Barnerettane i VERDA

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Barnerettane i VERDA"

Transkript

1 Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i VERDA Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til privatliv Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor MISBRUK Artikkel 19: Alle barn har rett til at ingen skadar eller misbrukar dei

2 AKTIVITETSARK FORSLAG TIL AKTIVITETAR OG FRAMGANGSMÅTE: Vel ein eller fleire av aktivitetane under: Mål: Elevane veit at ulike land har forskjellige utfordringar med omsyn til korleis dei oppfyller barnerettane. EITT SKRITT FRAM Kopier og klipp ut rollekorta på hjelpearket. Vel først eitt rollekort som de går gjennom i plenum. Snakk saman om korleis de trur tilhøva er for rollefiguren de har valt med bakgrunn i informasjonen de har fått. Del så ut eitt rollekort til kvar elev. (Du kan eventuelt la to og to gå saman om eitt kort. Du bør ha lest gjennom rollene på førehand så du har høve til litt «styring» av kven som får dei ulike rollene.) Alle elevane startar på ei linje. Vel ut ca. 15 relevante rettar frå barnekonvensjonen og les dei i du-form, for eksempel: «Du går på skule og den er gratis, du får den helsehjelpa du treng, du er med på fritidsaktivitetar» osv. Bruk gjerne forslaga under «Rettar til rolleskildringar» på hjelpearket. Dei som opplever at de får oppfylt retten som blir lest opp, tar eitt skritt fram. Når alle rettane er lest, står deltakarane på ulike plassar, nokre langt fram, nokre i midten og nokre langt bak. La alle eller nokre av elevane presentere rolla si, seie noko om kvifor dei trur dei har hamna der dei står og korleis det kjennest. Kan nokon tenkje seg kor dei forskjellige rollefigurane kjem frå? (Alternativt kan du velje ein litt enklare variant og la elevane finne rettar på barnekonvensjonsplakaten som deira rollefigur ikkje får dekt.) DET STORE BILDET Presenter nokre av faktaa om barn i verda for elevane. (Bruk første del av faktaarket tøffe tal.) Spør om nokon kan tenkje seg kvifor det er så store forskjellar i verda? (Urettferdig handel, korrupsjon, skattesnyteri, naturkatastrofar, krig, slaveri, mangel på utdanning osv.)

3 AKTIVITETSARK Mål: Elevane veit at dei kan påverke situasjonen for barn i andre land ved å gjere fleire bevisste val. KLEDE Be elevane om å sjekke merkelappen i eitt av plagga dei har på seg og finne ut kor det er produsert. Lag ei oversikt (for eksempel søylediagram) over kor plagga i klassen er produsert. Fabuler saman om historia til plagga, for eksempel bomullsplukking, fabrikkarbeid, frakt til Noreg. Kan det ha skjedd brot på barnekonvensjonen i nokre av ledda? KVA KAN VI GJERE? Kva kan barn og unge i Noreg gjere for ei betre verd for barn? Diskuter i samla klasse eller grupper. Mange vil nok foreslå innsamlingsaksjonar. Utfordre dei til å komme med andre forslag også! (Lære meir om korleis barn har det i andre land og kva som skjer i verda, fortelje andre om det dei veit, redusere forbruk, spørje butikkpersonalet kor svarene er produsert ) Mål: Elevane veit at UNICEF er FNs barnefond og jobbar for at alle land skal følgje barnerettane. UNICEF Vis elevane UNICEFs logo og finn ut kva dei veit om organisasjonen. Kva kan logoen fortelje? (Mor og barn, jordkloden, olivenblad som symbol på håp.) Forklar at UNICEF er ein del av FN og har fått i oppgåve å jobbe for at barnerettane skal bli fylgde i alle land. UNICEF samarbeider med mange om denne oppgåva, blant anna med dei som bestemmer i landet, barneomboda, andre organisasjonar og bedrifter. Les meir om UNICEF her

4 AKTIVITETSARK Mål: Elevane kan gi eksempel på forhold som er blitt betre for barn dei siste åra. DET NYTTAR! Gi eksempel på forhold som har blitt betre i verda dei siste åra. (Bruk andre del av faktaarket.) Kva kan vere grunnane til at det har blitt betre?

5 AKTIVITETSARK X-TRA GRUPPEOPPGÅVE Del klassen inn i grupper på 4-5 elevar. Gi kvar gruppe nokre aviser eller la dei leite på nettet. Be halvparten av gruppene finne nyheiter om situasjonar der barnerettane blir brotne. Lim utklippa opp på ein plakat saman med dei aktuelle barnerettskorta. Den andre halvparten finn gode nyheiter: hjelpeaksjonar, organisasjonar og enkeltmenneske som gjer ein innsats. UNICEF-RUNDEN Elevane skaffar jamnaldrande skulegang ved å springe/gå på ski eller skøyter så mange rundar dei klarar. Gratis materiell frå UNICEF NOREG. Les meir her. AKTUELLE FILMAR FRÅ UNICEF NOREG: Bhim Kumari hushjelp for 69 øre dagen Skulen under mangotreet Filmane kan bestillast her DISKUSJON Les eitt av desse to innlegga frå Si D og diskuter kva de kan gjere for å minske forbruket/ spare miljøet: Nå må vi vakne opp, første avsnitt. Sløsedusj. OPPSUMMERING: Sjølv om nesten alle land har sagt at dei vil følgje barnekonvensjonen, er det stor forskjell på kva rettar barn får oppfylt avhengig av kor dei bur. FN har laga barnekonvensjonen, og UNICEF er FNs barnefond som jobbar for at barnerettane skal bli følgde i alle land. Kvar enkelt av oss kan bidra til at fleire barn i verda får oppfylt rettane sine. Det nyttar å gjere noko! Situasjonen for barn blir stadig betre.

6 ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 8 år og bur saman med familien min på eit lite småbruk. Det er ingen helsestasjon i nærleiken, og då eg var liten, blei eg aldri vaksinert. No har eg fått polio, og er lam i beina. Familien min er fattig, og har ikkje råd til rullestol. Eg må ake meg fram med armane. Eg klarar ikkje komme meg på skulen. Eg er 11 år og går på skulen kvar dag. Når eg kjem heim, hjelper eg foreldra mine i butikken til den stenger om kvelden. Etter middag vaskar eg opp og passar småsøskena mine medan foreldra mine ryddar og låser butikken. Når søskena mine har sovna, begynnar eg på leksene, men ofte er eg så trøytt at eg sovnar frå dei. Eg er ei jente på 7 år. Brørne mine går på skulen i nærleiken, men eg er den einaste jenta i familien, og familien min treng hjelp heime på småbruket. Foreldra mine synst det er viktigare at gutar går skulen enn jenter. Derfor må eg vere heime. Eg er 10 år. På skulen min er det undervisning på eit anna språk enn det vi brukar til vanleg. Vi får ikkje lov til å bruke vårt eige språk i timane sjølv om fleire av lærarane også kan det betre. Det er ikkje lett å lære når vi ikkje forstår språket ordentleg. Eg er 12 år og bur saman med to søsken og foreldra mine. Eg går siste året på barneskulen, og gler meg til å begynne på ungdomsskulen. På fritida er eg med i korps og spelar handball. I feriane reiser eg mykje saman med familien. Eg er 9 år og bur saman med mora og broren min. Eg går på barneskulen. Eg synst det er veldig gøy å spele trommer, men vi har ikkje råd til at eg får begynne på trommekurs. Eg kan heller ikkje gå i så mange bursdagar fordi vi har ikkje råd til bursdagspresangar. Det er i alle fall godt at skule og sjukehus er gratis i landet vårt.

7 ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 12 år. Eg blei fødd heime fordi det er altfor langt å gå til sjukehuset. Foreldra mine fekk ikkje nokon fødselsattest. Det betyr for eksempel at eg ikkje kan ta eksamen på skulen, få legetime eller pass. Eg kan heller ikkje bevise kor gammal eg er. Eg er 8 år. Eg bur i slummen i ein stor by saman med 7 familiemedlemmer i eit rom på 4x4 meter. Vi har ikkje strøm og må hente vatn. Vatnet er ikkje reint. Doen er eit hol i bakken som vi deler med mange andre familiar. Eg er 10 år og kjem frå ein fattig familie, derfor må eg arbeide. Frå tidleg om morgonen til seint på kvelden grev eg i jorda etter kobolt og kobbar som blir brukt i mobiltelefonar. Det kan vere ganske farleg, og eg er veldig sliten når eg legg meg. Eg er 11 år, og mange veker kvart år blir eg tvinga til å hjelpe til med bomullsdyrking. Det er veldig tungt, og vi får nesten ikkje noko betalt. Viss vi protesterer, blir vi straffa. Dessutan blir det brukt farlege sprøytemiddel på bomullsplantene. Eg er 12 år og flytta til ein ny skule for nokre år sidan. Nokre av dei eg går i klasse med mobbar meg på grunn av dialekten min, og fordi eg kler meg annleis enn dei fleste. Når eg prøver å snakke til dei, let dei som om dei ikkje ser meg. Dei andre seier ingenting for å forsvare meg, endå dei er fleire. Eg føler at eg blir ein annan enn den eg eigentleg er på grunn av dette. Eg er 13 år og går i 6. klasse. Eg begynte seinare på skulen enn vanleg, derfor går eg berre i 6. klasse. Då eg var ferdig med 5. klasse, måtte eg flytte heimefrå for å kunne halde fram på skulen, for det er skule berre opp til 5. klasse der foreldra mine bur. No bur eg hos bestemora mi, og besøker foreldra mine berre ein gong i året.

8 ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 13 år og bur på gata saman med nokre jamnaldrande. Foreldra mine har dårleg råd og kranglar støtt. Dei drikk og blir farlege når dei er fulle, så eg rømde heimefrå. No har eg begynt med narkotika, og for å få pengar nok til det, må eg stele. Eg er 12 år og har ein bror på 6. Vi måtte flykte heimefrå på grunn av krig, og har mista alt vi eigde. På vegen kom vi bort frå foreldra våre. No er vi i ein flyktningleir i eit framandt land, og er avhengige av at nokon hjelper oss. Eg må prøve å vere mamma og pappa for vetlebroren min. Eg er 10 år og bur på ein gard saman med familien min. Eg går på ein liten skule kor vi berre er 13 elevar i klassen, så læraren har mykje tid til å hjelpe kvar enkelt. Eg er veldig glad i dyr, og spesielt hestar. Eg rir mykje. Eg vil bli veterinær (dyrlege) når eg blir stor. Eg er 9 år og bur i eit stort hus saman med foreldra mine. Eg har eige rom og eige bad. Foreldra mine jobbar og reiser mykje, så vi har ein au pair som passar på meg når foreldra mine er borte. Eg er glad i å gå på skulen, men eg saknar ofte foreldra mine. Eg er 7 år og skal bli dronning når eg blir vaksen. Eg bur saman med familien min, men foreldra mine er ofte på reise. Då har vi ei barnejente som passar på oss. Det er ikkje alltid like moro at alle veit kven eg er og at alle vil ta bilde, men dei fleste er hyggelege. Eg er 8 år og har flykta saman med foreldra mine til eit anna land, fordi foreldra mine var redde for å bli drept viss dei blei i heimlandet vårt. Vi har søkt om opphaldsløyve, men vi veit ikkje om vi får lov til å bu her. Vi bur på eit asylmottak saman med mange andre menneske frå forskjellige land som har flykta. Eg kan ikkje språket, og det er vanskeleg å bli kjent med andre barn.

9 ROLLESKILDRINGAR (klipp ut desse til små kort) Eg er 12 år og bur hos ein fosterfamilie. Foreldra mine har rusproblem og klarte ikkje ta vare på meg. Familien eg bur hos no, er den tredje familien eg bur hos. Eg har to søsken som bur i andre familiar. Det blir vanskeleg å konsentrere seg når eg ikkje føler meg sikker på at eg kan bu her heilt til eg blir vaksen. Dessutan saknar eg søskena mine. Eg er 11 år og bur saman med familien min i ein trong leilegheit. Vi har ein annan religion enn dei fleste som bur her, og derfor er det vanskeleg for foreldra mine å få jobb. Eg blir ofte mobba på skulen og har vanskeleg for å konsentrere meg. Eg er 14 år og barnesoldat. Då eg var 13 år, kom soldatar og kidnappa meg frå landsbyen der eg budde. Eg blir tvungen til å skyte og tør ikkje nekte, for då er eg redd for å bli drept. Det er vanskeleg å sove om natta når eg opplever så mykje forferdeleg. Eg er 10 år og jobbar som hushjelp hos ein familie. Foreldra mine har ikkje råd til å ha meg heime, og eg bur hos dei eg jobbar for. Eg jobbar frå 6.30 om morgonen til seint på kveld, men eg går to timar på skule kvar ettermiddag. Det er det ikkje alle barnearbeidarane her som får lov til. Vi har 15 minutt friminutt. Det er den einaste tida på døgnet eg får leike. Eg besøker familien min to gonger i året. Eg er 12 år og elskar å drive med sport. Eg likar meg godt på skulen også, sjølv om det av og til blir litt for mykje lekser. No skal foreldra mine skiljast. Det har vore mykje krangling heime i det siste, og begge foreldra mine vil at eg skal bu hos dei. Dei gløymer å spørje kva eg vil.

10 RETTAR TIL ROLLESKILDRINGAR Du går på skule, og den er gratis. Du får leike på fritida og vere med på fritidsaktivitetar du likar. Då du blei fødd, fekk du personnummer, og namnet ditt blei skrive i Folkeregisteret, slik at myndigheitene veit at du er statsborgar (høyrer til) i landet ditt. Du får den ekstra hjelpa du treng viss du har ei funksjonsnedsetting (er «funksjonshemma»). Du har ikkje jobb som er farleg eller går ut over skulegangen eller moglegheitene til å drive med fritidsaktivitetar. Du er verna mot bruk og handel med narkotika. Du får medisinar og legehjelp når du treng det. Du har vaksne som passar på deg så du ikkje blir utsett for vald eller annan skade. Du får seie meininga di, og dei vaksne høyrer på deg og tar deg alvorleg, sjølv om dei ikkje alltid er einige. Du blir respektert for den du er, og blir ikkje behandla dårlegare på grunn av hudfarge, tru eller politisk meining, kjønn, funksjonshemming eller noko anna. Du er vaksinert mot farlege sjukdommar. Du har det du treng av mat, klede og ein stad å bu for å vekse og utvikle deg. Du får ha kontakt med begge foreldra dine og bu saman med dei, viss det ikkje er ein spesiell grunn til noko anna.

11 FAKTA OM SITUASJONEN FOR BARN I VERDA Del 1) Tøffe tal Fødselsattest Kvart år blir det fødd mange millionar barn som ikkje blir registrert ved fødselen. Ein fødselsattest er viktig for å få skulegang, helsehjelp, pass osv. Diaré Diaré drep fleire barn enn aids, malaria og meslingar til saman barn dør av diaré kvar dag 1,5 millionar i året. Nesten alle diarédødsfall (8 prosent) skuldast forureina vatn, utilstrekkelege sanitærforhold og dårleg hygiene. (Rapport: Diarrhoea: Why children are still dying and what can be done (WHO & UNICEF 2009)). Barnearbeid I 2012 jobbar meir enn kvart tiande barn i verda. («Making progress against child labour.» ILO 2013) Utdanning 57 millionar barn går ikkje på skulen. (MDG-rapport 2013, FN). Ca 250 millionar kan ikkje lese eller skrive når dei skal begynne i 4. klasse (EFA GMR2012 UNESCO). Del 2) Det nyttar! Levealder I 1990 døydde 12 millionar barn før dei fylte fem år. I 2012 døydde 6,6 millionar før dei fylte fem år (Committing to child survival, Progress report 2013, UNICEF). GJENNOMSNITTLEG LEVEALDER: Noreg: i 2010: 81 år i 1970: 74 Nigeria: i 2010: 51 år i 1970: 42 USA i 2010: 78 år i 1970: 71 Zambia: i 2010: 49 år i 1970: 49 Gambia: i 2010: 58 år i 1970: 38 Nepal: i 2010: 68 år i 1970: 43 Italia: i 2010: 82 år i 1970: 71 (SOWC 2012, UNICEF) 76% 89% av befolkninga i verda hadde tilgang til reint drikkevatn i hadde tilgang til reint drikkevatn i

12 Barnearbeid og fattigdom I 2000 var det 246 millionar barnearbeidarar i verda. I 2012 var talet redusert til 168 millionar (Making progress against child labour, ILO, 2013). Den ekstreme fattigdomen er blitt halvert sidan Delen av menneske som lever på mindre enn 1,25 dollar om dagen har gått ned frå 47 til 24 prosent. 2 MILLIARDAR MENNESKE HAR SIDAN 1990 FÅTT TILGANG PÅ REINT DRIKKEVATN. I DAG BEGYNNER LIKE MANGE JENTER SOM GUTAR PÅ BARNESKULEN. Utdanning I 2000 var det 102 millionar barn som ikkje gjekk på skulen. I 2011 var det 57 millionar barn som ikkje gjekk på skulen (MDG-rapport 2013, FN).

Barns rettigheter i VERDEN

Barns rettigheter i VERDEN Et undervisningsopplegg om Barns rettigheter i VERDEN Aktivitetsark med oppgaveidéer og tips til lærerne Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginaler DELTAKELSE Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Barnerettane i HEIMEN

Barnerettane i HEIMEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i HEIMEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginal DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Ungdata-undersøkinga i Bykle 2012

Ungdata-undersøkinga i Bykle 2012 Ungdata-undersøkinga i 01 FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidspunkt: Veke 4 Klassetrinn: 8. 10. klasse + VG1 VG3 Svar: 40 (US) / 55 (VGS) Svarprosent: 8 (US) / 65 (VGS) Nøkkeltal (vidaregåande skule) UNGDATA Ungdata

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10 PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10 1 PREPOSISJONAR Vi deler preposisjonane inn i ulike grupper etter kva dei fortel om: Stad: Tid:

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Klepp kommune Tu skule

Klepp kommune Tu skule Veke Tema Kompetansemål Læringsmål: Eg skal kunne 34 Familien om variasjonar i Eg skal veta om ulike typar familieformer og om familiar. 35 relasjonar og oppgåver i familien 36 37 38 39 40 42 Haust Bruk

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Barns rettigheter i HJEMMET

Barns rettigheter i HJEMMET Et undervisningsopplegg om Barns rettigheter i HJEMMET Aktivitetsark med oppgaveidéer og tips til lærerne Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginaler DELTAKELSE Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland Det blir pinlig uansett Om forfatterne: Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland kjente ikke hverandre mens de skrev denne boka. De skrev uten å ha snakket sammen,

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 1 2 Metode Undersøkinga er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

HVORFOR ER DET VIKTIG Å VITE OM RETTIGHETENE SINE, OG HVA BETYR DET I PRAKSIS?

HVORFOR ER DET VIKTIG Å VITE OM RETTIGHETENE SINE, OG HVA BETYR DET I PRAKSIS? HVORFOR ER DET VIKTIG Å VITE OM RETTIGHETENE SINE, OG HVA BETYR DET I PRAKSIS? Under finner du en forenklet versjon av barnekonvensjonen. Du kan lese hele på www.barneombudet.no/barnekonvensjonen eller

Detaljer

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE SPØRJEGRANSKING Om leselyst og lesevanar blant unge SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE Irene, Terese, Sigurd, Lars i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 INNHALD Innleiing... 3 Diagram og Kommentarar...

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Natur- og samfunnsfag

Natur- og samfunnsfag Inger Kristine Jensen Marit Johnsrud Guri Langholm Elisabeth Buer Natur- og samfunnsfag ELEVBOK Nynorsk Innhald Til foreldre og lærarar...side 4 Samfunnsfag Familien...side 6 Oppgåver...side 26 Naturfag

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar...

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling... 10 Spørjesetningar... 11 Imperativsetningar... 15 Det-setningar... 16 1 HEILSETNINGAR Ordstilling I ei norsk setning kjem orda i ei bestemt

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv...

1. Fritid og bibliotek... 1. 2. Hos legen... 7. 3. Høgtider... 12. 4. Mattradisjonar... 18. 5. Sunnheit og kosthald... 25. 6. Arbeidsliv... Innhald 1. Fritid og bibliotek... 1 2. Hos legen... 7 3. Høgtider... 12 4. Mattradisjonar... 18 5. Sunnheit og kosthald... 25 6. Arbeidsliv... 30 7. Jobb i sikte... 35 8. Skule og utdanning... 40 9. Familie

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Lærarrettleiing 1. Kornartane Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

19.03.15. Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

19.03.15. Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse? Konkret arbeid med psykisk helse i skulen Fagnettverk i psykisk helse, Sogn regionråd 19. mars 2015 Solrun Samnøy Hvem sa at dagene våre skulle være gratis? At de skulle snurre rundt på lykkehjulet i hjertet

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying...

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying... ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying... 10 1 ADVERB a fortel korleis, når og kvar noko skjer. Dei kan stå til eit verb og fortelje

Detaljer