Kilde Akustikk AS Rapport 5631-1 Ulsmåg skole Støyfagleg underlag til reguleringsplan Planområdet (merka med blå strek) kring eksisterande Ulsmåg skole. Kjelde: Fila «Plangrensekart.jpg», motteke frå ABO Plan & Arkitektur AS 8.2.2011. for ABO Plan & Arkitektur AS februar 11
Rapport 5631-1 16 sider Voss Versjon Vår ref Kilde Akustikk AS Bergen - Voss 2011-02-10 1 13130/20003644/D1003051.doc Dykkar dato Arkiv Dykkar ref. Inge Hommedal 20101028 110145 TIL ABO Plan & Arkitektur AS Postboks 291 5203 OS KOPI TIL Att.: Arne Kristian Kolstad Tittel Ulsmåg skole Støyfagleg underlag til reguleringsplan Samandrag Det er rekna og vurdert utandørs støy for eit planområde på Ulsmåg i Bergen i samband med reguleringsarbeid med hovudføremål å leggja til rette for ombygd Ulsmåg skole. Store delar av planområdet vil få gode støykvalitetar og eigna seg for uteareal til skulen. Den delen av planområdet som ligg nord for eksisterande trasé for Totlandsvegen får overskridingar av tilletne støygrenser og kan ikkje brukast til uteareal utan støyavbøting. God plassering og utforming av framtidig bygningsmasse kan vera viktige grep å ta vidare i planprosessen. Utrekningane er føretekne etter gjeldande støyretningsline, T-1442 frå Miljøverndepartementet. Vurderinga av støysituasjonen er i tråd med kommuneplanføresegner for Bergen kommune. Revisjon 1 Utarbeidd av Inge Hommedal E-post: inge.hommedal@kilde.no Tlf.: 909 32 527 Sign. Internkontroll (Fagleg gjennomgang. Metodikk og føresetnader. Språk og presentasjon) Sigurd Solberg Sign. Rapportorginal med signaturar er arkivert hjå Kilde Akustikk AS Denne rapporten skal kopierast komplett Utdrag kan brukast etter skriftleg samtykke Kilde Akustikk AS - Voss Tvildesvegen 16D www.kilde.no Telefon 47 47 85 00 5700 Voss kilde@kilde.no Telefaks 47 47 85 01 NO 942 878 338 MVA
INNHALD 1. INNLEIING... 4 2. SITUASJON... 4 3. AKUSTIKKFAGLEGE UTTRYKK... 4 4. FØRESETNADER OG METODE... 4 Føresetnader... 4 Metode... 5 5. FØRINGAR FOR STØY... 6 Nasjonale føringar... 6 Kommunale føringar... 7 6. UTREKNA OG VURDERT UTANDØRS STØY... 7 Støysituasjonen i reguleringsplanen... 7 Føringar for komande planfasar... 7 7. INNANDØRS STØY... 8 8. STØY FRÅ ANDRE KJELDER I NÆROMRÅDET... 8 REFERANSAR... 8 VEDLEGG... 9 A. Skråfoto av planområdet... 10 B. Støysonekart i 1,5 m høgd, med dagens bygningar... 11 C. Støysonekart i 7 m høgd, med dagens bygningar... 12 D. Støysonekart i 1,5 m høgd, utan dagens bygningar... 13 E. Støysonekart i 7 m høgd, utan dagens bygningar... 14 F. Vegsituasjonen som skildra i Nasjonal vegdatabank... 15 G. Reguleringsplan... 16
1. INNLEIING Kilde Akustikk AS har fått i oppdrag av ABO Plan & Arkitektur AS å rekna og vurdera utandørs støy i samband med reguleringsarbeid for eit planområde kring Ulsmåg skole i Bergen kommune. Hovudføremålet med reguleringa er å leggja til rette for å utvida skulen til å husa fleire elevar samt å få eit betre uteområde på skulen. Utrekningane og vurderingane er utførde i tråd med gjeldande støyretningsline, T-1442 frå Miljøverndepartementet. Oppdraget er tufta på tilsendt materiale frå oppdragsgjevaren. Det er ikkje føreteke eiga akustikkfagleg synfaring i oppdraget. 2. SITUASJON Planområdet ligg på Ulsmåg i Fana, ved foten av eit dalsøkk mellom Øvsttunåsen og Dyngelandsåsen. Den nordlegaste delen av planområdet vert gjennomskoren av ein planlagd omlagd Fv183 Totlandsvegen. Planlagd vegomleggjing gjer det råd å få til eit samanhengjande skuleområde. Vegtrafikk langs Fv184 Totlandsvegen (går over til Elvenesvegen sør i planområdet) og Fv184 Ulsmågvegen er dominerande støykjelder. Området kring er prega av eit gardsbruk samt spreidde einebustader og bustadblokker. Situasjonen er synt på framsida av rapporten. 3. AKUSTIKKFAGLEGE UTTRYKK I denne rapporten vert fylgjande omgrep for akustikk brukt: Støynivå L den, er eit døgnmidla støynivå der støybidraget om kvelden (kl. 19-23) er gjeve eit tillegg på 5 db og støybidraget om natta (kl. 23-07) er gjeve eit tillegg på 10 db. Støyproduksjon om kveldane og nettene vert altså «straffa» med høvesvis 5 db og 10 db før samanlikning med tilrådde grenser, dette for å sikra betre vern mot m.a. uroing av søvn. L den er innført med retningslina T-1442 (sjå nedanfor) i Noreg frå 2005. L den er eit A- vekta støynivå. A-vektinga jamnar ut at menneskeøyra er mindre vârt for basslyd enn for lyd i mellomliggjande frekvensområde. Støynivå L d, er innført med retningslina T-1442 (sjå nedanfor) i Noreg frå 2005. L d er støybidrag på dagtid (kl. 07-19) 4. FØRESETNADER OG METODE Føresetnader Kartgrunnlag, m.m. Tilsendt SOSI-kart 1 inneheld høgdekotar (med 1 m ekvidistanse) og er brukt som terrenggrunnlag for utrekning av støy i denne rapporten. Eksisterande vegar og bygningar er henta inn frå same SOSI-kart. Vegliner for planlagd omlagd Fv 183 Totlandsvegen vest og nord for dagens skulebygning er henta frå tilsend reguleringsplan 2. Reguleringsplanen syner ei større planlagd omleggjing av vegen, som inneber m.a. flytting av krysset med Fv 184 om lag 130 m nordetter. Rapport 5631-1 Side 4 av 16
Trafikktal Trafikken langs fylkesvegane i området er oppgjevne i Nasjonal vegdatabank for år 2009. I tråd med gjeldande retningsline T-1442 (sjå nedanfor) bør ein ta høgd for støyutvikling 10-20 år fram i tid i slike saker. Ein bør difor leggja til grunn venta trafikk i eit framtidig prognoseår. I denne rapporten er det valt å gjera dette ved å rekna med ein auke på om lag 30 % i trafikken langs alle veglekkjene. Det er vidare lagt til grunn uendra skiltfart og tungtrafikkdel. Oppsummert tyder det fylgjande føresetnader: Tabell 1. Trafikktal lagde til grunn for denne rapporten. Situasjon i prognoseåret Veglekkje ÅDT [køyretøy/døgn] Skilta fart [km/t] Tungtrafikkdel [%] Fv184 Elvenesvegen nord til kryss med Fv183 Totlandsvegen Fv184 Totlandsvegen frå kryss med Elvenesvegen i sør til overgang til Fv184 Ulsmågvegen i nord Fv183 Totlandsvegen, vest for kryss med Fv184 Ulsmågvegen Fv184 Ulsmågvegen nord for kryss med Fv183 Totlandsvegen Fv183 Totlandsvegen aust for kryss med Fv184 Elvenesvegen 4.200 30 5 4.480 30 5 1.120 30 5 4.480 30 5 2.240 50 5 Metode Kilde Akustikk AS har vurdert døgnfordeling av trafikken på alle veglekkjer til å vera slik: Dag (7-19): 75 %, kveld (19-23): 15 %, natt (23-7): 10 %. Det er modellert med ei kjelde langs senterlina til alle veglekkjene. Støy frå vegtrafikk er rekna med gjeldande nordiske reknemåte 3 støymodelleringsprogrammet NoMeS 4.5 4. ved hjelp av Rapport 5631-1 Side 5 av 16
5. FØRINGAR FOR STØY Nasjonale føringar Retningsline, for utandørs støy Gjeldande offentleg retningsline, T-1442 «Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging» av 26.1.2005 frå Miljøverndepartementet, er lagd til grunn for støyutrekningar i denne rapporten. I T-1442 er det gjeve tilråding for støygrenser for etablering av ny støyande verksemd, m.v.: Tabell 2. Utdrag av tabell 2 i T-1442: Tilrådde støygrenser ved etablering av ny støyande verksemd, m.v. Alle tal er frittfeltsverdiar. Støykjelde Støynivå på uteplass og utanfor rom med støyfølsam bruk Støynivå utanfor soverom, natt kl. 23-7 Maksimalt støynivå på uteplass og utanfor rom med støyfølsam bruk, dag og kveld, kl. 7-23tandørs støynivå, årsmidla Vegtrafikk L den = 55 db L 5AF = 70 db - Tilrådd støygrense er identisk med yttergrense for gul støysone i T-1442. Avvik frå T-1442 kan gje grunnlag for innseiingar til planane frå statlege styresmakter, m.a. Fylkesmannen. T-1442 er rettleiande, men konkrete krav til støy vert rettsleg bindande når dei vert lagde inn som reguleringsføresegner i ein plan, sjå nedanfor. Ein del personar kan vera plaga av støy også utanfor gul støysone. Ved yttergrense for gul støysone vil inntil 20 % av personane framleis vera sterkt plaga av støy. Forskrift, også for innandørs støy frå utandørskjelder TEK, plan- og bygningslova si tekniske forskrift, har i ein eigen standard NS8175 5 gjeve grenser for tillateleg støy som kjem utanfrå og belastar nye bustader, undervisningsbygg, osv. Minstekrava i standarden er gjevne i ein eigen lydklasse C. For den aktuelle reguleringsplanen, med ny skule, er desse minstekrava aktuelle: Krav til innandørs døgnekvivalent støynivå høgst 32 dba i undervisningsbygg frå utandørs lydkjelder. Støynivå på uteareal i brukstida skal ikkje overstiga nedre grenseverdi for gul sone i T-1442, det vil seia L d = 55 db. Retningsline, om born og planleggjing Miljøverndepartementet har ei eiga rikspolitisk retningsline for å styrkja born og unge sine interesser i planleggjinga 6. Denne retningslina samsvarar med T-1442 og gjev ingen tilleggsføringar ut over T-1442. Rapport 5631-1 Side 6 av 16
Kommunale føringar Bergen kommune vedtok 26.6.2007 kommuneplanføresegner 7. I desse føresegnene vert m.a. støygrensene rettsleg bindande forskrifter, ikkje retningsliner. Punkt 15 omhandlar støy: «Kvalitetskrav til uteareal Uteareal ved skoler og barnehager og utendørs oppholdsareal for bolig i henhold til pkt. 11 skal ikke ha støynivå over L den = 55 db.» Merknad: I denne saka skal dei kommunale planføresegnene leggjast til grunn for dei støyfaglege vurderingane. Planføresegnene skil ikkje mellom døgnmidla støynivå (L den ) og støynivå midla over brukstida (L d ) for undervisningsbygget. I denne saka vil det vera naturleg å leggja til grunn støynivå midla over brukstida for bygget. Det vert dermed L d som skal samanliknast med aktuelle grenser. For føresett døgnfordeling av vegtrafikken vert L d 1,7 db lågare enn L den. 6. UTREKNA OG VURDERT UTANDØRS STØY Støysituasjonen i reguleringsplanen Vegtrafikkstøy er rekna ut for planområdet i tråd med ovanståande metode og synt som støysonekart i vedlegga B E. Støysonekarta er laga i to utgåver: 1. Gjeldande for situasjonen 1,5 m over lokalt terreng. Dette er ei høgd som svarar til hovudhøgd til ein ståande person på eit utearal og ein låg 1. etasje i eit bygg. 2. Gjeldande for situasjonen 7 m over lokalt terreng. Dette er ei høgd som svarar omtrent til 3. etasje i bygg a. Merknad: I denne planfasen er framtidig bygningsmasse ukjend og det er difor ikkje råd å syna støynivåa på framtidige uteareal på skulen. Dette er løyst gjennom å syna støyutbreiinga i ein situasjon utan dagens skulebygningar (vedlegg D og E) og i ein situasjon med dagens skulebygningar (vedlegg B og C). Desse døma gjev dermed informasjon om to «ytterpunkt» og kan vera til støtte i komande planfasar. Yttergrensa for gul støysone 1,5 m over lokalt terreng (svarande til uteareal) på framtidig ombygd Ulsmåg skole går i ein avstand frå vegsystemet om lag langs dagens næraste bygningsrekkje. Dette gjeld ikkje arealet avsett til ballbane i muligheitsstudien oversend 28.10.2010. Utan støyavbøtande tiltak vil dette arealet få overskridingar av gjeldande støygrenser og altså ikkje eigna seg for avsett bruk. Føringar for komande planfasar Framtidige uteareal for skulen må leggjast utanfor yttergrensa til gul støysone, jfr. Bergen kommune sine planføresegner. Arealet avsett til ballbane nord for dagens vegkryss vil få vegtrafikkstøy frå tre sider. Utan støyavbøtande tiltak vil dette arealet ikkje stetta dei kommunale planføresegnene. Støyavbøtande voll mot aust, kombinert med nett, o.l. for ballfangst kan gjera det råd å etablera avsett ballbane, men løysinga vert neppe optimal. Dette kan eventuelt detaljerast i ein komande planfase. Ei mogeleg løysing kan vera å etablera eit tun omkransa av bygningmasse på minst to sider på dette arealet. Eventuelle rom for kvile/søvn i framtidig bygningmasse kan ikkje ha vindauge som vender ut mot areal innanfor gul støysone. a Dagens bygg har to etasjar. I denne rapporten er det føresett at framtidige bygg får tre etasjar eller mindre. Rapport 5631-1 Side 7 av 16
Ved god utforming og plassering av framtidige bygningskroppar vil det vera råd å oppnå god støykvalitet på Ulsmåg skole. 7. INNANDØRS STØY Krava i NS8175 til innandørs støy i undervisningsrom frå utandørs støykjelder (her: vegtrafikk) vert truleg tilfredsstilt ved bruk av vanlege bygningselement (tak, vindauge, ventilasjon, m.v.) utan spesielt god lydmessig kvalitet. Merknad: Ved plassering av bygg på arealet i dag avsette til ballbane i førebelse planar vil støynivåa på fasadane verta noko høgare og innandørs støy bør då vurderast for denne delen av bygningsmassen i ein komande planfase. 8. STØY FRÅ ANDRE KJELDER I NÆROMRÅDET Om lag 200 m nord for dagens skulebygning ligg det næringsbygg med varierte aktivitetar. Avstanden er relativt stor, og støy frå desse aktivitetane vil neppe utgjera noko formelt eller praktisk støyproblem for ein framtidig ombygd Ulsmåg skole. Transport til og frå bygga langs vegane i området vil heller ikkje utgjera noko formelt støyproblem. REFERANSAR 1 Fila «ULS.sos» tilsend frå oppdragsgjevar 29.10.2010. 2 Fila «Reguleringsplan-07.dwg» tilsend frå oppdragsgjevar 23.12.2010. 3 Statens vegvesen, handbok 64, «Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy. Revidert 1996: Komplett og forenklet metode» ISBN 82-7207-485-0. 4 Underutgåve av 10.12.2010. 5 NS 8175 Lydforhold i bygninger lydklasser for ulike bygningstyper. Standard Norge, 2.utgave 2005. 6 «T-2/08 Om barn og planlegging», vedteken i statsråd 1.9.1989. 7 Bystyrevedtak i Bergen kommune 25.6.2007, sak 162-07. Revidert gjennom vedtak 18.6.2010. Rapport 5631-1 Side 8 av 16
VEDLEGG
VEDLEGG A. Skråfoto av planområdet Planområdet for ombygd Ulsmåg skole, sett frå sør. Kjelde: Gule sider / Eniro Norge AS. Rapport 5631-1 Side 10 av 16
VEDLEGG B. Støysonekart i 1,5 m høgd, med dagens bygningar Støysonekart for reguleringsplan for Ulsmåg skole Vegtrafikkstøy i brukstida for skulen, L d, 1,5 m over lokalt terreng, svarande til uteareal. Støyutbreiinga vil vera annleis i andre høgder over lokalt terreng. Berre støydominerande vegar. Støy frå andre kjelder er ikkje synt. Trafikksituasjon: Prognose for år 2025. Reknemetode: «Handbok 64 Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy, revidert 1996», Statens vegvesen, mars 2000. Reknemodell: NoMeS 4.5, underversjon dagsett 10.12.2010. Reknemodelloppløysing: 5 m. Kartografi og interpolasjon: Surfer 9.11.947. Interpolasjonsmetode: Lokalt 3. grads polynom. 6692200 6692180 N 6692160 6692140 Målestokk 6692120 0 m 50 m 100 m 6692100 6692080 Voss, 7.2.2011 www.kilde.no 6692060 6692040 6692020 6692000 6691980 6691960 6691940 6691920 6691900 6691880 6691860 6691840 6691820 6691800 6691780 6691760 Vegtrafikkstøy i brukstid, L d 6691740 Gul støysone: 55 db L d 65 db 6691720 Raud støysone: L d > 65 db 6691700 299700 299720 299740 299760 299780 299800 299820 299840 299860 299880 299900 299920 299940 299960 299980 300000 300020 300040 300060 300080 300100 Rapport 5631-1 Side 11 av 16
VEDLEGG C. Støysonekart i 7 m høgd, med dagens bygningar Støysonekart for reguleringsplan for Ulsmåg skole Vegtrafikkstøy i brukstida for skulen, L d, 7 m over lokalt terreng, svarande til ein typisk 3. etg. Støyutbreiinga vil vera annleis i andre høgder over lokalt terreng. Berre støydominerande vegar. Støy frå andre kjelder er ikkje synt. Trafikksituasjon: Prognose for år 2025. Reknemetode: «Handbok 64 Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy, revidert 1996», Statens vegvesen, mars 2000. Reknemodell: NoMeS 4.5, underversjon dagsett 10.12.2010. Reknemodelloppløysing: 5 m. Kartografi og interpolasjon: Surfer 9.11.947. Interpolasjonsmetode: Lokalt 3. grads polynom. 6692200 6692180 N 6692160 6692140 Målestokk 6692120 0 m 50 m 100 m 6692100 6692080 Voss, 7.2.2011 www.kilde.no 6692060 6692040 6692020 6692000 6691980 6691960 6691940 6691920 6691900 6691880 6691860 6691840 6691820 6691800 6691780 6691760 Vegtrafikkstøy i brukstid, L d 6691740 Gul støysone: 55 db L d 65 db 6691720 Raud støysone: L d > 65 db 6691700 299700 299720 299740 299760 299780 299800 299820 299840 299860 299880 299900 299920 299940 299960 299980 300000 300020 300040 300060 300080 300100 Rapport 5631-1 Side 12 av 16
VEDLEGG D. Støysonekart i 1,5 m høgd, utan dagens bygningar Støysonekart for reguleringsplan for Ulsmåg skole Vegtrafikkstøy i brukstida for skulen, L d, 7 m over lokalt terreng, svarande til ein typisk 3. etg. Støyutbreiinga vil vera annleis i andre høgder over lokalt terreng. Berre støydominerande vegar. Støy frå andre kjelder er ikkje synt. Trafikksituasjon: Prognose for år 2025. Reknemetode: «Handbok 64 Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy, revidert 1996», Statens vegvesen, mars 2000. Reknemodell: NoMeS 4.5, underversjon dagsett 10.12.2010. Reknemodelloppløysing: 5 m. Kartografi og interpolasjon: Surfer 9.11.947. Interpolasjonsmetode: Lokalt 3. grads polynom. 6692200 6692180 N 6692160 6692140 Målestokk 6692120 0 m 50 m 100 m 6692100 6692080 Voss, 7.2.2011 www.kilde.no 6692060 6692040 6692020 6692000 6691980 6691960 6691940 6691920 6691900 6691880 6691860 6691840 6691820 6691800 6691780 6691760 Vegtrafikkstøy i brukstid, L d 6691740 Gul støysone: 55 db L d 65 db 6691720 Raud støysone: L d > 65 db 6691700 299700 299720 299740 299760 299780 299800 299820 299840 299860 299880 299900 299920 299940 299960 299980 300000 300020 300040 300060 300080 300100 Rapport 5631-1 Side 13 av 16
VEDLEGG E. Støysonekart i 7 m høgd, utan dagens bygningar Støysonekart for reguleringsplan for Ulsmåg skole Vegtrafikkstøy i brukstida for skulen, L d, 7 m over lokalt terreng, svarande til ein typisk 3. etg. Støyutbreiinga vil vera annleis i andre høgder over lokalt terreng. Berre støydominerande vegar. Støy frå andre kjelder er ikkje synt. Trafikksituasjon: Prognose for år 2025. Reknemetode: «Handbok 64 Nordisk beregningsmetode for vegtrafikkstøy, revidert 1996», Statens vegvesen, mars 2000. Reknemodell: NoMeS 4.5, underversjon dagsett 10.12.2010. Reknemodelloppløysing: 5 m. Kartografi og interpolasjon: Surfer 9.11.947. Interpolasjonsmetode: Lokalt 3. grads polynom. 6692200 6692180 N 6692160 6692140 Målestokk 6692120 0 m 50 m 100 m 6692100 6692080 Voss, 7.2.2011 www.kilde.no 6692060 6692040 6692020 6692000 6691980 6691960 6691940 6691920 6691900 6691880 6691860 6691840 6691820 6691800 6691780 6691760 Vegtrafikkstøy i brukstid, L d 6691740 Gul støysone: 55 db L d 65 db 6691720 Raud støysone: L d > 65 db 6691700 299700 299720 299740 299760 299780 299800 299820 299840 299860 299880 299900 299920 299940 299960 299980 300000 300020 300040 300060 300080 300100 Rapport 5631-1 Side 14 av 16
VEDLEGG F. Vegsituasjonen som skildra i Nasjonal vegdatabank Vegsituasjonen som skildra i Nasjonal vegdatabank. Veglekkjene har påskrift med ÅDT [køyretøy/døgn] i 2009. Rapport 5631-1 Side 15 av 16
VEDLEGG G. Reguleringsplan Reguleringsplan som oversend frå oppdragsgjevar 1.12.2010. Rapport 5631-1 Side 16 av 16