Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Lokal utviklingsplan. Den kulturelle skulesekken og beremeisen. skuleåret 2011/2012 KULTURNYKELEN



Like dokumenter
DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Sandeid skule SFO Årsplan

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst VERKSEMDSPLAN FOR. Fyresdal kulturskule. 1. gong vedtatt: november 2010 Sist revidert: august 2011

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Informasjon og kvalitetsplan

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Time kulturskule. Visjon: Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SØKNADSSKJEMA Den kulturelle spaserstokken 2017

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

«Leseglede - saman for betre lesing i alle fag»

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

SAMARBEID HEIM OG SKULE

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Fyresdal kommune. Sektor for kultur og oppvekst. Samarbeid. Heim/skule/barnehage. Fyresdal kommune

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

FAGPLAN for Den kulturelle skolesekken i Nord-Aurdal kommune

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Les for livet - del 2 (Ref # )

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Den kulturelle nistepakken

Informasjonshefte Tuv barnehage

Stordal kommune Skule

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Plan for overgangar. for barn og unge

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

INFORMASJON OM VALFAG VED ØRSTA UNGDOMSSKULE SKULEÅRET

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Årsplan for

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Vaksenopplæringa i Sula

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Månadsbrev for Rosa september 2014

Verksemdsplan for Flatdal skule

Ekskursjon til Stryn kommune besøk på to oppvekstsenter

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Språkmiljø og språklæring i barnehage og grunnskule i Stord kommune

Informasjon til foreldre

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen DRA2009 Drama og samfunn. Programområde: Drama. Nynorsk/Bokmål

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Finnøy SKULEPENGAR. musikk- og kulturskule Skuleåret Søknadsfrist 20. mai Lær deg noko nytt og sett farge på kvardagen ;0)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkommen til kulturskulen

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

PPT no og i framtida.

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

10/60-14/N-211//AMS

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Transkript:

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Lokal utviklingsplan Den kulturelle skulesekken og beremeisen skuleåret 2011/2012 KULTURNYKELEN

Fyresdal kultur og oppvekst er ein sektor innan Fyresdal kommune som famnar om grunnskulen, barnehagen og kulturlivet i Fyresdal. Vi er ein organisasjon som har følgjande organisering: Sektorsjef Kultur og oppvekst Styrar barnehage Avdelingsleiar kultur Rektor Gimle skule Vi arbeider med å utvikle ein sektor som nyttar kvarandre sine sterke sider, ressursar og planar for å dra i same retning. Hovudmålsetjing er å gjere oppveksten til born og unge i Fyresdal betre. Kultur skal vere limet som skal få oss til å tenkje og handle synkront. Vi har felles årsplan. Vi gjennomfører lett i Fyresdal fordi vi er enkelt organisert: ein skule, ein barnehage og ein kulturskule. Handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar er viktig i Fyresdal. Kultur og oppvekst, barn, unge og kultur, er eit hovudsatsingsområde i kommuneplanen. I sektor for kultur og oppvekst har vi ein kulturell sekk både for grunnskulen og barnehagen. Utgangspunktet for den kulturelle skulesekken og beremeisen i Fyresdal er å planfeste dei tiltaka vi allereie gjer i Fyresdal, samt å jobbe framover med å utvikle dette. Det er lagt ned mykje arbeid på å utvikle og strukturere tiltaka vi ynskjer å ha i Fyresdal. I 2011 vil vi utvikle ein strategisk plan som skal handsamast politisk. Dette fordi vi ynskjer ei sterkare og meir bindande politisk forankring. Den lokale delen av planen skal rullerast kvar vår. Side 2 av 2

Beremeisen, lokale mål for Fyresdal barnehage: Tiltak: 1. Førestillingar teater eller musikk: Målgruppe: 3, 4 og 5 åringar. Kor ofte: Minimum 2 gonger i året Ansvar: Kulturavdelinga - Kulturavdelinga bestiller og organiserar minimum 2 førestillingar i året av og med profesjonelle utøvarar utanfrå. - Førestillingane kan veksle mellom teater eller konsert. 2. Leseglede: Målgruppe: 3, 4 og 5 åringar. Kor ofte: kvar veke frå oktober til og med april Ansvar: Fyresdal Folkebibliotek - Folkebiblioteket gjev born i barnehagen lesestimulering fleire gonger i veka frå oktober til april. - Fokuset er å stimulere til leseglede og betre språkutvikling, jamfør lokal plan for lesing 0-16 år. 3. Musikksamlingar: Målgruppe: Alle born i barnehagen. Kor ofte: 6 samlingar i oktober/november, 6 samlingar mars/april Ansvar: Fyresdal Kulturskule - Kulturskulen har musikksamling for alle avdelingar i barnehagen, 6 samlingar haust og 6 samling vår. - Fokuset er rørsle, musikkglede og utvikling av kroppsmedvit. 4. Kunst: Målgruppe: 5 åringar. Kor ofte: vårhalvåret Ansvar: Fyresdal Barnehage i samarbeid med kulturavdelinga - Det vert måla eit bilete i prosess saman med ein profesjonell utøvar. - Biletet vert lagt ut for sal. Beskriving av rammer i Fyresdal Barnehage: Fyresdal barnehage arbeider etter rammeplanen innan områda kunst, kultur og kreativitet. Avdelingane for born frå 2 til 3 år er utan gjerde mot skogen og ungane kan gå og leike fritt i skoghellinga rundt. Barnehagen for dei eldste borna har stort uteområde med plass for byggjeleik og måltider i friluft og i grindebygget. Ein lavvo i nærområdet nyttast som alternativ. I dette opplegget er det lagt vekt på rørsle, natur og kultur. Vi har eit stort og flott bygdemuseum som vi nyttar. Fyresdal barnehage vil leggje vekt på sosial kompetanse innan alle område i barnehageåret 2011/2012. Sosial kompetanse handlar om korleis vi omgår kvarandre og er grunnleggjande for barns utvikling. Vi ynskjer at barnet skal: Klare å ta omsyn til andre i leik og setje seg inn i korleis andre har det. Ha positive sosiale haldningar, til dømes å hjelpe, oppmuntre og dele med andre. Side 3 av 3

Kunne vente på tur, inngå kompromiss og fylgje opp avtaler. Setje eigne behov til side og takle konfliktar. Ta initiativ i høve andre menneske, våge å spørje andre om ting dei lurar på, introdusere seg sjølv og reagere hensiktsmessig på andres haldningar. Sjå verdien av å skape humor og å leike med ord og tankar. Skulesekken, lokale mål for småsteget, 1.-4. klasse: Tiltak: 5. Førestillingar teater eller musikk: Målgruppe: 1.-3. klasse, tidvis 4. klasse Kor ofte: Minimum 2 gonger i året Ansvar: Kulturavdelinga - kulturavdelinga bestiller og organiserar minimum 2 førestillingar i året av og med profesjonelle utøvarar utanfrå - førestillingane kan veksle mellom teater eller konsert 6. Marionette-teater: Målgruppe: 1. klasse Kor ofte: ½ dag, workshop og laging av førestilling Ansvar: Kulturavdelinga med avtaler, skulen for gjennomføring - kulturavdelinga leiger inn to aktørar frå Det gamle apoteket, Lanna, som lagar marionette-dokker saman med 1. klasse - saman set dei opp ei førestilling som vert vist til 2. klasse og 5 åringane 7. Rekruttering korps: Målgruppe: 3. og 4. klasse Kor ofte: opplegg over 6 veker på hausten Ansvar: kulturskulen dirigent eller instruktør - dirigent og/eller instruktør for Fyresdal Musikkorps gjennomfører eit opplegg over 6 veker i musikktimane på skulen - elevane skal då jobbe med noter, instrument og ensemblespel og lære om korleis det er å spele i korps 8. Lokal folkedans: Målgruppe: 4. klasse Kor ofte: 6 timars workshop fordelt over fleire dagar Ansvar: Kulturavdelinga i samarbeid med kulturskulen - kulturskulen gjennomfører 6 timars workshop der elevane går gjennom lokal folkedans - elevane skal lære å danse reinlender, vals og polka 9. Jol i gamle dagar: Målgruppe: 1.- 4. klasse Kor ofte: ein dag i desember Ansvar: skulen i samarbeid med Vest-Telemark Museum og Bygdemuseet - tema for opplegget er jol i gamle dagar, med fokus på gamle tradisjonar - fokuset for 1.-2. klasse er formidling - fokuset for 3.-4. klasse er baking på det gamle bakeriet - vi nyttar arealet og bygningane i Øyskogen Side 4 av 4

10. Kulturverkstad: Målgruppe: 1.-4. klasse Kor ofte: 1 veke i vårhalvåret Ansvar: Gimle skule i samarbeid med kulturskulen - det vert gjennomført kulturverkstad for heile skulen med fokus på kulturelle og estetiske uttrykk. - opplegget skal vere aldersblanda 11. Frivillig kor: Målgruppe: 1.-4 klasse Kor ofte: Over ein periode på 4 veker Ansvar: småsteget på Gimle skule - skulen gjennomfører eit opplegg for dei elevane som ynskjer å synge i kor - dette vert framført på open skuledag på hausten Beskriving av rammer for småsteget: Kulturskatten kjem etter oppsett plan. Folkebiblioteket pakkar bokkasser tilpassa kvar klasse til bruk i klasserommet. Bibliotekaren kan og presentere bøkene for elevane. Fokus på stimulering av leseglede og språkutvikling, jamfør plan for lesing 0-16. Vi brukar ein lavvo i nærområdet som klasserom. I dette opplegget er det lagt vekt på rørsle, natur og kultur. Vi har eit stort og flott bygdemuseum som vi nyttar. I bruken av dette samarbeider ein blant anna med Vest-Telemark museum. Småsteget arbeider systematisk innan området sosial kompetanse. Det er timeplanfesta to halvtimar kvar veke. Vi brukar Zippys venner og ART som metode. Skulesekken, lokale mål for mellomsteget, 5.-7. klasse: Tiltak: 12. Geologitur til Moisesberg: Målgruppe: 5. klasse Kor ofte: undervisningsopplegg knytt opp mot ein heildagstur, vår Ansvar: skulen i samarbeid med kulturavdelinga - kulturavdelinga skaffar formidlar til å vise kor spesiell geologi vi har i Fyresdal - skulen gjennomfører eit undervisningsopplegg om geologi i forkant 13. Fast vårkonsert: Målgruppe: 5. klasse Kor ofte: undervisning knytt opp mot gjennomføring av ein vårkonsert Ansvar: skulen - undervisninga i musikk er lagt opp mot gjennomføring av konsert - konserten vert visa for 1.- 4. klasse og føresette 14. Litteratur og forfattarbesøk: Målgruppe: 6. klasse Kor ofte: ein halv dags opplegg, haust Ansvar: kulturavdelinga - tema for opplegget er jol i gamle dagar, med fokus på gamle tradisjonar - fokuset for 1.-2. klasse er formidling - fokuset for 3.-4. klasse er baking på det gamle bakeriet - vi nyttar arealet og bygningane i Øyskogen Side 5 av 5

15. 17. mai: Målgruppe: 6. klasse Kor ofte: undervisning knytt opp mot gjennomføring av 17. mai Ansvar: skulen i samarbeid med føresette for 6. klasse - undervisninga i skulen er lagt opp mot gjennomføring av underhaldning og organisering av 17. mai som kulturarrangement i Fyresdal 16. Workshop dans: Målgruppe: 7. klasse Kor ofte: ½ dag workshop med førestilling, vår Ansvar: kulturavdelinga - det vert halde workshop med profesjonelle dansarar - workshopen skal ende i førestilling for 5. og 6. klasse 17. Topptur til Høgskor og Høgenut: Målgruppe: 7. klasse Kor ofte: ein dags opplegg med kulturformidling, haust Ansvar: småsteget på Gimle skule - skulen gjennomfører eit opplegg for dei elevane som ynskjer å synge i kor - dette vert framført på open skuledag på hausten 18. Kulturverkstad: Målgruppe: 5.-7. klasse Kor ofte: 1 veke i vårhalvåret Ansvar: Gimle skule i samarbeid med kulturskulen - det vert gjennomført kulturverkstad for heile skulen med fokus på kulturelle og estetiske uttrykk. - opplegget skal vere aldersblanda 19. Frivillig kor: Målgruppe: 5.-7 klasse Kor ofte: Over ein periode på 4 veker Ansvar: mellomsteget på Gimle skule - skulen gjennomfører eit opplegg for dei elevane som ynskjer å synge i kor - dette vert framført på open skuledag på hausten 20. Gamle joletradisjonar: Målgruppe: 5.-7. klasse Kor ofte: ein dag i desember Ansvar: skulen i samarbeid med heimane - alle elevane reiser rundt i ulike heimar og lærer noko av det som var vanleg å lage i kvar heim til jol, til dømes brau, lefse, øl, rull, sylte Beskriving av rammer for mellomsteget: Kulturskatten kjem etter oppsett plan. Vi samarbeider med Vest-Telemark museum for å ha for å ha ulike opplegg. Folkebiblioteket pakkar bokkasser tilpassa kvar klasse til bruk i klasserommet. Bibliotekaren kan og presentere bøkene for elevane. Fokus på stimulering av leseglede og språkutvikling, jmf plan for lesing 0-16. Vi knyttar til oss krefter i innan idrett for å få til eit breiare tilbod til elevane i skulen. Vi brukar ein lavvo i nærområdet som klasserom. I dette opplegget er det lagt vekt på rørsle, natur og kultur. Gimle skule arbeider systematisk innan området sosial kompetanse. Vi brukar ART som metode. Side 6 av 6

Skulesekken, lokale mål for ungdomssteget, 8.-10. klasse: Tiltak: 21. Gruvetur til Åmdalsverk: Målgruppe: 8. klasse Kor ofte: undervisningsopplegg knytt opp mot ein heildagstur, vår Ansvar: skulen i samarbeid med kulturavdelinga - Kulturavdelinga organiserar tur til Åmdalsverk gruver med formidlar - skulen gjennomfører eit undervisningsopplegg om historie i forkant 22. Geologitur til Roan: Målgruppe: 9. klasse Kor ofte: undervisningsopplegg knytt opp mot ein heildagstur, vår Ansvar: skulen i samarbeid med kulturavdelinga - kulturavdelinga skaffar formidlar til å vise kor spesiell geologi vi har i Fyresdal - skulen gjennomfører eit undervisningsopplegg om geologi i forkant 23. Workshop dans: Målgruppe: 10. klasse Kor ofte: ½ dag workshop med førestilling Ansvar: kulturavdelinga - det vert halde workshop med profesjonelle dansarar - workshopen skal ende i førestilling for 8. og 9. klasse 24. Musikkveka: Målgruppe: 8.-10. klasse Kor ofte: 1 veke i vårhalvåret Ansvar: kulturskulen - kulturskulen overtek all musikkundervisning for heile ungdomssteget - delar av undervisning vert organisert som prosjekt som er ein stor produksjon som er ei musikkveke på våren - brukarmedverknad med elevane er svært mykje vektlagt, der elevane er med å utformar tema, manus og er med å vel musikk 25. Kulturverkstad: Målgruppe: 8.-10. klasse Kor ofte: 1 veke i vårhalvåret Ansvar: Gimle skule i samarbeid med kulturskulen - det vert gjennomført kulturverkstad for heile skulen med fokus på kulturelle og estetiske uttrykk. - opplegget skal vere aldersblanda Beskriving av lokale tiltak: Kulturskatten kjem etter oppsett plan. Folkebiblioteket pakkar bokkasser tilpassa kvar klasse til bruk i klasserommet. Bibliotekaren kan og presentere bøkene for elevane. Fokus på stimulering av leseglede og språkutvikling, jmf plan for lesing 0-16. Vi brukar ein lavvo i nærområdet som klasserom. I dette opplegget er det lagt vekt på rørsle, natur og kultur. Gimle skule arbeider systematisk innan området sosial kompetanse. Vi brukar ART som metode. Side 7 av 7

Faste kulturopplevingar: Fyresdal kultur og oppvekst er med i kulturskatten og har ei avtale med skulekonsertar innan rikskonsertane. Dette inneber at vi får fleire førestillingar gjennom heile året. Det vert sett av pengar for kvart år, slik at barnehagen skal få minimum to profesjonelle møter med kunstnarar, dette tilbodet gir vi og til 1.-3. klasse, av og til 4. klasse. Kulturavdelinga leiger inn profesjonelle innan teater og dans og koordinerar og gir fleire tilbod og flotte kulturopplevingar, workshops og førestillingar. Vi er deltakar i eit konsolidert museum for Vest-Telemark som Fyresdal Bygdemuseum er inkludert i. Vest-Telemark museum har ferdige opplegg for skuleklasser. Vi samarbeider med Vest-Telemark Museum så mykje vi kan. Fyresdal er ein kommune med mange kulturminne, både gravhaugar, gamle bygningar og eit godt bevara kulturlandskap. Vi arbeider med å nytte desse kulturminna innan pedagogisk verksemd. Avdelingsleiar kultur Sektorsjef kultur og oppvekst Sarke Veum Torny Moripen Side 8 av 8