Tre ganske like høgskuler vil fusjon gje betre kvalitet? Astrid Sandnes Bibliotekleiar Høgskulen i Sogn og Fjordane 14.03.2016 www.hisf.no
Litt historikk Langvarig press frå KD som alle kjenner Vår 2015: HiSF-styret stod framleis steilt på sjølvstendelinja, avviste fusjonsinvitasjonar trass i vedvarande press frå styresmaktene. Haust 2015: Nytt styre som opna opp for nye drøftingar. På vegne av HSH, HiB og HiSF gjennomførte NIFU hausten 2015 ei fusjonsutgreiing for desse tre høgskulane. Ein grundig gjennomgang av styring, leiing og organisering, av økonomi og administrasjon, av utdanningane, av fagpersonalets kompetanse og forskingsproduksjon ved dei tre høgskulane
Fusjonsutredning for Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund : Statuskartlegging og mulighetsstudie (Rapport 2015 : 14) KD s føringar: Vil utvikle og forsterke den regionale rolla Ynskjer større, breidare, sterkare fagmiljø Må få på plass nok masterutdanningar i lærarutdanningane Mange spørsmål vert stilt i rapporten. M.a.: Organisering : etter geografi eller utdanningsfelt?
I tillegg vart det skriven ein intern rapport i HiSF: «Struktur framover: underlag til styresak om fusjonsdrøfting» Vurdering av NIFU-rapporten og oppsummering av brukarundersøking blant dei tilsette, med ROS-analyse knytt til kriteria. Oppsummering: av dei 12 opphavelege kriteria frå Stortinget er det berre eit fåtal ein ser vil få betre vilkår med ein fusjon enn med åleinegang. Nokre kriterium vert også svekka ved fusjon. Må leite etter grunnar for å forsvare fusjon! Blant dei tilsette var det flest stemmer FOR fusjon, sjølv om mange også er svært skeptiske
Kvar? Høgskolen Stord Haugesund Høgskolen i Bergen Høgskulen i Sogn og Fjordane Arbeidstittel: Vestlandshøgskulen
HVO/ Volda Høgskolen i Bergen: 2 campus: Kronstad og Møllendalsveien 7300 studentar/ 750 tilsette HiSF/ Førde HiSF/Sogndal Høgskolen Stord/ Haugesund: 2 campus: Stord og Haugesund 3200 studentar/ 300 tilsette HiB/ Bergen Høgskulen i Sogn og Fjordane: 2 campus: Sogndal og Førde 3800 studentar/ 330 tilsette HSH/ Stord og Haugesund Oslo Komplimentære Dei tre høgskulane er relativt like ndg : Utdanningstilbod (lærar, ingeniør, helse- og sosial) Stillingsstruktur Forskingsomfang Internasjonal profil Samspel med regionen
Mulighetsstudie (frå NIFU-rapporrten) Med 16 000 studentar og 1400 tilsette vil denne fusjonerte høgskulen bli ein stor og synleg institusjon på Vestlandet og i nasjonal målestokk Den nye høgskulen vil ha eit stort utviklingspotensiale., men på bekostning av kva? Berre HiOA og HSN vert større Utfordringar: berre muleg å føreta mindre justeringar av eksisterande fagtilbod dersom ein frivillig fusjon skal late seg gjennomføre alle studiestader skal bestå, ingen tilsette skal bli oppsagde eller bli flytta (.kor lenge gjeld det?)
NIFU-rapporten peikar på klare ulemper: store geografiske avstandar, utfordringar knytt til kommunikasjon usikre effektivitetsgevinstar byråkratiske strukturar mange og flest usikre konsekvensar potensiale på utdanningssida: masterutdanningar som innfrir NOKUTs skjerpa krav HSH og HiSF avhengig av samarbeid for å få lærarutdanninga godkjent frå 2017. HiB står på eigne bein
Kanskje størst potensiale innafor teknisk administrative tenester Profesjonalisere og utvikle kompetanse Utvikle nye tenester, kvalitetsheving, arbeide i større team Mykje å hente både innafor forskingsstøtte, bibliotektenester, rekruttering og studieadministrative område Avhengig m.a. av gode digitale og fysiske møteplassar på tvers, og gode dialogar. At me kjem godt overeins, rett og slett.
Vidare Organiseringa må ligge i botnen Valt eller tilsett rektor? Rapporten tilrår tilsett rektor og einheitleg leiing, der rektor hentar mandat frå styret Kvar skal biblioteket sortere? Korleis skal det nye biblioteket organiserast? Kva område bør me prioritere å jobbe med og kva kan vente? Treng erfaringsutveksling!
B I B L I O T E K Mål: det nye biblioteket skal gje eit betre tilbod til studentar og tilsette enn kvar av dei eksisterande gjer per dato Vil hente inspirasjon frå denne rapporten: Bibliotek i universitets- og høgskolesektoren utvikling, roller og oppgaver : rapport til Kunnskapsdepartementet 1. november 2015 Må framheve bibliotekets kjerneverdiar: «bibliotekets kjerneoppgaver er i samarbeid med fagmiljøene å velge ut, samle, ordne, tilgjengeliggjøre og presentere relevante og kvalitetssikrete kunnskapskilder for forskere og studenter»( UBO, Strategi 2020)
B i b l i o t e k i n d i k a t o r a r - DBH - 2014 Samanliknar ressursar HiB HSH HiSF HVO Gjennomsn. hs - NO Gjennomsn. ub -NO Primærbrukarar per årsverk 329,8 244,33 338,32 311,65 334,60 193,10 Utlån og nedlastingar per årsverk 24,81 63,26 21,04 45,89 35,00 167,70 Innkjøpskostnader per primærbruker 833,84 1 622,1 616,77 846,58 845,20 2 655,50
3 høgskulebibliotek med tilsaman 6 avdelingsbibliotek skal bli eit nytt høgskulebibliootek med 6 avdelingar Personale i biblioteka 2015 Totalt årsv, fast tilsette Personar Avdelingbibliotek Årsv utført inkl studentassistentar HiB 21 22 2 (18p+4p) 22,5 HSH 9 10 2 (4,5p+4,5p) 11 HiSF 8,8 11 2 (7p+2,5p) 10
Hilde vil gjerne lese frå den interne rapporten: Sitat, s16 (Arbeidsdeling og konsentrasjon): Det er nærmast grunnfag i organisasjonsteori å slå fast at spreidde arbeidsoppgåver eller funksjonar krev mykje koordinering. Særleg krev ny og konfliktskapande arbeidsdeling betydelege ressursar for å styre verksemda. Ein ny institusjon tufta på eit slikt grunnlag vil måtte bruke betydelege ressursar for å bygge ny tillit. Difor er dei drøftingane ein gjer innleiingsvis avgjerande for i kva grad ein ny institusjon vil nærme seg, heller enn fjerne seg frå sentrale kvalitetskriterium
og dette: Sitat, s. 24.: I tillegg til å vera viktig lokalt, og ha ein særleg posisjon som einaste høgskulen i Sogn og Fjordane, er HiSF ein av få institusjonar i sektoren som særleg ivaretek nynorsken sin plass i språklandskapet. Dette, langt på veg nasjonale, ansvaret som ein her tek, er eit sjølvstendig argument for å halda oppe ein institusjon med betydeleg autonomi.
KULTUR ikkje nemnt i NIFU-rapporten Erfaring tilseier at kulturforskjellar ofte vert undervurdert «Slik gjer vi det her», «den tause kunnskapen», sterk og underforstått Kan vi greie å fokusere på: kva vi kan lære av kvarandre kvar har vi vår styrke? Bygge vidare på det vi er gode på? Er det der vi skal starte? Ha mål om å redusere svake sider? Viktig å lære kvarandre å kjenne! Kan forskjellar vendast til styrke? På dei gamle grunnmurane skal me bygge noko nytt det utfordrar oss og er spennande! Har hatt eit UH-nett Vest samarbeid frå 2008/ SAK-midlar
Styrevedtak frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, torsdag 10.03.2015 1. Styret ser positivt på at Høgskulen i Volda tek initiativ til forhandlingar med Høgskulen i Sogn og Fjordane, men finn ikkje grunnlag no for å gå vidare med fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Volda åleine. 2. Styret ber rektor gå vidare i forhandlingar om ein felles fusjonsplattform med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund etter føreslegen framdriftsplan og organisering. 3. Styret viser til drøftingane i styremøtet og ber om at dei overordna premissane frå drøftingane blir lagt til grunn frå HiSF si side i forhandlingane med HiB og HSH. Styret ber om å få eit notat med bakgrunn i det som har ko4. me fram i saka til no. 4. Styret gjev rektor fullmakt til å starte arbeidet med ein mogleg felles akkrediteringssøknad for mastergrad i lærarutdanninga saman med Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Stord/Haugesund. 5. Styret ber om at det blir sett i gang arbeid med ein eigen søknad for akkreditering av lærarutdanningane til HiSF, med sikte på levering innan fristen 15.09.2016.
Travel vår og haust! Stor møteverksemd denne mandagen i HiSF, og eg måtte prioritere bort UHR B leiarmøte Lukke til i Trondheim!