2009: Kva skal vi gjere med Hamsuns verk i skolen og utanfor?



Like dokumenter
Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Samansette tekster og Sjanger og stil

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

Frå novelle til teikneserie

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Til deg som bur i fosterheim år

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

mmm...med SMAK på timeplanen

Brannsår, rus eller friheit?

FANTASTISK FORTELJING

Brødsbrytelsen - Nattverden

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Kva er økologisk matproduksjon?

/

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Refleksjon og skriving

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte


NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

DEI HISTORISKE BØKER Av Kristian og Peter Alf

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

8 tema for godt samspel

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Psykologisk førstehjelp i skulen

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7


Lars Amund Vaage SORG OG SONG. Tankar om forteljing. Essay FORLAGET OKTOBER

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Psykologisk førstehjelp i skulen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

6. trinn. Veke 24 Navn:


Månadsplan for Hare November

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Transkript:

Hamsun 2009: Kva skal vi gjere med Hamsuns verk i skolen og utanfor? Av Atle Kittang Litteraturen eignar seg til mang slags bruk ikkje minst i skolen. Den kan illustrere historiske hendingar og endringar. Den kan levere material til konkretisering og drøfting av ulike slags samfunnstema kvinnefrigjering og kjønnsroller, rus og rusmisbruk, krig og fred. Litteraturen har også ein ærerik tradisjon heilt tilbake til antikken som kjelde til livskunnskap og modell for rett livsførsel, det som i gamle målformuleringar heitte å gjere gagns menneske av elevane. Det er ingen grunn til å vere negativ overfor eit slikt mangfald av brukssamanhengar. Men all bruk av litteratur stiller både yrkesetiske og allmennmoralske krav til brukaren. Når Odd Gaare i innlegget sitt her i Norsklæreren framstiller forholdet mellom Hamsun og lesarane hans som eit sadomasochistisk forhold, hevdar at den dominerande delen av Hamsun-kritikken strir mot skolens verdigrunnlag, og gjer framlegg om at skolane i jubileumsåret 2009 skal bidra til en gjennomgående moralsk belysning av Hamsuns liv og diktning, gjerne etter mønster av De hvite bussenes og Yad Vashems medlidende minnereise med fascismens ofre, har eg inntrykk av at vi nærmar oss ei grense for kva som er yrkesetisk og allmennmoralsk rimeleg praksis i litteraturdidaktikken. La gå at dette er spissformuleringar. Det er heller ikkje første gongen (og blir heilt sikkert ikkje siste gongen) at slike spissformuleringar kjem på trykk. I 1973 hevda Aasmund Brynildsen, forøvrig ein skarpsindig Hamsun-lesar, at den ånd som taler i Knut Hamsuns verk er den samme som den der i en så suveren forakt for Mennesket bygget gasskamre for de uønskede [...]. 1 Les ein Brynildsens fire Hamsun-essay i samanheng og med ettertanke, ser ein at fordømminga først og fremst kviler på ein konflikt mellom livssyn. Enkelt sagt: Mot Brynildsens antroposofiske kristendom står Hamsuns schopenhauerske pessimisme og reaksjonære samfunnssyn. Det er denne konflikten mellom motsette livssyn som set Brynhildsen fullstendig i harnisk. Einsidige meiningar mangesidig diktekunst Men er det godt nok grunnlag til å dra slike drastiske parallellar som dei Brynhildsen og Gaare dreg? For mot begge dei nemnde livssyna står Hamsuns forfattarskap: samansett, underfundig, forførande, provoserande og djupt urovekkande på same tid. Bøkene hans er ikkje oppbyggeleg litteratur. Hamsun måtte skrive Markens grøde før han kunne få Nobelprisen. Men heller ikkje her klarer han fullt ut å vere oppbyggeleg, sjølv om vi har hans eigne ord for at det var det han ville. Dersom ein les romanen så nøye som den fortener, ser ein at bodskapen om å dyrke vår jord i trengselstider, stadig vekk og med ulike middel blir problematisert. Det er heilt openbert at den som har skrive romanen om Sellanrå-folket, er meir i slekt med den paradoksale vandrarfiguren Geissler enn med den stødige Isak, sjølv om det er i Isak Hamsuns forkynning konsentrerer seg. Kan nokon i det heile tenkje seg Isak som romanforfattar? Sant nok er det eit godt stykke veg frå 1890-talets omreisande rabulist, som starta sine litterære føredrag i 1891 med å kunngjere at han vil vere saa angribende, saa nedrivende [...], som muligt, 2 Knut Hamsun på Nørholm juli 1939. Foto: Anders Beer Wilse. Eier: Nasjonalbiblioteket (bldsa_ha0341), Norsk litteratur, Victoria 18 norsklæreren 1 I 09

UTGJEVINGAR * Den Gaadefulde (1877) * Et Gjensyn (1878) * Bjørger (1878) * Lars Oftedal (1889) * Fra Det Moderne Amerikas Aandsliv (1889) * Sult (1890) * Mysterier (1892) * Redaktør Lynge (1893) * Ny Jord (1893) * Pan (1894) * Ved Rigets Port (1895) * Livets Spil (1896) * Siesta (1897) * Aftenrøde (1898) * Victoria (1898) * Munken Vendt (1902) * Kratskog (1903) * Dronning Tamara (1903) * I Æventyrland (1903) * Det Vilde Kor (1904) * Sværmere (1904) * Stridende Liv (1905) * Under Høststjærnen (1906) * Benoni (1907) * Rosa (1908) * En Vandrer Spiller Med Sordin (1909) * Livet Ivold (1910) * Den Siste Glæde (1912) * Børn Av Tiden (1913) * Segelfoss By (1915) * Markens Grøde (1917) * Sproget i Fare (1918) * Konerne ved Vandposten (1920) * Siste Kapitel (1923) * Landstrykere (1927) * August (1930) * Men Livet Lever (1933) * Ringen Sluttet (1936) * Artikler i Utvalg (red: Francis Bull) (1939) * Paa Gjengrodde Stier (1949) norsklæreren 1 I 09 19

Hamsun Det er fordi Hamsun var ein stor kunstnar at vi nå gjer oss klare til å markere 150-årsminnet for hans fødsel. til den fastbuande bonden som kanskje prøvde å skrive seg ut av sin krigspessimisme ved å heroisere Arbeidets grunnform: jordbruket. 3 Men stadig vekk viser det seg at for å kunne skrive, må forfattaren Hamsun bort frå garden sin. Markens grøde er skriven på skiftande tilhaldsstader i Nordland og i Sør-Norge: Bodø, Kråkmo, Larvik av den same rastlause vandraren som skreiv Pan, Under høststjærnen, En vandrer spiller med sordin. Hamsun ville nok gjerne i sitt eige liv verkeleggjere ein bondeidyll. Men realitetane er motsette: Bonden er ein parasitt på forfattaren. Ved forfattarens rastlause arbeid blir den grunnkapitalen skapt som gjer jordbruket mogleg. Så det løyner seg mange figurar bak namnet Knut Hamsun. Kven av desse er den sanne? Den omvandrande kramkaren, lausarbeidaren, amerikafararen? Eller den fastbuande bonden og patriarken med adresse Skogheim eller Nørholm? Den ertelystne, provoserande og PR-kåte føredragshaldaren frå ungdomsåra? Eller den moraliserande og reaksjonære forkynnaren som stod fram seinare? Anarkisten eller nazisten? Forfattaren eller bonden? Spørsmåla er retoriske. Forfattaren Knut Hamsun er nettopp denne samlinga av mange motstridande personlegdomar. Det viktigaste grunnlaget for diktarevna er det dynamiske spelet mellom dei. Stundom kan dette spelet bli dominert av figurar det ikkje er like lett å sympatisere med. Men også når Hamsuns reaksjonære forkynnarrøyst kling på det sterkaste, er det på underleg vis den rotlause vandraren som fører pennen. Som nemnt er det mange legitime måtar å bruke litteratur på. Men det finst også illegitime måtar. Ein litteraturdidaktikk som totalt overser det særeigne ved litteraturens måte å skape og kommunisere meining på, vil lett opne for slik illegitim bruk. Det er lenge sidan litteraturen tok sikte på å gjere ungdomen til gagns menneske. Det er lenge sidan den svenske Nobelkomiteen tolka Nobels testament bokstavleg og kravde idealistisk retning av sine laureatar. I dag kan vi smile av at Bjørnson og ikkje Ibsen fekk prisen. Vårt syn på kva litteratur er og kva den kan yte, har forandra seg radikalt på hundre år. Modernitetens diktarfigur er ingen profetisk forkynnar av politiske og moralske førebilete, men ein outsider og ein provokatør. Men det er nettopp i kraft av sin avstand frå dei sosiale samanhengane at den moderne diktaren kan vere ei samfunnsmessig kraft. Ikkje ved å gjere oss til gagns menneske i god gammal forstand, moralisere oss på plass der fellesskapet ønskjer vi skal vere, men ved å provosere oss til å sjå gamle ting på nye måtar. Og dermed gjere oss litt klokare? Litt meir ettertenksame? Det heilt spesielle ved den mogne Hamsuns verk er spenninga mellom desse to figurane, mellom profeten og outsideren, mellom ideologien og diktinga. Hitler-nekrologen ridderlighet eller provokasjon? Det skriftstykket frå Knut Hamsuns hand som har provosert mest og samstundes vore vanskelegast å begripe, er nekrologen over Adolf Hitler, offentleggjort i Aftenposten 7. mai 1945 dagen før frigjeringsdagen. Her blir den tyske diktatoren hylla som en Kriger for Menneskeheden og en Forkynder av Evangeliet om Ret for alle Nasjoner, og som en reformatorisk skikkelse av høieste Rang. Nekrologen vil for alltid symbolisere den mørke flekken i Knut Hamsuns ettermæle. Himmelropande urimeleg er den også ein del av gåta Knut Hamsun som forvirrar oss slik. Kvifor skreiv Hamsun som han gjorde i nekrologen ja, kvifor skreiv han nekrolog i det heile tatt? Vi veit at Hitler ikkje stod særleg høgt i diktarens omdømme etter det famøse møtet mellom dei to i Berchtesgaden i 1943. Så kanskje var det behovet for å stå hardnakka fast på ei overtyding til siste slutt som kom så kompromisslaust til uttrykk? Eller var det av ridderlighet, som Hamsun sjølv skal ha sagt i etterkant? Men han måtte jo ha visst at dette berre ville styrke biletet av han som uforsonleg nazist, og svekke posisjonen hans i det oppgjeret som måtte kome. Så kanskje er det noko så enkelt som ein sosialt isolert oldings grenselause naivitet vi er vitne til? Alt dette må truleg med dersom vi skal forklare kvifor Hamsun handla som han gjorde ein mai-dag i 1945. Men det er freistande å spekulere over om det var eit anna behov som kom til uttrykk også, nemleg dette behovet for å provosere som må ha lege i han lik ein dunkande impuls gjennom storparten av livet. Det går ei linje bakover frå nekrologens provokasjon og til året 1920, da han får Nobelprisen for sin bondeidyll om Isak Sellanrå, eksakt på same tid som han presenterer sin eigen heilt spesielle replikk til markensgrøderiet : Han gir sitt forventningsfulle og forelska publikum ei av sine aller beiskaste bøker, nemleg Konerne ved vandposten, romanen om kastraten Oliver Andersen og hans illusoriske familieliv med kone og både 20 norsklæreren 1 I 09

blå- og brunøygde barn: eit vrengebilete av Sellanrå-idyllen. Men det er den same Hamsun som alt i 1879 greidde å terge på seg eit heilt bygdesamfunn med sine arrogante avisinnlegg om salmesongen i Hardanger, og som i 1891 høvlar ned heile den europeiske samtidslitteraturen med sine litterære føredrag. Og når han i 1892, mot slutten av Mysterier, skildrar korleis Nagel avsluttar sitt forførande fiolinspel på basaren med noen gruelige strøk, et desperat hyl, en jammerlyd så umulig, så oprørende at ingen visste længer hvor det bar hen 4 er ikkje det eit slags profetisk bilete av dei ulydane som Hitler-nekrologen skulle blande inn i det norske folkets gledesrus maidagane 1945? Hamsuns tekst og lesarens ambivalens Mange spørsmål. Men i slike blandingar av provokasjon og forføringskunst, som også er eit særkjenne ved den hamsunske stilen, augnar vi det urovekkande ved tekstane hans. Dei utfordrar førestillingane våre om rett og gale, dei skaper vakre og heimekjære kjensler i oss som dei i neste stund tvingar oss ut av, dei konfronterer oss med det utrygge og uhyggelege i tilværet og ofte tvingar dei oss til sjølvforsvar, til rein og skjær motstand mot den provokatoriske krafta som bur i dei. Om vi skal psykologisere, er ambivalens truleg eit meir dekkande ord enn sadomasochisme for den blandinga av kjærleik og hat som pregar lesarane sitt forhold til forfattarskapen. Dei siste ti åra har diskusjonane omkring kunst og politikk i Hamsuns bøker fått nytt liv, etter ein lang periode med forsøk på å forstå kva det er som gjer bøkene hans til stor litteratur. Mange har i skrift og tale lagt fram nye og gamle argument for at forfattarskapen hans frå byrjing til slutt speglar ein diktars veg inn i nazismen. Ved eit stort seminar i Tyskland i 1997 vart det jamvel hevda at det som heng uutsletteleg fast ved Hamsun som ei skam, er hans svik mot litteraturen 5. Men ambivalensen vår i forhold til Hamsuns bøker er ikkje berre eit etterkrigsfenomen. Mysterier, som saman med Sult høyrer til dei viktigaste prosaverka i tidleg europeisk modernisme, vart negativt mottatt av dei fleste da romanen kom i 1892. Forfatteren sjølv vart skulda for å vere like mykje sjarlatan og humbugmakar som hovudpersonen. Poesien og den bittersøte kjærleiksforteljinga i Pan forførte nok sine samtidslesarar, men bøkene Hamsun sjølv kalla knyttneveromanar, Redaktør Lynge og Ny Jord, som stammar fra same tid (1893), vart unådig mottekne. Samtidskritikken bagatelliserte dei glitrande sjølvbiografiske fiksjonane I æventyrland, Under høststjærnen og En vandrer spiller med sordin. Hamsun festa så grepet både om kritikken og om lesarane med dei samfunnssatiriske Segelfoss-romanane og bondeidyllen Markens grøde. Men eigentleg bør denne suksessen gjere oss meir ettertenksame enn tilfellet har vore, for er det ikkje i slike bøker at Hamsun er på sitt mest ideologiske? I Segelfoss by finn vi forfattarskapens beiskaste angrep på arbeidarane, lagt i munnen på den hamsunske forteljaren; og det var nok ikkje tilfeldig at Markens grøde med sin bonderomantikk stod særleg høgt i kurs i Det tredje riket. Men så kom som nemnt Konerne ved Vandposten og leverte nok eit knyttneveslag mot eit forventningsfullt publikum som meinte dei hadde fortent betre etter Nobelprisen. Det skulle ein Thomas Mann til for å sjå at romanen også handlar om fantasiens og kunstens nødvendige plass i menneskelivet. 6 Med romanane om August forførte Hamsun nok ein gong lesarane sine. Så kvifor i all verda skulle han runde romanverket sitt av med Ringen sluttet, denne usatiriske, u-ideologiske, men også totalt illusjonslause romanen om dagdrivaren og hippien Abel Brodersen? Og det på eit tidspunkt (1936) der hans politiske støtte til Hitler og Quisling var blitt offisiell og ikkje let seg bortforklare? Historia om Hamsun-resepsjonen handlar altså om ei permanent sikksakkrørsle mellom forføring og provokasjon, forelsking og vonbrot. Som Odd Gaare med rette understrekar, handlar den også om behovet for å skilje den vi hatar frå den vi elskar, samfunnsaktøren frå diktaren. Hans selvstorhet er i reaksjonen, men det dypeste av hans diktning er ubesmittet av den, skreiv kommunisten og diktarkollegaen Nordahl Grieg i 1936. Men høyrer vi ikkje suset frå ein bumerang i denne ofte siterte karakteristikken? Den natur- og livsdyrkinga som Grieg meiner er det djupaste av Hamsuns dikting, er ikkje det den same naturideologien nazistane skulle bruke som agn i sitt framgangsrike fiske etter tilhengarar i Tyskland og i andre land? Det var i alle fall den tyske litteratursosiologen Leo Löwenthals meining da han i 1937 publiserte den første systematiske ideologikritikken av Hamsuns forfattarskap. 7 Nok eit paradoks altså i forholdet vårt til Hamsun: Det vi elskar i bøkene hans, høyrer til det vi burde nærme oss med størst skepsis. Og omvendt: Det vi i ut- norsklæreren 1 I 09 21

Hamsun gangspunktet opplever som framandt og uhyggeleg, er kanskje det vi burde studere med størst merksemd. Kvifor er det slik? Truleg fordi det er så altfor menneskeleg å søke mot det trygge og heimlege, og å rygge tilbake for det som er utrygt og u-heimleg. Dette har med det sosialpsykologiske grunnlaget for kunsterfaring å gjere for våre erfaringar av kunst er ikkje berre subjektive, men i høgste grad samfunnsmessige. Men det har også med moral å gjere kunstens moral, og vårt moralske forhold til kunst. Å oppfordre til moralsk belysning av Hamsuns liv og diktning føreset at vi har vår moral på det tørre. Tilsynelatande har vi det. Var ikkje Hamsun nazist, kanskje? Men frå moral til moralisme kan vegen vere kort. Og skolens folk ønskjer vel ikkje at litteraturen skal vere ein arena for moralisering? I så fall har vi å gjere med ein litteraturdidaktikk som har gløymt respekten for litteraturens særeigne måte å skape meining på. Kunstens moral og vår moralisme Hamsuns epilog, På gjengrodde stier, har også sitt jubileum neste år. Den vekkjer framleis indignasjon, seksti år etter, fordi diktaren ikkje gjer det vi krev og forventar av han. Det har blitt argumentert med stor energi for at På gjengrodde stier kanskje er Hamsuns farlegaste bok, i alle fall den skammelegaste, fordi diktaren som ein språkets tryllekunstnar vil forføre oss til å sjå andre vegar enn dit vi bør sjå. Og kva er det vi bør sjå bak alle forføringskunster? Jo, den gamle Hamsuns foraktelege motvilje mot å vedgå sine feil, angre sine synder, innrømme dei mørke avgrunnane i sitt liv og i si sjel. I staden glir han unna, står og lækker varsomme ord 8, maskerer seg og pratar om heilt andre, uvesentlege og til dels skammeleg oppdikta ting. Når han da ikkje beint fram set hælane i bakken og nektar å ha gjort noko gale. Eller sutrer (som anmeldaren i Arbeiderbladet skreiv da boka kom ut) over måten han er blitt behandla på. Hamsun innrømmer at det var andre ting han kunne ha skrive om dersom han hadde våga: Silvio Pelico sat i et østerriksk fængsel og skrev om sin lille mus som han adopterte, sin adoptivmus. Jeg skriver om noget lignende av frykt for hvad som kunde hænde mig hvis jeg skrev om noget andet. Og litt seinare: Jeg har villet skrive om mange ting i disse papirer men ikke gjort det. Jeg har hat god grund til å frykte det verste og heller tie. 9 Men slike utsegner er meir gåtefulle enn dei ser ut som. For kva er det Hamsun er redd for, dersom han skulle skrive om det han ikkje skriv om? Strengare straffereaksjonar? Større forakt frå alle gode nordmenn? Men ingenting kan gjere situasjonen verre enn den er, og Hamsun har forresten aldri skygga unna, heller ikkje i sin alderdom. Kva med Hitler-nekrologen, kunne noko bli verre enn den? I den situasjonen Hamsun var i frå 1945 til 1948, må det rimelegvis ha vore freistande å forsvare seg med det våpenet som var det einaste han meistra, nemleg språket. Og På gjengrodde stier viser at han her og der fell for freistinga. Mellom småstubbane sine feller han inn det brevet han sende til riksadvokaten etter at straffesaka hans var lagt bort. Han kan heller ikkje dy seg for å utlevere dr. Gabriel Langfeldt og det umenneskelege systemet han vart underlagt på Psykiatrisk klinikk. Og endeleg tar han med det stenografiske referatet av forsvarstalen som han heldt i heradsretten i Grimstad. Det er ingen av desse tre avsnitta som gjer På gjengrodde stier til ei minneverdig bok. Og det påfallande grepet med å gjengi forsvarstalen i referentens mangelfulle ortografi og gjere eksplisitt merksam på det i ein NB!-markert parentes, tyder på at dette er noko Hamsun sjølv har vore vel merksam på. I ein omfattande og svært lesverdig analyse av På gjengrodde stier har Steinar Gimnes understreka at dette skaper ein framandgjeringseffekt og dermed ein distanse i teksten. Gimnes antyder også at når Hamsun i eit brev til Christian Gierløff under arbeidet med korrekturen okkar seg over alt det grove og toskete [han] hadde skrevet i hop, så er det ikkje den sviktande diktarevna han okkar seg over, men det skrivar-eget som definerer seg som offer for rettsvesen og psykiatrisk vesen, som har eit konkret systemkritisk og personkritisk prosjekt å formidle [...] og eit sjølvforsvar å føre fram 10. Kanskje dette er det verste dette som hender når Hamsun fell for freistinga og skriv om noget andet enn dei uvesentlege andre tinga han faktisk skriv om mesteparten av tida? Det kritikarane oppfatta som forførande utanomsnakk, reine retoriske avleiingsmanøvrar frå saka sjølv? Kanskje det verste er denne aporien, dette dilemmaet utan utveg, som ser slik ut: Når Hamsun kritiserer, tar til motmæle, sutrar, forsvarer seg sjølv, er det fordi han strittar mot den rolla alle gode nordmenn krev å sjå han i: rolla som angrande syndar, botferdig landssvikar. Men kva skjer så? Jo, han 22 norsklæreren 1 I 09

glir hjelpelaust på plass i den motsette rolla, den nesten like velkomne rolla, som sjølvrettferdig og ukorrigerbar nazist. Er det noko verre for ein kunstnar som Hamsun enn denne aporien? Slik sett er det eit under at diktaren Hamsun har overlevt i På gjengrodde stier. Men det har han gjort. Diktaren Hamsun overlever i det frie, underfundige spelet mellom oplevet og drømt 11, der grensene mellom fiksjon og liv er like umoglege å dra som i dei vedunderlege sjølvbiografiske forteljingane han skreiv nesten femti år tidlegare. Den Hamsun som ikkje alltid kan la vere å forsvare seg sjølv, er fanga i ein uløyseleg konflikt mellom to samfunnsmessige roller eller posisjonar, der motstanden mot den eine fangar han nådelaust i den andre. Men når han diktar vidare på det han opplever, skjuler si eiga undrande tilnærming til kjærleiken og livet bak ein Martin Enevoldsen, ein Ol Hansa, ein Pat og ein Nut, lagar seg ein fiktiv dialog mellom stridande ektefeller for å simulere ei forsoning som det verkelege livet nekta han, da realiserer han ein fridom som gjer livet mogleg å leve jamvel i den yttarste alderdom, i den største fornedring, i den største forvirring, kanskje, om rett og gale. Eg er ikkje ute etter å forsvare Hamsuns forhold til nazismen. Sjølvsagt ikkje. Tvert imot er eg overtydd om at den gamle burde ha vore stilt for retten (slik han sjølv ville) og dømd for sine skriftligheter under krigen. Det er slikt ein har rettsoppgjer for, sjølv om moderne historie har eksempel på at forsoning kan erstatte straff som prinsipp når samfunnssår skal lækjast (eg tenkjer blant anna på Sør-Afrika etter apartheid). Mine synspunkt dreier seg om noko anna. Ikkje om eit forsvar for Hamsuns kunst (for den forsvarer seg saktens glimrande sjølv), men om eit forsøk på å forstå betre kvifor diktekunsten dette produktet av vår stadige trang til å skjule oss, forflytte oss, undergrave det stabile og vedtatte, maskere oss, lyge og dikte i vilden sky er eit uttrykk for noko som våre liv ikkje greier seg utan. Noko som har med menneskeleg fridom og verdigheit å gjere. Det er fordi Hamsun var ein stor kunstnar at vi nå gjer oss klare til å markere 150-årsminnet for hans fødsel. Ikkje fordi han var ein forakteleg nazist. Men det er også fordi Hamsun var ein stor kunstnar at nazisten Hamsun ikkje gir oss fred. Det ligg ei utfordring her. Ein litteraturdidaktikk som møter utfordringa på ein slik måte at diktekunsten går med i nazismens dragsug, sviktar oppgåva si. Da hjelper det lite kor moralske vi kjenner oss etterpå. 12 Notar 1 Aasmund Brynildsen, Svermeren og hans demon. Fire essays om Knut Hamsun, Oslo: Dreyers Forlag, 1973, s. 30. 2 Knut Hamsun, Paa Turné. Tre foredrag om litteratur. Oslo: Gyldendal, 1960. s. 17. 3 Det var slike kvalitetar Nobelkomiteen understreka, slik det går fram av sekretæren Harald Hjärnes presentasjonstale under pristildelinga. (Jf. http://nobelprize.org/nobel_prizes/literature/laureates/1920/ press.html). 4 Samlede verker, Oslo: Gyldendal, 1956, b. 1, s. 313. 5 Jf. Raimund Wolfert (Hrsg.), Alles nur Kunst? Knut Hamsun zwischen Ästhetik und Politik, Berlin: Berlin Verlag Arno Spitz GmbH, 1999, s. 112: Denn wir dürfen nicht vergessen, was Knut Hamsun unaustilgbar als Schande anhängt: der Verrat an der Literatur. 6 Jf. Thomas Mann, Altes und Neues. Kleine Prosa aus fünf Jahrzehnten, Frankfurt am Main: S. Fischer, 1953, s. 479. 7 Omsett til norsk som Knut Hamsun. Til den autoritære ideologis forhistorie, i Leo Löwenthal, Om Ibsen og Hamsun. Oversatt og med innledning av Øystein Rottem, Oslo: Novus Forlag, 1980. 8 Samlede verker, b. 15, s. 273. 9 Ibid., s. 295 og s. 310. 10 Steinar Gimnes, Sjølvbiografiar. Skrift, fiksjon og liv, Oslo: Det Norske Samlaget, 1998, s. 220. 11 Den første utgåva av I æventyrland (1903) hadde undertittelen Oplevet og drømt i Kaukasien. 12 Denne artikkelen byggjer på eit foredrag ved seminaret Den kompliserte arven, Litteraturhuset, 8. desember 2008, arrangert av Hamsun 09, Hauge-Tveitt-jubileet og Holocaustsenteret. ATLE KITTANG er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen og professor II ved Senter for Ibsen-studier, Universitetet i Oslo. Han har skrive bøker og artiklar om ulike litteraturteoretiske emne og om forfattarar frå fransk og norsk litteratur, blant anna Rimbaud (Discours et jeu, 1975), Hamsun (Luft, vind, ingenting, 1984/1996) og Ibsen (Ibsens heroisme, 2002). Arbeider nå med problemstillingar som vedrører forholdet mellom litteratur, estetikk og politikk, dessutan med eit prosjekt som samanliknar Balzacs realisme og Bretons surrealisme. norsklæreren 1 I 09 23