Differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland Forstudie Hovudrapport per. 22.11.2010
Forord I Sunnhordland har strandsona alltid vore ein viktig ressurs som grunnlag for busetnad, næring og rekreasjon. Gjennom forstudiet Differensiert forvaltning av strandsona har Samarbeidsrådet for Sunnhordland fått kartlagt plan og arealstatus i 100 meters beltet, samt vurdering for framtidig forvaltning gjennom kartlegging av funksjonell strandsone i eksempel områder i kommunane. Arbeidet er gjort i tett samarbeid med ressursgruppa, som er sett saman av representantar frå alle kommunane, representantar frå Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, prosjektleiar og konsulentselskapet Akvator. Gjennom arbeidet har det vore gode konstruktive drøftingar som har ført fram til utvikling av felles metode og kartleggingskriterium for funksjonell strandsone. Forstudien skal danna grunnlag for vidare arbeid med utarbeiding av Interkommunal plan for strandsona i Sunnhordland og pilotstatus for differensiert forvaltning av strandsona i Sunnhordland. Gjennom dette arbeidet vil regionen arbeida for å nå måla som er sett i Strandsonestrategien for Sunnhordland, som vart vedteken i kommunane i desember 2008: Bli pilotregion for differensiert strandsonepolitikk Ha større sjølvråderett lokalt i arealpolitikken Fortetta allereie utbygd strandsone Bruka strandsona aktivt for å sikra busetjing og næringsliv Sikra urørt og eigna strandsone for allmenta og friluftsliv Leggje strandsonestrategi for Sunnhordland til grunn i sakshandsaminga i kommunane Gro Jensen Gjerde Dagleg leiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland Framsidebilete: Nes, Kvinnherad. Fotograf: Kristel Christensen 2 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Innhald Forord... 2 1 Innleiing... 5 1.1 Bakgrunn - mandat... 5 1.2 Organisering deltakarar - prosess... 7 2 Lovverk og definisjonar... 9 2.1 Plan- og bygningslova... 9 2.1.1 Byggeforbod i 100-metersbeltet... 9 2.2 Statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen... 10 2.3 Allemannsretten i strandsona... 10 2.4 Funksjonell strandsone... 11 2.5 Strandsona... 11 2.6 Inngrep i strandsona... 11 2.7 Tilgjengeleg strandsone... 12 2.8 Regionale føringar og tilrådingar... 12 3 Fase 1 - Areal- og planstatus i 100-metersbeltet... 13 3.1 Nasjonal statistikk... 14 3.2 Analysekriterium... 14 3.3 Metode... 16 3.4 Feilkjelder... 16 3.5 Temakart eksempelområde areal- og planstatus... 17 4 Areal- og planstatus for Sunnhordland... 20 4.1 Samanstilling for Sunnhordlandsregionen... 20 4.2 Kommunevis areal- og planstatus... 23 4.2.1 Austevoll kommune... 23 4.2.2 Bømlo kommune... 23 4.2.3 Etne kommune... 24 4.2.4 Fitjar kommune... 25 4.2.5 Kvinnherad kommune... 26 4.2.6 Stord kommune... 27 4.2.7 Sveio kommune... 28 4.2.8 Tysnes kommune... 29 5 Fase 2 - Funksjonell strandsone... 31 5.1 Kriterium for fastsetjing av funksjonell strandsone... 31 5.1.1 Biologisk mangfald... 31 5.1.2 Landskap... 32 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 3
5.1.3 Kulturminne/kulturmiljø... 32 5.1.4 Friluftsliv... 33 5.1.5 Landbruk... 33 5.1.6 Eksisterande infrastruktur... 34 5.1.7 Eksisterande plan... 34 5.2 Digitale data nytta i analysane... 36 5.3 Feilkjelder og usikkerheit... 36 5.4 Nytte av resultata... 37 5.5 Temakart eksempelområde funksjonell strandsone... 37 5.5.1 Austevoll Vestre Vinnesvåg... 37 5.5.2 Fitjar kommune sentrum Vestbøstad... 39 5.5.3 Kvinnherad kommune Åkra... 41 6 Fase 3 forvaltning styringsverktøy... 43 6.1 Byggjegrense mot sjø... 43 6.2 Bygg og anlegg i strandsona... 45 6.2.1 Naust... 47 7 Oppsummering... 48 8 Vegen vidare... 49 8.1 Regional plan for Sunnhordland... 49 8.2 Pilotprosjekt... 49 8.2.1 Interkommunal plan for strandsona... 49 8.3 Vidare prosjektutvikling... 50 4 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
1 Innleiing I Sunnhordland er strandsona ein svært viktig ressurs som grunnlag for busetnad, næring og rekreasjon. Fleire av kommunane er øykommunar med ein rik skjergard og langstrakt strandsone. Andre kommunar har størsteparten av tilgjengeleg byggeland innanfor strandsona i hovudsak grunna topografi, fjellet reiser seg kjapt i bakkant. Det er historiske og naturgjevne grunnar for menneskeleg aktivitet i strandsona. Slike tilhøve gjer regionen ekstra knytt til og avhengig av strandsona, samstundes som intensiv bruk i delar av kommunane gjer strandsona sårbar og lite tilgjengeleg for ålmenta. Store delar av næringsgrunnlaget i regionen er knytt til strandsone og sjø gjennom industri knytt til offshore, bygging av plattformar og skip, samt akvakultur av nasjonal tyding. I Sunnhordland er kystsona også ein viktig ressurs i eit reiselivsperspektiv. Ved å leggja en heilskapleg vurdering av strandsoneverdiane i kommunen til grunn, kan kommunen lempa høvesvis skjerpa - det formelle byggeforbodet i strandsona. For å kunne gjera dei rette vurderingane er ein heilt avhengig av eit godt kunnskapsgrunnlag om strandsona sin verdi og dagens status. Denne kunnskapen kan ein oppnå gjennom systematisk kartlegging av dagens situasjon, med påfølgjande vurdering av framtidig bruk og vern. Det er utfordrande for kommunane å balansera mellom bruk og vern av areala basert på nasjonale og regionale føringar, samstundes som ein skal gje lokal næringsaktivitet i kystområda grobotn for vidare utvikling. Føreliggjande forstudie for differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland set fokus på kartlegging av strandsona. Det er gjennomført kartlegging av dagens plan- og arealstatus i heile 100- metersbeltet, samt vurderingar for framidig forvaltning gjennom kartlegging av funksjonell strandsone i eksempelområde i kommunane. I tillegg er det gjort vurderingar knytta til forvaltning og styringsverktøy for kommunal planlegging i strandsona. 1.1 Bakgrunn - mandat Røyksundkanalen, Bømlo Styret i Samarbeidsrådet for Sunnhordland vedtok i 2008 ein strandsonestrategi med ønskje om å verta pilotregion for differensiert strandsoneforvaltning. Styret utgjer ordførarar og rådmenn frå Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 5
alle dei åtte kommunane i Sunnhordland Austevoll, Tysnes, Fitjar, Stord, Bømlo, Kvinnherad, Sveio og Etne, sjå figur 1. Strategidokumentet peikar på tilgjenge til strandsona som eitt av konkurransefortrinna i regionen, og som eit viktig trekkplaster for å opprettehalda folketal og aktivitet i kommunane. Som ei forlenging av arbeidet med strandsonestrategien er det oppretta eit eige prosjekt med ei ressursgruppe som skal utarbeida eit forstudie for differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland. Forstudiet skal reda grunnen for vidareføring av strandsoneforvaltning på fleire nivå, frå sakshandsaming på kommuneplannivå, til interkommunal plan for Sunnhordlandskommunane og regionalplan for Sunnhordland. Organisering av prosjektet er skildra i avsnittet nedanfor. Prosjektet er delt inn i tre fasar. Mykje av arbeidet i dei ulike fasane er knytta til utvikling av felles metode og kartleggingskriterium. Fase 1 er ei overordna kartlegging av eksisterande situasjon i 100-metersbeltet for alle sunnhordlandskommunane. Fase 2 er fastsetjing av kriterium for kartlegging av funksjonell strandsone, som bakgrunn for differensiert forvaltning. Metoden er testa i kvar enkelt kommune i definerte eksempelområde. Fase 3 er vurderingar av forvaltning og styringsverktøy som føresegner og retningsliner i kommuneplanen sin arealdel. Figur 1 Kart over Sunnhordland (Kjelde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland) 6 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
1.2 Organisering deltakarar - prosess Arbeidet er organisert som eit prosjekt, med styringsgruppe, ressursgruppe, prosjektleiar og utførande plankonsulent, sjå figur 2. Styringsgruppa er sett saman av rådmenn og ordførarar frå kommunane, samt representantar frå regionale planmynde. Ressursgruppa har representantar frå planadministrasjon i kommunane, fylkeskommune, fylkesmann og plankonsulentar. Brei deltaking på tvers av forvaltningsnivå har vore ein nøkkelfaktor for prosjektet. Prosjektmålsetnadar er søkt nådd gjennom dialog og samspel mellom kommunane, regionale mynde og Miljøverndepartementet (MD). Ved fleire høve er MD kontakta for avklaringar knytt til særskilte problemstillingar, mellom anna gjennom direkte møte med ressursgruppa. Prosjekteigar Samarbeidsrådet for Sunnhordland Styringsgruppe Prosjektansvarleg Gro Jensen Gjerde Ressursgruppe Prosjektleiar Tore Bjelland Plankonsulent Akvator AS Karoline Eldøy, Turid Verdal Figur 2 Organisering av prosjektet Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 7
Prosjektleiar Tore Bjelland har hatt det daglege ansvaret for oppfølging av arbeidet med strandsoneprosjektet og forstudien. Ressursgruppa med planrepresentantar frå kommunane, fylkeskommunen og fylkesmannen har gjeve dei faglege premissane i arbeidet med strandsoneprosjektet og metodeutviklinga. Ressursgruppa har og fungert som eit dialog- og kompetanseforum som og har sikra god kontakt mot kommunane og regionale mynde. Det er styringsgruppa som godkjenner og legg fram forstudierapporten til Samarbeidsrådet for Sunnhordland som prosjekteigar. Styringsgruppa godkjende rapporten i møte 12. november 2010. Konsulentfirmaet Akvator AS v/karoline Eldøy og Turid Verdal har vore engasjert til å gjennomføra utgreiingsarbeidet. Deltakarar: Styringsgruppe: Rådmann Trond Sætereng, Kvinnherad kommune Rådmann Mikal Møller Hovda, Sveio kommune Ordførar Helge Andre Njåstad, Austevoll kommune Marit Rødseth, Hordaland fylkeskommune Terje Aasen, Fylkesmannen i Hordaland Gro Jensen Gjerde (leiar), Samarbeidsrådet for Sunnhordland Ressursgruppe: Fylkesmannen i Hordaland v/eva Katrine Taule og Åshild Blomdal Hordaland fylkeskommune v/torild Hage Etne kommune v/erik Kvalheim Sveio kommune v/åse Aleheim Bømlo kommune v/ Terje Kallekleiv Stord kommune v/ove Kvalnes Fitjar kommune v/lovise Vestbøstad Tysnes kommune v/ Asle Bernt Rekve Austevoll kommune v/bjørn Wefring Kvinnherad kommune v/kjartan Thoresen Eldre naustområde, Bømlo 8 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
2 Lovverk og definisjonar Forvaltning av strandsona er underlagt lovverk og nasjonale og regionale retningsliner. Det er i hovudsak plan- og bygningslova som gir juridiske føringar knytt til arealforvaltninga på kommune- og reguleringsplannivå. Andre lovverk vil også ha innverknad på vurderingar som er lagt til grunn for arealprioriteringar, i samband med strandsoneforvaltning er til dømes friluftslova ei rettesnor. I det vidare er lovverk og andre føringar kort kommentert. I føreliggande forstudie er det nytta omgrep som til dømes funksjonell strandsone og tilgjengeleg strandsone. Nedanfor er omgrep nytta i prosjektet søkt definert og gitt ei forklaring. 2.1 Plan- og bygningslova Plan- og bygningslova (PBL) legg opp til eit system for heilskapleg planlegging for statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd, der bruk av areal og andre naturressursar vert vurdert saman. Lova legg til rette for samordning, og gjev grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar og utbygging. Gjennom planlegging og ved særskilte krav til det enkelte byggjetiltak skal det leggast til rette for at arealbruk og busetnad vert til størst mogleg gagn for den enkelte og samfunnet. Ny PBL av 27.06.08 (plandelen) skjerpar byggjeforbodet i strandsona. Lova gjev føringar for at utbygging i strandsona som hovudregel skal vera i samsvar med overordna plan og ta omsyn til landskap, natur og friluftsliv. Den nye lova gjev både avgrensingar og moglegheiter. I område der kommunen vurderer det føremålstenleg å vurdera ei anna byggjegrense enn 100-metersbeltet, er det mogleg å fastsetja denne i overordna plan, eller som del av ein reguleringsplan. Kartlegging av funksjonell strandsone kan leggja grunnlag for fastsetjing av ny byggegrense. Funksjonell strandsone er vidare definert og drøfta i avsnitt 3.4. 2.1.1 Byggeforbod i 100-metersbeltet Strandsona er av stor nasjonal interesse og det er eit mål å avgrensa bygging i strandsona. Noreg har hatt eigne reglar for vern av strandsona heilt sidan 1950-talet. Bygging i 100-metersbeltet langs sjø er i dag regulert i PBL paragraf 1-8, bygge- og delingsforbodet i 100-metersbeltet. Paragrafen skal sikra at verdiane knytta til strandsona ikkje vert redusert eller går tapt. I den nye lovføresegna ( 1-8, 3.ledd) går det fram at byggjeforbodet gjeld "så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan". Vurderingar knytt til fastsetjing av ny byggegrense er nærare skildra i kap. 6.1. Forbodet rammar dei same tiltak som går inn i definisjonen av tiltak etter 1 6. Det gjeld også tiltak som er friteke for søknad om løyve eller melding etter forskrift. Desse tiltaka må heller ikkje vera i strid med byggeforbodet i 100 metersbeltet eller plan. Det same gjeld for tiltak i landbruket sidan tidlegare unntak er teke ut. Endringa inneberer at forbodet i enkelte tilhøve vil bli strengare. Det uklåre vesentlighetskravet for endringar er fjerna. Mindre tilbygg vil difor bli ramma av forbodet. Den generelle forbodsregelen kan fråvikast gjennom planar etter lova. Dette er dels ei vidareføring, dels ei viss innstraming av unntaksregelen i 17 2 andre ledd i pbl.85. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 9
I kommuneplanen sin arealdel kan kommunen gi nærmare føresegner om oppføring av naudsynte bygningar og mindre anlegg og opplag for landbruk, reindrift, fiske, fangst og akvakultur, og anlegg for ferdsel til sjøs. Slike tiltak er såleis ikkje generelt unnateke forbodet, men kommunen kan styre korleis dei skal regulerast, og kan også gi føresegner som tillèt slike bygningar og mindre anlegg i 100 metersbeltet. Unntaket i PBL av 1985 17-2 tredje ledd nr. 1 for bygning, konstruksjon, anlegg eller innhegning som er naudsynt i landbruket gjeld inntil det er vedteke føresegner etter 11-11 nr. 4, men fell uansett bort etter fire år frå lova trer i kraft. Plan- og bygningslova (2008) 1-8. Forbud mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag I 100-metersbeltet langs sjøen og langs vassdrag skal det tas særlig hensyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Andre tiltak etter 1-6 første ledd enn fasadeendringer kan ikke settes i verk nærmere sjøen enn 100 meter fra strandlinjen målt i horisontalplanet ved alminnelig høyvann. Dette er likevel ikke til hinder for fradeling ved innløsning av bebygd festetomt etter tomtefestelova. Forbudet etter andre ledd gjelder så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan, jf. 11-9 nr. 5 og 12-7 nr. 2. Forbudet etter andre ledd gjelder ikke der kommunen i kommuneplanens arealdel har tillatt oppføring av nødvendige bygninger, mindre anlegg og opplag som skal tjene til landbruk, reindrift, fiske, akvakultur eller ferdsel til sjøs, jf. 11-11 nr. 4. For område langs vassdrag som har betydning for natur-, kulturmiljø- og friluftsinteresser skal kommunen i kommuneplanens arealdel etter 11-11 nr. 5 fastsette grense på inntil 100 meter der bestemte angitte tiltak mv. ikke skal være tillatt. 2.2 Statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa 13.10.05 signalisert at Regjeringen vil stanse nedbyggingen i strandsonen. Det skal legges opp til en sterkere geografisk differensiering i retningslinjene, der vernet gjøres strengere i område med sterk konkurranse om strandsonen. Dette er bakgrunnen for forslag om statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Retningslinene har vore på høyring, men er ikkje vedtekne per august 2010. I framlegget er alle sunnhordlandskommunane, utanom Etne kommune, plassert i den strengaste forvaltningskategorien. I høyringsrunden har kommunane kome med store innvendingar til dette. Det kan stillast spørsmål om dei statlege retningslinene burde vore delt inn i fleire kategoriar, for ei betre nasjonal og regional tilpasning til ulike tilhøve. 2.3 Allemannsretten i strandsona Friluftslova har som føremål å verna friluftslivet sitt naturgrunnlag og sikra ålmenta sin rett til ferdsel, opphald o.a. i naturen. Det er viktig å fremja friluftsliv som ein helsefremjande, trivnadsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. 10 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Allemannsretten er fundamentert i norsk friluftstradisjon og sikrar, med eit par unntak, fri ferdsel i utmark. Det vesentlege er nærleik til hus/hytte. I strandsona vil det seia at ein kan bada, rasta og ferdast med båt utan samtykke frå grunneigar. Friluftslova, 1957 2. (Ferdsel i utmark.) I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet. Det samme gjelder ferdsel med ride- eller kløvhest, kjelke, tråsykkel eller liknende på veg eller sti i utmark og over alt i utmark på fjellet, såfremt ikke kommunen med samtykke av eieren eller brukeren har forbudt slik ferdsel på nærmere angitte strekninger. Kommunens vedtak må stadfestes av fylkesmannen. 3. (Ferdsel i innmark.) I innmark kan enhver ferdes til fots i den tid marken er frosset eller snølagt, dog ikke i tidsrommet fra 30. april til 14. oktober. Denne ferdselsrett gjelder likevel ikke på gårdsplass eller hustomt, inngjerdet hage eller park og annet for særskilt øyemed inngjerdet område hvor allmennhetens vinterferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker. Eier eller bruker kan - uansett inngjerding - forby ferdsel over hage, plantefelt, høstsådd åker og gjenlegg (attlegg) også når marken er frosset eller snølagt, såfremt ferdselen er egnet til å volde nevneverdig skade. 2.4 Funksjonell strandsone I Fylkesplan 2005-2008 er funksjonell strandsone definert som; Den sona som står i innbyrdes direkte samspel med sjøen både økologisk, topografisk og/eller bruksmessig. Kan vera smalare eller breiare enn 100-metersbeltet. Kartlegging av funksjonell strandsone inneber ei detaljert analyse av landskap og landskapselement, og vil mellom anna krevja synfaringar og flyfotostudiar. Gjennom ei slik kartlegging kan ein differensiera strandsoneverdiane basert på fastsette kriterium, og slik definera område som bør vernast og område som kan vidareutviklast med ny utbygging eller fortetting. Kvalitetar knytta til biologisk mangfald, landskap, kulturminne, bygningsmiljø og tilgjenge for ålmenta står i fokus. Ei slik kartlegging bør - som eit minimum gjennomførast i kommunane for aktuelle utbyggingsområde og LNFR-område der det er aktuelt å opna for spreitt busetnad. Samstundes kan det vera eit verkty for å fastsetja ny byggegrense i eksisterande byggeområde utan slik avgrensing. Den funksjonelle strandsona kan leggja grunnlag for å fastsetja ei ny juridisk bindande byggjegrense mot sjø. Denne problemstillinga er vidare skildra i kap. 6.1.1. 2.5 Strandsona Strandsona er definert som 100-metersbeltet mot sjø ved, jf. Plan- og bygningslova. 2.6 Inngrep i strandsona Inngrep i strandsona omfattar alle fysiske inngrep som mellom anna veg, bygg, kulturminne og leidningsnett. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 11
2.7 Tilgjengeleg strandsone Tilgjengeleg strandsone er definert som strandsone tilgjengeleg i eit friluftslivsperspektiv. Analysen gjer vurderingar av topografi/brattleik og arealbruk som stenger for ålmenn ferdsel. Fysiske inngrep kan gjera strandsona tilgjengeleg i eit friluftslivsperspektiv, og treng såleis ikkje vera til hinder for ferdsel i strandsona. I denne analysen vert desse fysiske inngrepa ein del av den tilgjengelege strandsona. I eit friluftslivsperspektiv er topografi avgjerande for tilgjenge. Område med hellingsgrad brattare enn 25 grader er definerte som utilgjengelege. 2.8 Regionale føringar og tilrådingar Både fylkesplanen (2005-2008) og fylkesdelplan for strandsona (2001) definerer funksjonell strandsone som ovanfor, og legg samstundes viktige føringar for forvaltning av strandsona i Hordaland. I kjølvatnet av fylkesdelplan for strandsona er det gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommune og fylkesmann utarbeidd rettleiar for planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland. Det er trong for å revidera rettleiaren etter ny planlov, dette arbeidet skal truleg starta opp i nær framtid. Viktige prinsipp frå rettleiaren er likevel implementert i forstudiet, mellom anna med fokus på kartlegging av strandsona. Fylkesdelplan for Sunnhordland (2006) skal reviderast, og strandsone vil vera eitt av hovudtema for ny regionalplan. Gjeldande plan fokuserer på strandsone mellom anna gjennom tilrettelegging for vidare utvikling av kyst- og fjordlandsbyar. Strategiar for slik tettstadutvikling skal særskilt vektlegga å etablere funksjonar og anlegg som styrkjer kjerneområde, utvikle tilhøvet mellom tettstad og sjøen, og sikre allment tilgjenge til sjøen og ulik bruk for tilreisande og fastbuande. Fleire kommunar i Sunnhordland har gjennomført planarbeid knytt til sine fjordlandsbyar, mellom anna Våge på Tysnes og Langevåg på Bømlo. Fylkesdelplanen definerer også eigen strandsonestrategi: Det skal førast ein streng plan- og dispensasjonspraksis i ikkje utbygde område, og det skal gjennomførast GIS-kartlegging av funksjonell strandsone, inngrepsgrad og tilgjenge til bruk i kommuneplanane. Forstudiet for differensiert strandsoneforvaltning, og planar for vegen vidare er slik i samsvar med gjeldande fylkesdelplan. Vågebygda, Tysnes 12 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
3 Fase 1 - Areal- og planstatus i 100-metersbeltet Som del av fase 1 er det gjennomført ei kartlegging av areal- og planstatus i 100-metersbeltet for alle sunnhordlandskommunane. Basert på førehandsdefinerte kriterium har arbeidet omfatta tilrettelegging av eksisterande informasjon og analysar med omsyn på arealstatus. Det er laga ulike temakart tilpassa kvar enkelt kommune. Føremålet med kartlegging av arealstatus i 100-metersbeltet er å gje det administrative og politiske nivå i kommunane eit betre grunnlag for forvaltning av strandsona. Det er laga ulike temakart som er enkle å lesa med ein låg brukarterskel. Målsetnaden er å få eit oversyn over arealtilstand, grad av inngrep og tilgjengeleg strandsone. Det er naturleg at ein i overordna kommuneplanlegging vurderer strandsona både i eit utbyggingsperspektiv og eit friluftsperspektiv. Kartlegging av arealstatus gjev eit oversyn over nedbygd og tilgjengeleg strandsone. Tilgjengeleg strandsone for ålmenta er definert som område med fri ferdsel etter friluftslova, samt tilgjenge i høve til terreng/brattleik. I følgje friluftslova er det, med eit par unntak, fri ferdsel i utmark. Det vesentlege er nærleik bustad og hytte. Direktoratet for Naturforvaltning og Statens kartverk har i ei årrekkje gjennomført analysar av tilgjenge i strandsona i Oslo-fjorden, basert på buffersone på om lag 50 meter kring bustad og hytte. Gjennom arealstatuskartlegginga med ulike temakart får kommunen eit verktøy for vurdering av: vern tilpassa bruk rullering av kommuneplan/kommunedelplan vurderingar knytta til nye byggjeområde/reguleringsplanar (konsekvensutgreiing KU) handsaming av byggjesøknad og dispensasjonssøknad fastsetjing av byggjegrense mot sjø (funksjonell strandsone) Kartlegginga syner status over strandsona slik den er i dag. Periodisk oppdatering av dette datamaterialet kan nyttast til å følgja endring av arealbruk i strandsona over tid og såleis nyttast i eit historisk perspektiv. Resultata frå desse analysane kan vera avklarande for aktuelle problemstillingar knytta til strandsona i samband med framtidig arealforvaltning, til dømes ved rullering av kommuneplanar. I tillegg til oversyn over areal- og planstatus i strandsona i den enkelte kommune, vil ein samstundes med eins metode og kartlegging kunna seia noko om status samla for heile sunnhordlandsregionen. Arbeidet er gjennomført av Akvator AS i samarbeid med dei enkelte kommunane. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 13
3.1 Nasjonal statistikk Statistisk sentralbyrå (SSB) utarbeider årlege rapportar over arealbruken langs kysten med fokus på bygningspåverka strandsone, tilgjengeleg standsone og fysiske hinder. Dette er den offisielle statistikken som vert nytta over status i strandsona. SSB gir mellom anna tal på tilgjengeleg strandsone i kommunane, basert på kartlegging av bygningsnært areal (50 m frå bygning uavhengig av type), bratte område (> 10 grader), dyrka mark og vegar. Denne statistikken gir god oversikt i regional og nasjonal samanhang, men er ikkje tilstrekkeleg detaljert til bruk på kommunalt nivå. Kartlegging av arealstatus i strandsoneprosjektet er såleis ei meir detaljert og stadtilpassa analyse, som inkluderer alle punkta nedafor. For å sikra samanlikningsgrunnlag er det er likevel søkt å samkjøra kartleggingskriteria i størst mogleg grad i tråd med SSB sine analysar. Det største avviket er vurderingar knytta til samanhengen mellom topografi/brattleik og tilgjengeleg strandsone, samt i kva grad øyar utan fastsamband er inkludert i analysen. Tal frå SSB syner at Bømlo kommune har 31 % tilgjengeleg strandsone. Tal frå vår analyse syner at Bømlo med alle øyar har 67 % tilgjengeleg strandsone. Tilsvarande tal frå Stord kommune er 28 % (SSB) kontra 47 % tilgjengeleg strandsone. Samanstilling av tal frå alle kommunane er vidare omtala i kap. 4.1. Skilnader mellom SSB og strandsoneprosjektet: SSB kartlegg berre fastland og øyar med fastlandssamband Det er brukt ulikt helningsgrad for definisjon av utilgjengelege bratte område SSB tek ikkje med naust/båthus etc SSB tek ikkje med brygger, kaiar og gjerder SSB tek ikkje med kulturminne eller bandlagte areal etter lov om naturvern SSB registrerer berre europaveg og riksveg, ikkje fylkesvegar og kommunale vegar SSB har ikkje tilgjengeleg kommunevise kart som gjev informasjon om kor inngrep eller tilgjengeleg strandsone er i kommunen. SSB har ikkje differensiert i buffer kring bygningsnært areal 3.2 Analysekriterium Målsetnad med kartlegginga er å få eit oversyn over arealtilstand, grad av inngrep og tilgjengeleg strandsone. Analysane er basert på tilgjengelege digitale data. Det er ikkje gjennomført synfaringar i felt i denne fasen. Mykje av arbeidet i ressursgruppa ber preg av å vera metodeutvikling. Det er vurdert kva typar arealbruk som skal kartleggjast og omfang og bruk av buffersoner. Buffersona kring fysiske inngrep seier noko om graden av privatisering av strandsona som resultat av arealbruk. Kriteria er definert basert på vurderingar og innspel frå kommunane, andre strandsonerapportar og SSB. Kriteria som er fastsett i ressursgruppa er lista i tabell 1. Inndelinga av bygg er basert på bygningstypekodane i SOSI-standarden. Analyse av topografi er viktig med omsyn til tilgjenge i strandsona. Utilgjengelege område er definert som område brattare enn 25 graders helling. SSB definerer til samanlikning utilgjengeleg område som brattare enn 10 grader. Dette er vurdert å vera for strengt, område mellom 10 og 25 grader er område som normalt vil vera greitt tilgjengeleg for folk flest, både i friluftssamanhang og som område for fysiske anlegg. Det er ikkje differensiert mellom tilgjenge frå sjø eller frå land i denne kartlegginga. 14 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Tabell 1. Analysekriterium. Analysane er delt opp i to typar tema; inngrepsfri strandsone og tilgjengeleg strandsone. Oppgitt buffer i tabell er gjeve ut frå at arealet vert definert som inngrep eller utilgjengeleg. Storleik på buffersona kring ulike deltema som vil verta definert som inngrep eller utilgjengeleg strandsone Tema Tema: Inngrepsfri standsone Tema: Tilgjengleg strandsone Bygningar Andre bygg: heilårsbustadar, industri, lager mm 50 50 Fritidsbygg: fritidsbustadar, rorbu 25 25 Uthus: naust, garasje, uthus 0 0 Veg Europaveg, riksveg og fylkesveg 25 25 Kommunalveg og privatveg 10 10 Anna infrastruktur Arealbruk (t.d. kaiar, brygge, silo) 0 0 (utval 1 ) Anleggsområde (t.d. grustak, idrettsplass, næringsareal) 5 5 (utval 2 ) Kraftline/høgspent inkl. installasjonar 5 Ikkje relevant Markslag Innmark (fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite) 0 0 Kulturminne Automatisk freda kulturminne 5 Ikkje relevant Topografi Bratte parti over 25 graders helling Ikkje relevant 0 1 Ein del fysiske inngrep er ikkje til hinder for ferdsel i strandsona, og vert såleis del av tilgjengeleg strandsone. Døme på tilgjengelege inngrep er m.a. idrettsplass, kai, flytebrygge, molo, campingplass, trapp. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 15
3.3 Metode Datagrunnlag for bygg, veg, anna infrastruktur og markslag vert henta frå Norge Digitalt januar 2010. Alle analysane er gjennomført ved bruk av ArcView 9.3.1. I ArcView er det lagt ei sone (buffer) kring dei definerte tema i tabell 1, for å få eit visuelt bilete på inngrepssituasjonen. Alle inngrep med buffer er sett for heile kommunen, for deretter å verta klippa mot 100-metersbeltet. Dette for å inkludera alle inngrep med buffer, der inngrepet ligg utanfor 100-metersbeltet, men bufferen innafor. Ein har rekna ut prosentvis inngrep for dei enkelte inngrepstema, samt totalt for alle inngrep. Det er gjennomført prosessar for å unngå dobbeltrekningar i temaet som tek med seg alle inngrep. For å finne bratte, utilgjengelege område er det kjørt analyser på høgdekurver med ein- og femmeterskoter. Vidare er datasetta slått saman til lag som gjev utilgjengeleg areal, brattaren enn 25 grader helling. Denne analysen gjev eit fragmentert og objektivt bilete av topografien i 100- metersbeltet. 3.4 Feilkjelder Arbeidet har vore avgrensa i høve til tid og ressursar. Analysane er difor utarbeidd frå eksisterande digitale data. Feil og generaliseringar i datagrunnlag og analysar, kan ha påverka kvaliteten på resultata. Analysane er gjennomførte på eit overordna nivå. Dette er likevel vurdert som tilstrekkeleg for å få eit oversyn over arealbruken i kommunane og i Sunnhordland som region, og som grunnlag for kommunalt planarbeid. Bygningsanlegg som delvis er i sjø og på land er ein del av datagrunnlaget i analysen. Ved framstilling av arealflata til 100-metersbeltet er kartdata frå FKB(kystkontur og kystkonturtekniskeanlegg) nytta. Ut frå denne arealflata vert resterande analysar utført. Dette medfører at ein del bygningsanlegg som molo, kai og flytebrygge vert omfamna av flata for 100- metersbeltet der strukturen er ein del av kystkonturtekniskeanlegg, medan resterande ikkje vert teke med. Dei ulike buffersonene er ikkje differensierte i høve til tett og spreidt busette område. Dette kan i spreidt busette område gje eit inntrykk av ei utbygd strandsone og i plansamanheng føra til fortetting eller ytterlegare utbygging. Det må takast omsyn til dette ved direkte bruk av temakarta i byggje- og plansamanheng. Nokre kommunar har ein variert og mangfaldig skjergard, noko som gjer det utfordrande å få gjennomført analyse på hellingsgrad på alle øyane. For å gjennomføre analysar på hellingsgrad har det vore naudsynt å generalisera datagrunnlaget som følgjer: Små øyar og øyar med mindre enn 2 høgdekurver (5 og 10 moh), som ligg langt unna andre øyar, er klassifisert som tilgjengeleg Større øyar er analysert med cellestorleik opp til 10x10 for så vidare å verta generalisert til 1x1 raster (celler/pixlar) Ved å setta utilgjengeleg strandsone som terreng brattare enn 25 graders helling er det definert område som normalt vil vera vanskeleg tilgjengeleg for folk flest. Vegetasjonsdekket kan til ein viss grad påverka om området er tilgjengleg uavhengig av hellingsgrad. Det same vil strandmateriale, stengsle og grad av opparbeiding. I denne analysen er strandmateriale, stengsle, grad av opparbeiding og vegetasjonsdekke ikkje teke omsyn til. Klassifiseringa av utilgjengeleg strandsone på 25 graders helling kan vera med på å vega opp for at desse faktorane ikkje er teke med. 16 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Det er ikkje differensiert mellom tilgjenge frå sjø og tilgjenge frå land i analysane. Dei fleste områda er tilgjengeleg frå land, men ulik vegetasjon og botndekke gjev ulik grad av tilgjenge. Dette er ikkje differensiert i analysane. Resultata si skildring av den faktiske situasjonen er avhengig av datasetta som vert nytta og deira kvalitet og i kva grad dei er oppdaterte. 3.5 Temakart eksempelområde areal- og planstatus Det er som nemnt utarbeidd analysar av heile 100-meterbeltet i alle Sunnhordlandkommunane. Desse er presentert i eigne kommunevise rapportar som er tilgjengelege som vedlegg til hovudrapporten. Ut frå analysane kan det produserast eit stort utval av temakart, særskilt tilpassa kommunane sine behov og situasjonsbestemt målsetnad. Avsnitta nedafor syner døme på temakart og analyseresultat. Figur 3 syner eit utsnitt frå Bømlo kommune, der strandsona er delt inn i inngrepsfri strandsone og strandsone med fysiske inngrep. Slike temakart for heile kommunar gir eit kjapt oversyn over kvar hovudtyngda av inngrep er i kommunen, og samstundes kor stor del av strandsona som er nedbygd. Figur 3. Utsnitt frå temakart inngrepsfri strandsone i Bømlo kommune. Grøn farge syner inngrepsfri strandsone og raud farge område med fysiske inngrep. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 17
Arealbruk definert i kommuneplanen sin arealdel er også eit viktig perspektiv. Ved å kople analyseresultata med framtidige byggjeområde frå arealdelen, ser ein at dei fleste avsette område i stor grad er lokaliserte i nærleiken av eksisterande infrastruktur. Frå dette temalaget kan ein også henta informasjon om arealbruk i sjø, og slik ha eit grunnlag for samla å vurdera arealbruk i sjø og på land. Det er i dei fleste kommunane etablert akvakulturkonsesjonar både på land og i sjø, samt at det er avsett fiske- og fangstområde i sjø. Akvakulturområde i sjø kan ha direkte eller indirekte påverknad på strandsona, både som eit hinder for ferdsel i sjø, og som miljøpåverknad i form av støy/forureining og visuell støy til dømes lokalisert nært bustadområde. Temakartet frå Austevoll fig. 4 har med planinformasjon frå kommuneplanen. Figur 4 Inngrep i strandsona og temainformasjon frå kommuneplanane om arealføremål i sjø, samt registrerte akvakulturlokalitetar hos Fiskeridirektoratet. Utsnitt Austevoll kommune. Figur 5 og 6 nedafor syner døme på temakart som enkelt kan produserast når alle kartdata er tilrettelagt. Kartbasen gir moglegheit til å visa alle registerte temalag, figur 9, men det kan også enkelt lagast temakart som syner enkelttema, som til dømes naustområde langs kysten, figur 10. Karta syner utsnitt frå område kring Leirvik sentrum, Stord kommune. 18 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Figur 5 Kart som syner ulike arealføremål i 100- metersbeltet z Figur 6 Kart over naust og kaianlegg Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 19
4 Areal- og planstatus for Sunnhordland Kartlegging og oversikt over strandsona for den enkelte kommune, samt regionen samla, er vurdert som sentrale målpunkt fram mot ei differensiert strandsoneforvaltning. Sunnhordland som region har særskilte føremoner, og særskilte utfordringar. Strandsona er attraktiv for friluftsliv, busetnad og næringsutvikling. Ein stor del av næringslivet er knytt til sjø, som i den maritime industrien, offshoreverksemd, skipsindustri, fiskeri og havbruk. Landbruket set også sitt preg på strandsona i mange område i regionen. Særskilte utfordringar i Sunnhordland er knytt til befolkningsnedgang i mange lokalsamfunn, fleire område har eit sårbart og einsidig næringsliv som treng god tilrettelegging, samt naturgjevne tilhøve som topografi og eit mangfald av øyar og holmar. Som nemnt i tidlegare kapittel er det viktig å få fram tilpassa og detaljert kunnskap om status for strandsona i Sunnhordland. Nasjonal statistikk frå SSB (kap. 4.1) gir eit forenkla bilete av situasjonen, og er i hovudsak eigna for ei overordna oversikt på nasjonal nivå. Resultata nedafor syner relativt store avvik mellom SSB og føreliggjande analyse. Storddøra 4.1 Samanstilling for Sunnhordlandsregionen Det er gjort ei samanstilling av data frå dei kommunevise analysane. Tabellen nedafor syner at dersom ein handsamar Sunnhordland under eitt, er det 73,1 % inngrepsfri strandsone i regionen. Alle kommunane har over 50 % inngrepsfri strandsone. Fitjar har mest inngrepsfri strandsone med 84,2 %, medan Etne har minst på 55,5 %. Desse ytterpunkta let seg forklara i hovudsak grunna det store talet på øyar i Fitjarøyane, medan Etne har store delar innmark og veg i strandsona som er definert som inngrep. Dersom ein ser på tilgjengeleg strandsone for friluftsliv, er det Bømlo kommune som har mest tilgjengeleg strandsone på 66,9 %. Mykje bratt topografi i Etne kommune (33 %) gjer at mykje av strandsona som ikkje er nedbygd også er utilgjengeleg i eit friluftslivsperspektiv. Etne har 23, 5 % tilgjenglege strandsone. 20 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Stord Fitjar Bømlo Austevoll Sveio Tysnes Etne Kvinnherad Sunnhordland Tabell 2 Strandsona i Sunnhordland Tabellen syner prosentvis inndeling i ulike kategoriar av inngrep. Desse tala let seg ikkje summere til 100 % av di inngrepa er definert med ein buffer, og enkelte av desse overlappar. Inngrepsfri 59,7% 84,2% 80,6% 78,5% 66,6% 73,9% 55,5% 61,8% 73,1% Inngrep 40,3% 15,8% 19,4% 21,5% 33,4% 26,1% 44,5% 38,2% 26,9% Bygg 31,6 % 12,5 % 14,4 % 17,3 % 25,2 % 18,1 % 26,0 % 23,5 % 16,4 % Veg 10,2 % 2,6 % 5,5 % 5,1 % 7,9 % 6,7 % 17,1 % 14,1 % 6,6 % Innmark 7,5 % 3,4 % 4,8 % 4,5 % 9,3 % 7,5 % 14,0 % 13,5 % 6,5 % Kultur 0,2 % 0,2 % 0,4 % 0,1 % 0,3 % 0,1 % 0,2 % 0,3 % 0,2 % Anleggsflate 0,6 % 0,1 % 0,2 % 0,03 % 0,1 % 0,07 % 0,6 % 0,2 % 0,1 % Bygningsanlegg 0,2 % 0,1 % 0,2 % 0,2 % 0,3 % 0,2 % 0,2 % 0,2 % 0,1 % El.ledning 0,7 % 0,9 % 0,5 % 0,6 % 0,4 % 0,2 % 1,1 % 1,5 % 0,8 % Tilgjengeleg 47% 62,8% 66,9% 60,5% 54,3% 55,6% 23,5% 40,3% 49,4% Utilgjengeleg 53% 37,2% 33,1% 39,5% 45,7% 44,6% 76,5% 59,7% 50,6% Inngrep 40 % 17,9 % 18,8 % 21% 33,1% 25,4% 43,6% 36,9% 30,3% Helling 13 % 22,3 % 14,3 % 18,5 % 12,6 % 19 % 33 % 22,8 % 20,3 % Sakseid, Bømlo Figuren nedanfor syner inngrepsfri og tilgjengeleg strandsone basert på kvadratmeter per innbyggjar. På same måte som den prosentvise fordelinga, er det store forskjellar mellom kommunane. Ser ein på regionen samla er det 3000 kvadratmeter inngrepsfri strandsone per innbyggjar. Likevel er berre om lag 1/3 av desse tilgjengeleg i eit friluftsperspektiv. Dette skuldast i hovudsak bratt topografi, definert som område med helling over 25 grader. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 21
Prosent Kvm Arealstatus i strandsone, kvm pr. innbyggjar 8000 7000 6000 5000 4000 3000 2000 1000 0 372 293 6582 49084741 3936 6711 5177 2807 2286 7876 5899 Inngrepsfri strandsone kvm pr. innbyggjar Tilgjengeleg strandsone kvm pr. innbyggjar 2938 2050 1775 1335 1177 752 Tal nedafor syner store avvik mellom SSB sine tal og tal frå strandsoneprosjektet (SRS). I hovudsak skuldast dette to faktorar; for det første tek ikkje SSB med øyar utan fastsamband, og for det andre er vurdering av tilgjengeleg strandsone basert på hellingsgrad vurdert ulikt. SSB definerer helling over 10 grader som utilgjengeleg strandsone. Strandsoneprosjektet vurderer helling opp mot 25 grader som normalt godt tilgjengeleg i eit friluftsperspektiv for folk flest. Størst avvik i resultat har Fitjar kommune med om lag 2 gangar så mykje tilgjengeleg strandsone enn tal frå SSB syner. Hovudårsaka til dette avviket er Fitjarøyane med den mangfaldige skjergarden av øyar og holmar som ikkje er teke med i nasjonal statistikk grunna mangel på fastsamband. Tilgjengeleg stransoneareal, prosentvis 70,0 60,0 50,0 40,0 30,0 20,0 10,0 0,0 SSB SRS SSB si kartlegging syner 25,6 % tilgjengeleg strandsone for Sunnhordlandsregionen Strandsoneprosjektet syner til samanlikning 49,4 % tilgjengeleg strandsone for Sunnhordlandsregionen 22 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
4.2 Kommunevis areal- og planstatus 4.2.1 Austevoll kommune Austevoll kommune ligg nordvest i Sunnhordland, ut mot havgavet. Det er registert 4.571 innbyggjarar i kommunen (01.01.10). Storebø er den største tettstaden, med vidaregåande skule, handelssenter og administrasjonssenteret. Elles er det mange små tettstadar/grender rundt om i kommunen, m.a. Kolbeinsvik, Bekkjarvik og Torrangsvåg. Om lag 32 % bur i tettbusette strøk. Kommunen består av fleire store og små øyar. Totalt har kommunen har eit areal på om lag 114,2 km 2, derav er om lag 34 % strandsone (100-metersbeltet). Tradisjonelt er strandsona ein viktig ressurs i kommunen, både for busetnad, næringsliv, landbruk og friluftsliv. Fiskeri, offshore og havbruk er kommunen sine største næringar. Statuskartlegginga for strandsona syner at om lag 78,5% av strandsona er utan tekniske inngrep, dvs. inngrepsfri, og om lag 60,5 % av strandsona er utan tekniske inngrep og med tilgjengeleg topografi, dvs. tilgjengeleg strandsone i eit friluftsperspektiv. Om lag 22,4 % av strandsona er utilgjengeleg på grunn av bratt terreng (>25 graders helling). Bygg utgjer den største inngrepsfaktoren i kommunen. Store samanhengande område utan inngrep kan ein finna på Store Kalsøy, Hundvåkøy, Stolmen, Fugløyi, ved Hufthammar og sør på Selbjørn. Det ein ser ut frå analysane er at ein finn inngrepsfri og tilgjengeleg areal både på busette og ikkje busette øyar. Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Austevoll kommune berre har 33 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 60,5 % og skuldast i hovudsak at SSB ikkje tek med øyar utan fastsamband, og at fysisk utilgjengeleg areal er definert som brattleik > 10 grader. Tabell 3. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Tilgjengeleg Utilgjengeleg Inngrepsfri Inngrep i strandsone strandsone basert på strandsone strandsona (for friluftsliv) inngrep Utilgjengeleg topografi Austevoll kommune 78,5% 21,5% 60,5% 21% 18,5% Fastland (inkl. øyar med vegsamband) 73% 27% 55,4% 26,3% 18,3% Alle øyar 89% 11% 70,3% 10,7% 19% 4.2.2 Bømlo kommune Bømlo kommune ligg i vestre del av Sunnhordland, mot havgapet. Det er per 01.01.10 registert 11.275 innbyggjarar i kommunen. Svortland er den største tettstaden med vidaregåande skule, handelssenter og administrasjonssenter. Utanom Svortland er det fire lokalsenter i kommunen; Mosterhamn, Rubbestadneset, Finnås og Langevåg. Busetnaden elles er av spreitt karakter. Om lag 53 % bur i tett busette strøk. Kommunen er langstrekt og dominert av kyst- og øylandskap. Av eit samla areal på 234,9 km 2 er om lag 28 prosent strandsone (100-metersbeltet). Tradisjonelt er strandsona ein viktig ressurs i Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 23
kommunen, både for busetnad, næringsliv, landbruk og friluftsliv. Fiskeoppdrett- og foredling, offshore og servicenæringar og landbruk er dominerande næringsvegar i kommunen. Bømlo har om lag 80 prosent inngrepsfri strandsone. Elles i kommunen er det større innlandsområde utan tekniske inngrep. Store samanhengande område utan inngrep er å finna på dei fleste øyane utan vegsamband, samt øyane/områda Hiskjo, Rolvsnes, Aga, Agasøster, Gisøya, Goddo, Langevåg, Børøya og Moster som har vegsamband. Øyar utan vegsamband har om lag 94 prosent inngrepsfri strandsone. Statuskartlegginga for strandsona syner at om lag 80% av strandsona er utan tekniske inngrep, dvs. inngrepsfri, og om lag 67 % av strandsona er utan tekniske inngrep og med tilgjengeleg topografi, dvs. tilgjengeleg strandsone. Det er store interne forskjellar i kommunen. Strandsona på øyar med vegsamband til fastland har minst inngrepsfri og tilgjengeleg strandsone, medan større område på øyar utan vegsamband er inngrepsfri og tilgjengeleg. Bygg utgjer den største inngrepsfaktoren i kommunen. Om lag 16% av strandsona er utilgjengeleg på grunn av bratt terreng (>25 graders helling). Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Bømlo kommune berre har 31 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 67 % og skuldast i hovudsak at SSB ikkje tek med øyar utan fastsamband, og at fysisk utilgjengeleg areal er definert som brattleik > 10 grader. Tabell 4. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Tilgjengeleg Utilgjengeleg Inngrepsfri Inngrep i strandsone strandsone basert strandsone strandsona (for friluftsliv) på inngrep Utilgjengeleg topografi Bømlo kommune 80,6% 19,4% 66,9% 18,8% 14,3% Fastland (inkl. øyar med vegsamband) 73% 27% 61,4% 26,6% 12,1% Alle øyar 94% 6% 76,5% 5,5% 18% 4.2.3 Etne kommune Etne kommune ligg søraust i Sunnhordland, og grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda. Det er registert 3.882 innbyggjarar i kommunen (01.01.10). Etne er den største tettstaden og er administrasjonssenteret. Skånevik er den andre store tettstaden i kommunen, og elles er det mange små grender rundt om. Om lag 41 % bur i tett busette strøk. Kommunen er langstrekt med stor variasjon i natur og landskap, frå fjellvidder til fjord- og øyrike. Kommunen har eit areal på om lag 700 km 2, derav er om lag 1,7% strandsone (100-metersbeltet). Tradisjonelt er strandsona ein viktig ressurs i kommunen, både for busetnad, næringsliv, landbruk og friluftsliv. Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Hordaland. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. 24 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Eksisterande menneskeleg inngrep i strandsona, som t.d. bustadar, anlegg og dyrka mark avgrensar seg i stor grad til vegnettet som i store deler av kommunen går i og/eller nær strandsona. I store deler av kommunen er vegnettet knytt til 100-metersbeltet, slik er det også for område med busetnad og næringsliv. Bygg, veg og innmark utgjer dei største inngrepsfaktorane i kommunen. Etne har over 50 % inngrepsfri strandsone. I tillegg har kommunen store område i fjellet som kjem inn under definisjonen inngrepsfri sone og villmarksprega naturområde (Inngrepsfrie naturområde INON). Dette vil sei at Etne kommune har ein stor andel av inngrepsfri natur (strandsone kartlegging og INON). Etne kommune ligg sentralt plassert ved at Europaveg 134 går gjennom kommunen. I store deler av kommunen kan ein finna opparbeidde turstiar, badeplassar, hamneanlegg og overnattingsplassar. I eit friluftsperspektiv gjer dette kommunen til ein attraktiv ferie- og rekreasjonsdestinasjon. Topografisk har Etne kommune ei lite tilgjengeleg strandsone. Dersom ein utelukkande analyserer strandsona med omsyn til topografi er om lag 50 % av strandsona i Etne utilgjengeleg (jf. definert helling > 25 grader). Strandsona sin bratte topografi har påverka busetnadsmønsteret, samt vegframføring. Nordsida av Åkrafjorden er i stor grad inngrepsfritt, og også topografisk lite tilgjengeleg. Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Etne kommune berre har 6,2 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 23,5 % og skuldast i hovudsak at SSB definerar at fysisk utilgjengeleg areal som brattleik > 10 grader. Tabell 5. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Inngrepsfri strandsone Inngrep i strandsona Tilgjengeleg strandsone (for friluftsliv) Utilgjengeleg strandsone basert på inngrep Utilgjengeleg topografi Etne kommune 55,5% 44,5% 23,5% 43,5% 33,0% 4.2.4 Fitjar kommune Fitjar kommune består av nordleg halvdel av Stordøya, samt Fitjarøyane. Det er registert 2.931 innbyggjarar i kommunen (01.01.10). Fitjar er den største tettstaden, med skuler og handelssenter og administrasjonssenter. Om lag 46 % bur i tett busette strøk. Kommunen har eit areal på om lag 134 km 2, derav er om lag 16,5% strandsone (100-metersbeltet). Fitjarøyane utgjer til saman 381 øyer, holmar og skjær. Dei ytste øyane av skjergarden tilhøyrar Bømlo kommune. Kommunen har stor variasjon i natur og landskap, frå fjell til øy, vikar og holmar. Tradisjonelt er strandsona ein viktig ressurs i kommunen, både for busetnad, næringsliv, landbruk og friluftsliv. Området kring Fitjar har vore busett sidan steinalderen, og kommunen har ein rik historie. Historisk har handelsstadar i øyane (Færøysund, Bekkjarvik, Engesund og Brandasund) vore sentrum i kommunen. Det er rike tradisjonar for næringsaktivitetar som er knytt til sjø og sjø som transportåre i kommunen. Av dei største arbeidsplassane i kommunen som ikkje er knytt til fiske og jordbruk, er Wärtsilä Ship Design, Fitjar Betongindustri og Engevik og Tislevoll. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 25
Eksisterande menneskeleg inngrep i strandsona, som t.d. bustadar, anlegg og dyrka mark avgrensar seg til nokre få område på fastlandet; Fitjar, Vestbøstad, Kråko, Årskog, Landa, Koløy, Dåfjorden, Sandvikvåg/Skumsnes, samt Hovland, Raunholm og Eide langs E39. I Fitjarøyane er inngrepa fordelt utover dei største øyane og er i stor grad enkeltbygg/tun og leidningsnett. Statuskartlegginga for strandsona syner at om lag 84 % av strandsona er utan tekniske inngrep, dvs. inngrepsfri, og om lag 62 % av strandsona er utan tekniske inngrep og med tilgjengeleg topografi, dvs. tilgjengeleg strandsone. Det er store interne forskjellar i kommunen. Strandsona på fastlandet har minst inngrepsfri og tilgjengeleg strandsone, medan store område i Fitjarøyane er inngrepsfri og tilgjengeleg. Bygg og innmark utgjer dei største inngrepsfaktorane. Om lag 25% av strandsona er utilgjengeleg på grunn av bratt terreng (>25 graders helling). Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Fitjar kommune berre har 23 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 63 % og skuldast i hovudsak at SSB ikkje tek med øyar utan fastsamband, og at fysisk utilgjengeleg areal er definert som brattleik > 10 grader. Tabell 6. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Inngrepsfri strandsone Inngrep i strandsona Tilgjengeleg strandsone (for friluftsliv) Utilgjengeleg strandsone basert på inngrep Utilgjengeleg topografi Fitjar kommune Fastland (inkl. øyar med vegsamband) 84,2% 15,8% 62,8% 14,9% 22,3% 67,7% 32,3% 52,2% 31,1% 16,7% Fitjarøyane 92,4% 7,6% 68,1% 6,8% 25,1% 4.2.5 Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune ligg nordaust i Sunnhordland, ved innløpet av Hardangerfjorden. Det er registert 13.187 innbyggjarar i kommunen (01.01.10). Husnes er den største tettstaden, med vidaregåande skule og handelssenter, medan Rosendal er administrasjonssenteret. Om lag 60 % bur i tett busette strøk. Kommunen har eit areal på om lag 1080,5 km 2, derav er om lag 4 % strandsone (100-metersbeltet). Kommunen er langstrekt med stor variasjon i natur og landskap, frå store fjellvidder til fjord- og øylandskap. Tradisjonelt er strandsona ein viktig ressurs i kommunen, både for busetnad, næringsliv, landbruk og friluftsliv. Det er rike tradisjonar innanfor båtbyggeri og andre næringsaktivitetar som er knytt til sjø i kommunen. Av dei større verksemdene er m.a. Umoe Schat- Harding, Eide Marine Service, Eidsvik skipsbyggeri og Hellesøy verft. Forutan Kvinnherad kommune som arbeidsgjevar er Sør-Norge Aluminium AS ein stor arbeidsgjevar i kommunen. 26 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Eksisterande menneskeleg inngrep i strandsona, som t.d. bustadar, anlegg og dyrka mark avgrensar seg i stor grad til vegnettet som i store deler av kommunen går i og/eller nær strandsona. I store deler av kommunen er vegnettet knytt til 100-metersbeltet, såleis også busetnad og næringsliv. Temakarta speglar dette ved at store deler av sørvestleg del av Halsnøy, langs Kvinnheradfjorden og Maurangerfjorden er definert som strandareal med inngrep. Statuskartlegginga for strandsona syner at om lag 61% av strandsona er utan tekniske inngrep, dvs. inngrepsfri, og om lag 40,3 % av strandsona utan tekniske inngrep og med tilgjengeleg topografi, dvs. tilgjengeleg strandsone. Det er store interne forskjellar i kommunen. Strandsona på fastlandet har minst inngrepsfri og tilgjengeleg strandsone, medan større område på øyane er inngrepsfri og tilgjengeleg. Bygg, innmark og veg utgjer dei største inngrepsfaktorane. Om lag 31% av strandsona er utilgjengeleg på grunn av bratt terreng (>25 graders helling). Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Kvinnherad kommune berre har 17 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 40,3 % og skuldast i hovudsak at SSB ikkje tek med øyar utan fastsamband, og at fysisk utilgjengeleg areal er definert som brattleik > 10 grader. Tabell 7. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Inngrepsfri strandsone Inngrep i strandsona Tilgjengeleg strandsone (for friluftsliv) Utilgjengeleg strandsone basert på inngrep Utilgjengeleg topografi Kvinnherad kommune Fastland (inkl. øyar med vegsamband) 61,8% 38,2% 40,3% 36,9% 22,8% 54% 46% 28,5% 47,3% 24,2% Alle øyar 73,7% 26,3% 53,6% 25,3% 21,1% 4.2.6 Stord kommune Stord kommune består av sørleg halvdel av Stordøya, samt ein del større og mindre øyar. Stord kommune har eit landareal på om lag 137 km 2, derav 8 % strandsone (100-metersbeltet). Det er registert 17.565 innbyggjarar i kommunen (01.01.10). Leirvik er sentrum i byen Stord med handelsstad, skule og kommunal administrasjonssenter. Sagvåg er største tettstaden etter Leirvik i kommunen og elles er det mange små grender/lokal senter rundt om i kommunen. Om lag 87 % bur i tett busette strøk. Geologi og topografi er avgjerande faktorar for utnyttinga av areala på øya. Busetnad, næringsverksemd og landbruksdrift er hovudsakleg knytt til dei lågareliggande områda og område med god bonitet. Høgareliggande område av Stordøya og øyane kring Stordøya er dominert av urørt natur der landskapet er karakterisert av karrig vegetasjon. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 27
Næringslivet i Stord kommune er for det meste knytt til offshore/maritime næringar, offentleg og privat tenesteyting og landbruk. Ein del av dei store industriområda er knytt til strandsona. Historisk sett er næringsgrunnlaget og busetnaden i kommunen knytt til sjø- og naturressursar. I tillegg til inngrepsfri strandsone er det i kommunen større skogs- og fjellområde utan store tekniske inngrep. Store strand områder utan inngrep er å finna på Huglo, Storsøy, Nautøy og Alnavågen og Stokken/Dåfjorden. Hovudtyngda av inngrepsfrie område finn ein på øyane kring Stordøya. Bygg og veg utgjer dei største inngrepsfaktorane. Arealstatuskartlegginga for strandsona syner at 60 % av strandsona er utan tekniske inngrep, dvs. inngrepsfri, og om lag 47 % av strandsona er utan tekniske inngrep og med tilgjengeleg topografi, dvs. tilgjengeleg strandsone. Det er store interne forskjellar i kommunen. Strandsona på Stordøya har minst inngrepsfri og tilgjengeleg strandsone, medan større område på øyane er inngrepsfrie og tilgjengelege. Ca. 15 % av strandsona er utilgjengeleg på grunn av bratt terreng(>25 gradershelling). Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Stord kommune berre har 28 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 47 % og skuldast i hovudsak at SSB ikkje tek med øyar utan fastsamband, og at fysisk utilgjengeleg areal er definert som brattleik > 10 grader. Tabell 8. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Inngrepsfri strandsone Inngrep i strandsona Tilgjengeleg strandsone (for friluftsliv) Utilgjengeleg strandsone basert på inngrep Utilgjengeleg topografi Stord kommune 60% 40% 47% 40% 13% Fastland (inkl. øyar med vegsamband) 37,9% 62,1% 40,1% 48,6% 11,3% Alle øyar 69,4% 30,6% 60,2% 24,6% 15,2% 4.2.7 Sveio kommune Sveio kommune ligg i sørvestleg del av Sunnhordland, og grensar til Rogaland fylke. Det er registrert 4.999 innbyggjarar i kommunen (01.01.2010). Sveio er den største tettstaden med handelssenter, skule og administrasjonssenter. Andre tettstadar er Førde og Valevåg, elles er det fleire små bygder rundt om i kommunen. Om lag 29% bur i tett busette strøk. Kommunen består i hovudsak av fastland. Kommunen har eit areal på om lag 223,9 km 2, der av 9% strandsone (100-metersbeltet). I sør er landskapet småkupert og skiftar mellom dyrka mark og store utmarksvidder, lyngheier, våtmarksområde, skogkledde lier og forblåste knausar. I nord er det meir fjell og barskog. 28 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Tradisjonelt er strandsona ein viktig ressurs i kommunen, både for busetnad, næringsliv, landbruk og friluftsliv. Primærnæringane står sterkt i kommunen, elles er mykje av arbeidskrafta å finna i offentleg tenesteyting. Samstundes er Sveio i stor grad ein pendlarkommune. Større områder utan inngrep er å finna i områda kring Førdespollen, Mølstravågen og Tittelsnes. Ein ser at hovudtyngda av inngrepsfrie område finn ein på øyane, samt større strekk utan vegtilkomst. Det er stor forskjell internt i kommunen. Ein kan sjå ut frå temakarta at hovudtyngda av eksisterande inngrep ligg i og i nærleik av tett busette område som Valevåg, Liereid, Akulandshamn, Buavåg, Mølstrevåg, Vikse, Fjon/Vaga, Erve, Framnes og Håvardholm. Statuskartlegginga for strandsona syner at 66,6 % av strandsona er utan tekniske inngrep i Sveio kommune, dvs. inngrepsfri, og om lag 54,3 % av strandsona utan tekniske inngrep og med tilgjengeleg topografi, dvs. tilgjengeleg strandsone. Det er store interne forskjellar i kommunen. Bygg, innmark og veg utgjer dei største inngrepsfaktorane. Om lag 16% av strandsona er utilgjengeleg på grunn av bratt terreng (>25 graders helling). Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Sveio kommune berre har 30 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 54,3 % og skuldast i hovudsak at SSB ikkje tek med øyar utan fastsamband, og at fysisk utilgjengeleg areal er definert som brattleik > 10 grader. Tabell 9. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Tilgjengeleg Utilgjengeleg Inngrepsfri Inngrep i strandsone (for strandsone basert strandsone strandsona friluftsliv) på inngrep Utilgjengeleg topografi Sveio kommune 66,6% 33,4% 54,3% 33,1% 12,6% 4.2.8 Tysnes kommune Tysnes kommune ligg midt i Sunnhordland og ved innløpet til Hardangerfjorden. Det er registert 2.779 innbyggjarar i kommunen (01.01.2010). I sommarhalvåret aukar folketalet betrakteleg grunna fritidsturistar. Uggdal er kommunesenteret der ein m.a. kan finna kommuneadministrasjonen og matvareforretning. Våge (Tysnesbygda) er den største tettstaden i kommunen, elles er det mange små grender rundt om i kommunen. Om lag 19 % bur i tett busette strøk. Kommunen har eit areal på om lag 245 km 2, derav er om lag 12,1 % strandsone (100-metersbeltet). Kommunen har eit stort areal som gir variasjon i natur og landskap, frå fjelltoppar til øyer, holmar og skjær. Næringslivet i Tysnes kommune er for det meste knytt til fiske og landbruk, samt offentleg og privat tenesteyting. Tysnes er eit populært mål for båtturistar og det er registrert mange fritidsbygg i Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 29
kommunen (om lag 1.200). Havet og sjøen har hatt stor tyding for tysnesingar i alle tider og det er sterke tradisjonar for båtbygging. Ved å differensiera mellom fastland og alle øyane i kommunen ser ein at det er stor forskjell internt i kommunen. Overkant av 30 % av strandsona på fastlandet består av inngrep, medan på øyane er om lag 10 % av strandsona omfatta av inngrep. hovudtyngda av eksisterande inngrep ligg i og i nærleik av tettstadane Våge, Uggdal, Lunde, Onarheim/Vattedal, og bygdene på Reksteren og ved Hodnanes/Flatråker. Statuskartlegginga for strandsona syner at 73,9% av strandsona utan tekniske inngrep i Tysnes kommune, dvs. inngrepsfri, og 55,6 % av strandsona utan tekniske inngrep og med tilgjengeleg topografi, dvs. tilgjengeleg strandsone. Om lag 24% av strandsona er utilgjengeleg på grunn av bratt terreng (>25 graders helling). Dersom ein samanliknar tal frå SSB med dei som kjem fram av vedlagte analyse syner dei at Tysnes kommune berre har 28 % tilgjengeleg strandsone. Dette er betydeleg mindre enn 55,6 % og skuldast i hovudsak at SSB ikkje tek med øyar utan fastsamband, og at fysisk utilgjengeleg areal er definert som brattleik > 10 grader. Tabell 10. Prosentvis fordeling av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsoneareal. Inngrepsfri strandsone Inngrep i strandsona Tilgjengeleg strandsone (for friluftsliv) Utilgjengeleg strandsone basert på inngrep Utilgjengeleg topografi Tysnes kommune 73,9% 26,1% 55,6% 25,4% 19% Fastland (inkl. øyar med vegsamband) 69,3% 30,7% 49,6% 29,8% 20,6% Alle øyar 90% 10% 76,5% 9,5% 14% 30 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
5 Fase 2 - Funksjonell strandsone Det er gjennomført kartlegging av funksjonell strandsone for eksempelområde i alle kommunane. Områda er valt ut av kommunane, og representerer til saman mange ulike problemstillingar. Målet med denne kartlegginga var å teste metoden slik den er utvikla i ressursgruppa, og samstundes bidra til at kommunane får erfaringar med praktisk bruk av metoden. Dette har ført til fleire korrigeringar i vurderingskriteria. Arbeidet bygger delvis på rettleiar utarbeidd av Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland, samt liknande kartleggingsarbeid utført i andre delar av landet. Områda er synfara i hovudsak frå båt, med flyfoto og kartgrunnlag som støttemateriale. For kommunane Etne og Kvinnherad vart det forsøkt kartlegging i hovudsak basert på gode skråfoto. Dette føreset god lokalkunnskap. Arbeidet er gjennomført av Akvator AS og representantar frå kommunane. Fleire kommunar har teke med politikarar på synfaringa, og prøver slik å forankra metode og kartlegging hos avgjerdslestakarane. 5.1 Kriterium for fastsetjing av funksjonell strandsone Basert på definisjonen av funksjonell strandsone er det utarbeidd sju kartleggingskriterium. Til saman vil kriteria gi eit heilskapleg og konkret grunnlag for kvalitetsvurdering og differensiering av strandsona. I område der inga av kriteria er framtredande og gjev grunnlag for ei differensiert strandsone, vert 100-metersbeltet vidareført. Funksjonell strandsone er kartlagt ut frå dagens situasjon og tek ikkje høgde for evt. framtidig utbygging av område. Det er ikkje gjort vurderingar knytta til fastsetjing av nye byggjegrenser i dei ulike områda. Avgrensingar er søkt fastsett i tråd med definerte kriteria som biologisk mangfald, landskap, kulturminne/kulturmiljø, friluftsliv, landbruk, eksisterande infrastruktur og eksisterande plan. I det vidare vert desse kriteria utdjupa nærare. 5.1.1 Biologisk mangfald Område med stort og/eller særprega biologisk mangfald skal kartleggjast etter retningsliner utarbeida av Direktoratet for naturforvaltning (DN). Områda er prioriterte i tre kategoriar; A (svært viktig), B (viktig) og C (lokal verdi). Kriteria for denne prioriteringa er gjort på bakgrunn av området sin kvalitet og innhald av raudlisteartar. Alle desse områda vert vekta høgt dersom lokaliteten er knytta til strandsona. Anna biologisk mangfald som er knytta til strandsona og som har kvalitetar og relasjon til strandarealet, t.d. strandeng og sumpområde, vil vera ein del av vurderinga. For større vassdrag vert delar av elveosen teke med som ein del av funksjonell strandsone. Dette er gjort for å hindra utbygging nær elva og osen som er ein viktig biologisk biotop. Område verna etter naturvernlova (naturmangfaldlova) Område registrert med viktig biologisk mangfald (naturtypar, viltkartlegging) Anna biologisk mangfald, uregistrert Større vassdrag Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 31
5.1.2 Landskap Strandsona kan ha kvalitetar som er knytta til eit landskapsrom som naturleg vender seg mot stranda/sjøen. Landskapsrommet vert då ei naturleg topografisk avgrensing. Landskapselement kan ha verdiar i høve til elementa lokal identitet, heilskap, urørt landskap og særmerka former. I større urørte område, samt særmerka og tydelege landskapselement, som t.d. nes, er dette kriteriet lagt spesielt stor vekt på i denne analysen. Topografi og brattleik er avgjerande for i kva grad området er tilgjengleg i friluftssamanheng, samt kor eigna området er for ulike arealføremål, som t.d. byggjeområde. Brattleiksanalysen frå fase 1 tek utgangspunkt i at areal brattare enn 25 graders helling er utilgjengeleg. Saman med andre kriterium vert større parti som er brattare enn 25 graders helling teke med som ein del av funksjonell strandsone og linja sett ovafor det bratte partiet for å hindra silhuettutbygging. Brattleiksanalysen vert nytta i samanheng med andre kriterium og forsterkar grunnlaget for vurderinga. Det er trong for ytterlegare metodeutvikling for kartlegging av strandsonelandskapet. Mellom anna er det trong for vurderingar knytt til område med bratte fjellområde. Metodeutvikling bør vera del av vidare arbeid med prosjektet. Landskapsrom/landskapselement Topografi bratte område Inngrepsfrie naturområde i Norge (INON) 5.1.3 Kulturminne/kulturmiljø Automatisk freda kulturminne er kartlagt og tilgjengeleg i databasen Askeladden (Riksantikvaren). Kulturminne som har tilknyting til strandsona er lagt vekt på i vurderinga. Bygnings- og landskapsmiljø som er knytta til strand/sjø vert vurdert som ein del av den funksjonelle strandsona. Område med svært spesielle kvalitetar, som t.d. heilskaplege bygningsmiljø, vert saman med kriteriet topografi/landskap vekta høgt. Automatisk freda kulturminne Sefrak registreringar Kulturmiljø/kulturlandskap 32 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
5.1.4 Friluftsliv Statleg sikra friluftsområde er lokalt og regionalt viktig for rekreasjon og friluftsliv. Det er difor viktig at slike område får ein viss inngrepsfri buffer kring seg. Statleg sikra friluftsområde Regionale friluftsområde Lokale friluftsområde Lokale badeplassar/friområde Hordaland fylkeskommune har kartlagt viktige regionale friluftsområde for både sjø- og landareal. Fylkeskommunen har mellom anna lagt kriterie som bruk, opplevingskvalitet, symbolverdi og tilrettelegging til grunn for klassifisering av områda. Områda er delt inn i kategoriane A (svært viktig), B (viktig) og C (registrert). Dette kriteriet er vekta i samspel med topografi/landskap og kulturminne/kulturmiljø. Fastsetjing av funksjonell strandsone kan gi bakgrunnsinformasjon og beslutningsgrunnlag for å sikra lokale badeplassar og lune viker som vert nytta til friområde. Kriteriet friluftsliv vert sterkt knytta saman med kriteriet landskap. 5.1.5 Landbruk Tilgjengeleg strandsone for ålmenta kan definerast som område med fri ferdsel etter Friluftslova, samt tilgjenge i høve til topografi. I følgje Friluftslova er det fri ferdsel i utmark, med eit par unntak. Der innmark (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) går heilt ned i sjøkanten er det ikkje fri ferdsel i 100-metersbeltet. Landbrukskriteriet vert vektlagt der innmark går ned til sjø og funksjonell strandsone vert sett anten på 100-metersbeltet eller på bakgrunn av særeigne og avgrensa landskapsrom. Dyrka mark Kjerneområde for landbruk Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 33
5.1.6 Eksisterande infrastruktur Område med infrastruktur vert vurdert i høve til landskapsrom og tilknyting til strand/sjø. Veg Busetnad Sjøtilknytt bygningsmiljø Sjøtilknytt busetnad er ein del av strandsona, t.d. naustmiljø og rorbu/hyttenaust. Konsentrert bustadområde vil vera ei naturleg avgrensing for den funksjonelle strandsona. FS vil verta sett anten langs veg eller næraste bygg til sjø der strandsona allereie er privatisert. I spreidt utbygde område vert det gjort ei vurdering i høve til området sine strandsoneverdiar, og funksjonell strandsone vert sett på bakgrunn av eksisterande infrastruktur eller landskapsrom. Ein veg kan vera ei naturleg avgrensing mellom urørt areal og utbygde område, eller mellom landskapselement- og bruk. Det er skilt mellom hovudveg og privat/skogveg. Veg som avgrensande kriterium er nytta i område der vegen er ei klar barriere mellom ulike landskapselement og/eller bruksmessige tilhøve. 5.1.7 Eksisterande plan Der det er eksisterande regulerings- eller utbyggingsplanar med fastsett byggjegrense mot sjø, vert den funksjonelle strandsona ikkje vurdert på nytt og linja vert sett i samsvar med plan. For planar utan byggjegrense mot sjø vert funksjonell strandsone vurdert med hovudvekt på landskap og eksisterande infrastruktur. Kommuneplan Reguleringsplan 34 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Tabell 11 Skjematisk oversikt over kartleggingskriterium Forslag til kriterium for kartlegging av funksjonell strandsone Tema Forslag til delkriterie/vurdering Bakgrunn Biologisk mangfald Område verna etter naturvernlova FS ikkje vurdert Verna gjennom forskrift Område registert med viktig biologisk mangfald Innlemma i FS eller økologisk knytt til strandsona Anna biologisk mangfald, uregistrert Innlemma i FS om knytt til strandsona Samstundes vurdera samanhengen med landskapsrom/-element Større vassdrag Osen Landskap Topografi Lengre/større bratteparti Samstundes vurdera samanhengen med landskapsrom/-element Landskapsrom/-element Inngrepsfrie område i Noreg (INON) Del av FS ved særeigne/tydelege formasjonar, element Del av FS Samstundes vurdera samanhengen med landskapsrom/-element Kulturminne Automatisk freda kulturminne Innlemma i FS om knytt til strandsona Kulturmiljø/landskap Innlemma i FS om knytt til strandsona Friluftsliv Statleg/kommunalt sikra friluftsområde Innlemma i FS Regionale friluftsområde Del av vurderinga i høve verdien av området Lokale badeplassar/friområder Innlemma i FS Landbruk Dyrka mark (fulldyrka, overflate dyrka, innmarksbeite) 100-metersbeltet eller landskapsrom I utgangspunktet verna gjennom Jordlova og PBL, men vert vurdert i høve storleik, kvalitet, potensiale, utbyggingspress Kjerneområde for 100-metersbeltet eller Sjåast i samanheng Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 35
landbruk landskapsrom med tema landskap Infrastruktur Veg Differensiera mellom hovudveg og skogsveg/sti. Avgrensing for FS der veg er ein klar barriere/endra bruk. Barriere mellom ulike landskapselement, bruksmessige tilhøve Busetnad Sjøtilknytt busetnad (naust, rorbu, spreidd fritidsbusetnad) Busetnad ned til sjø kan vera ein naturleg avgrensing av FS Kan vera ein del av FS Vurdering i høve storleik, privatiseringsgrad, omfang Vurdering i høve storleik, privatiseringsgrad, omfang Plan Reguleringsplan FS vurdert i reguleringsplanar utan byggegrense mot sjø FS kan setjast ved nærmaste bygg til sjø Kommuneplan Bandlagde område, friområde og naturområde i KP vert innlemma i FS Eksisterande byggeområde T.d. bandlagt grunna biologisk mangfald, kulturmiljø 5.2 Digitale data nytta i analysane Tilgjenglege digitale data: Felles kartdatabase (FKB) Digitalt markslagskart (forenkla DMK) Naturbasen (Direktoratet for naturforvaltning) Inngrepsfrie naturområde (INON-område, Direktoratet for Naturforvaltning) Databasen Askeladden og SEFRAK registeret (Hordaland Fylkeskommune) Kommuneplan Regionalt viktige friluftsområde (Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland) Flyfoto/ortofoto Skråfoto 5.3 Feilkjelder og usikkerheit Karta er utarbeidd frå eksisterande datagrunnlag. Feil og generaliseringar i datagrunnlaget og i analysane kan påverka kvaliteten på resultata. Vurderingane er gjennomførte på eit overordna nivå, og vil spegla realiteten på ein grov måte. Dette er likevel vurdert som tilstrekkeleg for eit kommuneplannivå. Kartlegginga i Etne og Kvinnherad er basert på bruk av skråfoto som er teke frå lufta og skrått ned på land. Dette krev god lokalkunnskap. Kartlegging av den funksjonelle strandsona er basert på 36 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
konkrete, men også skjønnsmessige kriteria. For å redusera feilmargin/feilkjelde bør det gjennomførast kontroll gjennom feltarbeid frå sjø og land. 5.4 Nytte av resultata Gjennom å kartlegga funksjonell strandsone får ein eit verktøy for vurdering av vern, tilpassa bruk og område som kan leggjast til rette for utbygging. Den enkelte kommune må vurdera bruken av funksjonell strandsone. Kartlegginga kan nyttast som: Grunnlag for fastsetjing av byggjegrense, der kommuneplanen sine føresegner vil definera kva infrastruktur og bygg/anlegg som kan liggja nærmare enn fastsett byggjegrense Grunnlag for fastsetjing av omsynssone, der byggjegrensa framleis vil vera på 100- metersbeltet Ein skyggeplan for vidare arealforvaltning og planrevisjon 5.5 Temakart eksempelområde funksjonell strandsone Det er gjennomført eit prøveprosjekt med kartlegging av funksjonell strandsone i kvar kommune for å vinna erfaring med metoden. Det er utarbeidd kommunevise rapportar som skildrar oppgåva og resultat i meir detalj. Desse rapportane er tilgjengelege som vedlegg til rapporten. Kartleggingar frå Austevoll, Fitjar og Kvinnherad er kort referert som døme nedafor. 5.5.1 Austevoll Vestre Vinnesvåg Store delar av området er i gjeldande kommuneplan synt som LNF-nei og LNF-ja. Det er lagt ut fleire naustområde spreidt utover heile området. Inst i Vestre Vinnesvågen er eit næringsområde lokalisert i strandsona. Store delar av området ber preg av busetnad heilt ned til sjø. Delar av strandsona er privatisert då bustadar, fritidsbustadar og veg er lagt i strandsona. Det er ingen gjeldande reguleringsplanar innafor området. Uglenes/Skarpneset er eit tydeleg landskapselement. Funksjonell strandsone er trekt inn på land basert på topografi og landskapsrom. Vikevåg har eit maritimt preg med naust og bryggearrangement i heile vågen. Vågen er ei god båthamn som ligg godt skjerma for vind og vèr. Det finst nokre bustadhus i området. På austsida av vågen ligg bustader på eit markant høgdedrag. På nedsida av bustadene er topografien bratt. Dyrka mark ligg ned til sjø inst i vågen. Det er fleire definerte landskapsrom som har tilknyting til strandsona. Funksjonell strandsone er vurdert til å liggja på oppsida av bratt topografi, samt langs veg. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 37
Ut mot Bekkjarneset og Teisneset er topografien mot sjø bratt. Det er eit tydeleg platå ovafor dei bratte områda. Dei fleste bygningane ligg meir enn 100 meter frå sjø. Teisneset er eit tydeleg landskapselement. Funksjonell strandsone er sett på oppsida av bratt topografi og i tydelege landskapsrom. Frå Vågen og inn til Vestre Vinnesvåg er også topografien mot sjø bratt. Det er eit fleire platå ovafor dei bratte områda. Ved badestranda i Vestre Vinnesvåg et det eit tydeleg landskapsrom som er ønskjeleg å ta i vare. Det finst nokre bustadhus og fritidshus i området. Funksjonell strandsone er vurdert til å liggja ovafor dei bratte områda og sikrar tydelege landskapsrom. Inst i Vestre Vinnesvåg er det registert to viktige naturtypeområde i form av edellauvskog og kystfuruskog. Begge desse områda er teke omsyn til, og funksjonell strandsone er sett til 100-metersbeltet då kystfuruskogen strekk seg fleire hundre meter inn på land. Området på Blenes utgjer spreidt utbygging, landbruksområde og naustmiljø. Funksjonell strandsone er vurdert ut frå topografiske tilhøve som bratte område og landskapsrom. Funksjonell strandsone er i hovudsak vurdert i forhold til landskap, bratte område og landskapsrom. For delar av områda er næraste bygg til sjø vurdert som kriterium. Tabell 12. Oversikt av kriterium som er vektlagt. Blå: vurdert kriterium, kvit: ikkje vurdert kriterium. Omr. Biologisk mangfald Landskap Kulturminne Kulturmiljø Friluftsliv Landbruk 1 X X X X X Infrastruktur Plan Figur 7 Kartlegging av funksjonell strandsone Austevoll (raud line) 38 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
5.5.2 Fitjar kommune sentrum Vestbøstad Delar av området er i gjeldande kommuneplan synt som byggjeområde, bustad og næring. Det er fleire reguleringsplanar innafor kartleggingsområdet, men berre sentrumsplan for Fitjar har definert byggjegrense. Areala frå Fitjar sentrum retning nordvest til Fitjar Mekaniske verkstad ber preg av busetnad, naust, handel og næring som ligg heilt ned til sjøkanten. Fitjar båthamn ligg i tilknyting til handelsbygget Larsen. Det er elles lite tilgjengeleg strandsone for ålmenta i dette området. Fylkesveg 75 (Fv75) er ein klar barriere når ein kjem ut frå handelsområdet. Funksjonell strandsone er vurdert til å liggja på næraste bygg til sjø og langs fylkesvegen. Ved verkstaden ligg det dyrka mark frå Fv75 og ned til sjø. Det er eit byggjefelt som i hovudsak ligg på oppsida av fylkesvegen, og der to av bygningane ligg på nedsida av Fv75. Den dyrka marka skaper eit klart landskapsrom saman med fylkesvegen og byggjefeltet. Funksjonell strandsone er vurdert til å liggja langs næraste bygning til sjø og langs fylkesvegen. I området mot Kalveid er det eit byggjefelt på (nedsida av) Fv75. Det er lokalisert eitt kulturminne på ein topp ved byggjefeltet og eitt nede ved sjøen (gravminne og forsvarsanlegg). På Kalveid går det dyrka mark ned til sjø og som skaper eit landskapsrom. Strandsona er lite ålment tilgjengeleg og funksjonell strandsone er vurdert til å gå langs næraste bygg til sjø og Fv75. Ut mot Kalvaneset er det eit større samanhengande bustadområde som strekk seg over heile neset. På austsida er det lokalisert eit naustmiljø og båthamn. Sjølve Kalvaneset er avsett i gjeldande kommuneplan som friluftsområde og friområde. Store delar av Kalvaneset er utilgjengeleg frå landsida, men frå båt er det godt tilgjengeleg. Funksjonell strandsone er vurdert til å gå langs næraste bygg til sjø, langs veg og i grense til friområde og friluftsområde. Delar av funksjonell strandsone inkluderer også kriteria bratt topografi til sjø og kulturminne. På vestsida av neset mot Vestbøstad forsett byggjefeltet sørover. Det er i gjeldande kommuneplan avsett eit større samanhengande friområde som ligg ned til sjø. Funksjonell strandsone er vurdert til å gå langs grensa til friområdet. Dette samsvarer tilnærma også kriteriet næraste bygg til sjø. Strandsona vidare frå byggjefeltet og til Vestbøstadvika er topografisk skjerma frå innlandet. Eit kulturminne (gravminne) er lokalisert innafor kartleggingsområdet. Inst i Vestbøstadvika er det eit klart definert landskapsrom av bergformasjonar og vegetasjon. Funksjonell strandsone er vurdert til å gå langs topografiske avgrensingar og landskapsrom. I vurdering av funksjonell strandsone er det lagt stor vekt på eksisterande busetnad, infrastruktur, privatiseringsgrad, friluftsliv og landskapsrom/topografi. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 39
Tabell 13. Oversikt av kriterium som er vektlagt i område 1. Blå: vurdert kriterium, kvit: ikkje vurdert kriterium. Biologisk Omr. mangfald Landskap Kulturminne Kulturmiljø Friluftsliv Landbruk Infrastruktur Plan 1 X X X X X X Figur 8 Kartlegging av funksjonell strandsone Fitjar (raud line) 40 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
5.5.3 Kvinnherad kommune Åkra Åkra er prega spreidt busetnad med jordbruksteigar og skogsområde til sjø. I fleire delområde finn ein busetnad og infrastruktur heilt ned til sjø. Topografi er ein avgjerande faktor for lokalisering av busetnad med infrastruktur og dyrka mark. På Vågsneset er det registrert fem område som er verdisett som svært viktig og viktig naturtype (beitemark). Alle desse strekk seg frå sjø og eit stykke inn på neset. Neset er eit typisk beitelandskap og er eit markant landskapstrekk. Funksjonell strandsone er vurdert til å gå langs 100- metersbeltet, ovafor registrert biologisk mangfald og til næraste bygg til sjø. Frå Vågsneset og mot Åkravika er topografi og landbruk avgjerande faktorar for kartlegging av funksjonell strandsone. Med bakgrunn i topografi og eksisterande infrastruktur er funksjonell strandsone sett langs veg frå Vågsneset til Nesheim. Langs dette strekket finn ein mellom anna ei badestrand som er vektlagt i kartleggingsarbeidet. Vidare finn ein dyrka mark på eit platå ovafor sjøen, der funksjonell strandsone er vurdert til å liggja i kant med dyrka mark mot sjø. Inn mot Åkravika går dyrka mark frå sjøkanten, og dannar eit landskapsrom 100-120 meter inn på land. Funksjonell strandsone inkluderer landskapsrommet, og er sett i kant med dyrka mark. Vegen som går ut til Vågsneset buktar seg langs sjøkanten inne i Åkravika. I overkant av vegen er det eit bratt bergparti. Vegen er ein klar barriere mellom strand og innland. Fram til Åkra kyrkje er funksjonell strandsone sett langs veg. Kyrkja og kulturminne kring kyrkja har samanheng med strandsona gjennom historisk bruk av sjøen som transportåre og er plassert med utsikt til sjø. Kring kyrkja er det dyrka mark. Funksjonell strandsone er vurdert til å liggja langs 100-metersbeltet. Osen til Vikaelva er inkludert ved at funksjonell strandsone er sett til 100-metersbeltet. Vest for Vikaelva er det eit større jordbrukslandskap som strekk seg frå sjø og langt inn på land. Funksjonell strandsone er sett til 100-metersbeltet. Frå Vikavika og sørover er området prega av spreidt busetnad, flekkar med innmark, vegar og bratt topografi. I hovudsak er funksjonell strandsone sett langs næraste veg til sjø, då den i området skaper ein klar barriere og/eller den samsvarer med topografi, landbruksområde og landskapsrom. I eit delområde er funksjonell strandsone trekt i nedkant av vegen på grunn av topografi og vegetasjon. I enden av vegen kjem ein til Bondehaug. Her er funksjonell strandsone trekt til næraste bygg til sjø. Bygningane ligg på ei rekkje mot sjø, og skaper ein klar barriere til område i bakkant. Det er lagt stor vekt på eksisterande infrastruktur, landbruk og landskapsrom. Funksjonell strandsone er i mange område sett langs veg, 100-metersbeltet, eller i overkant av bratte parti. Analysane for Åkra skil seg noko frå dei andre av di dei er søkt gjennomført utan synfaringar i området. Vurderingane er gjort basert på gode skråfoto, og lokalkjennskap som kommunen sit med. Tabell 14. Oversikt av kriterium som er vektlagt i området. Blå: vurdert kriterium, kvit: ikkje vurdert kriterium. Biologisk Omr. mangfald Landskap Kulturminne Kulturmiljø Friluftsliv Landbruk Infrastruktur Plan 1 X X X X X X Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 41
Figur 9 Kartlegging av funksjonell strandsone Kvinnherad (raud line) 42 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
6 Fase 3 forvaltning styringsverktøy Ny Plan- og bygningslov gjeldande frå 1.julii 2009 skjerpar byggjeforbodet i strandsona. I den nye lovføresegna ( 1-8) går det fram at byggjeforbodet gjeld "så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan". Utbygging i strandsona skal såleis som hovudregel vere i samsvar med overordna plan og ta omsyn til landskap, natur og friluftsliv. Med utgangspunkt i dette har det vore naudsynt å diskutere føresegner, arealføremål og forvaltningsreglar/styringsverkty for bruk og vern av strandsona som kan nyttast av kommunane i samband med overordna planlegging og sakshandsaming. Det er knytt utfordringar til utforming av føresegner for bruk og vern av strandsona. Mellom anna er det ikkje eige arealføremål for naust på kommuneplannivå. Arbeid knytt til juridiske planutfordringar er ikkje sluttført i forstudiet. Mellom anna er det ønskjeleg frå kommunane sin ståstad å få formulert gode føresegner til bruk i kommuneplanlegginga. I tillegg er det ønskjeleg å einast om felles og konsekvent bruk av arealføremål i kystsona, med eit tilleggsfokus på utforming av plankart. 6.1 Byggjegrense mot sjø Føresegna gjer det klart at det i kommuneplanen sin arealdel må vera fastsett ei byggegrense i områder der det skal tillatast utbygging dersom byggjeforbodet i 1 8 skal opphevast. Etter at overgangsperioden på fire år frå 1. juli 2009 er utgått, gjeld forbodet også driftsbygningar i primærnæringa. Det har gjennom planprosessen vore dialog med Miljøverndepartementet i konkrete spørsmål. Mellom anna var det var i utgangspunktet uklart i kva grad byggjeforbodet skal gjelde for regulerte byggeområde, og for eksisterande avsette byggjeområde i kommuneplan. Med tilvisning til overgangsbestemmelse i 34-2 fjerde ledd har departementet lagt til grunn at byggjeforbodet ikkje gjeld der heile eller delar av forbodssona er lagt ut til byggjeområde i plan som er vedteke etter PBL 85. Men ved rullering av kommuneplanen vert det fatta nytt planvedtak, og om det framleis skal vera opning for tiltak i 100-metersbeltet må det leggjast inn ei byggjegrense. Det gjeld også for dei byggjeområda som er ei vidareføring av eksisterande byggjeområde. Inntil kommuneplanen blir rullert gjeld planen slik den er vedtatt er PBL 85. I nye reguleringsplanar vil ei byggjegrense normalt inngå. Gjeldande reguleringsplanar som ikkje har ei definert byggjegrense vil bli omfatta av byggjeforbodet innanfor 100-metersbeltet, og det er naudsynt å fastsetja ny byggjegrense om tiltak skal tillatast. Dette gjeld også for område som er angitt for spreitt busetnad etter 11-11 nr.1 og 2. Der kommunen vedtek at tidlegare reguleringsplanar skal gjelde ved å bruke omsynssone etter 11-8, vil den grensa som går fram av desse planane gjelda. Kommunen bør i tilfelle gjennomgå desse planane med sikte på miljørevisjon før slikt vedtak fattast. Kartlegging av den funksjonelle strandsona (FS) kan nyttast som bakgrunnsinformasjon for å setja ei juridisk bindande byggjegrense mot sjø. Omgrepet funksjonell strandsone er definert og omtala tidlegare i dokumentet, jfr. kap 3.4. På denne måten kan ein differensiera strandsona ytterlegare i høve til bruk og vern av strandsona enn det byggje- og deleforbodet i plan- og bygningslova tillet. Alternativt kan FS liggja som ei omsynssone - retningsgjevande, men utan juridisk binding. I dette tilhøve vil 100-metersbeltet gjennom 1-8 2.ledd gjerast gjeldande. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 43
Konsekvensen av å setja ny byggjegrense kontra omsynssone er søkt skildra i figur 10 og 11 nedafor. Figurane syner kystline, 100-metersbeltet og alternative avgrensingar av strandsona. A og B er tiltak som til dømes bustad/fritidsbustad. Alternativ 1 ny juridisk bindande byggjegrense: Funksjonell strandsone er vurdert som eigna for ny byggegrense. Dette vil medføra at tiltak A kan verta avvist grunna at det ligg i den delen av strandsona som etter kartlegging er vurdert som mest verdifull, og innafor ny byggjegrense. Tiltak B kan, basert på same argumentasjon, verta godkjent sjølv om det ligg nærare sjø enn 100 meter. Figur 10 Fastsetjing av ny byggegrense Alternativ 2 funksjonell strandsone som omsynssone: I dette alternativet vert situasjonen det motsette av alternativ 1. Det skal særskilt gode grunnar til for at det vert gjeve løyve til tiltak B, sjølv om det er gjort retningsgjevande føringar gjennom kartlegging av funksjonell strandsone. Tiltaket vil uansett krevje dispensasjon eller plan. Tiltak A vert derimot vanskelegare å avslå med heimel i føresegner. I dette alternativet er 100-metersbeltet juridisk bindande byggjegrense. Figur 11 Funksjonell strandsone som omsynssone 44 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
Kartlegging av FS er ei kartlegging av strandsoneverdiar. I område med tydelege landskapstrekk, eller viktig biologisk mangfald kan avgrensinga av FS vera opplagt og tydeleg. I bebygde område kan avgrensinga vera vanskelegare å setja, og vil ofte vera eit resultat av ei samanstilling av kriterium som veg, tydelege bygningsrekker/miljø, friområde og landskap. Frittliggjande bygg og anlegg treng ikkje redusera strandsoneverdiane i eit område, men kan i enkelte høve. Bygg og anlegg kan såleis vera del av den funksjonelle strandsona, både i byggeområde og i LNF område. Område som er avsett til byggeområde i kommuneplanen, regulerte eller uregulerte, har ofte ikkje fastsett byggegrense mot sjø. I slike område kan ei kartlegging av strandsoneverdiane vera interessant informasjon for å sikra ein miljørevisjon av planane. Det vil i enkelte område likevel vera naudsynt å setje ei anna byggjegrense enn den funksjonelle strandsona, for slik å leggje til rette for at eksisterande eigedomar kan vidareutviklast innanfor fastsette rammer. Slik døme i figur 11 syner, er byggjegrensa i hovudsak sett 3 m frå fasadeliv på eksisterande bygningar. Nye tiltak skal som hovudregel plasserast vekk frå sjø. Denne tilnærminga gjer det mogleg å leggja til rette for nye tiltak der dette etter nærare vurderingar ikkje forringar strandsoneverdiane i område, samstundes gir det kommunen muligheit til å avgrensa og sikra restar av friområde og viktige ferdselskorridorar i strandsona. Det har i ressursgruppa vore diskutert å setje minimum byggjegrense mot sjø. Det er konkludert med at kartlegging av funksjonell strandsone, med påfølgjande vurderingar om fastsetjing av ny byggjegrense er eit betre og meir stadtilpassa verkty i strandsoneforvaltninga. Figur 12 Funksjonell strandsone (blå stipla line), ny byggjegrense (raud line) og 100-metersbeltet (svart line) 6.2 Bygg og anlegg i strandsona Det føl av PBL at det alltid krevjast reguleringsplan for større bygge- og anleggstiltak og andre tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn. Det er likevel ikkje slik at eit kvart tiltak i 100-metersbeltet anten er forbode eller krev utarbeiding av reguleringsplan. Det er derfor gitt ein generell regel i 1-8 fjerde ledd som opnar for at det i kommuneplanen sin arealdel kan definerast kva for bygg og anlegg som kan tillatast i strandsona, jfr. PBL 11-11 nr. 4. Dette gjeld særskilt for områda utanfor avsette byggjeområde etter 11-7 nr. 1. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 45
Plan- og bygningslova (2008) 11-11 Bestemmelser til arealformål etter 11-7 nr. 5. og 6. Nr. 2: at spredt bolig-, fritid- eller næringsbebyggelse og annen bebyggelse kan tillates gjennom behandling av enkeltvise søknader eller reguleringsplan når formålet, bebyggelsens omfang og lokalisering er angitt i arealplanen Nr. 4: å tillate nødvendige bygningar, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs sjøen med sikte på landbruk, reindrift, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs. Frå lovkommentaren: Nr. 4 gjelder spesielt for strandsonen langs sjøen, og må ses på bakgrunn av det alminnelige forbudet mot bygging i 100 metersbeltet langs sjøen, jf. 1 8. Her framgår at kommunen i arealdelen kan gi nærmere bestemmelser om oppføring av nødvendige bygninger og mindre anlegg, og opplag, for landbruk, reindrift, fiske, akvakultur, og anlegg for sjøverts ferdsel, i 100 metersbeltet. Dette omfatter også miljøvennlige anlegg og innretninger for atkomst, bruk og drift av offentlige friluftslivsområder og naturvernområder, men ikke private brygger. Det er denne bestemmelsen 1 8 fjerde ledd viser til. Rammen for hvilke tiltak som kan avklares og hjemles gjennom slike bestemmelser, er de unntak som til nå har vært angitt i 17 2 tredje ledd nr. 2 i PBL 1985. Det legges til grunn at slike bestemmelser ikke skal være til hinder for at det kan foretas ombygging av eksisterende driftsbygninger på gårdstun i strandsonen eller at de gjenoppføres etter brann eller ulykke. Med ferdsel til sjøs siktes det til vanlig transport av folk og varer på sjøen, herunder transport til helårsbolig. Friluftsmessig ferdsel, herunder båttrafikk i forbindelse med fritidsbolig langs sjøen, faller derimot utenfor. Bestemmelsen åpner altså ikke generelt for bygging av anlegg for fritidsbåter, eller for brygger i tilknytning til fritidsbolig. Større kaianlegg og lignende vil alltid kreve reguleringsplan. Brygger/tilkomst til eksisterande naust Det er i lovkommentaren presisert at private brygger ikkje kan omfattas av 11-11 nr 4. Eitt unntak frå dette gjeld brygger som er naudsynte for å gi eigedomar tilkomst. Miljøverndepartementet syner til at kommunen etter 11-11 nr. 2 kan gi føringar om at spreitt bustad, fritids- eller næringsbygg og anna bygg og anlegg kan tillatast gjennom handsaming av enkeltvise søknader eller reguleringsplan når føremålet, omfang og lokalisering er gitt i arealplan. Gjennom slike føringar er det også mogleg å leggje til rette for bygging av brygger. For at føresegna skal kunne gå føre byggeforbodet i 1-8, må i tilfelle bryggene si plassering eintydig gå fram av plankartet eller føresegna, jf 1-8 tredje ledd. Departementet føreslår såleis at mindre bryggeløysingar kan visast som LNF spreidd med føresegner for omfang og lokalisering. Kommunane i Sunnhordland er skeptiske til denne praksisen av hovudsakleg to årsaker: for det første vil ei slikt kartlegging vera eit svært omfattande arbeid i kommunar med lang kystline og mange eksisterande naustområde. I tillegg vil slik påteikning på plankart bidra til at plankarta vert ytterlegare kompliserte og vanskeleg leselege. Eksisterande bustad/fritidsbustad i LNF Ei nærliggande problemstilling er søknader om mindre tiltak på eksisterande bustader/ fritidsbustader som ligg i LNF- område i strandsona. Det nye lovverket stramar inn byggjeforbodet til også å gjelda tiltak som er friteke for søknad om løyve eller melding etter forskrift. Kommunane brukar mykje tid og ressursar på sakshandsaming av dispensasjonar knytt til mindre tiltak på eksisterande eigedomar. Det bør i det vidare diskuterast moglege løysingar som gir eksisterande 46 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
eigedomar rom for utvikling innanfor kommunane sitt eige sakshandsamingssystem. Kommuneplanen kan definera eksisterande eigedomar i kart eller føresegn, og leggja føringar for kva type tiltak som kan sakshandsamast administrativt utan dispensasjon (mindre påbygg, ikkje mot sjø, ikkje stenga ferdsel etc). Dette kan vera eit betre alternativ enn at det vert innført krav til dispensasjonssøknad eller reguleringsplan for tiltaka. Reguleringsplan for mindre tiltak fører ofte til at det vert planlagt større tiltak enn det som opphavleg var tiltenkt. 6.2.1 Naust Naust er ikkje eit eige arealføremål på kommuneplannivå. Kommunen kan gjennom føresegner til arealføremål etter 11-7 nr 5 (landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift, underformål areal for spredt bolig-, fritids- eller næringsbebyggelse mv.) og 6 (bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhørende strandsone) vise at det er opna for spreidd utbygging av naust. Dersom kommunen unntaksvis skulle ynskje å legge til rette for konsentrert naustutbygging på eit avgrensa område, kan dette i planen visast som eige arealføremål etter 11-7 nr 1 (bebyggelse og anlegg). I ein kommuneplan kan det vera aktuelt å nytta ulike heimlar for ulike naustområde. Kommunane bør vurdera kva som er mest tenleg i konkrete område. Tekstdelen til kommuneplanens arealdel bør få fram at : Naust er uthus for oppbevaring av båt, båtutstyr og fiskereiskap. Naustområde er å rekne som utmark. Det skal vere mogeleg for ålmenta å ferdast framfor naust og mellom naust/naustgrupper. Det er ikkje tillate med gjerde/levegg eller andre stengsler i naustområde (jamfør friluftslova 1a, 2 og 13). Naust skal ikkje omdisponerast til bustad/fritidsbustad. Som nemnt innleiingsvis er ikkje arbeidet med føresegner og juridiske spørsmål sluttført, og vil verta vidareført i samband med pilotprosjektet. Det må mellom anna sjåast nærare på korleis naust med tilhøyrande mindre bryggearrangement kan løysast på kommuneplannivå på ein hensiktsmessig måte innanfor rammene av ei akseptabel sakshandsaming for kommunane. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 47
7 Oppsummering PBL og statlege planretningsliner opnar for ei differensiert strandsoneforvaltning. Dette inneber ei opning for varierte føresegner tilpassa lokale tilhøve, som samsvarer med dei svært ulike tilhøva i kystkommunane i dei ulike delar av landet. Forslag til statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona deler landet inn i to kategoriar, basert på kommunevise inndelingar. Frå ein kommuneståstad er dette ikkje vurdert å vera ei tilstrekkeleg differensiering. Innanfor kommunar med stor geografisk utstrekning vil presset vera ulikt i sentrale område og i mindre sentral område. Ei intern differensiering av kommunen si strandsone med påfølgjande føringar for bruk og vern bør leggjast til grunn for kommunal strandsoneforvaltning. Basert på ein heilskapleg kommuneplanprosess, bør strandsona framleis kunna disponerast der ressursgrunnlaget tilgjengelig strandsone- i tilstrekkeleg omfang er til stades, der kunnskapen om bruks- og verneinteressene er tilfredsstillande, der konsekvensutgreiing gjer det klart at arealdisponeringa er naudsynt, der nærleik til sjøen er viktig for gjennomføring av det aktuelle føremålet og der konfliktsnivå i høve til andre bruks- og verneinteresser er akseptabel. Det er gjennomført eit forstudie for differensiert strandsoneforvaltning som redar grunnen for vidare arbeid. Forstudiet peikar på fleire område som bør vidareutviklast og arbeidast meir med, særskilt gjeld dette vidare metodeutvikling og vurderingar knytt til juridiske planverkty og føresegner. Det er brei semje om at arbeidet med forstudiet har vore nyttig kompetanseutvikling for kommunane, og at dialogen med dei regionale planmynde har vore god og konstruktiv. Gjennom arbeidet med forstudiet har det vore særskilt fokus på: Forstudiet har vore organisert slik at eigarforhold til prosjektet er forankra både administrativt og politisk God dialog med regionale og nasjonale planmynde Stort fokus på kompetanse- og metodeutvikling Tilhøvet til nasjonal statistikk (SSB) for tilgjengeleg strandsoneareal i kommunane. Strandsoneprosjektet syner til eit meir nyansert og detaljert bilete over status, og tala skil seg i positiv retning for alle kommunane. Det er utarbeidd kommunevise delrapportar for arealstatus i 100-metersbeltet og for kartlegging av funksjonell strandsone for eksempelområde. Desse rapportane kan nyttast som grunnlagsinformasjon i kommunane sine planprosessar og sakshandsaming Forstudiet legg grunnlag for vidare arbeid i pilotprosjektet, der oppstart av interkommunal plan er eit av delmåla 48 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland
8 Vegen vidare 8.1 Regional plan for Sunnhordland Regional planstrategi for Hordaland 2010-2012 er sendt på høyring med høyringsfrist 10. okt. 2010. Regional planstrategi skal ta føre seg utviklingstrekk, utviklingspotensiale, og utfordringar for fylket og peika ut kva regionale planar det er behov for. I høyringsutkastet er det fremja delrevisjon av gjeldande Fylkesdelplan for Sunnhordland. Føremål med planarbeidet er å sikre ei berekraftig forvaltning av sjøareal og strandsone i Sunnhordlandsregionen og å utvikle eit langsiktig samferdselsnett med trygge farleier, gode ferje- og hamneområde og eit tenleg vegtransportnett. Arbeidet som er gjennomført i forstudie om strandsoneforvaltning dannar grunnlag for vidareføring i regional plan for Sunnhordland. Eit tema som er fremja særskilt er behovet for å kartlegga akvakulturnæringa med fokus på nye forskrifter, arealbehov og utfordringar næringa står ovanfor. God forankring av prosjektet i det politiske miljøet både på fylkesnivå og i Sunnhordland vil vera avgjerande for at dei ulike forvaltningsnivå skal få eigarskap til planen. 8.2 Pilotprosjekt Samarbeidsrådet for Sunnhordland søkte i brev av 17.februar 2010 Kommunal- og regionaldepartementet om å få verte pilotregion for differensiert forvaltning av strandsona. Kommunane i Sunnhordland ønskjer å verna om strandsona, men ønskjer samstundes å nytta delar av den som eit viktig aktivum for næring, busetnad og fritid. Definerte delmål for pilotprosjektet: Få ned talet på søknader om dispensasjon Berekraftig forvaltning av strandsona i Sunnhordland Utarbeida ein felles plattform for forvaltning og fortolking av lovverket Søknad om pilotregion vart innvilga av departementet i brev av 11.august 2010. 8.2.1 Interkommunal plan for strandsona Ein sentral del av pilotprosjektet er å utarbeida ein interkommunal plan for differensiert forvaltning av strandsona i Sunnhordland. Ein interkommunal operativ plan som tilsvarar kommuneplannivået vil vera det kommunane har mest nytte av i det daglege arbeidet med planlegging og forvaltning av strandsona. Dette er ein omfattande prosess, og vil vera meir detaljert enn ein regionalplan, som i hovudsak skal vera eit meir generelt strategi- og handlingsdokument. Det kan vera ein gjensidig styrke for dei to planprosessane at planarbeidet skjer samstundes både på overordna nivå parallelt med at tilhøva vert belyst på detaljnivå. Det har hittil i arbeidet med strandsoneprosjektet vore fokus på landsida, men i det vidare planarbeid er det viktig å sjå bruk og forvaltning av land- og sjøareal i samanheng. I tillegg til eit fokus på forvaltning av sjøressursane og akvakultur, er det ønskjeleg å fokusera på Sunnhordland si satsing på kystrelativt reiseliv. Utarbeiding av planprogram for ein interkommunal plan skal avklara innhald og målsetnad med arbeidet i detalj. Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland 49
8.3 Vidare prosjektutvikling Gjennom arbeidet med forstudiet, samt gjennom dialog med regionale mynde, er det definert behov for konkrete prosjekt og kartleggingar. Det er eit stort behov frå kommunane å få kartlagt større delar av den funksjonelle strandsona i eigen kommune. Størsteparten av kommunane er i gang med rullering av kommuneplanen eller kommunedelplanar. Samstundes er det ønskjeleg parallelt å vidareutvikla det metodiske grunnlaget for kartlegginga. Kartlegging av dagens status for akvakulturnæringa, med eit fokus på utfordringar knytt til nytt regelverk, vil reda grunnen for revisjon av arealplanane for denne næringa. Det er eit stort behov for å vurdera lokalitetsstrukturen i eit saumlaust sjøområde, og ikkje basert på kommunale grenser. Etter at Sunnhordlandregionen har fått godkjent søknaden om pilotstatus er det viktig å følgja opp pilotprosjektet sine mål. Samstundes er det viktig å forankra planlegginga i arbeidet med planstrategiar på fylkesplannivå og seinare regional plan for Sunnhordland med fokus på strandsona. 50 Hovudrapport forstudie differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland