Etaten for Landbruk/næring og teknisk Notat STEIA BUSTADFELT 6973 Sande i Sunnfjord Steia bustadfelt vart opparbeidd med byggeklare tomter i 1985. Bustadfeltet ligg sentralt ved Sande sentrum med kort veg til skule, barnehage, butikk, post og bank. Bustadfeltet har kort veg til friområde og er solrikt, roleg og barnevenleg. Tomtestorleik omlag 900 m 2. Følgjande tomter er ledige og byggeklare pr. 23.11.2015: Tomt nr. 15, 19, 62*, 67, 68, 69, 78, 79, 81, 93, 97*, 98, 105, 106, 107, 108 Tomt nr: 15, 19, 62*, 67, 68, 69, 78, 79, 81, 93, 97*, 98, 105, 106, 107, 108 Oppmåling inkl.tinglysing eigedom: Tomterefusjon: Grunnkjøp: Kr. 140.000,- Dersom kjøp frå kommune kr.50,- pr. m 2 Staten ca. kr.110,- pr.m 2 Årlege avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing kjem i tillegg, samt eigedomsskatt. Postadresse Telefon: 57718521 Bankgiro: 37600700279 Vadheimsvegen 15 Telefaks: 57718501 Org.nr: 963 923 988 6973 SANDE I SUNNFJORD E-post: postmottak@gaular.kommune.no
BYGSTADHAUGANE BUSTADFELT (gamle) 6977 Bygstad Bustadfeltet vart opparbeidd med byggeklare tomter i 1977. Bustadfeltet har utsyn til fjord med forholdsvis kort veg til Bygstad sentrum med butikk, post og bank. Bygstad skule og Bygstad barnehage ligger omlag 1,5 km frå bustadfeltet. Det er regulert 34 tomter med tomtestorleik om lag 1000 m 2, 27 stk. tomter er tildelte. Følgjande er ledige og byggeklare pr. 23.11.2015: Tomt nr. 3, 5, 17, 23, 24 Tomt nr: Tomterefusjon: Grunnkjøp: 3, 5, 17, 23, 24 Kr. 25.410,- Kr. 5,- pr. m 2 Oppmåling inkl.tinglysing målebrev: I tillegg kjem årlege avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing, samt eigedomsskatt
HELLEBUSTNESET BUSTADFELT 6978 Viksdalen Bustadfeltet vart opparbeidd med byggeklare tomter i 1986. Bustadfeltet ligg ved Viksdalsvatnet og sentralt til barnehage, butikk og post. Viksdalen skule ligg om lag 1 km frå bustadfeltet. Det er regulert 15 tomter med tomtestorleik om lag 1000 m 2, 7 stk. tomter er tildelte. Følgjande er ledige og byggeklare pr. 23.11.2015: Tomt nr: 6, 9, 11*, 13, 14, 15. Tomt nr: Tomterefusjon: Grunnkjøp: 6, 9, 11*, 13, 14, 15. Kr. 32.910,- Kr. 6,50 pr. m 2 Oppmåling inkl.tinglysing målebrev: I tillegg kjem årlege avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing, samt eigedomsskatt.
BYGSTADHAUGANE BUSTADFELT (Nye) 6977 Bygstad I tilknytning til Bygstadhaugane bustadfelt har Gaular kommune ferdig opparbeidd 29 stk. einebustadtomter og 3 stk. områder for tettare utbygging. Nokre av desse er solgt, mens nokre er det tildelt opsjon for (*). I områda for tettare utbygging (BK1, BK2 og BK3) er det tillate oppføring av tomannsbustadar og hus i rekker. Dei 3 stk. tomtene for tettare utnytting varierer mellom om lag 1.000 m 2 og 6.000 m 2. Einebustadtomtene varierer mellom om lag 700 m 2 og 1.400 m 2. Følgjande tomter er byggeklare og ledige pr. 23.11.2015: Tomt nr. 35, 36*, 40*, 44*, 46*, 47-62, 63*, BK1*, BK2*, BK3*. Gaular formannskap fastsette den 22.10.2013 i sak nr. FS-073/13 prisane på tomtene, der grunnlaget er storleik på tomt (m 2 ), kvalitet og kostnad med utbygging av bustadfeltet. Det er ikkje føreteke sluttoppgjer for utbygginga og prisane er derfor ikkje endelege. Foreløpige prisar for tomterefusjon og kjøp av grunn: Tomt nr. 35-36, 40-47, BK2, BK3: Kr. 474,- pr. m 2 Tomt nr. 51-53, BK1: Kr. 395,- pr. m 2 Resten av feltet: Kr. 435,- pr. m 2 I tillegg kjem ordinære kostnadar med tilknytningsavgifter, oppmåling av tomt og byggesakshandsaming, samt eigedomsskatt.
KONTAKTINFORMASJON: For nærare opplysningar kan De kontakte Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord, eventuelt tlf. 57 71 85 00 eller e-post postmottak@gaular.kommune.no Søknaden vert å sende Gaular kommune v/rådmann, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord eventuelt e-post postmottak@gaular.kommune.no Trond Hegrestad avd. ingeniør