Barnerettane i NOREG

Like dokumenter
Barns rettigheter i NORGE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i HEIMEN

Til deg som bur i fosterheim år

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

Elevundersøkinga 2016

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Du må tru det for å sjå det

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Barns rettigheter i LOKALSAMFUNNET

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Pulsen på Noreg. Jon Atle Rise Leiar av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Info til barn og unge

Refleksjon og skriving

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019


Informasjon til elevane

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Heilt einig. Litt einig

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar


Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

3. APRIL 2018 ÅRSRAPPORT 2017 TIL KUNNSKAPS-OG INTEGRERINGSDEPARTEMENTET BARNEOMBODET

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

IKT-kompetanse for øvingsskular

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Årets nysgjerrigper 2010

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Høyanger kommune erfaringar etter tilsyn og politisak

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Barnerettane i VERDA

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Farnes skule Årsplan i SAMFUNNSFAG Læreverk: Kosmos 10

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Velkomen til fagsamling om barneperspektivet i Nav

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

6-åringar på skuleveg

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Innsats i BTI Barnevern

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Barns rettigheter i HJEMMET

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Skjema for eigenvurdering

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Barnet si stemme i NAV. Loen

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: Alle menneske er fødde like (den amerikanske revolusjon)

Transkript:

Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i NOREG Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til privatliv Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor MISBRUK Artikkel 19: Alle barn har rett til at ingen skadar eller misbrukar dei

AKTIVITETSARK FORSLAG TIL AKTIVITETAR OG FRAMGANGSMÅTE INTRODUKSJON OG FORKLARING Innleiingsvis, under dette temaet, er tanken å kople tilbake til det som gjekk føre seg i det første undervisningstemaet. Då fekk elevane ein introduksjon til barnekonvensjonen, mellom anna gjennom nokre øvingar med å knytte ein artikkel i barnekonvensjonen til ei avisoverskrift. Vi anbefaler derfor ein kort repetisjon av det som blei snakka om i desse timane. Det er også viktig at elevane får hjelp til å sjå samanhengen mellom rettar i heimen, i lokalsamfunnet og i Noreg, og at det er staten som har ansvaret for å verne barn i Noreg. Bruk gjerne elevane sitt eige arbeid frå første undervisningsøkt som utgangspunkt. ORGANISERING Vi anbefaler å gjennomføre denne første delen i samla klasse. Den andre delen foreslår vi at de gjer som gruppearbeid. FØREBUING OG INTRODUKSJON På hjelpearka til dette temaet finn du nokre fakta om situasjonen for barn i Noreg i dag. Bruk gjerne informasjonen herifrå, saman med det elevane laga og hugsar frå introduksjonstimen om barnekonvensjonen, til å innleie til dette nye temaet. Dette kan gjerne leggast opp som «Kva veit vi om» og spørje elevane kva dei veit om dei ulike emna som blir tatt opp på ressursarket. Her ligg det moglegheiter til å utvide arbeidet for dei som ønskjer eit større fokus på meir eksakt kunnskap om situasjonen for barn i Noreg i dag.

AKTIVITETSARK FORSLAG TIL AKTIVITETAR OG FRAMGANGSMÅTE Mål: Elevene veit at alle barn har rett til å vere den dei er (eigen identitet) alle barn skal sikrast like moglegheiter til å delta på samfunnsområde gjennom lovverket barnekonvensjonen er norsk lov norsk lov vernar alle barn mot vald og overgrep, og at det er dei vaksne som har ansvaret for å syte for at det ikkje skjer Retten som handlar om å høyre til og om identitet Introduser dei fire viktigaste rettane i barnekonvensjonen som handlar om identitet og tilhøyrsle (7, 8, 14 og 30). Vis desse på lysark dersom det er mogleg. Snakk med og undersøk saman med elevane kva identitet/å høyre til osv. eigentleg betyr. Kva er det som betyr noko for deg når du skal beskrive kven du er? (Språk, kor du bur, fritid, mor, far og søsken, skule osv.). Spørsmål til elevane: Kvifor trur de FN meinte det var viktig å ha med desse rettane i barnekonvensjonen? (Barn på flukt, med eit anna morsmål enn i landet dei bur i, annan kultur og religion osv.). Kva du gjer ut av dette, utover det som er nemnt her, kjem an på kor mykje tid du vil bruke på det. For å følgje opp arbeidet med dette temaet, sjå X-tras. Forandre Noreg: Kva treng barn og unge? I denne delen tar du fram dei sentrale artiklane for dette undervisningsopplegget (art. 2, 12, 16 og 19). I nokre klassar vil det ut frå erfaring være nødvendig med ein introduksjon før gruppene startar. Dette kan handle om at elevane tenkjer for «vanskeleg». Hjelp dei til å sjå at rettane i Noreg handlar om alt som vedkjem barn, og at staten har ansvaret for å sikre at alle barn får rettane sine etter barnekonvensjonen. Gi eksempel på alt frå retten elevar har til å ha eit elevråd, delta i skulemiljøutval, rett til helsehjelp når dei har blitt mishandla, rett til vaksinar, rett til skulehelsetenesta generelt osv. Organiser elevane i grupper i denne aktiviteten.

AKTIVITETSARK Oppgåver til gruppene 1. Be elevane tenke gjennom kva Noreg treng for å forbetre liva til barn og unge i Noreg i dag. Be elevane ta utgangspunkt i artiklane 2, 12, 16 og 19, og det dei har jobba med dei føregåande timane. Informer om at dei også kan sjå på andre artiklar dei meiner er viktige. Be gruppene lage ein idedugnad og skrive ned alle ideane som kjem fram. Be dei deretter diskutere og bli einige om fem (5) område dei meiner må forbetrast for barn og unge i Noreg. 2. Be gruppene tenke gjennom om desse fem tiltaka vil gjere Noreg til eit land der alle barn kan vere trygge, glade, vere med å bestemme, ha god helse og vere inkludert (ikkje utestengt eller diskriminert). 3. Kvar gruppe lagar ein valkampplakat for Barne- og ungdomspartiet : De kan tenkje dykk at de akkurat har stifta «Barne- og ungdomspartiet» og skal fortelje andre barn og unge i Noreg kvifor dei skal stemme på dykk. Lag 3-4 plakatar i kvar gruppe. 4. Kvar gruppe heng opp sine valkampplakatar på veggen i klasserommet, akkurat som på ein valkampstand. Gruppene skal deretter legge fram sine forslag for dei andre elevane og overbevise dei om at dei må stemme på dei. Minn gruppene på at dei må grunngje forslaga sine (Kvifor?). Arbeidet kan stoppe her, eller klassen kan bli einige om å arbeide vidare med dette, anten i form av eit innlegg i ei lokalavis, eit innlegg på eit foreldremøte eller liknande. (Sjå X-tras.)

AKTIVITETSARK X-TRAS VIDARE ARBEID MED RETTAR SOM HANDLAR OM Å HØYRE TIL, OG OM IDENTITET Dette er eit stort tema som kan inkluderast i fleire fag om ønskjeleg. Her følgjer berre eit enkelt forslag til oppfølging. Fleire læreverk i samfunnsfag og RLE tar også opp tema som rører ved sider ved identitet. Be elevane, kvar for seg, lage ei A4-side der dei skriv ned alt dei meiner skildrar kven dei er/identiteten deira, utan å skrive direkte kven dei er. Det kan vere lurt å be elevane om ikkje å skrive kva land dei kjem frå eller kva morsmål dei har, dette gjer oppgåva litt vanskelegare og meir spennande. Det beste er om elevane kan skrive dette på PC og skrive ut, slik at dei ikkje kjenner igjen handskrifta til kvarandre. Når alle har skrive ferdig, samlar læraren inn alle arka og skriv eit nummer på kvart ark og ei liste med namn som høyrer til nummera. Berre læraren skal sjå denne lista. I friminuttet heng læraren alle arka på veggen i klassen. Når neste time begynnar, organiserer læraren elevane for eksempel i pargrupper. Kvart par får eit ark og ein blyant. Dei skal gå rundt og gjette på kven som skjuler seg bak skildringane og setje namn og nummer på arket. Oppgåva kan anten summerast i plenum, ved at kvar gruppe gir seg sjølv poeng, eller at elevane byter ark og gir kvarandre poeng. Samtale med elevane etterpå: Kva var vanskeleg med å kjenne kvarandre igjen? Kvifor var dette vanskeleg? Er det andre ting vi brukar enn det som står i slike skildringar, for å bli kjent med kvarandre og få kunnskap om kven andre er? Osv.

AKTIVITETSARK VIDARE ARBEID MED «Å FORANDRE NOREG KVA TRENG BARN OG UNGE?» Vidare arbeid med dette temaet kan vere å utvide dette til ei skriftleg oppgåve i norsk eller samfunnsfag. Gruppene kan jobbe saman om å skrive eit lesarinnlegg eller ein avisartikkel. Dei må då jobbe vidare med å grunngje argumenta sine. Dette kan gjerast gjennom søk på for eksempel internett for å finne ut om mange barn som må vente på helsehjelp når dei har vore utsette for vald eller overgrep, barn som ikkje blir høyrt i saker i eit lokalsamfunn, barn som har vore lenge i Noreg, men som plutseleg blir henta av politiet om natta osv. KORLEIS BLIR EIN INVOLVERT I ARBEID MED RETTAR I NOREG? (Oversikt over aktuelle organisasjonar finn du på hjelpearket til lærarane. Sjå vedlagte dokument.) Denne aktiviteten har som mål at elevane skal vite om ulike organisasjonar som jobbar med rettane til barn og unge. Dette kan gjerast gjennom å la kvar gruppe få ein nettstad dei skal besøke. Dei skal deretter lage ein presentasjon av denne organisasjonen og presentere for dei andre. Stikkord kan vere: - Kva heiter organisasjonen? - Er den medlem av ein større organisasjon? - Kor mange medlemmer? - Kva saker står det om på heimesida? - Korleis kan eg bli aktiv eller medlem? Be kvar gruppe om å lage ein kort presentasjon på maks 2 A4-sider som kan kopierast opp til dei andre gruppene.

AKTIVITETSARK OPPSUMMERING Alle barn har rett til å vere den dei er, og ingen kan bestemme kva som er identiteten deira andre enn dei sjølv. Barn har rett til å bli høyrt og delta på alle samfunnsområde. Norske lover skal sikre at barn får uttale seg og delta i alle forhold som vedkjem dei. Noreg har forplikta seg på at barnekonvensjonen er norsk lov, og at alle lover skal ta omsyn til artiklane i konvensjonen. Alle barn har rett til å leve eit liv utan vald og overgrep, og vaksne har ei plikt til å verne barn mot dette. Staten skal passe på at ingen barn blir utsette for vald eller overgrep.

HJELPEARK TAL OG FAKTA OM BARN I NOREG: Tal på barn (pr. 01.01.2011) % av befolkninga Kor bur barn? Norskfødde med foreldre med innvandrarbakgrunn 1 114 400 23% 79% i byane 100 400* * I denne gruppa var det flest som hadde bakgrunn frå Pakistan, i alt 14 400. Det var 7 800 norskfødde med somaliske foreldre, og nesten like mange hadde foreldre frå Vietnam. 6 600 norskfødde hadde foreldre frå Irak, medan 5 800 hadde bakgrunn frå Tyrkia. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde 14 % av alle barn fødde i Noreg i 2010. (Kjelde: BUFDIR, 2012) SITUASJONEN FOR BARN I NOREG Alle barn i Noreg skal ha dei samen moglegheitene til å delta og utvikle seg på ein best mogleg måte. Men, i følgje ein UNICEFrapport er det meir enn 17 000 norske barn som ikkje har desse moglegheitene. Dersom vi brukar metoden til OECD, er over 67 000 norske barn fattige. Brukar vi metoden til EU, er 124 000 norske barn fattige. Dei to ulike definisjonane på fattigdom viser kor vanskeleg debatten er. Dette er bakgrunnen for at EU og UNICEF har utvikla ein ny metode for å måle sosial eksklusjon på. Indeksen er utvikla for å måle sosial eksklusjon av barn i dei rikaste landa. Denne listar opp 14 nødvendige ting som eit barn treng for å leve godt, blant anna tre måltider om dagen, minst to par sko, ein stad å gjere lekser og pengar til fritidsaktivitetar. Barnet blir rekna som sosialt eksludert dersom hushaldninga barnet bur i ikkje har råd til å gi barnet minimum 12 av desse 14 nødvendige tinga. I følgje denne indeksen var det i 2010 over 17 000 barn i Noreg som ikkje har tilgang på 12 av dei 14 tinga på lista, og som derfor kan reknast som fattige. Fattigdommen i Noreg er ikkje livstruande, men den påverkar livet til barna det gjeld slik at dei ikkje har moglegheit til å leve eit fullverdig liv. Ser vi bak tala frå UNICEF, ser vi at det i 2010 var over 17 460 barn som ikkje hadde råd til å bli med på vanlege fritidsaktivitetar saman med vennene sine. Vi ser at meir enn 4 590 barn ikkje har to par sko, og at over 3 670 barn ikkje har eit einaste nytt klesplagg. Dei har i mange tilfelle ikkje allværssko, som støvlar. Det er vanskeleg å forstå at eit barn i Noreg ikkje har råd til to par sko og nokre nye klesplagg. (Kjelde: Report Card 10, UNICEF)

HJELPEARK MANGE BARN OG UNGE HAR PSYKISKE VANSKAR Psykiske vanskar blant barn og unge er eit stort helseproblem. Folkehelseinstituttet anslår at 15-20 % av barn mellom 3 og 18 år til ei kvar tid har problem med å fungere i kvardagen fordi dei har symptom på spiseforstyrringar, depresjonar, åtferdsforstyrringar eller andre psykiske lidingar. 15-20 % AV BARN MELLOM 3 OG 18 ÅR HAR SYMPTOM PÅ PSYKISKE LIDINGAR Ca. halvparten av desse, om lag 70 000 barn, har symptom som tilfredsstiller krava til ein psykiatrisk diagnose. Dei aller fleste av desse treng behandling. Meir enn 200 000 barn har foreldre som rusar seg på ein slik måte at barna reagerer, og ca. 15 000 barn og unge har foreldre som får behandling i psykisk helsevern. (Kjelde: BUFDIR, 2012) Mange barn bur saman med berre mor I dag bur 25 % av barna saman med berre mor eller far. Blant barn som bur med berre ein av foreldra er det langt meir vanleg å bu med mor (21 %) enn med far (4 %). Familieforholda til barn varierer med landsdel. Andelen som bur med berre ein av foreldra er størst i dei tre nordlegaste fylka, der dette gjeld tre av ti barn. Mobbing i skulen Elevundersøkinga frå 2012 viser at nesten 26 000 elevar opplevde å bli mobba fleire gonger i månaden. Dette er rundt 6,8 % av alle som deltok i undersøkinga. Denne andelen har vore uendra frå 2008-2012. Kvar femte elev som blir mobba 2-3 gonger i månaden eller meir, svarar at dei ofte er med på å mobbe andre. Gutar både mobbar og blir mobba meir enn jenter. Andelen som opplever mobbing er større jo yngre elevane er. (Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Elevundersøkinga 2012) Mobbing på internett Eit stort fleirtal barn og unge brukar chatteprogram ein eller fleire gonger i veka, og rapporten frå Medietilsynet om barn og digitale media viser at 9 % av desse barna har blitt mobba eller trua av andre medan dei har chatta i slike chatteprogram. (Kjelde: Medietilsynet, Barn og digitale medier 2010) Mobbing via mobilen Rapporten frå Medietilsynet om barn og digitale media viser at 6 % av barn mellom 9 og 16 år opplevde å bli mobba eller trua via mobilen i 2010. Jenter har i større grad enn gutar opplevd denne typen mobbing (Kjelde: Medietilsynet, Barn og digitale medier 2010) Vald i heimen Tal frå SSB viser at det i 2010 blei sett i verk barnevernstiltak hos 308 nye barn under 18 år på grunn av fysisk mishandling. Same året blei det sett i verk barnevernstiltak hos 159 nye barn på grunn av psykisk mishandling, og 99 nye barn på grunn av seksuelle overgrep/incest. (Kjelde: Mossige og Stefansen 2007; SSB/ Barn og unge/barnevern; Frydenlund 2010) Fleire barn med tiltak i barnevernet Det var 49 800 barn og unge som tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2010, 7,1 % fleire barn enn året før. I gjennomsnitt tok 39,6 barn pr. 1 000 barn under 18 år imot barnevernstiltak i løpet av 2010.

HJELPEARK Det er først og fremst veksten i hjelpetiltak som forklarar auken i barnevernstiltak. 84 % av barna med barnevernstiltak i 2010 tok berre imot hjelpetiltak, ein auke på 7,8 % frå året før. Omsorgstiltak, der barnevernet tar over omsorga for barnet, auka ikkje i same grad. I 1993 var 29 % av tiltaka omsorgstiltak, medan tilsvarande tal i 2010 var 16 %. VED UTGANGEN AV 2010 VAR 37 300 BARN REGISTRERT MED BARNEVERNSTILTAK Ved utgangen av 2010 var 37 300 barn registrert med barnevernstiltak, nesten 4,6 % fleire enn året før. Av desse barna var 12 500 (8,7 pr. 1 000 barn) plassert utanfor familien, anten som hjelpetiltak eller som omsorgstiltak. 7 av 10 barn plassert utanfor heimen budde i fosterheim. Bruken av fosterheim og andre typar plasseringstiltak aukar, medan bruken av barnevernsinstitusjonar og andre behandlingsinstitusjonar går ned. (Kjelder: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet/barnevern; SSB/Barn og unge/ Barnevernet; SSB/Statistikkområder/Statlig barnevern) 1984/1985 2010/2011 Skuleslag Skular Elevar/ Studentar Skular Elevar/ Studentar Grunnskular 3540 545879 2957 614020 Private grunnskular.. 159 16250 Skular på vidaregåande nivå Private skular på vidaregåande nivå Universitet og høgskular Private universitet og høgskular 920 203702 450 248828. 16936 96 28121 228 92083 70 226867 67 15402 32 33762

HJELPEARK KORLEIS BLIR EIN INVOLVERT I ARBEIDET MED RETTAR I NOREG? Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er eit samarbeidsorgan for 96 barneog ungdomsorganisasjonar i Noreg. Elevane kan få oversikt over medlemsorganisasjonane på heimesida deira. Medlemsorganisasjonane er demokratiske og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og representerer eit stort mangfald av aktivitetar og verdiar. Nokre aktuelle organisasjonar som jobbar med barnerettane er: PRESS/Redd Barna, UNICEF, Amnesty International, PLAN og Røde kors ungdom. FN SIN BARNEKOMITE FNs barnekomité ga i 2010 tilbakemelding til Noreg om rettstilstanden til barn i Noreg. Nedanfor finn du nokre av kommentarane frå barnekomiteen. FN CRC/NOR/CO/4 Konvensjonen om barnerettane 29. januar 2010 Komiteen for barnerettane Den femtitredje sesjonen i komiteen 11. - 29. januar 2010 15. Komiteen er betenkt over informasjon den har mottatt, mellom anna informasjon frå barn, om at tenestene for barn varierer, alt etter kor i landet ein bur, og at enkelte av desse tenestene er sterkt underbemanna og manglar nok ressursar. 17. Komiteen set pris på innsatsen til parten for å spreie kunnskap om konvensjonen og lære opp fagfolk og andre som arbeider med barn, men det uroar komiteen at denne opplæringa ikkje fullt ut dekkjer alle yrkesgrupper, at den ikkje er obligatorisk og at den ikkje blir systematisk følgd opp. Komiteen er særleg betenkt over at lokale myndigheiter med ansvar for barn ikkje er godt nok informert om dei rettane barn har i følgje barnekonvensjonen. 19. Komiteen er nøgd med at ei ny lov om forbod mot diskriminering tredde i kraft i januar 2006, og at det i 2006 også blei oppretta eit likestillings- og diskrimineringsombod og ei likestillings- og diskrimineringsnemnd, og vedtatt ein handlingsplan for å fremje likestilling og førebygge etnisk diskriminering. Komiteen merkar seg den pågåande debatten som går ut på om aldersdiskriminering skal takast inn i lova, og om barn skal ha rett til å fremje klagar dersom dei blir diskriminert på grunn av alderen sin. Komiteen er likevel betenkt over informasjon den har mottatt, mellom anna informasjon frå barn, om at minoritetsbarn og barn av urfolk kjenner seg stigmatisert og dårleg behandla, mellom anna av andre barn, og at barn med nedsett funksjonsevne klagar over at deira rettar ikkje blir respektert. 20. Komiteen ber innstendig partane om å treffe alle nødvendige tiltak for å kjempe mot diskriminering av barn frå minoritetsgrupper, barn av urfolk og barn med nedsett funksjonsevne, og frå tidleg alder gjere barn kjent med retten eitkvart barn har til å bli beskytta mot diskriminering. Komiteen rår også parten å nøye vurdere om det er mogleg å utvide lovverket, for å verne barn mot diskriminering på grunnlag av alder.

HJELPEARK 22. Komiteen er likevel betenkt over at prinsippet om at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn framleis ikkje gjeld på alle område som vedkjem barn, som for eksempel barnefordelingssaker og utlendingssaker, og at dei som er ansvarlege for å ta omsyn til det beste for barnet, ikkje alltid har god nok opplæring i å kunne vurdere kva som er til det beste for barnet i kvart enkelt tilfelle. Ein komplett versjon av dei avsluttande merknadane frå FNs barnekomité kan lastast ned på nettsidene til Barneombodet. Redd Barna har produsert ei barnevennleg utgåve av merknadane frå barnekomiteen: «Hvordan står det til med barns rettigheter i Norge?» 47. Komiteen anbefaler parten å gjere tiltak for å verne barn som lever i fattigdom mot skadelege følgjer av denne situasjonen, særleg gjennom spesifikk omsorg og opplæring i tidleg alder, tiltak for betre kosthald og helse for barne frå ressurssvake grupper og tiltak for å gjere kommunale bustader meir barnevennlege. Komiteen ber vidare parten spesielt om å syte for at fattige familiar får den nødvendige hjelpa dei treng, uavhengig av kor i landet dei bur.