtalen, og dette fører til dokumentert tap hos den andre part, kan tapet krevjast dekt av den som mislegheld avtalen. 17. Varigheit, revisjon og moglegheit for oppseiing av avtalen Partane skal gå gjennom avtalen årleg med sikte på nødvendige oppdateringar eller utvidingar, jf. helse- og omsorgstenestelova 6-5, 1. ledd. Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen vert endra. Avtalen kan seiast opp med eitt års frist, jf. helse- og omsorgstenestelova 6-5, 2. ledd. Dersom ein av partane seier opp avtalen skal Helse Bergen HF varsle Helse Vest RHF. Det regionale helseføretaket skal varsle Helsedirektoratet, jf. helse- og omsorgstenestelova 6-5, 2. ledd. 5
18. Dato og underskrift Avtalen ligg føre i tre eksemplar og kvar av partane har eitt eksemplar. Dato: Sign.: Ordførar Eli Berland Fjell kommune Sign.: Ordførar Ove Trellevik Sund kommune Sign.: Styreleiar Ranveig Frøiland Helse Bergen HF 6