Nynorsk 2014 Informasjon til foreldre Om rotavirusvaksine i barnevaksinasjonsprogrammet 1
ROTAVIRUSVAKSINE VART INNFØRT I BARNEVAKSINASJONSPROGRAMMET HAUSTEN 2014 KVA ER ROTAVIRUSSJUKDOM? Rotavirus er årsak til om lag halvparten av alle tilfella med diaré og oppkast blant sped- og småbarn. Infeksjonen gir som regel kraftigare symptom enn andre mage-tarminfeksjonar. Før rotavirusvaksinen blei innført i barnevaksinasjonsprogrammet, var rotavirussjukdom årsak til nesten 2/3 av alle sjukehusinnleggingar med oppkast og diaré hjå småbarn. Det å ha hatt ein rotavirusinfeksjon gir berre delvis vern mot å få sjukdomen på nytt. Det inneber at dei fleste får han fleire gonger i løpet av barndomen. SLIK SPREIER ROTAVIRUSET SEG Rotavirus smittar svært lett. Vanleg smittemåte er at barnet puttar handa i munnen etter at det har teke på noko som er forureina med rotavirus, for eksempel ei hand, ei leike eller eit bord. Viruset blir skilt ut i avføringa hjå sjuke barn både før, under og etter sjukdomsperioden. God handhygiene kan redusere virusspreiinga, men kan ikkje stoppe spreiinga heilt. Rotavirus smittar svært lett frå barn til barn, mellom anna via leiker og hender 2
VAKSINE SKÅNAR DEI MEST SÅRBARE Hjå dei fleste barn går sjukdomen over utan komplikasjonar. Barn under 2 år er mest sårbare for væsketap (dehydrering) som følgje av oppkast og diaré. Derfor treng enkelte behandling hjå lege eller på sjukehus. Dersom behandlinga kjem i gang for seint, kan barnet døy, men dette skjer svært sjeldan i vår del av verda. Før rotavirusvaksinen blei innført i barnevaksinasjons programmet, blei 700 1100 barn med rota virussjukdom innlagde på sjukehus kvart år. Ved å vaksinere dei minste barna mot rotavirus infeksjon blir færre alvorleg sjuke. Barn under 2 år er mest sårbare for væsketap OM ROTAVIRUSVAKSINEN Rotavirusvaksinen blir gitt gjennom munnen og smakar søtt. Han består av levande, svekka rotavirus. Vaksinevirus gir ikkje rotavirus sjukdom hjå friske barn. Vernet etter vaksinasjon varer i minst 3 4 år, og dette er tilstrekkeleg til at dei minste og mest sårbare er godt verna. 3
Vaksinen er svært effektiv. Han vernar nær 100 % mot å få ein alvorleg rotavirusinfeksjon. I land der vaksinen er innført, har talet på rotavirustilfelle blitt redusert betydeleg. Vaksinasjon av små barn fører òg til mindre rotavirussjukdom blant eldre barn (flokkvern). Rotavirusvaksinen vernar berre mot rotavirus og ikkje mot andre virus eller bakteriar som kan gi oppkast og diaré. Rotavirusvaksinasjon vil redusere førekomsten av rotavirustilfelle betydeleg BIVERKNADER Rotavirusvaksine er prøvd ut i store studiar og sidan teken i bruk i meir enn 50 land. I perioden 2006-2014 er det distribuert bortimot 300 millionar dosar av dei to vaksinane som er godkjende av legemiddelstyresmaktene. Som alle andre legemiddel kan rotavirusvaksine gi biverknader. Dei vanlegaste biverknadene for vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet (Rotarix) er desse: Irritabilitet og laus avføring (opptil 1 av 10 vaksinerte barn) Magesmerter, luft i magen, hudreaksjon (opptil 1 av 100 vaksinerte barn) 4 Dei vanlegaste biverknadene er milde og kortvarige
Ein kjend, men sjeldan tilstand hjå spedbarn er tarminvaginasjon. Då foldar ein del av tarmen seg inn i den delen som ligg nedanfor. I Noreg blir det årleg meldt om at 35 40 barn under 1 år blir innlagde med invaginasjon. Studiar har vist at dette talet kan auke litt etter at rotavirusvaksinen er innført (opptil eitt ekstra tilfelle per 20 000 vaksinerte), spesielt når vaksinen blir gitt over ein viss alder. I barnevaksinasjonsprogrammet er det derfor sett ei øvre aldersgrense på 12 veker for første dose og på 16 veker for andre dose. Dersom du er uroleg for helsa til barnet i dagane etter vaksinasjon, bør du ta kontakt med helsestasjon eller lege. 5
NÅR SKAL BARNET VAKSINERAST? Vaksine mot rotavirus blir gitt i tidleg spedbarnsalder. Vaksinen som blir brukt i barnevaksinasjonsprogrammet, blir gitt som to dosar. Første dose gir ein tidlegast når barnet er 6 veker gamalt, og seinast når barnet er 12 veker gamalt. Andre dose gir ein i 3-månadersalderen og seinast når barnet er 16 veker gamalt. Barnet skal ha 2 dosar 1. dose når barnet er 6 veker 2. dose ved 3-månadersalder FØR VAKSINASJONEN Informer helsestasjonen dersom barnet nyleg har fått eit legemiddel, har allergi eller har andre helseproblem. Det er tilrådd å utsetje vaksinasjonen dersom barnet har ein akutt infeksjons sjukdom med feber over 38 ºC eller akutt mage-tarminfeksjon med diaré eller oppkast. 6
Barn som har fått ein alvorleg reaksjon på tidlegare dose av vaksinen, skal ikkje ha fleire dosar. Barn med alvorleg sjukdom bør vurderast av lege før dei blir vaksinerte. ETTER VAKSINASJONEN Enkelte vaksinerte barn kan skilje ut vaksinevirus i avføringa. Barn som har nærkontakt med personar med immunsvikt, bør likevel vaksinerast. Risikoen for naturleg rotavirusinfeksjon er høgare enn for infeksjon med vaksinevirus. For å førebyggje smitte med vaksinevirus er det ekstra viktig å ha god handhygiene når ein skifter bleier. VAKSINEREGISTRERING Som all annan vaksinasjon i barnevaksinasjonsprogrammet skal rotavirusvaksinasjon registrerast i det nasjonale vaksinasjonsregisteret, SYSVAK. Her blir namn, fødselsnummer, bustad, vaksine og vaksinasjonsdato registrert. Gjennom publikumstenesta Mine vaksiner på www.helsenorge.no kan foreldre til barn under 16 år til ei kvar tid få ei oversikt over kva vaksinar barnet har fått. Etter fylte 16 år må personen sjølv logge seg inn. Du eller barnet må ha ein elektronisk ID (f.eks. BankID) for å kunne logge på tenesta. Det er òg mogleg å skrive ut ei vaksinasjonsoversikt på norsk og engelsk. 7
GREITT Å VITE n På verdsbasis er rotavirussjukdom den viktigaste årsaka til alvorleg diaré hjå sped- og småbarn. Sjukdomen fører årleg til 24 millionar lege konsulta sjonar, minst 2 millionar sjukehusinnleggingar og meir enn 450 000 dødsfall hjå barn under 5 år. n I Noreg er det mest rotavirussjukdom frå februar til juni, med ein topp frå mars til mai månad. n Det finst to rotavirusvaksinar. Meir enn 60 000 spedbarn deltok i utprøvingane av kvar av dei to vaksinane. På verdsbasis er dette dei største kliniske utprøvingane av spedbarnsvaksinar som hittil er gjort. n På verdsbasis var det ved årsskiftet 2013/2014 distribuert nærmare 300 millionar dosar av rotavirusvaksine. n Rotavirusvaksine inngår i barnevaksinasjonsprogram i om lag 50 land, mello m anna USA, Canada, Australia, Austerrike, Belgia, Finland og Storbritannia. I Sverige har dei bestemt seg for å innføre vaksinen i Stockholm. Verdas helseorganisasjon (WHO) har tilrådd å ta inn rotavirusvaksine i barnevaksinasjonsprogrammet i alle land i verda. n Rotavirusvaksine vernar ikkje mot andre typar virus eller bakteriar som kan gi oppkast og diaré. Du finn meir informasjon om rotavirussjukdom og vaksinasjon her: www.fhi.no/vaksine Gitt ut av Nasjonalt folkehelseinstitutt Postboks 4404 Nydalen 0403 Oslo September 2014 Grafisk design: Per Kristian Svendsen Foto: Forside / s. 6: Daniel Sannum Lauten Øvrige: Colourbox.com Trykk: WJ.no Opplag: 20 000 (09/14) Bestilling: Oppgi målform (bokmål/nynorsk) publikasjon@fhi.no Faks: 21 07 81 05 Tlf: 21 07 82 00